Verdidebatt

Den som har ei bestemor å reise til, er rik.

Som lita jente var ei av mine lune havner i livet, bestemor. Ho er død no, men om eg lukker augo kan eg enda fornemme lukta av dei gode klemmane og synet av det varme og gode smilet hennar.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg trur aldri at bestemor hadde det travelt.I alle fall føltes det ikkje slik for ein liten jentunge. Ho hadde alltid tid til ein prat, alltid eit ledig fang. Så rik eg var, som hadde ei slik bestemor!

Frå mine første barneår lærte eg at rikdom ikkje kan målast i pengar. Eg fekk meisla inn at det som verkeleg betydde noko var å ha nokon som elska ein over alt på jord. Og viktigare enn jordisk gods og gull, var venner og familie som står med ein i tjukt og tynt. Derfor har eg heller aldri kjent meg aleine når kriser står på. Det er alltid ei mor eller ein far, eller ei tante for den slags skuld som sender varme tankar og viser omsorg. Det er slikt som ikkje vert målt i pengar.

Eg var aldri i Syden som lita jente. Eg var heller aldri i Legoland eller i Disneyland. Ein gong var vi i dyreparken i Kristiansand. Då var eg fylt 12. Det var dagen eg fekk mensen, og ikkje kunne bade, det er kanskje difor eg ikkje har så gode minner frå den dagen. Derimot har eg gode minner frå den sommaren om ein tur på ei sandstrand ein sein kveld. Mamma, pappa, eg og bror min på tur. Bare tær i varm sand. Livet var godt å leve då.

Min barndom var fylt med båtturar, svarte pølser spidda på bål, turar til bestemor og leirar for å nemne noko. Min barndom var fylt av krabbelysing òg, sjølv om eg trur at eg berre var med på det ein gong. Men mest av alt var min barndom full av vaksne som hadde tid og som brydde seg om meg. Små glimt av lykke. Eg hadde aldri noko voldsomt å fortelje då eg kom attende til skulen om hausten. For då som no var det gjeve noko større enn det eg kunne skilte med. Men i dag ville eg ikkje bytta min barndom mot noko i denne verda. Eg var elska av nokon. Det har blitt min rikdom meir enn noko anna.

Det er vanskelegare no, når store deler av det norske folk har pengar til cruise og turar over Atlanteren. Ikkje berre ein utanlandstur i året, men gjerne både to og tre. Og ikkje noko gale med det i seg sjølv. Når ungane kjem attende etter endt sommarferie er det ikkje så lett for den som skamfull ”berre” har vore hos bestemor i ferien. Men er det verkeleg ”berre”? Kven definerer kva som er ”berre”, om ikkje det er vi vaksne? Kor tid skal vi tørre å verdsette dei verdiane som er varige og som ikkje ein kan svi av med eit bankkort?

For heldige er det som har ei bestemor å reise til! Ikkje alle har det. Mange besteforeldre er så travelt opptekne av si eiga sjølvrealisering at dei ikkje maktar å vere nokon barnebarna kan reise til. Det er heller ikkje i alle familiar at ein har det godt i lag, av ulike grunnar.

Å ha ei bestemor å reise til, vitnar om rikdom av viktigaste sort. For om eg tenkjer tilbake til eigen barndom er det dei gode stundene med dei som elska meg over alt på jord som verkeleg sette spor i mitt lille barnesinn. Varmeflaska som bestemor la i senga mi, då ho las frå ”barna i Bakkebygrenda og lo så ho nesten mista gebisset, dei varme brødskivene som vi fekk ete alt vi makta av, det lune kjøkenet der vi fekk teikne og male alt vi ville, forteljingane ho fortalte frå sin eigen barndom, stundene med bestefar når han agna lina si, den gongen bestemor inviterte til sirkus på låven og spela hellasmusikk på kasettspelaren til bror min si sjonglering. (Bestemor var nemleg i Hellas ein gong på ferie. Det var så stort, at vi ungane levde på det i lange tider etterpå.) Det er slike små verdifulle stunder som har gjort meg til den eg er. Det er slikt ein ikkje kan kjøpe for pengar.

Vi vaksne må slutte å skamme oss over feriane hos bestemor. Å telte i marka, eller vie kvelden til brettspel er heller ikkje å forakte. Å sykle seg ein tur, spytte morellsteinar frå ein kaikant, og sykle heimatt, kan òg vere lykke. Som min son på 13 sa over eit kveldsbål i strandkanten, der familien var samla rundt og grilla pinnebrød og ananas: ”Dette er det beste som finst!” Lykka, den kostar eigentleg ingenting.

Vi har fattige barn i Norge i dag, som ikkje kan gå i barnebursdagar eller vere med på fritidsaktivitetar, eller ete middag kvar dag. Det er kjempetrist. Men å ikkje ha råd til å reise på dyre feriar, kan vel ikkje vere fattigdom? Den største og mest alvorlege fattigdomsproblematikken vi har i landet vårt i dag handlar mest om mangel på gode relasjonar, den handlar om vaksne som aldri har tid, foreldre som ikkje maktar vere til stades for sine eigne barn og om ungdomar som ikkje har nokon å snakke med når livet er tøft.

Derfor er turen til bestemor så viktig og verdifull. Heldige og rike er dei ungane som kan reise dit. For om ein kan kjenne at livet er vanskeleg, vil dei i det minste vite at dei har nokon som bryr seg, nokon dei kan reise til og kvile ut hos, nokon som har tid til å sjå dei. Det kallar eg ekte rikdom.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt