Verdidebatt

Litt bakteppe

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg har tidlegare lagt ut ein kommentar om kvifor eg meiner den heilt opne og ”ukorrekte” diskusjonen er viktig. Vi lever i ulvetider, og det er krevjande å få overblikk over kva som skjer og kvifor. Difor har fundamentalistane litt for lett spel. Ikkje minst på islamsk side, men ikkje berre der.

Konfliktane i Frankrike handlar heilt opplagt også om franske muslimar – svært mange av desse har nordafrikansk bakgrunn. For femti år sidan vart krigen i Algerie avslutta. Trass i at Frankrike sette inn massiv militærmakt, med konsentrasjonsleirar og massiv bruk av tortur, enda krigen med at Frankrike måtte gje opp kontrollen over Algerie. Om lag ein million algirarar vart drepne i denne krigen.

Dette har også med Frankrike, og med ytringsfridom å gjera. For femti år sidan vart den største massakren i etterkrigstida i Vest-Europa gjennomført i Paris. Algirarar i Paris demonstrerte mot massedrapa som skjedde i heimlandet.Politisjefen i Paris, Maurice Papon, sette inn politifolk med skarpladde våpen mot demonstrantane. Papon hadde tidlegare vore politisjef i Vichy-regimet, og var ansvarleg for deportasjon av tusenvis av jødar.Over 300 menneske vart drepne denne augustdagen: Skotne, drukna i Seinen og liknande.

Den einaste franske avisa som skreiv om dette var avisa til kommunistpartiet, som nemnte demonstrasjonane i ein liten notis. Sidan har dette vore ei ikkje-hending. Franske styresmakter har aldri vedgått at dei massakrerte 300 algirarar midt på lyse dagen, langt mindre kome med noko orsaking.

Fransk ytringsfridom er eit stort hykleri. Dette vart svært synleg under Dieudonne-saka i fjor. Eg legg ved ein kommentar av ”the Saker” om dette. Legg spesielt merke til filmane som ligg ved denne teksten. Litt forklaring:

Jewish Defece League er ein jødisk, valdeleg terrororganisasjon, forbode i mange land. Organisasjonen vart grunnlagt av den jødiske høgreekstremisten Meir Kahane – som også grunnla partiet Kach, som vart forbode i Israel. Frankrike er eit av dei få landa der denne organisasjonen opererer fritt. Filmane Saker deler syner demonstrasjonane for ytringsfridom for Dieudonne. Dette er ikkje forstadsungdom som brenn bilar og øydelegg – dei uttrykkjer sin frustrasjon mot eit system der ytringsfridom ikkje verja. Dei uttrykkjer denne frustrasjonen gjennom å synga den sangen som meir enn noko uttrykkjer borgarrettane i Frankrike: Marseillasen. Mot dei står jødiske høgreekstreme som syng den israelske nasjonalsongen, ropar ”Israel chai” – og som har heile det franske establishmentet i ryggen.

I eit land der regimet framleis har ”sov i ro” i øyra når det gjeld massakrar dei sjølve gjennomførte for nokre tiår sidan. I eit land der desse muslimske forstadsungdomane møter eit glasstak når dei søkjer jobb, uansett kor god utdanning dei har.

Dette er ikkje noko orsaking for terrorisme – tvert om er det eit argument for å slå hard ned på ekstremistane og deira rotnett i det franske samfunnet. Som Jan Hårstad meiner eg det er farleg å ha ”no-go-areas” under slike tilhøve. Den franske staten må vera synleg til stades over alt.

Men den franske staten må syna det franske flagget: Fridom, likskap og brorskap. Den franske staten må forsvara borgarrettane til alle franskmenn – også slike symbol på motstand mot regimet som Dieudonne og Alain Soral. Om det franske regimet ønskjer å markera nasjonalt samhald, må det ikkje stenga ute Marine le Pen og det partiet som vann vårens val.

Om den franske regjeringa ikkja har anna å visa fram enn israelske flagg og muhammed-karikaturar har ho tapt denne kampen. Folk bør ikkje kjøpa hykleriet til den franske eller europeiske eliten. Det var ikkje eliten som skapte Frankrike – det var tredjestanden som sette igjennom like rettar for eit folk som var kløyvd i mange religiøse retningar, språk og tradisjonar. Slik den franske revolusjonen gjennomførte like borgarrettar for jødar, bør dagens Frankrike gjennomføra lik ytringsfridom for jødar og muslimar.

Eg er ikkje Charlie Hebdo. Charlie Hebdo representerer for meg alt som er gale med dagens Frankrike. Men eg har ingen problem med at folk som er fundamentalt usamde med meg har ytringsfridom. Eg synest det er ein skandale at Frankrike ikkje greier å setja inn nok tryggleiksressursar for å verja eit så opplagt symbolsk mål for global jihad. Og eg synest massakren mot Charlie Hebdo er eit motbydeleg uttrykk for at vi er på veg inn i krigens og løgnas halvlys.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt