Verdidebatt

Ukrainske, religiøse sceneskift i politikken

Nokre scenebileete for å forstå den religiøse dimensjonen av konflikten i Ukraina. Den nasjonalistiske sida arbeider for å å ei, einaste, nasjonal, ukrainsk gresk-ortodoks kyrkje. Begge sider i politikken driv med ein religiøs utestengingsleik.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Her er tri scener i soga åt dagens Ukraina:

År 987. Fyrst Vladimir let landet døypa

Den som anten interesserer seg for soga åt den gresk-ortodokse kyrkja eller for aust-europeisk historie, kan vanskeleg sleppa under forteljinga om korleis landet vart kristna: Det var fyrst Vladimir av Kiev som sendte ut ein undersøkjingskommisjon for å sjekka kva slag tru som var mest attraktiv. Etter å ha forkasta islam, jødedom og den romersk-katolske kyrkja, enda dei opp med å verta gresk-ortodokse fordi gudstenestene  hjå oss gresk-ortodkse var so flotte at dei ikkje visste «om dei var i himmelen eller på jorda».

Men kva for eit land var det som vart kristna? Var det Russland? Nei. Var det Ukraina? Nei. Det var «Rus». Eller Kiev-Rus., som det òg vert kalla, ettersom hovudstaden låg i Kiev.

For den som tilnærmar seg komplekset «i det store og i det heile» er ikkje dette so nøye. Difor seier ein gjerne stundom at Vlaidimir døypte Russland. Og — ja — ein kan stundom tenkja på Ukraina og Kviterussland som «Russland» — det høyrde jo til det russiske imperiet.

Dagens russiske leiarskap har frå den synsvinkelen som tidlegare var gjengs – òg her i Noreg — heilt rett i at Kiev er mor åt alle russiske byar.

Men – akk – dette er ikkje alle (lenger) samde i.

Sommaren 2013: President Janukovitsj arrangerer 1025-årsjubileum for fyrst Vladimirs dåp.

Om fem år er det 1025 år sidan Noreg vart kristna, utan at noko stort jubileum er på veg. Då var det annleis med 1025-årsjubileet for fyrst Vladimirs dåp. Dette var eit statleg, offisielt jubileum i Ukraina.

Men kven skulle vera gjester? Jau, då kom dei, alle gresk-ortodokse overhovud i verda, med patriarken av Moskva, Kiril, i spissen. Sansynlegvis var det også katolske representantar til stadar.

Men kven måtte ikkje få lov å vera gjester?

Jau, i allfall ikkje patriarken av Kiev, Filaret. RadioSvoboda.org: «dei som er vil vera med patriark av Kiev, Filaret, får ikkje vera med på jubileet», sa patriarken av Moskva, medan Kievpatriarken repliserte: «Det var dåpen av Rus åt Kiev, og ikkje (Rus) åt Moskva, Moskva fanst ikkje på den tid».

Det er berre det at Kievpatriarkaet etter kvart byrjar å verta ei nokso stor kyrkjeleg eining i Ukraina, og partiet til Julia Timosjenko er mellom dei som sterkast hegnar om Kievpatriarkatet.

Det å lata ute Kievpatriarkatet var soleis å lata ute mange folk, medrekna mange i den politiske eliten. Legg til dette at president Janukovitsj greidde å få ein domstol til å gjort ugyldig den offisielle, nasjonale heltestatusen til ukraina-katolikken Stepan Bandera – dermed omgjorde han eit nasjonalistisk vedtak – med religiøse overtonar – vedteke av den førre presidenten, Jusjenko.

Eg mistenkjer at medlem i Moskvapatrarkatet, Janukovitsj, ikkje ynskte å opptre så firkanta som situasjonen kravde. Trass alt er det fleire foto med (tilfeldige) møte mellom Filaret og Janukovitsj på netstaden åt Kievpatriarkatet. Og måten Janukovitsj fekk omgjort vedtaket om Bandera på, tyder på at han freista å unngå direkte konfrontasjon med støttespelarane — han var i mykje ein mann av kompromiss.

Men det gjekk som det gjekk — Kievpatrarkaet stod ikkje på pidestallen i 2013.

Vinteren 2014: Janukovitsj forlet scenen, Timosjenko og hennar folk kjem inn.

Etter at Janukovitsj gjekk av av, har Kievpatriarkatet kome fram i soleglansen som sigerherrar. Dei var til stadar på Majdan. (Prestar frå Moskvapatriarkaet var òg tilstadar på Majdan, for å dempa gemyttane.) Patriarken har helsa på den amerikanske utanriksministeren. Timosjenko har avlagt opptil fleire visittar. Mellom anna vitja Timosjenko honom — symbolsk nok – på minnedagen for metropolitt Makarius av Kiev og alt Rus, den 14. mai for å gratulera honom med mange år i biskopsdrakta. Det symbolske låg sjølvsagt i at Makarius var metropolitt av Kiev og alt Rus — det siste («alt Rus») er eit tillegg i tittelen som patriarken av Moskva òg nyttar, og i denne tittelen ligg det at han er patriark ikkje berre over Russland men òg over det som inngår i ordet «Rus», altså Ukraina og Kviterussland med meir. Makarius av Kiev og alt Rus budde elles ikkje i Kiev, men i Vilnus. Han var vel ein av dei siste, om ikkje den siste, metropolitten av Kiev med den tittelen. Han tilhøyrde altså ikkje Moskvapatriarkatet – han tilhøyde den økumeniske patriarken i Konstantinopel, men dette var eit administrativt og ikkje noko andeleg skilje.

Timosjenko har nytta svært sterke ord om russarar. Og Kievpatriarken har heller ikkje vore snau i ordbruken om «fienden», Russland.

Dei mest opprømde politikarane har snakka om at no kan dei endleg få oppfyld draumen til Kievpatrarkatet om å verta den einaste ortodokse kyrkja i Ukraina. Bort med Moskvapatriarkatet alt so.

Så når politiske leiarar i Aust-Ukraina seier at «me vert gjerne i Ukraina, men lat oss få halda på språket vårt og religionen vår», så veit du no kva det handlar om.

Vonar eg.

Mai 2014: Porosjenko vinn valet.

Både Jusjenko, Timosjenko og den nyvalde presidenten, Porosjenko, tilhøyrer Kievpatriarkatet. Men førebels er det ikkje mange oppslag om Porosjenko på netstaden åt Kievpatriarkatet. Faktisk berre to oppslag. Og berre eitt av dei er frå 2014.

Porosjenko er portrettert som ein sentrumspolitikar. Og han er offisielt ein nøytral kandiat, jamvel om han nok lutar ganske mykje meir mot Jusjenko enn mot Regionpartiet. Men ei av Oslo-avisene siterte i dag ein veljar som sa at Porosjenko var den einaste han oppfatta som litt nøytral. Og det at Porosjenko tydelegvis ikkje er like ivrig som t.d. Jusjenko og Timoesjenko når det gjeld det å få velsigning frå Kievpatriarken, tyder på nøytraliteten hans òg har ein viss religiøs karakter. Han freistar å ikkje overdriva. Han framstår ikkje som nokon fanatikar når det gjeld Kievpatriarkatet.

Det er iallfall eit positivt teikn dersom folk har røysta på honom fordi dei ynskje meir ro. Då har han noko å leva opp til. So står det att å sjå om evna hans til å handtera biskopane i det lange laup viser seg betre enn dei føregåande presidentane. Men nettopp i den sak kan nøytraliteten hans gjerne syna seg å vera politisk viktig.

Utestengingsleik. Kiev som sambindande kraft.

Ukraina er prega av ei anten/eller-haldning. Ein driv og stengjer kvarandre ute, kvar sin gong.

Eg er gresk-ortodoks kristen. Eg tilhøyrer dessutan ein kyrkjelyd i Moskvapatriarkatet. Eg tykkjer det er trist med splittinga i Den ortodokse kyrkja i Ukraina. Politikken til Filaret er tydelgvis at kyrkja hans skal verta so stor at ho vert eit «fakta på bakken» som ikkje kan ignorerast. Han leier kyrkja si på ein slags populistisk måte der – vil eg hevda – nasjonalsime går framfor gresk-ortodoks respekt og orden. Den økumeniske patrariken, Bartolomeus, sa nettopp at «nasjonen kan ikke være den avgjørende faktor for kirkens liv», og dette er ei åtvaring som i høgste grad Kievpatrarkatet burde ta til seg.

Samstundes er det i botn og grunn dette som òg er grunnen til at dei ukraina-russiske områda i Ukraina til sjuande og sist neppe kjem til bryta ut or Russland – korkje med eller utan russisk hjelp. Og her kan nok det politiske Moskva ha andre interesser en det andelege Moskva.

For det å gå saman med Russland ville vera å eit steg i retning av å redusera Moskvapatriarkatet til ei reint russisk-nasjonal kyrkje. Moskvapatriarkatet ynskjer difor å vera tilstadar i Ukraina i og med Den ukrainske ortodoske kyrkja, som er den største ortodokse kyrkja i landet og som sit på alle dei mest historiske institusjonane som t.d. Holeklosteret i Kiev og mange kloster. Kiev er — ideologisk og historisk — difor svært viktig for dei fleste av oss som tilhøyrer Moskvapatriarkatet. Det er faktisk røtene våre.

Difor kjem den andelege kampen om Ukraina til å halda fram. Vonleg kjem dei ortodokse kristne i Kievpatriarkatet inn i den gresk-ortodokse falden att. Men då er dei nøydde til å slutta å skulda på alle andre (les: Moskvapatriarkatet).

Samtidig, i Moskva, er laurbærblada frå 1025-årsjubileet svært flaue og visne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt