Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Takk til Netanyahu

Publisert over 6 år siden

Etter valet i Israel trykte Vårt Land ein lengre kommentar frå Amos Oz – denne gongen om at det hasta med ein palestinsk stat. Hastverket var ikkje spesielt overtydande. Oz har ikkje akkurat vore prega av hastverk dei siste tjue åra, og det var vel først og fremst den retoriske effekten han var ute etter. Kommentaren var velskriven, men like uinspirerande som andre ting som kjem frå israelske liksom-humanistar som Oz, Grossmann, Yehosafat og alle dei andre. Eit rutinert opplegg som folk ville gjort klokt i å slutta å tru på. Den israelske liksom-humanismen er som ein fotball som lufta har gått ut av. Det finst ikkje sprett i han, og når du sparkar i han skiftar han form.

 

For det er ikkje ein «palestinsk stat» det hastar med, og heile «freds»svindelen burde vore plukka ned for lengst. Israel Shahak synte allereide då Oslo-avtalen var fersk at det heile var ein svindel – som vart selt med ulike argument til ulike kjøparar. Oz og Grossmann hadde sine grunnar til å selja dette, Rabin og Peres hadde sine – og dei slitne og korrupte PLO-leiarane hadde sine. Og sjølvsagt hadde norsk UD også sine eigne grunnar til å marknadsføra ein vare som var konstruert slik at han gjekk i småbitar før reklamasjonstida var gått ut.

 

Eg var ikkje så mykje klokare enn andre den gongen, og det gjekk nesten ti år før eg oppdaga at heile opplegget var ein bløff. Først då fann eg fram til Shahak og andre kritikarar som venstresida med stor iver freista teia i hel. Og eg oppdaga korleis dei som venstresida freista demonisera – den politiske tradisjonen frå Jabotinsky via Begin fram til Netanyahu – hadde noko sannferdig ved seg som du ikkje finn på sionistisk venstreside. Jabotinskys «Jarnmuren» - frå tjuetalet – er i mine augo framleis ein av dei beste artiklane som er skrivne om konflikten. 90 år etter at artikkelen vart sett på trykk, uttrykkjer han framleis på råkande vis den politiske tradisjonen Jabotinsky skapte. Du kan framleis lesa Jabotinsky med utbyte. Les «venstresionistane» frå same periode, og du møter ein oppdikta røyndom som først og fremst uttrykkjer tidbundne motebølgjer og fordomar. Sjølv dei intelligente og lesverdige venstresionistane – som Hannah Arendt – verkar sørgjeleg utdaterte. Samleutgåva av hennar «Jewish Writings» inneheld gullkorn og svært skarpt tenkt tekst. Og likevel er hovudinntrykket at ho dansar kring romantiske luftspeglingar som verkar vonlaust utdaterte. Det er like framtidsretta som ein nudistleir tidleg på trettitalet.

 

Då er Gideon Levy noko heilt anna. Det er noko slitent og oppgitt over Gideon Levy, og ikkje alt han skriv er like råkande. Men nokre dagar etter valet skreiv Levy den kommentaren om valet i Israel som det er vits i å lesa. Der takka Levy Benjamin Netanyahu for å syna tilstrekkeleg moralsk mot til å snakka sant. Og Netanyahu fortener takk – nett slik Gideon Levys tekst fortener å bli lese. For Levy har sjølvsagt rett: Det er på tide at nokon byrjar snakka sant, og det er bra at ein sitjande israelsk statsminister faktisk gjer det. Verda ville vore ein betre stad om fleire hadde gjort som Shahak, og snakka sant for 25 år sidan. Ilan Pappe skreiv i fjorårets bok om korleis dørene vart lukka og israelsk hovudstraum konsolidert for femten år sidan. Etter dette burde i alle fall nokon teke seg bryet med å snakka sant. Men no har endeleg nokon gjort det – til stor frustrasjon for dei som har aksjar i å halda løgna gåande enno eit tiår eller to. Ikkje høyr på dei – og avvis krava deira om at Netanyahu skal gå bort frå det han har sagt. Han kjem til å gjera det retorisk – men realitetane er slik han sa. Det blir ingen palestinsk stat. Det at Netanyahu sa dette so tydeleg avklarte også stoda i israelsk politikk. For veljarane likte det dei høyrde, og gav Netanyahu eit tydeleg mandat: Det blir ingen palestinsk stat.

 

Det gjer det heile enklare. For det finst berre ein stat mellom Jordanelva og Middelhavet, og slik har det vore sidan før eg vart fødd. Folk må gjerne prata om juridiske fiksjonar og den internasjonale konsensusen – og dei «rettane» palestinarane har i følgje ymse FN-resolusjonar. Men juss og røyndom er to ulike realitetsplan, og du skal ha lang skei om du skal eta juss frå same skål som han Tykje. Røyndomen er langt enklare: Det finst berre ein stat mellom Jordanelva og Middelhavet, og det kjem ikkje til å bli nokon palestinsk stat her. Om palestinarane skal ha rettar, må dei ha rettar i denne staten. Dei er rettslause heilt til dei har fått alminnelege borgarrettar i den staten som faktisk finst.

 

http://www.palestinaorientering.dk/netanyahu-vil-blive-husket-for-at-fortaelle-sandheden-om-israel/

Gå til innlegget

Konspirasjonar og realitetar

Publisert over 6 år siden

Fyllikken leita etter mynten under lyktestolpen. Ikkje avdi det var der han hadde mista mynten, men avdi det var der det var lyst nok.

I 1939 gav den britiske journalisten J. M. N. Jeffries ut boka «Palestine – the reality». Jeffries hadde følgt utviklinga under det britiske mandatet heilt sidan første verdskrig. I boka klagar han over at «inga sak har tent så mykje på generell kunnskapsløyse som sionismen». Og han syner korleis den alminnelege brite er monumentalt desinformert om kva som verkeleg har skjedd i landet. Men dette slutta jo ikkje i 1939. Frå Balfourerklæringa til i dag har ein monumental «draumefabrikk» sytt for systematisk desinformasjon om kva som skjer i området. Mange reknar det som si patriotiske eller religiøse plikt – eventuelt båe delar – å tru på dei einsidige og eller oppdikta historiene til denne draumefabrikken. Og så skal vi liksom diskutera derifrå.

 

Sidan slutten av 1980-talet har det vore ålment kjent at sionistane medvite valde krig i 1947-48. Grunnen til at dei valde krig, var at krigen gav høve til å gjennomføra den etniske reinsinga som trongst for å få eit jødisk fleirtal i landet. (”Plan D”)I tillegg visste Ben Gurion at dei sionistiske militsane hadde eit militært overtak. Desinformasjonen som vart spreidd i vestlege media og i ulike populære framstillingar på femtitalet har i stor grad vorte diskredittert. I røynda hadde den framveksande jødiske staten eit overtak på slagmarka i storleiksorden 2:1, og sidan krigen gjekk over lang tid, område for område, kunne sionistane lokalt ha langt større overtak. Den einaste militære styrken som var noko utfordring i denne samanhengen var den Arabiske Legionen i Jordan, med John Glubb i ei sentral rolle. Sidan sionistane hadde ei politisk forståing med kongehuset i Jordan var dette ikkje noko problem – og Jordan overtok den militære kontrollen over Vestbreidda samstundes med at dei sionistiske militsane gjennomførte si etniske reinsing. Ved hjelp av propaganda kunne Israel spela rolla som David samstundes som landet var væpna som Goliat. Dette mønsteret går att i alle påfølgjande krigar, med eit unntak for oktoberkrigen i 1973 som har ei litt anna historie.

 

Israel har hatt militært overtak i regionen i mange tiår, og mangelen på fredsavtalar har gjort at Midt-Austen sine ressursar i stor grad er brukt på militært utstyr. Når det har vore større krigar i regionen – som krigen mellom Iran og Irak på åttitalet – har Israel etter beste evne freista spruta bensin på bålet. Det som i USA vart kalla «Iran-Contras-skandalen» var jo i røynda ein Iran-Israel-Contrasskandale, og eit heilt typisk utslag av desse mønstra.

 

Bjørn David Brattlie skreiv i ein annan diskusjon:

”Brendbergs og andres fantasier finner igen grenser. Dette er jo en nedvurdering av arabiske/muslimske samfunn hinsides det er mulig for normale folk å tenke seg. At Israel skulle ha noen som helst innflytelse på innenikspolitiske forhold i land som til sammen har folketall 10-20* eget folketall? Og som har tilgang til ufattelige mange mange milliarder dollar? Som besitter verdens største oljereserver? Hvis det er slik at araberne/muslimene er så gjennomført dumme som Brendberg her insinuerer trenger de å settes under administrasjon. Men de er ikke så dumme, like lite som Israel har noen som helst påvirkning på deres innenrikspolitiske anliggender. Mener at Brendberg at Israel har skylden for Komeinis overtagelse av Iran? Mener Brendberg at Saddams vanvittige krig mot Iran er Israels skyld? Mener Brendberg at konfliktene mellom shiaer og sunnier er Israels skyld? Mener Brendberg at det er Israels skyld at Syria innvaderte Libanon? Mener Brendberg at krigen i Syria er Israels skyld? Mener Brendberg at undertrykkelsen av kurderne er Israels skyld? Mener Brendberg at fremveksten av Muslimsk brorskap er jødenes skyld?

I disse eksemplene har Israel absolutt ingen skyld. Disse folkeslagene har eget ansvar for egen skjebne. Israels rolle er å orientere seg og gjøre forsøk på i ivareta egne borgeres sikkerhet i dette infernoet av politisk vanstyre. Selvom det skulle vært slik at Israel hadde ønsket det Brendberg påstår, er det disse landenes eget ansvar å ikke la seg styre av slike konspirasjoner. Det er jo derfor man har statsmakten til å beskytte befolkningen.

Så la oss slippe slikt sludder og underminering av arabere/muslimer som undermennesker uten forstand. ”

Dette er ei liste med påstandar og tøv.

Israels aggresjon i 1967 vart premiert med diplomatiske sanksjonar mot dei arabiske landa – mellom anna med at USA braut det diplomatiske hopehavet med Irak. Etterpå freista USA destabilisera regimet. Med den islamske revolusjonen i Iran og den kraftige svekkinga av iransk militærmakt såg Saddam Hussein og vestallierte Saudi-Arabia at det var mykje å henta på krig. USA gav grønt lys, utan å forplikta seg. For ja: Dette var Saddam Husseins krig. Då Iran byrja slå tilbake frå 1982 vart amerikansk støtte til Irak meir omfattande, samstundes som USA fjerna landet frå si liste over land som støtta terrorisme. Nokre år seinare kom det fram at USA – og Israel – i den same krigen hadde levert viktige delar til våpensystem i Iran.

Kva tyder dette? Golfen er det mest oljerike området i verda, og området har sidan andre verdskrig vore eit av dei prioriterte områda i amerikansk utanrikspolitikk. Dei to ”sterke statane” i området var Irak og Iran. Saddam Hussein klarte utmerka godt å starta krigen mot Iran på eiga hand, men når krigen først var i gang sikra USA sine interesser gjennom å balansera Iransk og Irakisk makt. Dette er normal stormaktspolitikk.

Men det er denne normale stormaktspolitikken som for tida er ute av balanse. For i dag fungerer det ikkje å balansera Irakisk og Iransk makt mot kvarandre. Invasjonen av Irak for ti år sidan har ført til eit ”inferno av politisk vanstyre”, som gjer at USAs tradisjonelle maktmekanisme ikkje fungerer. Kven var strategane bak dette infernoet?

Om du les Paul Findleys ”They Dare to Speak Out” (1985) vil du møta desse strategane i ei tidleg utgåve. Etter kvart som Oslo-prosessen spora av kom dei opp med ein alternativ strategi – ”A Clean Break” (1996). Den same gruppa med folk – med dei same prioriteringane – var det som dytta USA i retning invasjon av Irak. No som sentrale folk i Bush-administrasjonen. Måten dette skjedde på er oppsummert i Sniegoskisk ”Transparent Cabal”, men detaljane i handverket vart avdekt løpande utetter 2000-talet. Som i Seymour Hersh sin artikkel i ”New Yorker” – ”The Stovepipe” – der han syner korleis dei nykonservative kortslutta dei vanlege rutinane for innhenting og validering av etteretningsinformasjon for å selja dei sokalla ”masseøydeleggjingsvåpna” som etterpå vart avslørt som ein bløff.

I følgje propagandaen skulle invasjonen i Irak føra til ”liberalt demokrati”. Du må vera over gjennomsnittleg kunnskapslaus om internasjonal politikk for å tru på noko slikt. Diverre er svært mange amerikanarar akkurat det. I røynda slo invasjonen i bitar den sekulære staten, og skapte infernoet av etnisk og sekterisk vald vi ser i dag. Heilt etter Oded Yinon si oppskrift frå tidleg åttital. At strategane bak dette har hatt Israel/sionisme som sin viktigaste politiske lojalitet heilt sidan dei byrja karrieren som springpojkar for senator Henry Jackson på slutten av sekstitalet underbyggjer Sniegoski sitt poeng: Invasjonen av Irak handlar meir om Israel enn om USA sine interesser.

Det ser vi i dag, når USA ikkje lenger kan balansera Irakisk og Iransk makt i Golfen. Resultatet har vorte destabilisering, panikk i oljesjeikdømene (som finansierer IS) og nyorientering i den viktigaste USA-allierte i området: Tyrkia.Men Israel har bidratt til å så det kaoset som landet ønskjer. Og dette er ikkje nokon ”konspirasjon”: Det er offentleg kjent kven som marknadsførte krigen mot Irak sidan midten av nittitalet. Det er offentleg kjent korleis desse politikarane sidan slutten av sekstitalet har hatt Israel øvst på si prioriteringsliste.Alle desse apparatsjikane - Wurmser, Kagan, Kristol og alle dei andre, er i tillegg skriveføre og har ført saka si offentleg gjennom fleire tiår. Som Sniegoski understrekar: Alt her heilt i dagen – vi snakkar om ein ”Transparent Cabal”. USA er styrt av ein elite som ideologisk har hjarta sitt i Israel. Verre er det ikkje. Men dermed har også USA vanskar med å handheva eigne interesser, av di Israel er sterke nok til å skyta ned alle politiske initiativ som den israelske høgresida mislikar. Mange av mekanismane i dette spelet har vore kjent sidan Findleys bok – på midten av åttitalet.

 

Menneska si evne til til å halda andre menneske nede i avmakt og vonløyse er gamal og velutvikla. Nokre titusen britar kunne lett halda fleire hundre millionar indarar nede i avmakt i hundreåret frå opprøret i 1857 til andre verdskrig og trugsmålet om nasjonalistisk gerilja fekk britane til å pakka saman på førtitalet. Anten direkte, eller gjennom ulike fyrstestatar som i praksis var Storbritannias reidskapar.

 

Frå slutten av attenhundretalet var Midt-Austen strategisk viktig for Storbritannia, sidan Suez-kanalen var snarvegen mellom kjernelandet og britane sin viktigaste koloni. Difor utvikla Storbritannia eit dominansesystem for å ha kontroll med regionen. Av og til dreidde det seg om elegant, nesten usynleg dominans – som det ”indirekte” styret som vart utvikla i Egypt. Av og til måtte det rå maktbruk til – som då Russland og Storbritannia okkuperte Persia under første verdskrig og om lag 40% av innbyggjarane døydde i svolt og sjukdom (nær 10 millionar daude). Det er dette spelet for dominans det merkelege radarparet USA-Israel har overteke i etterkrigstida. Og Israel har etter kvart utvikla betydelege evner til strategisk dominans i området – kombinert med sterk og for det meste udiskutert innverknad over USAs strategi i same område.

 

Den politikken Israel verkeleg fører blir sjeldan omtalt i media. Men av og til får vi glimtvise innsyn. Victor Ostrovsky sine to bøker om Mossad gjev eit interessant glimt av sanningl.Seymour Hersh si bok om israelsk atompolitikk – ”The Samson Option” – er lesverdig. Og ikkje minst gav israelske Israel Shahak på nittitalet ut ”Open Secrets”, der han på grunnlag av kommentarar i den israelske pressa teiknar omrisset av Israels verkelege politikk andsynes Iran, Irak og andre statar i området – og Israels verkelege politikk andsynes USA.Framleis er truleg den hebraiskspråklege pressa den viktigaste kjelda til kva politikk Israel faktisk fører, men ingen har vidareført den jamne rapportane – ”Shahak Reports” – som Israel Shahak jamnleg laga frå syttitalet til han døydde for ti år sidan.

 

 I tillegg til å ha ein moderne hær utstyrt med alt det amerikanske militærindustrielle komplekset er i stand til å produsera har Israel i tillegg unik politisk innverknad i den einaste supermakta.

Dei grunnleggjande realitetane i Israels makt i USA vart som sagt skildra i detalj allereide på åttitalet i Paul Findleys «They Dare to Speak Out». Seinare har John J. Mearsheimer og Stephen Walt drøfta dei same maktmønstra – likeeins professor James Petras og andre. Og Stephen Sniegoski har i si utmerka ”The Transparent Cabal” synt korleis det var pro-israelske interesser som stod bak krigen mot Irak. Dette er ikkje ”konspirasjonsteoriar”. Paul Gottfried, ein av dei mest interessante akademikarane på amerikansk høgrefløy, skreiv forordet til ”The Transparent Cabal”. Dette er veldokumenterte bøker som ned i detaljar syner korleis desse politiske kreftene fungerer. Problemet er ikkje dokumentasjon – problemet ligg på eit anna plan. For det er ingen som skriv om dette i avisa.

 

Mediemakt er ein vidunderleg sak. Mediemakt gjev høve til å påverka hendingar. Men mediemakt har ein enno viktigare funksjon: Du kan skru av lyset. Ved å skru på og av lyset kan ein gjennom mediemakt påverka kva folk ser – og dermed forstår – av hendingane. Som Jeffries peika på allereide i 1939 har sionistane svært medvite nytta denne makta. Riktig brukt gjev denne makta den effekten som Brecht skildra så råkande:

 

”Und der Haifisch, der hat Zähne
Und die trägt er im Gesicht
Und Macheath, der hat ein Messer
Doch das Messer sieht man nicht.

An ’nem schönen blauen Sonntag
Liegt ein toter Mann am Strand
Und ein Mensch geht um die Ecke
Den man Mackie Messer nennt.

Denn die einen sind im Dunkeln
Und die andern sind im Licht.
Und man siehet die im Lichte
Die im Dunkeln sieht man nicht.“

Når noko skjer i mørket, skapar det frykt. Og frykt er ei viktig kraft i dei fleste dominanssystem. Det meste av kommentarar om Midt-Austen minnar om fyllikken som leita etter ein mynt han hadde mista under lyktestolpen. På spørsmål kunne han fortelja at han ikkje hadde mist mynten der – men i mørket lenger ned langs vegen. Likevel leita han under lyktestolpen – for det var der det var lyst. Dei fleste som skriv for dagen og timen i norsk og internasjonal presse skriv om det som er å sjå under lyktestolpen. Å leggja arbeid i det som er vanskelegare tilgjengeleg er ikkje aktuelt – men nokre få unntak som Hersh, Fisk, og nokre få andre.

Når ein på denne måten har mediemakt kan ein gjera svært mykje. Ein kann gjennomføra mord på lyse dagen – om det tener saka. Ingen vil stilla spørsmål, avdi alle „veit“ utan å undersøkja. Eit glimrande døme er rettsprosessane mot Ivan Demjanjuk. Demjanjuk døydde for eit par år sidan etter 35 år med sakførsel. Han døydde midt under ein ankeprosess – statusen han var etter over tre tiår med sakførsel framleis „ustraffa og utan gyldig dom“. Demjanjuks israelske advokat – Yoram Sheftel – synte i ei bok på nittitalet korleis prosessen mot Demjanjuk var „justismord“ i ordets eigentlege tyding: Påtalemakta freista døma Demjanjuk til dauden for brotsverk dei visste han ikkje hadde gjort, og domarane samarbeidde med påtalemakta for å gjennomføra dette. Sidan Sheftel sine avsløringar er så til dei grade pinlege for israelsk og amerikansk påtalemakt vart det dikta opp nye tiltalar mot Demjanjuk etter at han vart sett fri frå Israel. Ved å halda saka varm hindra ein at søkelys vart sett på dei grove brotsverka til amerikansk påtalemakt, særleg OSI.

Demjanjuksaka er eit glimrande døme på kor langt ein kan gå så lenge ein kan vera trygg på å ha mediemakt i ryggen. Demjanjuk er sjølvsagt ikkje noko eineståande: Av og til kan einskildmenneske bli i vegen for sterke politiske interesser, og bli knust i prosessen. Det spesielle med Demjanjuk er at ein kan halda kverna gåande i 35 år utan at nokon stiller spørsmål. Nazistane tiltalte Dimitrov for brannen på Riksdagen, men då han hadde knust aktoratet si sak sette dei han fri. Dei dikta ikkje opp ein ny identitet og ein ny tiltale, slik OSI gjorde etter frifinninga av Demjanjuk. Men slik kan ein tillata seg i den vestlege verda – avdi vi som fyllikken avgrensar oss til å leita under lyktestolpen. Pat Buchanan var stort sett den einaste innanfor vestlege media som turde å stilla dei opplagte spørsmåla til denne rettsfarsen.

(For den som er interessert i ei fullstendig demontering av saka mot Demjanjuk kan eg varmt tilrå Yoram Sheftel: „Defendig Ivan the Terrible – The Conspiracy to Convict John Demjanjuk“ – Regnery 1996)

Meiner eg slik Brattlie antydar at „krigen i Syria er Israels skuld“? Kva eg meiner er mindre interessant. Den tidlegare franske utanriksministeren Roland Dumas hevda for eit par år sidan i ein TV-debatt at borgarkrigen i Syria vart planlagt i London to år før det heile byrja i 2011. Og grunnen til at britane og andre vestlege land ville hjelpa jihadistane med å dra igang ein borgarkrig var at regimet i Damaskus gjorde motstand mot Israels dagsorden. Det er eit synspunkt som går godt i hop med det vi veit om israelsk politikk andsynes Syria på åtti- og nittitalet. Eg har ikkje sett nokon dra Dumas sitt truverde i tvil. Og kvifor skulle ein så tvila – han er utan tvil ein mann som har tilgang til informasjon som vanlege menneske ikkje har tilgang til.

Og dette er heilt normalt når ein snakkar om settlerstatar. Under kampen mot apartheid var det borgarkrig i granneland som Mosambique og Angola – og regimet i Sør-Afrika hadde svært mykje med desse borgarkrigane å gjera. Og dei kvite i Sør-Afrika hadde ikkje noko problem med å ha makt – direkte og indirekte – over svarte befolkningar som utgjorde det mangedoble av dei kvite i reine tal.

Ideologien til regima i Sør-Afrika og i Israel er langt på veg samanfallande, som Donald Harman Akenson synte i „Gods Peoples“ (1992). Og ja – det har mykje med bibelen å gjera. Den viktigaste skilnaden er at Israel frå fyrste byrjing har hatt ein draumefabrikk som har produsert ein systematisk desionformasjon om kva som foregår i området, om kva jødisk religion går ut på og liknande. Og denne draumefabrikken har hatt nært hopehav med vestleg medieindustri. Den som tek seg bryet med å sjekka vil finna kvar brestane er i biletet frå draumefabrikken. Det er ikkje spesielt vanskeleg – for eigen del kjenner eg til korleis sovjetisk/kinesisk totalitær ideologi fungerte, og metodane for å avsløra bløff er i stor grad den samme: Still dei spørsmåla som regimet ikkje ønskjer skal stillast. Finn dei fakta og dei kjennsgjerningar som bryt det idylliske biletet regimet freistar selja. Legg merke til kva tabu regimet freistar vedlikehalda – og leit der.

Men folk som har ideologisk navlestreng til regimet vil aldri gjera dette, og vil protestera når andre tek seg bryet med å sortera fakta frå eventyr. Om det du legg fram er ugjendriveleg, vil det bli møtt med ein vegg av togn.

Slik sett er det lite nytt under sola.

Gå til innlegget

Sant og usant om jødisk tru

Publisert over 6 år siden

Dette essayet vil sjå nærare på ei apologetisk framstilling av jødedomen: Bente Groths bok ”Jødedommen”(1). Det er tre grunnar til eg meiner dette er ein viktig diskusjon. Den første er at skuldingar om antisemittisme sit laust når temaet er jødedom. Dette er forståeleg, men fører like fullt til at viktige diskusjonar ofte blir feidd under teppet. Den andre grunnen er at jødedomen som staten Israels etablerte religion tyder mykje som bakteppe for maktutøvinga til den sterkaste makta i eit viktig konfliktområde. Maktposisjonar bør diskuterast kritisk. Den tredje grunnen er det viktigaste: Offentleg diskusjon kan rydda av vegen mistydingar som elles får veksa fritt i mørket. Berre den som har ei veik sak bør sky offentleg ordskifte.

I tillegg kjem det at jødisk religion er ein nokså innfløkt affære. For jødedom er ein komplisert religion. ”Kizur Shulchon Oruch” er ein enkel ”handbok” av det slaget som konsentrerer seg om dei spørsmåla der det finst enkle svar, og om dei spørsmåla ein ortodoks jøde må ha svar på i kvardagen.Mi engelske utgåve(2) er på vel 795 sider, og tek for seg slikt som kva slags velsigning du skal seia når du ser ein regnboge, kva slags kombinasjonar av vaksne med ulikt kjønn som kan opphalda seg i eit privat rom samtidig, og kva ein skal tenkja på under seksualakta(3).Desse enkle reglane er berre toppen av eit svært isfjell: All jødisk lov er svært utvikla, og det foregår ein løpande utvikling etterkvart som nye spørsmål blir reiste. Ein vesentleg del av denne utviklinga er heilt hypotetisk – Isaac Deutscher skriv at han i det foredraget som kvalifiserte han til tittelen ”rabbi” diskuterte om spyttet til sagnfuglen Kikiyon - som flyg over jorda kvart 70 år - er kosher; lovleg mat, eller treyfe; ureint.(4)

 

Men vanskane stoggar ikkje der. Sjølv om den jødiske lova, halaka, kan vera uoversiktleg, var ho likevel til ein viss grad eins for alle jødiske samfunn fram til om lag 1780. Dei siste 200 åra har mange retningar innan jødedomen lagt til sides halaka, utan at dei av den grunn har forlate jødedomen. Dei einskilde rituala og bønene som likevel er sams for jødar, kan difor bety svært ulike ting for dei som utøver religionen. Medan ortodokse jødar som legg til grunn tolkingssystemet i Talmud ofte vil forstå bibeltekstar svært ulikt den bokstavelege meininga, kan reformerte jødar forstå teksten på tilnærma same vis som kristne(5). Uttrykket ”Torahens hav” blir ofte brukt – og dette er verkeleg eit stort hav, der det er lett å drukna eller mista oversikt.

 

Når stoda er slik, blir både lekfolk, historikarar og andre prisgjeve autoritetane på feltet. Eg skal i denne drøftinga ta for meg ei bok som er i ferd med å etablera seg som ei bok som er hendig å ty til for den som vil ha kunnskap om jødedom: Bente Groths ”Jødedommen” (Pax 2000). Boka står på pensumlister ved fleire universitet i Noreg og Sverige, og forlaget garanterer for at ho vil vera i sal fram til 2020. Eg er kritisk til måten denne boka drøftar ein del tema innanfor emnet sitt, og vil leggja hovudvekta på dette. Samtidig vil eg innleiingsvis seia at eg meiner boka gjennom utval, vektleggjing og disposisjon gjev eit godt tverrsnitt av emnet sitt: Jødisk religion og historie. Det er ei god bok å byrja med – men samtidig ei bok med tydeleg slagside.

 

I denne drøftinga kjem eg til å bruka Israel Shahaks ”Jewish History, Jewish Religion” som referansepunkt. Dette er ei bok innanfor ein heilt annan sjanger – det er eit poengtert og godt underbygdt åtak på den rolla jødisk religion og tradisjon spelte og spelar i jødiske samfunn. Sjølv meiner eg Israel Shahaks tre bøker: ”Jewish history, Jewish religion”, ”Open Secrets”, og ”Jewish Fundamentalism in Israel”, (s.m Norton Mezvinsky,), er bortimot uunnværlege for den som vil forstå den jødiske sida av konflikten i Midt-Austen. Shahak var eit produkt av sin bakgrunn: Han overlevde Bergen-Belsen, og den katastrofen som utrydda ein stor del av hans familie og folk. Etter krigen slo han seg ned i Palestina, og var ein del av den eliten som utdanna seg og fekk posisjonar i det israelske samfunnet på 50-talet. Sjølv vart han professor i kjemi på det hebraiske universitetet i Jerusalem. På 50- og 60-talet bytta han sionistisk ideologi med eit livslangt engasjement for menneskerettar.Han gav ut ”Shahak reports” med omsetjingar og kommentarar frå den hebraiske pressa, og på nittitalet systematiserte han dette stoffet i tre bøker.Folk som Gore Vidal, Edward Said og Christopher Hitchens var samstemte om at Shahak var ei unik røyst – eit synspunkt som eg fullt og heilt deler. Den som les Shahak vil oppleva at han både snur opp ned på fordomar og vaneforstillingar, samtidig som han inspirerer til eiga undersøkjing og gjennomtenkijing. Samtidig er han ein mann som spissformulerer kritikken sin.I ”Jewish history, Jewish religion.” skriv han: ”Alle moderne studiar i jødedom, særleg dei som er skrivne av jødar, har utvikla seg frå denne konflikten, og ber til denne dag umiskjennelege merke på sitt opphav: Villeiing, apologi eller fiendtleg polemikk, likesæle eller til og med aktiv uvilje mot sanningssøkjing.”(6)

 

Med dette i bakhovudet vil eg sjå litt nærare på Groth si handsaming av det feltet der Shahak meiner apologien set mest preg på faglege drøftingar av jødedom: Tilhøvet mellom jødar og ikkje-jødar. Eg skal først sjå litt på Groths framstilling av jødisk tru, og etterpå på eit par sentrale periodar i jødisk historie.

Først litt om Groths gjennomgang av jødisk tru, og då særleg det ho skriv om tilhøvet mellom jødisk religion og ikkje-jødar. Er det ho skriv dekkjande? Eg trur ikkje det, og nokre døme vil truleg syna kva problemet er.

1. I avsnittet om ”Jøder og ikke-jøder”(7) skriv Groth: ”Det er kun jødene som er bundet av Toraens bud og forpliktelser. Rabbinerne var opptatt av den enkelte jødes skjebne, det jødiske folks skjebne, men også av ikke-jøders og alle verdens folks skjebne. Den vanligste oppfatningen er at også gode og moralske ikke-jøder får adgang til et liv etter døden. Talmud sier: ”Rabbi Meir sa: En ikke-jøde som lever et moralsk liv er som en yppersteprest” (Avoda Zara 3a).”

 

Først vil eg sjå på korleis Groth brukar sitatet frå Talmud. For Talmud Avoda Zara 3a handlar ikkje om ”ikkje-jødar som lever eit moralsk liv”. Teksten drøftar den svært lille gruppa av ikkje-jødar som ”gjer” (studerer og følgjer) Toraen, ”oved kokhavim veosek betorah”. Feilomsetjinga kjem i tillegg til at sitatet er teke ut av kontekst. Det står midt i ei drøfting av om ikkje-jødar i det heile kan ”gjera Tora”. Og i all hovudsak er tendensen i drøftinga svært negativ. Nokre røyser seier tvert nei, andre er tvilande, andre hevdar Gud vil leggja hindringar i vegen om ikkje-jødar freistar følgja Tora.På same vis er det usemje om ikkje-jødar som lukkast å følgja Tora vil bli løna (nei/litt, men ikkje like mykje som Israel).(8) Drøftinga i Avoda Zara kan slett ikkje brukast som underbyggjing av den villeiande påstanden om at moralske ikkje-jødar vil få eit liv etter dauden.At dette i dag, og dei siste hundre åra, har vore ei vanleg oppfatning blant mange jødar er derimot truleg rett. Men Groth impliserer at det same galdt den klassiske rabbinske tradisjonen frå før den jødiske opplysninga (haskala). Det er noko heilt anna, og ein påstand Groth vil ha store vanskar med å underbyggja.

2. Eit liknande døme: I kapittelet om tru, menneskesyn og etikk(9) forklarar Groth først kva som ligg i dogmet om Gud som skapar.Så skriv ho: ”Den andre doktrinen lærer at fordi den ene Gud har skapt hele menneskeheten, betyr det at alle mennesker i bunn og grunn er like verdifulle. Hele menneskeheten nedstammer fra Adam og alle er skapt i ”Guds bilde”.

 

Og legg til: ”Allerede de tidlige rabbinerne lærte: ”Den som er skyld i at en eneste sjel blir ødelagt, er å betrakte som en som er skyld i at hele verden forgår. Og den som redder en eneste sjel, er å betrakte som en som har reddet hele verden”.(Mishna, Sanhedrin 4:5).

I Mishna står det her (i Jacob Neusners omsetjing): ”Therefore man was created alone, to teach you that whoever destroys a single Israelite soul (”nefesh miIsrael”) is deemed by Scripture as if he had destroyed a whole world. And whoever saves a single Israelite soul is deemed by Scripture as i he had saved a whole world.(10)

Det Mishna seier er altså ikkje at alle menneske i bunn og grunn er like verdfulle, den tanken vil ein leita fåfengt etter i boka.Det som står er at nokre menneskeliv – israelittiske – er spesielt verdfulle. Men etter at originalens ”miIsrael” er fjerna, får sitatet om lag motsett tyding av det som verkeleg står.

3.  På side 91 har Groth dette interessante ressonementet: ”Dårlig oppførsel, derimot, var det samme som å vanhellige Guds navn, hillul ha-shem. Det førte til en oppfatning om at å handle urett mot en ikke-jøde var enda mer forkastelig enn å gjøre det samme mot en jøde, nettopp fordi en slik handling vil kaste dårlig lys på Israels Gud (Bava Kamma, 10:15).”

 

Det er rett nok at Mishna har ein traktat som heiter Bava Kamma. Men Bava Kamma 10:15 finst ikkje. Det siste underkapittelet i Baba Kamma er 10:10, som diskuterer kva ein klesvaskar, ein skreddar og ein teppemakar kan ta av eit arbeidsstykke som er annan manns eigedom, og kalla sitt.(11) Det står ingenting i Bava Kamma om urette handlingar mot ikkje-jødar, og om hillul ha-shem.

4. Groth skriv at jødane sitt tilhøve til andre religionar blir regulert av dei såkalla ”Noahidiske lovene”, som den jødiske middelalderfilosofen Maimonides stilte opp på grunnlag av den eldre, jødiske tradisjonen. Så skriv ho: ”De aller fleste jødiske autoriteter betraktet (og betrakter fremdeles) kristendommen og islam som religioner som overholder disse lovene.”(12)

 

Når det gjeld islam er dette sant nok. Men det er ikkje sant at ”de aller fleste jødiske autoriteter” såg på kristendomen som ein noahidisk religion. Han som formulerte dei ”Noahidiske lovene”, Maimonides, er kanskje det fremste dømet på den motsette oppfatninga.. Israel Shahak skriv: ” Jødedomen er prega av eit svært djupt hat mot kristendomen, kombinert med slette kunnskapar om han.”(13) Han nemner spesielt Maimonides, som bygde si djupt negative innstilling på to hovudstolpar: Hat og vondsinna sladder mot Jesus, og ei oppfatning av kristen religion som avgudsdyrking.

Shahak skriv vidare: ”Sjølve namnet ”Jesus” var for jødar eit symbol for alt forakteleg og motbydeleg, og denne folkelege tradisjonen held fram. Evangelia blir på same vis forakta, og det er ikkje tillate å sitera frå dei (for ikkje å snakka om å undervisa i dei) sjølv i moderne Israelske, jødiske skular. For det andre: Av teologiske grunnar, som for det meste botnar i mangel på kunnskap, blir kristendomen som religion i rabbinsk lære klassifisert som avgudsdyrking. Dette er bygt på ei mistolking av dei kristne doktrinane om treeinigheit og inkarnasjon.Alle kristne emblem og biletframstillingar blir sett på som ”avgudsbilete” ”(14).

Den andre sentrale autoriteten i middelalderens rabbinske jødedom, Rashi, delte Maimonides negative haldning. Ei jødisk middelalderbok som ”Toledoth Yeshu”, eit ”motevangelium” der Judas er helten som bryt magien til Jesus ved å pissa på han, fortel sitt om at tilhøvet til kristendomen var noko annleis enn det Groth hevdar(15).

Dette prega på ulike måtar jødene sitt tilhøve til det kristne miljøa dei levde i. Unikt er dei ulike forbanningane av ikkje-jødar som høyrde med i ritualet i ulike samanhengar. Desse var anten retta mot kristne, eller mot alle ikkje-jødar. Israel Shahak nemner dei atten velsigningane, ein viktig del av vekedagsbønene, der ein opphaveleg bad: ”Og måtte dei fråfalne vera utan von, og dei kristne døy med ein gong”.(16) Den utbreidde handboka Kizur Schulchon Oruch gjer det til ei heilag plikt å seia dette når ein ser ikkje-jødiske graver: ”Mor dykkar skal verta til skammar – som som fødde dykk vanæra. Pass dykk; lagnaden til goyimane vil vera ørken, øydemark og turt land”.(17) I boka si om jødisk-kristen fiendskap i høgmiddelalder drøftar Israel Jacob Yuval opphavet til desse forbanningane. Han fører opphavet til forbanninga ”Birkat haMinim” tilbake til nytestamentleg tid.(18) Han drøftar også korleis andre slike forbanningar etterkvart vart innarbeidde i rituala. Yuval skriv at det i samband med morgonbøna på Yom Kippur var skikk å resitera femten liturgiske dikt, mellom anna to kalt Hagoyim efes og veha-goyim eimim. ”Desse vart tilskrive Rabbi Kalonymus den eldre og inkluderte skarpe fordømingar og forbanningar mot goyimane og ei bøn til Gud om at han måtte bringa øydeleggjing over dei. Overraskande nok: Medan historiske studiar ope diskuterer alle aspekt av anti-jødisk hat, har ein gått forbi desse dikta i nesten total togn. Dette er tekstar som demonstrerer avgrunnen av fiendskap og hat som middelalderjødar følte mot kristne.Og vi har ikkje berre hat her, men bøner til Gud om å drepa nådelaust og utan omsyn, saman med utbroderande skildringar av dei forferdelege tinga som ein vonar skal råka goyimane.”(19) Yuval meiner også at desse rituelle forbanningane gav eit viktig, og nokså negativt inntrykk på kristne i samtida.(20)

Og dette er også ”levande teologi.Dei siste åra har det til dømes vore fleire døme på trakkasering av armenske, kristne prosesjonar i Jerusalem(21), og Shahak nemner likeeins døme på offentleg brenning av nytestamentet i regi av statsstøtta, religiøse organisasjonar i Israel(22).

5. Så langt har eg trekt fram døme på ting Groth hevdar som ikkje stemmer, eller som blir underbygt med konstruerte eller forvridde sitat frå Mishna eller Talmud. I tillegg til desse opplagte feila, vil eg sjå på eit døme på forteiing.

Dei siste tiåra har jødisk mystikk, kabbala, vorte eit motefenomen. Innanfor ortodoks jødedom har Lubavitch-hassidane (Chabad) hatt ein tydeleg framgang, og vorte mykje omtalt. Dei har drive omfattande misjonsarbeid blant andre jødar, og er ei av dei snøggast veksande rørslene i den jødiske verda. Det er altså snakk om svært aktuelt stoff.

På s. 132 gjev Groth ei framstilling av luriansk kabbala si skapingsforteljing. Det som skjedde var ein kosmisk katastrofe, der nokre av dei lågare sfærene sprakk. Nokre av ”lysets gnistar” festa seg til skåra frå dei ”sfærene som sprakk”. Det jødiske folket må ”reparera” etter denne kosmiske katastrofen. Groth skriv: ”Når ”reparasjonen” blir fullkommen, vil det bli forsoning og forløsning både for det jødiske folk, for hele menneskeheten, for den kosmiske prosess, og for Guds manifesterte selv.”.

Dette er akkurat så sparsamt at ho ikkje får fram kva som er poenget med reparasjonen. Ikkje-jødane tilhøyrer ei av dei vonde sfærene, medan jødane tilhøyrer ei gudommeleg sfære. Den ”kosmiske katastrofen” inneber m.a. at ein del jødiske sjelar har festa seg ved dei vonde sfærene, og ved ein feil vorte fødde som ikkje-jødar.Ei av oppgåvene i eksilet er å bringa desse sjelene heim, og berga dei frå den ikkje-jødiske verda(23).

Om den raskt veksande Chabad-rørsla skriv Groth:

”Den kanskje mest kjente hasidiske gruppen i dag ble grunnlagt av Sneur Zalman av Lady (1745-1813) og kalles Habad, et akronym for Hohma (visdom), Bina (forståelse) og Daat (kunnskap) som er betegnelsene for høyere sefirot i kabbala. Bevegelsen legger stor vekt på lærdom og intellektuelle anstrengelser, og mener at overveielse, analyse og forståelse må ledsage de mer emosjonelle impulser. Habadbevegelsen er aktiv i arbeidet med å bevare jødisk tradisjon og samhold og aktiviserer seg i veldedighet, undervisning og publikasjonen av jødiske lærebøker.”(24)

Sneur Zalman av Ladys viktigaste verk var ”haTanya”, som framleis er den sentrale teksten for Chabadrørsla. HaTanya er ikkje spesielt utilgjengeleg – boka ligg ope tilgjengeleg på nett i ei god, engelsk omsetjing(25). Her kan ein lesa slikt som at ”sjelene til all verdas (ikkje-jødiske) nasjonar spring ut frå dei andre, ureine Kelipot (sfærene) emanate from the other, som ikkje inneheld noko godt”.For nokre år sidan oppretta Chabadrørsla eit stort kosher-slakteri i ein liten by i Midt-Vesten, og i boka ”Postville” gjev den jødiske journalisten Stephen Bloom ei svært interessant bilete av dei konfliktene som vaks fram som følgje av det spesielle tilhøvet til ikkje-jødane rundt seg som desse religiøse doktrinane fører til(26).Men Bloom er ei unntak: Sjølv om lubavitcharane sjølve ikkje gjer noko forsøk på å løyna dette, greier dei fleste som skriv om Chabad å gå glipp av dette mildt sagt negative synet på ikkje-jødar som er heilt sentralt i lubavitcharane sitt verdsbilete. Dette gjeld også Groth.

Forteiinga er ikkje uproblematisk: Chabadrørsla har også politisk innverknad i Israel, og dr. Baruch Goldstein, ein av dei meir kjende tilhengarane av Chabad, kunne i ein lengre periode nekta å gje medisinsk hjelp til ikkje-jødar som israelsk militærlege. Sjølv om hæren ønskte å stilla han for krigsrett og kvitta seg med han, hadde han politiske støttespelarar som greidde å forhindra dette. Til slutt gjekk han under Purim inn i moskeen i Hebron og drap 29 av dei som bad der med automatvåpenet sitt, og skadde mange fleire. Etter dette vart han ein slags skytshelgen for radikale miljø i Chabadrørsla.(27)

Eg synest ikkje det er spesielt vanskeleg å forstå at den generasjonen som levde kring midten av førre hundreåret – folk som Martin Buber – gjekk langt i retning apologi når dei framstilte jødisk mystikk og hasidisme. Men som tilfellet Baruch Goldstein syner, har apologien sin pris. Dette har også vore ei av drivkreftene til Elliot Horowitz i arbeidet med ”Reckless rites”, ei bok eg kjem tilbake til i drøftinga av jødisk middelalder.For Horowitz var opplevinga av Purimfeiringa heldt fram etter at nyhenda om massakren i Hebron vart kjent ei skjellsetjande oppleving(28).Eg trur boka til Groth hadde stått sterkare om ho også hadde drøfta desse mørke sidene av jødisk mystikk.

 

Så langt Groth si framstilling av jødisk tru. Eg skal i tillegg sjå litt nærare på Groth si framstilling av to viktige historiske hendingar, båe innleidde ei destruktiv utvikling. Eg vil freista syna at Groth også her går langt i retning apologi.

 

Høgmiddelalder

 

Høgmiddelalderen er eit viktig tidsskilje i tilhøvet mellom den jødiske religionen og det kristne Europa. Jødemassakrane under første krosstog er td. velkjende. I denne perioden skil askenasisk og sefardisk jødedom lag når det gjeld korleis ein ser for seg den kommande frelsa, og den messianske tidsalder. Professor Israel Jacob Yuval drøftar dette temaet utførleg i boka ”Two Nations in your Womb”. I sefardisk jødedom dominerte ei forestilling om ”proselytisk frelse”, der ikkje-jødane skal venda om til den rette trua når Messias kjem. I askenasisk jødedom blir derimot tanken om ”hemnande frelse” dominerande(29). Typisk for denne ideologien er desse orda frå ”Sefer Nizzahon Vetus”, ei bok frå tolvhundretalets Tyskland som skildrar den messianske tidsalderen: ”Den endelege frelsa….vil føra til ruineringa, øydeleggjinga, drapet på og utslettinga av alle nasjonane: Dei, og dei englane som vaktar over dei i himmelen, og gudane deira…..Den Heilage, velsigna vera Han, vil øydeleggja alle nasjonar utanom Israel.”(30) I følgje Israel Jacob Yuval vaks tanken om ”hemnande frelse” fram i tida før første krosstog, men vart naturlegvis kraftig forsterka av massakrane mot jødar under krosstoget.

 

I same periode byrjar kristne for første gong å gjera seg kjent med dei etterbibelske skriftene i jødedomen, særleg Talmud. Dette førte til slutt til rettssaken mot Talmud i 1240, og til offentleg brenning av Talmud. I tida som følgde utvikla det seg eit regime av sensur i heile Europa, eit system med sensur av dei heilage bøkene til jødane som i Russland rådde heilt fram til 1917.Det er også i denne perioden jødane blir utvist frå viktige europeiske land som Frankrike og England.(31)

 

Groth gjev ein god oversikt over massakrane mot jødar i perioden i underkapittelet ”Korstogene”. I dei neste underkapitla: ”Restriksjoner og beskyldninger”, ”Demoniseringen av jødene” og ”Beskyldninger om ritualmord og hostiekrenkelser” går ho igjennom moglege forklaringar på den aukande fiendskapen mellom jødisk og kristen tru, og dynamikken i denne utviklinga.

 

Israel Shahak seier dette om denne perioden:

 

”Den kristne kampanjen mot Talmud vart truleg innleidd med at jødar som var vel kjende med Talmud vart omvendt til kristendom. Desse var i mange tilfelle tiltrekt av utviklinga av kristen filosofi, med sin sterke aristoteliske (og dermed universelle) karakter.

 

Frå byrjinga må det vedgås at Talmud og den talmudiske litteraturen – sjølv utanom den generelle anti-goyiske tendensen som vi skal sjå nærare på i kapittel 5 – inneheld svært krenkjande utsegner og idear retta særskild mot kristendomen. I tillegg til ein serie med krenkjande seksuelle skuldingar mot Jesus finn ein td. i Talmud påstandar om at straffa hans i helvete er å koka i avføring – ei utsegn som ikkje akkurat tek sikte på å få trugne kristne til å setja Talmud høgt. Eller ein kan sitera føresegna som krev at jødar skal brenna, om mogleg offentleg, alle kopiar av nytestamentet som kjem i deira hender.(….). I alle tilfelle: Eit kraftig åtak mot talmudisk jødedom, på mange punkt godt underbygt, utvikla seg i Europa frå 1200-talet. Her snakkar vi ikkje om uvitande sverting, slik som skuldingane om at jødar tok blod frå kristne born, slik formørka munkar propaganderte i små provinsbyar.Vi snakkar om seriøse disputasar halde ved dei beste europeiske universiteta på denne tida, som stort sett vart gjennomført så redeleg som mogleg under middelalderske tilhøve.”(32)

 

Om dette emnet skriv Groth: ”I 1239 oppfordra konvertitten Nikolaus Donin fraLa Rochelle, som nå var blitt dominikanermunk, styresmaktene til å undersøke hva som egentlig sto i jødenes Talmud. Hen hevdet selv at Talmud var et hårreisende anti-kristent skrift. Disputasen mellom ham selv og fire rabbinske lærde fant sted i Paris i 1240. Rabbinerne klarte å motbevise anklagene, likevel ble det notert at jødene hadde ”tilstått”.”(33)

 

No er det, som Shahak nemner, ikkje vanskeleg å finna fram dei delane av Talmud som er blasfemisk ut frå ein kristen ståstad. Slike tekstar ville heilt enkelt ikkje greia koma gjennom ein open disputas utan å bli domfelt i ein kristen middelalderstat.Yuval skriv om den same disputasen at: ”Ei nøye lesing av Donins skuldingar mot jødane under rettssaka i Paris syner at dei er bygt på fakta, ikkje på påfunn og fantasi.”(34) Groths apologetiske tilnærming gjer at ho går glipp av eit viktig element i den destruktive dynamikken som utvikla seg.Yuval formulerer dette råkande som at ”den eine religionens Messias var den andres Antikrist”. Han syner også korleis tusenårsskriftet i den jødiske tidrekninga (i 1240) og den messianske spenninga dette førte til, åtaket frå mongolane og kristne spekulasjonar om at mongolane var israels 10 tapte stammar, og ikkje minst den askenasiske forventninga om ”hemnande frelse” til saman skapte ein eksplosiv situasjon(35).

 

I staden for å avdekkja slike spenningar som ligg i sjølve situasjonen, vel Groth å handsama alle skuldingar mot jødar som grunnlause. Men at ein komande jødisk Messias som skulle ”øydeleggja alle nasjonar utanom Israel” vart oppfatta som antikrist av dei kristne er ikkje merkeleg, når ein ser nærare på dei religiøse mytane jøde og kristen på dette tidspunktet levde i og av.

 

Denne angsten for å gå nærare inn på tilhøvet mellom myte og realitet gjer også at Groth ofte ikkjer greier å skilja dei to. Underkapittelet ”Beskyldninger om ritualmord og hostiekrenkelser” er eit godt døme. Groth skriv at det ”dukket….etter hvert opp enda farligere forestillinger i Europa – beskyldningene om ritualmord og krenking av nattverdsbrødet”(36). Men desse skuldingane er ikkje skuldingar på same realitetsplan, slik Groth impliserer. Medan legenden om ritualmord ligg daud igjen etter å ha vorte utsett for moderne historieforsking, meiner historikarar som td.Elliot Horowitz at skuldinga om at jødar krenkja nattverdsbrødet mest sannsynleg byggjer på realiteter.(37)

 

Kort sagt: At kristne retta skuldingar mot jødane, treng ikkje tyda at dei laug. Det er ikkje tvil om at dei gjorde det i nokre tilfelle, og at nokre løgner spreidde seg og vart mytar. Men som både Shahak, Yuval og Horowitz peikar på, hadde nokre av skuldingane substans. Sett frå ein jødisk synsvinkel var dei ikkje mindre fårlege av den grunn – tvert imot. Det er ikkje merkeleg at dei i slike situasjonar følgde Churchills visdomsord: ”Av og til er sanninga så dyrebar at ho må verjast av ein garde av løgner”. Men ein historikars oppgåve må vera å koma forbi slike garder av løgn.

 

Kmielnitskij-opprøret

 

Ei anna nøkkelhending i tilhøvet mellom jødar og ikkje-jødar er Kmielnitskij-opprøret i Ukraina i 1648 var eit avgjerande tidsskilje i Aust-Europeisk historie. Det byrja som eit kosakkmytteri, men vaks raskt til å bli eit av dei store bondeopprøra i Europa – som det tyske på 1520-talet og dei russiske bondeopprøra under Pugasjov og Stenka Rasin. Kmielnitskij-opprøret fekk i tillegg varige følgjer: Polsk makt aust for Dnjepr vart broten, og det austlege Ukraina kom inn i det russiske maktområdet. Det aust-vestskiljet som ein sist såg i omveltningane i Ukraina i fjor vart etablert.

 

Om dette opprøret skriv Shahak: ”Det kanskje mest utprega dømet er dei store jødemassakrane under Kmielnikiopprøret i Ukraina (1648), som byrja som eit mytteri mellom kosakkoffiserar men snart utvikla seg til ei ålmen folkeleg rørsle mellom dei undertrykte, liveigne bøndene: ’Dei upriviligerte, dei undertvungne, ukrainarane, dei ortodokse [forfølgde av den polske, katolske kyrkja] reiste seg mot deira katolske, polske herrar, og særleg mot sine herrars godsforvaltarar, prestar og jødar’. Dette typiske bondeopprøret mot ekstrem undertrykking, eit opprør som ikkje berre førte til massakrar utført av opprørarane, men også av enno frykteligare overgrep og ’mot-terror’ frå dei private hærane til dei polske adelsmennene, har vore prega inn i medvitet til austeuropeiske jødar til denne dag – men ikkje som eit bondeopprør, eit opprør av dei undertrykte, dei verkeleg fortapte i verda. Ikkje eingong som ei hemn som heimsøkte alle tenarane til den polske adelen.Men som eit utslag av antisemittisme retta mot jødar som jødar.”(38)

 

For å skildra dette bondeopprøret vel Groth den velklingane overskrifta ”Pogromene”, og skriv:

 

”På midten av 1600-tallet var spenningene mellom kosakker, den ukrainske leilendingsbefolkningen og de polske herskerne på bristepunktet – de undertrykte var klare til å handle. I 1648 ble det igangsatt en mektig oppstand, ledet av kosakklederen Bagdan Khmelnistkij, i den hensikt å oppnå større selvstendighet for Ukraina. De polske herskerne var imidlertid langt borte, men det var ikke deres jødiske representanter. Pogromene rettet seg derfor i hovedsaken mot den jødiske landsbybefolkningen, til tross for at denne stort sett var like fattig som resten av befolkningen. Overalt ble jøder massakrert. Pogromene varte, med enkelte opphold, helt frem til 1656 og førte til ødeleggelsen av mange hundre jødiske landsbyer.”(39)

 

I denne framstillinga kjem det ikkje fram at Khmelnitski og bondehæren hans møtte, og slo, dei polske hærane i fleire slag. Det kjem ikkje fram at bondeleiarane tilbaud dei fattige jødane å bli med i oppstanden mot dei rike jødane, som representerte den polske adelen. Men dei fattige jødane valde å vera lojale mot sine polske herrar – med øydeleggjande konsekvensar for seg sjølve, for dei jødiske samfunna, og for jødane sin posisjon i russisk og ukrainsk medvit, der Khmelnitskij var ein av dei store heltane – både før og etter den russiske revolusjonen. Og motterroren – den vanlege straffa for ein opprørsk bonde var å bli tredd opp på ein stake – er heilt usynleg i Groths tekst.

 

Avslutning

 

Eg har i dette essayet ikkje tatt for meg Groths arbeid i si fulle breidde, men konsentrert meg om framstillinga hennar av tilhøvet mellom ikkje-jødar og jødisk religion. Dette er ikkje ein ny diskusjon, men ein som i større eller mindre grad har har dukka opp igjen i jødisk historie. Arthur Koestler reiste den td. på femtitalet i essayet ”Judah at the Crossroads”. Utgangspunktet hans var situasjonen som oppstod etter at staten Israel var oppretta, og Koestler meinte denne situasjonen bar i seg kimen til framtidige katastrofar. Koestler hevda at ”den jødiske religionen, ulikt nokon annan, er rasediskriminerande, nasjonalt segregerande og sosialt spenningsskapande. Når dette grunnleggjande faktum – som blir prova av dei fem mosebøkene, dei hundrevis av binda med heilage kommentarar, og av den alminnelege, jødiske bøneboka – er sikkert og udiskutabelt fastlagt i medvitet vårt, og dei umedvitne forsvarsverka mot å godta dette faktum er overvunne, først då er første skritt mot å løysa problemet tatt.” Koestler hevda også at ”jødens religion set han utanfor, og inviterer til å setja han utanfor. Det arkaiske stammeelementet i religionen fører til antisemittisme på det same, arkaiske nivået. Ikkje noko grad av opplysning og toleranse, indignert protest eller frome utlegningar kan bryta denne vonde sirkelen”.

 

Koestler kom ingen veg – temaet var for vanskeleg til at nokon ønskte gå vidare med det temaet han reiste. Og situasjonen var annleis: På femtitalet stod prinsippfaste, arkaiserande retningar som Chabad svakt, og alliansen mellom jødisk høgrenasjonalisme og religion i Israel som for alvor fekk politiske følgjer på 70- og 80-talet fanst ikkje. Likevel hevda Koestler med styrke at dette faktisk var eit tema. Den nasjonalreligiøse rørsla, og den rolla den spelar i dei okkuperte område, gjer ikkje temaet mindre aktuelt i dag. Dette er ein naudsynt diskusjon å kjenna til om ein skal forstå jødisk religion, på same måte som ein må kjenna til kastesystemet om ein skal diskutera hinduistisk religion og tradisjon. Groths apologetiske tilnærming glattar over eit verkeleg og viktig spørsmål, og er i tillegg villeiande i framstillinga av korleis jødar i stordelen av si historie har sett på ikkje-jødar. Med dette seier eg ikkje at dette er ein diskusjon med enkle svar – td. har den sefardiske tradisjonen ei heilt anna tilnærming til desse spørsmåla enn den askenasiske. Men måten Groth handterer dette på er ikkje truverdig.

 

1:Bente Groth: ”Jødedommen”, Pax Forlag 2000

2:Rabbi Shlomo Ganzfried: ”Kitzur Shulchon Oruch”.Omsetjing ved Rabbi Eliyahu Touger, Moznaim Publishing Corporation 1991.

3: Ved synet av ein regnboge skal ein resitera ei hebraisk velsigning som seier ”Velsigna er du, Gud, Vår Herre, konge over Universet, som hugsar pakta, er trufast mot pakta og som held sitt ord”.Kitzur Sholchon Oruch s. 257.Hovudregelen er at det er forbode for ein mann å vera åleine med ei eller fleire kvinner, med unnatak av si eiga dotter eller hustru. Elles finst det særskilde reglar som gjeld om huset har ulåst dør ut mot offentleg gate osb.(Kitzur Sholchon Oruch, s. 623).Under seksualakta skal ein tenkja på Torahens ord (Kitzur Sholchon Oruch s. 616).

4:Isaac Deutscher: ”The Non-Jewish Jew”, Oxford University Press 1968, s. 6

5: Eit døme er det åttande av dei ti boda, som ortodokse tolkar som eit forbod ikkje mot å stela, men mot å kidnappa jødar. Israel Shahak: ”Jewish history, Jewish religion”, Pluto Press 1994 s. 36

6:Shahak: ”Jewish history….”, s. 22

7:Groth: ”Jødedommen”, s. 94

8: Min hebraiskomsetjar (Israel Shamir) gjengjev denne drøftinga slik:

The correct quote: "an idolater who is doing (fulfilling, studying) the Torah is equal to a High Priest". "Moral life" is an invention. The Hebrew: oved kokhavim veosek betorah.

 

The context is like that: The goyim come to God to claim they are also good and worthy. God rejects them, saying: only Torah

is of value, and goyim are released from observing Torah. And if the goyim will observe Torah? Even if they do they won't be rewarded. A sage asks: but didn't Rabbi Meir said: even idolater etc? And the reply comes: so such a person will be rewarded

but not that much. Rashi explains: they are released from commandments and it is not for their good, for even if they do fulfil, they won't be rewarded.

 

The folowing discourse enforces this view:Anyway the goyim can't follow Torah. They will ask for Torah to keep and God will offer them to do just one easy commandment: that of Sukka (Booth). They will put up sukka, but God will turn heat on,

and they will run away from their booths, destroying them. In other words, though an idolater who follows Torah is equal to high priest, but there is no such a goy, nor can it be, for God will create conditions that won't allow it. In addition, if such a goy will try to follow Torah he will be guilty of two capital offenses: of trying to steal patrimony ofIsrael, and of

trying to possess the bride ofIsrael. The following discourse says that even converts will - in the last battle - betrayIsraeland will side with Gog and Magog, and then God will laugh...

 

 In times to come, the Holy One, blessed be He, will take a scroll of the Law in His embrace and proclaim: 'Let him who has occupied himself herewith, come and take his reward.' They will reply: 'O Lord of the Universe, we have established many market-places, we have erected many baths, we have accumulated much gold and silver, and all this we did only for the sake of Israel, that they might [have leisure] for occupying themselves with the study of the Torah.' The Holy One, blessed be He, will say in reply: 'You foolish ones among peoples, all that which you have done, you have only done to satisfy your own desires. You have established marketplaces to place courtesans therein; baths, to revel in them; [as to the distribution of] silver and gold, that is mine, as it is written: Mine is the silver and Mine is the gold, saith the Lord of Hosts;7 are there any among you who have been declaring this?' And 'this' is nought else than the Torah, as it is said: And this is the Law which Moses set before the children of Israel.8 They will then depart crushed in spirit.And so will every nation fare in turn. .. They [goyim] were released from commandments. The release from those commands only means that even if they observed them they would not be rewarded. But why should they not? Is it not taught: R. Meir used to say. an idolater who studies the Torah is equal to a High Priest? So they will be rewarded but not as much asIsrael, for they are not commanded, and thus not rewarded like those who are commanded.

9:Groth: ”Jødedommen”, s. 83

10: Jacob Neusner: The Mishna, A New Translation.Yale University Press 1988, s. 591.(Sanhedrin 4:5) I følgje min hebraiskomsetjar nyttar her originalen ordlyden ”nefesh miIsrael”

11:Neusner: ”The Mishna”, s. 528 (Bava Qamma 10:10)

12: Groth: ”Jødedommen”, s. 94

13: Shahak: ”Jewish history…”, s. 97

14:Shahak: ”Jewish history…”, s. 98

15: Ei engelskspråkleg nettutgåve av ”Toledoth Yeshu” finst på http://www.essene.com/History&Essenes/toled.htm . Teksten har elles kome i fleire opplag i Israel dei seinare åra, mellom anna ei utgåve gjeve ut av storavisa Yediot Aharonot.

16:Shahak: ”Jewish History….”, s. 92

17:Kitzur Schulcon Oruch kapittel 60, avsnitt 11, s 260.

18:Israel Jacob Yuval: ”Two Nations in Your Womb. – Perceptions of Jews and Christians in Late Antiquity and the Middle Ages.”Omsett frå hebraisk av Barbara Harshav og Jonathan Chipman. Univesity of California Press 2006 s. 115-116.

19:Yuval: ”Two Nations….”, s. 120

20: Yuval: ”Two Nations….”, s. 130-134

21: http://www.haaretz.com/print-edition/news/christians-in-jerusalem-want-jews-to-stop-spitting-on-them-1.137099#!

22: Shahak: ”Jewish history…”, s 21. Her skriv Shahak at organisasjonen Yad Le’akhim 23 mars 1980 brann hundrevis av nytestament ved ein offentleg seremoni i Jerusalem

23: Når det gjeld ikkje-jødane i Kabbala si skapingsmyte, sjå Shahak, kapittel 3.

24: Groth: ”Jødedommen”, s. 158

25: Sjå www.chabad.org/library/archive/LibraryArchive2.asp?AID=7880     Drøftinga av ikkje-jødar som heilt vonde er mot slutten av tekstavsnittet.

26: Stephen G. Bloom: ”Postville – A Clash of Culturesin Heartland Amercia”, Harcourt, Inc. 2001.Stephen G. Bloom si bok er ei varm og kvardagsorientert skildring av dei konfliktane som til ein viss grad er uunngåelege på grunn av Lubavicharane sine mange reglar og skikkar, og Bloom syner stor innsikt i korleis båe sider av konflikten forstår situasjonen. Ei viktig bok som gjev nyttige innsikter om ortodoks jødedom genrelt, og gruppedisiplin og rasisme spesielt.

27: Ei lengre utgreiing om Baruch Goldsteins karriere finst in Israel Shahak og Norton Mezvisky: ”Jewish Fundamentalism in Israel”, Pluto Press 1999, i kapittelet ”The Real Significance of Baruch Goldstein”, s. 96-112

28:Elliot Horowitz: ”Reckless Rites – Purim and the Legacy of Jewish Violence”.Princeton University Press 2006. Om Horowitz si oppleving av feiringa av Purim 1994 sjå ”Introduction”, særleg s. 4.

29:Yuval: ”Two Nations…..”, om ”hemnande frelse” sjå kapittel 3: ”The Vengeance and the Curse”, s. 92.

30: Yuval: ”Two Nations…”, s. 93

31: Eit kort samandrag når det gjeld denne utviklinga finst i Shahak: ”Jewish History…”, s. 20-24.

32:Shahak: ”Jewish History…”, s. 20-21.

33: Groth: ”Jødedommen”, s. 143

34: Yuval: ”Two Nations….”, s. 281, note 69. Sjå elles Robert Chazan m.fl.”The Trial of Talmud, Paris 1240
http://www.amazon.com/The-Trial-Talmud-Mediaeval-Translation/dp/088844303X

35:Sjå Yuval: ”Two Nations…”, kapittel 6 ”The End of the Millennium (1240)” s. 257

36: Groth: ”Jødedommen” s. 145.

37: Horowitz: ”Reckless Rites”. På s. 172-174 drøftar Horowitz fleire tilfelle av hostiekrenkjingar som han meiner er heilt plausible.

38:Shahak: ”Jewish History…..”, s. 65-66

39:Groth: ”Jødedommen”, s. 156

 

Gå til innlegget

Eit mord i Moskva

Publisert over 6 år siden

Konspirasjonsteoriar er tydeleg heilt stovereint. Nokre gongar. Men andre gongar, derimot...

I helga har vestleg presse velta seg i konspirasjonsteoriar. Helga byrja med at den tidlegare reformpolitikaren Nemtsov vart avretta, «mafia style», nokre hundre meter frå Kreml. Og dermed er vestleg presse full av kommentarar om korleis Vladimir Putin anten direkte eller indirekte står bak drapet. Prova på dette finn kommentatorane på botnen av tastaturet sitt. Den norske utanriksministeren krev ei «uavhengig gransking». Så lenge temaet er «Russland» gjeld eigne reglar når det gjeld prov og logikk.

 

No brukar vi ikkje å ha noko «uavhengig gransking» her i landet når nokon blir drepen – den vanlege prosedyren er politietterforsking, og vi har faktisk gode røynsler med denne framgangsmåten. Nemtsov tiløyrde ei politisk retning – USA-venleg, høgreorientert liberalisme – som i Russland ligg med brukke rygg, under sperregrensa. Alle kommentatorar på russisk side av jarnteppet er samde om at Nemtsov ikkje utgjorde noko utfordring for det sitjande regimet. Tvert om er Nemtsov eit større problem for Putin daud enn levande. Talsmenn for den USA-venlege, høgreliberalistiske opposisjonen er samde om at Putin er usannsynleg som tingar av drapet. Irina Khakamada, som saman med Nemtsov grunnla «Solidaritet»-partiet, åtvarar mot at drapet kan bidra til farleg destabilisering. Tidlegare fredsprisvinnar Mikhail Gorbatsjov snakkar om «provokatsia».

 

Nemtsov var gårsdagens mann. At den middelaldrande, gifte politikaren var saman med ein 20-årig modell frå Ukraina då han vart skoten er ikkje åleine nok til å gjera mannen til noko framtidsvon. Vitnemål frå vestlege pressefolk tyder på at Nemtsov sjølv var ukorrupt. Men i den perioden på nittitalet då Nemtsov var ein aktiv politikar gjennomførte det regimet han tilhøyrde den største plyndringa av offentleg eigedom i nyare historie. Den avtalen Boris Jeltsin gjorde med dei sju oligarkane før valet i 1996 må vera det største einskildranet av andres eigedom nokon gong. Sjølv om Nemtsov sjølv ikkje var korrrupt, så var tida hans som politikar prega av korrupsjon i vel så stor grad som dagens Russland. Og det seier faktisk ein heil del.

 

Då Nemtsov heldt føredrag ved Columbia University i New York i 2010 gjorde han sjølv merksam på at ein skulle setja «tidlegare» framfor alle titlane hans – reformator, visestatsminister, liberal leiar. Etter å ha tapt kappløpet om å bli Jeltsins etterfølgjar greidde partiet hans å koma inn i Dumaen ein periode. Deretter ramla det under sperregrensa. I 2010 hadde Nemtsov få vener i Russland, sjølv om USA framleis satsa på mannen som alternativ til Putins regime.

 

Under dei store demonstrasjonane året etter synte det seg kor «tidlegare» Nemtsov faktisk var. Ein ny generasjon vestvenlege opposisjonelle, under leiing av Alexander Navalny, greidde å mobilisera store folkemengder ved å ta avstand frå Nemtsovs generasjon av liberalarar. Forsøka på å byggja bru mellom desse opposisjonskreftene våren 2012 slo feil.

 

Nemtsov tilhøyrde ein opposisjon som hadde veljaroppslutning om lag som «Rødt» og som fekk støtte frå USA. Han byrja å gå inn for sanksjonar mot Russland fire år før landet hadde noko større geopolitisk konflikt med USA. Karrieren hans som utøvande politikar er knytt til enorme tjuveri av felleseigedom i det tidlegare Sovjet – og til eit økonomisk samanbrot som synest like godt i den demografiske pyramiden i Russland som massesvolten på tredvetalet. Dette gjorde han upopulær blant folk – men det var ikkje folket, men dei sentrale oligarkane som fekk sparka Nemtsov ut av regjeringa mot slutten av nittitalet. Nemtsov var ein mann med mange fiendar.

 

Vladimir Putin er ein mann som kan bruka mange middel, også ulovlege, for å nå politiske mål. Det er gode grunnar til å mistenka Putin for dei terrorbombene mot boligblokker som innleidde krigen mot Tsjetsjenia rett før år 2000. Truleg stod Putin også bak drap innanfor kretsen av mektige og mafiøse i perioden då han festa grepet. Men Putin har tilgang til nokre av dei dyktigaste hemmelege tenestene i verda – tenester som kan ta livet av ein mann slik at det ser ut som ei ulukke eller eit hjarteinfarkt. Om dette var Putin: Kvifor i all verda gjennomføra eit slik drap som eit kontraktmord, «mafia style», eit steinkast unna Kreml? Naturlegvis var Putin ein av dei mange fiendane til Nemtsov, men svært lite tyder på at regimet har noko å vinna på dette drapet.

 

Det treng ein sjølvsagt ikkje leggja vekt på når ein driv journalistikk under diktarbjørka, og når ein har hurtigtast med «Putin har skulda» på tastaturet. Men sanninga er heilt enkelt at vi ikkje veit kven som drap Nemtsov. Nemtsovs offentlege støtte til regimet i Kiev i samband med krigen gjorde han til eit opplagt mål for «patriotar» av det brunflekka slaget – dei som hevdar at Putin er ein judas som har svikta Novorossia. I desse kretsane er det truleg ikkje spesielt kostbart å tinga ein kontrakt på Nemtsov. Men det er ikkje berre dei brune «patriotane» som har interesse av drapet. Nett no er det ein kritisk fase for gjennomføringa av våpenkvila frå Minsk, og Porosjenka har store vanskar med å ha faktisk kontroll over eigne styrkar. Det finst heilt opne fascistar knytt til regimet i Kiev som også vil vera tente med det den russiske opposisjonen sjølv kallar «farleg destabilisering» i Moskva.

 

Og så kan dei som vil gjera lista over moglege tingarar av kontraktsmordet lengre.

 

At «Putin står bak» har vorte noko nær ei halvoffisiell sanning i norsk presse tyder berre ein ting: Norsk journalistikk er kunnskapslaus, og dyrkar ulogiske konspirasjonsteoriar når det gjeld Russland. Dette er rett og slett undermåls. Det meste eg har lese i norsk presse om temaet er desinformasjon. Det er ingen grunn til å bruka pengar på norsk journalistikk om dette er ambisjonsnivået. Det finst betre ting på engelsk. Du kjem til og med lenger med det russiske media kallar «drunken sailor option»: Russisk automatteksting av reportasjar, maskinomsett til engelsk.

 

At utanriksminister Børge Brende krev ei «uavhengig gransking» før blodet er turka opp av gata i Moskva er eit ytterst tåpeleg utspel. Dette er ei mistenkelegegjering av russisk politi før etterforskinga er i gang. Alt tyder på at regimet i Kreml har sterke interesser av at dette drapet faktisk blir oppklara, og etterforsking av drap er ei politioppgåve – i Russland som i Noreg. Kva skal ei «uavhengig gransking» gjera? Skal utanlandske ekspolitikarar og rikssynsarar samla inn fingeravtrykk, genetiske spor og gjennomføra ballistiske prøver – og kvar finn Brende lovheimel for noko slikt i ein moderne, suveren stat? Kva er det dei skal granska, liksom? Det einaste Brende kan oppnå med dette er å forsura tilhøvet til Russland – denne gongen utan å ha saklege grunnar til å gjera det. Dette er reint diplomatisk hærverk, og det er ikkje i norsk interesse. Det finst sanneleg nok av saklege grunnar til å kritisera russiske styresmakter. Om ein i staden grip tak i dei oppdikta grunnane, svekkar ein den saklege kritikken.

Gå til innlegget

Maidan - eitt år etter

Publisert over 6 år siden

Eit av dei største landa i Europa er i ferd med å øydeleggjast, og blir sakte eit nytt Somalia. Den ukrainske hæren har for kort tid sidan gått på eit militært nederlag av enormt omfang. Mellom 5 og 7 000 ukrainske soldatar vart omringa ved Debaltsevo – og dette førde til ei politisk krise som enda opp i ein våpenkvileavtale i Minsk.

Denne våpenkvileavtalen omhandlar ikkje med eit einaste ord kva som skal skje med dei omringa styrkane ved Debaltsevo. Opprørshæren i Donbass kom med tilbod om fritt leide ut av området, mot at alle våpen vart sett igjen. Dette vart avslått frå Kiev. I staden byrja ein slåss – og mellom 3000 og 3500 ukrainske soldatar fall i ein militært vonlaus situasjon.

Den som les president Porosjenko sine kunngjeringar og talar i samband med denne krisa vil sjå noko heilt surrealistisk: Dei er i stor grad utforma som om røyndomen ikkje fanst. Dei omringa styrkane var ikkje omringa – det var berre eit ”framspring” ved fronten. Nedslaktinga var berre ”ei ordna tilbaketrekking frå framspringet”. Og meir i same stil. Eg tvilar sterkt på at Porosjenko vil vera president i Ukraina om eit år. Heile Maidan-eksperimentet er i ferd med å gå til hundane.

Ikkje at eg nokon gong har hatt noko tru på den propagandaen vestlege media fora oss med i samband med denne krisa. ”Maidan” var på mange måtar ei nyinnspeling av den sokalla ”oransjerevolusjonen” for ti år sidan. Oransjerevolusjonen tok korrupsjonen i Ukrainsk politikk til nye høgder, førde ukrainsk økonomi til nye botnar, og førde til ti tapte år for eit land som i utgangspunktet hadde store problem, og som hadde trengt noko anna. Men oransjerevolusjonen 2.0 gav i tillegg ei meir sentral rolle til reine fascistorganisasjonar som Høgre Sektor, og knuste den ukrainske grunnlova. Eg for min del deltok aldri i nokon jubel for ”siger” for dei ”demokratiske kreftene”. Etter Maidan kjende eg smaken av aske og blod i kjeften.

For eitt år sidan skreiv eg difor denne kommentaren etter at Vladimir Putin hadde fått fullmakt til å fritt disponera dei militære styrkane (2. mars). Eg står framleis inne for han:

 

Å leika politikk nær ei røynleg stormakt.

Det er heilt tydeleg at europeiske politikarar ikkje trudde at Russland ville testa bløffen. No har Russland gjort det – og plutseleg byrjar europeiske politikarar å fomla og lura på kvar dei skal gjera av hendene. Den viktigaste lærdomen så langt er at europeiske politikarar har store vanskar med å skilja mellom europeiske og amerikanske interesser. Europa ligg langt nærare Russland enn USA, og europeiske interesser ligg også langt nærare Russland sine enn det som har kome til uttrykk under handteringa av krisa i Ukraina.

Ukraina manglar for tida ei legitim regjering. Kuppregjeringa i Kiev blir ikkje oppfatta som legitim i aust og sør, og parlamentet i det autonome Krim har alt bede om russisk hjelp. Den sist valde presidenten (i eit OSSE-godkjent val) blir etter kuppet ikkje oppfatta som legitim i vest og i Kiev. Kuppregjeringa nytta første høve til å skyta seg sjølv i foten: Dagen etter at dei greip makta vedtok dei å oppheva språklova, eit tydeleg signal som blir oppfatta og fortstått i dei delane av landet der russisk (og rumensk) er vanleg daglegspråk.

At Putin grip inn så direkte og tydeleg er overraskande. Det borgarkrigsscenariet som ligg og vakar i overflata – at Russland gjev våpen til opprørarar i aust og på Krim – vil verta ein seig og blodig affære. Kva Russland gjer no er eit ope spørsmål: Presidenten har fullmakter til å gjera kva han vil, men førebels står berre dei russiske styrkane klåre. I beste fall kan dei russiske trugsmåla føra til at konflikten blir mindre blodig, og at fleire byrjar oppføra seg edrueleg. Vonleg vil dette verka som ein kalddusj etter ei fyllekule der nokon har drukke for mykje. I alle høve fører dette til at den ukrainske staten mellombels blir delt etter kven som har makta på bakken. Pro-russiske krefter har kontrollen på Krim. Pro-russiske demonstrantar har tatt makta over offentlege bygningar i Karkiv. Regjeringa i Kiev har ikkje kontroll over eige territorium. Lite tyder på at regjeringa i Kiev vil klara å halda i hop når dei ulike fraksjonane ikkje blir halde saman av ein felles fiende og massiv vestleg støtte for å gjennomføra statskupp.

Russland har ein avtale signert av utanriksministrane frå Polen, Tyskland og Frankrike datert 21. februar som fortel korleis ein skal løysa krisa. Denne avtalen har ikkje dei tre vestlege statane følgt. I ei krise som gjeld heilt sentrale, russiske interesser bør du ikkje skriva under på avtalar du ikkje har tenkt å følgja. Det er å leika politikk – og folk som leikar slik risikerer å skada interessene til sine eigne land, og til alle oss andre.

Krisa vil ikkje vera over, sjølv etter at russarane ryddar opp på spelebrettet. Krisa i Ukraina er ei politisk og økonomisk krise, og har ikkje noko militær løysing. Det er ikkje opplagt at Europa er tent med ei deling av landet. Landet har store minoritetar, men ingen opplagte interne grenser. Berre Krim er enkelt å ”ta ut” med klåre grenser – men truleg bør Krim halda fram som ein autonom del av landet.

Ukraina er eit land med mykje vanskeleg historie. Det er landet som vart hardast råka av borgarkrigen etter revolusjonen i Russland, landet som vart hardast råka av tvangskollektiviseringa, hardast råka av andre verdskrig, hardast råka av jødeutryddinga. Grensene rundt landet er historisk nye, og den historia som pregar dei ulike delane av landet er svært ulik. Den grunnleggjande delinga av landet oppstod alt midt på 1600-talet som følgje av Khmelnitsky-opprøret. Dette har vorte halde saman av eit slags ”politisk korrekt” sovjet-regime der nokre tema har vore forbode.

Det er ikkje mogleg å vidareføre den ”politisk korrekte” sovjetregimet. Men å gå derifrå til motsett grøft, og omfemna Svoboda-nazismen, er ikkje noko alternativ. Eg synest ikkje det er noko uttrykk for ”frigjering” når det nye regimet raserer minnesmerke etter sigrane frå andre verdskrig. Dei som desse minnesmerka heidrar ofra livet sitt for det vi har hatt av fridom i Europa etter 1945. Hitler og Stalin var ikkje to alen av same stykke. Stalin styrte Polen med jarnhand. Hitler utrydda tre millionar polakkar. Etter 22. juni 1941 fall Sovjet og Europas interesser saman. Samstundes finst det mange arr i ukrainsk historie. Tsjekaen i Kiev var i stor grad ein jødisk organisasjon. Det var etniske ukrainarar, ikkje jødar, som svalt i hel under tvangskollektiviseringa. Skal ein utvikla ei nasjonal sjølvforståing i Ukraina som forsonar gamle motsetningar vil ein også bli nøydd til å ta opp tema som er tabu også i den vestlege verda (og som var tabu under det autoritære sovjet-styret). Eg trur ikkje på svoboda-nazistane si forteljing om ein ”russisk og jødisk” okkupasjon av Ukraina. Men eg trur heller ikkje på folkeeventyret om jødane som maktlause offer i ukrainsk historie. Det som kjenneteiknar den vestlege samfunnsforma på sitt beste er at vi finn sanninga i open diskusjon, i staden for å vedta korleis røyndomen er.

I det heile er ”revolusjonar” der ein riv ned alle minnesmerke i sentrum av hovudstaden, skiftar namn på alle byar og skriv om historia med 180 gradar forandring av perspektiv eit destruktivt mønster. Det er slik ein vedlikeheld gamle sår. I staden trur eg folk bør reisa til Finland. Midt på torget i sentrum av Helsingfors står ei søyle. På toppen held dobbeltørna jordkloden i klørne – det er tsaren si dobbeltørn. Dette er einaste staden i Europa dette symbolet har overlevd borgarkrigar og krigar. Ikkje av di finnane elskar tsaren, men av di dei med rette er stolte av si eiga historie. Finland har greidd å ha eit godt tilhøve til grannen i aust. Dei har sterke språklover som sikrar rettane både for svensk og finsk språk – og for Åland som eit spesielt territorium. Otto Kuusinen var etter krigen naturlegvis ein Quisling som ikkje var velkomen tilbake til Finland. Men dette var ikkje noko hinder for at dotter hans kunne spela ei rolle som respektert kommunistisk medlem av riksdagen. Dei fleste land i aust-Europa har noko å læra av Finland.Ikkje minst Ukraina.

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere