Verdidebatt

Ein ruvande israels-misjonær

Alexander McCaul er i dag eit ukjend namn, men i si tid var han ein av dei mest profilerte misjonærane som arbeidde i dei jødiske kjerneområda i Polen. McCaul hadde bakgrunn som irsk anglikanar, og etter endt utdanning arbeidde han periode i Polen. McCaul var ikkje berre misjonær, han var også hebraist og hadde omfattande kunnskap om jødisk lov og den jødiske tradisjonen. Arbeidet i Polen gav McCaul nært kjennskap til korleis dei jødiske samfunna fungerte og førstehands kunnskap om jødisk religion og jødisk trusliv. Etter opphaldet i Polen vidareførte han arbeidet for misjon blant jødar – praktisk og teoretisk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dette er bakgrunnen for boka «Netivot Olam», ein serie traktatar som etterpå vart samla i bokform. McCaul går i detalj gjennom dei krava jødisk lov stiller, og samanliknar med det gamle testamentet og kristedomen. På punkt etter punkt syner McCaul at den rabbinske jødedomen er i konflikt med fornuften og etikken. Netivot Olam var eit svært effektivt stykke misjonslitteratur. Boka vart omsett både til jiddisk og hebraisk, og kom ut i mange opplag. Også i dag gjev boka ei god innføring i kvar dei grunnleggjande skilja mellom jødisk og kristen tru går, og kva moralske spørsmål som er i spel kring dette skiljet.

McCaul er ikkje apologet – tvert om er han svært tydeleg når det gjeld å påpeika kvar den jødiske trua kjem til kort. Når ortodoks jødedom hevdar eit forbod mot å berga livet til ikkje-jødar, peikar McCaul på at dette er i strid med den naturlege, moralske lova. Likeeins skjer McCaul gjennom det hykleriet som ligg til grunn for gode gjerningar ut frå «darchei shalom» - eit slags dobbelt bokholderi som gjer at den ortodokse, jødiske religionen både han halda fast ved hatefulle, moralske bod samtidig som ein held på ein fasade andsynes det ikkje-jødiske samfunnet.

Men om McCaul ikkje er apologet, er han samstundes også ein tydeleg talsmann mot urett som råkar jødar. Då jødane i samband med Damaskus-affæren vart skulda for ritualmord gjekk McCaul tydeleg ut mot skuldingane. Og som ein av si tids fremste israelsmisjonærar og talmudkjennar hadde forsvaret hans av jødane tyngde. Dette er også ein del av bakgrunnen for den rolla Storbritannia spela for å verja jødar mot forfølgjing i siste helvta av attenhundretalet.

I tillegg til «Netivot Olam» skreiv McCaul ei bok med skisser og inntrykk frå jødisk liv i Polen – ei informativ og frisk bok som gjev eit godt innblikk i ei anna tid. Dette var ei tid før tysk jødehat og blodlyst forandra europeisk historie for alltid. Nett difor kan McCaul gje innsikt og nyansar for folk som ønskjer å forstå den historiske konflikten mellom jødedom og kristendom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt