Hans Olav Brendberg

63

Den fjerde vegen

Førre vinter gjekk det eit spøkelse gjennom Europa. Ikkje kommunismens spøkelse. Men eit anna spøkjelse, som no trugar med å koma fram på scenen og presentera seg. Vi snakkar naturlegvis om ”den fjerde veg”, utfordraren til Imperiet.

Publisert: 18. nov 2014

Første akt, overtyren, var i Frankrike. Rett etter nyttår innførte ei fransk regjering frå den sokalla ”venstresida” førehandssensur på framsyningane til den franske komikaren Dieudonne. Tusenvis av franskmenn protesterte mot israellobbyen sin totale kontroll over detoffentlege rommet i Frankrike. Dieudonne og Alain Soral demonstrerte for all verda at det er dei, ikkje einsretta massemedia, som i dag representerer tredjestanden i Frankrike. ”Arbeidets venstre, høgres verdiar” vart eit slagord som nådde ut til millionar av franskmenn, trass i at dei to talsmennene for den fjerde vegen ikkje har tilgang til franske media.

Men bølgjene i Frankrike hadde knapt lagt seg før den fjerde vegen for alvor synte seg fram som politisk kraft. I fjor haust måtte presidenten i Ukraina velja mellom ein avtale med Russland som gav landet eit økonomisk pusterom, og ein avtale med EU som ville undergrava det økonomiske hopehavet med Russland. Då presidenten sa nei til avtalen med EU utløyste det massive protestar, og til slutt eit statskupp der amerikanske nykonservative stod heilt sentralt i planleggjinga. Kuppet i Kiev slo beina under dei kreftene i Kreml som ønskjer å integrera Russland i den amerikanskleidde verdsordninga. I løpet av nokre veker vart Krim tatt opp i den russiske føderasjonen etter ei folkerøysting der eit stort fleirtal sa ja til Russland. Etterpå utvikla konflikten seg til ein borgarkrig i Donbass. I sommar og haust har Moskva og Bejing skrive kontraktar, og ein ny infrastruktur blir no bygt for å frakta russisk gass til Kina. Europa har gjeve bort dei framtidige energiforsyningane sine, i byte har vi fått eit av dei største konkursbua verdsdelen har sett i rest-Ukraina. Vi kjem til å minnest tidene då litauiske og estiske handverkarar og innbrotstjuvar strøymde mot vest som ei velstandstid når ukrainarane først kjem i rørsle.

Ein ny kald krig har byrja – og Russland er tilbake i verdspolitikken som ei kraft utanfor USAs rekkevidde. Men kva slags Russland er dette? Det er jo ikkje det sosialistiske Sovjetunionen som har stått opp frå dei daude. Langt ifrå – Russland er framleis eit kapitalistisk land. Men landet er på veg i ei ny retning – i retning eurasiatisk suverenitet. Det er ein ny posisjon, svært nært knytt til den fjerde vegen. På mange måtar er det rett å seia at eit Eurasiatisk Russland er sjølve hjørnesteinen i den utfordringa mot Imperiet som no kjem fram i dagen.

Eg har sjølv vore i nærleiken av denne ”fjerde vegen” lenge. Mange av dei spørsmåla som den fjerde vegen kjem til å få opp på sakskartet: Religionen som basis for ein annan politikk, tradisjon, sivilisasjonsområda, - alt dette er naturlegvis nøkkelspørsmål i forfattarskapen til Israel Shamir. Eg omsette Shamir til norsk rett etter årtusenskiftet. Etter at ”Blomar frå Gallilea” kom ut for vel ti år sidan har eg brukt ein god del tid på kritikken som amerikanske gamalkonservative har retta mot nykonservatismens ”Brave New World”: Joseph Sobran, Claes Ryn og ikkje minst den mest skarpskodde tenkjaren i denne flokken: Paul Gottfried.

Amerikanske gamalkonservative sin kritikk av det liberale imperiet er bygt på ei solid forståing av dei utviklingsdraga som på nittitalet vart omtalt som ”postmodernistiske”, Ein mann som Gottfried har i tillegg både sterker røter i tysk konservativ tenkjing og ei solid forståing av marxistisk filosofi. I Bush-epoken gav denne flokken ein kritikk av det amerikanske regimet som stort sett var betre informert og meir prinsippiell enn det venstresida kom opp med. Mykje av dette er ukjent litteratur i Europa – Stephen Sniegoski sin dokumentasjon av tilhøvet mellom den nykonservative krigspolitikken mot Irak og israelsk høgreside er omtrent ikkje lese – då boka kom ut var det umogleg å få meldingar av boka på trykk.

Sidan eg har omsett Shamir og hatt nokså jamn kontakt med han, har eg også vore merksam på at det har skjedd viktige ting innanfor russisk ordskifte dei siste tjue åra. Men medan eg har lese Lev Gumiljov, har dei sentrale i det russiske ordskiftet vore utilgjengelege for meg avdi eg ikkje les russisk. Så sjølv om det er ti år sidan eg først vart merksam på Alexander Dugin, var det først i vinter eg vart merksam på at ei av dei sentrale bøkene hans var kome på engelsk: ”The Fourth Political Theory”. Det er ei bok alle som er opptekne av kvar vi er på veg bør lesa. Dugins ”fjerde veg” er teorien bak det geopolitiske spøkelset som har gått gjennom Europa.

Dugins ”fjerde politiske teori” er formulert i medviten motsetnad til dei tre forgjengarane. Det er ein teori formulert i motsetning til modernismens verdsbilete. Frå opplysningstida av harideen om ”framsteg”, om historia som ei lineær utvikling vore grunnlaget for politisk teoribyggjing i vest. Dei intellektuelle meinte å kjenna historias utviklingslover, og visste kva framtida hadde å gje oss. Det var berre snakk om å overvinna den mørke fortida og løfta samfunnet inn i den nye tilstanden bygt på rasjonalitet, vitskap og framsteg. I følgje Dugin vart tre større teoriar formulert innanfor desse råmene: Liberalismen, sosialismen/ kommunismen og fascismen. Den yngste av desse teoriane, fascismen, var den som gjekk til grunne først. Men med Sovjetunionens fall forsvann også sosialismen/kommunismenfrå arenaen. Naturlegvis finst det framleis kommunistar som hevdar å ha gjennomskoda historias lover, og som meiner å sjå at verda er på veg mot ein sosialistisk revolusjon som vil løfta samfunnet til ein ny tilstand bygt på vitskap, rasjonalitet og planøkonomi. Men dette er følgje Dugin nostalgi og ikkje uttrykk for noko røynleg kraft.

Den liberale ideologien har altså vunne. Men i og med den liberale triumfen sluttar liberalismen å vera ein ideologi. Liberalismen blir eit systemdrag, ein strukturell tvang. Under den kalde krigen kunne USA alliera seg med svært ulike regime rundt om i verda, og landet la seg ikkje bort i korleis allierte vart styrt. Men etter globaliseringa og den liberale triumfen godtek ikkje lenger det liberale hegemoniet dette. Alle avvik kvalifiserer for isolasjon og maktbruk. Det amerikanske imperiet har vorte eit verdssystem, eit imperium bygt på dogmatisk liberalisme: Frihandel, røysterett og underordning under USA.

Russland har alltid vore ”ein annan stad” enn det meir økonomisk utvikla vest. Russiske intellektuelle har både vore knytt til, og kritisk til den samfunnsorden dei såg i vestlege land. Russland og Sovjetunionen har som stat bygt på ein kritikk av den vestlege utviklinga –anten ein snakkar om tsarismens vektleggjing av legitimitet og religion, eller den seinare kommunistiske kritikken av vesten. Sjølv om desse russiske ”motideologiane” har vore ulike, finst det likevel ein samanheng i Russlands tilhøve til vesten.

Dugin inviterer til politisk verkstad. Dugin er ikkje modernist, han har ikkje tru på at patentsvara kan gje oss anna enn ufridom. ”Alle fast bygde ideologiar er alltid eit simulakrum. Dei er alltid inautentiske, det vil seia at dei alltid inneber manglande fridom. Den fjerde politiske teorien bør ikkje ha det travelt med å bli eit fast sett av grunnleggjande aksiomar. Det er kanskje viktigare å levna noko usagt.” I staden for ein fasttømra teori oppmodar Dugin oss å gripa livet og fridomen – som båe er usikre og fårlege prosjekt. Dugin har ikkje noko ønskje om å forføra eller overtala – han er på jakt etter fastare grunn enn som så. Det tyder ikkje at Dugins ”fjerde veg” er ei spikarsuppe der alle kan slenga oppi det ein finn for godt. Ein sentral delav boka er ei undersøkjing av vilkåra for politisk fridom, der Dugin freistar hogga ut eit fundament der han lener seg tungt mot sentrale forfattarar i den”konservative revolusjonen” i Weimartida, særleg Carl Schmidt og Heidegger. Dugin er avvisande til Marx sin historieteori, som det modernistiske teoribygget det er. Men han meiner samstundes at Marx sin kritikk av kapitalismen kan gjera god nytte for den ”fjerde vegen”.

Konservatismen er naturlegvis det ideologiske konseptet som ligg nærast Dugins prosjekt, og Dugin drøftar dette tilhøvet inngåande. Han avgrensar seg mot den liberale konservatismen, som forfell til ein underdisiplin av den liberale ideologien. Dugin står nærare ein konservatisme bygt på tradisjonar, og for Russlands del å byggja vidare på eurasianismen til folk som td. Roman Jakobson. Samstundes legg han vekt på marxismens ”konservative komponent”: Svært mange av dei marxistiske regima i førre århundre forsto seg sjølv som – og hevda – at dei var ”klassisk marxistiske”. I røynda var mange av dei nasjonale frigjeringsrørsler som freista ta vare på sine nasjonale tradisjonar og eigen suverenitet i møte med vestleg imperialisme. Dette skjedde innanfor ei marxistisk form – og marxistisk dogmatisme stod i vegen for ei meir utvikla sjølvforståing. Dugins konservatisme er – som all ekte konservatisme – ei open form: Dugin meiner at verda er samansett, og at ulike samfunn må byggja på ulike tradisjonar. Nett difor er han også antiimperialist: Det er alle desse skilnadene det nye imperiet freistar pressa inn i berre ei gyldig form.

Elles har Dugin mykje på hjarta – han drøftar krisa innanfor venstresida, og veikskapane i den nye venstresidas prosjekt. Han drøftar kjønn og kjønnspolitikk innanfor råma av ein ”fjerde politisk teori”. Delar av teksten er krevjande, og føreset ein viss forkunnskap om td. Carl Schmidt og Martin Heideggers tenkjing (Her finst det ein del norsk litteratur å stø seg på for interesserte – Schmidts ”Om det politiske” kom td. i norsk utgåve for nokre år sidan). Nokre delar av teksten er enklare å arbeida med, samstundes som ein blir presentert for ny tenkjing. For min del har eg 7-8 boktitlar på innkjøpslista etter å ha lese Dugin. Og ikkje minst: Nokre delar av teksten er velformulert, klårt tenkt politisk teori tilgjengeleg for alle politisk interesserte menneske.

For folk som får utslett av å lesa moderne akademikarprosa av det slaget du møter i Morgenbladet er ikkje Dugin riktig val. Men for politisk interesserte menneske som også er interessert i fundamentalspørsmåla i politisk filosofi er han utan tvil verdt å få med seg.Den politiske konservatismen han formulerer er eit viktig politisk prosjekt. Det er eit prosjekt som står for ein total og prinsippfast motstand mot amerikansk ”nyhøgre”, og som også er open forarbeidarklassen og alminnelege folks politiske tradisjonar. I Noreg har vi ei mengd døme på sosialt radikal, konservativ politikk, Ottar Brox og Per Olav Lundteigen er nærliggjande døme. Dette er politikk som høver svært godt med det vide feltet Dugin kartlegg som grunnlag for sin ”fjerde politiske teori”. Det er også interessant at hovudproblema i Dugin si drøfting fell rimeleg godt saman med ein norsk politisk klassikar som Ronald Fangens ”Kristendommen og vår tid”, skrive ved inngangen til andre verdskrig. I det heile er det mykje i Dugins ”fjerde veg” som bør apellera til nordmenn: På den eine sida ei klårtenkt prinsippiell avgrensing mot det liberale imperiet og opportunistisk tilpasning til dette, på hi sida eit stort rom for pragmatisme i tillemping av dei grunnleggjande prinsippa ut frå eigne tradisjonar og eiga sjølvforståing.

Dugin avsluttar forordet sitt slik: ”Om Russland vel ”å vera”, vil det automatisk føra til at ein fjerde politisk teori blir skapt. I motsett fall står det berre att for Russland å stille forlata denhistoriske verdsscena og forsvinna inn i ein global orden som korkje er skapt eller blir styrt av oss”.

Hendingane det siste året levnar liten tvil om at Russland har valt ”å vera”. Dette har svært viktige konsekvensar – for Russland, for oss og for resten av verda. Det spøkjelset vi har sett i Europa, som har øydelagt for den liberale feststemninga, er berre eit forvarsel. Den fjerde vegen kjem: Verkstaden er opna og arbeidsteikningane ligg allereide på arbeidsbenken. Dei som ønskjer å forstå grunnlaget for politikken til vårt viktigaste naboland i staden for å fylla hovudet med vestleg propaganda bør snarast tinga:

Alexander Dugin: The Fourth Political Theory (Arktos 2012 211 s. med tillegg.)

 

Kommentar #1

Njål Kristiansen

160 innlegg  20651 kommentarer

Publisert nesten 7 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Den liberale ideologien har altså vunne. Men i og med den liberale triumfen sluttar liberalismen å vera ein ideologi. Liberalismen blir eit systemdrag, ein strukturell tvang. Under den kalde krigen kunne USA alliera seg med svært ulike regime rundt om i verda, og landet la seg ikkje bort i korleis allierte vart styrt. Men etter globaliseringa og den liberale triumfen godtek ikkje lenger det liberale hegemoniet dette. Alle avvik kvalifiserer for isolasjon og maktbruk. Det amerikanske imperiet har vorte eit verdssystem, eit imperium bygt på dogmatisk liberalisme: Frihandel, røysterett og underordning under USA.

Du skriver veldig interessant om dette temaet. Jeg er enig med deg i at liberalismen har vunnet. Grunnlaget for seieren ble åpenbart sommeren 1989 da Jernteppet fallt og det ble evident at Østblokken ikke kunne overleve. Slik jeg ser det er motstykket til liberalismen fascisme. Fascisme fordi den er uten en sterk samlende politisk overbygning, men lokalt basert på nasjonale løsninger. Det diktatoriske element er alltid det samme og går ut på å undertrykke flest mulig i varierende grad. 

Jeg har forstått det slik at du tidligere sto trygt i den tradisjonelle marxismen. Særlig i første avsnitt antyder du holdninger som krever en oppklaring av begreper. Når du snakker om liberale, konservative og neo-cons ønsker jeg at du må klargjøre hva du mener med disse begrepene. Vi har sterkt radikale elementer blandt oss på VD som kaller alt til høyre for Raut konservative, og vi har de som karakteriserer alt til venstre for Frp som venstresiden. Flere av disse debattantene er ikke i stand til å klargjøre mer presise definisjoner.

I Norge er det lite fascisme. Deler av SP kan tendere den veien sammen med deler av Frp. Kommunismen er splittet og død som kraft i Norge men kan komme tilbake. På verdensbasis er det også slik, men totalitære stater er ikke vanskelig å finne. Graden av totalitarisme kan variere og flere land har prosesser som svinger litt. Frankrike er truet av en sterk grad av totalitarisme som kan legge viktige sider av demokratiet til side. Tilstandene i Hellas har vært skremmende under finanskrisen. I den tredje verden er det tilsynelatende ideologiløse diktatorer som popper opp og får makt, og i likhet med Russland og Kina følger en nasjonalistisk fascisme. 

En del klargjøringer rundt begreper er derfor ønsket om du vil være så vennlig.  

Kommentar #2

Hans Olav Brendberg

63 innlegg  1085 kommentarer

Fascisme

Publisert nesten 7 år siden

Eg synest du nyttar fascismeomgrepet litt rundhanda. Fascistiske rørsler er utopiske rørsler som står for einsretting av tenkjing i eit samfunn, ofte knytt til oppbyggjing av korporativ makt. Rørsla er overordna staten i realiseringa av det utopiske målet. Det du ser i Russland er ein autoritær stat - eit langt meir avgrensa fenomen. I den store politikken opptrer jo vestlege land i dag like einsretta som det vi kalla satellittstatane i Aust-Europa i gamle dagar. Dei som ikkje dansar i eksakt takt - som regjeringa i Ungarn - blir forsøkt destabilisert. Det ligg valdsam systemtvang i det som kallar seg "liberalt" i våre dagar. Eg er ikkje marxist, sjølv om eg meiner marxismen kan vera eit nyttig verktøy for å analysera det som skjer. Men eg trur vi bør sjå nærare på politiske tenkjarar som Paul Gottfried og Erich Vögelin om vi skal forstå det som skjer no. Det var vel Lars Korvald som i si tid sa at Noreg er eit lite land i verda. Det er klokt sagt, og noko norske politikarar burde tenkja på oftare. Vi seglar no inn i svært uroleg farvatn. Noam Chomsky har nyleg uttalt at han meiner fåren for atomkrig i høgste grad er røynleg, og eg trur han har rett i det. På mange måtar er det vi ser eit samanfall av kriser - i tryggjingspolitikk, økonomi, politikk og kultur - som er i ferd med å bli det amerikanarane kallar "ein perfekt storm". I slike tider er det einaste fornuftige å føra småstatspolitikk. Gløym menneskerettar, og la høgsterett vera slutten på rettssystemet i Noreg. Avgrens innvandringa til Noreg så mykje som råd, og legg i staden hovudtrykket på å få integrert dei som allereide har kome - i arbeidsmarknaden, og i den sosiale og kulturelle veven elles. Og ta av tjukke ideologiske brilleglas, og la politikken bli meisla ut i møtet mellom heimegrodde politiske tradisjonar.

Kommentar #3

Njål Kristiansen

160 innlegg  20651 kommentarer

Publisert nesten 7 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Eg synest du nyttar fascismeomgrepet litt rundhanda. Fascistiske rørsler er utopiske rørsler som står for einsretting av tenkjing i eit samfunn, ofte knytt til oppbyggjing av korporativ makt. Rørsla er overordna staten i realiseringa av det utopiske målet. Det du ser i Russland er ein autoritær stat - eit langt meir avgrensa fenomen.

Jeg skal gi deg rett i at jeg er generøs med bruken av fascisme som benevelse. I Russlands sammenheng ser vi mye av det samme, men jeg setter den autoritære russiske staten inn i en fascistisk kontekst fordi den ikke har en klar ideologi men styres etter hva som er bra for Putin må være bra for Russland. Jeg kunne bruke et bilde om at vi diskuterer om det er vognen eller hesten som står først. Den korporative makt er tilstede gjennom oligarkene og det autoritære statsstyret men ikke særlig fagforeningsorientert som korporative systemer gjerne er. De demokratiske organer og til og med høyesterett virker ustø i sin rolle som institusjoner som skal balansere den utøvende makt. 

Jeg kommer nok ikke til å lese meg opp på ulike verker for å diskutere videre. Jeg tar diskusjonene fra det nivå jeg til en hver tid står på. Ellers savner jeg at du er klarere på grenseoppgangen mellom amerikansk høyre- og venstreside som du skrev om i starten. 

Kommentar #4

Erling Rimehaug

593 innlegg  622 kommentarer

Takk!

Publisert nesten 7 år siden

Takk for et innlegg med mange interessante perspektiver. Skjønner at jeg må lese denne boka. Den virker faktisk ganske overkommelig??

Kommentar #5

Ole Jørgen Anfindsen

173 innlegg  2072 kommentarer

Meget interessant

Publisert nesten 7 år siden
Hans Olav Brendberg. Gå til den siterte teksten.
Eg har sjølv vore i nærleiken av denne "fjerde vegen" lenge. Mange av dei spørsmåla som den fjerde vegen kjem til å få opp på sakskartet: Religionen som basis for ein annan politikk, tradisjon, sivilisasjonsområda, - alt dette er naturlegvis nøkkelspørsmål i forfattarskapen til Israel Shamir. Eg omsette Shamir til norsk rett etter årtusenskiftet. Etter at "Blomar frå Gallilea" kom ut for vel ti år sidan har eg brukt ein god del tid på kritikken som amerikanske gamalkonservative har retta mot nykonservatismens "Brave New World": Joseph Sobran, Claes Ryn og ikkje minst den mest skarpskodde tenkjaren i denne flokken: Paul Gottfried.

Takk til Brendberg for nok en glimrende artikkel! Jeg skjønner at jeg blir nødt til å lese Dugin.

Brendberg nevner det han mener er den mest skarpskodde tenkeren blant amerikanske gammelkonservative, nemlig Paul Gottfried. La meg derfor anbefale folk å lese den VD-artikkelen Brendberg nylig skrev nettopp om Paul Gottfried.

Kommentar #6

Gunnar Søyland

18 innlegg  2558 kommentarer

Kanskje greit å google litt først?

Publisert nesten 7 år siden
Erling Rimehaug. Gå til den siterte teksten.
Skjønner at jeg må lese denne boka.

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere