Verdidebatt

Bagration - 70 år etter

For sytti år sidan ramla dominorekke etter dominorekke etter at den viktigaste sovjetiske offensiven overraska tyskarane heilt i Kviterussland.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det har gått sytti år sidan andre verdskrig gjekk inn i sin siste vinter. Dei store jubileumsmarkeringane i år handla om landgangen i Normandie i juni 1944. Den største og viktigaste landgangen på fiendtleg kyst nokon gong, men ikkje den viktigaste militære operasjonen i 1944.

I vår sat eg og bladde i gamle bøker på hytta, og kom over to bøker eg las frå perm til perm då eg var 10-11 år gamal. Eg har ei nokså sterk formeining om at bøkene kom frå gamalonkelen min, Harald Larsen. Det var to samlingar frå tidleg sekstital med artiklar frå ”Det Beste” med tema frå andre verdskrig – den eine heitte ”Krigens største bragder”, den andre ”Spioner, sabotører og krigere”. Til saman inneheldt dei to bøkene kring førti lange artiklar: Om D-dagen, om jakt på tyske agentar i USA, om Japans åtak på Pearl Harbour, om haleskyttaren som overlevde eit fall utan fallskjerm frå eit brennande fly i 5000 meters høgde. Og om norske tema som Jan Baalsrud, Max Manus og Vemork-sabotørane. Forfattarane var britar, amerikanarar, japanarar, tyskarar og italienarar. Det var ikkje berre amerikanarar og britar som stod bak ”krigens største bragder” – italienske, japanske og tyske aksjonar vart anerkjent som dei vågestykka dei var.

Berre ein ting mangla. I ein krig der mesta halvparten av dei drepne (25 millionar av omlag 60 millionar) var sovjetborgarar, og der ei stormakt, Sovjetunionen, åleine hadde front mot den tyske krigsmaskinen i tre år (1941-44) var det ikkje nemnt ein einaste sovjetisk borgar mellom ”krigens største bragder”. Mesteparten av andre verdskrig var allereide i 1960 av politiske grunnar skrive i gløymeboka.

Nokre år etter at eg pløgde desse bøkene frå perm til perm gjekk det opp for meg kor fullstendig einsidig det biletet som vart teikna av krigen i vår del av verda var. Det bidro til at eg vart svært interessert i kva som hadde skjedd på austfronten. Eg las bøker om Stalingrad, om slaget ved Kursk, om blokkaden av Leningrad, om flyttinga av krigsindustrien hausten 1941. At far min hadde vakse opp nær det nordlegaste avsnittet av austfronten – Litza-fronten – bidrog sikkert til interessen. Etterkvart vart vel denne interessen noko stivna. Når eg no les ei bok om Stalingrad er det vel ikkje først og fremst for å læra noko nytt. Det er litt som når ein les krim: Det er spennande undervegs, men eg veit jo at sovjethæren vil knusa fascistane til slutt. Eg veit at motstanden i dei siste motstandslommene langs Volga ikkje er fåfengt – motstanden fører til at tyskarane konsenterer innsatsen inn mot sentrum av byen og neglisjerer frontlinene utanfor slik at den sovjetiske fella kan klappa igjen. Kort sagt: Det vil vera eit stort vonbrot om ikkje boka endar med tap for fascistane.

Denne sommaren har media repetert dei viktigaste fakta om den invasjonen i Normandie som opna fronten i vest for 70 år sidan. Fronten i vest var viktig, men ikkje avgjerande. Det siste krigsåret sette tyskarane inn omlag to tredelar av styrkane sine mot aust. Også siste krigsåret var det austfronten som var avgjerande. Men han var ikkje lenger den einaste fronten, slik han hadde vore i dei tre åra før. Sommaren 1944 varsla også noko nytt. Medan sovjetarane hadde forsvart seg dei tre åra før, sette den sovjetiske overkommandoen denne sommaren svært mykje inn på ein militær offensiv som vart oppkalla etter ein armensk adelsmann som fall ved Borodino i 1812: ”Bagration”. Pjotr Ivanovitsj Bagration stamma frå ei armensk adelsslekt som kunne føra opphavet sitt tilbake til 200-talet. Offensiven han gav namn til hadde langt større verknader enn slaget vet Borodino.

Den som fekk kommandoen over denne offensiven var ein polakk – Konstantin Rokossovskij. I utgangspunktet hadde forsvarsleiinga tenkt å følgja ortodoks sovjetisk militærdoktrine og konsentrera åtaket langs i ein akse. Rokossovskij insisterte på at ein skulle gå til åtak frå to ulike stader på den utvalde fronten. Etter nokre ampre møter der Rokossovskij fekk mykje motbør fekk han til slutt medhald frå Stalin, og detaljplanleggjinga kunne ta til. Den utvalde delen av fronten var i Kviterussland, der dei sovjetiske styrkane møtte den tyske armegruppe Sentrum. Alle planar vart halde strengt hemmeleg, og då åtaksstyrkane vart transportert fram mot fronten skjedde det i nattemørket, utan bruk av lys. Om dagen vart alt materiell og alle soldatar kamuflert i skogane. Hemmeleghaldet fungerte – tyskarane trudde åtaket ville koma i Ukraina, og hadde sett av ekstra styrkar der. I Bagration brukte sovjetarane fleire typar nyutvikla utstyr – det viktigaste var store ståltromlar som vart montert framme på T-34-stridsvognene slik at dei fungerte som minesveiparar gjennom dei minelagte områda.

Den 22. juni 1941 hadde far min bursdag. Då fekk han den største og truleg mest tvilsame bursdagsgåva nokon gong frå diktatoren i Berlin: Operasjon Barbarossa, som gjorde Kirkenes og Bjørnevatn til ei svær forlegning og til viktigaste forsyningshamn for Litzafronten. Dette førte i neste omgang til at Kirkenes vart Noregs mest bomba by – Bjørnevatn slapp lettare frå det heile. Tre år etter kom ei ny bursdagsgåve – eit heilt avgjerande åtak mot sentrum av austfronten og dei tyske styrkane som heldt han. Åtaket byrja allereide natt til 22. juni. Partisanstyrkane i Kviterussland, eitt av sentra for partisankrigen i okkupert Sovjetunionen, øydela jarnbaneskjener, sprengde bruer og øydela på andre vis for dei allereide utilstrekkelege tyske forsyningslinene. Det sovjetiske åtaket kom som ei fullstendig overrasking på dei tyske styrkane og den tyske overkommandoen. Forsøka på å finna friske styrkar å kasta inn i slaget etterkvart som nederlaga kom fungerte ikkje. Dei sovjetiske panserstyrkane åt seg gjennom den tyske fronten, og no var det tyskarane som opplevde det same som sovjetarane hadde opplevd tre år før. Organisasjonen braut saman, forsyningane fungerte ikkje, og store mengder tyske soldatar vart omringa og måtte gje opp kampen. Det var berre ein viktig skilnad: Svært få av dei sovjetarane som overgav seg tre år før overlevde krigen. Men mange av dei tyskarane som gjekk i krigsfangenskap etter Bagration kom heim til Tyskland etter ein del år. På veg til krigsfangenskap vart over 50 000 av dei ført i parademarsj gjennom Moskva som eit slags krigstrofé. Bagration var ikkje berre ein siger. Det var ein triumf som førde til at den tyske armegruppe sentrum etter nokre veker ikkje fanst lenger. Organisert tysk motstand braut saman, og gjennombrotet gjorde at sovjetarane raskt kunne erobra land mot vest. Bagration førde den sovjetiske hæren heilt til Warsawa og Jugoslavia. D-dagen og ”Overlord” førde til at Storbritannia og USA fekk fotfeste på kontinentet. Bagration øydela Tysklands evne til å forsvara seg. Då leiande finske politikarar etter Bagration såg at det tyske nederlaget banka på døra var dei snare til å handla. Dei kvitta seg med Ryti, som personleg hadde garantert for at Finland ikkje ville forhandla om fred med Sovjetunionen. Stalin kravde at finnane måtte kaste tyske styrkar ut frå finsk jord før han ville forhandla. Etter nokre harde trefningar vart den tyske Lapplandsarmeen i all hast evakuert nordover til Varanger, og utskipa over Kirkenes. Med Finland ute av krigen forsvann meininga med den tyske fronten i nord. Føraren gav ordre om at Finnmark og Nord-Troms skulle evakuerast og brennast. Alle visste kva veg det bar. Ein av dei siste kveldane før avreisa kom ein eldre tysk soldat på døra til bestefar min i Bjørnevatn. Han peika mot Høybuktmoen, som brann etter sovjetisk bombing. Soldaten hadde drukke. Han heldt knyttneven i veret. Så song han ”Internasjonalen” og forsvann. Eit par kveldar etter kom brannkommandoen. Også dei hadde drukke – og arbeidde ikkje på grundig, tysk vis. Etter at motorsyklane hadde fare kunne folk som hadde gøymt seg i terrenget storma til og sløkka branntilløpa med vassbøtter dei hadde ståande klar. Mesteparten av husa på Bjørnevatn vart ståande. Etter dette kom toreveret og knatringa frå fronten nærare. Familien til bestefar min flytta opp i ei fjellsprekk der dei hadde bygt seg torvtak og teke med seg ulltepper og litt mat. Dei sat oppe i fjellhola i tre døgn. Den tredje dagen var lyden frå fronten borte. Nede på vegen stod ein stor russisk soldat med ei svær, kolfyrt gryte med kjøtsuppe. Han ausa opp i bøtter og spann til folk som kom krypande ut frå gøymestadene.Den første biten av Noreg var fritt etter over fire års okkupasjon.Lenger vest byrja evakueringa og nedbrenninga av ein heil landsdel. Dette heldt tyskarane på med heile hausten. Dei siste som vart evakuerte var dei som budde på vestsida av Lyngen. Her vart ikkje husa brent. Rett før jul 1944 gjekk familien til svigerfar min ombord i ei fiskeskøyte som var leigd inn for føremålet. Dei skulle til kjentfolk – til familien Brox på yttersida av Senja. Med seg hadde dei mellom anna hønene frå småbruket. Jula vart feira ombord nær Finnsnes – svigerfar min fekk mellom anna oppgåva med å fanga inn att hønene som hadde rømt båten og gøymt seg under kaia der båten låg. Då julefeiringa var ferdig gjekk båten vidare rundt sørspissen av Senja og så oppover yttersida. I ettertid fekk dei vita at dei hadde gått tvers gjennom eit tysk minefelt ved Skrolsvik. Vel framme i Torsken brukte svigerfar min dagane mellom anna til å fiska steinbit, som var populær mat. Senjaværingane rekna bokna steinbit for å vera ein delikatesse – og svigerfar går framleis god for at dette er smakeleg mat. Far hans, Sigvard, var studiekamerat med Arthur Brox og Lars Berg på lærarskulen i Tromsø. Som evakuert lærar freista han å gjera nytte for seg, og fungerte mellom anna som engelsklærar for ein av sønene til Arthur, ein gløgg gut med namnet Ottar. Sjølv vart eg kjent med Sigvard då han var rundt dei hundre – innsatsen som engelsklærar på Senja var då framleis av dei oppdraga han smilte av.

Slik førde Rokossovskij og sovjetarane sitt overraskingsåtak i Kviterussland til ein domino av hendingar som nådde heilt til skulestova i Torsken. Det var mange slike dominorekker som fall rundt ikring i Europa denne hausten og vinteren. Mellom anna førde den sovjetiske sigeren til slutten for den fascistiske, ukrainske rørsla i Galicia som hadde vore reiskap for tysk makt sidan den tysk-sovjetiske krigen byrja i 1941. Det ”ukrainske kortet” hadde vore ein del av tysk politikk sidan dei oppretta ”Karpato-Ukraina” med hovudstad i provinsbyen Chust i samband med oppløysinga av Tsjekkoslovakia i 1938. Folkemordet på europeiske jødar byrja i desse områda hausten 1941, før masseutryddinga gjekk som ei bølgje vestover. Frå første verdskrig fram til 1945 var Ukraina ein brikke i spel. Den (ulovlege) britiske matblokkaden gjorde Europa til eit underskotsområde for mat, og både for Moskva og Berlin vart tilgangen på dei ukrainske jordbruksområda eit mål av første rang. Spelet kosta truleg til saman tolv millionar ukrainske menneskeliv. Rokossovskij og sovjetarane sin siger sommaren 1944 avgjorde spelet. Ukraina fekk 70 år med ein avklart geopolitisk posisjon. I denne lange perioden har mange av såra frå vargtida grodd. Men det finst alltid arr på stader der over ti millionar menneske fann ei for tidleg grav. No har Ukraina igjen vorte ein brikke i det store spelet, friskt blod renn der arra kryssar kartet, og eit samfunn som den gongen var i krig med seg sjølv fell igjen i bitar. Men i vår del av verda er vi fostra opp med ”Krigens største bragder”, og journalistar og politikarar kommenterer hendingane i Kiev og Donbass som om verda vart skapt i går. Mange av dei har vel knapt høyrt om ”Bagration” og Rokossovskij. Men som Ukraina er vi grannar med Russland, og kjem til å vera det også i framtida. Berre kunnskap om grannen vil gjera oss i stand til å sjå konsekvensane når vi veltar ein liten dominobrikke. Amerikanarane treng ikkje tenkja slik – dei har heile Atlanteren og stordelen av Europa mellom seg og Russland.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt