Alf Holmelid

5

Sorteringssamfunnet

Det har storma kring asyl- og flyktningpolitikken i det siste. Avtalen mellom dei fire partia som har sett inn den blå regjeringa, har skapt strid. Men det er eitt punkt i avtalen som har vore lite framme i debatten.

Publisert: 28. feb 2014

I samarbeidsavtalen frå Nydalen står det at ein skal "proritere kvoteflyktninger med størst sjanse for vellykket integrering". Dette er ei formulering som bør få varsellampane til å lyse. Kva skal ligge til grunn for denne sorteringa?

Mange har sett fram til at den nye avtalen som kom i dag, skulle avklare kva slag utveljing det er snakk om. Men nei, den nye avtalen gjentar den same formuleringa. Var spørsmålet for brennbart, eller var det ingen som såg kva som ligg i ei slik formulering?

Alle innser at det er grenser for kor mange asylsøkjarar og kvoteflyktningar eit lite land kan ta i mot.  Men det er ikkje uvesentleg korleis vi avgjer kven som får komme hit. Å ta i mot flyktningar er ein del av vårt internasjonale ansvar. Kven er vi til å seie at enkelte menneske er av eit slag som andre får ta seg av. Dei er for krevjande for oss og passar dårleg i rike Noreg.

Vi tar ein liten del av kvoteflyktningane i verda, så vår sortering betyr nok ikkje så mykje for flyktningsituasjonen. Men den betyr noko for oss sjølve - for kva slag menneskesyn vi bygger det norske samfunnet på. Å ikkje ha plass for så mange, er ein ting. Men å sortere mellom menneske i ein vanskeleg situasjon ut i frå våre egoistiske behov, er noko heilt anna. Vi ser fram til svar på kva slags menneske vi ikkje vil ha hit, og som må sorterast bort.

Alf Holmelid

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere