Verdidebatt

Alternativt perspektiv frå ein ortodoks kristen

Dei siste åra har ein eks-offiser med russisk slektsbakgrunn drive bloggen «Vineyard of the Saker». «The Saker» er ortodoks kristen, med interesse for andelege spørsmål og internasjonal politikk. Det siste året har interessen for bloggen hans eksplodert, og det siste halvåret har det oppstått ei rad fillialar av «the Saker» rundt om i verda. No finst ein tysk, ein fransk, ein serbisk og ein oseanisk blogg, og snart kjem det også ein søramerikansk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Suksessoppskrifta til «the Saker» er enkel: Sanninga først. I mange saker der vestleg presse er upåliteleg eller driv kampanje, finn du alternative perspektiv hjå «the Saker». Politisk har «the Saker» stor tillit til Putin, utan at han at han er i russisk teneste. «Russland står for fridom» har vore parolen sidan uroa i Ukraina byrja. «The Saker» er ex NATO-offiser, men fekk nok av NATO etter Jeltsin sitt kupp mot parlamentet i Moskva og krigane på Balkan. Han skriv med base i Florida, USA. Men han skriv ikkje berre om borgarkrigen i Ukraina. Også under «Dieudonne-affæren» i Frankrike var «The Saker» ei uunnværleg kjelde til alternative perspektiv. «The Saker» er språkmektig nok til at han kan følgja det lokale nyhendebiletet mange stader – i tillegg til engelsk snakkar han i alle fall flytande fransk og russisk. Men utanom god kjennskap til Europa og europeisk politikk, har han ofte viktige nyhende frå Midt-Austen. Hassan Nasrallah sine talar blir vanlegvis lagt ut på bloggen til «The Saker». Ein lokal korrespondent la ut daglege oppdateringar under IS sin offensiv i Irak i sommar.

Utanom god teft for nyhende kan «The Saker» internasjonal politikk og har fagkunnskap om militære spørsmål. Han kan forklara korleis doktrinane frå den kalde krigen – «gjensidig avskrekking» og «rasjonell aktør»-perspektivet fungerer. Han les det som foregår i den russiske blogosfæren. Kort sagt: Han er ei sprudlande kjelde til det som skjer i internasjonal politikk. I tillegg er han ortodoks kristen, og ser dei lange linene i Europas historie og i konflikten mellom det Vest og det ortodokse Aust. Han er ikkje feilfri, men alltid kunnskapsrik og interessant.

Her ein typisk liten tekst der han forklarar kjensla av å vera u-båt, stranda i ørkenen:

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt