Verdidebatt

Dei to namna til Jesus

Det er igjen ordskifte og ein del kraftige skuldingar når det gjeld kven som stod bak at Jesus vart avretta. Ein liten tekst kan kanskje gje litt bakgrunn for diskusjonen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For to tusen år sidan kløyver den bibelske religionen seg i lo ulike løp. Den eine av dei to greinene som den bibelske elva deler seg i har ein kjent grunnleggjar.Det er denne grunnleggjaren vi feirar no i jula. Jeshua frå byen Nasaret i Gallilea vekte ei religiøs rørsle som etterkvart vart den største verdsreligionen.Medan kristne verda over hevdar han var Guds son, har jødar dei siste to tusen åra hatt eit heilt anna syn. Terminologien du nyttar vil avsløra kva syn du har. Ingen av namna vi har på den hebraiske bibelen er religionsnøytrale. Om du kallar han ”Det gamle Testamente” eller ”Tanach” er eit val som syner korleis du ser på Jesus-rørsla.

Men også sjølve namnet ”Jesus” skil. Den som slær opp på den hebraiske wickipediaartikkelen om Jesus vil finna ut at namnet hans der blir skrive på to ulike vis: ”Jeshu” eller ”Jeshua”. For den uinnvigde ser dette ut som ein bagatell. For den innvigde er det ein skilnad i stavemåte som er full av meining.

Dei viktigaste kjeldene våre til Jesu liv er samstundes dei grunnleggjande skriftene i den kristne religionen. Vi har to hovudkjelder til Jesu liv – dei tre evangelia vi kallar ”synoptiske” avdi dei er variasjonar over den teksten du finn i Markus: Matteus evangelium, Lukas evangelium og Markus evangelium. Den andre hovudkjelda er Johannes evangelium. Elles vil du finna spreidde, einskildståande opplysningar om Jesus hjå andre historikarar frå antikken – Josefus, Tacitus og andre. Men dei andre kjeldene gjev ikkje mykje. Det finst ei eldre kjelde enn evangelia – breva til apostelen Paulus. Men desse er ikkje opptekne av å fortelja om den historiske Jesus – for Paulus er det den oppstandne Kristus som er hovudpoenget. Så biletet vårt av Jesus må vi i stor grad henta frå dei kjeldene som kyrkja er bygt på.

Men her vil ein moderne lesar oppdaga noko interessant. Med ein gong du byrjar drøfta desse tekstene nærgåande, risikerer du å koma ut i vanskeleg terreng. Sjølv skreiv eg ein kronikk – ”Kven drap Jesus” – i Klassekampen tidleg på 2000-talet. Kronikken førte til heilt merkbare, fiendtlege reaksjonar. Kronikken gjorde knapt anna enn å leggja ut den synoptiske framstillinga av påsken i kortform, der farisearane og dei skriftlærde blir peikte ut som hovudpådrivarar, medan Pontius Pilatus nokså ufriviljug blir deira reidskap.

Det er ikkje einaste gongen det siste tiåret at synoptikarane si forteljing har ført til bølgjer. Då den australske filmregissøren Mel Gibson laga film av påskeforteljinga; ”The Passion of Christ”, gjekk Anti-Defamation League og jødiske kommentatorar i amerikansk presse på høggir med mistenkeleggjering og skuldingar.

Det skal visstnok vera ein antisemittisk myte at ”jødane” drap Jesus, og opp gjennom historia har kristne skuldingar om ”kristusdrap” vore ei kjelde til antisemittisme i følgje presteskapet som passar på desse spørsmåla Spørsmålet er: Kva tid? Kvar? I ”Kjøpmannen i Venezia” teiknar Sheakespeare eit samansett, men negativt portrett av jøden Shylock. Men ”drapet på Kristus” er ikkje mellom dei negative tinga som bidreg til Shylocks portrett. Ei slik skulding ville neppe gjeve meining for Shakespeare. Charles Dickens laga likeeins eit negativt portrett av ein jøde i London – Fagin, som sende fattige gutungar ut som lommetjuvar. Fagin var tjuv og utnyttar. Men kristusmordar?Neppe. I middelalderen vart sakeslause jødar skulda for å ha utløyst svartedauen, og deseperate, overtruiske kristne gjennomførte pogromar. Men dette var ikkje noko kyrkja var drivkraft i – tvert om freista kyrkja i slike situasjonar å stogga overgrep. Mellom alt jødane vart skulda for: Forgifting av brunnar, rituelle drap, krenkjing av nattverdsbrødet, menneskehat og pengedyrking var ikkkje skuldingar om kristusmord spesielt sentrale. Sjølv i den kristne trusvedkjenninga blir ikkje jødane nemnt – i motsetnad til Pontius Pilatus, som gav etter for press frå det jødiske rådet.

At kristne har forfølgt jødane som ”kristusmordarar” er er ikkje heilt usant, men langt på veg er det ein moderne myte. Ein myte somLeon Uris gjev sin eigen vri i romanen ”Exodus”, der ein av dei sionistiske heltane går rundt med ei t-skjorte påtrykt ”Vi drap Kristus”.For dette er ein myte som har ein interessant undertekst. Underteksten er at dei kristne og kyrkja i alle tider har vore jødemordarar. Som anklage er dette akkurat like stereotypt, uhistorisk og meiningslaust som å anklaga jødar i dag for å ha noko slag ”skuld” i ei avretting for to tusen år sidan. Den einaste skilnadener at mange tek denne anklagen på alvor. Kollektiv skuld for noko som ligg langt tilbake i tid er tydelegvis ikkje noko problem – så lenge slike anklagar ikkje blir retta mot jødar.

Så er dette også ei historie med ei anna svært interessant side. Om vi ser bort frå det reint historiske, er påstanden om at jødar avretta Kristus ikkje spesielt kontroversiell i jødisk tradisjon. Talmud bryr seg ikkje eingong om å nemna romarane – i Talmud blir Jesus avretta etter ein dom i samsvar med den jødiske lova. Ingen har forsvarte han. Og Jesus er ein av tre erkesyndarar som er utsette til evig straff i helvete – Jesu straff er å koka i møker til evig tid.

Talmud vart endeleg redigert i Babylon på femhundretalet, og provar sjølvsagt ingenting om den historiske hendinga. Men Talmud provar noko anna. Ein moderne parallell kan kasta lys: Om det går av ei bombe på ein buss i Haifa, kan det nokre gongar vera fleire muslimske grupper som hevdar at dei står bak bomba. Slike meldingar der terrorgrupper ”tek på seg skulda” for ei valdshandling er notorisk upålitelege, og provar ingenting. Anna enn det sjølvsagte: Om dei har evne til å utføra valdsaksjonen er eit heilt ope spørsmål. Men det er ingen tvil om at alle dei organisasjonane som melder seg gjerne skulle gjort det, om dei hadde kunna.

Slik er det også med Talmud si framstilling av Jesu død, og det middelalderske ”motevangeliet” Toledoth Jeshu der Judas er helten i historia og får makt over Jesu trolldom ved å pissa på han. Og slik er det også med den ortodokse, jødiske skikken med å spytta når ein ser ein kross. Ingenting av dette provar at det var jødar som drap Jesus – det provar berre at jødar i stordelen av si historie gjerne skulle gjort det. Først med reformjødedomen på 1800-talet oppstod ei jødisk retning som såg annleis på Jesus.

Denne fiendskapen mot Jesus går saman med ein annan grunnleggjande fiendskap i jødedomen – fiendskapen mot dei kristne. Dei første tre hundre åra etter Kristus hadde ikkje kyrkja makt til å forfølgja nokon – denne makta fekk dei først med Konstantin si omvending. I heile denne perioden var det vanlege at det var jødane som var forfølgjarar, medan dei kristne var forfølgde. Frå denne perioden stammar ”Birkat haMinim” – ”Forbanning av kjettarane” som inngjekk i dei daglege tidebønene i ortodoks jødedom.I denne tidebøna bad jødane om at dei kristne – notsrim – skulle bli ”knust med ein gong”. Først under middelalderens kristne sensurregime vart dei kristne strokne frå bøna. Etter at Israel vart ein jødisk stat der kristne ikkje lenger har makt, byrja ein igjen ta i bruk den opphavlege forbanninga mot dei kristne.

Den jødiske fiendskapen mot Jesus og dei kristne er altså eldre enn all kristen forfølgjing av jødane, og har røter tilbake til den jødiske forfølgjinga av kristne som ein kan lesa om i apostelgjerningane. Denne fiendskapen var der frå opphavet – og det er ingen sterke grunnar til å tvila på evangelia si forteljing om at det var denne fiendskapen som fekk det jødiske rådet til å pressa igjennom avrettinga av Kristus. Og kanskje kan det ubrotne i denne fiendskapen fortelja oss noko om kva kristen religion handlar om? Kristus kløvde den bibelske elva i to hovudstraumar, og dei dogmatiske skilnadene mellom desse to hovudstraumane vart hogd ut i stein – i dei tillegga til den hebraiske bibelen som kristendomen og rabbinsk jødedom byggjer på. Dei kristne sitt tillegg heiter Det nye Testamentet, det jødiske heiter Babylons Talmud. Og dette er eit verkeleg skisma – som framleis er kraftig lada. I middelalderen brann dei kristne Babylons Talmud etter rettssaker der det vart prova at boka var blasfemisk. Sidan har skikkane i Europa mildna. Men bokbåla flammar framleis: I Israel blir nytestamentet år om anna brent på bokbål, og det er forbode å nytta tekstar frå boka i undervisning i landet. Desse bokbåla kan kasta lys over opphavet til den kristne trua.

Landets folk

Jødedommen vart for 2 500 år sidan innført med makt i Palestina, av eit religiøst aristokrati væpna med ei bok som dei hevda gav gudommeleg fullmakt, samstundes som dei i det timelege hadde støtte frå det persiske keisarriket til å kontrollera dei to jordbrukssamfunna der den jødiske religionen oppstod. Etableringa av eit judaistisk teokrati var vellukka, og det finst til denne dag jødiske, teokratiske samfunn som blir styrt etter den heilage lova som vart til i denne perioden. Men suksessen var ikkje total – det fanst viktige motkrefter som sikra at teokratiet ikkje lukka seg heilt.

For det fyrste fanst det ein motstand som botna i den eldre religionen i landet. Det nye teokratiet freistar å samla kultusen til tempelet i Jerusalem. Men i den eldre religionen fanst det fleire fjell der ein ofra påskeofferet. Nokre av desse lokale heilagstadene gjorde motstand mot sentraliseringa, og ein av dei greidde forsvara sin eigen offertradisjon. Den dag i dag ofrar samaritanarane påskelammet sitt på Gerisimfjellet ved Nablus. Det er siste rest av religionen i Palestina frå før Esra og Nehemja innførte det nye, Jerusalembaserte teokratiet.

For det andre fanst det i det hellenistiske og tidlege romerske maktområdet ein stor jødisk diaspora. Her fanst det ikkje noko statsmakt bak jødisk autonomi, og jødar i dette området kunne ikkje tvingast til ortodoksi. Såleis oppstod det i den hellenistiske verda ein heil litteratur skrive av jødar på gresk, som td. Josefus si jødiske historie. Heile denne litteraturen vart avvist av klassisk jødedom, men dei kristne tok vare på han.

For det tredje vart det undertrykkande maskineriet til den jødiske autonomien svekka i periodar der det oppstod eit partiskilje innanfor eliten. Det viktigaste av desse er kløyvinga mellom saddusearane og farisearane som vaks fram frå om lag 140 før Kristus. I periodar med slik kløyving var spelerommet for den alminnelege jøde større – heilt til eit av partia vann fram og kunne bruka maktapparatet for å reinska religionen for alle avvik.

For det fjerde fanst det i den bibelske litteraturen bøker som kunne brukast til å utfordra den teokratiske makta. Profetbøkene hadde (og har) potensielt ei mengd ammunisjon som kan brukast av dei som vil gå til åtak på eigennyttig og sjølvrettferdig maktbruk.

For det femte var den tvungne innføringa av jødisk religion ein prosess som skjedde med ein viss motstand. Ikkje minst var det motsetningar i landet etter at hashmonearane med vald og brann hadde gjennomført ein politikk der alternativa i nyerobra område var omvending eller dauden. I denne perioden oppstod omgrepet ”am haaretz” – ”landets folk” – som nedsetjande omgrep mellom dei skriftlærde for å karakterisera den alminnelege jordbrukar som mangla avansert opplæring i religionen. Omgrepet levde vidare i jødisk tradisjon som nemning på ulærde og dumme jødar – sjølv etter at dei siste jødiske jordbrukssamfunna hadde forsvunne på sekshundretalet.

Som eit nyerobra område for jødisk autonomi var Galilea ein periferi i det jødiske Palestina. Dermed var området også meir enn alminneleg prega av ”am haaretz”. At det kjetterske Samaria låg mellom Galilea og Jerusalem forsterka dette preget av å vera gudsforlatt utkant. Frå denne utkanten dukka det plutseleg opp ein dødeleg fare mot det jødiske teokratiet.

Menneskesonen

Historia er velkjent, og eg har ikkje tenkt å utbrodera ho mykje. Ho blir fortalt i fire variasjonar i nytestamentet, og den som skal forstå vestleg sivilisasjon bør stadig tilbake til desse fire variasjonane over temaet Jesu liv. Frå det gudsforlatte Nasaret i Galilea, dukkar det plutseleg opp ein tømrarson utan formell opplæring. Han er ikkje blant dei skriftlærde, men utfordrar dei skriftlærde sitt monopol. Maktapparatet er lamma av konflikten mellom farisearar og saddusearar, og resultatet er fatalt. Kjettaren frå Nasaret samlar seg ei stabil kjerne av disiplar, og set Gallilea på ende. Han trassar ope den heilage lova: Han let disiplane hausta korn på sabbaten, han trassar spiselovene, han syner openlys sympati for samaritanarane.

Mykje tyder på at folket i Galilea ikkje var spesielt lukkelege under teokratiet. Når menneska samlar seg for å høyra Jesus preika skjer det mykje som burde skje langt oftare på NAV-kontora våre. Blinde byrjar sjå, lamme reiser seg, tek båra si og går. Mange opplever at han løfter av dei ei bør – dei rettar ryggen og finn nye krefter. Og Jesus oppsøkjer medvitne dei som er ekskludert av eit sjølvgodt teokrati. I følgjet hans finn ein alminnelege arbeidsfolk som nokre fiskarar frå Tiberias, men Jesus er heller ikkje redd for tollarar, horer eller andre heilt på utsida av samfunnet. For ikkje å snakka om ureine! Nytestamentet er truleg hovudgrunnen til at dei fleste har høyrt om sjukdomen spedalskheit. Jesu tilhøve til spedalske er bortimot motsett av rabbinsk jødedom.

Jesus forsvarer ikkje synd, men han seier at han er sendt for å frelsa syndarar. Han representerer ei heilt anna slag makt enn den jødiske autonomien. Og rørsla blir så sterk at farisearane og saddusearane blir pressa til å finna saman mot ein felles fiende. Nytestamentet er full av små historiar om korleis dei etablerte maktene freistar setja han fast. Kvar gong smett han ut av fella – og gjer forarginga større. ”Gje keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er”. Han har eit svar på alle utfordringar, uansett kor umoglege dei verkar. Dei kjem til og med trekkande med ei kvinne dei hadde gripe i ekteskapsbrot, ei utilgjeveleg synd som skal straffast med steining etter den heilage lova. Jesus veit det like god som dei som utfordrar han – og her må han jo kunna setjast fast for gudsfornekting! Men nei. Han bed den som er syndfri mellom dei om å kasta den første steinen. Og ein etter ein byrjar dei tusla bort. Når kvinna er åleine att, bed han henne: ”Gå bort og synda ikkje meir”.

Plutseleg er alle ”am Haaretz” i Gallilea sett på like fot med det religiøse aristokratiet i Jerusalem, og teokratiets religiøse autoritet utfordra av ein religionslærar som er utanfor deira hierarki og kontroll, ein som brukar profetskriftene mot dei og som ope trassar den religiøse lova utan å gå langt nok til at han utan vidare kan gripast og avrettast som religionsfornektar.Kor lenge denne situasjonen utviklar seg veit vi ikkje – truleg har Johannes rett i at dette utviklar seg over tre år. Det tredje året blir så spenningane, hatet og sinnet utløyst i den mest minneverdige påskefeiringa i Jerusalems historie.

Vi veit jo sjølvsagt ikkje kva han tenkte. Men sjølv trur eg han visste akkurat kva han gjorde. Dette var ikkje noko konflikt han kunne avgjera på heimebane mellom åsane i Gallilea. Tida arbeidde ikkje for han – det var eit seigt og uthaldande maktapparat som stod mot han. Eg trur heller ikkje domen og avrettinga kom som noko overrasking. Men om dei hadde makt til å døma og avretta han, hadde han likevel bestemt tida og staden: Tida var i påsken, staden var Jerusalem. For dei som kjenner skriftene, og som kjenner løyndomen han innvigde disiplane sine i, var det eit tidspunkt metta med meining. Før han vart avretta hadde han offentleg anklaga dei for å gjera tempelet om til ei røvarhole, og han hadde budd disiplane sine på det som skulle koma. Jesus kjente skriftene, han kjente farisearane og saddusearane og han visste truleg kva han hadde i vente frå rådet. Men samstundes hadde han sett kva som var deira veike punkt. Og han visste han kunne nå deira veike punkt om han berre kunne overvinna den frykten dei omgav seg med. Difor oppsøkte han mørkets hjarte – for det er i mørket lyset vert fødd. Frykta hadde halde dei nede, men Jeshua var ikkje redd. Naturlegvis vart han krossfest. Men det kom jo ikkje som noko overrasking.Og den som ikkje blir overraska av dauden kan til og med trassa han – i alle fall den som til sine eigne kan fortelja at han er Guds eigen son. Det sentrale ritualet i den jødiske påska var å ofra eit lam i den førstefødte sin stad. Slik kjøpte ein seg fri frå den dødsengelen som gjekk over Egypt. Den kristne påska snudde dette på hovudet: Gud ofra sin førstefødte son, for å kjøpa fri menneska.

Medan det først såg ut som han hadde gått rett i fella til dei som sat med makta og som omgav seg av eit system av frykt, synte det seg kort tid etter at det var dei som hadde gått i fella hans.Berre dagar etter den ærelause avrettinga byrja det gå rykte om at han hadde stått opp av grava. Fleire påstod dei hadde møtt han. Gravvaktene måtte mutast til å fortelja at det var disiplane som hadde stole liket. Og kort tid etter måtte dei byrja steina dei som vitna om kjettaren frå Galilea.

Og slik gjekk det til at Jesus fekk to ulike namn på hebraisk. Det eigentlege namnet han er Jeshua, (frelsaren). Det er namnet som fortel om korleis han oppfylte skriftene. Det andre namnet er Jeshu, akronym for ”må namnet hans døy”. Men namnet hans døydde ikkje – det spreidde seg over verda som eit lynblenk. Seg i mellom kunne dei kalla han ”Jeshu” og vona at namnet hans skulle døy. Men uansett kvar dei kom hadde namnet hans – Jeshua, Jesus Krisus – kome i førevegen. Og medan dei påstod at dei var utvalde av Gud, visste dei som hadde høyrt Jesusnamnet at Gud ikkje valde seg ut eit folkeslag som sitt eige – tvert om hadde han sendt disiplane sine ut for å frelsa alle folkeslag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt