Verdidebatt

Imperiet - Apollon, Merkur og Neptun

I 1648 vart tredveårskrigen avslutta med ein fredsavtale. Denne ”freden i Westfalen” er ei avgjerande hending i europeisk soge. Han er grunnlaget for folkeretten: Ulike statar med ulike ideologiar anerkjente kvarandre, trass i at striden mellom katolikkar og protestantar hadde vore ein av dei viktige drivkreftene i tredveårskrigen. Frankrike og Richelieu – som taktisk hadde alliert seg med protestantane mot sine katolske religionsfrendar i Wien – stod att som vinnarar. Seinare europeisk kultur er grunnleggjande prega av denne kløyvinga: I urolege tider kunne folk med tankar som braut med ortodoksien i sitt eige samfunn flykta over grensa til fridomen i eitt eller anna utland. Eitt av dei viktigaste ”frie utlanda” var allereide trygt etablert i 1648: Nederland. Her kunne Baruch Spinoza formulera den første historiske bibelkritikken, skjerma av støvskyen som omgav tredveårskrigens konfliktar. Sidan har Europa alltid vore splitta – men splitta innanfor ein rettsleg orden som har gjeve oss lange periodar med fred.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Denne splittinga har vore ei lukke. Ingen

europeisk elite, ingen einskildstat, har kunna monopolisert makta på

kontinentet. Dermed har heller ingen kunna utnytta dei fordelane som total makt

gjev. I ytterkantane av verdsdelen har to stormakter vore ein garanti mot ei

slik samling av makt: Storbritannia har vore skjerma av kanalen, og har kunna

halde seg uavhengig ved å alltid ha klar den sterkaste flóten. På hi side av

kontinentet har Russland med si enorme utstrekning, sine kalde vintrar og sin

elendige infrastruktur vore utilgjengeleg for dei som trong raske sigrar.

Difor har Europa aldri vorte noko

einskapleg rike, slik det klassiske Kina vart. Europa har vore kløyvd mellom

ulike språk, ulike land, ulike lovverk og ulike tradisjonar. Mangelen på

einskap har i seg sjølv vore ei drivkraft for utvikling. Og kontinentet har

aldri hatt nokon ortodoksi: Ein student som på slutten av attenhundretalet

hadde vore innom dei viktige tyske universiteta og funne ut korleis verda såg

ut i følgje tysk ”bildung” kunne ta toget til Paris. Der ville han møta eit

anarki og mangel på ambisjonar som i første omgang ville sjå ut som eit stort

vonbrot. Før det etter kvart gjekk opp for han at dei imponerande tyske byggverka

stod på ein veik grunnmur, og at den galliske tradisjonen var på jakt etter eit

skikkeleg fundament i staden for å byggja fåfengt.

Verdshistoria er full av imperium –

storrike som har freista samla alt tilgjengeleg land under seg for å skapa

tryggleik og stabilitet. Alt tyder på at det ligg djupt i menneska at vi

oppfattar ”landet bortanfor” som underleg, og potensielt som eit trugsmål. For

å koma det øydeleggjande åtaket frå deira side i forkjøpet har rike etter rike

spist opp nabostatane til det ikkje var naboar igjen. Og alle desse rika som

har erobra og erobra har i eigne augo ikkje gjort anna enn å ”sikra freden”.

Pax Romanum, eller kva det no har heitt til ulike tider. ”Dei lagar ein ørken,

og kallar det fred”, som Tacitus skreiv.

Eit slikt imperium byrjar no å kasta

synleg skugge. Det har ikkje noko anerkjent, felles namn – det mest brukte er

”verdssamfunnet”. ”Verdssamfunnet” gjer bruk av folkeretten og FN når det høver

for dei – men imperiet er heller ikkje redde for å nytta FN-pakta som dørmatte.

Og når det er naudsynt tek ikkje imperiet fem øyre for å bryta folkeretten og

føra openlys, ulovleg krig. Naturlegvis for å ”sikra freden”. Samstundes har

imperiet kome eit godt stykke med å rydda til sides det mangfaldet av

ideologiar og synsmåtar som prega det gamle, borgarlege Europa. Politisk

tenkjing i vår verdsdel er meir einsretta enn nokon gong dei siste hundre åra. Difor

trur eg det er viktig å teikna eit portrett av imperiet sin ideologi. Eg vil i

denne artikkelen freista forklara to av dei ideologiske hjørnesteinane til

imperiet: Det er liberalt, og det er sionistisk.

Merkur og Apollon

I boka ”The Jewish Century” nyttar Jury

Slezkine nokre råkande bilete for å forklara tilhøvet mellom ei gruppe med

etniske minoritetar og dei majoritetane dei levde saman med i tradisjonelle

samfunn. Desse etniske minoritetane kallar han tenestenomadar – etniske grupper

som ikkje driv jordbruk, og som lever av å tilby bufaste jordbrukssamfunn ulike

tenester: Smedarbeid, spådomskunst, handel, medisin, pengeutlån, musikk og

liknande. Døme på slike som er spesialistar på å vera ”framande” er oversjøiske

kinesarar i søraust-Asia, libanesarar i Afrika og Sør-Amerika, jødar og

sigøynarar. Han kallar slike etniske minoritetar ”merkurianarar”, etter den

romerske guden Merkur. Merkur er flyktig, og han har magiske sko som kan føra

honom vidt og breitt. Merkur er grensebuaren, den flyktige og skiftande som kan

sleppa alt han har i hendene og utnytta nye trendar. Han har vore på andre sida

av grensa, og veit korleis ting blir gjort andre stader. Han er utspekulert –

og i dei bufaste sine augo er han trulaus. I ein direkte konfrontasjon med dei

bufaste er Merkur sjanselaus, så Merkur må berga seg med kløkt og diplomati.

Vald er ikkje noko alternativ for han. Slezkine syner korleis hopehavet mellom

ulike typar bufaste folk og tenestenomader er prega av dei same byttetilhøva,

dei same stereotypiane og dei same arbeidsdelingane. Og rundt alle

tenestenomadar er det eit gjerde for å verna eiga etnisitet: Tenestenomadar et

ikkje frå dei bufaste sitt bord. Dei held seg kosher, og unngår å bli ureina av

dei skitne bufaste. Likeeins giftar dei seg ikkje med ei ”shiksa” – ein

”styggedom”. Tabu mot deling av bord og seng, i staden for våpen og

territorium, er Merkurs vern.

Merkur lever som gjest i Apollon sitt

samfunn. Den bufaste Apollon er både jordbrukar og krigar. Han står for den

hierarkiske samfunnforma som har vore grunnleggjande i alle jordbrukssamfunn

fram til moderne tid. For Apollon er ikkje bruk av fysisk makt utenkjeleg – tvert

imot er det den fysiske overmakta som til sjuande og sist er grunnlaget for

makta hans. Apollon er trygg gjennom å ha makt over eit territorium. Sjølv om

Apollon ikkje er framand for maktbruk, er ikkje vald noko mål i seg sjølv. Til

vanleg vil Apollon syta for fred og tryggleik ved å passa på dei tinga som

ikkje tyder noko i Merkur si verd: Grenser og ære. Difor vil Apollon også vera

fåmælt: Om han pratar for mykje, risikerer han å utilsikta krenkja andre si

ære, og få ufred han ikkje er tent med. Apollinarar vil lyda med undring til

Merkurs ”kjerringaktige” skravl – som ofte kan vera langt utanfor grensene for

krenkjing. Men dei vil ikkje ta desse krenkjingane på alvor, avdi det ikkje er

noko knyttneve bak. Merkur flyttar ingen grenser – han berre kryssar dei som om

dei ikkje fanst.

Var jødane, som ofte budde i den same

ghettoen i hundreår etter hundreår, nomadar på same vis som romfolka med sine

hestekjerrer og telt? Ja, seier Slezkine. Den tradisjonelle jøden omgav seg med

forteljingar, ritual og symbol som skulle minna han om at han var ein framand

ei eit merkeleg land. For ein tradisjonell jøde var det utenkeleg å laga

blomebed i hagen – bustaden hans var jo berre eit mellombels husvære i eit land

der han ikkje høyrde heime. Jøden snakka ofte eit anna språk enn det som dei

bufaste apollinarane snakka, og som andre tenestenomadar var han svært oppteken

av merkurianarane sitt forsvarsverk: Rituell reinleik.

Slezkine nyttar motsetninga mellom den

bufaste Apollon og den flyktige Merkur til ein breid og drivande godt skrive

gjennomgang av jødisk historie på nittenhundretalet, med hovudfokus på dei tre

store folkevandringane frå det gamle jødiske tyngdepunktet i Polen og Ukraina:

Til USA, til det sentrale Russland, og til Palestina. Han drøftar korleis Merkurs

apostlar på ulike vis prega dei samfunna dei kom til – og kva ideologiske

rørsler som prega dei på vegen. Hovudtesen hans er at nittenhundretalet vart

det jødiske århundret – avdi det var århundret då vi alle vart ”jødiske” på det

viset at vi alle vart meir og mindre mobile på ein skiftande arbeidsmarknad, i

mellombels husvære og på jakt etter karriere innanfor typisk ”merkurianske”

aktivitetar som akademiske yrke, journalisme og liknande.

Slezkine si bok syner kor nyttig skiljet

mellom ”apollinsk” og ”merkuriansk” kan vera når dei blir nytta med kyndig

hand. Eg vil rå alle som er ønskjer å skjøna dei lange linene i vestlege

samfunn til å lesa Slezkine. Men nett no tek eg berre med meg den

grunnleggjande delinga mellom apollonisk og merkuriansk, og nytta ho til å sjå

nærare på imperiet sin ideologi.

For noko blir uforklart i Slezkine si

tilnærming. Merkur flyttar ikkje grenser, han berre kryssar dei. Men Merkur har

også ein annan måte å hevda seg: I staden for å flytta grenser, kan han viska

dei ut. Fram til nyare tid har samfunn vore territoriale, og dei eigenskapane

vi forbind med Apollon har vore avgjerande for korleis makt har vore fordelt i

verda. Dei tyske hærane på Bismarck si tid var bondesoldatar kommandert av

adelege offiserar. Dei tyske hærane på førtitalet var industriarbeidarar

kommandert av yrkesoffiserar, eller reserveoffiserar: Kontoristar, ingeniørar

og andre. Men om det samfunnet som produserte desse hærane var forandra, var

desse hærane framleis like prega av Apollons gåver. I ein direkte, valdeleg

konfrontasjon var Merkur framleis like sjanselaus, noko folkemordet på jødar er

ei uhyggeleg påminning om. Korleis vart så nittenhundretalet Merkurs hundreår?

Skal vi få reknestykket til å gå opp, trur eg vi må leita fram ein annan gresk

gud som Slezkine ikkje nemner: Neptun.

Neptuns kongedøme

Det var ein europeisk stat som tidleg

byrja skilja seg ut frå resten. Den militære organisasjonen – hæren – er

kjernen i alle dei gamle, europeiske stormaktene. I tillegg til at desse

stormaktene måtte ha evne til å senda store mengder med væpna folk ut i felt,

måtte dei ha evne til å halda desse styrkane med våpen, klede og mat. Eigen

våpenindustri var ein føresetnad for maktpolitikk på dette nivået. Men det er

også typisk at slike statar på ulike vis fører ein politikk for å verna

jordbruket, slik at ein skal vera sjølvforsynt med dei viktigaste matvarene i

tilfelle krise. To hundre år etter freden i Westfalen braut ei av dei

europeiske maktene med dette mønsteret. I 1846 oppheva Storbritannia kornlovene.

Tre år etter oppheva dei også navigasjonslova. Likevel var ikkje lovgjevarane i

London redde for at Storbritannia skulle svelta i tilfelle krig. Dei trong

ingen tvangsmiddel, dei trong ikkje kornåkrar til mat for eigne soldatar. I

tilfelle krig var resten av verda viljug til å selja til britane all den maten

dei trong. Alle krigar mellom ei stormakt i Europa og Storbritannia ville

matrielt bli ein krig mellom Europa og verda. Etter opphevinga av kornlovene

har alle store, europeiske krigar vore ”verdskrigar”. Og etter 1846 møter vi

det liberale imperiet i si første form: Det britiske imperiet. Gjennom sin

allianse med Neptun kunne Storbritannia kvista ned Apollon si makt. Det vernet

som britisk jordbruk hadde hatt forsvann, billig korn frå andre delar av verda

erstatta britisk korn. Den utviklinga som hadde byrja hundre år før skaut fart:

Britiske bygder vart tømt for folk, der skotske høglendarar ein gong hadde

dyrka korn var det no berre store sauebeite att. Ein maktelite med solid feste

i den gamle adelen, og med same skuleslips frå Eton eller Harrow monopoliserte

makta i kongedømet. Desse makthavarane trong ikkje dra på repetisjonsøvingar

med sine undersåttar anna kvart år slik dei preussiske junkarane var nøydde

til. Dei levde sitt liv over eit glasstak som sette ei absolutt grense for kor

langt ein ”commoner” kunne nå i det britiske systemet. Først då den lutfattige

austkanten i London vart evakuert under den tyske bombinga under andre

verdskrig vart desse menneska nøydde til å forhalda seg til den vanlege,

fattige brite. For Storbritannia trong vanlegvis ingen hær. Landet bygde ein

flote som hadde makta på alle hav, og øya vart ”verdas verkstad”.

Alliansen mellom Storbritannia og Neptun

gav landet ein unik maktposisjon. Marinemakt er eit spel der ”vinnaren tar

alt”. På ein månads varsel kan ei slagkraftig styrke samlast kor det skulle

vera på planeten, og den dominerande marinemakta kan gjera dette når og kvar ho

sjølv vil. Ho kan også stenga verdshava for ferdsel for andre. Alle dei

europeiske kolonirika; det nederlandske, det portugisiske og det franske, var

kolonirike på britisk nåde etter at britane hadde bygt sitt maktmonopol.

Marinemonopolet var også tilpassa den

moderne industriøkonomien, og den krigføringa som følgde dette. I eldre tid

trong du stål, koppar, salpeter, bly og mat for å føra krig. Men då den moderne

industriøkonomien vaks fram på attenhundretalet vart lista over strategiske

varer lenger og lenger: Krom, mangan, wolfram, kol, olje, aluminium – lista

vaks for kvar ny oppfinning i arsenalet. Di lengre liste, di færre makter i

verda som kunne forventa å halda ein krig gåande åleine over lengre tid. Til

slutt var det berre Russland og eit par andre statar som hadde alle naudsynte

ressursar innanfor eigne grenser. Men Storbritannia trong ikkje sitja på desse

strategiske ressursane – Neptun stod klar til å levera dei frå kor det skulle

vera når trongen oppstod.

Saman med imperiet vaks det fram ein

infrastruktur som sytte for at britisk makt fungerte. Det vart bygt opp eit

finanssystem med sentrum i London, bygt på sams ideologi om gullstandard som

fundamentet for all valuta. Finanssystemet var bygt opp kring sterke, private

bankar som etablerte vidt forgreina fillialar og samarbeidsmønster på tvers av

landegrensene. Rotschild sin bank i London var sjølve tyngdepunktet i dette

systemet. Likeeins vart det bygt eit nettverk av nyhendeproduksjon rundt ikring

i imperiet – kring store aviser som ”The Times”, og kring nyhendebyrå som

Reuters. I desse nettverka kunne nyhende følgja telegraflinene rundt kloden, og

koma på trykk neste dag på motsett side av kloten. Slik fekk Merkur ei sentral

rolle i imperiet – slik ein kunne venta i eit imperium som strekte seg bortom

horisonten. Nyhendeformidling, finansiering, kjøp og sal, oppfinningar,

kulturkunnskap: Merkurs vingesko kom godt til nytte i det enorme imperiet. Mange

av dei som grunnla slike verksemder kom frå jødisk bakgrunn. Og takk vera

alliansen med Neptun kunne Storbritannia verta den første globale

statsdanninga. Underordna maktsenter, som Dehli/Simla, koordinerte imperiet

sine gjeremål rundt ikring. Alt vart halde saman av kjensla av å vera

”britisk”. Til og med vesle Pitcairn midt i Stillehavet sende sine friviljuge

for å slåss for moderlandet under første verdskrig.

Kva tid slutta den engelskspråklege,

globale makta til Merkur og Neptun? Det har naturlegvis aldri skjedd –

verdshava kan framleis opnast og stengast av ei makt. Det som skjedde frå

slutten av attenhundretalet og fram til 1950 var at senteret for imperiet

flytta – frå London til Washington. Denne flytteprosessen var kritisk, og prega

av både framsteg og tilbaketog. I neste avsnitt skal eg sjå nærare på

flytteprosessen. Og eg skal sjå nærare på eit av dei merkelege, ideologiske

utslaga av dette: I samband med flyttesjauen vart det engelskspråklege, sjø- og

handelsmaktsbaserte imperiet sionistisk.

Røtene til

Atlanterhavssamfunnet.

I 1877 gjorde Benjaming Disraeli den

regjerande monarken i London til ”Keisarinne av India”. Det var høgdepunktet i

propagandaen for britisk verdsmakt som gjorde Disraelis toryparti til ei

folkeleg rørsle, og som etterkvart opna dørene for ålmen røysterett. Dei

konservative innanfor det gamle adelsregimet allierte seg med ”folket” – med

imperiet, kongefamilien og britisk sjåvinisme som kjerna i alliansen.

På 1870-talet hadde ikkje britisk makt

rivalar, og Storbritannia trong ikkje frykta noko makt på kloden. Den britiske

marinen hadde makta på alle hav, og det britiske imperiet gav raudfarge til

store delar av globusen. Den britiske industrien var den fremste i verda, og

britiske varer vart etterspurt på alle marknader.

Berre ein generasjon seinare var dette

biletet i ferd med å bli dramatisk forandra. Det var eit stort mistilhøve

mellom det enorme imperiet og ressursane til den vesle, europeiske øya som

skulle forsvara det heile. Dei hollandskætta boarane i Sør-Afrika torde til og

med utfordra denne makta militært. Sjølv om britane greidde å knekka den

militære motstanden til boarane, var krigen ein knekk for britisk sjølvtillit.

Boarkrigen førde til at Storbritannia gjekk inn i ein allianse med sjømakta

Japan for å sikra fred i Asia i tilfelle krig. Alliansen gjorde det mogleg for

japanarane å sigra mot Russland i 1905. Den openlyse tyske støtten til boarane,

saman med det tyske byggjinga av ein marine, førde til at Storbritannia gjekk

med i Frankrike og Russland si alliansebyggjing. Framtida til den

engelskspråklege sivilisasjonen stod på spel. I den overgangsperioden som

følgde spela to rørsler ei viktig rolle som tilretteleggjarar for det som vart

redninga, eit ”special relationship” mellom Storbritannia og USA som gjorde at

USA frå 1945 overtok Storbritannia si rolle i geopolitikken. Den eine rørsla

var ”rundebordsrørsla”, ei eliterørsle som etterkvart forma tenkjinga kring

verdspolitikk både i Storbritannia og innanfor den amerikanske eliten. Den

andre var den jødiske ”antidiskrimineringsrørsla”, som laga eit internasjonalt

nettverk for å sikra rettane til jødar rundt ikring i verda. Båe rørslene

forandra seg mykje på vegen, men var likevel rimeleg kontinuerlege frå kring

1880 fram til 1945.

Riddarane av det runde bordet

I 1870 fekk John Ruskin professoratet i

”fine arts” ved universitetet i Oxford. Førelesingane hans forandra

verdsbiletet til ein generasjon i den britiske eliten. Ruskin fortalde dei unge

studentane at dei var ervingar til ein stor tradisjon, at dei var berarar av

ein sivilisasjon. Men han fortalde også at denne sivilisjasjonen var dømt til

undergang om dei ikkje fekk delt han med dei fattige millionane i dei engelske

slumbyane, og med den store verda som var opna av britisk kolonisering. Denne

koplinga av sivilisasjontanke, imperium og det sosiale spørsmålet gav

studentane ei livsoppgåve. Ein av studentane til Ruskie, Cecil Rhodes, bar med

seg Ruskin si første førelesing ved Oxford til det indre av Afrika, der han

bygde seg ei formue på edelsteinar. Rhodes og andre såg seg sjølv som ein elite

som skulle berga eit truga imperium, og ein truga sivilisasjon.

Rhodes bygde seg opp ein formue i

Sør-Afrika. På 1890-talet tente Rhodes ein million pund i året – ein enorm sum.

Likevel hadde han alltid underskot på kontoen – pengane vart pøst ut på føremål

som skulle sameina dei engelsktalande folka og sikra makta deira i verda. Før

Rhodes døydde sette han opp Rhodes-stipenda som skulle gje studentar frå andre

engelsktalande folk del i tradisjonane til den britiske eliten. Mot slutten av

livet freista Rhodes organisera eit ”hemmeleg selskap” med liknande føremål.

I første omgang tok ikkje Rhodes hemmelege

selskap av. Men nokre år etter vart Rhodes-disippelen

lord Milner sendt til Sør-Afrika under boarkrigen. Kring seg samla han ei

gruppe unge, konservative og visjonære politikarar som vart kjent som ”Milners

kindergarten”. Vel tilbake i Storbritannia byrja denne gruppa å gje ut

tidsskriftet ”Round Table”, samstundes som dei organiserte seg. Den unge

Phillip Kerr vart i 1910 sendt til Canada og USA for å organisera avleggjarar

av ”Round Table”. Dei hadde viktige roller i britisk politikk under første

verdskrig, Kerr som statsminister Lloyd George sin private sekretær med

ekspertise på utanrikspolitikk. Mot slutten av krigen var dei den viktigaste

drivkrafta bak det som vart kjent som ”Royal Institute of International

Affairs”, også kjent som Catham House. Etter at lord Astor kjøpte ”The Times” i

1922 var det Milnerdisiplane som prega formuleringa av britisk

utanrikspolitikk.

Denne gruppa var ikkje einskapleg. Dei

stod for ulike utanrikspolitiske strategiar til ulike tider, og det var ikkje

alltid full semje innetter. Men gjennom Catham House og den tunge rolla dei

hadde i britisk presse elles, greidde riddarane av det runde bordet å få ei

sentral rolle i å definera råmene for britisk utanrikspolitikk.

Rundebordsorganisasjonen hadde avleggjarar

i dei fleste engelskspråkelege land. Det viktigaste var naturlegvis USA. Også

her vaks det fram ein elite som såg framtida i forlenginga av den

”engelsktalande sivilisasjonen”, og som ønste å bryta med den tradisjonelle

isolasjonismen i USA. Som nytilsette byråkratar og pressefolk i Washington

hadde dei ”House of Truth” som samlingspunkt. Her var Phillip Kerr innom på sin

tur for å byggja avleggjarar av ”Round Table”. I 1914 brukte den amerikanske

mangemillionæren Dorothy Straight eigne pengar til å grunnleggja det

”progressive” tidsskriftet ”The New Republic”, som ho subsidierte med

100 000$ i året i ein førtiårsperiode. Den sentrale personlegdomen i dette

tidsskriftet vart Walter Lippmann. Lippmann hadde nære band til Storbritannia,

og var den mest genuine talsmannen for den angloamerikanske lina i amerikansk politikk

frå ”The New Republic” vart skipa til han kritiserte president Johnson sin

politikk i Vietnam over femti år etterpå. Det var Lippmann og Phillip Kerr, no

britisk ambassadør under namnet lord Lothian, som under den dramatiske

evakueringa frå Dunkirk møttest på den britiske ambassaden i Washington for å

finna ut korleis det nøytrale USA kunne hjelpa Storbritannia frå kapitulasjon. Resultatet

av møtet vart utover hausten kjent som ”destroyeravtalen” – byrjinga på det

samarbeidsmønsteret som via ”cash and carry” og ”lend lease” etterkvart vart ei

total integrering av angloamerikansk krigsinnsats. Etter andre verdskrig var

Lippmann i seg sjølv ein så sentral institusjon i internasjonal politikk at han

etter eit besøk i Hellas noterte i dagboka: ”Møtte statsministeren, kongen, dei

sentrale i forsvarsleiinga – dei vanlege folka”. Då Krustsjov i samband med ei

uventa politisk krise ringde Lippmann og bad om å få utsett ein planlagt lunsj

var dette ikkje mogleg. Det var Krustsjov, ikkje Lippmann som måtte leggja om

planane. Lippmann var unik, men likevel eit døme på ein elite som også femna

vidare. I USA vart denne utanrikspolitiske eliten institusjonalisert gjennom

”Council on Foreign Relations”. Dei som skulle meina noko utanrikspolitikk i

USA måtte lesa ”Foreign Policy”, redigert av Hamilton Armstrong – ein nær ven

av Lippmann fram til Lippmann gifta seg med kona hans. Frå tida kring første

verdskrig greidde altså Ruskins disiplar å byggja institusjonar og nettverk med

band til finansmiljø, presse og eliteuniversitet med utanrikspolitikk som sams

interesse. Walter Lippmann mynta ut omgrepet ”Atlanterhavssamfunnet” i 1917.

Dette ”Atlanterhavssamfunnet” byrja etterkvart å dela verdsbilete, og dei byrja

diskutera den same dagsordenen. Sakte, men sikkert vart skilnadene mellom den

britiske og den amerikanske tradisjonen bygt ned. Den anglofile austkysteliten

i USA og den liberale eliten i Storbritannia vaks saman til ein einskapleg elite

innanfor same sjøbaserte imperium.

Ruskins ”engelsktalande sivilisasjon”, rundebordsrørsla

og dei nye, utanrikspolitiske eliteinstitusjonane er den eine lina som fører

fram til den smertefrie flyttinga av hovudkvarteret for imperiet. Den jødiske

er den andre.

Jødisk gjensidig hjelp

Senteret for jødisk kultur på

attenhundretalet var den tyskspråklege verda. Gradvis fekk jødar fulle

borgarrettar i dei tyskspråklege landa,og mange jødar forlot den ortodokse,

jødiske religionen til fordel for liberalisme og framsteg. Jødiske forfattarar,

forskarar og journalistar var ein svært viktig del av den tyske kulturen, den

tyske ”Bildung”, som bløma i denne epoken. Jødar var også viktige innanfor

finans og industri – jødiske bankfamiliar som Bleichröder og Warburg stod heilt

sentralt i den framveksande, tyske kapitalismen.

Dette var ein del av eit internasjonalt

mønster. Jødar stod sentralt i dei nye privatbankane i Europa og Nord-Amerika,

og fremst av desse var naturlegvis Rotschilddynastiet. I London var Rotschild

sitt firma den største privatbanken – og slektningane i Paris og Wien hadde liknande

roller der. I USA var firmaet Kuhn-Loeb med Jacob Schiff som den sterke krafta

den leiande mannen på den jødiske sida av Wall Street.

Slutten av attenhundretalet var ein

kosmopolittisk periode: Det var ingen store krigar mellom stormaktene frå den fransk-tyske

krigen i 1870 fram til utbrotet av første verdskrig. Store mengder med kapital

flaut mellom landa – ikkje minst over Atlanteren til USA, som no for alvor

gjennomførte sitt store ”indre landnåm”. Dette indre landnåmet vart delvis

finansiert med investeringskapital frå Europa. Dei jødiske nettverka spela ei

viktig rolle i desse internasjonale transaksjonane, med London som nav i det

internasjonale finanssystemet.

Politisk var jødane i vest-Europa prega av

den liberale epoken. Dei rekna seg ikkje som ”jødar”, men som ”engelskmenn

(eller franskmenn, eller tyskarar) av mosaisk tru”. Dei hadde lagt minnet om

ghetto, diskriminering og den ortodokse religionen bak seg. Dei var liberale,

patriotiske borgarar som var svært ulike dei jødiske folkemassane i aust. Men

dei jødiske folkemassane levde i medvitet deira som eit dårleg samvit, og i

denne perioden byrja dei jødiske elitane i vest å organisera seg for å frigjera

dei undertrykte austjødane. I dei viktige landa grodde det opp

eliteorganisasjonar med dette som viktigaste føremål. Dette arbeidet hadde ein

tydeleg brodd mot Russland, som var den sams fienden til jødar i alle land. I

Storbritannia hadde ein frå syttenhundretalet hatt ein oligarkisk ”Board of

Deputies” som tok opp viktige spørsmål med styresmaktene. I 1871 skipa dei

konkurrerande reformjødane opp ”Anglo-Jewish Assosciation”. Då

Berlinkonferansen i 1878 gjorde at spørsmålet om rettane for jødar i aust vart

sett på dagsorden, samla dei to representative, jødiske organisasjonane seg om

å skipa ein ”Conjoint Foreign Committee” for å bidra til britisk diplomati på

konferansen. Den drivande krafta i denne komiteen i tiåra som følgde var den

liberale journalisten Lucien Wolf, som samstundes var ein av dei best

informerte og anerkjente kommentatorane i britisk presse når det galdt britisk

diplomati og utanrikspolitikk. I Frankrike hadde ein frå 1860 ein tilsvarande

”Alliance Universelle de Israelites”, i USA vart ”American Jewish Committee”

skipa etter hundreårsskiftet.

Då pogromane mot jødar tok til i Ukraina

frå 1880 sette dette fart i organiseringa. Den jødiske versjonen av nyhenda frå

Ukraina vart spreidd i den liberale pressa i alle vestlege land – ofte i sterkt

overdriven form. Pengar vart samla inn og sendt til trursbrør i aust både til

humanitært arbeid og politisk organisering. Ein prinsippfast liberalar som

Lucien Wolf var ikkje redd for å gje pengestøtte til revolusjonære sosialistar

i ”Bund”, og irettesette konsevative jødar i eliten som ikkje var komfortable

med å finansiera slikt noko. ”Du kan ikkje velja og vraka i revolusjonære

situasjonar” var det resolutte svaret til Wolf.

Utanom nyhende og pengeinnsamling vart ein

av dei store emigrasjonane i jødisk historie organisert desse åra. Jødar frå

den fattige busetjingssona i Polen og Ukraina reiste mot vest og til USA, der

East Side på Manhattan vart eit av dei tettast busette byområda i

verdshistoria. Millionar av jødar søkte ein ny sjanse i USA – og nokre av dei

trekte vinnarloddet. Blant dei var dei som grunnla filmindustrien i Hollywood.

Alle i gründergenerasjonen var austeuropeiske jødar som hadde vakse opp i

svolt, og som difor berre var så vidt over 1.50 m på strømpeleisten.

Viktigast var likevel desse jødiske

nettverka truleg i Austerrike/Ungarn. Wien og Budapest var dei mest jødiske av

moderne hovudstader i Europa, og jødar var ein svært viktig del av eliten i

landet. Dei var dominerande innanfor presse og finans, og jødar frå denne delen

av Europa spela ei svært synleg rolle som kulturell avantgarde. Jødane var eitt

av fundamenta for samhaldet i dobbeltmonarkiet – saman med den katolske kyrkja,

som også var keisarvenleg.

Første verdskrig kløyvde dette nettverket

av kosmopolittiske jødar. Heilt fram til krigsutbrotet arbeidde engasjerte

jødar som Warburg og Wolf for å unngå krigen. Men då krigen først var i gang,

kasta dei kreftene sine inn i patriotisk innsats for sitt eige land. Den

ideologien alle jødar i vest trudde på var liberal patriotisme: Dei ville slåst

for sitt eige land – jødisk identitet galdt det private og religionen, og hadde

ikkje noko med politikk å gjera.

Slik var det i teorien. Men slik var det

knapt nok i praksis. Russland var ein avgjerande del av alliansen mot Russland,

og jødisk aktivisme i tiåra før hadde vore retta mot Russland. Det var ein

aktivisme som hadde gjeve resultat. I 1905 selde Jacob Schiff alt han makta av

japanske statsobligasjonar i USA i samband med den russisk-japanske krigen.

Samstundes freista han sabotera salet av russiske papir. Innsatsen var ikkje

utan resultat, Russland tapte krigen og det braut ut revolusjon i St.

Petersburg. Schiff fekk japanske æretitlar. Eit par år etter sytte dei

amerikansk-jødiske organisasjonane for at USA sa opp handelsavtalen med

Russland – tvert imot presidenten sitt ynske.

Tyngdepunktet i den jødiske verda låg i

Tyskland. Jødisk aktivisme var retta mot Russland. Både den etablerte

tysk-jødiske eliten og dei nytilflytta austjødane i USA delte hovudmål i

perioden med amerikansk nøytralitet: Dei ønskte å leggja hindringar i vegen for

Russland, og dei hadde sympati med Tyskland. Det galdt både dei radikale

sosialistane i Brooklyn og East Side, og dei konservative samfunnsstøttene på

Wall Street. Saman med irar og tyskarar var jødar svært synlege når det galdt å

vera opne motstandarar av støtte til vestmaktene under første verdskrig.

Jødane i Storbritannia hadde stort sett

tatt avstand frå sionismen. Dei ønskte å vera lojale, britiske borgarar, og

hadde ikkje bruk for noko politisk prosjekt som kravde at dei skulle vera

lojale mot ein ”internasjonal jødedom”. Men for den politiske eliten i

Storbritannia var ikkje nokre titusen britiske jødar viktige. For britane var

det dei mange millionane med jødar som budde i USA og i Russland som var

viktige. Året 1916 vart avgjerande. Finansressursane til Ententen var oppbrukt.

Krigen var ikkje vunne. Krigsmotstanden i USA stod sterkt – Wilson vart attvald

på slagordet ”He kept us out of the War”. Den jødiske sida av Wall Street nekta

å gje lån til dei krigførande Vestmaktene – Schiff ville ikkje gje støtte til

sine gamle fiendar i St.Petersburg berre på grunnlag av tomme løfte. I praksis

var Ententen i ferd med å tapa krigen.

I denne stoda var det at britane fann, og

spelte, det sionistiske kortet. Britane lova Chaim Weizmann at han skulle få

Palestina om sionistane fekk USA med i krigen. Dei gode nyhenda gjekk i kode

til Weizmann sine medarbeidarar i USA – høgsterettsdomar Louis Brandeis,

Stephen Wise og dei andre leiarane i den mellombelse internasjonale leiinga av

sionistrørsla. I løpet av vinteren og våren kom resultata – og USA gjekk inn i

krigen nett på det tidspunktet Storbritannia var i ferd med å gå konkurs.

Hausten etter vart avtalen offentleg. Lloyd George hadde jula 1916 byrja førebu

ein britisk offensiv mot det heilage landet. Rett før general Allenby reid inn

i Jerusalem hausten 1917 vart det kunngjort eit brev frå den britiske

utanriksministeren til lord Rotschild som lova bort Palestina som ein nasjonal

heim for jødane. Sionismen hadde vorte ein del av imperiet sin politikk.

Støtten til sionistane var eit spel for å

vinna ”den jødiske sjela”. I USA var dette spelet vellukka. Seinare

historieskriving om Balfourerklæringa har lagt eit lag med tåke over prosessen,

men stort sett er det mogleg å dokumentera kva som skjedde ut frå opne og

publiserte kjelder. Dette kjem eg til å gjera etter kvart.

Men britane freista også å vinna jødane i

Russland gjennom dette spelet. Sionistrørsla i Russland hadde 300 000

betalande medlemer, og britane vona at dette skulle gje dei ein pølsepinne på

bålet som byrja brenna då tsaren vart styrta og revolusjonen tok til. Men slik

gjekk det ikkje. I staden fekk ein i Russland ein jødisk revolusjon mot den

jødiske tradisjonen – mot religionen, mot det innestengte livet som Sholem

Aleichum skildra, mot den middelalderske religionen. Og ikkje minst mot dei

juridiske hindra som hadde halde jødane fast i den vestlege delen av riket.

Først kom ein borgarkrig der dei kvite intervensjonsstyrkene spela på det

eldgamle hatet mot jødane i det framleis nokså føydale Ukraina. Dei verste

pogromane nokon gong skjedde desse åra. Mot desse intervensjonsstyrkane greip

unge jødar til våpen – dei russiske jødane kasta bønesjalet og greip til

geværet. I følgje Lenin var tilgangen på jødisk talent avgjerande i den

kritiske fasen av revolusjonen.

Jødar strøymde frå det jiddisktalande

kjernelandet, skaffa seg utdanning og var ein viktig del av eliten som bygde

den nye sovjetstaten. Frå ein bakgrunn i jødisk middelalder gjekk ein heil

generasjon jødar beinveges vidare til det sosialistiske framtidssamfunnet. Den

jødiske minoriteten i Sovjetunionen overtok stort sett den rolla som den tyske

minoriteten hadde hadd under tsaren: Som ein høgt utdanna elite med

nøkkelfunksjonar i samfunnsmaskineriet.

Det var ikkje berre i Russland at jødane

forlot ghettoen, religionen og fortida til fordel for det sosialistiske

framtidssamfunnet. Ungarn hadde i 1919 ein kort periode med ei kommunistisk

regjering under Bela Kun. Av 48 folkekommisærar i den ungarske

kommunistregjeringa var 30 jødar. Både regjeringssjef Kun og sjefen for den ungarske

tsjekaen, Tibor Szamuely, var jødar – det var den mest jødiske regjeringa i

verda mellom Bar Kochba og David Ben Gurion. Også i andre land var

kommunistrørsla sterkt prega av jødar – i land som Polen og USA var jødane

truleg i fleirtal.

Den valdsame oppslutninga kommunismen fekk

i jødiske miljø vart lagt merke til, og mellomkrigstida var full av ulike

konservative og reaksjonære rørsler som såg jødebolsjevikar i alle mørke

krokar. Den britiske eliten reagerte ved å halda fast på det vegvalet som var

gjort. Oppdemminga mot kommunismen var ein kamp om den ”internasjonale jødens

sjel”, og for å vinna denne kampen heldt Storbritannia fast ved løftet om ein

jødisk nasjonalheim. Mønsteret som etablerte seg på tjue- og trettitalet var at

dei som var sett til å administrera Palestina var på jakt etter meir balanse og

ein politikk som kunne forlika jøde og arabar i Palestina. Men kvar gong dei

kom med ein reform eller ei kvitbok vart dette skote ned av ein svært mektig

lobby i Whitehall. Jødane si stilling i Palestina var ikkje eit spørsmål for

lokale administratorar, det var storpolitikk på høgste nivå.

I heile denne perioden fungerte det

verdsomspennande systemet for jødisk gjensidig hjelp. Etter kvart vart USA

tyngdepunktet for dette systemet. Under første verdskrig samla amerikanske

jødar inn store summar som vart distribuert til krigsområda i Aust-Europa.

Etter revolusjonen i Russland spela jødiske nettverk ei viss rolle i

finansvesenet til det nye regimet. Det vart bygt eksklusive, jødiske jordbrukskoloniar i Sovjetunionen med

pengar samla inn i USA. Etterkvart byrja ein Palestina

å bli mottakar av større summar frå dette nettverket, med ”upolitiske” prosjekt

som det hebraiske universitetet i Jerusalem som salsargument i jødiske samfunn

som framleis var skeptiske til sionismen. Leiaren for sionismen i denne

perioden, Chaim Weizmann, var ein unik, visjonær politikar som greidde å gjera

det meste ut av spreidde ressursar og banda til dei leiande politikarane i

imperiet. Langsomt vart Palestina erobra for sionismen. Skritt for skritt vart

den jødiske religionen erobra for sionismen og imperiet. Og medan kommunistane

og dei ortodokse jødane framleis var motstandarar av sionismen, greidde

sionistane etterkvart å vinna hegemoni. Hjørnesteinen i dette hegemoniet var

den blandinga av britisk liberal tenkjing og sionisme som etter kvart vann

hegemoniet i Storbritannia.

Andre verdskrig

Den avgjerande kraftprøven vart andre

verdskrig. Det nazistiske regimet ville med vald og avskaffing av borgarrettar

”gjenoppretta” det dei såg på som ”tyske verdiar”. Jentene skulle tilbake til

kjøkenbenken, gutane skulle herdast til eventyr og militærteneste, jødane

skulle i første omgang tilbake til ghettoen. Alle dei tekniske og

kommunikasjonsmessige nyvinningane i den moderne verda vart sett inn for å

avskaffa dei fridomane som hadde skapt desse nyvinningane. Med propaganda og

terror vart ein heil nasjon disiplinert til eit vanvittig prosjekt der

jordbruksområda i austeuropa skulle bli til triveleg tysk bondebygd med

ølkneiper og bondegardar – medan dei slaviske innbyggjarane skulle svelta i hel

eller tena som slavar.

Folkemordet på jødar vart ein del av dette

prosjektet. Samstundes var alle jødiske elitar – både dei som sokna til den

liberale sionismen i vest, og dei som sokna til den kommunistiske i aust –

heilt sentrale i den krigsinnsatsen som knuste nazi-Tyskland. I Sovjetunionen

spela jødane ei viktig rolle i tryggjingspolitiet og leirsystemet. Den nye

tekniske eliten som sytte for at Sovjetunionen hadde tilgang til nokre av dei

beste våpensystema under andre verdskrig var i stor grad jødar som hadde nytta

dei sjansane den nye sovjetstaten gav til utdanning. Mange av dei mest kjende

propagandistane under krigen, som Ilja Ehrenburg, var jødar. Og jødar spela ei

viktig rolle i det etteretningsovertaket Sovjetunionen hadde, gjennom

spionringar som ”det raude orkester”.

Også i vest spela jødar ei liknande rolle.

I Storbritannia var det eit betydeleg jødisk innslag i dei organisasjonane som

knekte dei tyske kodane. Men den viktigaste oppgåva låg lenger vest. USA gjekk

inn i andre verdskrig med sterke nøytralitetslover og ei befolkning som på

tredvetalet hadde avslørt desinformasjonen som vart brukt for å få landet med i

den første krigen. Det var gjennom svært vanskeleg navigasjon at ein greidde å

navigera USA inn i krigen – frå destroyeravtalen via ”Cash and carry” til ”Lend

lease”. På vegen måtte den amerikanske isolasjonismen knusast. Ein allianse av

britisk etteretning, Rooseveltadministrasjonen, den anglofile eliten på austkysten

og den jødiske eliten greidde saman å få til dette. Jødiske nettverk som ”Anti

Defamation League”, jødiskeigde media, Hollywood og liknande var ein kritisk

del av denne innsatsen. Benjamin Ginsberg syner i ”How the Jews defeated

Hitler” korleis jødar spela ei heilt sentral rolle her. I ”Desperate

Deceptions” syner Thomas Mahl korleis det amerikanske folket i denne perioden

vart ført bak lyset av ein propagandakampanje organisert av britisk etteretning

– ei kampanje der amerikanske jødar var sentrale støttespelarar.

Vår tid

Etter sigeren mot Tyskland i 1945 kjem nok

ein litt uoversiktleg periode. Både imperiets liberale sionisme og Sovjetunionens

internasjonalisme freista mobilisera jødane som maktressurs. Sovjetunionen

anerkjente staten Israel, og etter sovjetisk påtrykk var det Tsjekkoslovakia

som vart Israels første våpenleverandør. Det organiserte, jødiske samfunnet i

USA pressa Truman til å godkjenna staten Israel på tvers av råda til sin eigen

utanriks- og forsvarsminister. Til gjengjeld berga sionistane valkampen til ein

upopulær president.Ein periode var Israel nærast alliert med Frankrike, og

krigen i 1967 vart i stor grad vunne med franske våpen. Men frå 1967 fram til i

dag har imperiet vorte meir og meir integrert som eit einskapleg militært, politisk,

økonomisk og ideologisk prosjekt. Det anglosionistiske imperiet er i dag ei

politisk eining, forsterka av satellittstatar i Europa og Asia som gjev

imperiet ideologisk legitimitet.

Dei sovjetiske jødane, som på trettitalet

var dei mest overtydde sovjetiske kommunistane, vart på femti- og sekstitalet

avantgarde for den nye, liberale dissidentrørsla. Etterkvart braut ideologien

som sovjetsystemet bygde på saman. Då den store privatiseringa kom, var det frå

den same jødiske minoriteten at det nye oligarkiet vart rekruttert. Av dei sju

sentrale oligarkane under Jeltsin, var seks jødar. Desse knytte nære band til

sine stammebrør i USA, og då Putin sytte for nasjonal kontroll med russiske

media vart dette møtt med sterke protestar frå amerikanske nykonservative, som

meinte oligarkane burde styra russiske media direkte.

I det anglosionistiske imperiet har trua

på Holocaust vorte offisiell ideologi, med straff for kjettarar. Studie av

”antisemittisme” har vorte akademisk vekstindustri, der det finst ein omfattande

og anakronistisk ideologi som kan fortelja deg ned i detaljar kva du korkje

skal seia eller meina om Guds utvalde folk – uavhengig av empiri. Likeeins har

det i eit par tiår vore storindustri med brunstempling av all politisk tenkjing

som ikkje følgjer liberal mainstream. I same periode har den vestlege

medieindustrien fått eit ekstremt konsentret eigarskap. Det er i stor grad tabu

å drøfta verknaden av at eigarane i desse monopola anten er sionistiske jødar,

eller ekstremt pro-israelske ikkjejødar av typen Rupert Murdock. Store delar av

makta i verda er for første gong sidan freden i Westfalen i ferd med å bli

samla under ein elite som tenkjer likt. Denne eliten er ikkje reint jødisk –

det jødiske innslaget er tydeleg under 50%. Men eliten er 100% sionistisk og

liberal, og vidarefører den totale intoleransen mot ukorrekt tenkjing som

alltid prega jødiske miljø.

Palestina er ikkje målet for sionismen.

Sionismen er berre ei av trussetningane i ideologien til dei elitane som no for

alvor siktar mot verdsmakt. Palestina er berre medgifta som britane gav til dei

jødiske elitane i USA på deira veg til hegemoni. Gods Own Country og Guds

utvalde folk er to sider av same sak: Dei trendsetjande elitane i vest trur

ikkje lenger på universelle verdiar og Kants kategoriske imperativ. Dei er

”unntaktsmenneske” som helst ser at dei kan styra verda etter unntakslover.

Men om Apollon er tvinga i kneståande, er

han ikkje knust. Det finst ei mengd med ideologiar, symbol og tradisjonar som

byggjer på tanken om menneskeleg brorskap. Merkur blir framleis rasande, anten

han møter hamar og sigd eller ein russisk kross. Men skal Apollon koma seg opp

frå kneståande, må han møta Merkur i det spelet merkur dominerer:

Informasjonsflyt. Ulike appolinske ideologiar må utveksla informasjon, dei må

forstå kvarandre, anerkjenna kvarandre – og ikkje bøyga seg for merkurs makt

til å demonisera. Merkur nyttar sitt globale informasjonsnettverk til å isolera

apollons søner, slik at Merkurs apostlar har overtaket i den avgjerande

augneblinken. Apollons søner og døtre er alt som er bunde til stad: Religion,

kollektiv organisering, stadbundne samfunn, patriotisme, levande arbeid,

naturressursar, jordbruk, kulturarv. Merkurs søner og døtre er pengar og

informasjonsflyt, avantgarde, internasjonale elitar, flåtemakt og luftmakt.

Merkur kan berre vinna gjennom å isolera og knusa Apollons søner ein for ein.

Det er i dette perspektivet vi må sjå

Putins Russland: Eit samfunn med svært mange feil og manglar, men med

tilstrekkeleg ryggrad til å stå oppreist andsynes imperiet. Slik sikrar

Russland at arven frå Westfalen blir vidareført: Det finst ein annan stad, ein

stad dit ein Snowden eller andre moderne kjettarar kan flykta. Imperiet sine

fangarmar når ikkje over alt.

Om ein bøyger seg for Merkurs spelereglar,

er ein dømt til å tapa dette spelet. Men det er ingen grunn til å gjera det. I

det moderne Palestina har Merkur laga eit utstillingsvindauga for sin

samfunnstanke. Den som vitjar stranda i Tel Aviv – og deretter stranda i Gaza –

kan sjå kva vi har i vente om den globale eliten får sett ut i livet sitt

samfunnsprosjekt. Staten Israel er eit ideologisk naudsynt prosjekt for den

globale, anglosionistiske eliten. Men staten Israel er også det veike punktet

til denne ideologien. Når det er små forhold, som i Noreg, er det også rimeleg

enkelt å få oversikt over dei elitenettverka som har som oppgåve å brennmerka

alle dei som utfordrar Merkurs spelereglar – anten det er Steigan og Myrdal

eller Linstad og underskrivne. ”Vepsen”, ”HL-senteret” og andre – med professor

Hagtvet som leiande profet. Ingen stader i verda ligg tilhøva så godt til rette

for å få denne jobben gjort. Og difor er det på tide å bretta opp ermene!

Og så må vi hugsa: Ingen ting i denne

verda er reindyrka – heller ikkje arketypane ”appolinsk” og ”merkuriansk”. Den

kommunistiske rørsla er eit utprega døme på ei rørsle som dyrkar appolinske

kvalitetar. Men det typiske, kommunistiske partiet: Eliteorganisasjonar som

vaktar ideologisk reinleik og lukka brorskap – er ein merkuriansk organisasjonsform.

Det merkurianske og det appolinske er ulike sider av det menneskelege. Både

sidene har ein viktig funksjon. Men verda vår er i ubalanse – og for å

gjenoppretta balansen må Apollon reisa seg frå kneståande.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt