Verdidebatt

Alexander Dugin: Ei ny byrjing?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den russiske filosofen og politiske aktivisten Alexander Dugin må nest etter Vladimir Putin vera ein av dei mest skeivframstilte offentlege personane på kloden. Av og til dukkar det opp eit portrett eller eit intervju med Dugin i vestleg presse, der mannen vanlegvis blir framstilt som ein slags Rasputin eller som Vladimir Putins hoff-filosof. Vill i augo er Dugin ute etter å erobra eit nytt verdsrike eller gjenoppretta Sovjetunionen eller noko liknande. Og det er den informasjonen vestlege lesarar får om ein av dei viktigaste intellektuelle på kloden.

Propaganda verkar, men propaganda har sin pris. Vinsten er at dei som trur på propagandaen blir lojale mot sine eigne styresmakter i ein kritisk situasjon. Prisen er at dei blir dummare. Eg har for min del ikkje dei språkkunnskapane og det oversynet som skal til for å vurdera heilskapen i Dugins verksemd i det postsovjetiske Russland. Men eg har tilstrekkeleg oversikt til å kunna slå fast at det vestlege biletet av Alexander Dugin er forummande propaganda. Eg meiner også at det er tøvete å sjå på Dugin som hoff-filosof. Dugin er ein svært ambisiøs intellektuell, med mange jarn i elden. Som alle andre med ein politisk dagsorden i Russland forheld han seg naturlegvis til Putin, som er den sentrale politikaren i det moderne Russland. Men tilhøvet mellom Dugin og Putin er komplekst og fullt av motsetnader. Og Dugin er naturlegvis ikkje nokon Rasputin. Dugin er ein sylskarp og interessant tenkjar, og spørsmåla han arbeider med er like interessante andre stader som i Russland – sjølv om Dugin naturlegvis har ei russisk tilnærming til dei.

For eit par år sidan kom «Den fjerde politiske teorien» ut i engelsk omsetjing. Det er ei bok som kartlegg vilkåra for ein ny politikk i dag, og som undersøkjer vilkåra for at Russland kan velja ein annan veg enn den liberale, kapitalistiske verdsordninga som USA har bygt kring seg sjølv. Ei svært interessant bok som eg har meldt her:

Den siste Dugin-utgjevinga på engelsk er «Martin Heidegger: The Philosophy of Another Beginning». Det er ein heilt annan type bok – og tenkt som den første av to bind. Dugin drøftar her ned i grunnspørsmåla den filosofen han set høgast – Martin Heidegger. Og han freistar dra ut essensen av Heidegger sin filosofi, og gjera denne tilgjengeleg i ein russisk samanheng.

Mykje kan seiast om Martin Heidegger, men «enkel» og «uvesentleg» er ikkje dei orda som fell først på tunga. Alexander Dugin er ikkje åleine om å setja Heidegger høgt, sjølv ein mann som var så grunnleggjande ulik Dugin som Leo Strauss meinte Heidegger var det vesentlege som skjedde i tysk filosofi i mellomkrigstida. Men Heidegger er som sagt ikkje enkel – ein mann som hamrar laus på grunnproblema medan han på vegen freistar byggja opp eit heilt nytt metaspråk og eit nytt fundament for filosofien. I følgje Dugin er tidlegare presentasjonar av Heidegger på russisk ubrukande, og målet med denne boka er å gje eit tversnitt av Heideggers tenkjing tilgjengeleg for russiskspråklege.

Det er eit ambisiøst mål, men Dugin har utan tvil ei heldig hand med dette. Og Nina Kouprianova si omsetjing til engelsk er eit imponerande stykke arbeid – dette er eit omsetjingsarbeid som stiller svært store krav til omsetjaren, og der ho jamt over ser ut til å ha funne gode løysingar som ikkje går på kostnad av presisjon. Men dette er ikkje lettflytande tekst. I gamal tid hadde blesteromnane for låg temperatur til å smelta jarnet – det du fekk ut var ein svamp av jarn og slagg som måtte hamrast rein for slagg før jarnet kunne brukast. Dugin si drøfting minnar om denne hamringsprosessen, der han konsept for konsept og ide for ide freistar banka ut det kvasse stålet i Heideggers tenkjing.

Å gje att heilskapen i dette i ei kort bokmelding er naturlegvis umogleg. Det får klara seg med nokre grove og litt for bastante skisser som ikkje gjev att alle nyansar – men som gjev ein peikepinn på kva materiale Heidegger og hans elev Dugin arbeider med.

Heidegger er slutten på klassisk, tysk filosofi – ein slags gravtale over filosofien i følgje Dugin. Vestleg filosofi og vestleg metafysikk kom skeivt ut frå byrjinga, og vestleg historie er historia om korleis denne ubalansen over tid utvikla seg fram til Nietsche til slutt avsluttar historia om den vestlege metafysikken. Vestleg tenkjing mistar kontakt med ein grunnleggjande balanse, og blir fange av omgrep og tilnærmingsmåtar som steg for steg driv i retning nihilisme og vilje til makt. Den manglande evna til å gripa det vesentlege og autentiske blir erstatta med det som på gresk heiter «techne»: Grep, knep, strategiar og teknologi. Ideologiane – som marxisme og liberalisme – er berre uttrykk for slik framandgjort eksistens som freistar hevda seg gjennom maktvilje og «techne».

I følgje Heidegger går denne ubalansen heilt tilbake til opphavet til vestleg filosofi. Allereide i «den første byrjinga» - i dei greske tenkjarane før Sokrates – byrja denne ubalansen å ta form. Med Sokrates, Platon og Aristoteles vart ubalansen etablert som eit omfattande og imponerande system, som låg til grunn for all seinare vestleg filosofi. Så utviklar ubalansen frametter, og i den tyske filosofien blir det som ligg i kim til slutt ført til sin logiske konklusjon. Vestleg filosofi er slutt.

Men Heidegger endar ikkje opp med gravtalar. Med stor kjærleik til den klassiske filosofien, men samstundes med ein fundamental mistanke mot alle idear, konsept og strukturar som har ført til denne filosofiens død, freistar Heidegger undersøkja grunnen for noko nytt – ei ny byrjing. Og det er i denne prosessen det blir hamra mest intenst, i eit forsøk på å skilja malm frå slagg i dei grunnleggjande ideane og konsepta.

Å omsetja Heidegger-idear frå tysk er sjølvsagt eit risikoprosjekt, men eg let det stå til. Eit sentralt konsept Dugin utforskar er «Geviert» eller «det firfaldige». Om ein teiknar ein andreaskross, med «menneske», «jord», «himmel» og «det gudommelege» ved enden av kvar akse får du det firfaldige:

Himmel                         Gudane

X

Menneske                       Jord

Her byrjar Heidegger byggja sin «fundamental-ontologi» som eit alterantiv til den klassiske ontologien, som har ført ut i den blindvegen moderniteten utgjer. Det firfaldige er ulike sider av det eksisterande, og det finst både møtepunkt og konflikt. Eg konsentrerer drøftinga om ein akse i det firfaldige: Møtet mellom menneske og Gud.

Det gudommelege er ei side av det eksisterande – men Heidegger let spørsmålet om ein eller fleire gudar stå ope. Derimot avviser han Thomas av Aquinas og skolastikkens ontologi, der verda blir eit hierarki av skapnader med skaparen på toppen. Men menneske og gudar møtest – og sloss. Menneske og gudar kan møtest i «det heilage», og i det heilage kan menneske høyra og oppleva gudane si stille kviskring. Men det er ikkje munnsvær når Nietsche hevdar at «Gud er død – og vi har drepe han!». For møtet mellom det gudommelege og det menneskelege er berre noko som kan skje, ikkje noko som må skje. Og når det moderne mennesket avskaffar det heilage, tek det samtidig livet av Gud. På dei norrøne tingstadene markerte eit lågt taugjerde – vebandet – grensa for heilag grunn. Hit inn skulle ingen bera våpen. Innanfor dette skiljet møttest menneske og gudar, himmel og jord. Og her vart retten sett ut i livet. Dugin syner at ordet «ting» på både romanske, germanske og slaviske språk har opphavet sitt i slike «ting» der alle sider av det firfaldige møtest.

Men vebandet er eit veikt vern, og med makt kan ein ta våpen over det vesle tauget og avskaffa heilagdomen. På liknande vis har vestleg tenkjing sidan Descartes gjort det rasjonelle mennesket til skapnadens herre på kostnad av dei tre andre sidene av det firfaldige. Og det rasjonelle og sjølvmedvitne mennesket har same makt til å avskaffa heilagdomen som han som tek med seg våpen over vebandet. Mennesket kan – som Nietsche påpeikte – drepa Gud. Men ikkje utan kostnader: For når mennesket drep Gud drep det samstundes den meininga som ber oppe eit samfunn. I første omgang kan denne meininga byttast ut med makt – men etterkvart driv Vesten uhjelpeleg i retning eit samfunn bygt på «vilje til makt» og nihilisme. Ideologiane sin tidsalder er berre første steg på denne vegen. Og dagens verd: Den «liberale, demokratiske humanismen» med sine dronar og kryssarrakettar, med sin frie konkurranse og transnasjonale kapitalmakt skil seg ikkje grunnleggjande frå andre ideologiar som oppstod som følgje av at det firfaldige i tilværet vart deformert under moderniteten.

Dugin drøftar ei rad med slike grunnspørsmål ut frå Heidegger – som skiljet mellom autentisk og inautentisk «dasein», eit eksistensomgrep som står heilt sentralt i Heideggers filosofi. I spørsmål etter spørsmål freistar han meisla ut eit alternativ til den klassiske ontologien og metafysikken, ein tenkjemåte som i neste omgang framandgjer oss frå det autentiske og driv oss i retning av den nihilismen som er endepunktet for vestleg filosofi.

Dette er svært interessant, men også tidvis tungt stoff. Og Dugin er ikkje alltid like knivskarp – det som særpregar han er først og fremst eit svært breitt siktmål og ein sterk vilje til å rydja grunnen for eit nytt byggverk. Og med det går eg over til å skriva litt om det som Dugin sjølv ikkje tematiserer.

For Dugin skriv frå ein russisk synsstad. På slutten av boka fortel han at andre bind av dette verket vil handla om utsiktene til å byggja ein russisk filosofi. Og det er den russiske verda som Dugin har i sikte når han legg fram Heideggers filosofi. Heidegger hadde røtene sine i Tyskland, og det var dette som låg til grunn for vona hans om «ei ny byrjing». Dugin slær fast at vestleg filosofi har nådd enden, men at sola ikkje vil stå opp i vest. Drøftinga hans av «den andre byrjings filosofi» har nær samanheng med det prosjektet han skisserte i «den fjerde politiske teori». Og dette handlar om Russland.

Russland er ikkje nokon nasjonalstat. Fram til revolusjonen i 1917 var Russland eit universelt keisardøme, med den ortodokse kristendomen som statsberande ideologi. Men heller ikkje revolusjonen gjorde Russland til ein nasjonalstat. I staden vart Moskva verdensrevolusjonens hovudstad, og staten vart bygt på prinsippet om proletarisk internasjonalisme. Frå sekstitalet av byrja trua på verdskommunismen å falla, og landet gjekk inn i den lange stagnasjonstida. Dette enda opp med Sovjetunionens fall. Etter Sovjetunionen fekk landet smaka vestleg, nyliberal kapitalisme – og dette var ikkje noko som gav meirsmak. Dette er bakgrunnen for Putins regime – men også for Dugins rolle som politisk/filosofisk libero. Dugins prosjekt er ikkje russisk nasjonalisme, men tvert imot leitinga etter ei «ny byrjing», ein ny heilskap som kan vidareføra den russiske verda. Og nett av di russisk filosofi låg brakk etter at trua på marxismen byrja døy på sekstitalet trur Dugin at Heideggers «nye byrjing» kan finna fruktbar voksterjord i nettopp Russland.

Det finst svært sterke grunnar for å diskutera Dugins prosjekt meir seriøst enn dei portretta av «Putins Rasputin» vi har sett i vestleg presse så langt. Brotet mellom Russland og den vestlege orden har alleriede vore. Det er mange teikn på at vestleg politikk andsynes Russland ikkje fungerer, av di han er kortsiktig og manglar blikk for heilskapen i dei utfordringane Russland står andsynes. Omsetjinga av «Martin Heidegger – The Philosophy of Another Beginning» er eit godt bidrag til ein slik diskusjon. I tillegg til ei svært solid omsetjing til engelsk har Paul Gottfried, ein av dei skarpaste kommentatorane på høgresida i amerikansk politikk, skrive eit treffande og tankevekkande forord.

Alexander Dugin: Martin Heidegger – The Philosophy of Another Beginning

Omsett til engelsk av Nina Kouprianova. Forord av Paul E. Gottfried.

Radix 2014. 465 sider med register og greske/tyske terminologilister.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt