Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Sionismen i vargtida

Publisert over 6 år siden

Litt om akademisk fridom, ideologisk blindskap og samansett historie

 

Magnus Leirgulen kjem med nokre spørsmål som sprengjer råma for ein vanleg replikk, og eg startar difor ein ny tråd. For det vil vera villeiande å handsama eit slikt tema innanfor dei råmene som folkeskikken set for eit replikkordskifte – dette er større spørsmål som må drøftast for seg.

Magnus skreiv: ”det finns vel objektive og pålitelege historikere som tek faget sitt alvorleg, og korkje høyrer heime på ein politisk radikal venstrefløy, eller ein breivikiansk høgrefløy.

Din merkelige antydning om at sionistane gjorde merkelige ting inn på førtitalet hadde vore greit å få litt meir informasjon om. Sidan du kaster dette fram er det di plikt å orientere nærare, ev. med dokumentasjon, om det finns. Så tek vi det derifrå”

 

Ein ting som det kan vera verdt å tenkja etter – og setja pris på – er at vi faktisk har ytringsfridom og akademisk fridom i vår vesle avkrok i verda. Det er ingen som vedtek korleis fortida vår har vore – det er eit tema der folk står fritt å gjera eigne undersøkjingar. Ein samtale utan ende. Slik er det ikkje for alle. Og dette er eit stort hinder når temaet er jødisk historie. For viktige delar av denne historia har vore låst inne i arkiv som ikkje har vore opne. Fram til nittitalet var Sovjetunionen ein stat som utgjorde eit merkbart hinder for fri forsking på jødisk historie. Den som grunnla moderne forsking på jødisk historie i Russland på 1800-talet – John Doyle Klier – måtte på syttitalet kamuflera prosjekta sine for å få tilgang til arkiva. Temaet vart oppfatta som politisk kjenslevart, og måtte gøymast i større råmeprosjekt.

Så skulle ein tru at oppløysinga av Sovjetunionen gjorde det heile enklare. Men så enkelt er det ikkje. I Russland vart det naturlegvis opning for langt friare ordskifte om fortida, og russisk diskusjon etter 1990 er langt meir spanande enn før. Men når det gjeld jødisk historie finst det nokre særeigne hinder. Eit døme kan tena som illustrasjon: Tidleg på syttitalet fekk Alexandr Solsjenitsyn gjeve ut nokre av dei viktigaste bøkene sine i den vestlege verda – som ”Gulag-arkipelet”. Desse bøkene kom naturlegvis ikkje ut i Sovjetunionen. Samstundes vart han landsforvist, og enda opp i Vermont. Solsjenitsyn var først og fremst oppteken av russisk historie, og gav ut ei rad bøker om ulike kritiske periodar. Desse bøkene vart omsett til dei fleste vestlege språk – sjølv ein sopass smal sak som ”August 1914” vart utgjeve på norsk.

Mot slutten av livet kunne Solsjenitsyn flytta heim til Russland. Det siste temaet han tok tak i var eit tema det hadde vore utenkeleg å skriva om under sovjetstyret: Jødane si historie i Russland. Det siste større arbeidet til Solsjenitsyn var ”200 år saman”, som handlar om dette. Denne boka kom ut i Russland. Men ho er stort sett ikkje omsett til vestlege språk. Sjølv har eg berre hatt tilgang til ei engelsk piratomsetjing på nett. Boka er omgjeve av ein kviskrekampanje om ”antisemittisme”, sjølv om dei med fagleg tyngde på feltet – som Klier – avviste desse skuldingane. Sovjetunionens fall løyste med andre ord ikkje problema med totalitære sensurmekanismar kring jødisk historie.

Den som vil forstå kvifor, må lesa Israel Shahaks ”Jewish History, Jewish Religion”. Denne boka kom ut i 1993. Ein avdød kjenning av meg – journalisten Ola Lars Andresen, som hadde budd 10 år i Israel/Palestina – gjekk på nittitalet frå forlag til forlag med denne boka, og tilbaud å omsetja boka til norsk. Fleire forleggjarar syntest boka var svært interessant. Ingen ville gje henne ut. For Shahak går inn på det som er rekna som ”farleg territorium”.

Det Shahak dokumenterer er ein litt annleis totalitær sensurmekanisme enn det ein fann i statar som Sovjetunionen. I kapittelet ”Predjudice and Prevarications” syner han med døme etter døme korleis eit system av villeeing og sjølvsensur fører til den mest openberre svindel når temaet er kontroversielle sider av den jødiske arven. Desse mekanismane sikrar at folk trur på dei merkelegaste ting når temaet er jødisk religion og historie. Nett slik eg i ungdomen trudde på ”mirakel” i kinesisk historie under Mao. Men poenget er – i jødisk som i kinesisk historie – at ”mirakelet” gjerne handlar om heilt andre ting når du ser nærare på det heile. Mirakelet er eit produkt av totalitær historieskriving. Men trua på mirakel blir halde oppe av sterke, politiske rørsler som likar glansbiletet betre enn røyndomen, av di glansbiletet er sentralt for deira verdsbilete og politiske identitet.

Men korleis er det mogleg å halda oppe ei totalitær historieskriving i den vestlege verda? Jødisk historie og religion er i utgangspunktet eit lite tema. Det meste som blir gjort på dette fagfeltet, blir gjort i USA. Og i USA finst ikkje akademisk fridom på dette temaet – tvert om finst det eit etnisk og ideologisk monopol som sikrar at den sionistiske versjonen blir ståande uimotsagt. Paul Findley sat i Kongressens utanrikskomite frå midten av sekstitalet fram til tidleg på åttitalet. Då vart han kasta ut etter ein valkamp som vart massivt finansiert frå pro-Israelkrefter. Etterpå gav han ut boka ”They Dare to Speak Out”, som i detalj skildrar mekanismane som hindrar akademisk fridom på dette temaet i USA. Findley er ikkje nokon palestinaskjerfradikalar – han er verdikonservativ frå eit typisk jordbruksdistrikt i USA, i grunnen ein slags ”amerikansk Willoch”. Og han dokumenterer svært godt kvifor det ikkje finst akademisk fridom i USA på dette feltet. Det har med pengar, makt og ideologi å gjera. Ikkje staten sine pengar – men private pengar og ideologiseringa av Israel/Palestinakonflikten.

At systemet fungerer viser eit par ferske eksempel. Norman Finkelstein har ein svært solid forfattarskap. Men midvegs i karrieren møtte han i praksis eit yrkesforbod. Paul Gottfried, som er moderat sionist og politisk konservativ, legg ikkje fingrane imellom når han skriv om kvifor Finkelstein vart skvisa ut. Det gjer heller ikkje Noam Chomsky på motsett ende av det politiske spekteret. Eit ferskare døme på slikt ideologisk motivert yrkesforbod er Stephen Salaita. Kort sagt: Du får ikkje nokon normal, akademisk diskusjon om desse spørsmåla i USA.

Korleis er dette så i Europa? I samband med rettssaka mot Ahmed Rami i Sverige vart professor Jan Bergman innkalla som sakkyndig vitne. Han skulle då uttala seg om faglege spørsmål knytt til jødisk religion. Resultatet vart ein massiv svertekampanje i svensk presse som i følgje tvillingbroren Pär var sterkt medverkande til Jan Bergmans tidlege død. Vitnemålet til Jan Bergmann vart påstått å vera ein ”akademisk skandale”, men så vidt eg veit fann Inge Lønning ingenting å utsetja på kollegaen då han fekk ei formell rolle i etterkant. Men då var skaden allereide gjort. Dei spørsmåla Jan Bergmann drøfta på eit fagleg forsvarleg vis i sitt vitnemål var i nokre sine augo for problematiske til at ein kunne tillata eit alminneleg, offentleg ordskifte.

Kort sagt: Heller ikkje i Europa kan du forventa normal, akademisk fridom i desse spørsmåla.

På seksti- og syttitalet freista palestinarane å byggja opp sine eigne institusjonar – Institute for Palestine Studies i Beirut var den viktigaste.Eg har fleire bøker gjeve ut av desse, som Moshe Menuhins ”The Decadece of Judaism in our Time” og Elmer Bergers ”Memoirs of an anti-Zionist Jew”.Dette var bøker som det var vanskeleg å gjeva ut i den vestlege verda (nett som norske forlag ikkje ville gje ut Shahak). Men med krigen mot Libanon tidleg på åttitalet var Institute for Palestine Studies redusert til vrakgods og betongstøv, og fleire av dei leiande folka bak institusjonen likvidert. Og sidan har dei ikkje spela noko leiande rolle. Det er svært avgrensa kva du finn av gode akademiske institusjonar og fri presse i den arabiske verda elles, og dette har aldri vore noko alternativ til den seriøsiteten du fann i dei palestinske institusjonane i Beirut.

Likevel har det vore eit større hol i denne totalitære muren. Fram til oktoberkrigen i 1973 hadde Israel ein del fellestrekk med totalitære samfunn i Aust-Europa, inkludert ein god del formell sensur. Men på grunn av tapa i denne krigen kom eit klimaskifte, og med Begins valsiger i 1977 fekk landet eit klima for meir open diskusjon og kritikk kring desse tinga enn det du finn elles på planeten. Dette gjorde at ein frå slutten av åttitalet byrja sjå nærare på ulike tabu i israelsk og jødisk historie. På grunn av dette kan ein i dag finna svært opplysande og kritiske studie om ting der ein før måtte nøya seg med historieskriving med påhalden penn. Det gjeld ikkje minst eldre jødisk historie, der ei rekkje arbeid om jødisk middelalder i Europa har gjort at ei bok som Berg Eriksen/Lorentz/Harket si ”Jødehat” var utdatert allereide då ho kom ut. Det gjeld likeeins den systematiske etniske reinsinga i 1947-49, som ulike israelske historikarar har dokumentert. Og det gjeld perioden som gjekk før – perioden for det store folkemordet. Vårløysinga i det israelske samfunnet mot slutten av syttitalet gav oss ein nokså rik litteratur som gjer det mogleg å forstå det som framleis grunnleggjande sett er ein totalitær kultur (det siste tiåret har trenden gått motsett veg, i retning av at den opne råka i Israel er i ferd med å frysa til igjen). Så langt rammevilkåra.

Skal vi vurdera politikarar på tretti- og førtitalet, bør vi kjenna litt til mentalitetane som rådde i perioden. I denne perioden var folk som Stalin, Mussolini, Hitler, Tito, Dimitrov og Churchill på mange måtar normen i europeisk politikk. Dette var folk som var i stand til å vinna krigar – og som ikkje var redde for å ta i bruk midla som skulle til for å vinna krigar. Dei brukte vald og propaganda, og om det stod nokon i vegen var dei ikkje redde for å rydda dei av vegen. Noko av det første Churchill gjorde som regjeringssjef var å bomba sivile mål i Tyskland. Ikkje av di måla han bomba var viktige – poenget var å tvinga regimet i Berlin til å ta hemn. Det greidde han – og med bombinga av sivile i Storbritannia var all voksterjord for ei ”fredsrørsle” som ville tinga med Hitler lagt daudt. Slik dreiv desse politikarane eit avansert sjakkspel der det alltid var menneskeliv i potten.

Det bør vi ha i mente når vi skal døma dei som levde i denne heksegryta. Ta td. Tiso i Slovakia. Samarbeidde han med Hitler? Naturlegvis gjorde han det – kva anna skulle han gjera etter at vestmaktene kasta landet hans i løvas gap med avtalen i München? Stod han fritt til å nekta på tyske ordrar – td. i samband med deportasjonane av jødar? Då den norske kyrkja protesterte på handsaminga av jødar ønska Terboven å avretta Berggrav for å statuera eit eksempel. Berlin nekta på dette, og Berggrav overlevde krigen. Tiso overlevde også – gjennom samarbeid. Eg trur det politiske handlingsrommet i eit lite naboland til Tyskland var langt mindre enn for ein ikkje-politisk biskop i Oslo. Då eit nytt regime skulle legitimera seg, vart Tiso hengt som fascist. Slik kunne kommunistane starta den utskvisingsprosessen som enda opp med eittpartistat. Var dødsdomen mot Tiso rettferdig? Kanskje – eg kjenner ikkje saka godt nok. Men eg er sikker på at dødsdomen var politisk svært nyttig.

Dette er også målestokken vi bør bruka når vi vurderer dei sionistiske leiarane frå denne perioden – Ben Gurion, Weissmann, Jabotinsky. Ikkje samanlikna med dagens fintfølande europeiske politikarar. Dette var statsbyggjarar, folk som var viljuge til å ofra andre sine liv når det måtte til. Krigarar av same slag som Tito og liknande folk frå same periode.

Korleis forheldt så desse leiarane seg til folkemordet i Europa?

For det første tyder alt på at dei gjorde same feilen som alle andre: Dei undervurderte den overhengande faren. Dei såg stort sett ikkje for seg eit massemord av det omfanget som faktisk kom. Det er mykje som er opplagt for oss i ettertid, som ikkje var like opplagt for dei som levde i denne perioden. Totalitære regime av Hitlers type er svikefulle mekanismar: Du veit at du har vondt i vente – menn ikkje akkurat kva.

For det andre var dei sionistiske leiarane folk som prioriterte strengt. I 1938 heldt Chaim Weizmann ein tale der han sa:

”Palestina kan ikkje absorbera Europas jødar. Vi ønskjer berre at den beste jødiske ungdomen skal koma til oss. Vi ønskjer berre at dei som har utdanning skal koma til Palestina for å bidra til ein rikare kultur. Dei andre jødane må vera der dei er og møta den lagnaden som ventar dei. Desse millionane av jødar er støv på historias hjul, og kanskje må dei blåsa sin veg. Vi ønskjer ikkje at dei skal oversvømma Palestina. Vi ønskjer ikkje at Tel Aviv skal bli nok ein andrerangs ghetto.”

(Sitert etter Rabkin, 180-181)

Sionistane prioriterte altså, og dei prioriterte byggjing av stat. Flyktningespørsmålet vart underordna statsinteressene. Difor freista også sionistane å hindra at initiativ for å opna andre land enn Palestina for flyktningar var lagt daude. Om det hadde vore mogleg å verkeleggjera slike alternative utvegar for flyktningar veit vi vel knapt – dette er ikkje noko historisk tema som er ferdigutforska. Men sionistane hadde sterke motiv for at det ikkje skulle vera det. Rabbi Elmer Berger siterer Roosevelt:

”Well, they’re right from their point of view.The Zionist movement knows that Palestine is, and will be for some time, a remittance society. They know that they can raise vast sums for Palestine by saying to donors ‘there is no other place this poor Jew can go.” But, said Roosevelt, “if there’s a world political asylum for all people irrespective of race, creed or color, they can’t raise their money. Because the people who don’t want to give the money will have an excuse and say, ‘what do you mean there’s no place they can go but Palestine?

(sitert etter Berger ”Judaism or Jewish nationalism: The Alternative to Zionism”, s. 57)

Ei jiddiskavis oppsummerte fasiten slik:

”By all this they (the Zionists) certainly did not help to open the gates of America for Jews. In fact, they sacrificed the interests of living people – their brothers and sisters who went through a world of pain – to the politics of their own movement.”

(Alfred M. Lilienthal, The Zionist Connection s. 57)

Prioriteringa av statsbyggjing gjorde også at nokre av dei sionistiske leiarane gjorde ein del som i ettertid verkar mindre intelligent.Rabkin skriv om Vladimir Jabotinsky:

”The more militant wing of Zionism took an agressive stance toward the new German government. Jabotinsky acted as though he were the supreme commander of the Jewish Armed Forces. In his broadcasts over the official Polish radio and in articles published in the press in several countries, he lashed out at Germany. Nazi leaders mentioned his articles and speeches as those of someone who had quite openly “revealed the plans of his race” and who, “to the horror of the other Elders of Zion, spoke more plainly than they would have liked“. (…) Indeed, his speeches referring to a unified Jewish nation played directly into the hands of those who threatened the German people with tales of a world Jewish conspiracy.”

(Rabkin, s. 175-176)

Ei av følgjene av denne prioriteringa av statsbyggjing var ”transfer agreement” – ein avtale mellom sionistane og regimet i Berlin (først og fremst Eichmann) der 60 000 jødar og deira eigedom skulle overførast til Palestina. Dette var ein avtale som fungerte godt, og der Eichmann mellom anna gav sionistane hus, utstyr og treningsleirar slik at programmet kunne gjennomførast.

Meir moralsk tvilsam var avtalen mellom sionistiske Jewish Agency og nazistane på førtitalet. Rudolf Kasztner avtalte å samarbeida med nazistane for å roa ned stemninga blant jødar i interneringsleirane (som seinare vart drepne). Som motyting fekk Kasztner velja ut nokre tusen som fekk forlata tyskokkupert Europa. Kasztner vart dømt i første rettsinstans for dette i Israel, men høgsterett frikjende han etter at regjeringa til Ben-Gurion greip inn (Jewish Agency var ein ”stat i fosterstadium” på førtitalet, og Kasztner handla neppe på eiga hand). Kort tid etter vart Kasztner drepen i eit attentat i Tel Aviv.

Så langt dei store sionistrørslene. I tillegg kjem så Stern-gruppa sitt ønske om allianse med Italia og Tyskland. Dette ønsket var ikkje først og fremst eit uttrykk for desperate ønskje om å redda flyktningar – Sterngruppa stod politisk nær fascismen, og det heile var uttrykk for deira måte å tenkja realpolitikk: Britane var fienden som stod i vegen for ein jødisk stat – og skulle denne fienden ryddast av vegen måtte ein gå inn i dei naudsynte alliansane. Det høyrer med til historia at Stern-gjengen møtte mykje kritikk for dette synspunktet, som låg langt ifrå det stordelen av jødar i Palestina tenkte.

Difor er det villeiande når Leirgulen skriv:

” Lehi, (sternbanden),en militant paramilitær undergrunnsbevegelse som i desperasjon prøvde forhandlinger, for å redde jødene fra dødstrusler og uutholdelige tilstander i Europa. Setter du slike forhanlingsforsøk, gjordt i desperasjon, av en temporær,militant gruppe, ”

Lehi var først og fremst ivrige etter å koma i gang med krigen som skulle realisera utopien deira, jødane i Europa var andreprioritert.Og Lehi-gjengen fekk omsider krigen sin – nokre få år seinare.

For oss som har vakse opp etter andre verdskrig er Hitler si utrydding av jødane den store saka. Det er lett å tru at dette var likeeins for dei sionistiske leiarane som levde på denne tida. Men dei sionistiske leiarane levde langt frå områda der folkemordet skjedde, og det var først og fremst andre oppgåver som pressa på og fyllte skriveborda.Zeev Sternhell skriv:

”The Jewish communities scattered across Central and Eastern Europe were important to the founders chiefly as a source of pioneers. They were considered to have no value in themselves. Even at the height of the Second World War, there was no change inthe order of priorities: it was not the rescue of Jews as such that topped Berl Katznelsons’s order of priorities but the organization of the Zionist movement in Europe… Thus, every event in the nation’s life was evaluated according to a single criterion: the degree to which it contributed to Zionism”

(Zeev Sternhell: The Founding Myths of Israel s. 50)

Når ein ser nærare på desse tinga, ser ein at dei sionistiske leiarane likna mykje på sine samtidige: Dei dreiv politisk sjakkspel, med menneskeliv i potten. Og dei prioriterte sine statsinteresser, slik andre prioriterte sine. Dei leidde mektige organisasjonar med sterk ideologisk disiplin. ”Bøndene” i spelet var – som elles – fattige menneske, ofte religiøse og framande for dei politiske ideologiane som spela om framtida med livet deira som innsats. Dei som meir enn nokon andre vart utrydda i nazistane sitt folkemord var dei ortodokse jødane i Aust-Europa. Dei hadde i eit par generasjonar vore intense motstandarar av sionistane sin politikk. Dei hadde åtvara om at denne politikken var farleg, og at det i neste omgang var alminnelege, gudfryktige jødar som måtte betala prisen. Etter krigen var dei ortodokse på mange måtar eit leiarlaust folk – og sionistane kunne ta monopol på rolla som ”dei einaste talsmenn for jødane”. Dei som åtvara mot at sionistane sin politikk også i framhaldet ville føra til vald og uløyselege politiske flokar – slike som rabbi Elmer Berger – vart baksnakka og marginaliserte.

Britane slo ned det palestinske opprøret i 1936 med hard hand, og på førtitalet var palestinarane eit knust og leiarlaust folk. Det er ingen tvil om at folk som stormuftien av Jerusalem gjorde ukloke val i denne perioden. Det er heller ingen tvil om den sionistiske rørsla gjorde nokre svært ukloke – og lagnadstunge – val. Men medan folk diskuterer stormuftien opp og i mente, er det siste ikkje-tema. Dei totalitære mekanismane eg teikna opp i byrjinga av dette innlegget syner kvifor dette er ikkje-tema. Men for dei som er interessert i å orientera seg i røyndomen kan eg tilrå:

 

Yakov M. Rabkin: ”A Threat from Within”. Fernwood Publishing – Zed Books 2006

Tom Segev: “The Seventh Million: The Israelis and the Holocaust”. Hill and Wang, 1993.

Gå til innlegget

De Gaulles spøkjelse

Publisert nesten 7 år siden

Dette skreiv eg i fjor, etter innføringa av sensur mot Dieudonne. Eg trur framleis det er aktuelt når Frankrike no vaklar mot kaos.

Diana Johnstone hevdar at Holocaust har vorte ein erstatningsreligion i det sekulære Frankrike, og at statsmakta no blir brukt til å forsvara denne erstatningsreligionen mot blasfemi. Det trur eg er rett – og eg trur røtene til dagens tilstand går langt tilbake i tid.

Det stabilt republikanske Frankrike vart til som følgje av eit nederlag – den fransk-tyske krigen i 1870 gjorde slutt på det andre keisardømet og sende Napoleon III i eksil. I staden vart den tredje republikken oppretta. Mange franskmenn såg på republikken som ein veik, og kanskje midlertidig statsform. Dei første tiåra etter skipinga av republikken var det mykje politisk kannestøyping som tok sikte på andre løysingar. Men republikken vart ståande, og konsoliderte seg gjennom ei rekkje kriser der jødisk identitet var eitt av spørsmåla som vart vikla inn i den franske staten sin ideologi.

At jødisk identitet vart viktig i Frankrike var på mange måtar paradoksalt. Jødane hadde fått fulle borgarrettar under revolusjonen, og Frankrike var truleg det landet i Europa der jødane var mest assimilert. Det vanlege munnhellet var at bestefar bad på hebraisk, far på fransk medan sonen ikkje bad i det heile. Mange av jødane i landet var ”tre årlege besøk i synagogen”-jødar.

Som ein veik stat som stødde seg til ein fredsavtale med eit sterkt Tyskland vart den tredje republikken til ein viss grad forma under tyske venger. I ein politisk kvardag prega av det nye Tyskland fekk du ein parallell politisk kampanje i Tyskland og Frankrike: Kampanjen mot den katolske kyrkja. I Tyskland sette Bismarck i gang sin ”Kulturkampf” mot dei sørtyske katolikkane. ”Kulturkampf” var som mykje anna Bismarck drog i gang rein manipulasjon for å sikra preussisk hegemoni i det nye Tyskland. ”Kulturkampf” gav Bismarck ufortent ry for å vera ”liberal” eller til og med ”radikal”, og samla politiske koallisjonar med svært ulike interesser til kamp mot ein felles (indre) fiende. Slik danna ”kulturkampf” eit lagnadstungt mønster i tysk historie. I tillegg til å samla reaksjonære og radikale til ein prinsipplaus allianse mot katolikkane, sytte ”kulturkampf” for at Bismarck fekk igjennom hærløyvinga i 1877. Den einaste verkelege makta den tyske riksdagen sat med (og som dei hadde berre kvart sjuande år) var at den regjeringa som riksdagen ikkje kunne avsetja likevel måtte få godkjent hærløyvinga for sju år av gongen.

Rett etter at Bismarck sin kamp mot den katolske kyrkja i Tyskland har vore på sitt mest intense, innleidde den tredje republikken i Frankrike sin kamp mot den same kyrkja. Frå 1879 til 1886 vart eit sett med lover kjent under namnet ”Ferry-lovene” introdusert iden franske republikken. Målet med Ferry-lovene var å ta frå den katolske kyrkja kontrollen over grunnskulen, og gje denne grunnskulen eit meir omfattande innhald i tråd med liberale og sekulære ideal. Slikt ønskte den liberale republikken å bryta kyrkja si makt over bøndene.

I den kulturkampen som følgde kjende franske katolikkar seg meir og meir kringsett av republikanarane. Dei meinte republikken vart dominert av ateistar, sekularistar og jødar som hadde samla seg om eit prosjekt for å avkristna Frankrike. I dette var det eit element av overdriving – men også eit element av sanning. Mange av leiarane i republikken ønskte faktisk å undergrava den katolske kyrkja. Dei meinte kyrkja var ein svoren fiende av framsteg – også dette var ei overdriving, men var heller ikkje usant. Mot desse framstegsvenene meinte tradisjonelle katolikkar at republikken var korrupt og leidd av politikarar som først og fremst var opptekne av eigen karriere – heller ikkje dette var heilt usant.

I denne kulturkampen breidde det seg ei oppfatning om at leiarane av republikken i løynd vart betalt av jødane. Dette galdt neppe alle – men det er ikkje tvil om at dette i fleire dokumenterte tilfelle var sant. Resultatet vart ein situasjon der den franske historikaren D.W. Brogan hevdar at ein på 1880-talet ”i delar av statsadministrasjonen knapt nok fann ein praktiserande katolikk i ein maktposisjon. Ein jødisk prefekt kunne utan at nokon brydde seg halda høgtid under pesach, medan ein prefekt som ope synte pietet når det galdt å halda påskehøgtida heilag raskt ville møta kraftige åtak i pressa. Desse åtaka kunne koma frå avisa Lanterne, som spesialiserte seg på åtak på kyrkja og som vart redigert av jøden Eugene Mayer, kjent som den store ”preste-etaren”.(Denis W.Brogan, The Development of Modern France, 1870-1939, vol 1, s. 276).Både jødiske og ikkje-jødiske kommentatorar fortel om korleis jødar i denne perioden trudde framtida tilhøyrde jødane, og at det var deira lagnad some eit betre utrusta folk å få større makt. Alliance Israelite Universelle åtvara medlemene sine mot arroganse, men godtok samstundes forestillinga om at jødane var ”overlegne” i følgje dei darwinistiske førestillingane som prega tida.

Denne perioden med jødisk suksess gjekk over i ein meir samansett overgangsperiode. På 1880-talet kom det ei rekkje finansskandalar som også involverte jødiske aktørar. Ein av dei viktigaste av desse var konkursen til Union Generale, ein bank som vart etablert som eit katolsk alternativ som gjorde det mogleg for katolske investorar å klara seg utan jødiske og protestantiske bankar. Då banken gjekk konkurs i 1882 vart ei rekkje katolske småinvestorar ruinert, og det gjekk sterke rykte om at det var Rotschild som hadde sparka beina under den vaklande banken. Ingen tvilte på at Rotschild kunne vera nådelaus i ein konkurransesituasjon – i tillegg høvde det sikkert for direktørane i banken at andre fekk skulda for falliten.

Både den første og den andre republikken hadde vorte følgt av keisardøme. Mot slutten av 1880-talet var mange franskmenn på jakt etter ein ny redningsmann til hest – og fann general Boulanger. Boulanger hadde vore krigsminister i republikken, og hadde introdusert ein del vellukka reformar i hæren. Han vann stor støtte mellom alminnelege folk gjennom militærparadar og patriotiske talar med brodd mot Tyskland. Mot slutten av åttitalet greidde Boulanger å byggja ein usannsynleg allianse av monarkistar, bonapartistar og folk frå det republikanske venstre. Ein kort periode truga Boulangismen det republikanske establishmentet, men så kollapsa heile rørsla i sine uforlikelege delar.

Samtidig med boulangismen vart Edouard Drumont landskjent for boka ”La France juive” (”det jødiske Frankrike”), ei ”klypp og lim” –bok der Drumont samla alt han kunne finna av negative skuldingar mot jødane, frå alle moglege slags kjelder. Boka selde i eit enormt opplag, og gav Drumont kapital til å grunnleggja si eiga avis – La Libre Parole, ”Talefridom”. Som redaktør kunne Drumont og andre verkeleg spa møkk ut av borgarskapen sine fjøs då det franske Panama-selskapet gjekk konkurs. Ferdinand de Lesseps hadde vore ingeniøren bak Suez-kanalen, som britane seinare kjøpte. No skulle franskmennene grava ein ny kanal med verdshistorisk tyding – denne gongen gjennom Panama-eidet. Franske og amerikanske finansfolk, for det meste jødar, selde enorme mengder aksjar i kanalselskapet. Etter nokre år med graving gjekk selskapet over ende i ein av dei største konkursane i fransk historie. Dei sentrale strategane bak Panama-selskapet kom ut av det heile utan økonomiske tap: Dei hadde tent godt som underleverandørar for kanalselskapet, og selt seg ut av hovudselskapet i god tid før konkursen. Stanken av korrupsjon låg tett over Frankrike, leiande politikarar var ikkje mindre innblanda enn dei leiande bankmennene. Møkkagravande journalistar som Drumont fann meir enn nok av innsidehandel, svindel og korrupsjon i ruinane etter kanalprosjektet. Tilliten til systemet, og til den tredje republikken, var vaklande.

Kort tid etter dukka det opp ei sak som vart grunnleggjande for Frankrike som politisk samfunn. Det heile byrja som ei spionsak – den jødiske offiseren Dreyfus vart anklaga og dømt for spionasje til fordel for Tyskland. Han vart sendt til Djevleøya – og folk byrja gløyma saka. Dreyfus såg ut til å vera gårsdagens nyhende. Men så byrja plutseleg Dreyfus-saka å vakna opp igjen, og etter kvart rulla ho som ein snøball, og kløyvde det politiske Frankrike etter midten. Det heile vart ein lang, seig styrkeprøve der båe sider – dreyfusardar som anti-dreyfusardar – utvikla omfattande mytologiar om den store konspirasjonen som stod bak motsett side. Dreyfusardane dikta opp ein stor konspirasjon av den katolske kyrkja og offiserskorpset som med vilje hadde anklaga ein uskuldig jøde for å spela på jødehat. Anti-dreyfusardane såg for seg ein stor konspirasjon av sosialistar, liberalarar og jødar som hadde samansverja seg mot anstendige borgarar, ”syndikatet”.

Dreyfus-saka har også i ettertid vore fruktbar grunn for mytedyrking. Emile Zola gav nytt liv til saka då han publiserte sin artikkel ”J’Acusse” i 1898. Artikkelen var viktig for å få frikjent Dreyfus for ein uriktig spiondom. Men ein god del av det Zola skreiv i artikkelen visste han sjølv at han ikkje hadde dekning for – ”J’Acusse” er gjettverk og konspirasjonsteori. Den medvitne konspirasjonen mot Dreyfus var oppdikta: Dei som arresterte Dreyfus trudde dei hadde funne spionen – løgnene og fuskinga med prov kom etterpå, då saka mot Dreyfus byrja rakna. Anti-Dreyfusardane sitt store ”syndikat” fanst ikkje. Men vi veit i dag – takk vera professor Simcha Epstein – at det fanst eit hemmeleg, jødisk fond for å kjøpa opp aviser og påverka fransk opinion. Sjølv om den store samansverjinga ikkje fanst, så fanst det ein velfinansiert jødisk organisasjon som arbeidde i løynd for frifinning av Dreyfus. Epstein si avsløring syner at det framleis kan vera viktige tråder som ikkje er nøsta opp i denne saka.

Dreyfusardane sin endelege siger på byrjinga av 1900-talet innebar ei varig stabilisering av den tredje republikken. Men anti-dreyfusardane forsvann ikkje – dei vart berre trengt under jorda. Under dei to verdskrigane var Frankrike den veike lekken i den vestlege alliansen. Frankrike kunne ikkje gøyma seg bak ope hav og ein sterk flåte. Tvert imot måtte franskmennene møta den tyske overmakta der ho var sterkast: På land. Det kan vera grunn til å stilla spørsmål ved om Frankrike nokon gong var ei stormakt etter det store mytteriet i hæren våren 1917. Den franske hæren si evne til å møta den tyske grannen på slagmarka var i beste fall tvilsam etter dette – når ein ser bort frå perioden med tvungen avvæpning av Tyskland. I alle fall såg ein i samband med beggje verdskrigane sterke understraumar i det franske systemet som ønskte å avslutta alliansen med Storbritannia og finna ei ordning med Tyskland. Under første verdskrig vart dette stogga ved at den tidlegare dreyfusarden Clemenceau i praksis vart fransk diktator mot slutten av krigen. På trettitalet freista ein breid allianse – folkefronten under leiing av jøden og dreyfusarden Leon Blum – å samla alle antifascistiske krefter mot dette ”andre Frankrike”. Men ”Det andre Frankrike” stod likevel rimeleg sterkt. Forfattarar som Céline gav i svært tydelege ordelag uttrykk for at Frankrike i praksis var okkupert av ei engelskvenleg, jødisk samansverjing – og at ein tysk okkupasjon ville innebera ei frigjering. Då den franske militære motstanden braut saman sommaren 1940 var det den legitime franske staten som inngjekk våpenkvile og fann ei ordning med Tyskland. Charles de Gaulle representerte ingen andre enn seg sjølv – men i hans tilfelle var dette tilstrekkeleg. Han hadde militær og politisk innsikt, godtok ikkje å bli eit reint reidskap for britisk og amerikansk makt, og hadde ei djup forståing for sitt eige lands historie. Under de Gaulles venger kunne dei ”frie franske” – jødar, sosialistar, kommunistar og andre patriotar – byggja opp ei sterk og representativ rørsle i eksil. I Vichy sat ei regjering som meir og meir bar preg av anti-dreyfusardanes etterkomarar. Darquier de Pellepoix, som i 1938 hadde grunnlagt ”Rassemblement Anti-Juif de France”, vart i 1942 Vichy-regjeringa sin ”Generalkommisær for jødespørsmål”. 90 000 jødar – 26% av dei franske jødane – vart drepne under andre verdskrig.

Frankrike hadde ikkje noko eksilregjering under andre verdskrig, slik Noreg og Polen hadde. Difor var spørsmålet om kven som representerte legitim, fransk makt eit ope spørsmål. Men de Gaulle vart i løpet av krigen eit samlande symbol for fransk motstand. Etter at Vichy-regimet braut saman var de Gaulle den einaste legitime representanten for Frankrike. Kollaboratørregimet til Petain vart etter krigen dømt – både Petain og Laval vart dømt til dauden, men berre Laval vart avretta. Ei fransk motstandsrørsle der svært mange av dei aktive hadde jødisk bakgrunn vart bygd under tysk okkupasjon. Denne rørsla var sterk nok til at dei kunne overta makta i Paris etter den allierte landgangen i 1944, og ta imot de Gaulle som leiar for det frie Frankrike. Franske jødar stod såleis sentralt i skipinga av den fjerde republikken, og haldninga til jødar var i Frankrike eitt av spørsmåla som var avgjerande når nokon skulle gjera greie for ”kva gjorde du under krigen”. Den nye republikken var ikkje noko framhald av den gamle – det var snakk om eit systemskifte, om lag som den stoda du ville fått i Danmark om Cristmas Møller skulle vorte statsleiar i 1945.

Denne nye, franske republikken vart raskt kasta ut i etterkrigstidas mest avgjerande konflikt i fransk politikk – krigen i Algerie. Dei sosialistdominerte regjeringane på femtitalet (det var mange av dei) greidde å koma seg ut av Vietnam etter at general Giap hadde gjeve dei smaken av nederlag ved Dien Bien Phu. Algerie var ei heilt anna sak. I Algerie budde ein million franskmenn, etter fleire innvandringsbølgjer på attenhundretalet. Alliance Universelle Israelite hadde på attenhundretalet sikra at dei nordafrikanske jødane i Algerie fekk status som franske borgarar. Jødane var difor ein del av det ”franske” Algerie. Frankrike var den veikaste av stormaktene som hadde vunne andre verdskrig, og ønskte å utvikla eigne atomvåpen. Etter kvart som konflikten i Algerie utvikla seg, vikla Frankrike seg inn i eit tettare og tettare allianse med Israel – mot arabisk nasjonalisme. Det var Israel, Frankrike og Storbritannia som stod saman og gjekk til åtak på Egypt etter nasjonaliseringa av Suez-kanalen i 1956. Den franske og den israelske atombomba er resultatet av eit tett samarbeid mellom dei to statane. Fram til seksdagarskrigen var Frankrike hovudleverandøren av avanserte våpen til Israel. Det var franskproduserte fly i det israelske flyvåpenet som nesten senka det amerikanske spionskipet ”Liberty” i 1967. Alliansen med Israel passa godt med den franske venstresida si ”antifascistiske” sjølvforståing.

Men Frankrike tapte sin krig mot arabisk nasjonalisme. Då de Gaulle kom tilbake som president i 1958 – no for ein femte, fransk republikk – var det for å få orden på kaoset som algeriekrigen hadde ført til. Eit par år etter vart Algerie ein sjølvstendig stat, og ein million franskmenn forlot Algerie. Mellom desse var jødane, som hadde eldgamle røter i landet. Medan du framleis finn jødiske samfunn som det på Djerba i nabolanda Tunisia og Marokko, førde algeriekrigen til at dei algirske jødane vart franske. Dei vart ein viktig del av eliten – Jaques Derrida, Bernard Henri-Levy og ei mengd andre følgde med på det store flyttelasset.

Då de Gaulle hadde sikra tilbaketrekking frå Algerie og stabilitet i Frankrike, nytta han raskt det handlerommet dette gav. Frankrike trekte seg ut av NATO sin felleskommando i fredstid. De Gaulle blokkerte for britisk medlemsskap i EF, og anerkjente Maos Kina. Det fanst eit rom for at Frankrike kunne opptre som relativt sjølvstendig stormakt innanfor det vestlege alliansesystemet – og de Gaulle visste korleis dette rommet kunne nyttast.

Dette gjekk ei stund. Men i 1967 vart den israelsk-franske alliansen sett på prøve. Då krisa utvikla seg, gjennomskoda de Gaulle dei israelske planane om å nytta krisa til ekspansjon. Han gav den israelske leiinga råd om å halda igjen – de Gaulle meinte ein israelsk okkupasjon av aust-Jerusalem, Vestbreidda og Gaza ville vera ei ulukke. Det ville føra israelarane inn på ein veg med okkupasjon, maktmisbruk og fordriving – og vekkja til live ein palestinsk nasjonalisme som ikkje ville vera mogleg å kvela igjen. I tillegg ville dette gje russarane ei større rolle i Midt-Austen. Israelarane høyrde ikkje på råda frå de Gaulle. Resultatet vart at de Gaulle innførte våpenembargo som mellom anna førde til at franske jagarfly som Israel hadde betalt for vart halde igjen i Frankrike. De Gaulle avslutta også samarbeidet om atomteknologi. I november 1967 gjorde de Gaulle krisa i alliansen med Israel til ei offentleg sak. De Gaulle sa at okkupasjonen ville føra til undertrykking, fordriving og øydeleggjing av tilhøvet til Israels naboland. I tillegg kommenterte de Gaulle den breidare jødiske historia i dei kristne landa, og den sympatien som gjorde at mange hadde støtta opprettinga av Israel etter dei tyske brotsverka under andre verdskrigen. De Gaulle meinte at jødane var eit elitefolk, og at historia deira var prega av arroganse og trong til å dominera.

Etter denne pressekonferansen byrja den omfattande mediekampanjen mot ”antisemitten” Charles de Gaulle. I heile vestverda dreiv jødiske organisasjonar både ope kampanje og buskagitasjon mot den franske presidenten. Eit halvt år etterpå kom maidagane 1968 der unge, radikale, (og ofte sionistiske) studentleiarar som Daniel Cohn-Bendit greidde å byggja ein allianse med misnøgde arbeidarar på tvers av den etablerte fagforeiningsleiinga, og sette i gang ein generalstreik som gjorde slutt på de Gaulle sin presidentperiode. Sekstitalsradikalismen i land som USA og Frankrike var sterkt prega av jødar – i USA var omlag halvparten av dei fremste aktivistane under borgarrettsrørsla og mot Vietnamkrigen av jødisk bakgrunn. Denne radikalismen stod ikkje i motsetnad til agressiv støtte til israelsk maktbruk i Midt-Austen.

Det var fleire som ønskte å bli kvitt de Gaulle – også i Frankrike fann du folk innanfor eliten som rekna alt som kom frå Washington som manna frå himmelen, på same måten som du fann slike folk i dei fleste europeiske statar. Det fanst også ulike meiningar om de Gaulle si blokkering av britisk EF-medlemsskap. Den fransk-israelske alliansen hadde vore heilt sentral i den franske tryggjingspolitikken etter andre verdskrig, og alliansen hadde vore forankra i den jødiske eliten og i den ”antifascistiske” sjølvforståinga til franske elitar etter andre verdskrig. Ein mann som Sartre fordømte Frankrikes krig i Algerie, men greidde aldri å få seg til å koma med skarp kritikk av den jødiske staten eller sionistane si etniske reinsing i Palestina. Ved å pirka i dei israelske interessene samla de Gaulle ein breid allianse mot seg – av finansfolk, akademikarar, mediefolk, radikale studentar og andre. Etter eit halvt år kunne de Gaulle hausta dei bitre fruktene av pressekonferansen 27. november. Kort tid etter var han ute av fransk historie – like brått som han hadde dukka opp som sjølve personifiseringa av sitt lands politiske tradisjonar i maidagane 1940.

Då de Gaulle var sett til sides, byrja ein byggja dagens franske regime. Storbritannia fekk sleppa inn i EF, og EU vart ei forlenging av det britisk-amerikanske ”atlanterhavssamfunnet” under eit regime av fargelause eurokratar. Unge jødiske intellektuelle – som nordafrikanaren Bernard Henri-Levy – byrja setja likskapsteikn mellom fransk patriotisme og fascisme. Eit liberalt regime slepte inn store mengder innvandrarar frå Nord-Afrika som billig arbeidskraft. Medan dei nordafrikanske jødane gjekk vegen gjennom eliteskulane, fyllte deira muslimske brør opp dei franske forstadene. Dyrkinga av Holocaust-religionen vart ein sentral del av fransk samfunnliv – ikkje minst i skulen der studentane frå 1968 etter kvart vart lærarar. I 1990 vart så loi Guissot innført – ei lov som gjer det til straffbar blasfemi å vera kritisk til religionserstatninga til den sekulære staten.

Frankrike si historie som sekulær republikk er prega av ei sentrum-venstreallianse som i kritiske periodar har vore alliert med den jødiske eliten, og som har vore samla kring kampsaker som har dreidd seg om jødane sin plass i det franske systemet: Ferry-lovene, Dreyfus-saka, folkefronten, kampen mot Vichy-regimet. Dette har også ført til at den franske venstresida har vore pro-israelsk og pådrivarar for den fransk-israelske alliansen mot arabisk nasjonalisme (som vart brunmåla som ”fascisme”). De Gaulle sitt forsøk på å bryta dette mønsteret førde til at han vart stempla som ”antisemitt” og kasta ut av Elyssé-palasset. Eg er ikkje i tvil om at den jødiske eliten i Frankrike i mange av desse høva spela ei viktig og positiv, og av og til heroisk rolle. Men eg trur ikkje det er noko naturlov at den kollektive jødedom har dei same interessene som Frankrike. Det Dieudonne Mbala Mbala og Alain Soral er i ferd med å gjera no er å få store mengder folk til å stilla spørsmål ved dette hegemoniet, og byggja ein allianse av fransk patriotisme, antieurokrati og muslimsk og arabisk kritikk av sionismen. Han som spøkjer bak dei to, og som gjer at franske elitar har panikk, er ikkje Laval og førtitalets fascistiske medløparar. Den skuggen elitane ser er arven etter de Gaulle og minnet om eit Frankrike som ikkje var haleheng til imperiet. Dette, saman med tabua som følgjer ei einsidig historieskriving, er drivkrafta bak panikken og den internasjonale kampanjen for å stempla dei to.

Dette notatet er skrive i all hast i ledige stunder. Førebels har eg ikkje tid til å laga noko skikkeleg noteapparat. Denne litteraturlista gjev likevel hovudgrunnlaget eg byggjer på:

Albert S Lindemann: ”The Jew Accused” (Cambridge University Press 1991) og Esaus Tears”. (Cambridge University Press 1997).

Benjamin Ginsberg: “The Fatal Embrace” (University of Chicago Press 1993), og “How the Jews Defeated Hitler”:

http://www.amazon.com/How-Jews-Defeated-Hitler-Exploding/dp/1442222387/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1392101914&sr=1-1&keywords=benjamin+ginsberg+how+the+jews+defeated+hitler

A.J. P. Taylor: “The Course of German History”:

http://www.amazon.com/Course-German-History-Development-Routledge/dp/0415254051/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1392101984&sr=1-1&keywords=taylor+the+course+of+german+history

Paul Johnson: A History of the Jews. PhoenixPress 1987.

Donald Neff: De Gaulle Calls Jews Domineering, Israel an Expansionist State

http://www.wrmea.org/wrmea-archives/180-washington-report-archives-1994-1999/october-november-1999/9329-de-gaulle-calls-jews-domineering-israel-an-expansionist-state.html

Gå til innlegget

Litt bakteppe

Publisert nesten 7 år siden

Eg har tidlegare lagt ut ein kommentar om kvifor eg meiner den heilt opne og ”ukorrekte” diskusjonen er viktig. Vi lever i ulvetider, og det er krevjande å få overblikk over kva som skjer og kvifor. Difor har fundamentalistane litt for lett spel. Ikkje minst på islamsk side, men ikkje berre der.

Konfliktane i Frankrike handlar heilt opplagt også om franske muslimar – svært mange av desse har nordafrikansk bakgrunn. For femti år sidan vart krigen i Algerie avslutta. Trass i at Frankrike sette inn massiv militærmakt, med konsentrasjonsleirar og massiv bruk av tortur, enda krigen med at Frankrike måtte gje opp kontrollen over Algerie. Om lag ein million algirarar vart drepne i denne krigen.

Dette har også med Frankrike, og med ytringsfridom å gjera. For femti år sidan vart den største massakren i etterkrigstida i Vest-Europa gjennomført i Paris. Algirarar i Paris demonstrerte mot massedrapa som skjedde i heimlandet.Politisjefen i Paris, Maurice Papon, sette inn politifolk med skarpladde våpen mot demonstrantane. Papon hadde tidlegare vore politisjef i Vichy-regimet, og var ansvarleg for deportasjon av tusenvis av jødar.Over 300 menneske vart drepne denne augustdagen: Skotne, drukna i Seinen og liknande.

Den einaste franske avisa som skreiv om dette var avisa til kommunistpartiet, som nemnte demonstrasjonane i ein liten notis. Sidan har dette vore ei ikkje-hending. Franske styresmakter har aldri vedgått at dei massakrerte 300 algirarar midt på lyse dagen, langt mindre kome med noko orsaking.

Fransk ytringsfridom er eit stort hykleri. Dette vart svært synleg under Dieudonne-saka i fjor. Eg legg ved ein kommentar av ”the Saker” om dette. Legg spesielt merke til filmane som ligg ved denne teksten. Litt forklaring:

Jewish Defece League er ein jødisk, valdeleg terrororganisasjon, forbode i mange land. Organisasjonen vart grunnlagt av den jødiske høgreekstremisten Meir Kahane – som også grunnla partiet Kach, som vart forbode i Israel. Frankrike er eit av dei få landa der denne organisasjonen opererer fritt. Filmane Saker deler syner demonstrasjonane for ytringsfridom for Dieudonne. Dette er ikkje forstadsungdom som brenn bilar og øydelegg – dei uttrykkjer sin frustrasjon mot eit system der ytringsfridom ikkje verja. Dei uttrykkjer denne frustrasjonen gjennom å synga den sangen som meir enn noko uttrykkjer borgarrettane i Frankrike: Marseillasen. Mot dei står jødiske høgreekstreme som syng den israelske nasjonalsongen, ropar ”Israel chai” – og som har heile det franske establishmentet i ryggen.

I eit land der regimet framleis har ”sov i ro” i øyra når det gjeld massakrar dei sjølve gjennomførte for nokre tiår sidan. I eit land der desse muslimske forstadsungdomane møter eit glasstak når dei søkjer jobb, uansett kor god utdanning dei har.

Dette er ikkje noko orsaking for terrorisme – tvert om er det eit argument for å slå hard ned på ekstremistane og deira rotnett i det franske samfunnet. Som Jan Hårstad meiner eg det er farleg å ha ”no-go-areas” under slike tilhøve. Den franske staten må vera synleg til stades over alt.

Men den franske staten må syna det franske flagget: Fridom, likskap og brorskap. Den franske staten må forsvara borgarrettane til alle franskmenn – også slike symbol på motstand mot regimet som Dieudonne og Alain Soral. Om det franske regimet ønskjer å markera nasjonalt samhald, må det ikkje stenga ute Marine le Pen og det partiet som vann vårens val.

Om den franske regjeringa ikkja har anna å visa fram enn israelske flagg og muhammed-karikaturar har ho tapt denne kampen. Folk bør ikkje kjøpa hykleriet til den franske eller europeiske eliten. Det var ikkje eliten som skapte Frankrike – det var tredjestanden som sette igjennom like rettar for eit folk som var kløyvd i mange religiøse retningar, språk og tradisjonar. Slik den franske revolusjonen gjennomførte like borgarrettar for jødar, bør dagens Frankrike gjennomføra lik ytringsfridom for jødar og muslimar.

Eg er ikkje Charlie Hebdo. Charlie Hebdo representerer for meg alt som er gale med dagens Frankrike. Men eg har ingen problem med at folk som er fundamentalt usamde med meg har ytringsfridom. Eg synest det er ein skandale at Frankrike ikkje greier å setja inn nok tryggleiksressursar for å verja eit så opplagt symbolsk mål for global jihad. Og eg synest massakren mot Charlie Hebdo er eit motbydeleg uttrykk for at vi er på veg inn i krigens og løgnas halvlys.

 

http://vineyardsaker.blogspot.no/2013/11/is-new-revolution-quietly-brewing-in.html

 

Gå til innlegget

Åndskamp og politisk falskmynt

Publisert nesten 7 år siden

Det gjev meg ingen glede å skriva det, men den rekka av toppolitikarar som gjekk fremst i demonstrasjonen i Paris såg i mine augo ut som ein politisk falskmyntarverkstad. Netanyahu nytta høvet til å be franske jødar om å flytta inn på palestinsk land. Den einaste som mangla var at Saudi-Arabias kong Abdullah, hovudsponsoren av global jihad, gjekk saman med sine allierte fremst i toget.

Demonstrasjonen skulle markera nasjonal einskap. Difor vart ikkje Marine le Pen, vårens valvinnar, invitert. Svært lite tyder på at Marine le Pen hadde noko med terroråtaket å gjera. Derimot snakkar ho ope om Frankrike sine problem, og ho har våga å tala for franske interesser i td. spørsmålet om sal av Mistral-skip. Difor var ho ikkje velkomen.

Børge Brende sa: ”Vi lar oss ikkje skremme til stillhet.Det er frykt terroristene vil ha.Det er stillhet terroristene vil skape”.

Eg trur det er godt meint, men eg trur ikkje det er sant. Det er polarisering terroristane vil skapa. For terroristane passar det som hand i hanske at Netanyahu var velkomen, medan le Pen ikkje var velkomen. Det er polarisering terroristane lever av, og det er polarisering terroristane vil få.

Dette dreier seg om ein åndskamp.

” jeg vil også legge til at krig, mobbing, krenkelser, sårende fremferd og terror ikke på noen måte ligger innenfor hverken kristendom eller islam.

Av samme årsak oppfatter jeg da at denne striden på begger sider under enhver omstendighet må være regisert av lucifer og får ikke min deltagelse”, skreiv Kjellrun Marie Sonefeldt i ein annan tråd. Det er kloke ord, og eg trur det er viktig at vi gjev minst mulig rom for regissøren. For det er ingen grunn til å undervurdera lucifers evne til regi. I ein åndskamp dreier deg seg om å ta seg forbi alle halvsanningane som krigens herre lever av, fram til sanninga som er løynt bak halvsanningane.

Vår herre sa at det gjeld å vera ”slu som ein orm, men fredsæl som ei duva”. Gode ord.

Kristian Kahrs skreiv i ein annan tråd: ”Selvfølgelig er de aller fleste muslimer fredelige, men Koranen, Sunna og Hadithene er ikke noen god forutsetning for en fredelig sameksistens. Da må muslimske ledere forklare sverdversene og Medina-surene.”

Det er sant, men samstundes ein blindveg. For du greier ikkje å forklara deg ut av problemet. Sverdversa står der. Skal du spela sjakk, må du kjenna reglane for korleis ein flyttar brikker.

Ingen kristen kan leggja til eller trekka frå eit ord i skrifta. Om det mosaiske trussamfunnet krev at vi skal fjerna det som står i Johannes Openberring om ”satans synagoge”, vil det vera uråd å få til dette. Derimot er tolkinga av denne skriftstaden sjølvsagt eit ope spørsmål. Ein annan parallell: Eitt av dei 613 boda i ortodoks jødedom er amalek-bodet. Alle ordodokse jødar pliktar å utrydda Amalek – menn, kvinner og born. I følgje autoritetane, som Maimonides, er dei andre kaananittiske folkeslaga utdøydde. Men Amalek lever.

Kan ein ortodoks rabbinar fjerna eitt av dei 613 boda? Naturlegvis ikkje. Derimot kan han tolka bode. Kven er Amalek? Nazistane? Palestinarane? Folkemordsbodet får ulik smak, alt etter korleis det blir tolka.

 

Slik er det også med sverdversa.

Før åtaka i Paris kom egypts presidend al-Sisi med ein tale der han tok til orde for ein andeleg revolusjon i islam:

http://steigan.no/2015/01/12/egypts-al-sisi-islam-trenger-en-religios-revolusjon/

Det er svært viktig at slike initiativ får støtte. Samstundes bør vi vera svært ærlege og tydelege på kvar og når dei vestlege maktene brukar global jihad som fotsoldatar – Jan Hårstad har skrive mykje om dette her på VD. For problemet her er ikkje berre skrifttolking – problemet er politikk. Den vestlege verda har over lang tid brukt sverdversa sine vener i sine eigne felttog i dette området. Sjølv Noreg brukte desse som infanteri då vi bomba Libya tilbake til kaos og elende for eit par år sidan.

Du vinn ikkje ein åndskamp med halvsanningar. Og vi bør vera like modige som al-Sisi med å ta opp dei spørsmåla som er vanskelege for oss – utan å feia korkje sverdvers eller anna under teppet.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere