Solveig Johanne Grønstøl

75

Lykkekristendommens bedrag

Publisert: 27. apr 2009  /  1093 visninger.

I det siste har eg fundert. Vel, ikkje berre i det siste, for å fundere er noko eg alltid har gjort. Å vere nyskjerrig på ting, og ville undersøke og finne ut av saker er ein viktig eigenskap eg lærte meg å verdsette som lita jente.

Samfunnet og media har alltid lagt eit visst press på individet. Og vi menneske har nok ein innebygd trang i oss til å framstå mest mogleg perfekte. Langt inn i kristne rekker er kravet om at du skal framstå best mogleg ganske gjeldande.

I gamledagar fekk menneske som var skilde kanskje ikkje vere medlem i menigheta. Eller skilde fekk ikkje gifte seg på nytt, uansett årsak. Høge herrer sat å dømde menneske som hadde mislykkast i livet. (Eg prøver ikkje å sei at skilsmisse er heilt greitt, dette er saker man ikkje skal ta lett på.) Men om man var uheldig å vere skild, kunne man i alle fall rekne med å få trøbbel med presten når man ville døype barnet sitt.

No til dags er det forhåpentlegvis annleis. Nåden har fått større innpass hos dei fleste. Og godt er det! Det er andre ting som står i fokus.


Men enda kan mange kjenne gufset frå fortida lure i krokane, om einn på ein anna måte. For ein del år tilbake hadde vi lykkekristendomen, som sa at om du trur skal du vere rik, du skal køyre flott bil, og velte deg i luksus. (Litt sett på sprissen..)I mange år har mi vandring vore utanom desse forsamlingane, men eg oppdaga her ein dag at denne forkynninga enda vert servert på ymse talartolar, og ikkje berre på amerikansk kristen TV. Men det vert servert på ein litt anna måte kanskje. For i nokre samanhengar forkynner man enda at om det skjer deg noko vondt er det fordi du har synda, eller kanskje du er utilgivelig, eller det er bibelske sannhetar du ikkje har forstått. Akkurat som om kvaliteten på kristenlivet kan målast i kor mykje suksess mennesket har, eller kor perfekt man framstår for den slags skyld. Når eg høyrer slik forkynning tenker eg på dei tusenvis som vert forfulgte for Jesu namn skyld. Dei som vert fordrivne frå heimane sine, som må tole å miste jobbane sine, og bli mishandla fordi dei trur på Jesus. Slik lykkekristendom er eit stort hån mot desse, er det ikkje?

Kan man verkelig lykkast som kristen, og gå utanom alle smerter, sjukdomar, og det vonde i verda. Eg finn ikkje belegg for dette i bibelen. Livet har lært meg at Gud er ein Gud som er med oss gjennom alt, men som ikkje nødvendigvis tar oss ut av det vonde. Det vil ikkje seie at det vonde er Guds vilje. Men vi lever i ei verd som er forgjengelig, og vil lever i konsekvensen av både eigne og andres val. Og det er ikkje alltid det er gode konsekvensar, desverre.

Å sei at vi som er frelste skal sleppe alt som er vondt er for meg ein kjempebløff, ei skikkelig livsløgn. Det er uforsåeleg for meg…og når ein ser at mange menneske som har vore i desse miljøa som forkynner lykkekristendom nettopp slit med store psykiske vanskar i ettertid vert det heile eit stort paradoks. Ein vert  ikkje særleg lykkeleg av lykkekristendom på sikt. Det har eg og andre smerteleg fått erfare.


Man må tillate seg å kjenne på det som er vondt, ikkje berre bekjenne det vekk i Jesu namn. ”Å bekjenne, og legge under blodet”, fungerer for mange som reine fortreingingsmetoden. Eg har sjølv vore med å ”bedt i tunger til det vonde slepper”. I dag kallar eg det fortreninging. Vi er laga på underfullt vis, og sinnet vårt er eit fininnstilt instrument. Ein må tørre å kjenne på det som er vanskelig for å komme gjennom det. Og når ein går igjennom det som er vanskelig saman, side ved side med Jesus, kan ein få oppleve at det som er vanskeleg nettopp kan verte ei vakker perle etterkvart. Det er jo livet på godt og vondt som formar oss. Og vi treng ikkje vere perfekte.


Det vakraste eg veit om er gamle menneske, men varme auge, og ansikt som er farga og merka av livet, både på godt og vondt. Perfekte modellglansbilder er falske, det veit vi som jobbar med foto. Det er ikkje lite vi kan gjer med eit ansikt for å få det glatt og ”perfekt”. Vi kan ta bort alle rynkene, glatte ut alle linjer, ta bort føflekkar, og løfte kinnbeina. Men resultatet vert falskt, det er ikkje ekte det som står att. Og publikum let seg bedra.


Gud vil ha oss ekte, med alle våre skavankar. Vi syng ofte at vi kan kome til Gud som vi er. Likevel skjemmes vi for å vere oss sjølv. Så ofte pyntar vi på oss sjølv, med fine ord. Som om vi må ta oss saman for å kome til Gud. Sei noko fint liksom, vere skikkelige. Og vi rettar oss opp, og seier at alt er bra med oss, sjølv om vi kanskje skrik på innsida. Kvifor bedrar vi oss sjølve?

Om vi tør å sleppe Gud til i vår smerte vert det annleis. Han er ein Gud som vil helbrede oss, men han gjer det forsiktighet og med ømhet. Han krever ikkje at vi skal vere annleis enn det vi er. Han veit at vi er menneske. Han veit om alle våre feil og manglar. Han veit kor vi er i livet, og han møter oss nettopp der, og går ved sida vår på livets vandring.


Vi skal tilgje, og eit liv i forsoning er eit sunnare liv enn eit liv i bitterhet. Men om nokon mister eit barn, eller får diagnosen kreft betyr ikkje det at denne personen ikkje lever i tilgivelse, eller har synda på anna måte. Det er verda vi lever i som er slik. Så er det mykje vi ikkje skjønar på vegen.

Eg skulle ønske vi som kristne lot vere å grave i årsaker til at menneske vert sjuke eller opplever vonde ting. Eller kvifor kristne menneske døyr i ung alder. Vi legg så lett steinar til byrda for den som lider. Jesus bad oss ikkje om det, han bad oss om å bære byrdene for kvarandre. Det er annleis.

Lykkekristendommen er ingen sann kristendom. Livet er ikkje, og skal ikkje vere fritt for vanskar for oss som trur. Men vi har ein som er med oss, gjennom alt. Og ein dag når vi står framfor trona i himmelen, skal all smerte vere gløymt, og alle sår lækte. Først då er vi fullkomne, som han. Inntil da er vi skrøpelege menneske, som er avhengige av Han. Eg synes det er godt å vite eg, for då treng eg ikkje streve med å vere ein annan enn den eg er. Då kan berre eg lene meg inntil han som er fullkomen, og kvile hos han. For han er full av nåde.

Bli med i debatten!

Du kan svare på innlegget ved å skrive et selvstendig debattinnlegg. Vårt Lands debattredaksjon vurderer alle innsendte tekster opp mot Verdidebatts retningslinjer.
Vennlig hilsen Berit Aalborg, politisk redaktør Vårt Land

Skriv innlegg
Kommentar #1

Per Søetorp

101 innlegg  2029 kommentarer

Bra Solveig!

Publisert rundt 12 år siden

Du skriver varmt og vakkert om et veldig viktig emne.  Du tok faktisk halve prekna mi fra møtet igår kveld, så jeg kunne ikke ha sagt det bedre selv..:-):-)

Du kritiserer ikke bare det du opplever som skjevt og feilaktig, slik mange gjør.  Du peker samtidig på en bedre farbar vei å gå.  Fortsett med det - Preach it!  Blessings

Kommentar #2

Anonym167 Anonym

51 innlegg  342 kommentarer

så sant

Publisert rundt 12 år siden

Kjempebra skrevet! :) Kjenner meg veldig igjen i det du sier.. Bibelen gir oss ikke bare lovsanger, men også klagesalmer. Den forteller oss om Job som mistet alt, om personer som var skyldig i drap, som var feige, som lå med prostituerte eller var det selv.. Om bønner som ber om å få lov å dø. Klagesalmene.. I altfor mange miljøer blir det slik som du sier, at man tar på seg en maske når man søker Gud. Og så glemmer vi at Han ser alt, akkuratt som det er. Og ikke minst.. Han står med åpne armer og kjærlige øyne :)

Noen ganger glemmer vi å sammenligne med andre kristne.. Selv var jeg 3 måneder i India, og når livet er tøft, pleier jeg ofte å tenke tilbake på enkelthistoriene til de kristne der. Da ser jeg hvilke ressurser og muligheter jeg tross alt har! :)

Og som du også har erfart, som meg.. Så er det ikke alltid at Gud griper inn når livet er vanskelig. Men Han har lovet å være med! Sitter her og hører på P4, og de spiller Bjørn Eidsvåg sin "Eg ser". Den handler jo mye om det.

"Eg ser at du er trøtt, men eg kan ikkje gå alle skrittå for deg. Du må gå di sjøl, men eg vil gå di me deg. Eg ser du har det vondt, men eg kan ikkje grina alle tårene for deg. Du må grina di sjøl, men eg vil grina me deg. Eg ser du vil gi opp, men eg kan ikkje gå i døden for deg. Du må smaka an sjøl, men eg jørr død t liv for deg. Eg har gjort død t liv for deg."

Det er ofte de på talerstolen serverer altfor enkle svar på store og dype spørsmål. Virker som vi begge er i en prossess mot å få en dypere, mer bærekraftig tro :)

Kommentar #3

Solveig Johanne Grønstøl

75 innlegg  350 kommentarer

Takk for tilbakemeldingar

Publisert rundt 12 år siden

Takk Silje og Per:) Set pris på tilbakemeldingar. Vi har kanskje vore i litt av same "kverna", som så mange andre er og har. Trur som du seier Silje, at det fører oss inn i ei meir bærekraftig tru.

Trur som deg og Silje, at det har vore servert eindel enkle svar frå talarstolane.Men for oss som har fått merke livets harde side, veit vi at kartet ikkje har stemt med terrenget heilt.

Kommentar #4

Torstein Langesæter

177 innlegg  5570 kommentarer

riktig

Publisert rundt 12 år siden

Det var eit godt innlegg,Grønstøl

Det er vondt å sjå på ein del av desse TV-kanalane der predikantane forkynner denne "lykkekristendomen".

BEWARE: False Prophets (For Profit

http://www.youtube.com/watch?v=ovV1rBWq3Dg&feature=related

Alt slags bedrag vert utført for å få folk til å gje pengar.

Denne personen kjem snart til Bergen.

http://www.youtube.com/watch?v=dIMtWKgypyU&feature=related

 

 

Kommentar #5

Solveig Johanne Grønstøl

75 innlegg  350 kommentarer

ang falske profetar

Publisert rundt 12 år siden

No synes eg det er vrient å stemple predikantar som falske profetar. Det tør iallefall ikkje eg å begi meg ut på.  Men at finst mykje veldig usunn og falsk lære der ute, det er det ingen tvil om.

Kommentar #6

Cathrine Pedersen

0 innlegg  38 kommentarer

usunn forkynning

Publisert rundt 12 år siden

Eg har og gått i det eg vil kalla usunne kristne miljø, teologisk og psykologisk. Det smertar å ha ei sånn erfaring og fortid. Seinast i dag vart eg invitert av ein god venn på eit helbredelse/hellig ånd/ meir kraft-møte, men eg måtte takka nei. Eg hadde ikkje følt meg komfortabel, samt ikkje vore einig med forkynnelsen. Desverre tok vedkommande det personleg, og eg var visst dum som verkeleg ville gå glipp av dette....

Kommentar #7

Solveig Johanne Grønstøl

75 innlegg  350 kommentarer

RE: usunn forkynning

Publisert rundt 12 år siden

Hei Cathrine!

02.05.09 kl. 21:55 skrev Cathrine Pedersen:

Eg har og gått i det eg vil kalla usunne kristne miljø, teologisk og psykologisk. Det smertar å ha ei sånn erfaring og fortid. Seinast i dag vart eg invitert av ein god venn på eit helbredelse/hellig ånd/ meir kraft-møte, men eg måtte takka nei. Eg hadde ikkje følt meg komfortabel, samt ikkje vore einig med forkynnelsen. Desverre tok vedkommande det personleg, og eg var visst dum som verkeleg ville gå glipp av dette....

Velkommen i diskusjonen! Godt å vite at vi ikkje går glipp av noko om vi held oss til Jesus:) Der får vi alt vi treng. 

mvh Solveig

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere