Verdidebatt

Sionismen i vargtida

Litt om akademisk fridom, ideologisk blindskap og samansett historie

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Magnus Leirgulen kjem med nokre spørsmål som sprengjer råma for ein vanleg replikk, og eg startar difor ein ny tråd. For det vil vera villeiande å handsama eit slikt tema innanfor dei råmene som folkeskikken set for eit replikkordskifte – dette er større spørsmål som må drøftast for seg.

Magnus skreiv: ”det finns vel objektive og pålitelege historikere som tek faget sitt alvorleg, og korkje høyrer heime på ein politisk radikal venstrefløy, eller ein breivikiansk høgrefløy.

Din merkelige antydning om at sionistane gjorde merkelige ting inn på førtitalet hadde vore greit å få litt meir informasjon om. Sidan du kaster dette fram er det di plikt å orientere nærare, ev. med dokumentasjon, om det finns. Så tek vi det derifrå”

Ein ting som det kan vera verdt å tenkja etter – og setja pris på – er at vi faktisk har ytringsfridom og akademisk fridom i vår vesle avkrok i verda. Det er ingen som vedtek korleis fortida vår har vore – det er eit tema der folk står fritt å gjera eigne undersøkjingar. Ein samtale utan ende. Slik er det ikkje for alle. Og dette er eit stort hinder når temaet er jødisk historie. For viktige delar av denne historia har vore låst inne i arkiv som ikkje har vore opne. Fram til nittitalet var Sovjetunionen ein stat som utgjorde eit merkbart hinder for fri forsking på jødisk historie. Den som grunnla moderne forsking på jødisk historie i Russland på 1800-talet – John Doyle Klier – måtte på syttitalet kamuflera prosjekta sine for å få tilgang til arkiva. Temaet vart oppfatta som politisk kjenslevart, og måtte gøymast i større råmeprosjekt.

Så skulle ein tru at oppløysinga av Sovjetunionen gjorde det heile enklare. Men så enkelt er det ikkje. I Russland vart det naturlegvis opning for langt friare ordskifte om fortida, og russisk diskusjon etter 1990 er langt meir spanande enn før. Men når det gjeld jødisk historie finst det nokre særeigne hinder. Eit døme kan tena som illustrasjon: Tidleg på syttitalet fekk Alexandr Solsjenitsyn gjeve ut nokre av dei viktigaste bøkene sine i den vestlege verda – som ”Gulag-arkipelet”. Desse bøkene kom naturlegvis ikkje ut i Sovjetunionen. Samstundes vart han landsforvist, og enda opp i Vermont. Solsjenitsyn var først og fremst oppteken av russisk historie, og gav ut ei rad bøker om ulike kritiske periodar. Desse bøkene vart omsett til dei fleste vestlege språk – sjølv ein sopass smal sak som ”August 1914” vart utgjeve på norsk.

Mot slutten av livet kunne Solsjenitsyn flytta heim til Russland. Det siste temaet han tok tak i var eit tema det hadde vore utenkeleg å skriva om under sovjetstyret: Jødane si historie i Russland. Det siste større arbeidet til Solsjenitsyn var ”200 år saman”, som handlar om dette. Denne boka kom ut i Russland. Men ho er stort sett ikkje omsett til vestlege språk. Sjølv har eg berre hatt tilgang til ei engelsk piratomsetjing på nett. Boka er omgjeve av ein kviskrekampanje om ”antisemittisme”, sjølv om dei med fagleg tyngde på feltet – som Klier – avviste desse skuldingane. Sovjetunionens fall løyste med andre ord ikkje problema med totalitære sensurmekanismar kring jødisk historie.

Den som vil forstå kvifor, må lesa Israel Shahaks ”Jewish History, Jewish Religion”. Denne boka kom ut i 1993. Ein avdød kjenning av meg – journalisten Ola Lars Andresen, som hadde budd 10 år i Israel/Palestina – gjekk på nittitalet frå forlag til forlag med denne boka, og tilbaud å omsetja boka til norsk. Fleire forleggjarar syntest boka var svært interessant. Ingen ville gje henne ut. For Shahak går inn på det som er rekna som ”farleg territorium”.

Det Shahak dokumenterer er ein litt annleis totalitær sensurmekanisme enn det ein fann i statar som Sovjetunionen. I kapittelet ”Predjudice and Prevarications” syner han med døme etter døme korleis eit system av villeeing og sjølvsensur fører til den mest openberre svindel når temaet er kontroversielle sider av den jødiske arven. Desse mekanismane sikrar at folk trur på dei merkelegaste ting når temaet er jødisk religion og historie. Nett slik eg i ungdomen trudde på ”mirakel” i kinesisk historie under Mao. Men poenget er – i jødisk som i kinesisk historie – at ”mirakelet” gjerne handlar om heilt andre ting når du ser nærare på det heile. Mirakelet er eit produkt av totalitær historieskriving. Men trua på mirakel blir halde oppe av sterke, politiske rørsler som likar glansbiletet betre enn røyndomen, av di glansbiletet er sentralt for deira verdsbilete og politiske identitet.

Men korleis er det mogleg å halda oppe ei totalitær historieskriving i den vestlege verda? Jødisk historie og religion er i utgangspunktet eit lite tema. Det meste som blir gjort på dette fagfeltet, blir gjort i USA. Og i USA finst ikkje akademisk fridom på dette temaet – tvert om finst det eit etnisk og ideologisk monopol som sikrar at den sionistiske versjonen blir ståande uimotsagt. Paul Findley sat i Kongressens utanrikskomite frå midten av sekstitalet fram til tidleg på åttitalet. Då vart han kasta ut etter ein valkamp som vart massivt finansiert frå pro-Israelkrefter. Etterpå gav han ut boka ”They Dare to Speak Out”, som i detalj skildrar mekanismane som hindrar akademisk fridom på dette temaet i USA. Findley er ikkje nokon palestinaskjerfradikalar – han er verdikonservativ frå eit typisk jordbruksdistrikt i USA, i grunnen ein slags ”amerikansk Willoch”. Og han dokumenterer svært godt kvifor det ikkje finst akademisk fridom i USA på dette feltet. Det har med pengar, makt og ideologi å gjera. Ikkje staten sine pengar – men private pengar og ideologiseringa av Israel/Palestinakonflikten.

At systemet fungerer viser eit par ferske eksempel. Norman Finkelstein har ein svært solid forfattarskap. Men midvegs i karrieren møtte han i praksis eit yrkesforbod. Paul Gottfried, som er moderat sionist og politisk konservativ, legg ikkje fingrane imellom når han skriv om kvifor Finkelstein vart skvisa ut. Det gjer heller ikkje Noam Chomsky på motsett ende av det politiske spekteret. Eit ferskare døme på slikt ideologisk motivert yrkesforbod er Stephen Salaita. Kort sagt: Du får ikkje nokon normal, akademisk diskusjon om desse spørsmåla i USA.

Korleis er dette så i Europa? I samband med rettssaka mot Ahmed Rami i Sverige vart professor Jan Bergman innkalla som sakkyndig vitne. Han skulle då uttala seg om faglege spørsmål knytt til jødisk religion. Resultatet vart ein massiv svertekampanje i svensk presse som i følgje tvillingbroren Pär var sterkt medverkande til Jan Bergmans tidlege død. Vitnemålet til Jan Bergmann vart påstått å vera ein ”akademisk skandale”, men så vidt eg veit fann Inge Lønning ingenting å utsetja på kollegaen då han fekk ei formell rolle i etterkant. Men då var skaden allereide gjort. Dei spørsmåla Jan Bergmann drøfta på eit fagleg forsvarleg vis i sitt vitnemål var i nokre sine augo for problematiske til at ein kunne tillata eit alminneleg, offentleg ordskifte.

Kort sagt: Heller ikkje i Europa kan du forventa normal, akademisk fridom i desse spørsmåla.

På seksti- og syttitalet freista palestinarane å byggja opp sine eigne institusjonar – Institute for Palestine Studies i Beirut var den viktigaste.Eg har fleire bøker gjeve ut av desse, som Moshe Menuhins ”The Decadece of Judaism in our Time” og Elmer Bergers ”Memoirs of an anti-Zionist Jew”.Dette var bøker som det var vanskeleg å gjeva ut i den vestlege verda (nett som norske forlag ikkje ville gje ut Shahak). Men med krigen mot Libanon tidleg på åttitalet var Institute for Palestine Studies redusert til vrakgods og betongstøv, og fleire av dei leiande folka bak institusjonen likvidert. Og sidan har dei ikkje spela noko leiande rolle. Det er svært avgrensa kva du finn av gode akademiske institusjonar og fri presse i den arabiske verda elles, og dette har aldri vore noko alternativ til den seriøsiteten du fann i dei palestinske institusjonane i Beirut.

Likevel har det vore eit større hol i denne totalitære muren. Fram til oktoberkrigen i 1973 hadde Israel ein del fellestrekk med totalitære samfunn i Aust-Europa, inkludert ein god del formell sensur. Men på grunn av tapa i denne krigen kom eit klimaskifte, og med Begins valsiger i 1977 fekk landet eit klima for meir open diskusjon og kritikk kring desse tinga enn det du finn elles på planeten. Dette gjorde at ein frå slutten av åttitalet byrja sjå nærare på ulike tabu i israelsk og jødisk historie. På grunn av dette kan ein i dag finna svært opplysande og kritiske studie om ting der ein før måtte nøya seg med historieskriving med påhalden penn. Det gjeld ikkje minst eldre jødisk historie, der ei rekkje arbeid om jødisk middelalder i Europa har gjort at ei bok som Berg Eriksen/Lorentz/Harket si ”Jødehat” var utdatert allereide då ho kom ut. Det gjeld likeeins den systematiske etniske reinsinga i 1947-49, som ulike israelske historikarar har dokumentert. Og det gjeld perioden som gjekk før – perioden for det store folkemordet. Vårløysinga i det israelske samfunnet mot slutten av syttitalet gav oss ein nokså rik litteratur som gjer det mogleg å forstå det som framleis grunnleggjande sett er ein totalitær kultur (det siste tiåret har trenden gått motsett veg, i retning av at den opne råka i Israel er i ferd med å frysa til igjen). Så langt rammevilkåra.

Skal vi vurdera politikarar på tretti- og førtitalet, bør vi kjenna litt til mentalitetane som rådde i perioden. I denne perioden var folk som Stalin, Mussolini, Hitler, Tito, Dimitrov og Churchill på mange måtar normen i europeisk politikk. Dette var folk som var i stand til å vinna krigar – og som ikkje var redde for å ta i bruk midla som skulle til for å vinna krigar. Dei brukte vald og propaganda, og om det stod nokon i vegen var dei ikkje redde for å rydda dei av vegen. Noko av det første Churchill gjorde som regjeringssjef var å bomba sivile mål i Tyskland. Ikkje av di måla han bomba var viktige – poenget var å tvinga regimet i Berlin til å ta hemn. Det greidde han – og med bombinga av sivile i Storbritannia var all voksterjord for ei ”fredsrørsle” som ville tinga med Hitler lagt daudt. Slik dreiv desse politikarane eit avansert sjakkspel der det alltid var menneskeliv i potten.

Det bør vi ha i mente når vi skal døma dei som levde i denne heksegryta. Ta td. Tiso i Slovakia. Samarbeidde han med Hitler? Naturlegvis gjorde han det – kva anna skulle han gjera etter at vestmaktene kasta landet hans i løvas gap med avtalen i München? Stod han fritt til å nekta på tyske ordrar – td. i samband med deportasjonane av jødar? Då den norske kyrkja protesterte på handsaminga av jødar ønska Terboven å avretta Berggrav for å statuera eit eksempel. Berlin nekta på dette, og Berggrav overlevde krigen. Tiso overlevde også – gjennom samarbeid. Eg trur det politiske handlingsrommet i eit lite naboland til Tyskland var langt mindre enn for ein ikkje-politisk biskop i Oslo. Då eit nytt regime skulle legitimera seg, vart Tiso hengt som fascist. Slik kunne kommunistane starta den utskvisingsprosessen som enda opp med eittpartistat. Var dødsdomen mot Tiso rettferdig? Kanskje – eg kjenner ikkje saka godt nok. Men eg er sikker på at dødsdomen var politisk svært nyttig.

Dette er også målestokken vi bør bruka når vi vurderer dei sionistiske leiarane frå denne perioden – Ben Gurion, Weissmann, Jabotinsky. Ikkje samanlikna med dagens fintfølande europeiske politikarar. Dette var statsbyggjarar, folk som var viljuge til å ofra andre sine liv når det måtte til. Krigarar av same slag som Tito og liknande folk frå same periode.

Korleis forheldt så desse leiarane seg til folkemordet i Europa?

For det første tyder alt på at dei gjorde same feilen som alle andre: Dei undervurderte den overhengande faren. Dei såg stort sett ikkje for seg eit massemord av det omfanget som faktisk kom. Det er mykje som er opplagt for oss i ettertid, som ikkje var like opplagt for dei som levde i denne perioden. Totalitære regime av Hitlers type er svikefulle mekanismar: Du veit at du har vondt i vente – menn ikkje akkurat kva.

For det andre var dei sionistiske leiarane folk som prioriterte strengt. I 1938 heldt Chaim Weizmann ein tale der han sa:

”Palestina kan ikkje absorbera Europas jødar. Vi ønskjer berre at den beste jødiske ungdomen skal koma til oss. Vi ønskjer berre at dei som har utdanning skal koma til Palestina for å bidra til ein rikare kultur. Dei andre jødane må vera der dei er og møta den lagnaden som ventar dei. Desse millionane av jødar er støv på historias hjul, og kanskje må dei blåsa sin veg. Vi ønskjer ikkje at dei skal oversvømma Palestina. Vi ønskjer ikkje at Tel Aviv skal bli nok ein andrerangs ghetto.”

(Sitert etter Rabkin, 180-181)

Sionistane prioriterte altså, og dei prioriterte byggjing av stat. Flyktningespørsmålet vart underordna statsinteressene. Difor freista også sionistane å hindra at initiativ for å opna andre land enn Palestina for flyktningar var lagt daude. Om det hadde vore mogleg å verkeleggjera slike alternative utvegar for flyktningar veit vi vel knapt – dette er ikkje noko historisk tema som er ferdigutforska. Men sionistane hadde sterke motiv for at det ikkje skulle vera det. Rabbi Elmer Berger siterer Roosevelt:

”Well, they’re right from their point of view.The Zionist movement knows that Palestine is, and will be for some time, a remittance society. They know that they can raise vast sums for Palestine by saying to donors ‘there is no other place this poor Jew can go.” But, said Roosevelt, “if there’s a world political asylum for all people irrespective of race, creed or color, they can’t raise their money. Because the people who don’t want to give the money will have an excuse and say, ‘what do you mean there’s no place they can go but Palestine?

(sitert etter Berger ”Judaism or Jewish nationalism: The Alternative to Zionism”, s. 57)

Ei jiddiskavis oppsummerte fasiten slik:

”By all this they (the Zionists) certainly did not help to open the gates of America for Jews. In fact, they sacrificed the interests of living people – their brothers and sisters who went through a world of pain – to the politics of their own movement.”

(Alfred M. Lilienthal, The Zionist Connection s. 57)

Prioriteringa av statsbyggjing gjorde også at nokre av dei sionistiske leiarane gjorde ein del som i ettertid verkar mindre intelligent.Rabkin skriv om Vladimir Jabotinsky:

”The more militant wing of Zionism took an agressive stance toward the new German government. Jabotinsky acted as though he were the supreme commander of the Jewish Armed Forces. In his broadcasts over the official Polish radio and in articles published in the press in several countries, he lashed out at Germany. Nazi leaders mentioned his articles and speeches as those of someone who had quite openly “revealed the plans of his race” and who, “to the horror of the other Elders of Zion, spoke more plainly than they would have liked“. (…) Indeed, his speeches referring to a unified Jewish nation played directly into the hands of those who threatened the German people with tales of a world Jewish conspiracy.”

(Rabkin, s. 175-176)

Ei av følgjene av denne prioriteringa av statsbyggjing var ”transfer agreement” – ein avtale mellom sionistane og regimet i Berlin (først og fremst Eichmann) der 60 000 jødar og deira eigedom skulle overførast til Palestina. Dette var ein avtale som fungerte godt, og der Eichmann mellom anna gav sionistane hus, utstyr og treningsleirar slik at programmet kunne gjennomførast.

Meir moralsk tvilsam var avtalen mellom sionistiske Jewish Agency og nazistane på førtitalet. Rudolf Kasztner avtalte å samarbeida med nazistane for å roa ned stemninga blant jødar i interneringsleirane (som seinare vart drepne). Som motyting fekk Kasztner velja ut nokre tusen som fekk forlata tyskokkupert Europa. Kasztner vart dømt i første rettsinstans for dette i Israel, men høgsterett frikjende han etter at regjeringa til Ben-Gurion greip inn (Jewish Agency var ein ”stat i fosterstadium” på førtitalet, og Kasztner handla neppe på eiga hand). Kort tid etter vart Kasztner drepen i eit attentat i Tel Aviv.

Så langt dei store sionistrørslene. I tillegg kjem så Stern-gruppa sitt ønske om allianse med Italia og Tyskland. Dette ønsket var ikkje først og fremst eit uttrykk for desperate ønskje om å redda flyktningar – Sterngruppa stod politisk nær fascismen, og det heile var uttrykk for deira måte å tenkja realpolitikk: Britane var fienden som stod i vegen for ein jødisk stat – og skulle denne fienden ryddast av vegen måtte ein gå inn i dei naudsynte alliansane. Det høyrer med til historia at Stern-gjengen møtte mykje kritikk for dette synspunktet, som låg langt ifrå det stordelen av jødar i Palestina tenkte.

Difor er det villeiande når Leirgulen skriv:

” Lehi, (sternbanden),en militant paramilitær undergrunnsbevegelse som i desperasjon prøvde forhandlinger, for å redde jødene fra dødstrusler og uutholdelige tilstander i Europa. Setter du slike forhanlingsforsøk, gjordt i desperasjon, av en temporær,militant gruppe, ”

Lehi var først og fremst ivrige etter å koma i gang med krigen som skulle realisera utopien deira, jødane i Europa var andreprioritert.Og Lehi-gjengen fekk omsider krigen sin – nokre få år seinare.

For oss som har vakse opp etter andre verdskrig er Hitler si utrydding av jødane den store saka. Det er lett å tru at dette var likeeins for dei sionistiske leiarane som levde på denne tida. Men dei sionistiske leiarane levde langt frå områda der folkemordet skjedde, og det var først og fremst andre oppgåver som pressa på og fyllte skriveborda.Zeev Sternhell skriv:

”The Jewish communities scattered across Central and Eastern Europe were important to the founders chiefly as a source of pioneers. They were considered to have no value in themselves. Even at the height of the Second World War, there was no change inthe order of priorities: it was not the rescue of Jews as such that topped Berl Katznelsons’s order of priorities but the organization of the Zionist movement in Europe… Thus, every event in the nation’s life was evaluated according to a single criterion: the degree to which it contributed to Zionism”

(Zeev Sternhell: The Founding Myths of Israel s. 50)

Når ein ser nærare på desse tinga, ser ein at dei sionistiske leiarane likna mykje på sine samtidige: Dei dreiv politisk sjakkspel, med menneskeliv i potten. Og dei prioriterte sine statsinteresser, slik andre prioriterte sine. Dei leidde mektige organisasjonar med sterk ideologisk disiplin. ”Bøndene” i spelet var – som elles – fattige menneske, ofte religiøse og framande for dei politiske ideologiane som spela om framtida med livet deira som innsats. Dei som meir enn nokon andre vart utrydda i nazistane sitt folkemord var dei ortodokse jødane i Aust-Europa. Dei hadde i eit par generasjonar vore intense motstandarar av sionistane sin politikk. Dei hadde åtvara om at denne politikken var farleg, og at det i neste omgang var alminnelege, gudfryktige jødar som måtte betala prisen. Etter krigen var dei ortodokse på mange måtar eit leiarlaust folk – og sionistane kunne ta monopol på rolla som ”dei einaste talsmenn for jødane”. Dei som åtvara mot at sionistane sin politikk også i framhaldet ville føra til vald og uløyselege politiske flokar – slike som rabbi Elmer Berger – vart baksnakka og marginaliserte.

Britane slo ned det palestinske opprøret i 1936 med hard hand, og på førtitalet var palestinarane eit knust og leiarlaust folk. Det er ingen tvil om at folk som stormuftien av Jerusalem gjorde ukloke val i denne perioden. Det er heller ingen tvil om den sionistiske rørsla gjorde nokre svært ukloke – og lagnadstunge – val. Men medan folk diskuterer stormuftien opp og i mente, er det siste ikkje-tema. Dei totalitære mekanismane eg teikna opp i byrjinga av dette innlegget syner kvifor dette er ikkje-tema. Men for dei som er interessert i å orientera seg i røyndomen kan eg tilrå:

Yakov M. Rabkin: ”A Threat from Within”. Fernwood Publishing – Zed Books 2006

Tom Segev: “The Seventh Million: The Israelis and the Holocaust”. Hill and Wang, 1993.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt