Verdidebatt

Du er kristen. Men er du religiøs?

Er du religiøs? Eller du kristen? For «aktive» kristne har spørsmålet «er du religiøs» ein heilt annan klang enn spørsmålet «er du kristen». Men kva spørsmål er det mest kristelege?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er så klart ikkje sikkert at at den som er religøs er kristen — han eller ho kan t.d. vera buddhist. Eller hindu.

Men opp igjennom 1900-talet og fram til i dag, har spørsmålet «Er du religiøs?» ofte vorte retta til personar som var (eller såg ut som om dei kunne vera) «aktive kristne». Spørsmålstillaren har altså helst vore ein meir eller mindre passiv kristen.

Lat meg retta spørsmålet til meg sjølv. Er eg religiøs? Eller er eg kristen?

Svaret er at eg er kristen. Men eg skulle gjerne vore meir religiøs. Eg går sjeldan i kyrkja (les: to gonger i året). Eg bed sjeldan morgon- og kveldsbøn. Sjeldan les eg i Bibelen – eller om dei heilage. (Eg er har nokon gode sider òg: bøn for maten.)

Er det betre å vera kristen enn å vera religiøs?

Svar: I ein kristen samanheng er det uråd å vera religiøs utan å vera kristen. Difor er det betre å vera religiøs enn å berre vera kristen.

Eg mistenkjer at i ein norsk-luthersk samanheng vert «religiøs» tolka som «gjerningar». Gjerningskristendom. Det er noko ytre.

Men kva ligg det eigenleg i spørsmålet «er du religiøs»? Eg tenkjer meg at det i dette spørsmålet ligg at spørsmålsstillaren reknar seg som kristen, men ikkje som religiøs.

På den måten er det eit mykje meir kristeleg spørsmål enn spørsmålet «Er du kristen?». Eller kva slag teologi er det du gjekv utrykk for dersom du støyter på Maria, som vart døypt som lita, og som ikkje har teke avstand frå trua si, og du stiller henne spørsmålet «er du kristen»?

Du kunne òg ha spurd «Er du framleis kristen?» Det kunne vore eit meiningsfullt spørsmål dersom du var uviss på svaret. Men kor ofte er det det ein lurer på?

Spørsmålet «Er du religiøs» impliserer at «me er i same båt, du og eg, men gjerne tek du trua på strørre alvor enn eg?»

På den måten er eg ikkje i tvil om at det, når du – ein kristen – snakkar med ein medkristen, då er det betre å spørja vedkomande om ho er religiøs enn å spørja om ho er kristen. Stutt sagt fordi spørsmålet «Er du kristen?» er eit mistenksamt sprørsmål. Medan «Er du religiøs?» er eit ettertenksamt spørsmål. Og det er eit spørsmål du kan retta du kan retta like mykje til deg sjølv som til den andre.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt