Verdidebatt

Tankesmie i sentrum?

Regjeringas forslag til statsbudsjett er eit glimrande døme på slett politisk arbeid. Dette er bra for Noreg, og har allereide ført til eit synleg brot mellom KrF og regjeringa. Ein ting er så opplagt ideologisk blinde framlegg som kombinasjonen av å foreslå fjerning av formuesskatt i same budsjett som ein fjernar barnetillegg for uføre. Men når ein i tillegg råkar KrF med slike ting som kutt i stipend for internatbuarar (som råkar folkehøgskular), kutt i pressestøtte (som råkar Vårt Land og Dagen) og ei heil rad med liknande smådrops som knapt kan kallast noko anna enn direkte fiendtlege mot KrF byrjar mønsteret i norsk politikk å forandra seg. Og plutseleg er regjeringa ute på gyngande grunn.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Laurdagens Vårt Land inneheld forvitneleg lesnad, der den tyngste bjøllesauen – Helge Simonnes sjølv – vidarefører ein vendetta mot Kristin Clemet der han forsvarar og underbygg påstanden om at tankesmia Civitas kraftige engasjement mot formuesskatten kanskje også heng saman med kven som finansierer tankeproduksjonen.Og som han seier: «Blir budsjettfølelsene i Høyre så sterke fordi det skapes usikkerhet hos finansieringskildene?»

I tillegg til denne opne, giftige og fornøyelege vendettaen mellom Kristin Clemet og Helge Simonnes handlar hovudoppslaget i nyhendedelen om sinnet i KrFs landsstyre mot budsjettet.Alt prat om regjeringssamarbeid med dei blåblå er lagt daudt, og i staden blir det slept opp prøveballongar om å la «regjeringa fella seg sjølv». Den konservative, tidlegare misjonsgeneralen Karl Johan Halleråker i Hordaland ønskte i utgangspunktet å stå utanfor regjeringa, og meinte det heldt med ein samarbeidsavtale. Dette standpunktet meiner han no er styrka: «I regjering vil KrF bare bli en pyntegjenstand i kupeen. Vi vil mangle utsikten over skinnegangen». Også frå bibelbeltet – Rogaland og Vest-Agder – blir det meldt om stemningsskifte. Folk som tidlegare var positive til regjeringssamarbeid med dei blåblå meiner no partiet valde rett ved å bli ståande utanfor.

I praksis tyder alt dette at sentrum i norsk politikk er i ferd med å gjenoppstå. Eit av hovudformåla til Kristin Clemets «Civita» har heile tida vore å hindra eit sterkt og sjølvmedvite sentrum. Verkemidla har mellom anna vore nettverksbyggjing og nokså openlys smisking andsynes den unge kaderen i KrF. Men det elendige handverket til regjeringa kan brått syta for at nettverksbyggjinga her byrjar rakna. Det vil vera bra for Noreg, og bra for KrF.

Det finst framleis ein lagnadsfellesskap mellom KrF og sitjande regjering. Men denne fellesskapen heng no i nokre få trådar. Det er viktig at KrF er medviten om at vegen ut av alliansar ser annleis ut enn vegen inn i alliansar. På veg inn i alliansar kan ein kassera inn vinsten på hjartesaker som partiet er åleine om å profilera: Reservasjonsadgang, KRLE-faget og liknande. Men dette er av di ein skal selja alliansen innetter i sine eigne miljø. Eit brot er noko ein skal selja til veljarane utanfor partiet. Då er det særs viktig at ein bryt med ei regjering på ei sak der partiet blir talsmann for store veljargrupper andsynes eitt eller begge av dei store partia. Slik sett var Bondevik sin avgang på gasskraftsaka eksemplarisk. Det gav legitimitet, og sette opp brikkane for vidare spel. Stoltenbergregjeringa si lange, kostbare og mislukka satsing på «månelanding» på Mongstad handla mellom anna om eit forsøk på svara på Bondevik sitt eksemplariske politiske handverk i denne saka. Om KrF skal fella dei blåblå, må handverket vera av same kvalitet som Bondeviks første avgang.

Tenketanken Agenda  – ved Marte Gerhardsen – freistar utnytta turbulensen til å invitera til samarbeid mellom sosialdemokrati og kristendemokrati. Det er ein invitasjon som folk i KrF gjer klokt i å lesa, men som ikkje bør få noko tydeleg svar. For det KrF treng er ikkje først og fremst friarar, men eit sterkare feste for å få gjennomslag for eigen politikk. Uansett om KrF ser fram til politiske ekteskap den eine eller andre vegen, bør dei syta for at ein del medgift inngår i ein allianse. Det burde vera ein opplagt lærdom etter dei blåblå sitt framlegg til statsbudsjett denne hausten. At tankesmiene Agenda og Civita har sopass aktive roller i desse intrigane gjer det i tillegg ekstra synleg at det ikkje finst noko tilsvarande tankesmie i det politiske sentrum. Politikk er ofte ein kamp om å setja dagsorden. Burde ikkje dei to største partia i sentrum og dei miljøa som står bak desse sjøsetja ein konkurrent til Clemets Civita og Gerhardsens Agenda? Eit sterkare samarbeid mellom Senterpartiet og KrF er eit naturleg svar på regjeringas provokasjonar. Og om arbeider byrjar no, kan kanskje sentrum setja dagsordenen for stortingsvalet om tre år?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt