Verdidebatt

Fråsegn mot København-terrorismen

Det er tankevekkande at det nettopp er dei terroristane som hatar ytringsfridomen, som no sjølve koplar bloddryppende åtak på ytringsfridomen saman med bloddryppende åtak på jødedomen og jødiske institusjonar

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Under høgmessa i Gulen kyrkje i Eivindvik i føremiddag las eg opp denne fråsegna frå preikestolen:

Ei fråsegn om ytringsfridom og jødedom

Terrorhandlingane i København i går og i natt var retta mot eit ope debattmøte om ytringsfridomen - og mot ei jødisk synagoge der folk kom saman for å feira jødisk konfirmasjon (såkalla "bar mitzva" eller "bat mitzva").

Terrorhandlingane i København i går og i natt svarar til eit mønster frå terrorhandlingane i Paris for berre nokre veker sidan, retta mot redaksjonen til eit fransk kommentar-magasin og mot eit fransk jødisk kjøpesenter der jødiske kundar brukar å kjøpa inn såkalla "kosher"-mat til jødiske sabbatsmåltid.

Mønsteret er svært tydeleg. Det handlar om symbol-berande institusjonar for ytringsfridomen. Og det handlar om symbolberande institusjonar for etnisk og religiøs jødedom.

Altså kan vi slutta at desse skjendsels-gjerningane er retta - dels mot ytringsfridomen - og dels mot jødedommen.

I lys av det som er skjedd, sømer det seg at vi frå Den kristne kyrkja grip ordet til forsvar for både ytringsfridomen og for vår jødiske bror.

Nettopp her i Gulen kyrkje i Eivindvik har vi spesielt gode grunnar til å ta til gjenmæle. For det var her i Gulen forfedrene våre ved Gulatinget for tusen år sidan fastsette og definerte det norske samfunnet som eit rettssamfunn. Og det var dessutan her i Gulen at han som introduserte feiringa av grunnlovsverdiane våre, dikteren Henrik Wergeland, hadde slektsrøtene sine.

For det første må vi slå fast at ytringsfridom er ein verdi og eit samfunnsgode som fortener at vi som kristen kyrkje tek det i forsvar.

Sjølve Skapingssoga vitnar om korleis Herren Gud gav det første menneskeparet, Adam og Eva, språk[i] og ytringsfridom i skapingsgåve. I Skapingssoga vert det fortalt korleis Gud skapte det første menneskeparet i sitt bilete[ii] og ba Adam gje namn til alle slag dyr[iii]. Og "det namnet som Adam gav kvart dyr, det skulle det heita" (1Mos 2:19c).

På same viset vitnar også det åttande bodet om korleis ytringsfridom er ei skapingsgåve fra Gud sjølv til menneska. I det åttande bodet byd Herren oss menneske at vi aldri må "seia falskt vitnemål" imot nesten vår (2Mos 20:16)[iv]. At Gud gjev eit bod som definerer ei yttergrense for ytringsfridomen, vitnar samstundes som at ytringsfridomen alt eksisterte før bodet kom.

I ein sum lærer altså Guds ord oss å setja ytringsfridomen høgt og å forsvara ytringsfridomens gode gåve når den er under åtak.

For det andre er det tankevekkende at det nettopp er dei terroristane som hatar ytringsfridomen, som no sjølve koplar bloddryppende åtak på ytringsfridomen saman med bloddryppende åtak på jødedomen og jødiske institusjonar.

Denne koplinga er i seg sjølv lærerik. For ein av grunnane til at Gud valde ut jødefolket i sitt tidlege frelsesråd - var at jødefolket like frå Abraham av var eit skriftfolk. Bokstav-alfabetet var på Abrahams tid funne opp, jamvel i Abrahams eige nærområde. Og Guds utveljing innebar at jødefolket som skriftkultur-folk mellom anna vart kalla til å vera tenarar for Guds eigen bruk av ytringsfridomen, ja, til å skriva ned med bokstavskrift heile Guds råd til frelse, ei gåve som vi alle har fått ta imot i Bibelens 66 heilage skrifter.

Det er difor knapt tilfeldig at bloddryppende terrordrap retta mot ytringsfridomen i både København og Paris er kobla så tydeleg saman med bloddryppende terrordrap retta mot jødedommens representantar og institusjonar i København og Paris.

På vegne av Den kristne kyrkja skuldar vi å sjå på det jødiske folket som vår eldre bror i Herren (sml Opb 12:17)[v]. Og på vegne av Den kristne kyrkja er det vår plikt og vår skyldnad å tala jødefolkets sak med styrke mot dei som hatar dei.

Difor aktualiserer dei blodige ugjerningane i København i går og i natt eit myndig svar frå oss som kristen kyrkje: Både ytringsfridomen og jødefolket bør forsvarast mot denne typen blodig urett. Og ansvaret for det er eit ansvar som vi alle, heile den kristne kyrkja, deler. Ja som både kyrkje, statsmakt og samfunn deler.

Odd Sverre Hove (vik spr Gulen og Mjømna)

  • [i] 1Mos 1:3.
  • [ii] 1Mos 1:26ff.
  • [iii] 1Mos 2:19b
  • [iv] Hebr: «anah (ce-) ed sjækær» tyder bokstaveleg «å svara som eit løgnvitne», men meininga må vera den som vi har i dei norske bibelomsetjingane: «Du skal ikkje seia falskt vitnemål imot nesten din».
  • [v] Sml professor Skarsaunes boktittel frå minnemarkeringa i 1992 ved 50-årsminnet for transporten av dei norske jødane til Holocaust i 1942, sjå Oskar Skarsaune (red): «Vår eldre bror», Oslo 1992.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt