Verdidebatt

Europa vaklar vidare

Ein sterkt svekka NATO-allianse fører no minst to ulike typar utanrikspolitikk andsynes den næraste stormakta.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Europa sjanglar vidare

«Der to eller tre av dykk er samla i mitt namn, er eg med dykk». Det var ikkje Obama som sa dette, men han kunne nok godt ha sagt det. Det er allereide avslørt at Obama har smuglytta på Merkels mobiltelefon, men overvakinga går lenger enn som so. Og i tyske og franske tryggleikstenester er det nok fleire som rapporterer til amerikanarane enn det Merkel og Hollande har oversikt over. Det var nok difor ikkje utan grunn at dei to reiste til Kreml for å ha lange samtalar med Vladimir Putin. I Kreml finst ikkje amerikansk avlyttingsutstyr, og når dei to berre hadde med seg ein tolk og ein stenograf inn i møtet fann dei truleg den einaste freda pletten på kontinentet der dei kunne snakka uforstyrra, utan at Obama lytta på dei. Ingenting tyder på at dei to hadde med seg nokon plan. Det dreidde seg nok helst om det som blir kalla «openhjarta samtale», der alle sider av konflikten skulle opplysast slik at dei to kunne gjenvinna politisk initiativ.

Vel tilbake frå Moskva nemnte Merkel «autonomi» - altså ei føderalisering av Ukraina. Dette har vore tabu til no. Sarkozy heldt ein tale i helga der han slo fast at han forstod folk på Krim, som hadde valt Russland i staden for Ukraina. Og Hollande sa tydeleg at alternativet til ei diplomatisk løysing er «verkeleg krig».

Kva er det?

Gjennom Frankfurter Algemeine lek tyske tenester at båe sider i krigen held tapstala sine hemmelege, og pyntar veldig på dei. I følgje dei offisielle tala er tapa no vel 5 000 mann. I følgje tyske tenester er no 50 000 drepne i denne krigen. Det siste talet rimer langt meir med det inntrykket eg har. Før omringinga i «den sørlege gryta» midt i juli hadde eg kome til kring 10 000. Men det var mykje folk i den sørlege gryta, og eg såg videoar av ukrainske soldatar som hadde kome seg ut som sa: «Ikkje tru på det de høyrer på TV. Det er berre løgn. Vi blir mosa til kjøtdeig. Totalt mosa». Etterpå kom kampane i august, der det var noko svært hardt som råka den ukrainske hæren. At talet no er 50 000 til saman på båe sider høyrest rimeleg ut. Men dette er ikkje «verkeleg krig». Verkeleg krig er det vi i følgje Hollande får om det no ikkje kjem noko diplomatisk løysing.

I fjor vår trudde mange det var mogleg å dytta på russarane i denne saka med økonomiske sanksjonar. I tillegg trudde mange at den ukrainske hæren var i stand til å ta seg av problemet. Som vanleg har krigen so langt vore ein «reality check». Russarane flyttar seg ikkje. Ukrainarane har så langt gått på to store – verkeleg store – nederlag.

Vil amerikanske våpensendingar hjelpa? Våpen er sjølvsagt kjekke å ha i krig, men våpen er ikkje noko vidundermiddel. Russarane kallar det som skjer «voentorg» - halvoffisiell våpenlevering over grensa til opprørarane. Opprørarane finn også ein del vestlege våpen på slagmarka – det finst eit vestleg «voentorg» også. Mange av dei nye NATO-landa er fulle av gamalt sovjet-utstyr, og det er ikkje noko problem å skyssa ein del av dette til Ukraina utan å kalla det «våpenleveransar». Det amerikanarane snakkar om inneber våpenleveringar i ein heilt annan skala.

Men du vinn ikkje denne krigen med amerikanske våpenleveransar. Den ukrainske hæren er demoralisert etter store nederlag og store blodtap, og nye våpen vil ikkje i seg sjølv endra dette. Når 50 000 i røynda er drepne i staden for 5 000 veit folk at det er noko gale med informasjonen frå styresmaktene. Rykta går. Soldatar som blir mobilisert gøymer seg eller flyktar til Russland. Nye våpenleveransar vil forlenga krigen, men dei kan ikkje vinna denne krigen. Krigen er tapt for Kiev.
Men om dei vestlege landa byrjar pøsa inn meir våpen og meir pengar, freistar dei vinna spelet ved å auka innsatsen i potten. Og kva gjer ein så når også den nye innsatsen er i ferd med å gå tapt?

Her finst det ein underliggjande logikk som ein bør vera svært klar over. Professor Iver B. Neumann dreiv i eit intervju i Dag og Tid sist fredag høgttenkjing om at NATO burde bomba opprørarane i Donbass. Det høyrest sikkert lurt ut. Bortsett frå ein ting: I tilfelle skal dei bomba i eit område der dei ikkje har luftherredøme. Det bør du ikkje gjera utan først å få russiske garantiar om at det er greitt for Moskva med slik bombing. Det får du ikkje. Om du freistar bomba lell, vil resultatet først og fremst bli at du mistar bombeflya. Altså: Innsatsen i potten aukar og aukar – og for kvar gong du legg meir i potta blir tapet større.

Dette er det Hollande kallar «verkeleg krig». Det som svært raskt kan bli NATO-intervensjon i eit område som vil bli forsvart av Russland.

Naturlegvis står vestleg makt og prestisje på spel i Ukraina. Men di fortare vi kjem oss ut, di mindre blir dette tapet av makt og prestisje. Vi burde kome oss ut allereide i fjor vår, før ein hadde regulære hærar på mange titusen mann i direkte kamp. Vi burde kome oss ut i haust, ved å gje støtte til Minskprotokollane slik at våpenkvila vart røynleg – utan artilleriregn over Donetsk. Vi har sjansen til å koma oss ut no. Men vi veit ikkje kor lenge døra er open.

Om vi ikkje kjem oss ut bør vi så fort som råd finna ut kva det er vi slåss for. Om målet er å venda tilbake til ein ukrainsk einskapsstat inkludert Krim bør vi ha gode planar for felttoget mot Moskva. Og då må vi også ha gode planar for forsvaret av det nordlege Noreg, som ikkje kan stå uforsvart i tilfelle NATO går mot Moskva.

Er det ein ukrainsk einskapsstat inkludert Donbass (men utan Krim) vi vil ha må vi gjera desse tinga:

For det første bør vi slutta snakka om menneskerettar ei stund. I ein ukrainsk einskapsstat vil det ikkje vera menneskerettar i Donbass dei første åra.

For det andre må vi ha bakkestyrkar på 30 000 å setja inn i tillegg til den ukrainske hæren. Dette er styrkar vi må tola å tapa i fall dei fører til direkte russisk intervensjon. Om vi ikkje toler å tapa dei, må vi ha planane klar for felttog mot Moskva.

Kort sagt: Verkeleg krig tyder verkeleg krig – at vi faktisk må vera med å sloss. Den vanlege arbeidsdelinga: Vi hyklar om menneskerettar og demokrati medan amerikanarane bombar og kjøper seg vasallar fungerer ikkje. For Russland er ikkje Irak.

Svært mange krigar i Europa er starta i ein tilstand som minnar om å gå i svevne. Ei bok om første verdskrig som kom for eit par år sidan hadde den råkande tittelen «Sleepwalkers». Og det som skjer på vestleg side – bortsett frå Merkel og Hollande sin tur til Moskva – er at ein ideologisk går i svevne inn i ein situasjon som vil sjå veldig merkeleg ut når ein vaknar.

Slik er det ikkje aust for det nye jarnteppet. Tidleg i fjor haust såg eg eit av dei mest sette TV-programma i Russland, der sjefen for det militær-industrielle komplekset i Russland detaljert gjorde greie for stoda i russisk våpenindustri: Ingeniørkunst og teknologiutvikling, oppdatering av framgangen i dei viktigaste utviklingsprosjekta – kort sagt kva ein hadde på handa. Biletet på russisk side er temmeleg eintydig: Russland har berre to alternativ. Anten å sloss, eller å underordna seg USA. Og då vel ein å sloss. Meir og meir byrjar russarane å innsjå at retorikken frå den kalde krigen var løgnaktig. Den gongen sa vestlege politikarar at det ikkje var russarane ein hadde noko imot – det var det kommunistiske systemet. No innser russarane at dette var løgn: Det var Russland som uavhengig stormakt som vest ville bli kvitt. Og difor førebur russarane seg på det som kjem – om så det som kjem inneber krig i verkeleg full skala. Altså: Verkeleg krig – ikkje slik «uverkeleg» krig som no der 50-100 000 blir drepne.

«Ein politikar utan makt er ein uting», sa Johan Sverdrup. Europa er full av uting. Merkel, og delvis Hollande, representerer verkeleg makt. Dei har ansvar for verkeleg makt, og representerer denne og dei interessene som står bak. Men Europa er full av statsleiarar som ikkje har eiga makt, men som får låna makt frå USA – ein slags moderene statthaldarar. Som dei polske statsleiarane som i følgje tidlegare utanriksminister Radek Sikorski gav USA «ein blow job» under første fase av krisa i Ukraina. Som statsleiarane i Latvia, EU-landet der det finst noko så eksotisk som «Unionen av ikkje-borgarar». Leiaren for denne unionen – Gaponenko - vart i helga arrestert i Estland, der han fekk vita at han var uønska i landet. Dei fire fridomane gjeld naturlegvis ikkje for «ikkje-borgarar». Ikkje-borgarane er rettslause, slik det skal vera i eit demokrati. Alle desse uverkelege polikarane, desse Sverdrupske «utinga», kan om dei går i hop sparka krokfot for Hollande og Merkel for å berga den makta dei har til låns frå Washington – slik at dei kan halda fram med å nekta store grupper av eigne borgarar borgarrettar og liknande prosjekt som det moderne Europa er så full av. Det er alle desse «utinga» som skapar den merkelege tilstanden av ideologisk blindskap som vi kanskje vil måtta betala svært dyrt for.

Lavrov heldt tale i München – som vanleg ein svært god tale frå Europas dyktigaste diplomat. Spørjesekvensen etterpå var psykedelisk. Elles synte tryggleikskonferansen at Europa er djupt splitta – grovt sett etter skiljet mellom uting på eine sida og verkelege politikarar med eigen maktbasis på hi sida. Elles byrjar røyndomen sakte pipla inn i sprekkene. Aftenposten har hatt ein god reportasje frå Donbass, der ein får litt inntrykk av korleis dei vi skal «frigjera» ser på den staten som har brukt klasevåpen for å frigjera eigne innbyggjarar. 90% i denne regionen røysta på presidenten som vart ulovleg avsett. Vestleg propaganda freistar kamuflera desse med å syna til meiningsmålingar som synte fleirtal mot lausriving. Ein ting er kor pålitelege slike meiningsmålingar er. Ein annan ting er jo at det sjølvsagt er sant at det ikkje er full semje mellom opprørarane – ein av grunnane til at våpenkvila i haust var upopulær i opprørsstyrkane var at svært mange ikkje ønskjer lausriving. Dei vil til Kiev for å velta Porosjenko.

Opphavet til alt dette frenetiske diplomatiet er stoda ved fronten i Debaltsevo. Eg har tidlegare meldt om omringing av 7000 ukrainske soldatar ved Debaltsevo. Det var ikkje riktig – dei forsvarte framleis eit langt, smalt landstykke kring ein veg som låg under eld frå båe sider. Men i går møttest dei to armane i knipetanga. Mitt tips er at desse soldatane ikkje finst om ein månad. Det spørsmålet dei kompromisslause rundt ikring i sofa-Noreg bør stilla seg er dette: Når det ikkje finst soldatar nok til å erobra Donbass – finst det då soldatar nok til å forsvara Kiev? Om ein ikkje forhandlar no – kva kjem ein då til å forhandla om til hausten?

Så heldt Merkel pressekonferanse saman med Obama der kløyvinga innanfor NATO var heilt open, sjølv om båe freista gøyma dette bak retorikk. Ungarn søkjer gassavtale med Russland på eiga hand. Statsministeren i Slovakia vil ha sanksjonane bort. Den venstreorienterte statsministeren i Slovakia og den høgreorienterte statsministeren i Ungarn er tradisjonelt ikkje verdas beste vener, for å seia det slik. No samarbeider dei svært godt. Kypros vil tilby Russland marinebasar! Kløyvinga i den vestlege alliansen er oppe i dagen for den som ønskjer å sjå. Men i staden for å formulera ein politikk som kan samla alliansen løyner ein det heile i antirussisk polemikk. Men kløyvinga er der. Difor har heller ikkje Merkel all vestleg makt i ryggen når ho no fer austover for å forhandla. Ho er ein veik meklar, og sjansen for at meklinga kjem i mål er liten. Ein sterkt svekka allianse fører no minst to ulike typar utanrikspolitikk andsynes den næraste stormakta.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt