Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Slik byrja skytinga på Maidan

Publisert over 6 år siden

Den versjonen som vart selt i vestlege medie for eit år sidan byrjar falla frå kvarandre

I politikken kjem ikkje sanninga fram før nokon får bruk for henne. Ofte er har alle partar i ein konflikt oversikt over kva som har skjedd, men det er ofte stor avstand mellom å ha biletet klårt – og det å kunna leggja fram prov offentleg.

 

I vestlege media har konflikten i Ukraina vorte framstilt som russisk innblanding gjennom våpensending og anna støtte til opprørarane i aust. Eg er heilt sikker på at «koronaen» til Kreml var innblanda i den tidlege fasen til opprøret i aust. Likeeins at Russland har gjeve våpenhjelp og etteretningshjelp til opprørarane. Men opprøret tok ikkje av før massakren i Odessa 2. mai. I fagforeiningshuset i Odessa vart over 40 menneske drepne på ymse vis – organisert av dei same politiske kreftene som tok makta i Kiev for eitt år sidan. Dette er rimeleg godt dokumentert – både korleis provokasjonen av dei valdelege fotballtilhengarane vart organisert, og korleis leiande «maidan»-folk stod utanfor utanfor den brennande bygninga og skaut – og slo i hel folk med jarnstenger. Etter Odessa var regimet i Kiev heilt uspiseleg i dei austlege provinsane, og opprøret fatna for alvor. Slike opprør er som regnbyger: Du må ha ioniserte kjerner før regndråpene byrjar kondensera oppe i skyen. Russland tilførte ioniserte kjerner – men etter Odessa var lufta i Lugansk og Donetsk overmetta. Folk hadde regimet i Kiev opp i halsen.

 

Men det heile starta lenge før, og det interessante no er at BBC har byrja nøsta i den mest stinkande historia i heile denne tragedien. I slutten av februar i fjor hadde demonstrasjonane på Maidan lamma Kiev i lange tider, og utanriksministrane frå Polen, Tyskland og Frankrike forhandla saman med utsendingar frå Russland, presidenten og opposisjonsleiarane. Resultatet vart ein avtale om nyval i mai som gjorde Janukovitsj til ein rein overgangsfigur. I tillegg gjekk ein svært langt i å pressa presidenten til å trekka politiet tilbake, slik at lovløysa i sentrum vart formalisert. Avtalen ville gjeve ukrainarane høve til å seia det dei meinte i val, og ville kunna berga den ukrainske grunnlova. Men nokre var ikkje nøgde med denne breide forståinga – og avtalen vart ikkje 24 timar gamal før han vart velta.

 

I følgje den versjonen som har vorte selt i vestlege media til no byrja politiet skyta på demonstrantane, og om lag hundre demonstrantar vart drepne. Denne massakren tente sinnet som førte til at Janukovitsj måtte flykta – og til at ordensvernet til maidan-plassen tok fysisk kontroll over sentrum av Kiev, inkludert regjeringapparatet. Ein mellombels president og ei mellombels regjering vart utnemnt, og godkjent av parlamentet.

 

Det er berre eitt problem med dette. Problemet er velkjent for dei som har følgt alternative media – no kjem dette for første gong opp i mainstream gjennom BBC. For det var ikkje politiet som skaut først. Tvert imot var det skarpskyttarar frå Maidan- sida som opna eld. Og det vil ikkje overraska meg mykje om det var maidanittar som stod bak hovuddelen av massakren. I ein så uoversiktleg situasjon som dette vil det vera lett å utnytta forvirringa. Så lenge media legg skulda på Janukovitsj vil ein likevel oppnå det ein vil: Å kvitta seg med overgangsavtalen frå dagen før, og likeeins kvitta seg med Janukovitsj. Det er aldri lagt fram det minste prov på at Janukovitsj gav ordre om å skyta. Ei stund påstod det nye regimet at dei ville gjennomføra ein rettssak mot politimennene som gjennomførte massakren – men også det rann ut i sanden.

 

Det nye med BBC sitt innslag er at dei har snakka med ein av dei som skaut, og at han sjølv seier at han skaut før det kom eld frå politisida. Eg veit ikkje kva ”liberal” og ”konservativ” tyder i vestlege augo for tida, men i mine augo er det ikkje uskuldig moro å skyta på politiet i politisk urolege situasjonar. Politiet er der for å verja loven og den utøvande statsmakta. Når politi, president og konstitusjonsdomsstol blir erstatta med væpna mobb, oppkjøpte media og vestvenlege oligarkar så er dette faktisk eit statskupp. Kven hadde så interesser i dette? For det første dei nye makthavarane. For det andre dei som på ymse vis har utnytta kuppet. Amerikansk agrobusiness har skaffa seg kontroll over store landområde i Europas rikaste jordbruksbelte, og planlegg å bruka dette som utganspunkt for eksportsatsingar til EU-marknaden, der dei elles møter ein del hindringar. Det har vore ein god del slik «asset grabbing» i ly av krigen. Men dei viktigaste i dette spelet har vore kjernekaderen av nykonservative – i dette tilfellet representert ved Victoria Nuland, statssekretæren som handterte krisa på vegne av USA og på førehand utpeikte Yatsenjuk til ny statsminister. I mine augo representerer Nuland ein politikk som byggjer på rein maktbrynde.

 

Er det å organisera væpna pøbel for å skyta på politiet, og slik kvitta seg med ein lovleg valt president og ein konstitusjonsdomsstol krenkjing av suvereniteten til ein stat? Det er det faktisk det. Når folk let seg bruka av ein framand stat til væpna aksjon mot den utøvande statsmakta har dette faktisk eit namn. I gamle dagar heitte slikt høgforræderi. Og eg trur ikkje desse snikskyttarane handla utan ryggdekning. Vi har ikkje prov nok til å setja saman heile biletet, men fleire og fleire indisie peikar mot at den amerikanske ambassaden ikkje var nøgd med avtalen EU tinga fram, og gav klarsignal til «uortodokse metodar» for å rydja vegen for det nye regimet.

 

Ved å la skarpskyttarar skyta på politiet, og så gjeva Janukovitsj skulda, vart det mogleg å gjennomføra ein palassrevolusjon. Men samstundes skar ein hol i grunnlova, og folk i aust – som aldri hadde vore entusiastiske for Maidan – byrja okkupera rådhus og offentlege bygningar. Det nye regimet vanta legitimitet. Dette vart stort sett ordna med politimakt. Oligarkar som Kolomoisky vart utnemnt til guvernørar i dei austlege provinsane, og dei lova gode løner til politi som brukte dei midla som var naudsynt for å kvela opprøret. Det gjekk bra i Kharkov og andre byar. Men i Odessa enda det i ein massakre – og i dei to austlegaste provinsane fekk opprørarane makta, med god hjelp av militære eventyrarar som Igor Strelkov. Om Kreml stod bak? Eg trur ikkje russiske nasjonalistar som Strelkov treng ordre frå Kreml – dei har fin nase for trøbbel, og dei er sterkt motiverte heilt på eiga hand. Og dei har røynsle frå Tsjetsjenia, Transnistria og andre stader.

 

Eg trur russarane heile tida har visst at amerikanske tenester stod bak skota på Maidan, og eg trur dette ligg bak russarane sitt «løynde rekneskap» for kva dei tek seg lov til å gjera i Ukraina. Eg trur også det er dette Putin snakka om i Valdai, då han snakka om ”eit spel utan reglar”. Amerikansk pengestøtte til alle moglege organisasjonar, kontroll over media og liknande er ting Moskva ikkje likar, men som dei reknar som «ein del av spelet». Men væpna kupp trur eg er over grensa, og blir møtt med mottiltak. I Ukraina låg i tillegg ein av Russlands viktigaste flåtebasar, og russarane leit ikkje på dei som hadde teke makta gjennom eit væpna kupp. Fleire av dei som gjekk inn i den nye kuppregjeringa hadde dagen før forhandla fram ein avtale med Russland som meklar. Moskva lit ikkje på folk som ikkje held avtalar.

 

Det er svært interessant at denne historia no kjem opp i vestlege mainstreammedia. I politikken kjem ikkje sanninga fram før nokon får bruk for henne. Kanskje EU byrjar sjå at dei ikkje er tente med å la USAs vener skyta sund avtalar dei forhandlar fram?

 

http://rt.com/news/231775-bbc-maidan-shooting-started/

Gå til innlegget

Europa vaklar vidare

Publisert over 6 år siden

Ein sterkt svekka NATO-allianse fører no minst to ulike typar utanrikspolitikk andsynes den næraste stormakta.

Europa sjanglar vidare

«Der to eller tre av dykk er samla i mitt namn, er eg med dykk». Det var ikkje Obama som sa dette, men han kunne nok godt ha sagt det. Det er allereide avslørt at Obama har smuglytta på Merkels mobiltelefon, men overvakinga går lenger enn som so. Og i tyske og franske tryggleikstenester er det nok fleire som rapporterer til amerikanarane enn det Merkel og Hollande har oversikt over. Det var nok difor ikkje utan grunn at dei to reiste til Kreml for å ha lange samtalar med Vladimir Putin. I Kreml finst ikkje amerikansk avlyttingsutstyr, og når dei to berre hadde med seg ein tolk og ein stenograf inn i møtet fann dei truleg den einaste freda pletten på kontinentet der dei kunne snakka uforstyrra, utan at Obama lytta på dei. Ingenting tyder på at dei to hadde med seg nokon plan. Det dreidde seg nok helst om det som blir kalla «openhjarta samtale», der alle sider av konflikten skulle opplysast slik at dei to kunne gjenvinna politisk initiativ.

Vel tilbake frå Moskva nemnte Merkel «autonomi» - altså ei føderalisering av Ukraina. Dette har vore tabu til no. Sarkozy heldt ein tale i helga der han slo fast at han forstod folk på Krim, som hadde valt Russland i staden for Ukraina. Og Hollande sa tydeleg at alternativet til ei diplomatisk løysing er «verkeleg krig».

Kva er det?

Gjennom Frankfurter Algemeine lek tyske tenester at båe sider i krigen held tapstala sine hemmelege, og pyntar veldig på dei. I følgje dei offisielle tala er tapa no vel 5 000 mann. I følgje tyske tenester er no 50 000 drepne i denne krigen. Det siste talet rimer langt meir med det inntrykket eg har. Før omringinga i «den sørlege gryta» midt i juli hadde eg kome til kring 10 000. Men det var mykje folk i den sørlege gryta, og eg såg videoar av ukrainske soldatar som hadde kome seg ut som sa: «Ikkje tru på det de høyrer på TV. Det er berre løgn. Vi blir mosa til kjøtdeig. Totalt mosa». Etterpå kom kampane i august, der det var noko svært hardt som råka den ukrainske hæren. At talet no er 50 000 til saman på båe sider høyrest rimeleg ut. Men dette er ikkje «verkeleg krig». Verkeleg krig er det vi i følgje Hollande får om det no ikkje kjem noko diplomatisk løysing.

I fjor vår trudde mange det var mogleg å dytta på russarane i denne saka med økonomiske sanksjonar. I tillegg trudde mange at den ukrainske hæren var i stand til å ta seg av problemet. Som vanleg har krigen so langt vore ein «reality check». Russarane flyttar seg ikkje. Ukrainarane har så langt gått på to store – verkeleg store – nederlag.

Vil amerikanske våpensendingar hjelpa? Våpen er sjølvsagt kjekke å ha i krig, men våpen er ikkje noko vidundermiddel. Russarane kallar det som skjer «voentorg» - halvoffisiell våpenlevering over grensa til opprørarane. Opprørarane finn også ein del vestlege våpen på slagmarka – det finst eit vestleg «voentorg» også. Mange av dei nye NATO-landa er fulle av gamalt sovjet-utstyr, og det er ikkje noko problem å skyssa ein del av dette til Ukraina utan å kalla det «våpenleveransar». Det amerikanarane snakkar om inneber våpenleveringar i ein heilt annan skala.

Men du vinn ikkje denne krigen med amerikanske våpenleveransar. Den ukrainske hæren er demoralisert etter store nederlag og store blodtap, og nye våpen vil ikkje i seg sjølv endra dette. Når 50 000 i røynda er drepne i staden for 5 000 veit folk at det er noko gale med informasjonen frå styresmaktene. Rykta går. Soldatar som blir mobilisert gøymer seg eller flyktar til Russland. Nye våpenleveransar vil forlenga krigen, men dei kan ikkje vinna denne krigen. Krigen er tapt for Kiev.
Men om dei vestlege landa byrjar pøsa inn meir våpen og meir pengar, freistar dei vinna spelet ved å auka innsatsen i potten. Og kva gjer ein så når også den nye innsatsen er i ferd med å gå tapt?

Her finst det ein underliggjande logikk som ein bør vera svært klar over. Professor Iver B. Neumann dreiv i eit intervju i Dag og Tid sist fredag høgttenkjing om at NATO burde bomba opprørarane i Donbass. Det høyrest sikkert lurt ut. Bortsett frå ein ting: I tilfelle skal dei bomba i eit område der dei ikkje har luftherredøme. Det bør du ikkje gjera utan først å få russiske garantiar om at det er greitt for Moskva med slik bombing. Det får du ikkje. Om du freistar bomba lell, vil resultatet først og fremst bli at du mistar bombeflya. Altså: Innsatsen i potten aukar og aukar – og for kvar gong du legg meir i potta blir tapet større.

Dette er det Hollande kallar «verkeleg krig». Det som svært raskt kan bli NATO-intervensjon i eit område som vil bli forsvart av Russland.

Naturlegvis står vestleg makt og prestisje på spel i Ukraina. Men di fortare vi kjem oss ut, di mindre blir dette tapet av makt og prestisje. Vi burde kome oss ut allereide i fjor vår, før ein hadde regulære hærar på mange titusen mann i direkte kamp. Vi burde kome oss ut i haust, ved å gje støtte til Minskprotokollane slik at våpenkvila vart røynleg – utan artilleriregn over Donetsk. Vi har sjansen til å koma oss ut no. Men vi veit ikkje kor lenge døra er open.

Om vi ikkje kjem oss ut bør vi så fort som råd finna ut kva det er vi slåss for. Om målet er å venda tilbake til ein ukrainsk einskapsstat inkludert Krim bør vi ha gode planar for felttoget mot Moskva. Og då må vi også ha gode planar for forsvaret av det nordlege Noreg, som ikkje kan stå uforsvart i tilfelle NATO går mot Moskva.

Er det ein ukrainsk einskapsstat inkludert Donbass (men utan Krim) vi vil ha må vi gjera desse tinga:

For det første bør vi slutta snakka om menneskerettar ei stund. I ein ukrainsk einskapsstat vil det ikkje vera menneskerettar i Donbass dei første åra.

For det andre må vi ha bakkestyrkar på 30 000 å setja inn i tillegg til den ukrainske hæren. Dette er styrkar vi må tola å tapa i fall dei fører til direkte russisk intervensjon. Om vi ikkje toler å tapa dei, må vi ha planane klar for felttog mot Moskva.

Kort sagt: Verkeleg krig tyder verkeleg krig – at vi faktisk må vera med å sloss. Den vanlege arbeidsdelinga: Vi hyklar om menneskerettar og demokrati medan amerikanarane bombar og kjøper seg vasallar fungerer ikkje. For Russland er ikkje Irak.

Svært mange krigar i Europa er starta i ein tilstand som minnar om å gå i svevne. Ei bok om første verdskrig som kom for eit par år sidan hadde den råkande tittelen «Sleepwalkers». Og det som skjer på vestleg side – bortsett frå Merkel og Hollande sin tur til Moskva – er at ein ideologisk går i svevne inn i ein situasjon som vil sjå veldig merkeleg ut når ein vaknar.

Slik er det ikkje aust for det nye jarnteppet. Tidleg i fjor haust såg eg eit av dei mest sette TV-programma i Russland, der sjefen for det militær-industrielle komplekset i Russland detaljert gjorde greie for stoda i russisk våpenindustri: Ingeniørkunst og teknologiutvikling, oppdatering av framgangen i dei viktigaste utviklingsprosjekta – kort sagt kva ein hadde på handa. Biletet på russisk side er temmeleg eintydig: Russland har berre to alternativ. Anten å sloss, eller å underordna seg USA. Og då vel ein å sloss. Meir og meir byrjar russarane å innsjå at retorikken frå den kalde krigen var løgnaktig. Den gongen sa vestlege politikarar at det ikkje var russarane ein hadde noko imot – det var det kommunistiske systemet. No innser russarane at dette var løgn: Det var Russland som uavhengig stormakt som vest ville bli kvitt. Og difor førebur russarane seg på det som kjem – om så det som kjem inneber krig i verkeleg full skala. Altså: Verkeleg krig – ikkje slik «uverkeleg» krig som no der 50-100 000 blir drepne.

«Ein politikar utan makt er ein uting», sa Johan Sverdrup. Europa er full av uting. Merkel, og delvis Hollande, representerer verkeleg makt. Dei har ansvar for verkeleg makt, og representerer denne og dei interessene som står bak. Men Europa er full av statsleiarar som ikkje har eiga makt, men som får låna makt frå USA – ein slags moderene statthaldarar. Som dei polske statsleiarane som i følgje tidlegare utanriksminister Radek Sikorski gav USA «ein blow job» under første fase av krisa i Ukraina. Som statsleiarane i Latvia, EU-landet der det finst noko så eksotisk som «Unionen av ikkje-borgarar». Leiaren for denne unionen – Gaponenko - vart i helga arrestert i Estland, der han fekk vita at han var uønska i landet. Dei fire fridomane gjeld naturlegvis ikkje for «ikkje-borgarar». Ikkje-borgarane er rettslause, slik det skal vera i eit demokrati. Alle desse uverkelege polikarane, desse Sverdrupske «utinga», kan om dei går i hop sparka krokfot for Hollande og Merkel for å berga den makta dei har til låns frå Washington – slik at dei kan halda fram med å nekta store grupper av eigne borgarar borgarrettar og liknande prosjekt som det moderne Europa er så full av. Det er alle desse «utinga» som skapar den merkelege tilstanden av ideologisk blindskap som vi kanskje vil måtta betala svært dyrt for.

Lavrov heldt tale i München – som vanleg ein svært god tale frå Europas dyktigaste diplomat. Spørjesekvensen etterpå var psykedelisk. Elles synte tryggleikskonferansen at Europa er djupt splitta – grovt sett etter skiljet mellom uting på eine sida og verkelege politikarar med eigen maktbasis på hi sida. Elles byrjar røyndomen sakte pipla inn i sprekkene. Aftenposten har hatt ein god reportasje frå Donbass, der ein får litt inntrykk av korleis dei vi skal «frigjera» ser på den staten som har brukt klasevåpen for å frigjera eigne innbyggjarar. 90% i denne regionen røysta på presidenten som vart ulovleg avsett. Vestleg propaganda freistar kamuflera desse med å syna til meiningsmålingar som synte fleirtal mot lausriving. Ein ting er kor pålitelege slike meiningsmålingar er. Ein annan ting er jo at det sjølvsagt er sant at det ikkje er full semje mellom opprørarane – ein av grunnane til at våpenkvila i haust var upopulær i opprørsstyrkane var at svært mange ikkje ønskjer lausriving. Dei vil til Kiev for å velta Porosjenko.

Opphavet til alt dette frenetiske diplomatiet er stoda ved fronten i Debaltsevo. Eg har tidlegare meldt om omringing av 7000 ukrainske soldatar ved Debaltsevo. Det var ikkje riktig – dei forsvarte framleis eit langt, smalt landstykke kring ein veg som låg under eld frå båe sider. Men i går møttest dei to armane i knipetanga. Mitt tips er at desse soldatane ikkje finst om ein månad. Det spørsmålet dei kompromisslause rundt ikring i sofa-Noreg bør stilla seg er dette: Når det ikkje finst soldatar nok til å erobra Donbass – finst det då soldatar nok til å forsvara Kiev? Om ein ikkje forhandlar no – kva kjem ein då til å forhandla om til hausten?

Så heldt Merkel pressekonferanse saman med Obama der kløyvinga innanfor NATO var heilt open, sjølv om båe freista gøyma dette bak retorikk. Ungarn søkjer gassavtale med Russland på eiga hand. Statsministeren i Slovakia vil ha sanksjonane bort. Den venstreorienterte statsministeren i Slovakia og den høgreorienterte statsministeren i Ungarn er tradisjonelt ikkje verdas beste vener, for å seia det slik. No samarbeider dei svært godt. Kypros vil tilby Russland marinebasar! Kløyvinga i den vestlege alliansen er oppe i dagen for den som ønskjer å sjå. Men i staden for å formulera ein politikk som kan samla alliansen løyner ein det heile i antirussisk polemikk. Men kløyvinga er der. Difor har heller ikkje Merkel all vestleg makt i ryggen når ho no fer austover for å forhandla. Ho er ein veik meklar, og sjansen for at meklinga kjem i mål er liten. Ein sterkt svekka allianse fører no minst to ulike typar utanrikspolitikk andsynes den næraste stormakta.

Gå til innlegget

Krig - kva er vitsen?

Publisert over 6 år siden

Benjamin Ginsberg er ein amerikansk statsvitar som skriv gode bøker om makt og politikk, og som ikkje er redd for kontroversielle spørsmål og nye synsvinklar. Siste bok frå Ginsberg handlar om eit tema som ofte fører til mykje sjelsliv og lite realisme: Krig. Kva er poenget med krig? Som vanleg greier Ginsberg å turnera spørsmålet på ein måte som gjev ei realistisk og tankevekkande tilnærming.

 

Ginsberg er ikkje glad i krig. Han byrjar boka si ved Fredericksburg, der general Lee i 1862 såg troppane sine slå tilbake eit åtak frå nordstatane. Medan han såg på dette kommenterte han til sin nærmaste underordna: «Det er bra at krig er så frykteleg, elles ville vi vorte for glad i krigen». Det er også Ginsberg sitt utgangspunkt: Krig er eit mangesidig, fascinerande og svært viktig spel. Det er viktig å forstå krig og maktpolitikk. Men ein bør ikkje bli for glad i krig.

 

Med dette i botnen freistar Ginsberg å forstå kva tyding krig har hatt som motor i menneskeleg utvikling. For mennesket har alltid kriga, og krigen har fungert som ei sorteringsmaskin mellom levedyktige og ikkje levedyktige idear i historia.

 

For om krig er grusomt, handlar krig også om rasjonalitet. Krig avgjer konfliktar, og den som skal vinna ein krig må opptre rasjonelt for å kunna hausta siger. Mange soldatar er overtruiske, men overtru åleine er ikkje nok til å vinna ein krig. Irrasjonelle idear kan fenga i eit samfunn, dei kan gje elitar makt over undersåttane sine – men i krig vil dei tapa om dei møter ein meir rasjonell motstandar. Ginsberg gjev ei rad med døme – og syner korleis krig er ei mektig drivkraft i å organisera samfunn meir rasjonelt.

 

Slik sett finst det eit globalt «pensum» når det gjeld kva krigen kan læra oss. Til ulike tider og på ulike stader har klassikarar som Tykudides, Sun Tzu, Kautilya,Vegetius og seinare Machiavelli og Clausewitz festa dette pensumet til papiret. Desse oppsummerte dei generelle lærdomane – ofte ut frå røynsler som var gjort i stormakter som i lang tid hadde ført krig.

 

Den viktigaste lærdomen i følgje Sun Tzu var å ikkje lita på spåmenn eller stjernetydarar, men i staden ta utganspunkt i rasjonell planleggjing for å forutseia, og kanskje til og med konrollera framtida. Denne planleggjinga har mange nivå – og det øvste av desse nivåa er å ha ein heilskapleg strategi. Under andre verdskrig var dei allierte stormaktene samde om ein strategi der ein først skulle slå Tyskland, før ein for alvor sette inn kreftene mot Japan. Likeeins byrja ein planleggja for etterkrigstida alt under Jalta-konferansen. Naturlegvis kan tilfelle avgjera i krig. Men å berre lita på Gud fører ikkje til at ein når målet. Som Napoleon sa: I krig gjev Gud vanlegvis sigeren til den sida som har mest artilleri.

 

Frå dette høgste nivået må ein så planleggja organisasjon, rekruttering, trening, disiplin og alt som trengst for å gjennomføra strategien. I gjennomføringa spelar også ingeniørkunst, forsyningar og logistikk ei vesentleg rolle. Ginsberg drøftar desse sidene av krigføring med eit breitt utval av døme – frå gresk og romersk krigføring i antikken fram til i dag. Han syner også korleis dei formene for organisasjon, finansiering, teknologi og liknande som var utvikla for krig i neste omgang forandra det sivile samfunnet.

 

Det finst ein sterk samanheng mellom krig og teknologisk utvikling Og dette gjeld ikkje berre på slagmarka. Erobringa av eit samfunn kan føra til store endringar når dei nye makthavarane freistar sikra sine interesser. Etter å ha erobra India brukte britane store ressursar på byggja jarnbanenett, telegrafsystem og liknande – ein infrastruktur som hadde sivile bruksområde, men som også dreidde seg om å halda militær kontroll over eit stort land med avgrensa militær innsats. Men spreiinga av teknologi går ikkje berre frå erobrarar til dei som blir erobra. Då USA erobra Tyskland på førtitalet tok dei med seg heim verdas dyktigaste rakettingeniørar – ingeniørar som eit par tiår etterpå teikna dei rakettane som landa amerikanarar på månen. Og slik har det vore i alle tider. Og militær dominanse fører ofte til mangesidig kulturell utveksling. Då romarane erobra det gamle Hellas førde dette til at den romerske eliten vart djupt påverka av gresk kultur, og mange sende borna sine til Hellas for å få del i den greske kulturen. Slik fører krig til at teknologi og idear flyt mellom landa, og mellom militær og sivil bruk.

 

Men dei endringane krigen fører til dreier seg om meir enn teknologi. I fredelege tider er ikkje den herskande eliten alt for avhengig av undersåttane sine, og treng berre å bruka makt når undersåttane er i vegen. Men i krigstid er dette annleis: Då treng ein mobilisera sitt eige folk for sams innsats, og då er ikkje tvang tilstrekkeleg. Ginsberg går igjennom dei ulike endringane som følgjer trongen til mobilisering – mobilisering av soldatar, finansielle ressursar. Over eit lengre tidsrom har desse mobiliseringane forandra vestlege samfunn, og tendensen har vore at undersåttar har vorte til borgarar. For det er vanskeleg å ta frå folk rettar som dei har vunne som følgje av krig. Europeisk industri og masseproduksjon førde til masseproduksjon av våpen, og større og større mengder folk måtte mobiliserast til fronten når krigen kom. På midten av sekstenhundretalet hadde ei europeisk stormakt kring 50 000 mann i felt i ein større krig. Napoleon kunne gjennom verneplikt byggja opp millionhærar. Under første verdskrig kunne Frankrike mobilisera meir enn tre millionar menn som heldt skyttargravene kring landet. Desse valdsame mobiliseringane er ei av dei viktige drivkreftene i utviklinga av demokratiske samfunn.

 

Dette har også ei anna side. Massekrigen førde til at undersåttar var til borgarar. Men det førde også til at ein måtte ta i bruk nye metodar for å vinna eige folk for krigen. Massehær, demokrati og propaganda er tre hovud på same troll. Naturlegvis har propaganda alltid vore ein del av krigføringa. Men i moderne tid, i samfunn der analfabetismen er utrydda og der massemedia når ut til alle, har propaganda i krig fått eit heilt anna omfang. Under den amerikanske frigjeringskrigen gjekk Tom Pains propagandabøker – «Common sense», «American Crisis» og «Rights of Man» - i enorme opplag. Og dette heldt fram under den franske revolusjonen og i alle større væpna konfliktar fram til i dag. Styresmaktene lærde seg å laga propaganda for å nå eigne borgarar. Og når ein først hadde lært dette, tok ein gjerne med seg den nyvunne lærdomen over i fredstid.

 

I byrjinga var mange skeptiske til at styresmaktene på denne måten utvida mandatet sitt. Ginsberg Chester Bowles,sjef for den amerikanske prisadministrasjonen, som døme på korleis denne motstanden vart overvunne. Kongressen truga med å ta frå Bowles fem millionar dollar på informasjonsbudsjette. Bowles forklarte til komiteen at mange amerikanarar visste lite om dei lovene han forvalta. Om kongressen tok frå han informasjonsbudsjettet måtte han i staden ha 15 millionar for å straffeforfølgja folk som braut lova – ofte av di dei mangla informasjon om kva som var lov og kva som ikkje var det. Kongressen stod fritt til å velja dette alternativet – men sjølv meinte han det var betre å ikkje bruka politistatsmetodar.

 

Naturlegvis fekk han budsjettet sitt – og naturlegvis har denne propaganda – orsak, «informasjons»-sida av statsmakta halde fram med å veksa. I dag kan ein på amerikanske nyhendesendingar blir sendt til «reporter Karen Ryan i Washington» som fortel om reformar i helselovgjevinga i standard, nittisekundars nyhendeinnslag. Innslaget blir avslutta med «In Washington, I’m Karen Ryan reporting». Det sjåarane ikkje veit er at «reporter» Karen Ryan ikkje er reporter, men tilsett i eit byrå som blir hyra inn av departementet for å laga innslaget, som så blir distribuert til massemedia med tronge budsjett i hard konkurranse. Slik blir framtidas nyhende til.

 

Ginsberg avsluttar boka med to svært grundige og opplysande drøftingar kring to problem som er svært aktuelle når det gjeld USA og landet sitt tilhøve til krigføring. For det første drøftar han krig og det som blir kalt «imperieforstrekking» - at stormakter blir så fanga i det internasjonale maktspelet at dei tøyger seg lenger enn dei burde ut frå eigne ressursar. Dette fører i neste omgang til ubalanse og bratte nedturar. I USA var dette eitt problem grunnlovsfedrane såg, og James Madison var fadder til det som vart middelet for å balansera denne tendensen. Som Lee såg Madison at det var lett å bli «for glad i» krig, og han meinte det ofte var den utøvande makta som vart for glad i krig. Borgarane som skulle stilla med soldatar og finansiera det heile ville vera meir skeptiske. Difor gav den amerikanske grunnlova Kongressen makt over krig og fred. Ginsberg syner korleis amerikanske krigar – også dei som endte i siger – i neste omgang har ført til politiske motreaksjonar frå Kongressen som har kvista ned makta presidenten har bygt opp i krig. Slik har den amerikanske grunnlova vore ein bølgjedempar både etter første og andre verdskrig – ja, så seint som under Vietnamkrigen. Men etter verdskrig har grunnlova si avkorting av presidenten si makt til å føra krig vorte meir og meir rotgnagd, og i dag er doktor Madisons medisin mot «imperieforstrekking» kraftig svekka.

 

Likeeins drøftar Ginsberg eit anna utslag av korleis krig har verka inn på maktfordelinga i amerikansk politikk. Spionasje og overvåking er ein del av all krigføring, og under førre hundreårs krigar bygde USA gradvis opp apparat og lovgjeving for å overvåka og få kontroll over eigne borgarar. Desse apparata overlevde inn i fredstid, og fekk stadig nye oppgåver. Karrieren til J. Edgar Hoover er berre eitt døme på korleis slike overvåkarar har plassert seg sentralt i det amerikanske systemet. Også dei amerikanske grunnlovsfedrane drøfta tilhøvet mellom stat og borgar, og var samde om at demokrati bygde på to prinsipp: «Privacy» og «transperancy». Kvar borgar måtte kunna ha eit privat rom med eigne meiningar, kontaktnett og rom for å samrå seg med andre utan at staten hadde noko med det. Likeeins måtte staten vera gjennomsiktig: Det måtte vera mogleg for den vanlege borgar å følgja med på kva staten heldt på med.

 

Dei siste hundreåra med krigar har ført til ein kraftig flytting av makt mellom stat og borgar. «Transparency» er bygt meir og meir ned i lovendringar og administrative påbod som har ført til at meir og meir av det den amerikanske staten held på med er hemmeleg for eigne borgarar. Og ein del av dette dreier seg om eit omfattande overvåkningssystem som gjer «privacy» umogleg. Ginsberg peiker på det paradoksale i at Edgar Snowden, som har avslørt kor omfattande desse systema for statleg kikking i private saker er, har måtta flykta til fridomen i Moskva. Også dette utgjer ein viktig del av dei nye realitetane den krigførande amerikanske staten har skapt.

 

Benjamin Ginsberg si drøfting av krig som samfunnsmotor er kunnskapsrik, fokusert og svært tankevekkande. Han syner overtydande korleis krigen kan vera ein prøvestein for rasjonalitet, og likeeins korleis krig har gjeve oss mange av institusjonane og teknologien det moderne samfunnet er bygt på. Men «rasjonalitet» er ein farleg målestokk. «I don’t know what I want but I do know how to get it», som Sex Pistols på midten av syttitalet. Når samfunnsutviklinga ikkje lenger blir styrt i retning moralske mål, og krig blir ein vidunderkur for stormakter med omstillingsproblem er ikkje lenger krigen nokon rasjonell prøvestein. Då har «rasjonaliteten» i dei moderne valdsapparata vorte det høgaste og mest avanserte uttrykket for irrasjonalitet.

 

http://www.amazon.com/Worth-War-Benjamin-Ginsberg/dp/1616149507/ref=sr_1_1?s=books&ie=UTF8&qid=1423478398&sr=1-1&keywords=benjamin+ginsberg

 

Gå til innlegget

Staying alive

Publisert over 6 år siden

“Well, you can tell by the way I use my walk, I'm a woman's man: no time to talk.”

Det er på tide å leita fram dei verkeleg djupe laga i vår kulturarv. Vestleg presse melder i dag at Vladimir Putin har asperger. Han har ekstrem trong for kontroll på alle detaljar i krisesituasjonar. Sykeleg, med andre ord. Kvifor ikkje gjera som alminnelege storfolk: Segla igjennom på feelingen – trygt bakom ein høg sigar? Om du tek deg tid til å sjå inn i augo på mannen, trur eg det er god grunn til å tru at mannen er pedofil også. Det er i tilfelle ikkje så rart – og røtene til denne pedofilien ligg opplagt i homofobien.

Vi får med andre ord ualminneleg god informasjon om det vi treng å vita for å tolka dagens krise. Dei siste vekene har den ukrainske regjeringshæren mista 1 500 mann. 7000 mann av regjeringshæren i Ukraina er kringsett ved Debaltsevo. Det einaste som gjev vern til denne styrken er dei sivile – og no er det tinga fram ein avtale for at desse skal få forlata området. Då forsvinn det einaste vernet til dei kringsette. Då får du same situasjon som ved Saur Mogilev i fjor. Der vart dei ukrainske styrkane utsletta. Dette er ein ekstremt kritisk situasjon – som mellom anna tyder at vinteroffensiven til Kiev har endt med eit bortimot totalt nederlag. Den sentrale politikaren i utbrytarrepublikkane, Zakharsjenko, seier at ein frametter vil gjennomføra ei total mobilisering i opprørarområdet, og at dette vil gje opprørarane ein hær på 100 000 mann.

Det er dette som får meg til å leita fram dei kulturelle klassikarane våre. Etter mi meining er verda no på veg inn i ei krise som er akkurat like farleg som Cuba-krisa.Då treng vi den verkeleg djupe lyrikken:

”Whether you're a brother or whether you're a mother/ You're stayin' alive, stayin' alive/
Feel the city breakin' and everybody shakin'/And we're stayin' alive, stayin' alive/Ah, ha, ha, ha, stayin' alive, stayin' alive/Ah, ha, ha, ha, stayin' alive.”

Bee Gees er naturlegvis for lengst under torva, men eg er ikkje sikker på at eg ønskjer å følgja dei. “Posession is 9/10 of the law”, seier engelskmennene. Slik er det i alle fall når ein skal tinga. Opprørarane har betre kontroll over sine område etter vinterens krigføring. Militært er opprørarane markert sterkare – medan regjeringa i Kiev er svekka. President Porosjenko er sterkt svekka etter dei militære nederlaga. Men han har ingen sjanse til å ta initiativ for å forhandla fram ei løysing på eiga hand. Då vil det gå med han som med Victor Janukovitsj. Eller: Janukovitsj kom seg ut i live. Det trur eg ikkje Porosjenko vil gjera.

Det avgjerande for kva som skjer vidare er kva politiske initiativ som kjem frå vest. Ukraina er konkurs, og har brukt opp det militære utstyret sitt. Dei har tapt krigen. Men krigen vil halda fram om USA og Vesten går inn for at krigen skal halda fram – og om det kjem løfte om våpenforsyningar frå vest. Så lenge krigspartiet i Kiev har støtte frå vest har det også makta, og Porosjenko kan ikkje gjera noko med dette. Spørsmålet om vi skal levera våpen kløyver i dag Europa, og fleire av EU-leiarane er skeptiske.

Vil større våpenleveransar føra til gjenerobring av Donbass? Ingenting tyder på dette. Kiev har no for andre gong gått på eit stort militært nederlag. Det mest sannsynlege om ein ikkje forhandlar no er at opprørsrepublikkane byrjar ein større offensiv i løpet av ikkje alt for lang tid. Våpenkvila som vart framforhandla i Minsk i haust har aldri halde meir enn halvvegs, og mellom anna har det i lange periodar regna artillerield over millionbyen Donetsk. Det var svært stor misnøye på opprørarhald med våpenkvilen – som kom då dei hadde Mariupol på Svartehavskysten i sikte. Men Kreml har innverknad nok til å kunna setja bremser på denne hæren, som er avhengig av å få våpenleveransar frå Russland. Men Vladimir Putin har ikkje uavgrensa handlingsrom, og om det ikkje blir forhandlingar no vil det mest sannsynlege vera at opprørarane vinn terreng i neste fase av krigen.

Skal ein kriga, er det viktig å ha eit mål for krigføringa. Noko ein vil oppnå. Målet må vera best mogleg definert. Det skal vilje til for å vinna ein krig, og viljen må ha noko å samla seg om. Kva er det realistiske målet for den vestlege politikken? Dette målet må kunna formulerast både politisk og militært. Om målet er ”eit einskapleg Ukraina” tyder det å gjenerobra Donbass. Problemet er: Skal dette skje nyttar det ikkje med ”only hat, no cattle”, som dei seier i Texas. Då må det musklar til. I tilfelle: Kva andre land enn Ukraina skal stilla med soldatar for å forsterka vestens prinsippielle standpunkt?

I tilfelle vil eg tru det trengst ein hær på i alle fall 30 000 mann, med godt utstyr. Flystøtte og alt anna. Kvar finn vi denne hæren? Og: Er vi sikre på at ikkje Russland vil gripe inn med regulære troppar i tilfelle vi sender ein slik hær? Om Russland grip inn med regulære troppar er dette sjølvsagt ein styrke som blir pulverisert på kort tid, og då vil Kiev vera okkupert på nokre dagar.

Om regjeringa i Kiev ikkje greier å gjenerobra Donbass er alternativet å forhandla. Vi kjenner vilkåra: Føderalisering av Ukraina, men territoriell einskap frårekna Krim, som blir verande russisk. Denne forhandlingsløysinga vil vera innan rekkevidde i alle fall fram til offensiven frå Donbass kjem.

Ukraina blør. Og landet blør no så kraftig at samfunnet ikkje lenger fungerer. Ingen ting tyder på at regjeringa greier gjennomføra den fjerde mobiliseringsrunden. Dermed er det ikkje noko samsvar mellom den politiske lina til våre politiske leiarar og dei militære realitetane. Det er ikkje teikn til at vi kan ”pressa” Russland til noko som helst. Skal vi pressa Russland til noko trengs det ”støvlar på bakken”. Vi kan ikkje lenger vera kompromisslause medan vi let andre blø. Men korleis kan vi vera med å blø? Skal vi senda Telemarksbataljonen på ”ferie” til Ukraina – slik russarane gjorde då dei vart mest pressa i sommar? Finst det andre stader enn NATO-land å henta soldatar? Eller finst det ein ”smart plan” som gjer at det manglande samsvaret mellom stoda på slagmarka og våre forhandlingsposisjonar berre er tilsynelatande? I tilfelle må vi faktisk få nokre hint. Så lenge det vi får vita er at Putin har asperger, hellar eg til å tru at mistilhøvet mellom politiske posisjonar og militære realitetar faktisk er røynleg.

Slik kan ein ikkje bløffa med. Då eg vaks opp, hadde vi ein ståande hær i indre Troms. Denne var trent, og utgjorde røynlege militære musklar. Slik er det ikkje lenger. Då trur eg eigentleg ikkje vi kan bidra med med dei styrkane som er moralsk påkravd i tilfelle vi skal vera ”kompromisslause” på vegne av andre. Du sender ikkje det vi har av militære ressursar for å nedkjempa russiskstøtta styrker samtidig som du let Noreg stå igjen utan røynleg forsvar.

For tida brukar vi kuppregimet i Kiev til å la ukrainarane blø for våre prinsipp. Og då er ikkje desse prinsippa ”våre” – då er dei retorisk kamuflasje for interesser forkledd som ”prinsipp”. Med det blodtapet som er på båe sider av fronten i Donbass er dette eit uhyre risikofylt spel.

Krisa har ikkje ført til isolasjon av Russland. Den einaste alliansen Russland treng er alliansen med Kina – og denne alliansen er tettare enn på lenge. I tillegg har Russland brukt krisa i Ukraina til å knytta tettare band til Sør-Amerika og Tyrkia. Vestlege statar står i augneblinken på politiske posisjonar som er slåande urealistiske. Kanskje vi også treng leiarar som har stålkontroll på alle detaljar – i staden for å segla igjennom på feelingen, trygt bakom høgt heva sigarar?

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere