Verdidebatt

Sinne - sterk tenar, fårleg herre

Er vi som samfunn i ferd med å laga fårlege tabu kring grunnleggjande menneskelege kjensler?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Jesper Juul har gjeve ut bok om eit svært viktig tema – ”Aggresjon – et nytt og farlig tabu”. Det er ei herleg og sint bok, som bør gje alle oss som arbeider med barn og unge noko å tenkja på. Ho har allereide gjeve stoff til fleire diskusjonar over frukost- og kveldsmatbordet i heimen. Eg erslett ikkje samd med Juul i alt. Sjølv tittelen vel eg å vri på: Eg snakkar heller om sinne enn om aggresjon. Orda er ikkje heilt synonyme – men nettopp difor. For ordet ”aggresjon” er eit lumsk ord, ein utru vegvisar som får deg til å mistolka det du ser, og dine eigne reaksjonar. Å bli sint er noko heilt normalt – ein sunn menneskeleg reaksjon på ein situasjon eit menneske møter. Å ”reagera aggressivt” er kvasimedisinsk språk, der ein allereide byrjar sjukeleggjera det normale. Neste steget, som Juul korrekt påpeiker, er at vi gjer aggresjon – eller sinne – til eit tabu. Når vi gjer det risikerer vi å øydeleggja den grunnleggjande balansen i livet til tusenvis av born.

Ærendet til Juul er forbausande enkelt.Sinte born er sinte på grunn av noko, og sinnet er ein måte å uttrykkja seg på. I relasjonar mellom vaksne og born er det alltid den vaksne som har ansvaret. Det er vi som kan og må forstå kvifor born blir sinte. Men når ting ikkje fungerer er det frykteleg lett for vaksne å dytta ansvaret over på ungen. Ungens sinne blir ikkje møtt med ein tilpassa reaksjon der vaksne freistar hjelpa ungen med å setja ord på kva han vil. I staden sjukeleggjer vi ei kjensle som ergrunnleggjande i personlegdomen, dyttar ungen inn i våre diagnosar og definisjonar, og byggjer ein byråkratisk og kvasifagleg mur som ungen aldri vil greia slå seg ut av, uansett kor sint han blir. Resultatet må jo bli skadde menneske – og desse skadde menneska slepp vi så ut i samfunnet utan at dei nokon gong har greidd å bli herre over eige sinne. Boka til Juul er full av døme og situasjonar som bør få det til å gå kaldt ned over ryggen på alle oss som arbeider i bransjen.

Eg har snart arbeidd i tjue år som lærar, på ulike skular og i ulike situasjonar. Er det ein ting eg meiner burde kome inn på pensum i utdanninga som ikkje var spesielt vektlagt då eg tok eittårig ped.sem, så er det sinnemeistring. Det er svært viktig å vita korleis du lærer særleg gutar å meistra sinnet sitt. Og dette er korkje skuleverk eller moderne foreldre spesielt reflekterte kring eller dyktige til å løysa.

For min eigen del er dette eit tema der eg har freista utvikla eigen profesjonell praksis ut frå røynsler i barndom og oppvekst. Eg har slåss ein god del i oppveksten, eg har vore svært sint, og eg har gjortting i sinne som eg slett ikkje burde gjort. Så har eg hatt tilstrekkeleg flaks til at eg aldri har gjort noko som har gått verkeleg gale. Men på slutten av barneskulen innsåg eg at eg måtte få sopass kontroll over sinnet at eg ikkje gjorde ting som ikkje lot seg gjera om. Etter den tid har eg jo hatt høglyttekranglar og samanstøytar, men aldri meir den same opplevinga av raudt raseri som gjorde at ein kunne gjera kva som helst.

Desse opplevingane har naturlegvis vore gull verdt som lærar. Eg har aldri hatt problem med å identifisera meg med sinte gutar. Den som har slåss i annakvart friminutt i skulegården på Gruben Barneskole blir heller aldri redd for å sleppa sinte gutar innpå seg. Så eg har byrja der: Dette er gutar som er til å forstå seg på – og dei klarar korkje å skremma meg eller få meg til å gje opp. Ut frå dette utgangspunktet har eg så prøva og feila – og etterkvart har resultata kome. Ein av mine stoltaste stunder som lærar kom etter at eg hadde hatt ei lita gruppe i matematikk i avgangsåret. Denne gruppa hadde bytta lærarar fleire gong i året, og rekna med at eg ikkje kom til å bli særleg lenge. Dei hadde ikkje med seg bøker og penal, og det var ikkje alle som var viljuge til å møta opp til første time. Naturlegvis vart det ein del kjensleliv dei første to månadene. Men då hadde vi fått hogd ut ein slags arbeidsavtale, og resten av året brukte vi på matematikk. Dei hadde naturlegvis gått glipp av svært mykje, men det var gløgge gutar, og eg trur eg var ein slags tannlækjar: Eg fekk tetta dei verste hola.

Våren etter var det skuleavslutning med festkledde foreldre, og kommunen spanderte raude roser på alle elevane. Etterpå stod vi utanfor og ønskte god sommar. Til slutt kom ein av gutane frå gruppa bort til meg, gav meg ei rose og sa: ”Denne fortener du som heldt ut med oss eit heilt år”. Slike augneblink tenkjer ein naturlegvis tilbake på i tunge stunder.

Juul oppsummerer faglege røynsler med personleg utvikling, psykoterapi og liknande med tre prinsipp: Ingen kan få ein annan til å utvikla seg. Ingen kan utvikla seg utan først å akseptera seg sjølve slik dei er akkurat no. For å lukkast må det vera eit solid tilhøve mellom hjelpar/vegleiar og den som treng hjelp og vegleiing.

Så slår Juul fast: ”I forhold til barn og unge velger lærerstanden hardnakket å overse disse prinsippene, selv om deres nåværende resultater er elendige, og alltid har vært det.”

Eg er redd Juul alt for ofte har rett i dette.

I tillegg til ein god grunngjeven kritikk av lærarstanden er Juul si bok eit oppkome av refleksjon rundt konflikt, sinne og tilhøve mellom born, andre born og vaksne. Den er full av gode råd til foreldre. Som

td.: ”Når skal eg som forelder gripa inn i konflikt mellom søsken”. Svaret er sjølvsagt: ”Så sjeldan som råd”. På motspørsmålet ”men kva gjer eg om eg ikkje orkar alt bråket” svarar Juul: ”Gå deg ein tur, eller send ungane ut.” ”Men kva skal eg gjera om den minste blør når han kjem inn att?”. Juuls råd er like avvegd som det er klokt: Då treng minstemann ein god klem og eit plaster.

Juul er familieterapaut og psykolog, ikkje pedagog. Det gjev han ei solid plattform å kritisera oss lærarar, og systema vi byggjer. Eg er svært samdt med Juul i hovudærendet, samstundes som læraren i meg protesterer når det gjeld sidespor og detaljar. Vi treng ein større diskusjon –både i lærarstanden og i samfunnet elles – når det gjeld sinne, aggresjon og vald. Det tabuet som finst i dag er fårleg, og fører til at vi utviklar ueigna metodar for å møta små, fortvilte og sinte menneske. Utgangspunktet for ein slik diskusjon må sjølvsagt vera at sinne er ein normal og sunn reaksjon. Det er ingenting som er ”harry” med sinte menneske, og dei kulturelle mekanismanesom utdefinerer dei sinte er ofte døme på usakleg og slu mobbing.

Men sinne dreier seg også om meistring. Medan sinnet kan vera ein sterk tenar, er sinnet ein fårleg herre om du sjølv ikkje meistrar det. Er du ikkje din eigen herre i møte med eige sinne er dette ei oppskrift på nederlag – og på krenkjing av andre. Det er vi som arbeider med born og unge som skal læra ungane å bli herre over eige sinne. Den oppgåva løyser vi ikkje med medisinering, men ved å gje dei det som aggresjonen er eit rop etter: Eit medmenneske. Av og til eit handfast medmenneske som stoppar knyttneven, og eit medmenneske som ikkje er redd for å bli sint sjølv.

Det finst eit eldre ord for sinne som gjev ei viktig innsikt: Harnisk. Sinnet er ei rustning, og denne rustninga kan gje oss krefter til å slå oss gjennom hindringar i fårlege situasjonar. Hadde ikkje sinnet vore til nytte ville ikkje evolusjonen ha gjeve oss sinne. Men bak rustninga finst det alltid eit redd og sårbart menneske, som er svært lett å audmykja og skada for vaksne som kjenner alle sosiale koder og alle krokar i språket. Sinte born treng vaksne som ikkje blir redd for rustninga, og som har tid og tolmod til å gje omsorg for mennesket bak rustninga. Ein vaksen som tek ansvar. Eit medmenneske som gjer at han eller ho ikkje blir åleine og fortapt i sinnet sitt. For sjølv om ansvarsgrupper kan vera vel og bra, blir ansvaret for eit sint og sårbart barn aldri eit gruppearbeid. Difor bør folk som har med born å gjera lesa:

Jesper Juul: Aggresjon! Et nytt og farlig tabu.

Pedagogisk Forum 2014 168 s. medlitteraturliste.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt