Verdidebatt

Multikultur - på dagsorden først no?

VL skriv at Jahn Otto Johansen har sett eit viktig tema på dagsorden på ein måte som engasjerer mange. Men kva er eigentleg nytt?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Då Jahn Otto Johansen for tre dagar sidan publiserte innlegget "Farvel til multikultur" på Verdidebatt, undrast eg på korleis media ville reagere. No har vi iallfall fått ein slags respons frå Vårt Land, som på leiarplass skriv: "Jahn Otto Johansen har gjort det igjen. Han har satt et viktig tema på dagsorden på en måte som engasjerer mange." Eg har sjølv i ein kommentar takka Johansen for det han skreiv, men som grunnlag for ein seriøs debatt om innvandring og integrering er ikkje hans kortfatta artikkel spesielt verdifull eller banebrytande. Ein kan lure på kvar leiarskribenten har vore dei siste tjue åra, når han skriv som om temaet først no er sett på dagsorden. På desse åra har ei rekkje svært kvalifiserte skribentar gitt ut bøker om innvandring og integrering, som naturleg nok er langt grundigare og inneheld tusen gonger meir av dokumentasjon og informasjon. Eg skal nemne nokre som eg kjenner til, og det er sjølvsagt berre eit lite utval.

Magnhild Ullsvik Hansteen gav ut boka "Norge for alle?" alt i 1987. På grunnlag av avisartiklar, offentlege utgreiingar, partiprogram og opinionsundersøkingar skriv ho om korleis den pakistanske innvandringa starta kring 1970 og politiske og folkelege reaksjonar på denne.

Per Bakke og Per Sevaldsen var redaktørar for "Innvandring - fakta og problemer" (AdNotan Gyldendal) frå 1993.

I 1995 skreiv Unni Wikan "Mot en ny underklasse. Innvandring, kultur og integrasjon".

Inger Lise Liens "Ordet som stempler djevelen. Holdninger blant pakistanere og nordmenn" (Aventura) er frå 1997.

Sigurd Skirbekk sitt forfattarskap er særmerkt både ved høg kvalitet og stor kvantitet. I boka som Bakke/Sevaldsen redigerte, hadde han i 1993 artikkelen "'Rasisme' - avsløring eller tilsløring". I 1996 skreiv han artikkelen "Innvandringsdebatten; sosiologi og utopi".

"Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre" kom så i 1999. I 2003 redigerte han "Gode formål - gale følger? Kritisk lys på norsk innvandringspolitikk" (Cappelen) saman med Ottar Brox og Tore Lindbekk.Denne boka er ein svært god introduksjon til mange av problema knytt til innvandring, fordi ho både er grundig og lettlesen. Alle forfattarane har dessutan stor fagleg tyngde og truverd.

"Nasjonalstaten. Velferdsstatens grunnlag" gav Skirbekk ut i 2008 og "Motforestillinger" i 2012. Alle bøkene er omtala på Skirbekks heimeside.

Hege Storhaug har også gitt ut ei rekkje framifrå bøker: På Aschehoug kom "Mashalla - en reise blant kvinner i Pakistan" i 1996 og "Hellig tvang - unge norske muslimer om kjærlighet og ekteskap" i 1998. Seinare har ho m.a. skrive:

"Feminin integrering. Utfordringer i et fleretnisk samfunn" (2003)

"Men størst av alt er friheten. Om innvandringens konsekvenser"(2006)

"Tilslørt. Avslørt. Et oppgjør med norsk naivisme"(2007)

"Rundlurt . Om innvandring og islam i Norge"(2009)

Som informasjonsleiar i Human Right Service har ho delteke svært aktivt i innvandrings- og integrasjonsdebatten i ei årrekkje. Saman med Rita Karlsen har ho drifta nettstaden til HRS, rights.no, og gitt ut fleire omfattande utgreiingar om m.a. demografi og økonomi.

Hallgrim Berg var i 1991 delegat til Europarådets parlamentarikarforsamling i Strasbourg, der han deltok i debatten om "Den islamske sivilisasjons bidrag til europeisk kultur". Med slik bakgrunn har han betre grunnlag enn dei fleste for å skrive m.a. om debatten og vedtaka då, noko han har gjort i bøkene "Amerikabrevet: Europa i fare" frå 2007 og "Demokrati eller islamisme. Europa under islam?" frå 2013. Denne siste har eg ikkje lese.

Jon Hustad har i boka "Farvel Norge" (Dreyer 2013) skrive om velferdsstatens framtidige kollaps, der han viser at innvandring er ei av hovudårsakene til at det vil gå slik. Men ein treng ikkje vere særleg opposisjonell for å påstå noko slikt. På grunnlag av utgreiingar som regjering og Storting har bedt om, har eg sjølv skrive innlegget "Innvandring og økonomi", som gjev att faktagrunnlaget og premissane for at velferdsstaten vil mangle finansiering i framtida.

Boka "Selvmordsparadigmet" til Ole Jørgen Anfindsen er eit oppgjer med dei som ikkje talar sant, men held seg til utopiar, som mykje av innvandringspolitikken og -diskusjonen er basert på.

Det går ikkje an å liste opp kritikarar av norsk innvandringspolitikk utan å nemne Hans Rustad og document.no, nettstaden der ei rekkje flinke skribentar bidreg med analysar og kommentarar.

Nabolanda våre, Sverike og Danmark, skil seg frå Noreg på kvar sin måte i dette ordskiftet. I Sverike har det vore langt meir undertrykt, slik det kjem fram i eit par boktitlar derifrå: John Järvenpää skreiv i 2006 boka "Politisk korrekthet. Likriktning, åsiktsförtryck og dikotomisering." og Arnstberg & Sandelin kom i fjor med "Invandring och mörkleggning. En saklig rapport från en förryckt tid."

I Danmark har det vore ein opnare debatt enn her til lands, også i pressa, og m.a. Kai Sørlander og Karen Jespersen/Ralf Pittelkow har skrive fleire gode bøker.

Men også i norsk presse finst det journalistar som vågar å skrive det som sant er, sjølv om det kostar. Journalistane Haakaas og Sæter i Aftenposten fekk i 2007 SKUP-prisen for reportasjane om drosjejukset i Oslo. I 2010 kom boka deira, "Svindel utan grenser". Kvar tredje pakistanske mann i Oslo mellom 18 og 70 år var involvert. Og i same avis stod i 2003 forklaringa på korleis 3000 pakistanske arbeidsinnvandrarar kunne 10-doble seg på få år etter at innvandringsstoppen var vedteken i 1975.

Det nye er ikkje det Johansen skriv, men at nettopp han skriv det

Når Vårt Land no skriv som om alt dette var ukjent, kan det vere fordi avisa meiner det er måten Johansen har skrive på som er så bra og epokegjerande. Men heller ikkje det kan stemme, for det er inga nyheit at Merkel, Cameron og Sarkozy (og no også Hollande) meiner at multikultur ikkje er ein farbar veg for landa dei leier. Og Johansens anekdotiske historier om møte med ein somaliar og ei legevakt overfylt av innvandrarar, ville blitt avvist som nettopp det, viss det var ein annan som skreiv det. Det nye er at ein nestor innan norsk journalistikk seier noko slikt, og det ein som slett ikkje er provinsiell, men har budd i metropolane Moskva, Washington og Berlin mykje av sitt vaksne liv.

Toler velferdsstaten belastninga ved innvandring eller gjer han det ikkje?

Men Vårt Land tek ikkje eingong Jahn Otto Johansen alvorleg. Avisa strekkjer seg til å seie at han "har et poeng" når han siterer økonomar som seier velferdsstaten ikkje toler belastninga ved innvandring, og prøver dessutan å vri Merkels ord slik at dei kan tolkast som eit argument mot dette. Vårt Land skriv vidare at "debatten fremover må konsentrere seg om hvordan integreringen av innvandrere må fungere", som om vi einsidig kan bestemme dette og det uavhengig av arten og omfanget av innvandringa.

Er det realisme i tanken om at folk kan flytte og busetje seg kvar på jorda dei vil?

Men aller mest merkeleg er det at leiarskribenten to gonger viser til Njål Kristiansens formuleringar om at "verden har alltid vært multikulturell" og at løysinga på integrasjonsproblema er "utdanning slik at de (dvs innvandrarane) kommer videre i livet med jobber som gir bærekraft for et vellykket liv". Det første er lite presist og det siste er eit fromt ønske, som alle kan einast om og som har vore offisiell, norsk politikk i alle år. Eit samandrag av fleire kommentarar, m.a. denne og denne, har VL har teke inn i papiravisa i dag, og der skriv Kristiansen at

"multikultur handler først og fremst om retten til å bosette seg der man vil..(..) Det må være en internasjonal rett å bosette seg der hvor man er i stand til  skape seg et liv og virke med trygghet, vekst, utvikling og velferd for seg og sine. Nasjonsgrenser kan ikke alltid definere hvor man skal bo. Den enkeltes behov må gå foran statens."

Dette er så grenselaust naivt, radikalt og urealistisk at ikkje eingong dei mest innvandringsliberale partia, SV, V og KrF, ville kunne gå god for det. Synest verkeleg Vårt Land dette er seriøst?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt