Hans Olav Brendberg

63

Slik byrja skytinga på Maidan

Den versjonen som vart selt i vestlege medie for eit år sidan byrjar falla frå kvarandre

Publisert: 13. feb 2015

I politikken kjem ikkje sanninga fram før nokon får bruk for henne. Ofte er har alle partar i ein konflikt oversikt over kva som har skjedd, men det er ofte stor avstand mellom å ha biletet klårt – og det å kunna leggja fram prov offentleg.

 

I vestlege media har konflikten i Ukraina vorte framstilt som russisk innblanding gjennom våpensending og anna støtte til opprørarane i aust. Eg er heilt sikker på at «koronaen» til Kreml var innblanda i den tidlege fasen til opprøret i aust. Likeeins at Russland har gjeve våpenhjelp og etteretningshjelp til opprørarane. Men opprøret tok ikkje av før massakren i Odessa 2. mai. I fagforeiningshuset i Odessa vart over 40 menneske drepne på ymse vis – organisert av dei same politiske kreftene som tok makta i Kiev for eitt år sidan. Dette er rimeleg godt dokumentert – både korleis provokasjonen av dei valdelege fotballtilhengarane vart organisert, og korleis leiande «maidan»-folk stod utanfor utanfor den brennande bygninga og skaut – og slo i hel folk med jarnstenger. Etter Odessa var regimet i Kiev heilt uspiseleg i dei austlege provinsane, og opprøret fatna for alvor. Slike opprør er som regnbyger: Du må ha ioniserte kjerner før regndråpene byrjar kondensera oppe i skyen. Russland tilførte ioniserte kjerner – men etter Odessa var lufta i Lugansk og Donetsk overmetta. Folk hadde regimet i Kiev opp i halsen.

 

Men det heile starta lenge før, og det interessante no er at BBC har byrja nøsta i den mest stinkande historia i heile denne tragedien. I slutten av februar i fjor hadde demonstrasjonane på Maidan lamma Kiev i lange tider, og utanriksministrane frå Polen, Tyskland og Frankrike forhandla saman med utsendingar frå Russland, presidenten og opposisjonsleiarane. Resultatet vart ein avtale om nyval i mai som gjorde Janukovitsj til ein rein overgangsfigur. I tillegg gjekk ein svært langt i å pressa presidenten til å trekka politiet tilbake, slik at lovløysa i sentrum vart formalisert. Avtalen ville gjeve ukrainarane høve til å seia det dei meinte i val, og ville kunna berga den ukrainske grunnlova. Men nokre var ikkje nøgde med denne breide forståinga – og avtalen vart ikkje 24 timar gamal før han vart velta.

 

I følgje den versjonen som har vorte selt i vestlege media til no byrja politiet skyta på demonstrantane, og om lag hundre demonstrantar vart drepne. Denne massakren tente sinnet som førte til at Janukovitsj måtte flykta – og til at ordensvernet til maidan-plassen tok fysisk kontroll over sentrum av Kiev, inkludert regjeringapparatet. Ein mellombels president og ei mellombels regjering vart utnemnt, og godkjent av parlamentet.

 

Det er berre eitt problem med dette. Problemet er velkjent for dei som har følgt alternative media – no kjem dette for første gong opp i mainstream gjennom BBC. For det var ikkje politiet som skaut først. Tvert imot var det skarpskyttarar frå Maidan- sida som opna eld. Og det vil ikkje overraska meg mykje om det var maidanittar som stod bak hovuddelen av massakren. I ein så uoversiktleg situasjon som dette vil det vera lett å utnytta forvirringa. Så lenge media legg skulda på Janukovitsj vil ein likevel oppnå det ein vil: Å kvitta seg med overgangsavtalen frå dagen før, og likeeins kvitta seg med Janukovitsj. Det er aldri lagt fram det minste prov på at Janukovitsj gav ordre om å skyta. Ei stund påstod det nye regimet at dei ville gjennomføra ein rettssak mot politimennene som gjennomførte massakren – men også det rann ut i sanden.

 

Det nye med BBC sitt innslag er at dei har snakka med ein av dei som skaut, og at han sjølv seier at han skaut før det kom eld frå politisida. Eg veit ikkje kva ”liberal” og ”konservativ” tyder i vestlege augo for tida, men i mine augo er det ikkje uskuldig moro å skyta på politiet i politisk urolege situasjonar. Politiet er der for å verja loven og den utøvande statsmakta. Når politi, president og konstitusjonsdomsstol blir erstatta med væpna mobb, oppkjøpte media og vestvenlege oligarkar så er dette faktisk eit statskupp. Kven hadde så interesser i dette? For det første dei nye makthavarane. For det andre dei som på ymse vis har utnytta kuppet. Amerikansk agrobusiness har skaffa seg kontroll over store landområde i Europas rikaste jordbruksbelte, og planlegg å bruka dette som utganspunkt for eksportsatsingar til EU-marknaden, der dei elles møter ein del hindringar. Det har vore ein god del slik «asset grabbing» i ly av krigen. Men dei viktigaste i dette spelet har vore kjernekaderen av nykonservative – i dette tilfellet representert ved Victoria Nuland, statssekretæren som handterte krisa på vegne av USA og på førehand utpeikte Yatsenjuk til ny statsminister. I mine augo representerer Nuland ein politikk som byggjer på rein maktbrynde.

 

Er det å organisera væpna pøbel for å skyta på politiet, og slik kvitta seg med ein lovleg valt president og ein konstitusjonsdomsstol krenkjing av suvereniteten til ein stat? Det er det faktisk det. Når folk let seg bruka av ein framand stat til væpna aksjon mot den utøvande statsmakta har dette faktisk eit namn. I gamle dagar heitte slikt høgforræderi. Og eg trur ikkje desse snikskyttarane handla utan ryggdekning. Vi har ikkje prov nok til å setja saman heile biletet, men fleire og fleire indisie peikar mot at den amerikanske ambassaden ikkje var nøgd med avtalen EU tinga fram, og gav klarsignal til «uortodokse metodar» for å rydja vegen for det nye regimet.

 

Ved å la skarpskyttarar skyta på politiet, og så gjeva Janukovitsj skulda, vart det mogleg å gjennomføra ein palassrevolusjon. Men samstundes skar ein hol i grunnlova, og folk i aust – som aldri hadde vore entusiastiske for Maidan – byrja okkupera rådhus og offentlege bygningar. Det nye regimet vanta legitimitet. Dette vart stort sett ordna med politimakt. Oligarkar som Kolomoisky vart utnemnt til guvernørar i dei austlege provinsane, og dei lova gode løner til politi som brukte dei midla som var naudsynt for å kvela opprøret. Det gjekk bra i Kharkov og andre byar. Men i Odessa enda det i ein massakre – og i dei to austlegaste provinsane fekk opprørarane makta, med god hjelp av militære eventyrarar som Igor Strelkov. Om Kreml stod bak? Eg trur ikkje russiske nasjonalistar som Strelkov treng ordre frå Kreml – dei har fin nase for trøbbel, og dei er sterkt motiverte heilt på eiga hand. Og dei har røynsle frå Tsjetsjenia, Transnistria og andre stader.

 

Eg trur russarane heile tida har visst at amerikanske tenester stod bak skota på Maidan, og eg trur dette ligg bak russarane sitt «løynde rekneskap» for kva dei tek seg lov til å gjera i Ukraina. Eg trur også det er dette Putin snakka om i Valdai, då han snakka om ”eit spel utan reglar”. Amerikansk pengestøtte til alle moglege organisasjonar, kontroll over media og liknande er ting Moskva ikkje likar, men som dei reknar som «ein del av spelet». Men væpna kupp trur eg er over grensa, og blir møtt med mottiltak. I Ukraina låg i tillegg ein av Russlands viktigaste flåtebasar, og russarane leit ikkje på dei som hadde teke makta gjennom eit væpna kupp. Fleire av dei som gjekk inn i den nye kuppregjeringa hadde dagen før forhandla fram ein avtale med Russland som meklar. Moskva lit ikkje på folk som ikkje held avtalar.

 

Det er svært interessant at denne historia no kjem opp i vestlege mainstreammedia. I politikken kjem ikkje sanninga fram før nokon får bruk for henne. Kanskje EU byrjar sjå at dei ikkje er tente med å la USAs vener skyta sund avtalar dei forhandlar fram?

 

http://rt.com/news/231775-bbc-maidan-shooting-started/

Kommentar #1

Mons Henrik Slagsvold

160 innlegg  2436 kommentarer

Meningsmonopolet.

Publisert over 6 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Det er berre eitt problem med dette. Problemet er velkjent for dei som har følgt alternative media – no kjem dette for første gong opp i mainstream gjennom BBC.

Nå er det vel i og for seg ikke noe nytt i din fremstilling. Det eneste at mainstreammediet BBC viser interesse for å grave dypere i denne grumsete materien. Det er selvfølgelig viktig og interessant nok. 

Det er stadig kontroverser mellom britiske MSM og russernes RT med deres «second opinion» som engelske medier tydeligvis ser som en stor trussel mot sitt meningsmonopol. Kanskje ser man her tegn på en ny strategi fra engelske medier for å gjenvinne tapte skanser? I såfall er russernes mediestrategi en vellykket affære sett med deres øyne.

Putin er jo i sin Valdaitale inne på USA’s kontroll over internasjonale medier der de kan gjøre «sort til hvitt og hvitt til sort» slik han formulerer det. Russerne har tydeligvis slått en kile inn i dette propagandahegemoniet gjennom sin internasjonale mediesatsning. Ikke minst i Sydamerika og England med svært høye seertall på RT’s TV-sendinger. Og jeg må innrømme: Sendingene er svært forfriskende, endog forførende vil noen si.

Kommentar #2

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Det nye

Publisert over 6 år siden
Mons Henrik Slagsvold. Gå til den siterte teksten.
Nå er det vel i og for seg ikke noe nytt i din fremstilling. Det eneste at mainstreammediet BBC viser interesse for å grave dypere i denne grumsete materien. Det er selvfølgelig viktig og interessant nok.

BBC byggjer på opplysningar som har vore velkjende utanfor vestleg MSM lenge. Det viktigaste nye er at dei har snakka med ein av snikskyttarane. Men det at BBC gjer dette er interessant. I gamle dagar hadde BBC vide råmer for å driva kritisk journalistikk, og var ein slags global standard på ein kritisk ålmenkringkastar. Men dei siste 20 åra er tøylane stramma kraftig inn. Når ein slik reportasje kjem, tyder det i praksis at nokon høgt oppe i BBC ønskjer dette på dagsorden.

Dette er ikkje Tyskland, men Storbritannia. Og det at BBC køyrer saka tyder difor at den kløyvinga vi har sett i eliten i Frankrike og Tyskland no også byrjar bli synleg i Storbritannia.

Kommentar #3

Hermod Herstad

0 innlegg  7381 kommentarer

Publisert over 6 år siden

Brendberg kjører videre i etter hvert velkjent stil med konspirasjonsteorier som ikke lar seg underbygge av fakta. Sammen med Slagsvold bygger han disse teoriene på en påstand om at vestlige nyhetsorganer (MSM) kun gjenspeiler informasjonen vestlige regjeringer ønsker publisert og at sannheten må søkes i den frie russiske presse!

Det er fortsatt uavklarte spørsmål om disse snikskytterne på takene og BBC sin reportasje er spennende, men som Brendberg selv skriver, den tilfører egentlig ikke noe nytt til hva som allerede er kjent.

Jeg må innrømme at jeg har lest mange av Brendbergs innlegg med stor interesse. Jeg innser etterhvert at jeg nok burde lest dem med langt større skepsis, men han har imponert med sin detaljkunskap om temaer som har vært sparsomt belyst tidligere.

Skepsisen er nå på plass etter å ha lest Brendbergs konklusjoner og teorier rundt fakta som er litt enklere for oss vanlige folk å etterprøve og sjekke.

Wikipedia (den engelske versjonen) er faktisk ikke det dummeste sted å starte for å skaffe seg en noen lunde objektiv oversikt over de faktiske hendelser:

http://en.wikipedia.org/wiki/Euromaidan

Snikskytterepisoden nærmer omtalt her:

http://en.wikipedia.org/wiki/Euromaidan#Snipers_deployed_during_the_Ukrainian_revolution

Kommentar #4

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Røykskyen

Publisert over 6 år siden

kring det som skjedde under Maidanmassakren er ganske tett, og når Herstad avfeier det heile som "konspirasjonsteoriar" etter at BBC har snakka med ein som sjølv skaut før politiet byrja skyta seier det i grunnen mest om eit sterkt ønske om å tru. Og slike ønske kan eg forstå - men den Wickipediaartikkelen han byggjer på avklarar slett ikkje desse spørsmåla.

Måten dei nye styresmaktene har styrt etterforskinga på er heller ikkje alt for tillitsvekkande.

Eg seier ikkje at hendingane er oppklara - der veit nok russiske og amerikanske tenester langt meir enn det som førebels er offentleg tilgjengeleg. Men det finst sterke grunnar til å sjå på det heile med mistanke - og avventa endelege konklusjonar.

 

http://www.reuters.com/article/2014/10/10/us-ukraine-killings-probe-special-report-idUSKCN0HZ0UH20141010

 

 

Kommentar #5

Mons Henrik Slagsvold

160 innlegg  2436 kommentarer

Bias.

Publisert over 6 år siden
Hermod Herstad. Gå til den siterte teksten.
Sammen med Slagsvold bygger han disse teoriene på en påstand om at vestlige nyhetsorganer (MSM) kun gjenspeiler informasjonen vestlige regjeringer ønsker publisert og at sannheten må søkes i den frie russiske presse!

Jeg skal gi Herstad rett i at jeg i likhet med alle andre ikke har noe patent på sannheten og har mine mer eller mindre bevisste bias som farver det jeg skriver. Men i denne forstand er Herstad og jeg utvilsomt i samme båt.

Men jeg opplever at Herstad i likhet med mange andre som er flasket opp med sovjetisk kommunisme og kald krig fortsetter å betrakte Russland gjennom den kalde krigens briller og derfor ser et Russland som ikke finnes lenger og reagerer emosjonelt og intellektuelt deretter.

Russland er et revolusjonenes og plotenes land. Min teori er at dette skyldes manglende demokratiske tradisjoner. Landet mangler sikkerhetsventiler. Etter kommunismens fall har det etter min formening foregått en ublodig revolusjon i Russland som har endret landet radikalt økonomisk og politisk. Min hovedkilde for å finne ut hva dette nye Russland er for noe er i første rekke Putins utallige intervjuer og pressekonferanser hvor han alltid er svært meddelsom. Fremfor alt er hans lange og detaljrike Valdaitale informativ. Ønsker man å begripe aktuell russisk politisk tenkning er denne et must. Ønsker man å beholde kaldkrigsbrillene på bør man la det være. 

Jeg la merke til at etteretningssjef Grandhagen uttalte på dagsnytt 18 i går at han ikke ønsket noe regimeskifte i Russland. Alternativet ville bli mye verre. Ekstrem nasjonalisme eller kommunisme. Han har utvilsomt fulgt nøye med og jeg er helt enig med han. 

Når det gjelder analyser av dagens situasjon finner jeg det beste på amerikanske nettsteder der det Brendberg kaller realistene innen amerikansk intelligensia skriver og blir intervjuet. De Russiske nettstedene jeg besøker presenterer mer nyhetsstoff. Det propagandamessige i deres innhold dreier seg først og fremst om deres seleksjon av nyheter slik som i vestlig MSM.

Et eksempel kan være redaktøren i Frankfurter allgemeine, Udo Ulfkotte, som nylig utgav boken «Bought journalists.» Dette ble selvsagt slått opp hos RT hvor Ulfkotte bl.a. uttaler: “I ended up publishing articles under my own name written by agents of the CIA and other intelligence services, especially the German secret service,” Dette gjorde han for ikke å miste jobben hevder han.

I vestlige medier ble boken ikke nevnt, men ble til tross for det ble den en bestselger i Tyskland. Begge mediers valg hviler selvsagt på en bias og har et propagandamessig motiv. Slik er nå engang verden.

Kommentar #6

Jan Petter Eikenes

18 innlegg  22 kommentarer

Publisert over 6 år siden

Her er en tysk tv-reportasje om snikskytterne. Og her en rapport fra en fransk entreprenør som skal ha bodd ni år i Ukraina (advarer mot sterke bilder i denne også, som jeg kun har rukket å skumlese).

Jeg tror det er mer sannsynlig at det var leiesoldater, provokatører el l, som skjøt mot begge sider, enn at Janukovitsj` styrker hadde ordre om å skyte hverandre.

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere