Verdidebatt

Human-etikar i Noreg men katolikk i Polen?

Trusamfunnslova har vorte ein tidstjuv. Ifrå departmentet side vert ho ikkje lenger praktisert etter intensjonen. Praktiseringa er – både i praksis og endå meir på papiret (sic!) – dels absurd. På tide å rydja opp.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dagbladet 17. oktober fortel at kommunikasjonssjefen i Human-Etisk Forbund, polskfødde Agnieszka Bryn, står oppførd i medlemsregisteret til Oslo katolske bispedøme.

Bryn er opprørd. OK, eg skjønar. Men samstundes ikkje: Vil ho vera human-etikar i Noreg men katolikk i Polen? Kva er den prinsippielle skilnaden mellom å flytta frå Polen til Noreg og å flytta frå Oslo til Trondheim? Kvifor ventar ho seg ein annan effekt av flytta til Noreg enn av å flytta frå Oslo til Trondheim?

Frekt spørsmål? OK. Men dersom det er bokstavtolkinga av trussamfunnslova ein er ute etter – og det er det Dagbladet-artikkelen fokuserer på, so er det ikkje noko i vegen for å vera katolikk i Polen men human-etikar i Noreg. Det er ei mistolking av lova å tru at lova er indifferent til om Bryn er katolikk i utlandet men human-etikar i Noreg. Det at Noreg ikkje kan føra kontroll med ekteskapsregisteret i Polen tyder ikkje at det er lov å vera gift med ein annan person i Noreg enn den ein er gift med i Polen. Frå Trusamfunnslova §7: «Ingen kan høyra til eit trudomssamfunn utan han dessutan fyller dei vilkåra som trudomssamfunnet set.»

Spørsmålet kan difor rettast til Human-Etisk Forbund: Godtek dei at folk er katolikkar i Polen men human-etikarar i Noreg?

Attest om utmelding pga flytting frå Oslo til Trondheim

Dagbladet snakkar om «Den katolske kirken i Norge».

Men Fylkesmannen i Oslo og Akershus har ikkje registerførd noko trusamfunn med det namnet. Derimot har han registerførd «Oslo katolske bispedømme». Dette «trusamfunnet» femner både om Sankt Paul i Bergen og Sankt Olav i Oslo. Sankt Olav i Trondheim, derimot, tilhøyrer Trondheim katolske bispedøme – eller Trondheim stift, som det offisielt heiter i registeret til Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

I tradisjonelle kyrkjer har det alltid vore geografien som avgjer kva for kyrkjelyd ein soknar til. Slik er det til dømes i Den norske kyrkja den dag i dag. So dersom Kjell Magne Bondevik hadde flytta frå Kolbotn til Trondheim, ville det ikkje fått noko å seia for medlemsskapsstatusen hans.

Og dersom katolikk Lars Roar Langslet hadde flytta etter, ville han – meir eller mindre automatisk – religiøs sett ha byrja å høyra til bispedømet for Trondheim. Men der sluttar likskapen mellom Bondevik og Langslet.

For slik Trussamfunnslova i dag vert tolka og praktisert av Departemenet, so er det fleire operasjonar som må til før Trondheim Stift kan motta stønad for den nye medlemen sin.:

  1. Fyrst hadde Langslet måtta meldt frå til Oslo katolske bispedøme om at han melder seg ut or «trussamfunnet».
  2. Deretter måtte Oslo katolske bispedøme ha gjeve Langslet ein attest om utmelding.
  3. Deretter kunne Langslet meldt seg inn i Trondheim Stift.
  4. Som då måtta ha utferda ein attest om innmelding til Langlset for dette.

For Trondheim Stift hadde ikkje hatt lov å byrja å rekna Langslet som medlem utan fyrst å informera han om dette. Slik er det. På papiret. Og, slik Depertamenet tolkar det, kan ikkje dei registeransvarlege i Trondheim stift og Oslo katolske bispedøme samarbeida om å få reinsa opp i medlemsregisteret. Heller ikkje kan dei dra nytte av Departementet sin årlege kontroll av registerera. For frå Departmentet si side er eit tilhøyr til eit trussamfunn noko privat og ein forstandar i eitt trussamfunn (Trondheim stift) har difor ikkje lov å få innsyn i kven som er med i eit anna trussamfunn (Oslo katolske bispedømme).

Det seier seg sjølv at dette er absurd. Det er jo snakk om same trusamfunn! Og det er vel lite truleg at Den katolske kyrkja kan praktisera eit slikt regime.

Trusamfunnslova vert ikkje lenger forstått

Er det nokon skilnad – religiøst eller sekulært – på det å flytta frå Polen til Noreg og det å flytta frå Oslo til Trondheim? Svaret er nei. Den sekulære skilnaden handlar berre om formalitetar. Medan den religiøse skilnaden ikkje finst: Jamvel om kyrkja alltid er lokal, kjenner ho ingen grenser og det same gjeld vel godt som alle andre trussamfunn – det er ikkje geografi som avgjer det religiøse tilhøyret ditt.

I dag kan det kan det sjå merkeleg ut at Den katolske kirke andsynes Trussamfunnslova er organisert i tre sjølvstendige trussamfunn – Oslo bispedømme, Trondheim bispedøme og Tromsø bispedøme. For i dag tenkjer me at sentralisering er det logiske. Men då Trussamfunnslova vart vedteken, var det eit mål at lova ikkje skulle binda samfunna opp til nokor serskild form for organisering. Dataregister var heller ikkje i vanleg bruk. Ein hadde lokale register – til dømes kyrkjebøker for kvar kyrkjelyd i Den norske kyrkja. Og ånda var at trusamfunna skulle gjera det på liknande vis som Den norske kyrkja: Departementet sytte for at trusamfunna kunne kjøpa seg medlemsprotokollar som likna mykje på kyrkjebøkene både i innhald og bruk. Protokollane skulle fyllast ut for hand. Og det var den nitidige føringa av protokollen som var grunnlag for registerføringa og som gjorde Staten trygg på at registra var nokonlunde rette. Dette er ei lov som vart til i før-datamaskin-Noreg. Dette var eit samfunn der det var handlingar — kyrkjelege handlingar og formelle prosedyrar (i motsetnad til raske trykk på tastaturet) – som danna grunnlaget for det meste.

I dag vert ikkje Trusamfunnslova lenger forstått. Heller ikkje Departmentet forstår henne eller teke hene på fullt alvor. Dagens fokus handlar einsidig om medlemsregister kopla til offentleg stønad. Serleg kampen dobbeltregistreringar, der ikkje minst Human-Etisk Forbund lenge har vore ivrige, pregar praktiseringa. Og det er jo det Bryn-saka òg handlar om – Bryn vil at Human-Etisk Forbund skal få statsstønad for henne, men so lenge ho står førd som medlem i Oslo katolske bispedømme, mottek korkje Oslo katolke bispedømme eller Human-Etisk Forbund nokon slik stønad.

Kombinert med til dagens datatilsynsreglar, fører praktiseringa av Trusamfunnslova til absurde resultat. Det er formelt og firkanta. «Personvern.» Men berre på papiret.

Med dagens praksis er einaste løysing for dei tri katolske bispedøma i Noreg at ein iallfal på papiret(!) slår seg saman til «Den katolske kirke i Norge». Men dermed har me hamna i den stoda at praksisen legg føringar på korleis trussamfunna bør organisera seg: Dei bør slå seg saman. Då vert det færre register og mindre tullball. Dette er det motsette av det Trusamfunnlova sjølv legg opp til: Organisasjonsfridom.

Kyrkjelova til føredøme

Den underliggjande tanken i Trussamfunnslova er at ein vert medlem gjenom eit religiøst ritual, noko som er ei eingongshinding i livet. Lova nemner ikkje noko om at flytting kan føra til at ein må få «attest om innmelding/utmelding».

Det som handlar om å at medlemen flyttar internt i Noreg (noko mange gjer fleire gonger gjennom livet) og dei verknadene dette skal ha for medlemsregistreringa når eller dersom trussamfunnet praktisk og formelt er delt opp i sjølvstendige trussamfunnseiningar (slik tilfelle er for Den katolske kyrkja i Noreg) er ikkje eit tema Trussamfunnslova dvelar ved.

Trussamfunnslova er på mange måtar ei slags ålmenngjering av tankane i Kyrkjelova, for alle trussamfunn. Og i Dnk er ikkje flytting noko problem. Dette er nok ein av grunnane til at lova ikkje dvelar ved flytteproblemet. Det er ein mangel ved lova at ho ikkje seier noko om fylgjene av at t.d. Den katolske kyrkja i Noreg er delt opp i ulike «trussamfunnseiningar». Lova vart dessutan til i god tid før «datamaskin» vart allemannseige – noko sentralregister tenkjer ho difor lite på. Trussamfunnslova er òg utforma lenge før dagens strenge (men uthola – so lenge det gjeld Statens innsyn) personvernkrav kom til.

Det er neppe råd å få til ei god løysing på medlemsregisterprobelmet med mindre iallfall nærståande trusamfunn fær høve til å samarbeida om registra. I det minste må lova og/eller forskrifta våga seia noko om korleis slike problem skal løysast slik at trusamfunna forstår korleis dei best mogeleg kan innretta seg.

Stutt sagt: Då trusssamfunnslova vart til var Noreg beint fram eit – på alle vis – meir stabilt og statisk samfunn enn i dag. Fram til 2005 spesifiserer Departementet at trussamfunna skal føra sine eigne «kyrkjebøker» – det stod i forskrifter og rundskriv kvar dei føreskrivne protokollar kunne kjøpast.

Kven bryr seg om desse protokollane i dag? Ikkje Departementet iallfall. Der er det berre dobbeltregistreringar dei bryr seg om.

Daude sjeler

Med omsyn til den konkrete saka, er eg samd med økonomisjef Pham Cong Thuan i Oslo katolske bispedømme når han til Dagbladet sa at det kan vera lurt å ta høgd for at det fanst grunnlag for registrering då dei tok Bryn inn i registeret. Det at ho ikkje har fått nokon attest om innmelding er ikkje nødvendigvis i strid med praktiseringa den gongen. Kva Departementet har sagt i 2012 endrar ikkje på dette.

Det er mogeleg at Oslo katolske bispedøme ikkje godt nok kan dokumentera frå kva dato dei har rekna henne som medlem. Til det er det å seia at når trusamfunna opplever at Departementet gjev litt blaffen lova og forskrift, vert dei usikre på kva som i røynda er gjeldande praksis.

I den nye forskrifta frå 2005 er papirprotokollkravet ikkje lenger med. Men likevel heiter det enno, i paragraf 11, at forstandar/prest skal føra register over kven som er «levende fødte og døde». Korleis skal dei få til desse opplysningane? Og kvifor skal dei ha med dette i registeret? Dette ter seg som ein uklår rest ifrå det gamle protokollregimet.

Når det gjeld vigslar – som ikkje påverkar medlemsregistger (før det vonleg vert born av det), so pålegg forskrifta trusamfunna å registrera «hvem som er ekteviet av menighetens prest eller forstander» når han/hun har vigselsmyndighet (jf. ekteskapsloven). Og det bør vera lett, all den tid trusamfunna sjølve er ansvarlege for vigsla. Men prest/forstandar er ikkje til stadar ved ei fødsle. Difor tykkjest kravet om å føra oversyn over fødde og daudfødde vanskeleg – å føra register over dette krev nær kontakt med medlemen og/eller hjelp frå offentlege register. Det er neppe mange trusamfunn som tek dette kravet alvorleg. Heller ikkje Human-Etisk Forbund.

Nye tolkingar eller ny lov?

Fødslenummer/Personnnumer vart innførd i 1964. Trussamfunslova, med tilhøyrande medlemsregisterkrav, vart innførd i 1969. Likevel nemner ikkje Trusamfunnslova nokon ting om fødselsnummer. Kanskje fordi personnummerpraksisen ikkje vart heimla i lov før 1970 då Folkeregisterlova kom.

I dag praktiserer Departemementet at det må føreliggja personnummer for alle medlemer eit trussamfunn krev stønad for. Dette er eit nytt krav sidan 2005. Kravet botnar dels i den høge innvandringa – som har gjort Departementet meir interessert i kontroll, og dels i trussamfunna og livssynsamfunna – ikkje minst Human-Etisk forbund – sitt fokus å få den offentlege stønaden dei har krav på.

Eg tilhøyrer dei som har svært låge forventningar til resultatet kvar gong politikarane – dagens politikarar – leflar med tru, livssyn, etikk. Eg er konservativ. Medan lovgjevarane ikkje berre er radikale. Dei er i stor grad indifferente.

Og Trussamfunnslova er ei god lov – ho har ein indre samanheng. Men i dag vert ho dårleg forstått. Med tanke på politikarforventningane mine, hadde det kan henda vore best å halda seg i ro. Men realiteten er at det i dag ikkje lenger er samanheng mellom slik Trussamfunnslova er utforma og slik ho vert praktisert. Departmentet har vorte meir og meir interessert i kontroll og mindre og mindre interesserte i prinsipp. Departemenet har dessutan vorte meir og meir interessert i å kunna vera indifferent og formalistisk.

Departementet har gjort Trussamfunnslova til ein tidstjuv: Departementet og trusamfunna – so vel som livsynssamfunna (les: HEF) – har ulike perspektiv på trussamfunnslovpraktiseringa. Det som krevst er at i det minste forskrifta vert gjenomgått på ny. Gjenomgangen må taka utgangspunkt i den trusamfunnsvenlege haldninga som kjem til utrykk i Trusamfunnslova. Lova er utforma i tiltru til trusamfunna. Lova er utforma utfrå interesse for trussamfunna. Det er diverre ikkje ånda i dagens praksis.

Men trusamfunna har òg ein veg å gå. Slik tilstanden er i dag, kjem det jamnlege drypp av påstandar om feil føring av registra, der serleg det eksplisitt religionskritiske samfunnet – Human-Etisk Forbund – yndar å få presseoppslag. Det er heile tida trusamfunna som vert sette i gapestokken. Diverre er dei fleste trusamfunn – serleg dei som i større eller mindre grad er «utanlandske» – lite flinke til å forsvara – eller forstå – rettane sine. Med mindre dei går meir aktivt inn i tolkinga av Trussamfunnslova og stiller krav til styresmaktene i staden for berre godta det som kjem, so kjem herjinga i media og andre stader berre til å halda fram.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt