Verdidebatt

Kristendemokrati?

Underskrivne tilhøyrer knapt nok grunnfjellet i KrF, sjølv om eg røysta på partiet i siste Stortingsval. Eg reknar meg snarare for å vera ein slags protestveljar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg mista all entusiasme for det raudgrøne regjeringsprosjektet etter flykjøpet for nokre år sidan, og etter at dei raudgrøne bomba Libya tilbake til kaos og armod ønskte eg dei alt vondt. Ein har ikkje alt for mykje å velja i innanfor norsk politikk, og når KrF hadde ein sympatisk og klok politikar som Øyvind Håbrekke som førstemann på lista i fylket var valet i grunnen enkelt.

Men likevel: Eg ser på KrF frå ein viss avstand, og reknar meg for å stå eit stykke frå partiet i mange spørsmål. Likevel har eg alltid hatt ein viss sympati for KrF. Partiet har hatt ei eiga evne til å frå fram solide og folkelege polikarar som Jon Lilletun og Dagfinn Høybråten – politikarar med heilt andre eigenskapar enn dei broilerane som dominerer norsk politikk elles. Partiet er nokså påliteleg i spørsmål eg reknar som viktige: Ruspolitikk, velferdsstat, nynorsk og distriktspolitikk. I tillegg er KrF eit parti som urbane kulturradikalarar som Marie Simonsen elskar å hata. Berre det er grunn god nok til å syna litt hjartevarme mot ein partikultur som elles er litt framand for ein tidlegare AKP-ar med bakgrunn frå ein svært sosialdemokratisk industristad. Viktigast er nok likevel at KrF vil vera ein nøkkel til norsk politikk i åra som kjem. Difor følgjer eg med – avventande, men interessert.

Å vera sentralt plassert i politikken er ikkje noko udelt velsigning. For femten år sidan var KrF ei suksesshistorie, med Kjell Magne Bondevik som strateg bak ei tydeleg omleggjing av retninga på hovudfeltet i norsk politikk. Bondevik valde – heilt korrekt – å gå av på spørsmålet om utbyggjing av gasskraft. Historia har synt at det her var Bondevik og sentrumsregjeringa som hadde rett i sak, medan Arbeidarpartiet og Høgre tok feil. I tillegg synte dei fram den kremmarsjela som ligg djupt i båe parti. Bondeviks fall førde til ein kort periode med Stoltenbergregjering – fram til at Arbeidarpartiet fortent gjorde eitt av sine dårlegaste val. Bondevik braut samarbeidet i sentrum, og gjekk i regjering saman med det same Høgre som hadde felt han kort tid før. Og det var byrjinga på ein lang og seig nedtur som gjer at KrF mista mykje av den støtten partiet hadde bygt opp i tiåret før.

Der står saka no. KrF har – av opplagte grunnar – vorte støtteparti for ei Høgre/FrP-regjering som partiet knapt nok kunne unngå å gje støtte til, men som samstundes er partiets største problem. Det blir difor også – av like opplagte grunnar – sendt opp prøveballongar for å førebu partiet på eit mogleg samarbeid med Arbeidarpartiet etter neste val. Dette er krevjande politisk idrott for eit lite parti, og midt oppi denne turbulente eksistensen ikkje alt for langt unna sperregrensa har KrF sin fylkesleiar i Oslo, Erik Lunde, gjeve ut bok om kristendemokrati som ideologi. Det er ei bok i rette tid.

Lunde si bok handlar i liten grad om desse taktiske manøvrane i nær fortid, og det er ein styrke. I staden freistar Lunde å kartleggja fundamentet for ein kristendemokratisk politikk i eit breitt idehistorisk perspektiv. På ein lettleseleg og kunnskapsrik måte gjer han greie for tilhøvet mellom kristendom og statsmakt i vestleg idehistorie, der forståinga av det politiske blir utvikla frå dei greske klassikarane via Augustin og Thomas Aquinas fram til politisk filosofi i moderne tid. Dette er ei side av idehistoria som Lunde kan svært godt, og han evnar å formidla mykje og viktig kunnskap i eit lettfatteleg og lesarvenleg språk. Dette fører Lunde over i ei klårgjerande drøfing av tilhøvet mellom religion og politikk, og politikken sine grunnsteinar i menneskesyn, idear om sosial rettferd, fridom og folkestyre som er både klok og interessant. Lunde si breide tilnærming er eksemplarisk: Han er først og fremst oppteken av å setja politikkens daglege kamp, hestehandel og samarbeid inn i ei breid og berekraftig ideologisk og historisk råme. Boka kan med fordel lesast av alle som er interesserte i politikk og politisk ideologi – Erik Lunde kan si politiske idehistorie, og han er stø på handa når han går opp grensene for kristendemokratiet sitt politiske rom.

Men her er det på tide å nytta høvet til å nøsta opp nokre trådar der eg er kritisk til Lundes prosjekt. Lunde knyttar seg nokså tett opp til kontinentalt kristendemokrati. For kristendemokratiet som internasjonal rørsle er dette slektskapet naudsynt. Men kontinentalt kristendemokrati har likevel andre røter enn det norske folkepartiet, og er nært knytt til den katolske kyrkja. Her kjem Lunde noko ut av balanse. For ein intellektuell av Lundes type forstår eg godt at den katolske tradisjonen, med Thomas Aquinas, Vatikanet si formulering av ein katolsk sosialpolitikk og naturrettstenkjinga er interessant og tiltrekkande. Men KrF har andre røter, og Lunde gjer for liten innsats til å klårgjera desse – sjølv om han drøftar Luthers statssyn og andre politiske doktrinar i den lutherske tradisjonen. Hjå Lunde skjer det liksom ikkje så mykje i tida mellom Hans Nielsen Hauge og stiftinga av KrF. Eg er redd at Lunde her tek feil, og at desse er feila er viktig å retta opp om den ideologiske prosessen i KrF skal gje partiet den indre styrken dei vil ha bruk for i åra som kjem.

For KrF har særeigne norske røter, og partiet er i Noreg ein del av eit sterkt politisk sentrum – til skilnad frå dei katolske kristendemokratane sitt preg av høgreparti. Og sjølv om KrF vart skipa som eige parti først i 1933, var kristendemokratar heilt sentrale i skipinga av det politiske systemet i Noreg. Riksrettsvalet i 1884, og byggjinga av eit parlamentarisk demokrati der embedsmannsstaten kapitulerte for demokratiet utan maktbruk, er ei svært viktig hending i norsk historie. Og medan kontinentalt kristendemokrati vaks fram som eit forsvar av den tradisjonelle makta den katolske kyrkja hadde i samfunnet, var Lars Oftedal og lekmannsrørsla ein del av den breie koallisjonen som felte embedsmannsstaten. Men denne koallisjonen hadde svært sterke, indre spenningar – og då Oftedal nokre år seinare gjekk mot diktarløn til Kielland sette han i gang ein kløyvingsprosess som gjorde at Venstre i tiåra som følgde kom ut i stadig nye utgåver. Jakob Sverdrup sine forsøk på å få til demokratisering av embedsmannskyrkja gjennom å gje makt til lekmannsrørsla stranda i den same prosessen. I ein lang periode levde norsk kristendemokrati som ein fraksjon innanfor Venstre, heilt til nominasjonen i Hordaland i 1933 førde til kløyving.

Dette bakteppet er viktig å ha på plass. For dette konfliktfylte samlivet i Venstre har kasta lange skuggar. Kielland og dei andre skreiv sine nidportrett av Oftedal og oftedølane, Hamsun gjekk av skaftet i sin pamflett om same mann – og i ein lang periode er denne lekmannsrørsla det mest elska hatobjektet i den kulturradikale eliten i Noreg. Sjølv kjende eg berre Ronald Fangen gjennom dei kulturradikale sin omtale – og hadde inntrykk av at det dreidde seg om ein litt åndsfattig, dogmatisk og ubehjelpeleg forfattar. Til eg las «Kristendommen og vår tid», der eg møtte ein av mellomkrigstidas skarpaste politiske analysar – ein analyse som var tilstrekkeleg skarp til at Fangen hamna i okkupantane sitt fengsel. Og Fangen var ikkje åleine – under krigen var kyrkja nok politisk medviten til at ho gjennomførte nokre av dei mest omfattande og synlege protestane mot okkupasjonsregimet. Etter krigen hadde den kristne rørsla ei oppleving av å ha vorte sett på prøve – og kome frå det med ære. Det hadde ho god grunn til. Denne politiske sjølvtilliten gav løft til meiningsberande avis – Vårt Land – og til at det som hadde vore ei utbrytargruppe i Hordaland vart eit landsfemnande parti. Denne prosessen låg utanfor horisonten til den kulturradikale eliten i Oslo, og det nye partiet har til denne dag vore hatobjekt, omgjeve av vankunne og fordomar. I periodar der KrF har gjort jobben sin godt, har den same Oslo-eliten vore relativt desorientert når det gjeld kva som rører seg i norsk politikk. Under den første Bondevikregjeringa måtta du lesa Stavanger Aftenblad eller Bergens Tidende for å forstå kva som rørte seg i norsk politikk – Oslokommentariatet var desorientert og fanga i eigne sarkasmar, kunnskapsløyse og moralisme.

Dette folkepartiet, i opposisjon til norske maktsentra, er også ein del av arven til KrF. Medan kontinentalt kristendemokrati stod sentralt i skipinga av EF og seinare EU, har norsk kristendemokrati vore mellom kjernetroppane i EU-motstanden. Det vestlandske KrF utgjer eit stort, til tider dominerande parti i sine lokalmiljø. Når desse miljøa blir mobilisert og set dagsorden, som då Bondevik lanserte kontantstøtta på nittitalet, slær det gneistar av KrF.

Men dette har også ei anna side. Dei siste åra har det verka som om mykje av nytenkjinga i KrF har skjedd i det borgarlege austlandspartiet, medan det vestlandske folkepartiet har skote ned initiativ og nytenkjing som ikkje har har truffe kjerneveljarane vest for fjellet. Dette er eit destruktivt og farleg mønster for KrF. Eg trur ikkje reindyrking av det borgarlege «Matlary-KrF» har noko framtid i det norske politiske landskapet. Det er når det borgarlege samarbeidspartiet og det vestlandske folkepartiet greier å setja ein dagsorden som utlignar dei indre spenningane at KrF skjer som kvassast i norsk politikk. Og ver sikker – finn KrF denne oppskrifta, vil Marie Simonsen ausa sarkasmar over partiet i Dagbladet. Det er ikkje noko å vera redd for. Om KrF verkar for å vera eit fornuftig val for den som ønskjer sterkare familiar og lokalsamfunn, med ein fornuftig sosial profil, nøktern ruspolitikk og vedlikehald av velferdsstaten trur eg veljarane vil koma tilbake. Men det er ikkje som støtteparti for skattelette til dei rikaste og inntektsreduksjon til uføre med born at KrF når desse veljarane. Til neste val bør partiet difor gå til val på ei reindyrking av sin eigen profil – med sentrum som sin primære ståstad. Lunde si bok er eit godt utgangspunkt for dette. Men som sagt: Med litt for mykje preg av det borgarlege austlandspartiet. Om partiet greier få til gode prosessar innetter, og koma ut av posisjonskrigen mellom aust og vest, vil mykje vera gjort.

I bokas siste kapittel tek Erik Lunde for seg det kanskje viktigaste spørsmålet i tida som kjem – spørsmålet om krig og fred. Lunde er tydeleg ukomfortabel med krigføringa mot Libya, og skriv: «Å kjempe for det libyske folkets menneskerettigheter er i og for seg sympatisk, med det er ikkje en sak som rettferdiggjør bruk av militærmakt». Han tek for seg dei formelle veikskapane i Stortinget si handsaming av intervensjonen, men påstår feilaktig at den internasjonale operasjonen hadde «et solid mandat gjennom vedtaket i FNs sikkerhetsråd». Men vedtaket i FNs  tryggjingsråd var ikkje noko blankofullmakt til regimeskifte. At vi brukte vedtaket til meir enn det var verdt var meir enn noko anna opphavet til den mistilliten mellom Kreml og vest som denne våren har slege ut i open konflikt. Vi tøygde fullmakten frå tryggleiksrådet som gummistrikk, og etterlot oss ein øydelagt nasjon som den dag i dag er i ein marerittliknande borgarkrig mellom klanar, medan det som var Afrikas mest velståande nasjon i dag er tilbake i det kjende mønsteret av afrikansk kaos og armod som Lunde skildrar med innsikt elles i boka si. Det er bra at Lunde inviterer til systematisk tenkjing om krig i lys av kristent menneskesyn og vestleg politisk filosofi. Det er synd at kritikken til Lunde er litt halvhjarta og pinglete – her har Hanne Nabintu Herland og andre med utgangspunkt i eit kristent verdigrunnlag teke eit langt skarpare oppgjer med norsk politikk. Men om Lunde sin kritikk er noko halvvegs, så har den i alle fall riktig retning. Lunde drøftar desse spørsmåla i stort alvor, og peikar på korleis Ghadaffi sin appell om våpenkvile og den Afrikanske Union sin tingingsdelegasjon vart overkjørt av eit NATO som hadde det travelt med å bombinga. Krig og fred er for alvorleg til at ein kan overlata det til den mest tabloide diskusjonen – supplert med utveksling av SMS mellom dei parlamentariske leiarane. I desse spørsmåla kan eit ideologisk sterkt KrF spela ei viktig rolle i norsk politikk. Lunde inviterer her til ein viktig diskusjon innetter i partiet.

Alt i alt er Erik Lunde si bok interessant for folk som er interessert i politisk teori generelt, og kristendemokrati spesielt. Dei fleste vil finna noko av interesse i denne boka, som eg synest utgjer eit solid utgangspunkt for ideologisk diskusjon i KrF i tida frametter.

Erik Lunde: Kristendemokrati – et forsvar for det ufullkomne samfunnet. Frekk Forlag 2014. 270 s. inkludert noteapparat.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt