Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

For mykje "humanitet"

Publisert over 6 år siden

Arne D. Danielsen tok litt kraftig i då han sa at ”vi har for mye humanitet i politikken”, men han har jo eit poeng.Heile diskusjonen om tiggarar har vore litt uverkeleg, og når det politiske handverket ikkje er betre enn at heile tiggarforbodet kollapsar på oppløpssida er jo farsen komplett. Eg har so godt eg kan freista halda kjeft i denne diskusjonen, men når tiggarforbodet no er politisk daudt er det på tide å opna kjeften: Ja, eg stør eit forbod mot tigging sjølv om dette ikkje kjem til å bli vedteke. Og ja – det er å gå for langt når ein vil kriminalisera gode gjerningar.

Men denne debatten handlar i mine augo ikkje om røynleg vilje til å løysa problem – det heile har vorte ein rein moralkonkurranse. Og det er ikkje første gongen at norsk politikk blir til tungtale kring symbol. Eg forstår i og for seg mekanismane, men likevel må eg som gamal sentralstyremedlem i AKP få lov til å seia at eg syntest mobiliseringa mot reservasjonsadgang sist 8 mars var uverkeleg. Eg er heilt sikker på at du kan gjennomføra viktige, substansielle endringar i kvinner sine retter i Noreg utan at det kjem ei sjel ut i gatene. Men når det byd seg eit høve til å slåss mot spøkjelse! Eg synest slik uverkeleg symbolpolitikk er skremmande, og eg synest det har vore mykje slikt. Mehmet-saka og mykje anna. Dette at symbola blir sterkare enn røyndomen kan bli farleg for oss – for politikarane si oppgåve er ikkje å handtera einskildsaker og einskildlagnader. Først og fremst er oppgåva deira å laga reglar som er like for alle. Og då er det ikkje alltid greitt at einskildsaka trumfar heilskapen.

Og når folk gjer dette til eit spørsmål om å syna sitt kristelege hjartelag kjenner eg at det er mange gløymde kjensler som veltar opp i meg. Foreldra mine var alminnelege arbeidsfolk – far min var anleggsarbeidar halve livet, mor mi var vaskekjerring. Far min byrja abonnera på ”Orientering” då avisa kom midt på femtitalet. Denne typen ”kristeleg hjartelag” var ikkje spesielt vel ansett i barndomsheimen. Når ein mann var ein ”reinhårig slusk” stod han så høgt som det var mogleg i det moralske universet eg vaks opp i: Då heldt han ord, gav ei hand når det trongst – og klarte seg sjølv så godt han kunne. Øvrigheita var det så ymse med, men det hende seg at også folk av øvrigheita vart omtala som ”ein folkeleg mann”. Til og med prestar kunne bli rekna med i denne gruppa.

Det fanst naturlegvis folk som skulle vera litt betre enn ”reinhårig slusk” – men dei såg vi faktisk på med forakt. For det var og er noko forakteleg over det å skulle vera finare enn oss alminnelege dødelege. Og det var nokre kristelege på denne lista over folk som far min omtalte med svært lite respekt – av di dei rekna seg for å vera meir enn ”reinhårig slusk”.

Tigging var sjølvsagt utenkeleg i ei slik verd, og skammeleg. Eg minst framleis første gong eg møtte tiggarar då eg flytta til Oslo på åttitalet. Det var eksotisk, og ubehageleg. Eg gav ikkje pengar til alkisar som bad meg om pengar til eit braud på morgonen. Men eit par gongar møtte eg slitne menneske som sa det slik det var: Dei trong ein pils for å byrja å fungera. Eg såg på dei at det var sant, og syntest det heile var mindre skammeleg – det var eit ærleg menneske som freista halda ryggen rett under vanskelege tilhøve som snakka til meg. Dei fekk.

Tigging har aldri hjelpt nokon til eit betre liv. Det er ingen grunn til å gle seg over at det ikkje blir tiggarforbod – problemet er like uløyst. Tigging har to problem – den som gjev, og den som får. Eg vil ta for meg båe.

For nokre år sidan las eg om St. Johannes av Kronstadt. Han var ein av dei sentrale kristelege personlegdomane i tsarens Russland. I hovudstaden St. Petersburg vart uteliggarane, alkoholikarane og dei utslåtte samla i hop og skyssa ut til Kronstadt, der marinebasen låg. Her ute dreiv St. Johannes si gjerning mellom Russlands elendige. Og kvar kveld bad St. Johannes Gud om å tilgjeva han, og han bad om at dei elendige måtte tilgjeva han for at han hjalp dei. Det er ei haldning eg kan forstå – det tek i alle fall på alvor skamma og den litt for gode kjensla av å hjelpa nokon av di du er betre enn dei. Hjelp mellom likemenn er ei grei sak – det har funtest i alle samfunn. Som då naboen i oppveksten gjekk opp til enka i grannehuset med ei bøtte fisk når faren hadde vore på sjøen – det var ikkje så enkelt for ei enke å koma seg på sjøen sjølv. Men dette er hjelp mellom likemenn. Det du gjev til tiggarar er hjelp til folk frå ein velfødd og trygg posisjon, og det er ein moralsk tvilsam transaksjon. Når kristne snakkar om Jesus og gje til dei fattige og heile sulamitten kling det skjerande falsk i mine øyro. Naturlegvis finst det kristne som eg oppfattar som seriøse her – som td. Frelsesarmeen. Men Frelsesarmeen trur sterkt og lever sterkt og har sterk disiplin. Det det kan eg kjøpa – men eg er framleis finspist når folk stiller ut sin gode moral i det offentlege rommet.

Det andre problemet eg har er dei som får. Tiggarane. Eg trur ikkje du hjelper romfolket med geografisk mobilitet og almisser. Vi snakkar om ein kultur som har levd på randen av samfunnet sidan middelalderen. Ein kastestruktur med ein sterk, innebygt moralsk struktur. Det kan sjølvsagt kjennest som om vi hjelper den jenta som sit på t-banestasjonen og tiggar når vi gjev henne ein tjuekroning. Men eg trur ikkje vi gjer det – eg trur det går lagnad i dette. Jenta burde ikkje sita der. Ho burde vore i ein frisørsalong eller bak kassa i ein butikk eller i ein barnehage der ho kunne leva av eige arbeid. Om vi lagar ein økologisk nisje her, så vil dotter hennar sitja og tigga på same stad om tretti år. Eg vil ikkje folk så vondt – her må vi gjera noko anna. Det kan seiast mykje stygt om kommunistane i Aust-Europa. Men det høyrer med at dei gav arbeid og utdanning og bustad til romfolk. Dei byrja løysa eit hundreårgamalt problem. Om vi ikkje snart finn på noko lurare enn det vi held på med no, vil vi gjenoppretta dette problemet - med alle sine uløyselege flokar – på ein generasjon. Og naturlegvis er Romania for fattig og korrupt til at dei handterer dette åleine. Vi har større plikter enn som so. Men tigging hjelper ikkje.

Naturlegvis er det ikkje ”for mykje humanitet” i politikken. Det er verre enn som so. Politikken er i ferd med å fyllast av falsk humanitet. Og eg frys litt på ryggen av dette. Eg ser ei krokodille. Ei farleg krokodille. Og ho gret.

Gå til innlegget

Putin ønskjer ein dårleg fredsavtale

Publisert over 6 år siden

Min gode ven Israel Shamir har akkurat hatt eit møte med ein høgstsåande embedsmann i Kreml. Denne artikkelen gjev godt innsyn i korleis verda ser ut derifrå:

 

 

Israel Shamir: Putin vil helst ha ein dårleg fredsavtale

 

I februar er det ein lang veg att til våren, klaga poeten Josef Brodsky. Og sant nok: Snøen fell framleis tungt i Moskva og Kiev og på dei rullande steppene som utgjer det russisk-ukrainske grenselandet. Men der blir han farga raud. Soldatar hatar å sloss på vinteren, når livet uansett er tungt på desse breiddegradene. Men kampane har igjen teke seg opp i krigsherja Donbass, og USA planlegg å eskalera gjennom å senda sofistikerte våpen til Kiev. Trøytte av omlægringa og den endelause artillerielden lot opprørarane snø vera snø og erobra den strategiske flyplassen i Donetsk. Denne flyplassen, med sine tunnellar frå Stalin-tida, eit symbol på solid sovjetisk forsvarsmakt, var ei stor utfordring for den dårleg utrusta militsiaen. Dei mange etasjane med undergrunnsfasilitetar vart bygt for å tola atomåtak. Etter mange månader med kamp greidde likevel opprørarane å jaga fienden ut av heile anlegget.

 

I ein større offensiv har dei også fanga Kiev-troppane i ei lomme ved Debaltsevo. Kiev har allereide bede om våpenkvile. Opprørarane vonar dei skal kasta fienden ut frå landet sitt heilt. No held dei om lag ein tredel av Donbass, men den russiske presidenten trør framleis på bremsa. Han vil heller ha ein dårleg fredsavtale enn ein god krig. For han er Ukraina viktig, men ikkje det einaste problemet i verda. Denne haldninga deler han med den amerikanske leiaren. Men det er ein stor skilnad: Russland vil ha eit fredeleg Ukraina, medan amerikanarane vil ha krig.

 

Russland ville helst hatt eit Ukraina som var sameint, føderalt, fredeleg og velståande. Det er ikkje freistande å kløyva Donbass frå resten. Donbass er nært knytt til resten av Ukraina, og det er ikkje enkelt å hogga over banda. Krigen har allereide sendt millionar av flyktningar frå Donbass og rest-Ukraina til Russland. Der overlessar dei ulike system. Putin kan ikkje skjera seg fri og gløyma Donbass – folket her i Russland ville heller ikkje tillata noko slikt. Han er ein forsiktig mann, og ønskjer difor ikkje å gå inn i ein open krig. Difor må han navigera i retning ein eller annan type fred.

 

Eg hadde nyleg eit møte med ei høgt plassert, velinformert russisk kjelde som delte sine tankar med meg mot løfte om anonymitet. Sjølv om Vesten er sikre på at Putin ønskjer å gjenskapa Sovjetunionen freista Putin faktisk å gjera alt han kunne for å redda Ukraina frå disintegrasjon fortalde mi kjelde. Dette gjorde Russland for å sikra fred i Ukraina:

 

+ Russland støtta den avtalen vestlege statar fekk til gjennom mekling 21 februar 2014, men dagen etter fekk USA pressa igjennom eit kupp. USA hadde med Obamas ord «mekla fram ein avtale for ei overgangsregjering i Ukraina».

 

+ Etter kuppet bøygde ikkje det søraustlege Ukraina seg for den nye regjeringa i Kiev og erklærte seg uavhengig. Likevel bad Moskva opprørarane om å ikkje arrangera folkerøysting i mai (dei følgde ikkje denne oppmodinga frå Putin).

 

+ Moskva anerkjente resultatet av valfarsen som regimet i Kiev arrangerte i mai etter kuppet, og anerkjente Porosjenko som president for heile Ukraina – sjølv om det ikkje vart halde val i søraust, og sjølv om opposisjonspartia ikkje fekk lov til å delta.

 

+ Moskva gav ikkje offisiell anerkjenning av valresultata i Donbass i november, noko som mange russiske nasjonalistar reagerte sterkt på.

 

Alt dette var upopulært i det russiske samfunnet, men Putin gjorde alt dette for å leggja til rette for ei fredeleg løysing i Ukraina. Nokre krigsglade leiarar i Donbass vart overtalt til å leggja inn årene. Men alt var til inga nytte: Putins handlingar og intensjonar vart oversett av USA og EU. Dei oppmuntra i staden krigspartiet i Kiev. Som kjelda mi sa det: «Dei har ikkje funne ein einaste feil med regimet i Kiev, uansett kva dei gjer.»

 

Han meinte også at fred i Ukraina er innan rekkevidde – gjennom føderalisering. Difor er dei to viktigaste parametra i Minsk-avtalen (mellom Kiev og Donetsk) dei vi aldri høyrer om: Konstitusjonelle og sosio-økonomiske reformar. Russland ønskjer å sikra den territorielle integriteten til Ukraina (minus Krim) men dette er berre mogleg gjennom ei føderalisering av landet der alle regionane får noko autonomi. I vest og i aust snakkar ein ulike språk, dyrkar ulike heltar og har ulike mål for framtida. Dei kan berre klara å halda saman om Ukraina blir ein føderal stat, som USA, Sveits eller India.

 

I Minsk vart partane samde om å etablera ein sams kommisjon for konstitusjonelle reformar, men regimet i Kiev vende ryggen til avtalen. I staden laga dei ein liten konstitusjonskomite i Rada (parlamentet) som arbeidde med hemmelege framlegg. Dette vart fordømt av Venezia-kommisjonen, eit rådgjevande organ i konstitusjonelle spørsmål. Folk i Donetsk godtok det heller ikkje – det var ikkje dette ein hadde vorte samde om i Minsk.

 

Når det gjeld spørsmålet om integrasjon vart det avtalt i Minsk å gjenintegrera Donbass i Ukraina. Dette var eit vonbrot for folk i Donbass (dei ville føretrekt Russland), men dei aksepterte det. Så omlægra Kiev Donbass, kutta sambandet med bankane der, slutta å kjøpa kol frå Donbass, stogga pensjonane. Dagleg let Kiev-troppane det regna med granatar over Donetsk – ein millionby (i fredelege tider!). I staden for amnesti for opprørarane slik det vart avtalt i Minsk kjem det stadig nye regjeringsstyrkar austover.

 

Russarane gav ikkje opp Minsk-avtalane. Desse avtalane kan føra til fred, men då må dei gjennomførast. Kanskje ønskjer president Porosjenko i Kiev å gjera dette, men krigspartiet i Kiev og deira vestlege støttespelarar vil kasta Porosjenko om han går for langt i denne retninga. Paradoksalt nok er krig den einaste metoden for å pressa han til fred. Men Russland ville heller sett at Vesten la press på klientane sine i Kiev. Opprørarane og deira russiske støttespelarar brukte krigføring for å pressa han til å skriva under Minsk-avtalen. Offensiven mot Mariupol ved Svartehavet var svært vellukka, og Porosjenko valde å dra til Minsk framfor å mista Mariupol. Sidan då har Kiev og Donetsk hatt nokre våpenkviler, dei har utveksla krigsfangar, men Kiev har nekta å gjennomføra dei konstitusjonelle og sosio-økonomiske reformane som Minsk-avtalen krev.

 

Det gjev ikkje meining å halda våpenkvile om Kiev ikkje brukar han til anna enn å omgruppera for nye åtak. Våpenkvila må føra til konstitusjonsreform sa mi kjelde – ein reform forhandla fram i open og transparent dialog mellom regionane og Kiev. Utan ein slik reform vil Donbass (eller «Novorossia») gå til krig. Slik sett kan operasjonen ved Debaltsevo sjåast på som ein metode for å pressa Porosjenko til å be om fred.

Kjelda mi slo fast at Russland korkje har tenkt å bli med i krigen eller i fredsforhandlingar. Russarane har tenkt å halda seg utanfor – medan USA held fast på at Russland er part i konflikten.

 

I mellomtida har det russisk-amerikanske hopehavet falle tilbake 40 år, til tida for Jackson-Vanik-lova. «Ukraine Freedom Support Act» er like fiendtleg. Den amerikanske utanriksministeren John Kerry sa dette var ei uheldig utvikling, men at dette berre var mellombels. Russarane er ikkje like optimistiske. Dei ser at dei antirussiske sanksjonane med dette har fått lovs form. USA freistar å snu andre statar i antirussisk retning, og lukkast delvis. I eitt slag eliminerte kansler Merkel alle organisasjonar, strukturar og band som har vorte bygt mellom Tyskland og Russland gjennom mange år. Kvar gong Joe Biden kjem på vitjing kjem ei ny omdreiing av spiralen.

 

Russarane er opprørte på grunn av historia med Boeing-flyet frå Malaysia. I alle møte på høgt nivå med amerikanarane minnar dei om dei hysteriske skuldingane: At flyet vart skote ned av opprørarane med russiske rakettar. Enno har ikkje amerikanarane kome med eitt einaste prov på at Russland og/eller opprørarane var innblanda. Dei har ikkje lagt fram foto frå dei satellittane dei hadde over området, heller ikkje data frå AWACS-flya dei held i lufta over Aust-Europa. Mi kjelde fortalde at høgståande amerikanarar ikkje lenger insisterer på at russarane/opprørarane var innblanda. Men dei nektar plent å be om orsaking for tidlegare, grunnlause skuldingar. Dei seier aldri «orsak».

 

Likevel ønskjer amerikanarane å spela ball. Dei insisterar på at dei ikkje er ute etter russisk «overgjeving», at dei synest konfrontasjonen er kostbar og uvelkomen, at USA treng russisk støtte for å handtera det iranske atomprogrammet. At dei treng russisk hjelp til å fjerna dei kjemiske våpna i Syria, til å løysa det palestinske problemet. Men russarane svarar at dei har høyrt alt dette før under Libyakrisa – og at dei ikkje let seg imponera.

 

Meiningsskilnadene mellom Russland og USA er store på om lag alle område. Det er ein raud tråd: Frå Syria til Donbass ønskjer Russland fred, medan amerikanarane pressar på for krig. Nyleg inviterte Russland folk frå opposisjonen i Syria for samtalar i Moskva. Dei kom, dei snakka, og så reiste dei. Dei vil koma tilbake igjen. Dei kunne truleg kome fram til ein avtale, men USA sine representantar slo fast at dei aldri vil gå med på ein avtale som inneber at Bashar Assad held fram som president. Dei vil sloss til siste syrar for å få han avsett. Problemet er ikkje at amerikanarane er blodtørstige. Men krig gjev god meining for USA. Kvar einaste krig på kloden er støtte til den amerikanske dollaren og gjev liv til Dow Jones sidan det finst kapital på jakt etter ei trygg hamn – og som finn denne hamna i USA.

 

Dei tenkjer ikkje på lagnaden til syrarar som flyktar til Jordan – eller ukrainarar som flyktar til Russland i større og større tal. For ei skam for to fantastiske land! Syria var fredeleg og velståande, ein diamant i Midt-Austen heilt til landet vart øydelagt av dei USA-støtta islamistane. Ukraina var den mest velståande delen av Sovjetunionen før landet vart ruinert av dei USA-støtta oligarkane og høgreekstremistane.

 

Då Ukraina erklærte seg uavhengig av Russland i 1994 spådde Josef Brodsky at dei omskiftelege ukrainarane framleis ville minnast russisk poesi i sin dødstime. Profetien hans er i ferd med å bli oppfyllt.

Gå til innlegget

Realisme eller utopisme

Publisert over 6 år siden

Er det å skjera hol i dei vestlege propagandabileta av Vladimir Putin og Alexander Dugin uttrykk for politisk utopisme av gamalt merke?Det kan sikkert vera det, og det finst sikkert dei som er på frustrert jakt etter ein ny verdsfrelsar. Eg reknar meg ikkje for å vera ein av dei. Du kan seia mykje om dagens regime i Moskva, men utopisk er det ikkje. Det er eit pragmatisk regime, dei mest «ideologiske» føringane som td. prosjektet for ein Eurasiatisk Union dreier seg i stor grad om å finna samarbeidsformer i det geopolitiske rommet kring Russland. Russarane er vaksinert mot tankar om å byggja «ei ny og annleis verd».

 

I tillegg er det misvisande å snakka om Putin og Dugin som siamesiske tvillingar. Heilt sidan krisa i Ukraina byrja har Alexander Dugin hatt ei heilt anna line enn Putin. Han har vore tilhengar av open intervensjon i Aust-Ukraina, medan dette har vore unemneleg for Kreml. Dugin har nett same rolle og oppgåve som John Mearsheimer eller Hilde Henriksen Waage: Han er ein intellektuell som har det politiske spelet som sitt ekspertfelt. Det einaste uvanlege med Dugin er ambisjonsnivået og spennet i interesser.

 

Det finst mange grunnar til at politisk medvitne folk i Noreg har sterke band til USA – også sentimentale. Dei rasjonelle grunnane er greie nok, og mogleg å diskutera. Men dei sentimentale er svært problematiske, av di dei er eit hinder for realistiske vurderingar.

 

USA er eit stor makt, og eit svært samansett og interessant samfunn. Det er ei verd for seg sjølv. USA gjekk ut av andre verdskrig med om lag helvta av verdas produksjonskapasitet. Det er heilt naturleg at USA har vore den leiande stormakta dei siste sytti åra. Det er også heilt naturleg at vi har mange og sterke band til den makta som har forma den verda vi lever i – både kulturelt, materielt og politisk.

 

Men dagens USA er ikkje same landet som det som vann andre verdskrigen. Den siste generasjonen har det vore ein intens kamp om å stå bak roret i verdas leiande stormakt. Svært forenkla kan ein seia at kampen har stått mellom «realistane» og «frelsarane». Diverre ser det ut til at «frelsarane» er i ferd med å få overtaket – og dette byrja før 9/11. For eigen del meiner eg Bill Clinton var ein like problematisk president som George W. Bush.

 

Amerikanske realistar er ikkje noko stort verdsproblem. Eg har stor sans for amerikansk realisme – anten ein snakkar om akademikarar som John Mearsheimer eller praktiske politikarar som James Baker eller Brent Scowcroft. Sleng gjerne Kissinger med i haugen: Sjølv om han var ansvarleg for grove krigsbrotsverk i Indokina, så var ikkje dette ein krig han hadde byrja. Og Kissinger er ein svært kunnskapsrik rev, som slett ikkje trur på «indispensable nation» og «moral clarity» og «evil» og alt det andre som frelsarane trur på. Han trur på Vestfalen 1648: Verdsfred tufta på avtalar som ikkje byggjer på noko universelt verdsbilete. Naturlegvis må det vera mogleg å møta slike realistar med motstand – og for den del må nasjonar kunna forsvara seg når slike realistar freistar handheva amerikanske interesser. Men når dagen er ferdig og det er på tide å tusla heim skriv amerikanske realistar under ein avtale, og så får det vera slik.

 

Men «frelsarane» - dei amerikanske utopistane – er eit stort problem. Dei tidlegaste nykonservative er interessante folk. Eg synest td. Leo Strauss har interessante innsikter. Men allereide hjå Strauss finst i kim det som etter kvart blir eit større og større problem: Eit hermetisk verdsbilete. Ein tenkjemåte som alt på førehand kan (bort)forklara alle motargument som eit resultat av moralske defekter hjå motstandaren. Dette har så Strauss-disiplar som Jaffa og Bloom utvikla vidare. Kopla så dette saman med ei rad amerikanske kulturdrag arva frå kalvinistisk pionerkristendom, og du får ei blanding som ikkje er ufårleg.

 

I USA finn du mykje skarpskodd kritikk av «frelsarane». Men i Europa er presisjonen langt dårlegare – der greier ein i høgda å kritisera «amerikansk imperialisme», utan ambisjonar om høgare presisjonsnivå. Og då nærmar vi oss ein av dei farlege mekanismane i «frelsarane» si seige erobring av hegemoniet i amerikansk utanrikspolitikk. For det finst ein sterk tendens i Europa til at lojalitet mot USA blir sett på som ein borgarplikt, og som eit sjølvsagt utslag av lojalitet mot liberale samfunnsverdiar som demokrati og ytringsfridom. Det paradoksale er at denne blinde USA-lojaliteten over tid fungerer som støtte til «frelsarane» - som slett ikkje er så oppteken av desse verdiane. Hadde USA møtt sterk, europeisk kritikk når det var grunn til dette, ville realistane hatt sterkare kort på handa i maktspelet i Washington. Men det er dette som ikkje skjer – og difor får utopistane betre og betre posisjonar for kvar krossveg. Det lengste europearane greier strekka det til er litt tåpelege markeringar av politisk nostalgi – som då Jagland gav fredsprisen til Obama.

 

Er den nykonservative visjonen, slik han blir forvalta av kjernekaderen på Claremont Institute og av tungetalarane i amerikansk presse, ein totalitær visjon? I mine augo: Ja. Svensk-amerikanske Claes Ryn snakkar om «dei nye jacobinarane», og grunngjev i boka «America the Virtous» kvifor det er snakk om det som han kallar «ein væpna dotrine». Og som Ryn skriv: Også tidlegare har slike jacobinske doktrinar – som den i Frankrike og som kommunismen – lova «verdsfred». Ein måtte berre først knusa dei «udemokratiske» og/eller «imperialistiske» maktene som «truga freden». Wolfowitzdoktrinen om «fullspekter dominanse» skil seg ikkje avgjerande frå dette. Eg vil sterkt tilrå folk å lesa dei skarpaste kritikarane av denne utopismen – folk som Ryn og Paul Gottfried. Og berre for å ha det sagt: Eg meiner sjølv eg av eiga røynsle har ei viss innsikt når det gjeld å vita korleis slike sekulære frelsesprosjekt fungerer. Og eg kjenner att mange av mekanismane i det nykonservative verdsbiletet og den nykonservative retorikken.

 

Under den kalde krigen gjekk det ein vits om korleis Honecker og Jaruzelski hadde vore på konferanse mellom «søsterpartia». Russarane hadde lagt ein teiknestift på stolen til Jaruzelski, og etter konferansen gjekk ein fornærma Honecker bort til Bresjnev og spurde kvifor ikkje han hadde fått teiknestift. Trudde ikkje russarane at han var lojal?

 

Diverre minner dette om stoda i dagens Europa – berre at ein no kan putta «Hollande» og «Merkel» inn i vitsen. For det er eit problem at Vest-Europa har politiske leiarar som i større og større grad blir sett på med forakt. Amerikanarane ser på desse leiarane med forakt. Litteraturtips: Les Robert Kagan (sentral nykonservativ tenkjar)– «On Paradise and Power», som handlar om at europearane lever i eit innbilt paradis, utan sans for realitetar. Russarane ser på desse leiarane med forakt. Og folket sjølv i desse gamle europeiske stormaktene byrjar i større og større grad sjå på den politiske eliten med forakt. Det finst grunnar til at Vladimir Putin er den europeiske politikaren med sterkast støtte i eige folk, og det finst grunnar til at Hollande er den mest upopulære franske presidenten nokon gong.

 

Ta sanksjonane mot Russland, som visstnok skal tvinga Moskva til å leggja om politikken. Kven hadde i utgangspunktet stor handel med Russland? EU eller USA? Riktig: Desse sanksjonane råkar EU hardt, medan dei har svært lita tyding for amerikanarane. Men det er amerikanarane som pressar igjennom sanksjonspolitikken. I dei tilfella sanksjonspolitikk villa råka amerikanske interesser – som td. kjøp av russiske rakettmotorar til det amerikanske romprogrammet – går handelen stort sett som før, heilt uavhengig av kva som skjer i Ukraina. Amerikanarane har lagt ut teiknestift på alle stolane – unntatt sin eigen.

 

Vladimir Putin kjem sjølvsagt ikkje til å «redda Europa». Eg trur heller ikkje han har slike ambisjonar. Hans ansvar er å sikra Russlands interesser som stormakt – og så langt eg kan sjå gjer han dette på utmerka vis. Han er ei svært durkdriven sjakkspelar, og tenkjer heile tida fleire trekk fram. Han har Europas dyktigaste utanriksminister i Sergej Lavrov. Og russarane har eit temmeleg nøkternt tilhøve til det som skjer. Joda, finst alltid propaganda for dei mindre intelligente massane i eit krigførande samfunn. Men dagens Russland er ikkje Sovjetunionen. Eg har fleire gongar sett «Søndag kveld» med Vladimir Solovjev når dette programmet blir lagt ut med engelsk teksting. Dette er intelligent journalistikk av «talkshow»-typen, der russarane får innsikt i korleis dei politiske leiarane deira tenkjer. Program der stoda i det militær-industrielle komplekset blir forklart. Dette er eit av dei mest sette programma i Russland. Eg veit ikkje om noko tilsvarande program i vest der det er dei store spørsmåla i verdspolitikken som blir drøfta. Det næraste du kjem i USA må jo vera John Stewart – men det er jo eit humorprogram.

 

«Gud hjelper den som hjelper seg sjølv». Eller «ha tillit til Gud, og hald kruttet tørt», som Cromwell formulerte det. Eg trur ikkje Russland kjem til å redda andre enn seg sjølve. Men det trur eg ikkje USA kjem til å gjera heller. Eg trur ikkje på «snille» stormakter. Eg trur på alminneleg, realistisk politikk. Og det er slik politikk eg saknar i Europa.

 

Det gjeld også konflikten i Ukraina. Då eg vaks opp i Rana gjekk eg mykje i fjellet. Eg fekk stor fridom, og kunne leggja ut på lange turar – av og til åleine. Men skulle eg ut på ein lang vintertur måtte utstyret vera i orden: Ull innerst, solide ullgensrar, anorakk og skikkelege fjellsko. Vinterstid skulle det vera med spade, og om det var overnatting skulle ein ha mat for ein dag ekstra.

 

I krig gjeld dette i enno større grad enn elles. Då kuppet i Kiev kom for eit år sidan var eg sikker på at dette ville føra til krig – ikkje «demokrati». Nett korleis krigen ville utvikla seg visste eg sjølvsagt ikkje – eg vart like overraska over anneksjonen av Krim, massakren i Odessa og omlægringa av Slavjansk som alle andre. Men at krigen kom var eg sikker på.

 

Dei siste vekene har Kiev-hæren hatt eit mannefall på kring 1500 i området kring Donbass. Krigen i Ukraina er i ferd med å bli den første krigen på svært lenge der dei militære tapa er større enn dei sivile. Den ukrainske hæren har i stor grad gått for lut og kaldt vatn sidan tidleg på nittitalet – alt av økonomiske ressursar i Ukraina er i stor grad plyndra av oligarkane, og har vorte slusa til bankar i Sveits og London. Det er sjølvsagt stilig å dela ut kaker til demonstrantar på Maidan saman med George Clooney – du får knapt til noko betre propagandashow enn dette. Men i Ukraina måtte kuppet i neste omgang føra til krig. Og bod nr. 1 når ein skal kriga mot Kreml eller Kreml sine allierte er å syta for skikkeleg utstyr til dei som skal kriga. Det utstyret finst ikkje – og ukrainarane sin kjærleik til det nye regimet er i ferd med å bli like grå som huda til ein døyande. Den fjerde mobiliseringsrunden har i stor grad slege feil, og det går rykte om unntakstilstand, om eit nytt statskupp i Kiev og liknande. Den politiske eliten i Ukraina har lagt ut på eit krigseventyr utan å ha eit minimum av utstyr på plass. Om lag som om ein skulle leggja ut på vintertur i fjella i Rana med shorts og t-skjorte. Dette kjem til å slå tilbake på dei – og det burde også slå tilbake på dei polske og amerikanske rådgjevarane deira. Maktpolitikk handlar om realisme. Då det norske Venstre tidleg på 1890-talet freista køyra ein konfrontasjonspolitikk andsynes Sverige utan å ha rusta opp hær og flote først vart resultatet eit ynkeleg tilbaketog før eit einaste skot var losna. Då dei tok same konfrontasjonen ti år etter var våpna og panserskipa på plass. Å peika ut Russland som «stor, stygg ulv» i denne samanhengen er uinteressant – i politikken kan ein ikkje tøyga foten lenger enn skinnfellen rekk. Om ein prøver, blir foten kald. I utgangspunktet er det ofte uklokt å kriga med Russland. Å kriga med Russland med berre knyttnever er vettlaust. Om ein freistar gjera dette samstundes som ein seier at leiarane i Kreml er slemme og kyniske, oppnår ein at ein blir sett på med forakt.

 

Likeeins bør ein vera svært selektive når det gjeld kva våpen ein brukar i propagandakrigen. Ein må gjerne gjera ytringsfridom til eit symbol i propagandakrigen mot Russland. Men då må ein ha noko å koma med. Dei unge kvinnene i ”Pussy Riot” som krenkjer kyrkjefreden i ei av dei mest symbolske kyrkjene i Russland er heilt ueigna om ein ønskjer å nå fram til russarar. Det er heller ikkje veldig lurt å gjera homofili til symbolsak i den nye, kalde krigen. Ein bør ta opp tryggleik og borgarrettar for homofile med russiske styresmakter. Men det russiske parlamentet står fritt til å seia nei til homomarsjar i det offentlege rommet, slik Stortinget har rett til å forby niqab og finlandshette i det offentlege rommet i Noreg. Her bør vestlege propagandamakarar vita kva dei held på med, si staden for å svinga med tveegga sverd. Då den nyoppnemnte forsvarsministeren i Ukraina i fjor vår snakka om at det ikkje berre dreidde seg om å erobra tilbake Donbass, men at krigen ikkje var ferdig før Ukraina heldt sigersparade i Sebastopol, kom svaret frå den russiske verda raskt tilbake i form av ein vits eg såg i fleire ulike former: ”Det blir nok diverre ikkje nokon sigersparade i Sebastopol. Men som trøyst kan jo forsvarsministeren arrangera homoparade i Kiev”. Når propagandaen treff slik høgg du i stein.

 

Gamle formann Mao snakka om å løfta ein stor stein, berre for å sleppa han på eigne føter. Framleis greier ein halda steinen oppe, men slik det ser ut for meg er det ikkje lenge før steinen kjem deisande i bakken. Om ein i staden for tingingar satsar på ein eller to offensiver til frå regjeringa i Kiev vil somaliseringa av Ukraina vera fullkomen. Eg for min del har ingen sympati med dei som står bak denne politiske genistreken som fører til øydeleggjing av Ukraina, og eg har ikkje tenkt å stilla opp for dei eller bortforklara kva dei held på med. Tvert om meiner eg vi andre berre skal dra på skuldrene og rusla bort, slik at steinen råkar dei som treng det mest: Dei nykonservative «frelsarane» i Washington. Eg forstår folk som av sentimentale grunnar meiner det er tryggast å vera lojal mot den amerikanske lina. Men eg er redd dei gjer USA ein stor bjørneteneste ved å syna slik tradisjonell lojalitet. Det finst langt betre folk i USA enn dei nykonservative som var strategane bak fjorårets kupp i Kiev, og vi bør handla slik at vi bidreg til at tradisjonell amerikansk realisme igjen får overtaket i Washington.

Gå til innlegget

Alexander Dugin: Ei ny byrjing?

Publisert over 6 år siden

Den russiske filosofen og politiske aktivisten Alexander Dugin må nest etter Vladimir Putin vera ein av dei mest skeivframstilte offentlege personane på kloden. Av og til dukkar det opp eit portrett eller eit intervju med Dugin i vestleg presse, der mannen vanlegvis blir framstilt som ein slags Rasputin eller som Vladimir Putins hoff-filosof. Vill i augo er Dugin ute etter å erobra eit nytt verdsrike eller gjenoppretta Sovjetunionen eller noko liknande. Og det er den informasjonen vestlege lesarar får om ein av dei viktigaste intellektuelle på kloden.

 

Propaganda verkar, men propaganda har sin pris. Vinsten er at dei som trur på propagandaen blir lojale mot sine eigne styresmakter i ein kritisk situasjon. Prisen er at dei blir dummare. Eg har for min del ikkje dei språkkunnskapane og det oversynet som skal til for å vurdera heilskapen i Dugins verksemd i det postsovjetiske Russland. Men eg har tilstrekkeleg oversikt til å kunna slå fast at det vestlege biletet av Alexander Dugin er forummande propaganda. Eg meiner også at det er tøvete å sjå på Dugin som hoff-filosof. Dugin er ein svært ambisiøs intellektuell, med mange jarn i elden. Som alle andre med ein politisk dagsorden i Russland forheld han seg naturlegvis til Putin, som er den sentrale politikaren i det moderne Russland. Men tilhøvet mellom Dugin og Putin er komplekst og fullt av motsetnader. Og Dugin er naturlegvis ikkje nokon Rasputin. Dugin er ein sylskarp og interessant tenkjar, og spørsmåla han arbeider med er like interessante andre stader som i Russland – sjølv om Dugin naturlegvis har ei russisk tilnærming til dei.

 

For eit par år sidan kom «Den fjerde politiske teorien» ut i engelsk omsetjing. Det er ei bok som kartlegg vilkåra for ein ny politikk i dag, og som undersøkjer vilkåra for at Russland kan velja ein annan veg enn den liberale, kapitalistiske verdsordninga som USA har bygt kring seg sjølv. Ei svært interessant bok som eg har meldt her:

 

http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat2/thread11539012/

 

Den siste Dugin-utgjevinga på engelsk er «Martin Heidegger: The Philosophy of Another Beginning». Det er ein heilt annan type bok – og tenkt som den første av to bind. Dugin drøftar her ned i grunnspørsmåla den filosofen han set høgast – Martin Heidegger. Og han freistar dra ut essensen av Heidegger sin filosofi, og gjera denne tilgjengeleg i ein russisk samanheng.

 

Mykje kan seiast om Martin Heidegger, men «enkel» og «uvesentleg» er ikkje dei orda som fell først på tunga. Alexander Dugin er ikkje åleine om å setja Heidegger høgt, sjølv ein mann som var så grunnleggjande ulik Dugin som Leo Strauss meinte Heidegger var det vesentlege som skjedde i tysk filosofi i mellomkrigstida. Men Heidegger er som sagt ikkje enkel – ein mann som hamrar laus på grunnproblema medan han på vegen freistar byggja opp eit heilt nytt metaspråk og eit nytt fundament for filosofien. I følgje Dugin er tidlegare presentasjonar av Heidegger på russisk ubrukande, og målet med denne boka er å gje eit tversnitt av Heideggers tenkjing tilgjengeleg for russiskspråklege.

 

Det er eit ambisiøst mål, men Dugin har utan tvil ei heldig hand med dette. Og Nina Kouprianova si omsetjing til engelsk er eit imponerande stykke arbeid – dette er eit omsetjingsarbeid som stiller svært store krav til omsetjaren, og der ho jamt over ser ut til å ha funne gode løysingar som ikkje går på kostnad av presisjon. Men dette er ikkje lettflytande tekst. I gamal tid hadde blesteromnane for låg temperatur til å smelta jarnet – det du fekk ut var ein svamp av jarn og slagg som måtte hamrast rein for slagg før jarnet kunne brukast. Dugin si drøfting minnar om denne hamringsprosessen, der han konsept for konsept og ide for ide freistar banka ut det kvasse stålet i Heideggers tenkjing.

 

Å gje att heilskapen i dette i ei kort bokmelding er naturlegvis umogleg. Det får klara seg med nokre grove og litt for bastante skisser som ikkje gjev att alle nyansar – men som gjev ein peikepinn på kva materiale Heidegger og hans elev Dugin arbeider med.

 

Heidegger er slutten på klassisk, tysk filosofi – ein slags gravtale over filosofien i følgje Dugin. Vestleg filosofi og vestleg metafysikk kom skeivt ut frå byrjinga, og vestleg historie er historia om korleis denne ubalansen over tid utvikla seg fram til Nietsche til slutt avsluttar historia om den vestlege metafysikken. Vestleg tenkjing mistar kontakt med ein grunnleggjande balanse, og blir fange av omgrep og tilnærmingsmåtar som steg for steg driv i retning nihilisme og vilje til makt. Den manglande evna til å gripa det vesentlege og autentiske blir erstatta med det som på gresk heiter «techne»: Grep, knep, strategiar og teknologi. Ideologiane – som marxisme og liberalisme – er berre uttrykk for slik framandgjort eksistens som freistar hevda seg gjennom maktvilje og «techne». 

 

I følgje Heidegger går denne ubalansen heilt tilbake til opphavet til vestleg filosofi. Allereide i «den første byrjinga» - i dei greske tenkjarane før Sokrates – byrja denne ubalansen å ta form. Med Sokrates, Platon og Aristoteles vart ubalansen etablert som eit omfattande og imponerande system, som låg til grunn for all seinare vestleg filosofi. Så utviklar ubalansen frametter, og i den tyske filosofien blir det som ligg i kim til slutt ført til sin logiske konklusjon. Vestleg filosofi er slutt.

 

Men Heidegger endar ikkje opp med gravtalar. Med stor kjærleik til den klassiske filosofien, men samstundes med ein fundamental mistanke mot alle idear, konsept og strukturar som har ført til denne filosofiens død, freistar Heidegger undersøkja grunnen for noko nytt – ei ny byrjing. Og det er i denne prosessen det blir hamra mest intenst, i eit forsøk på å skilja malm frå slagg i dei grunnleggjande ideane og konsepta.

 

Å omsetja Heidegger-idear frå tysk er sjølvsagt eit risikoprosjekt, men eg let det stå til. Eit sentralt konsept Dugin utforskar er «Geviert» eller «det firfaldige». Om ein teiknar ein andreaskross, med «menneske», «jord», «himmel» og «det gudommelege» ved enden av kvar akse får du det firfaldige:

 

   Himmel                         Gudane

                              X

Menneske                       Jord

 

Her byrjar Heidegger byggja sin «fundamental-ontologi» som eit alterantiv til den klassiske ontologien, som har ført ut i den blindvegen moderniteten utgjer. Det firfaldige er ulike sider av det eksisterande, og det finst både møtepunkt og konflikt. Eg konsentrerer drøftinga om ein akse i det firfaldige: Møtet mellom menneske og Gud.

 

Det gudommelege er ei side av det eksisterande – men Heidegger let spørsmålet om ein eller fleire gudar stå ope. Derimot avviser han Thomas av Aquinas og skolastikkens ontologi, der verda blir eit hierarki av skapnader med skaparen på toppen. Men menneske og gudar møtest – og sloss. Menneske og gudar kan møtest i «det heilage», og i det heilage kan menneske høyra og oppleva gudane si stille kviskring. Men det er ikkje munnsvær når Nietsche hevdar at «Gud er død – og vi har drepe han!». For møtet mellom det gudommelege og det menneskelege er berre noko som kan skje, ikkje noko som må skje. Og når det moderne mennesket avskaffar det heilage, tek det samtidig livet av Gud. På dei norrøne tingstadene markerte eit lågt taugjerde – vebandet – grensa for heilag grunn. Hit inn skulle ingen bera våpen. Innanfor dette skiljet møttest menneske og gudar, himmel og jord. Og her vart retten sett ut i livet. Dugin syner at ordet «ting» på både romanske, germanske og slaviske språk har opphavet sitt i slike «ting» der alle sider av det firfaldige møtest.

 

Men vebandet er eit veikt vern, og med makt kan ein ta våpen over det vesle tauget og avskaffa heilagdomen. På liknande vis har vestleg tenkjing sidan Descartes gjort det rasjonelle mennesket til skapnadens herre på kostnad av dei tre andre sidene av det firfaldige. Og det rasjonelle og sjølvmedvitne mennesket har same makt til å avskaffa heilagdomen som han som tek med seg våpen over vebandet. Mennesket kan – som Nietsche påpeikte – drepa Gud. Men ikkje utan kostnader: For når mennesket drep Gud drep det samstundes den meininga som ber oppe eit samfunn. I første omgang kan denne meininga byttast ut med makt – men etterkvart driv Vesten uhjelpeleg i retning eit samfunn bygt på «vilje til makt» og nihilisme. Ideologiane sin tidsalder er berre første steg på denne vegen. Og dagens verd: Den «liberale, demokratiske humanismen» med sine dronar og kryssarrakettar, med sin frie konkurranse og transnasjonale kapitalmakt skil seg ikkje grunnleggjande frå andre ideologiar som oppstod som følgje av at det firfaldige i tilværet vart deformert under moderniteten.

 

Dugin drøftar ei rad med slike grunnspørsmål ut frå Heidegger – som skiljet mellom autentisk og inautentisk «dasein», eit eksistensomgrep som står heilt sentralt i Heideggers filosofi. I spørsmål etter spørsmål freistar han meisla ut eit alternativ til den klassiske ontologien og metafysikken, ein tenkjemåte som i neste omgang framandgjer oss frå det autentiske og driv oss i retning av den nihilismen som er endepunktet for vestleg filosofi.

 

Dette er svært interessant, men også tidvis tungt stoff. Og Dugin er ikkje alltid like knivskarp – det som særpregar han er først og fremst eit svært breitt siktmål og ein sterk vilje til å rydja grunnen for eit nytt byggverk. Og med det går eg over til å skriva litt om det som Dugin sjølv ikkje tematiserer.

 

For Dugin skriv frå ein russisk synsstad. På slutten av boka fortel han at andre bind av dette verket vil handla om utsiktene til å byggja ein russisk filosofi. Og det er den russiske verda som Dugin har i sikte når han legg fram Heideggers filosofi. Heidegger hadde røtene sine i Tyskland, og det var dette som låg til grunn for vona hans om «ei ny byrjing». Dugin slær fast at vestleg filosofi har nådd enden, men at sola ikkje vil stå opp i vest. Drøftinga hans av «den andre byrjings filosofi» har nær samanheng med det prosjektet han skisserte i «den fjerde politiske teori». Og dette handlar om Russland.

 

Russland er ikkje nokon nasjonalstat. Fram til revolusjonen i 1917 var Russland eit universelt keisardøme, med den ortodokse kristendomen som statsberande ideologi. Men heller ikkje revolusjonen gjorde Russland til ein nasjonalstat. I staden vart Moskva verdensrevolusjonens hovudstad, og staten vart bygt på prinsippet om proletarisk internasjonalisme. Frå sekstitalet av byrja trua på verdskommunismen å falla, og landet gjekk inn i den lange stagnasjonstida. Dette enda opp med Sovjetunionens fall. Etter Sovjetunionen fekk landet smaka vestleg, nyliberal kapitalisme – og dette var ikkje noko som gav meirsmak. Dette er bakgrunnen for Putins regime – men også for Dugins rolle som politisk/filosofisk libero. Dugins prosjekt er ikkje russisk nasjonalisme, men tvert imot leitinga etter ei «ny byrjing», ein ny heilskap som kan vidareføra den russiske verda. Og nett av di russisk filosofi låg brakk etter at trua på marxismen byrja døy på sekstitalet trur Dugin at Heideggers «nye byrjing» kan finna fruktbar voksterjord i nettopp Russland.

 

Det finst svært sterke grunnar for å diskutera Dugins prosjekt meir seriøst enn dei portretta av «Putins Rasputin» vi har sett i vestleg presse så langt. Brotet mellom Russland og den vestlege orden har alleriede vore. Det er mange teikn på at vestleg politikk andsynes Russland ikkje fungerer, av di han er kortsiktig og manglar blikk for heilskapen i dei utfordringane Russland står andsynes. Omsetjinga av «Martin Heidegger – The Philosophy of Another Beginning» er eit godt bidrag til ein slik diskusjon. I tillegg til ei svært solid omsetjing til engelsk har Paul Gottfried, ein av dei skarpaste kommentatorane på høgresida i amerikansk politikk, skrive eit treffande og tankevekkande forord.

 

Alexander Dugin: Martin Heidegger – The Philosophy of Another Beginning

Omsett til engelsk av Nina Kouprianova. Forord av Paul E. Gottfried.

Radix 2014. 465 sider med register og greske/tyske terminologilister.

Gå til innlegget

Draumar

Publisert over 6 år siden

Det har gått eit langt ordskifte om religionar må temmast. Opplysande, så langt det rekk. Men eg trur aldri vi kjem dit at EU kan vedta eit religionsdirektiv som blir handheva av sosial- og helsedepartementet. Det finst grenser for temming, avdi menneskelivet også handlar om ting som når langt bortanfor dei horisontane kvar av oss har for tilværet. Eg legg ut eit lite dikt som handlar om dette:

 

Draumane våre

Det finst draumar

som gjev oss ein smak

av den første morgonen Adam møtte.

Vi spadevender jorda,

set frø og stiklingar nedi,

og nokre månader etter

knaskar vi jordbær og sukkererter

i ein varm solvegg.

 

 

Så finst det større draumar.

Litt for store planar

som som gjev oss år med strev,

motløyse og vakenetter,

før vi står i blodrus

og lurar på om det verkeleg er sant:

Er vi der?

 

 

 

Men dei største draumane våre

er som våre eigne barn.

Dei er blodige når dei kjem,

dei er fødde i avmakt og hjelpeløyse

og vi vernar dei

som galdt det vårt eige liv.

Men etter som tida går

veks dei seg sterke.

Til slutt forlet dei oss

og vandrar vidare

mot det landet vi aldri skal sjå.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere