Verdidebatt

Mislukka politikk? Noreg betalar.

Å lesa vestlege media om Ukraina er som å lesa Pravda i sovjet-tida: Det viktigaste er alt det som ikkje står.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

I fjor var den svenske utanriksministeren Carl Bildt og den polske utanriksministeren Radoslav Sikorski saman med USAs Victoria Nuland arkitektane for ein ukrainapolitikk som førde til destabilisering og til slutt statskupp i Kiev.Det er noko av det mest mislukka og fårlege av politiske eksperiment eg har sett i Europa i mi tid. Det heile vart selt som ”demokrati” av ei omtrent samla vestleg presse. Jahn Otto Johansen var omtrent åleine i å peika på at ein del av sjokktroppane til det nye regimet var svært lite reformerte nazistar. Den avtalen med EU som sitjande president i Kiev sa nei til for eit år sidan var ein svært dårleg avtale, som berre villa forsterka problema til landet. Men med ivrig vestleg støtte greidde ein destabilisera regimet hans. Den ukrainske grunnlova, Janukovitsj, konstitusjonsdomsstolen og politiet vart sett til sides – i staden fekk ein kuppresident og ”friviljuge bataljonar” av ureformerte nazistar. Den totale mangelen på kritiske røyster i vestleg presse gjorde at mange skifta kanal – til RT, Itar Tass og andre russiske medie som har hatt røynleg informasjon om kva som har skjedd. Det er på RT du får sjå slike ting som Sofie Sjevarnadzes intervju med Stephen Cohen. Det var på bloggen ”Colonel Cassad” at ein kunne lesa om det vendepunktet i krigføringa som ein månad etterpå vart kalla ”invasjon” i vestlege media. Og det er på RT ein kan sjå Peter Lavelle skjera hol i vestleg mediaspinn i flaggskipet ”Crosstalk”.

Kuppet truga russiske interesser – ikkje minst den russiske flåtebasen i Sebastopol. Russland sikra raskt sine eigne interesser – slik alle stormakter ville gjort i ein slik situasjon. I ettertid har amerikanske ekspertar frå Henry Kissinger til Stephen Cohen gått ut mot denne eventyrpolitikken. Men Noreg, som treng eit tillitsfullt samarbeid med russarane i nord, og som har nytta dei siste tjue åra på å utvikla eit slikt samarbeid – vi av alle nyttar 100 millionar kroner for å støtta det mislukka regimet i Kiev. Resultatet av dette ”demokratiske eksperimentet” kan vi no lesa om – i svenske aviser:

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt