Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

No er det haust

Publisert rundt 6 år siden

Hausten er sanneleg ei fin tid for å gifta seg. Og dagen etter bryllupet sit eg her på bussen medan mørket sig på. På veg mot mi vesle øy i verda, og resten av livet.

Det er haust. Eg sit på ein buss som kilometer for kilometer kortar ned avstanden til dit eg skal i kveld – Trondheim. Her i Namdalen er bjørkene framleis grøne, men dei første blada har alt byrja bli gule. Dei neste vekene vil dalsidene her skifta farge, og lauvskogen vil måla landskapet i ei mengd fargar før vinteren legg si kvite, kalde hand over det heile. I bussen tikkar

 klokka, og vi legg nye mil bak oss.

 

Det er ingen grunn til å lura seg sjølv. Dei timane, dagane, vekene og åra som no rasar i veg er sjølve livet. Dei grunnleggjande vala er gjort, og no gjeld det om å få tida og kreftene til å rekka over dei pliktene som ventar rundt omkring. Eit langt, seigt løp der det av og til er meg det heile heng på.

 No har eg ei stund vore eldste generasjon i familien. Far min stempla ut og leverte inn lompen for nesten eit år sidan. Eg har nett vore og stengt for vinteren på hytta i Svartisdalen – eit prosjekt som eg har arva etter han. Den vesle pramma, som han fekk tinga av ein båtbyggjar i Straumen, ligg trygt inne i det store naustet til «Svartis 3» - passasjerbåten som i nokre sommarmånader går i ferjerute over vatnet.

 

Som ung anleggsarbeidar i vassdragsvesenet fekk far min godt betalt arbeid på Svartisanlegget, og då gjennomslaget var gjort og tappetunnellen stod ferdig vart brakkebyen rigga ned. Far min kjøpte verkstadbrakka han hadde hatt som elektrikar. Kompisen Kjell Høgås var ein kløppar til å køyra bulldozer, og skyssa brakka ned til vatnet. Så fekk dei fløtt brakka over vatnet og sett ho opp som hytte. Tomta fekk han frå grunneigaren då han la inn straum i den vesle låna på Svartisheia. Planen var å ha heimbrentsapparat og base for fjellturar i området. I staden kom livet i vegen: Båe to gifta seg, bygde seg hus og fekk det travelt. Ti år seinare var planane om heimebrenning hamna på lista for evig utsetjing, medan brakka med eit lite tilbygg vart familiehytte. På slutten av åttitalet vart den gamle brakka bytta ut med nybygg. Vi ungane var skeptiske, men det var eit riktig val. Veggene i den gamle brakka hadde omtrent ikkje isolasjon, og du måtta grava ned hytta i snøskavlen for å få temperaturen opp på vinteren. Ein gong onkelen min lånte hytta fekk dei litt medynk med hunden i den kalde hytta, og slepte han opp i senga. Morgonen etter hadde hunden frose fast i veggen.

 

Over femti år har gått. Etter at far min pensjonerte seg var vel hytta i dalen det prosjektet han fann mest glede i. Du ser korleis han har kosa seg med detaljar. Panel som er skore til og felt inn. Speledåsar på alle soverom, som kan trekkast opp frå utsida. Jerv og gaupe ser mot deg som dekorasjon på skapdører.

Men ikkje berre detaljar: Hytta står stødig på ei solid råme av H-bjelkar frå Jarnverket, på nokre solide hjørnestein som etterkvart har stabilisert seg i sandauren. Stålpipa er eit massivt røyr i rustfritt stål, godset er vel om lag tre-fire millimeter tjukt. Heile pipa er i eitt stykke – ho er hengt i mønsåsen i eit par strekkfiskar. Eg sette dei sjølv fast i boltane då vi med naud og neppe fekk buksert pipa på plass for litt over tjue år sidan. «Det skal stå i mi tid», sa han. No er hans tid ute.

 

Eitt rom på hytta fekk han aldri gjort ferdig. Inntil nybygget sette han opp det som var brukbart av den gamle brakka, som inngangsparti med eit lite siderom. Noko av dette måtte berre nyttast opp – som veggen der vi teikna omrisset av dei største fiskane vi fekk. Siderommet tenkte han til bad. Han hadde fått på plass ein del. Så fekk han slag, og var sidan aldri i stand til å gå mange metrane. Han var med meg eit par turar opp til hytta åra etter han hadde fått slag. Med mi og kona si hjelp fekk vi han om bord i pramma, og han fekk gå rundt hytta, drikka seg ein kopp kaffi og slappa av med ein røyk. Ungane og kona tok turen opp til breen.

 

Det var hans hytte, og i ti år var hytta utan aktiv eigar. Ho vart brukt, men ho stod slik ho var då han måtte gje seg. Etter at han døydde vart det eg som overtok, og no er det siste rommet klart til bruk. Eg fekk nokre dagar på tampen av sommaren til å gjera badet i stand. Ny stålpipe til omnen vart montert, og så flytta vi inn det gamle sitjebadekaret som ikkje har vore brukt sidan eg var i 6-7-årsalderen. Eg humra litt då eg heldt på med detaljane – det er ikkje alltid så enkelt å fylgja eige hovud når ein skal gjera om att ting far min har bygd. Eg ville flytta ei knaggrekke litt unna pipa. Det vart berre sovidt: Baderomsplatene har ymse hol som er dekt over med knagger, speglar og anna pynt. Sannsynlegvis er det rivingsmaterial som han har fått overta for lite og ingenting, eller restar som har vorte til overs ein stad. Han var ein smed til å byggja utan å bruka pengar på det. Parkettgolvet er materialrestar som vart til overs på gamle Trefaco – med ulike treslag og mønster. Utsiktsvindauga ved spisestubordet har ei feil på glaset midt på. Eg trur ikkje han gav mykje for det vindauga.

 

Så om han har gått ut av tida, er han i høgste grad til stades. På gamaldagane fekk han seg ny vandringsstav – ein trestaur med utskore « hovudskalle» i enden, og ei ryggsøyle nedetter. «Dette er framtidsutsiktene» sa han då vi feira syttiårsdagen hans på hytta. Når eg ser opp i taket over bordet på spisestova ser eg rett inn i dei tome augo til skallen på vandringsstaven.

 ---

 Men hausten er også ei god tid. Verbet «å hausta» fortel oss at strevet har si løn, at skrinn jord og salt sveitte kan vekslast inn i kjøt og grønsaker og bær og anna godt til å fylla i kjellar og spiskammer. Vårens luftige planar kan på hausten vera tømra opp som varme hus, og det vi drøymer i ungdomen kan bli røyndom – sjølv om nokre av draumane slær seg til blods i møtet med livet. Og medan bussen nærmar seg Steinkjer er kjekt å tenkja på at hausten også er ei god tid for å arbeida. Skarpe, klåre dagar der du slepp sommarvarmen, og der du kan få gjort det du har planlagt. Det er berre å koma seg opp og ut – når du først har kome i gang og har funne rytmen er det mesta ein leik å få arbeidet unna på ein fin haustdag.

 

Og så har haustkvelden dette skarpe, klåre lyset som langsomt døyr i eit stort mørke. Rett over vatnet frå hytta reiser Hardkaren seg til over ni hundre meters høgde, ein vegg der dei siste strålane av lys frå sola målar merkelege fargar medan nattehimmelen langsomt skrur opp dimmaren og tenner stjerner og nordljos. Og som skallen over spisestubordet minnar om tida som går, så minner desse mektige fjella deg om kor lite eit menneske er. Midt mellom slike store fjell er det ei stor trøyst i det venlege lyset frå utelampa frå nabogarden nokre kilometer lenger ned i dalen. Menneske, historie og landskap heng saman her, og eg anar ei meining i det heile sidan eg sjølv har berga minne ned av desse karrige, men venlege fjella i over førti år. Når eg kjem inn att frå kveldsmørket kan eg kjenna korleis også gleda kan sitja i veggene.

 Og så er badet klart til bruk! Etter å ha dusja meg rein i 12-voltsdusjen i det gamle badekaret låste eg for vinteren, sette pramma inn i naustet og køyrde ned dalen. Ved Røssvoll skifta eg i dress og knytta slipset medan eg nytta bilvindauga som spegel. Så køyrde eg ned til Mo, og gjekk opp til tingretten der den eldre bror min stod og venta på trappa. Ein time etterpå var han godt gift, og vi gjekk over til Meyergården der vi åt bryllupsmiddag med næraste familie.Så feira vi bryllup til langt på kveld. Eit kjekt bryllp, med fire generasjonar til stades på brura si side. Livet går vidare! Hausten er sanneleg ei fin tid for å gifta seg. Og dagen etter bryllupet sit eg her på bussen medan mørket sig på. På veg mot mi vesle øy i verda, og resten av livet.

Gå til innlegget

Heile biletet

Publisert rundt 6 år siden

Dei siste femten åra har eg lært meg å setja pris på amerikansk samfunnsdebatt. Amerikansk mainstream kan vera flatklemt og fordummande, men for den som leitar kan ein finna forfriskande perspektiv og svært kunnskapsrike kommentatorar. Ofte er dei mest lesverdige tinga slikt som finst ute på fløyane – slike som blir ignorert i mainstream. Som innvandringsskeptiske VDare, libertarianske Lew.Rockwell, og den radikale nettstaden Counterpunch.

Ron Unz er ein typisk representant for dette debattglade, kritiske USA. Han har ei mangslungen karriere bak seg, og har vore ein av drivkreftene bak «The American Conservative», eit svært lesverdig tidsskrift. Den siste tida har han laga samlesida «Unz Review», som samlar eit knippe av dei mest lesverdige skribentane eg veit om - alt frå ortodokse marxistar som James Petras til den mest profilerte gamalkonservative, Pat Buchanan.

 

For min del er det viktig å få med seg heile biletet – inkludert motrøystene. Og «Unz Review» har vorte eit dagleg rituale – om lag som når ein henta avisa etter arbeidsdagen før. Eg saknar like frisk og utfordrande debatt i Noreg, men synest «Verdidebatt» har nokre av desse kvalitetane. Her kan eg lesa alt frå Hanne Nabintu Herland til Jan Hårstad – og finn ofte ting eg likar, eller som tvingar meg til å tenkja gjennom ting.

Takk til alle som bidreg til dette – til gjengjeld kvitterer eg med lenke til Ron Unz sin nettstad, ei sann gullgruve for den som søkjer alternative perspektiv utanom den tronge, korrekte sti:

 

http://www.unz.com/

Gå til innlegget

Krigen for/mot IS

Publisert rundt 6 år siden

I følgje FN-pakta er det Tryggjingsrådet – og berre tryggjingsrådet – som kan nytta makt mot eit anna land. Når Tyrkia no går til åtak på Syria og Nord-Irak er det såleis eit åtak utanfor folkeretten. At NATO gjev full støtte til det tyrkiske åtaket gjer det ikkje meir lovleg – berre meir farleg.

Men slåss ikkje Tyrkia mot terrorisme? Tja, det er ei sanning med modifikasjonar. I Syria og Nord-Irak har det siste året vore ein svært synleg krig der IS har erobra store område, som har vorte lagt under eit brutalt terrorstyre. Men IS sin offensiv har også møtt hard motstand. Ikkje minst frå kurdarane.

Ein av dei kurdiske militsane som har sloss mot IS er PKK. I følgje Financial Times har PKK utmerka seg i denne krigen:

http://www.ft.com/intl/cms/s/4a6e5b90-2460-11e4-be8e-00144feabdc0,Authorised=false.html?_i_location=http%3A%2F%2Fwww.ft.com%2Fcms%2Fs%2F0%2F4a6e5b90-2460-11e4-be8e-00144feabdc0.html%3Fsiteedition%3Dintl&siteedition=intl&

 

I samband med åtaka mot Syria og Nord-Irak har Tyrkia avblåse fredsprosessen med kurdarane som byrja for to år sidan. Og flyåtaka frå Tyrkia er ikkje først og fremst retta mot IS, men mot PKK. PKK er ein av militsane som har stått fremst i skyttargravene i kampen mot IS. Det mest kjende slaget i denne krigen var slaget om Kobani – som ikkje vart erobra av IS.


Trass i at kurdiske militsar har spela ei nøkkelrolle i forsvaret mot IS gjev vi no støtte til at Tyrkia openlyst utnyttar situasjonen til å svekka IS sine fiendar. Dette skjer utan debatt - trass i at seriøse journalistar lenge har peika på at det er nokså uklårt kva side Tyrkia står på i krigen mot IS:

http://www.lrb.co.uk/v36/n21/patrick-cockburn/whose-side-is-turkey-on

 

Som igjen reiser eit viktig spørsmål: Korleis er eigentleg tilhøvet mellom IS og andre krefter innanfor global jihad og den vestlege militæralliansen. Er ting eigentleg slik dei ser ut på overflata?

 

 For den som er interessert i å finna ut av dette, er denne boka om alliansen mellom Storbritannia og radikal islam svært lesverdig:

http://www.amazon.com/Secret-Affairs-Britains-Collusion-Radical/dp/1846687640/ref=pd_sim_14_1?ie=UTF8&refRID=14QNVV9HH6DJSB2EAMA3

 

Radikal islamisme er altså eit velbrukt våpen i stormaktsspelet, og det er eit våpen som mellom anna britane har visst å bruka.

Oppløysinga av den syriske staten og borgarkrigen i landet er den direkte bakgrunnen for framveksten av IS. I følgje den tidlegare franske utanriksministeren Roland Dumas vart denne borgarkrigen planlagt i London to år før det heile byrja:

 

https://www.youtube.com/watch?v=jeyRwFHR8WY

 

Om Tyrkias NATO-støtta offensiv mot IS sine militære fiendar no skulle føra til motåtak mot Tyrkia er vi i følgje NATO-pakta i krig. Men er vi i krig med IS – eller med IS sine fiendar?

Dei vestlege åtaka på Irak og Libya har gjeve IS og radikal islamisme fritt armslag i store område. Feil som er gjort kan ikkje rettast opp. Men er det grunn til å ha tillit til at dei politikarane som synte elendig dømekraft i Libya handlar så mykje klokare når dei no gjev Erdogan blankofullmakt til å slåss for/mot IS?

Gå til innlegget

Hellas og dominoeffekten

Publisert over 6 år siden

Eg legg ved to lenker. Den første er til ein svært god artikkel om krisa i Hellas – som Wynne Godley skreiv for over tjue år sidan, utan å nemna Hellas med eit einaste ord. Artikkelen forklarar på lettfatteleg vis kvifor euroen innebygde konstruksjonsfeil – og korleis desse konstruksjonsfeila var synlege for dei som ville sjå for over tjue år sidan.

Den andre artikkelen inneheld Marine Le Pen sin reaksjon på gårsdagens folkerøysting. Om elitane i Brussel no kastar Hellas under bussen, vil finansmarknadene automatisk reagera med å gå laus på dei neste veike lekkene i lenka – Italia og Spania, til dømes.

Om dei gjer dette, er det ikkje usannsynleg at Marine Le Pen er Frankrikes neste president.

Vi skal prisa oss lukkelege for at vi valde å halda avstand til dette politiske og økonomiske kaoset for tjue år sidan. I tida frametter ventar eit interessant dominospel:

 

http://www.lrb.co.uk/v14/n19/wynne-godley/maastricht-and-all-that

http://www.zerohedge.com/news/2015-07-05/marine-le-pen-anti-euro-french-presidential-frontrunner-lauds-greek-victory-over-eu-

Gå til innlegget

Guds einøygde krigar

Publisert over 6 år siden

For seks hundre år sidan vart eit kjettarbål stabla opp i Constance, og den tsjekkiske presten og professoren Jan Hus vart bunde fast på toppen av bålet. Med blad frå Wyclif sine kjetterske bøker vart elden i bålet kveikt, og Hus forlot dette livet medan han song salmar i flammane.

Det var eit middelaldersk kjettarbål, men dette bålet var byrjinga på slutten på katolsk middelalder i Europa. For flammane i dette bålet let seg ikkje sløkka. ”Kritikkens våpen kan ikkje erstatta den væpna kritikken”, skreiv Mao. Opp or oska frå Hus sitt bål steig ein av dei mest nyskapande militære leiarane i europeisk soge, den einøygde hærføraren Jan Žižka . Sjølv etter at han vart heilt blind vart Žižka

 aldri slege på slagmarka, og Zizkas by Tabor var i kim byrjinga på mykje av moderne europeisk historie: Nasjonalstaten, sosialismen, protestantismen, demokratiet – alle går vi rundt med ein flik av arven etter Žižka utan å vita det. Sjølv ordet ”bohem” kjem herifrå.

 

Kvifor tok det tsjekkiske Böhmen fyr mot slutten av middelalderen?

Kong Karl var både konge av Roma og konge av Böhmen hundreåret før Hus. Han gjorde Praha til senter i sitt rike, og der grunnla han også Karlsuniversitetet – det første universitetet aust for Paris og nord for Alpane. Det var ikkje tilfeldig at den nye rørsla vaks ut frå dette universitetet.

Men det var fleire faktorar som verka same veg. Det tsjekkiske Böhmen låg på grensa mellom det slaviske aust og det tysk-romerske sentraleuropa. Og balansen mellom desse to verdene var i endring. I 1386 hadde den siste heidenske herskaren i Europa, storhertug Jagiello av Litauen, funne ut at han ikkje kunne stå mot kristendomen. Men han kunne framleis velja kven som skulle kristna Litauen – dei fiendtlege riddarane i den tyske orden, eller dei fredelegare polakkane i sør. Jagiello gifta seg med den polske ungjentedronninga Jadwiga, og etterpå reiste han heim til Vilnius, hogg ned den heilage eikelunden og sløkte tordenguden Perkuns evige eld. Den nye stormakta – det polsk-litauiske riket – vart ei motvekt mot presset frå den tyske verda. I slaget ved Tannenberg i 1410 slo ein breid koallisjon dei tyske ordensriddarane, og knekte vengene av ordenen som maktfaktor. Ein av dei som sloss ved Tannenberg var ein einøygd soldat frå Böhmen –Jan Žižka.

 

Det var ikkje berre langs Austersjøen at den tyske og slaviske verda møttest. I dei store tsjekkiske byane hadde tyskarar busett seg i høgmiddelalderen. I sylvbyen Kutna Hora fekk tyske bergmenn rikdomane opp av jorda. Husittkrigane var også borgarkrigar – og ofte følgde krigen skiljet mellom tyskar og tsjekkar. Dei rike handelsmennene i mange byar var tyske, og såg mot det tysk-romerske riket. Dei slaviske husittane såg mot den nye polsk-litauiske stormakta for støtte.

I tillegg til denne brytinga var autoriteten til den katolske kyrkja svekka på denne tida. Dette vår åra for det store skismaet – då den katolske kyrkja hadde to pavar; ein i Avignon og ein i Roma. Nokre få år fanst det til og med ein tredje pave i Pisa. Ei kløyvd, katolsk kyrkje hadde ikkje same kraft til å hevda det åndsmonopolet som kyrkja hadde hatt sidan Karl den store.

Jan Hus var ikkje berre professor og prest, han var også ein dugande folketalar som trollbatt menneska som samla seg i Betlehemkapellet i Praha. Hus preika Guds ord på tsjekkisk, og han gav den vanlege kirkegjengar både vin og braud i nattverden i staden for å følgja den katolske middelalderens kasteskilje – der lekfolket berre skulle få braud. Den nokså veike kong Wencheslaus freista driva politisk balanse mellom den veksande husittrørsla og den katolske kyrkja. Det var ein balansegang som vart vanskelegare og vanskelegare. Wencheslaus freista vingestekka Hus ved å forvisa han frå Praha. Det førde berre til at Hus byrja preika til bøndene frå høgder og kollar rundt ikring på landsbygda. Titusenvis av menneske kunne vera til stades på desse massemøta.

I 1414 lova keisar Sigismund fritt leide til Hus for å leggja fram saka si for konsilet i Constance. Det Sigismund ikkje tenkte på var at leidebrevet hans var verdlaust på eit konsil – der det var kyrkjeretten som galdt. Den politisk naive Hus trudde han skulle få høve til ein disputas med kyrkja sine lærde, og tok med seg fleire manuskript. I staden vart han arrestert, stilt for kjettardomstol og dømt.

Hadde balansegangen for Wencheslaus vore vanskeleg før, vart den umogleg no. Radikale husittprestar samla store folkemengder rundt om på den tjekkiske landsbygda, medan andre prestar konsoliderte makta i Nybyen i Praha, på Vltavas austbreidd. Då kongen døydde i 1419 var det ein samla nasjon som stilte seg bak dei fire Praha-artiklane – det grunnleggjande dokumentet i den husittiske revolusjonen. Men Praha-artiklane vart ikkje følgt av av målmedviten handling. I staden følgje ein uroleg periode med intrigar og kompromiss og motløyse. Ein frustrert Jan Žižka forlot hovudstaden og fór i staden til Pilsen, som presten Koranda hadde gjort til eit senter for husittrørsla. Medan Žižka var i Pilsen fekk han brev frå byen Sezimovo Usti sør for Praha. Entusiastiske husittar hadde tatt makta i byen. Men dei innsåg at byen var umogleg å forsvara slik han låg nede i elvedalen. I staden flytta dei opp på ein nedlagt borg på ein ås med bratte åssider. Dei kalla den nye byen ”Tabor” etter fjellet der Barak i Dommarboka slo Sisera og kaananearane i eit slag. På det same fjellet såg displane Jesus som forklåra, med eit andlet som skein som sola. I Tabor bygde dei seg enkle tømmerhytter, medan dei brente den gamle byen ned til grunnen. Med Tabor hadde den radikale husittrørsla fått sitt samlingspunkt. Dette var det første kommunistiske samfunnet i Europa: Dei radikale husittane avskaffa eigedom og delte alt slik dei første kristne gjorde i Apostelgjerningane. Midt på torget i Tabor stod ei kiste. Alle som kom til Tabor var velkomne som borgarar – men først måtte dei kasta private eigedelar i felleskista.

 

Også i Pilsen mista rørsla initiativet, og ting koka bort i intrigar og retningsløyse. Žižka innsåg at det var på tide å koma seg bort, og tilbodet frå Tabor, der borgarane hadde vore viljuge til å brenna ned sin gamle by, verka freistande. Žižka og fire hundre radikale husittar forhandla fram ein våpenkvile med dei keisarlojale som hadde kringsett Pilsen. Men våpenkvilen vart ikkje halde. På vegen til Tabor møtte Žižka ein langt større keisarvenleg styrke på 2000 mann.Den husittiske revolusjonen var nær ved å bli kvalt i fødselen. Men Žižka hadde gjort leksene sine – og i slaget ved Sudomer synte han første gong fram det taktiske mønsteret som gong etter gong skulle gje husittane siger på slagmarka.

 

Kva var det nye i Žižkas krigføring?

 

Žižkas taboritthær vart aldri slege på slagmarka så lenge Žižka levde. Det var ein forbausande moderne hær. I tusen år hadde adelen – den væpna og rustningkledde riddaren – dominert europeiske slagmarker. Riddaren måtte trenast til kamp frå ung alder: Med ei tung vekt av rustningar, og med tunge, skarpe sverd var riddaren si oppgåve ei spesialistoppgåve som kravde trening frå barnsbein. Til gjengjeld dominerte kavalleriet over fotfolket. Frå sin posisjon på hesten kunne riddaren øydeleggja infanteriet sine forsvarsliner, og forfølgja flyktande soldatar. På grunn av overlegen fart kunne riddaren flykta når tidspunktet for kamp var dårleg – og slå til når tilhøva var eigna. Slik vart romarane sine svært godt organiserte hærar erstatta av middelalderens individualistar. Riddarturneringa erstatta drillen.

 

Det var denne røyndomen Žižka snudde opp/ned på. Taborittane sin hær hadde mange nyvinningar: Vognborgen, bruken av artilleri i felt. ”Pistol” er eit tsjekkisk ord som vi har arva frå husittane. Men det er på eit anna plan du finn dei viktigaste nyvinningane, dei som gjorde husittane uovervinnelege. Mange av våpna til taborittane var svært enkle. Dei som sloss i Žižka hær var ofte vanlege, liveigne bønder. Dei hadde trøska korn med sloger heile sitt liv. Eit av dei viktigaste våpna til taborittane var den modifiserte trøskesloga – der slagtreet vart utstyrt med piggar av jarn. Utanom sloger hadde dei lange spyd, armbrøst og liknande. Desse våpna hadde bønder slåss med – og tapt med – gjennom heile middelalderen.

 

Den nyvinninga som Žižkas hær var bygt kring var vognborgen. I felt hadde husittane hestetrekte vogner som kunne utstyrast med brystvern. Vognene vart masseproduserte, med eins aksellengde og storleik på hjula. Husittane kunne raskt stilla desse vognene i ring, og låsa av kvar vogn med kjetting. Slik hadde dei med seg ei transportabel festning.

 

Middelalderens grevar, baronar og hertugar var småkongar i sitt eige rike. Dette var stolte, sjølvmedvitne menneske. Å leggja dei inn under ein sentral kommando var som å gjeta katter. Bøndene som utgjorde ryggraden i Žižka hær visste at alle tidlegare bondeopprør av same slag som det dei hadde slutta seg til hadde vorte slege ned. Skulle dei unngå same lagnad, måtte dei gjera noko anna. Difor var dei viljuge til å underleggja seg Žižka nyvinningar: Streng disiplin, og streng straff for dei som ikkje lydde ordrar. Det var streng arbeidsdeling mellom dei ulike ”våpengreinene” – vognkarar, skyttarar, lanseknektar og andre, der kvar spela si rolle. Kvar våpengrein var underordna ein kaptein, som so var underordna Žižkas sentrale kommando. Alle var øva i sine oppgåver.

 

I middelalderen gjekk hærane til frontalåtak på kvarandre, og etter ei tid fekk ein av hærane overtak i kamptummelen. Då gav den hæren som låg under opp og rømde. Det fanst ikkje noko kommando medan slaget stod på. Også her representerte Žižka noko nytt. Han kommanderte hæren sin slik at han verka som ein samordna maskin. Kommandoar vart gjeve med flaggsignal. Vognborgen fanga opp krafta i det innleiande åtaket. Når noko av motet var i ferd med å sleppa dei som hadde gått til åtak kunne vognmennene til Žižka på ein augneblink laga ei opning i borgen. Ut strøymde friske fotsoldatar som gjekk til åtak på fiendens flankar. Slik kunne Žižka setja inn ekstra kraft på avgjerande tidspunkt og på andre måtar styra slagets gang undervegs.

 

I tillegg var husitthæren tømra saman av tru og moral, til skilnad frå fiendens hærar av leigeknektar og adel. Leigeknekten sloss for seg sjølv. Han sloss for pengar, og for det byttet som venta i plyndringa etterpå. Han plyndra, valdtok og drap, og var hata og frykta i middelalderens Europa. Husittane slåss for ei høgare sak, for Jesus, for lammets blod. Žižka straffa hardt dei som dreiv med privat plyndring. Fiendens kvinner og barn skulle ha fritt leide. Guds lov skulle gjelda. Dette underbygde disipinen. Når alle sloss for den same saka, var det enklare å få hæren til å fungera som ein maskin. Sjølv når små grupper med husittsoldatar møtte stor overmakt sloss dei til siste mann – dei visste at den eine, store saka vann på dette. Og dei opplevde gong etter gong at Gud løna denne puritanske moralen med siger på slagmarka.

 

Ved Sudomer nytta Žižka for første gong vognborgtaktikken. Han nytta ei tjønn på sletta som tredje vegg i vognborgen, fanga opp krafta i det innleiande åtaket og sette så inn motstøt på rett tidspunkt. Dei overlegne fiendane trekte seg tilbake, og Žižka kunne ri inn i Tabor. Med Tabor som base kunne så Žižka byrja gå til åtak på fienden. Husittsoldatane vart trent i felt – i åtak på mindre mål som gav trening og sjølvtillit til å stå mot større styrker. Nokre månader etter at Žižka hadde kome til Tabor kom det utsendingar frå Praha med bøn om forsterkningar. Keisar Sigismund hadde byrja det første, store krosstoget mot dei husittiske kjettarane. Då hadde taborittane sett i stand alle delar av festninga si, og trong ikkje nokon stor vaktstyrke. Medan Žižka hadde leidd 400 menn til Tabor, tok han no med seg 9000 kampklare menn til Praha.

 

Slaget på Vitkovåsen

I Praha var stemninga motlaus. Keisarvenlege styrker kontrollerte dei to store festningane ved Praha – Hradcany i vest, Vysehrad i sør. Keisar Sigismund var på veg mot byen i spissen for ein internasjonal styrke på kring 80 000 mann. Taborittane vart teke mot med jubel, og Žižka byrja med ein gong å forsterka forsvarsverka kring byen. Etter kvart samla keisarhæren seg nord for Praha. Der ropa dei ”ha, ha – Hus, Hus – kjettar, kjettar” til forsvararane. Alle tjekkarar dei fekk tak i vart brent.

Byen hadde på langt nær like store styrkar, men likevel var tusenvis av menneske budde på å forsvara byen. Men dermed var byen utsett for kringsetting. Om keisaren kringsette byen ville forsyningane stogga, og forsvararane av Praha ville svelta. Dei to festningane kutta av forsyningar frå vest og sør. Berre to vegar mot aust var opne. I all hast bygde Žižka to enkle tømmerfort på toppen av åsen Vitkov ved ein av desse vegane. Så sette han nokre titals taborittar til å forsvara dei enkle forta. Meininga var at dei i tilfelle åtak skulle halda ut lenge nok til at forsterkningar kunne nå dei frå byen.

 

14 juli 1420 kryssa plutseleg fleire tusen kavaleristar Vltava og byrja gå til åtak på tømmerforta på toppen av Vitkovåsen. Heldigvis for forsvararane var åsen kvass som ein knivsegg, slik at åtaksstyrken hadde liten nytte av å vera så mange. Ved den mest kritiske passasjen var det tjueseks menn, to kvinner og ei jente på plass for å forsvara ein jordvoll. Dei hadde ikkje skytevåpen, og gjorde som best dei kunne med å kasta store steinar og spyd mot åtaksstyrken. Žižka vart merksam på at eit åtak var undervegs, og mobiliserte raskt ein styrke av sine beste menn til motåtak. Dei klatra opp på toppen av åsen frå sør, og kom totalt overraskande på ryttarane. I panikken som følgde vart mange av riddarane tvinga utfor den bratte nordskrenten av åsen, der dei slo seg i hel. Etter ein time hadde dei keisartrugne eit tap på fem hundre mann.

 

Det var sjølvsagt ein liten del av Sigismunds hær. Men slaget ved Vitkovåsen førde til demoralisering og internt kiv, og åtaket vart ikkje følgt opp. To veker etter slaget fekk leigeknektane betaling, og vende heim. Husittane stod sterkare enn nokon gong, og Žižka rykte som uovervinneleg byrja for alvor å få bein å gå på.

 

Mirakelflukt ved Kutna Hora.

Å gå inn på alle slag, intrigar og omskiftingar desse åra er naturlegvis umogleg i ein kort artikkel. Men to andre slag må ein likevel sjå litt nærare på. Året etter Vitkov var husittane i ferd med å konsolidera eigne posisjonar i Böhmen. På slutten av hausten gjekk Sigismund på nytt inn i landet. Planen var no å marsjera mot sylvbyen Kutna Hora, der han venta å bli tatt godt imot av dei tyske bergmennene i byen. Žižka og taborittane kom keisaren i forkjøpet. Dei kom til byen eit par veker før keisaren, og byrja forsterka festningane. Borgarane i Kutna Hora lata som dei var glade for å få forsvaret forsterka. Žižka laga vognborg på ei høgd litt utanfor bymuren. Han rekna med å få forsyningar frå byen når keisaren kom. Men der forrekna han seg: Då keisarhæren kom opna katolskvenlege borgarar portane for keisarens soldatar, og alle husittane i byen vart drepne. Žižka var plutseleg omringa av ein tre gongar større styrke, og hadde ikkje forsyningar for meir enn nokre dagar. Skulle han koma ut av dette, måtte han handla raskt.

 

Det gjorde han også. Žižka hadde lagt merke til at keisaren ikkje likte personleg risiko, og heldt seg unna kamp. Han merkte seg kor i den omringande styrken keisaren plasserte hovudkvarteret. Midt på natta gjekk so Žižkas vogner til åtak med ladde kanonar. Lyden, munningsflammane og overraskinga fungerte – og åtaket slo eit stort hol i omringinga. Husittane kunne koma seg bort i nattemørket, og dei keisarlojale valde å ikkje forfølgja Žižka . Dei trudde ikkje husittane ville halda fram med krigen under vintertilhøve. Keisaren sine soldatar vart spreidd rund i byar og landsbyar i området, slik at dei kunne ha mat og nattely for vinteren.

 

To veker etterpå oppdaga dei at Žižka ikkje følgde slike reglar. Husittane gjekk plutseleg til åtak på ei av keisaren sine hovudstyrker, som flykta i panikk. Fleire åtak følgde, og Sigismund forsto at Kutna Hora ikkje var trygg. Han gav ordre om å trekka seg tilbake, og om å brenna ned byen. Men Žižkas

 ryttarar kom tidsnok til å stogga brannane. Igjen enda Sigismund sitt krosstog med kaotisk flukt.

 

Siste gong Žižka sette ein stor fiendestyrke ut av spel var på sommaren i 1424. Då var han heilt blind etter å ha mista også synet på det andre auga i kamp. Dei moderate husittane i Praha var no alliert med keisaren, og forfølgde Žižka langs Elbe. På eit nes i Elbe greidde han akkurat å få sett opp vognborgen før han vart innhenta. Nok eingong såg det ut til at han hadde måla seg opp i eit hjørne. Kringsettinga byrja, og forfølgjarane heldt ringen kring odden tett. Meldingar gjekk til Praha og Sigismund om at Žižka denne gongen var so godt som ferdig.

 

Men så forsvann plutseleg Žižka ei natt. Han hadde sendt melding til allierte lenger opp langs elva. I ly av nattemørket hadde dei kome til med båtar og flåtar, og heilt stille hadde Žižka og hæren tatt seg over elva og halde fram med flukten. Styrken som forfølgde vart berre enno meir hardsette på at dei skulle vinna denne gongen. Difor vart dei lura i Žižka si felle då han simulerte tilbaketrekking. Dei kryssa elva på den staden Žižka hadde sett seg ut. Så følgde dei etter Žižkas soldatar på ein smal veg langs elva under den bratte åsryggen Stimberk. Plutseleg byrja vogner fylt med stein å trilla ned mot åtaksstyrken, som var delt i to ved vadestaden. Igjen følgde panikk og uorden – og katten hadde plutseleg vorte mus. Etter sigeren kunne Žižka raskt vinna tilbake initiativet, og ta viktige byar som Kutna Hora. No kunne Žižka forhandla med prins Korybut i Praha ut frå ein styrkeposisjon – og han kunne ri inn i byen som alliert.

 

Kort tid etter, på offensiv mot keisaren i Mähren, døydde plutseleg Jan Žižka av sjukdom. Nye leiarar som Prokop den Skalla overtok Žižka kommando, og eit tiår med krigar følgde. No byrja husittane å forfølgja keisarens styrkar inn i deira eigne land. Husittane verka uovervinnelege, og folk byrja undra seg over kvifor Gud gav kjettarane siger, gong etter gong. I 1434 hadde lukka snudd seg, og Prokop vart drepe i eit slag ved Lipany. I 1436 kunne Sigismund ri inn i Praha som konge av Böhmen. Landet utvikla lover som sikra religionsfridom både for moderate husittar og katolikkar etter at dei radikale taborittane var slege. Då Luther innleidde reformasjonen valde mange innanfor den husittiske rørsla å slutta seg til reformatorane.

 

Žižka vart først gravlagt i Hradec Karlove, før dei jordiske leivningane hans nokre år seinare vart flytta til Časlav. Der var grava hans eit valfartsmål i nesten to hundre år. Då dei katolske habsburgarane vann over tsjekkarane ved Kvitfjellet i 1620 vart landet underlagt katolsk motreformasjon. I 1622 vart det gjeve ordre om at Žižka si grav skulle øydeleggjast heilt, slik at det ikkje fanst spor tilbake.

I tre hundre år var Böhmen underlagt dei katolske habsburgarane si makt. I 1915 skulle ein statue av Jan Hus avdukast sentralt i Praha. Regjeringa gav forbod mot alle slags markeringar i samband med avdukinga. I staden vart statuen på eit døgn dekt av eit hav av blomar. Eit par år etter vart Tsjekkoslovakia ein uavhengig stat, og statuar av den einøygde hærføraren vart reist på torget i Tabor, og på Vitkovåsen i Praha. Den katolske makta i landet var broten. I dag er Tsjekkia eit av dei minst religiøse landa i Europa.

Jan Žižka stod med ein fot i middelalderen, ein fot i nytida. Jan Hus sine idear innvarsla ei ny tid. Det var i Betlehemskapellet i Praha at Zizka vart overtydd om sanninga i Hus sitt evangelium. Men idear er eit flyktig stoff – dei kjem, og dei fer. Det må mot, leiarskap og offervilje til om dei skal slå rot her på jorda. Det var ikkje bondeopprørarane sin puritanisme som førde Žižka til Tabor – men det at dei faktisk var viljuge til å sloss i ein situasjon der forlik og kompromiss var urealistisk. Det var utfordringane på slagmarka som førde til at Žižka skapte den disiplinerte, moralske hær – dygda under våpen. Dette reiste igjen nye problem, som også nye hundreår måtte freista finna svar på. Det lengste dokumentet vi har frå Žižka er ”Reglement og ordning for den nye brorskapen”. Žižka hadde vorte lei av svermeri og krangel i Tabor. Aust i Böhmen hadde ein liknande brorskap av radikale husittar teke form. Også denne brorskapen fekk namn etter eit fjell i Bibelen – Oreb. Žižka

 tok over kommandoen, og ut frå sine røynsler i Tabor laga han eit dokument korleis ”brorskapen” – i røynda ein stat – skulle styrast. Innanfor middelalderens språk og tankemønster freista han formulera prinsippa for den nye staten – staten styrt etter Guds lov.

 

Og sjølv om Žižka la til grunn middelalderens standsskilje, var likevel ”den nye brorskapen” bygt på røynslene han hadde gjort seg i felt. Dei same reglane galdt for alle – adeleg som bonde. Dei same straffene skulle råka alle som braut disiplinen. Dygda under våpen kravde likskap – og dette syner att i Žižkas vedtekter for brorskapen.

 

Dette var spørsmåla som sette dagsorden i hundreåra som følgde. Det demokratiske Europa vart bygt på bly, ikkje på gull. Allereide husittane nytta fjørpenn til å spreida tusenvis av flygeblad kringom i Europa for å nå ut med sin nye bodskap. Førti år etter sette Gutenberg blyet i teneste for å spreia dei nye ideane til Europas folkemassar. Då hadde allereide Žižka vist vegen for korleis blyet gjorde bonden jamsterk med herren på slagmarka. Bak faner med bilete av nattverdskalken leidde han bønder som sloss for dygda , og på veg inn i slaget song dei:

 

”De som er krigarar for Gud og hans lov,

Be Gud om hjelp og tru på Han

Med Han vil de alltid sigra.

 

Kristus er verdt alle ofra dykkar, og vil gje tilbake i hundre fold.

Gjev du livet ditt for han, får du æveleg liv tilbake

Sæl er han som trur på denne sanninga.

 

Herren pålegg dykk: Frykt ikkje kroppsleg skade

Om det krevst skal du ofra livet når kjærleiken til dine brør krev det.”

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere