Verdidebatt

Refleksjonar om NLM sitt bibelsyn

Norsk Luthersk Misjonssamband sitt rådsmøte har nyleg gjeve ei uttaling: "Vi kan stole på Bibelen". Det er grunn til å rose NLM for arbeidet. Her presenterer eg nokre konstruktive refleksjonar, og inviterer til dialog.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg vart bede av ein god ven om å presentere nokre refleksjonar om det nye dokumentet til NLM. Det fylgjer her. Dette er skrive raskt, og er meint som utprøvande refleksjonar, for å skape god og sunn og sanningssøkande dialog. Det er ikkje meint til å vere eit siste ord, og heller ikkje ei utfyllande vurdering av uttalinga. Lat meg så også seie at eg forstår kor vanskeleg og samansett dette spørsmålet om bibelsyn er - det er også innvevd med så mykje av sosialt, sosiologisk, kjenslemessig, identitetsmessig. Så eg håpar at dette innlegget kan takast i ei syskenleg ånd.

1. "Bibelen er Guds avsluttede åpenbaring"

Uttalinga byrjar med å vise til 2 Tim 3,16. Det er den mest sentrale "prinsipielle" teksten i NT om GT (NB, om GT, ikkje om "Bibelen", slik uttalinga seier). Så det er ein relevant tekst å ta fram. Så seiast det at GT er "fullt ut truverdig og påliteleg" også når det gjeld historiske hendingar. Her støyter vi på det fyrste store problemet i uttalinga. For denne utsegna er i strid med moderne historisk forskning. Eg skal gje ein del døme på dette. Målet er ikkje å  diskreditere bruken av forteljingane inn i kyrkjeleg kontekst. Tekstane har visdom, og er ein irredusibel del av kyrkjeleg tradisjon. Og meininga i tekstane er uansett til ein viss grad "flytande" utover i jødisk-kristen tradisjon, og er ikkje alltid bunde til historisitet. Her fylgjer døma - og ein kunne nemnt mange fleire:

- Skapinga skjedde ikkje fysisk slik GT seier, verken i Gen 1 eller Gen 2.

- Adam og Eva var ikkje dei fyrste menneska, og forteljinga om dei er i stor grad "etiologisk", dvs. vil forklare visse "features" ved naturen og samfunnet og menneskelivet.

- Noa eksisterte aldri, det var aldri ein global flod. Noa-forteljinga har røter i andre flodforteljingar frå omkringliggjande kulturar.

- Babelforteljinga skjedde aldri, og søkjer å forklare korleis alle språk vart til (men det skjedde ikkje slik).

- Abrahamsforteljingane har nok ein historisk kjerne, men det er problem med å seie at alt der er historisk.

- Exodus-forteljinga har mange mytiske trekk, og kan ikkje sameinast på det noverande tidspunkt, med arkeologiske utgravningar. Men det er godt mogleg at det finst ein historisk kjerne i Exodus-forteljinga.

- Arkeologien går sterkt imot historisiteten i Josvas bok.

- Kongebøkene og Krønikebøkene har ulike ideologiar og kan på mange punkt ikkje sameinast.

For alt dette, sjå til dømes John J Collins Introduction to the Hebrew Bible, eller James Kugel, How to read the Bible, eller Kenton Sparks, God's word in human words, med vidare referansar.

Er det lov å halde slike standpunkt i Misjonssambandet? Vil ein kanskje skjelne mellom ei offisiell haldning, som i dokumentet, og ei meir privat, som i undervisning, samtale, private standpunkt? Det kan eg på sett og vis ha forståing for, i så fall. Det må alltid vere spenning mellom offisielle standpunkt og private standpunkt. Men ja, offisielle standpunkt kan vel ikkje vere åpenbart problematiske og i klar strid med godt grunngjevne konklusjonar i vitskap.

Så nokre ord om overskrifta: "Bibelen er Guds avsluttede åpenbaring". Dette er ei problematisk overskrift. Har ein her vore i kontakt med den store og tunge debatten om "openberring" som pågjekk på 50-60-talet? Jfr. til dømes Pannenbergs arbeid, økumenisk dialog og - ikkje minst - Vaticanum II. Saka er at det aldri i Bibelen seiast at Bibelen er "Guds avsluttede åpenbaring", av den enkle grunn at Bibelen ikkje var fullført på bibelsk tid. "Openberring" er noko langt meir dynamisk og pluriformt, etter bibelsk forståing.

Vaticanum II konkluderte med at openberring er noko personleg - eit møte mellom Gud og mennesket. (Ein vendte seg bort frå eit meir "proposisjonelt" syn på openberring, dvs. at openberringa består av dogmatiske sanningar). Og dette kan skje på mange ulike vis, ikkje berre i Bibelen! Kort sagt er overskrifta problematisk, teologisk sett, og har eit fundamentalistisk trekk. Her kan eg anbefale James Barr sine arbeid, Pannenbergs Systematiske teologi, samt Gerard O'Collins kapittel om openberring, i "Rethinking Fundamental Theology."

Vidare: I det fyrste punktet seiast det at Bibelen peikar mot Kristus som frelsar, forsonar etc. Eit godt poeng. Eg trur dette må vere den mest fruktbare vegen vidare. Å reflektere over korleis Bibelen framfor alt peikar mot Kristus, og skaper tru på han og etterfylgjing av han. Så seiast det at tilliten til Bibelen ikkje må svekkast. Til dette må eg fyrst seie at - vel - problemet er ikkje berre "vår tillit" her, problemet her er moderne kunnskap som skaper problema, dvs. som gjer at vi ikkje lenger kan halde eit "absolutt konservativt" bibelsyn. Merk: Kunnskap, ikkje berre personlege meiningar el. l. Vi kjem altså ikkje unna desse tinga, dvs. revisjonen av bibelsynet frå tidlegare generasjonar. Det gjer heller ikkje NLM. Wisløff-bibelsynet kan ikkje takle dei moderne problemstillingane på tenleg vis.

Til stønad for at vi skal ha tillit til Bibelen, siterast 1 Tess 2,13, og like eins Gal 1,11. Men desse tekstane seier ingenting direkte om "Bibelen". Båe tekstar siktar eksplisitt til "evangeliet", dvs. bodskapen om at Jesus er konge og Herre, og at han har døydd og stått opp til vår frelse. Bibelen eksisterte ikkje på dette tidspunktet. NT var verken fullført eller samla, og tekstane talar uansett ikkje om GT. Her, som ved dei andre nemnte punkta ovanfor, om openberring og historisitet, så er det problematiske sider ved uttalinga. Men så lenge ein held ein levande dialog i gang, er ikkje dette så farleg. Ein må rekne med at det skjer feil og revisjonar i den teologiske prosessen.

2 "Vår Bibeltolkning er ikke ufeilbarlig"

Ein vektlegg at vi har forforståingar, og at våre tolkningar ikkje er ufeilbarlege. Dette er ein god og fruktbar veg vidare. Flott. Eg er glad for at dette understrekast, og dette er ein vesentleg innsikt frå moderne hermeneutikk. Så seiast det at, difor kan vi ikkje korrigere Bibelen, men Bibelen må korrigere oss. Dette høyrast godt og fromt ut, men det har sine problem, reint kunnskapsmessig. Her er det verkeleg ei spenning mellom autoritetstekstar i Bibelen sjølv, pdes., og vår forståingshorisont pdas. Her er Pannenbergs "Crisis of Scripture Principle" god, samt hans band 1 i den systematiske teologien.

Poenget er at den moderne forståingshorisonten er langt vidare enn Bibelens, og ikkje så sjeldan er det spenningar og konfliktar her også, mellom moderne kunnskap og Bibelens påstandar. Så jamvel om Bibelen kan insistere på at vi skal underkaste oss bibeltekstar, så kan vi rett og slett ikkje alltid gjere det, i ljos av vår forståingshorisont. Ta nokre enkle døme: GT operer ofte med ei antikk røyndomsforståing: Jorda kviler på søyler og er ein flat disk, og over oss er det eit hav. Skal denne røyndomsforståinga korrigere vår? Er det umogleg for oss å korrigere denne røyndomsforståinga?

Ta Paulus' og Jesus' bruk av tekstar om Adam og Eva, som dei etter alt å døme såg som historiske personar (sjå Enns, Evolution of Adam). Er vi bundne av desse tekstane til å korrigere moderne antropologi, genetikk og evolusjonsbiologi? Eller er det ikkje omvendt, at moderne naturvitskap her representerer eit betre og meir informert perspektiv enn Bibelens tekstar? Og at desse tekstane - ja - skal vere med i kyrkja og forkynninga, men ikkje på ein naiv og ukritisk måte?

3 "Samtidig Guds ord og menneskeord"

Jesus var sann Gud og sant menneske. Bibelen er både Guds ord og menneskeord. Denne parallellen har vorte populær i nyare tid, og takast også fram her. Og vi finn han hjå kyrkjefedrane. Han har også fått ein del kritisk gjennomtenking; det er ein god analogi, men han er ikkje fullkomen. Personleg tykkjer eg imidlertid at dette er ein veldig fruktbar veg å undersøke vidare. Sparks poengterer til dømes at inkarnasjonen kan vere ei mogleg løysing på historisme-problemet. Dette var tilfelle for Gadamer, til dømes. Slik Gud er til stades i Jesus Kristus, i historia, slik kan også Gud vere til stades i kyrkjas tradisjon og tekstar, jamvel om dei er irredusibelt innvevde med kultur, historie etc.

Det understrekast at det tillatast "visse nyansar" i synet på Bibelens ufeilbarlegheit. Personleg ser eg tanken om at Bibelen er "ufeilbar" i alle ting, som heilt uhaldbar, og påviseleg så. Men dette er ein djup arv i kyrkjas historie. Augustin og Luther, til dømes, insisterte på at Skrifta var heilt ufeilbar, og dette var eit heilt vanleg og ortodokst standpunkt. (Men korleis dette vart "casha ut" i konkrete tolkningar, kunne variere mykje!) Så eg forstår at dette sit djupt også i NLM. Men det er fint at ein i det minste opnar opp for meir fleksibilitet. Så seiast det at Bibelen skal vere autoritet for lære og liv. Det er ei rund formulering som nok alle kristne vil skrive under på.

4 "Bibelen er enhetlig"

Det understrekast at Bibelen må lesast i ljos av Kristus. Dette er fint, tykkjer eg. Det var eit vesentleg anliggende både i NT og oldkyrkja. Det er eit poeng Peder Solberg ved NLA, til dømes, også har understreka mykje i det siste. Så seiast det at "Bibelen er enhetlig og klar". Vel. Med veldig velvillig tolkning kan ein kanskje gå med på det. Men eg trur ikkje dette er meint til å tolkast så velvillig. Eg trur nok her at ein rett og slett ikkje er klar over dei mange og store problema her, i moderne GT-forskning.

Ei god innføring gjev den evangelikale John Goldingay i boka Theological diversity and the authority of the OT. Sjå også Peter Enns' Inspiration and Incarnation. Her er verkeleg ein god del spenningar og ulike perspektiv, gjennom kanon, i til dømes menneskesyn, frelsesforståingar, gudsforståingar og anna. Men uttalinga seier at kvar tekst må forståast i eit heilbibelsk perspektiv, og det høyrest bra ut for meg. (For meir om denne tematikken, sjå særleg James Barrs The concept of biblical theology.

5 "Bibelen som øverste autoritet"

Ideologiar, allmennetiske refleksjonar eller andelege openberringar skal ikkje kunne overprøve Bibelen, seiast det. Dette er eit anliggende som NLM har felles med mykje av kyrkjas tradisjon. Og samstundes er det ein fundamentalistisk "streak" her. For: Om vel kyrkjas tradisjon ikkje har nedvurdert Bibelens autoritet, så har ein likevel frå dag éin søkt å sameine Bibelen med andre kunnskapskjelder! Ein fin studie om dette er Henri de Lubacs bok "Catholicism", samt Barrs "Biblical faith and natural theology".

Det ligg i sjølve ordet "katolsk" eller "allmenn": Kyrkja famnar alle folk, alle kulturar, all sanning etc. (Dersom NLM ynskjer å stå for den apostoliske vedkjenninga, må også dei ha dette som mål! Ei vanskeleg oppgåve, må det innrømmast - eit kyrkjesamfunn kan ikkje klare det åleine.) Difor søkte til dømes kyrkjefedrane å sameine evangeliet med gresk-romersk tenking og moral. Og bibelforståinga vart "subtly" forandra i sjølve prosessen.

Med andre ord: Det kan ikkje vere nok, for kyrkja, å berre halde fram Bibelen og dens tekstar som autoritet, som om dette var "nok" i den systematiske prosessen. For øvrig peikar eg igjen mot det eg sa ovanfor, om Pannenberg: I moderniteten kan vi ikkje lenger berre gå ut frå - a priori - at bibeltekstane er sanne, til å stole på, autoritative etc. Til det har Bibelens tekstar vorte svekka såpass mykje av moderne kunnskap.

Det trengst andre metodar, ein slags "negotiating of the whole", som Kenton Sparks understrekar i den framifrå boka "Sacred Word, Broken Word". Dvs. å involvere også andre kunnskapskjelder inn i den systematiske prosessen, og ha sanning som eit kontinuerleg mål.

Avslutninga

Uttalinga avsluttar med å understreke at bibeltruskap ikkje berre kan vere eit teoretisk anliggjande. No er eg sjølv kritisk til å trekke fram forfylgte kristne som eit slags "trumfkort" som kan setje til side moderne vitskap og moderne forskning på Bibelen. Men poenget er likevel viktig: Det er tru, von og kjærleik som er det viktigaste. Kjærleik til Gud, og kjærleik til nesten. Dette må vere målet som vår bibelbruk siktar mot.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt