Verdidebatt

Gantz: Gjev folket i Gaza noko å leve for

Sharon sa:: "Palestinarane bur i ekstremt overbefolka flyktningeleirar, i fattigdom og elende. Dei bur i drivhus der berre hatet gror. Uten von om ei betre framtid."

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

2. oktober gav IDF sin forsvarssjef Benny Gantz eit intervju der han uttalte om lag fylgjande om resultatet av krigen Operation  Protective Edge: Vi har vunne ein knusande siger. Hamas ligg med knekt rygg. Men skal vi sikre fruktene av sigeren, då må vi gje innbyggarane på Gaza noko å leve for. 1,8 millionar menneske er blokkert av Israel og Egypt til lands, frå lufta og frå sjøsida. Vi må opne for normal transport av varer og menneske og dermed gi  dei eit betre liv og von om å bygge ei framtid. Dersom dei desperate forholda dei lever under i dag held fram, vil det tvinge fram nye desperate handlingar enten av Hamas eller deira etterfylgjarar. Det er rett at bygningsmateriell gjev Hamas høve til å bygge utskytningsrampar for rakettar, men Gaza sin militære styrke, vil aldri kome opp på eit slikt nivå at det kan verte eit reelt trugsmål mot Israel.

Det ein kan bite seg merke i er at for yrkesmilitære som Sharon, Rabin og Gantz er palestinarane fiendar, men samstundes menneske. (MODERATOR HAR FJERNA EI USAKLEG UTLEGGING AV ANDRES SYNSPUNKT)

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt