Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Den amerikanske evangelisten

Publisert nesten 6 år siden

USA er eit kontinent, eit kontinent der millionar berre sjeldan eller aldri har reist med fly eller sett andre delar av verda. Eit kontinent som av og til er usynleg og uforståeleg for europearar.

Men også eit kontinent med eigne tradisjonar, kultur og identitet. Det finst enorme avstandar frå det USA vi kjenner frå film- og TV-skjermen til det USA der den alminnelege amerikanar lever. Og sjølv om vi kan språket, blir store delar av kontinentet liggjande i mørket om vi berre ser det biletet den amerikanske eliten vil at vi skal sjå. Bakom utdanningseliten på austkysten, bakom Hollywood, bakom Greenwich Village og Fox News finst eit anna USA, eit mørkt kontinent der dei innfødde lever sine liv i ei verd som er annleis enn vår. Om du vil ha ein stifinnar til å visa deg veg i dette i dette mørket er Johnny Cash ein god stad å byrja.

 

Johnny Cash spela inn plater i nesten femti år – frå han byrja i 1955 fram til dei siste innspelingane med Rick Rubin. Formatet han arbeidde i var handterleg, men krevjande. På to-tre minutt skulle han uttrykka ein tanke, ei forteljing eller ei røynsle i tekst og melodi. Cash spela inn eigne versjonar av det meste innanfor populærmusikk – Bob Dylan, Hank Williams og alle dei andre. Men heile vegen produserte han også eigne perler innanfor sjangeren. Små kunstverk som vil bli ståande, meisla til for dei millionane som treng å fylla ein kveldstime, ein bil eller trailer på langtur eller ei arbeidsøkt med eit stykke musikk. Og han song alle desse songane – eigne og andre sine – som om kvart ord var sant. Og «det andre Amerika» kjende att denne røysta, og kjende att mannen som ein av sine eigne. For i alt han gjorde gav Johnny Cash røyst til den kvite, nordamerikanske mannen. Han som aldri var i nærleiken av Yale eller Harvard, men som gjekk rett ut frå skulen til arbeid, familie og eit liv innanfor den horisonten som den amerikanske tilstanden gjev.

 

Utdanna europearar veit alt om rasisme i USA. Men det er klasse, ikkje rase som er USAs «dirty secret» - sjølv om rasismen naturlegvis lever vidare i mange former. I USA slo aldri arbeidarrørsla igjennom, og millionar av amerikanarar vil aldri tenkja på å melda seg inn i ei fagforeining. I staden går dei kvar sundag til ei fundamentalistisk kyrkje, og Jesus er nok den einaste som bryr seg om lagnaden til millionar av menneske på det mørke kontinentet. USA har ingen europeisk velferdsstat, og landet er framleis prega av kalvinistisk teologi: Den som gjer det godt har Gud med seg, medan den som hamnar i vanskar har seg sjølv å takka. Klassesjåvinismen i amerikansk kultur er langt meir brutal enn det vi er vane med i Europa, og det å kalla folk «white trash» er innanfor folkeskikken i ein sjølvgod elite fødd med sylvskeier i både munnen og ræva. Og i spenningsfeltet mellom Jesus, white trash, suksess og hatet mot dei der oppe fann Cash materiale til å byggja eit livsverk.

 

Johnny Cash kom sjølv frå det Amerika der lange arbeidsdagar var målestokken på kven du var – ein av dei mange familiane som freista leva av den jorda som hadde lokka millionar over frå Europa. Men gitaren og ei særprega barytonrøyst opna ei dør til ei anna verd. Cash visste sjølv kva opphavet hans var verdt i det store landet. På ei av dei siste platene har trassen mogna til triumf. I enkle vers skildrar han kvardagen for ein landsens gut i den verda han vaks opp i. I kvart vers oppsummerer refrenget at han trass alt «am doing all right for country trash». Og det er ikkje å ta for hardt i at Cash gjorde det temmeleg bra til å vera «country trash».

 

Han gjorde det bra – men utan å ta farvel med røtene. Som andre kvite frå sørstatane i sin generasjon gifta han seg tidleg. Men det første ekteskapet gjekk over styr. I staden gifta han seg med ho som skreiv den største slageren hans – June Carter. Ho var dotter i ein av dei første familiane som slo seg opp innanfor countrymusikk, og dei to levde sidan saman til dei døydde med nokre månader imellom. Frå ulike vinklar og med ulike tema kasta Cash lys over livet til den vesle, amerikanske mannen. Den alminnelege mannen som gav patos til Cash sin baryton. Og ein eller stad mellom sjølvforakt og triumf, kjærleik og einsemd, liv og daude er Cash stifinnar i den amerikanske mannen sin veg gjennom livet. Ein veg som endar opp der det byrja, der framme der Jesus og gamle Mama ventar, og der ein kan leggja denne verdas vanskar og lidingar til sides. For Vårherre har ein himmel for country trash, og vissa om det som ventar gjev eit fast punkt å kvila blikket på langs ein veg der det elles er nok av einsemd og prøvingar. Hjå Cash har dauden ingen brodd, og livet er ein lysande sti som fører deg heim.

 

I dette arkaiske landskapet veg Cash grunnvilkåra i menneskelivet i tekstar enkle som folkeviser – og slåande som folkeviser. Som den tidlege «Folsom Prison Blues». Frå ei fengselscelle i Folsom Prison høyrer den som syng eit tog som passerer, og tenkjer tilbake på korleis han hamna i uføret – for no er han «stuck in Folsom Prison». Og han ser for seg korleis rike folk sit i spisevogna og kosar seg og røykjer sigar, medan han sjølv ikkje har vore ute av cella og sett sollys på lange tider. Og så drøymer han om korleis toget ein dag skal frakta han bort – langt, langt bort frå Folsom Prison. For Cash skal ingen stader, anna enn det endelege møtet med mor og Jesus. Men når han sit fast – «get stuck» – så vil Homo americanus bort. Og han er full av rastløyse. Saman med «Highwaymen» spela Cash inn ei moderne folkevise om ulike inkarnasjonar av den amerikanske mannen. I siste vers flyg Cash eit stjerneskip til motsett side av universet. Der vonar han å finna ein stad der han kan finna kvile for si rastlause ånd. Det er vona som døyr sist, heiter det, men roa er neppe å finna på andre sida av universet heller. På ei av dei siste platene syng han ei middelalder/sigøynervise om korleis han berre er ein heimlaus reisande i ei framand verd. Rastløysa er ikkje lenger like sterk som i Folsom Prison, men ho er meir grunnleggjande.

 

Men det er meir enn rastløyse som driv Homo americanus. Sjølvsagt handlar det også om kjærleik. Cash gjorde ein storslager av June Carters «Ring of Fire» - om den brennande attråen i ung kjærleik. Den mogne Johnny Cash utforskar grunnmaterialet i kosmiske myter i «Flesh and Blood». Han skildrar ferda si gjennom naturen, og helsar på fuglar, dyr og plantar. Og i alt dette vakre er det likevel «deg» han treng – kjøt og blod treng kjøt og blod. Og slik møtest himmel og jord, mannleg og kvinneleg, ånd og materie – og kjærleiken vil leva vidare og bløma i nye vårar. Det er å gjera mykje ut av formatet der du har max fire minutt til disposisjon! Som gamal veit han at dei song om denne kjærleiken lenge før hans tid, og at det står om han i nedstøva songbøker. Nokre hundreår frå eller til forandrar lite. Cash gjekk ikkje ut av tida, han berre slutta å halda konsertar. Og sjølv om konsertane er avlyst, var Cash trygg på at vi ville nynna vidare.

 

Fram til slutten av sekstitalet var karrieren til Cash om lag som karrieren til andre amerikanarar frå den kvite, sørlege arbeidarklassen som erobra scenen med ein gitar på magen. Men på slutten av sekstitalet heldt Cash nokre konsertar som vil bli ståande som kulturelle hendingar – og som vart til LP-plater som selde i millionar. I Folsom og San Quentin song Cash for den kvite, amerikanske mannen. Denne gongen han som hadde hamna utanfor – eller rettare sagt innanfor. Bak murane og piggtråden kunne tjuvar, valdsmenn, drapsmenn og andre verma seg på bodskapen om han som hadde gjort vatn om til vin. Minnene om korleis far song bass då familien samla seg i song for å halda motet oppe i harde tider – og vona om at familien igjen skal samla seg ved Kristi trone. Og ikkje minst kunne dei jubla over den enkle, nådelause teksten om korleis San Quentin hadde vore eit levande helvete – «San Quentin, I hate every inch of you».

 

Med fengselskonsertane tok Cash steget frå songar til kulturpersonlegdom – og samstundes byrja han utforska horisontane i det redneck-universet som heile livsverket handlar om. For i den strenge kalvinismen og dyrkinga av suksess som pregar sørstatsfundamentalismen ligg det ei frigjering å bryta ut og oppsøkja dei mislukka – fangane og dei utslåtte. Ei slags tilbakevending til eit meir opprinneleg evangelium. Cash vart «the man in black». Mannen som går i svart i påvente av lysare tider. Vi gjer det strålande og er vellukka. Men for å minna oss om alle dei som er «held back» treng vi mannen i svart.

 

Og det er ikkje berre med den svarte dressen han utforskar redneck-horisonten. Tidleg på syttitalet finn han saman med Bob Dylan, og dei to gjev ut plate i lag. Cash spelar sjølv inn «It aint me, babe» - med same overtyding i kvart ord han spyttar ut som elles. Heller ikkje dette er main street i Nashville på dette tidspunktet. Cash står på toppen av karrieren, med eige TV-show og nokre av sine beste plater. Derifrå går det – nedover.

 

Men nedturen varar berre ei stund. Midt på åttitalet finn Cash saman med «Highway Men» tilbake til dei enkle oppskriftene hans sjanger er bygt på. Det er amerikansk, det er enkelt – men det er kraft bakom. Og Cash sin baryton er framleis meir enn nokon ei ikjøting av den amerikanske mannen – hans moral, hans draumar og hans historie. Ein ny nedtur følgjer, før Rubin i ein serie utgjevingar dokumenterer siste etappe i Cash si ferd mot herlegdomen.

I Rubin-innspelingane finn du både ting som Cash har laga sjølv – og ting han lånar frå andre. Alt er like overtydande gjort. Alt er gjort enkelt: Gitar, trøorgel – her er det «less is more» som er oppskrifta på kvalitet. Og det trengst ikkje så mykje innpakking – Cash sin baryton har vorte gamal og skjelvande, men ikkje mindre overtydande av den grunn. Fleire av songane ser styggvakre – som Cash si innspeling av «Mercy Seat» der fangens veg mot den elektriske stolen blir sett i lys av dauden på Golgata. Ein song som det er umogleg å kommentera – håra reiser seg på ryggen, og du sit ordlaus tilbake. Slik trer Cash kvite og svarte perler opp på kjedet – hans versjon av «Solitary Man» er bitter utan smak av hat og hemn. Alt berre samlast i ei svart natt av resignasjon. Naturlegvis har han ikkje skrive songen. Han har berre sunge den. Men å syngja den etter Cash er som å hoppa etter Wirkola.

 

Det er ti år sidan Johnny Cash gjekk ut av tida. Dei siste ti åra har ikkje vore venleg mot den verda Cash kom frå. Det mannen frå sørstatane som blir drepen eller kvesta når Uncle Sam skal ut i krigen. Krigseventyra i Irak og Afghanistan har kravd si avgift i blod. Sjølv når dei «der oppe» gjev ordrar er det dei alminnelege, naive frå sørstatane som må svi når det heile blir avslørt – som Lynndie England som enda opp i fengsel etter Abu Grahib, som om det var ho som hadde planlagt det heile. Og sjølvsagt er det dei same menneska som blir kasta ut av sine enkle heimar etter finanskrisa i 2008, medan banksjefane får bonusar og fallskjermar. Trongen for ein «man in black» har ikkje blitt mindre, sjølv om mannen er borte. Men kven veit. Om du går ut ein stille kveld på det store slettelandet og lyder, kan det henda du høyrer ein stad oppe i himlane: Bom-chicka-bom-chicka-bom-cicka-bom. 

Gå til innlegget

Å pressa ein tørr sitron

Publisert nesten 6 år siden

Netanyahus verbale akrobatikk har igjen ført til at Stormuftien av Jerusalem igjen er løfta fram i offentleg ordskifte. Igjen skal denne sitronen skvisast - for å skapa den grovt løgnaktige assosiasjonen "Arafat = Hitler". Greitt nok.



i 1916 inngjekk leiarane for internasjonal sionisme – med Chaim Weizmann i spissen – ein «gentlemans agreement» som førde til Balfourerklæringa eitt år etter. På dette tidspunktet hadde sionistane nokre spreidde fotfeste i Palestina, men utgjorde ein forsvinnande liten del av innbyggjartalet i landet. I følgje denne avtalen skulle sionistane få Palestina i byte mot at sionistane hjalp til med å dra USA inn i krigen.

Kvifor kom denne avtalen?

Då avtalen vart inngått førde Woodrow Wilson valkamp på parolen «he kept us out of the war”. Motstanden mot at USA skulle gå inn i krigen på amerikansk side var sterk. Særleg tre grupper i det amerikanske samfunnet utmerkte seg når det galdt motstand mot krigen. Det galdt sjølvsagt amerikanarar med bakgrunn frå Tyskland. Det galdt irsk-amerikanarar, som ikkje ønskte å hjelpa eit Storbritannia som framleis heldt Irland i lenkjer. Og det galdt jødar, som ikkje ønskte å hjelpa Ententen så lenge han var basert på allianse med eit tsar-Russland som offisielt diskriminerte jødar.

Å føra krig er ekstremt kostbart – særleg krigar i dette formatet. Tyskland hadde den mest moderne industrien i Europa, og produserte til sjølvkost. Men våpen- og matforsyningane til Frankrike og Storbritannia var annleis. Båe landa kjøpte store mengder våpen, ammunisjon og anna krigsrelevant produksjon i USA – der krigen førde til kraftig vekst etter nokre månader med utryggleik.

Sidan ententens krigsøkonomi var basert på store mengder import, måtte importen finansierast. USA hadde heile attenhundretalet vore nettomottakar av lån og verdipapir frå Europa – som hadde finansiert USAs gigantiske landnåm. No byrja Storbritannia og Frankrike systematisk å likvidera slike verdipapir for å realisera dei som likviditet – som betalte for importen.

Dette gjekk ei stund. Men så byrja dei disponible, økonomiske ressursane å turka ut. I staden gjekk ein over på å lånefinansiera det heile – med J. P. Morgan som den sentrale arkitekten.

Men også slike privatlån har si grense. Særleg når den jødiskeigde delen av amerikansk finansnæring – med Jacob Schiff som den sentrale personlegdomen – ikkje ønskte å gje lån så lenge Russland var ein del av ententen. Våren 1916 byrja varsellampene å blenka – og alt tydde på at Storbritannia gjekk mot eit finansielt kollaps vinteren 1916-17.

I denne stoda var amerikansk isolasjonisme framleis sterk, og dei amerikanske krigsmotstandarane stod sentralt i det politiske fundamentet til Wilson. Dei fikk dytta på han valkampslagordet «He kept us out of the War» - og valkampen 1916 var slett ikkje nokon siger for dei kreftene som ønskte amerikansk intervensjon. Samstundes var det berre ein slik intervensjon som kunne hindra det finansielle kollapset – lånesummane var så enorme, og vaks så raskt at ingen privat bank lenger kunne bera dette.

Dette var bakgrunnen for tingingane mellom Mark Sykes og sionistane hausten 1916. Amerikanske jødar utgjorde ei hindring for amerikansk intervensjon som måtte ryddjast til side om Ententen ønskte å unngå fredsforhandlingar.  Då trong ein legitimitet for intervensjon i jødiske miljø – og gjennom å lova bort Palestina til jødane ønskte Sykes å gje gode kort til dei som kunne bidra til eit slikt stemningsskifte. Dette galdt alt frå AFL-leiaren Samuel Gompers til sionistleiaren Stephen Wise som etter avtalen snudde 180 grader og byrja demonisera sine tidlegare vener i AUAM (Americans United Against Militarism). Og etter litt att og fram greidde Wilson losa USA fram til krigserklæring våren 1917.

Sionistane kunne altså jubla. Men fanst det nokre taparar i denne kjøpslåinga? Først og fremst tre. Tyskland hadde satsa mykje på å få i gang fredstingingar vinteren 1916-17. Dei ønskte eit maktforlik basert på status quo, som tok vare på det eksisterande statssystemet i Europa – med Tyskland i ei leiarrolle. Det vaklande ryggstøet til Storbritannia såg ut til å gje grunnlag for dette – hausten 1916 var den kritiske tida i britisk politikk der til og med elitefolk som lord Landsdowne byrja ta til orde for .tingingar. Men det tyske oppspelet vart møtt med togn frå det nøytrale USA – og den nye regjeringa i London greidde å ta livet av fredsinitiativet trass i ein utsett posisjon. Då fredsinitiativa stranda byrja børsen i New York igjen å veksa.

Men det fanst to taparar til. For det første dei som budde i Palestina: No vart det plutseleg laga ein internasjonal avtale som gav bort landet deira til innvandrarar som for det meste ikkje hadde kome enno.

For det andre dei tradisjonelle innanfor jødiske miljø. For Weizmann braut eit viktig tabu i jødisk tradisjon. Rike jødar hadde i lang tid spela på lag med politiske leiarar – som td. Bleichröder si støtte til Bismarck. Men det hadde vore tabu å mobilisera jødane som gruppe bak politiske prosjekt. Jødane levde som minoritet overalt,  og sjølv om det kunne vera positivt for jødar å bli identifisert med ei eller anna «sak» i ei stormakt kunne dette slå tilbake på jødar i den stormakta som var i konflikt med den første. Den jødiske tradisjonen var djupt og grunnleggjande upolitisk – og dette hadde sikra jødane tryggleik i vanskelege tider. No vart alle slike omsyn kasta på båten.

Storbritannia kunne altså få hjelp til å dra USA inn i krigen, og Tyskland tapte. Tapet førte til at tyskarane var bitre. Ikkje berre avdi dei hadde tapt – men også på grunn av måten dette hadde skjedd på. Det var ikkje på slagmarka Tyskland vart knekt. Vel so viktig var ein britisk hungersblokkade som var ulovleg etter internasjonal rett. USAs «nøytralitet» hadde aldri gjort noko for å gjera slutt på dette grove brotet på internasjonal rett – medan alt Tyskland gjorde i ytterkant av regelverket med ein gong vart møtt med ultimatum frå USA. Blokkadevåpenet vart ikkje berre brukt under krigen – sommaren 1919 vart svolten også brukt som våpen for å tvinga Tyskland til å skriva under på ein avtale som mange oppfatta som ein karikatur av dei «14 punkta» som Wilson hadde proklamert som grunnlag for framtidig fred.

I staden for ei fredsordning basert på det gamle statssystemet gjekk dette systemet i oppløysing. Det austlege Europa gjekk i oppløysing i revolusjon og borgarkrig. Opp av kaoset reiste det seg eit nytt system – Sovjetunionen. I samtida vart desse revolusjonane oppfatta som «jødiske» - ikkje utan grunn. Mange av dei leiande personlegdomane i bolsjevikpartiet var av jødisk bakgrunn (Trotskij, Kamenev, Sinovjev m.fl.). I den kortvarige sovjetregjeringa i Ungarn var om lag tre firedelar av folkekommisærane av jødisk bakgrunn.

Då fredsavtalane var underskrivne byrja Storbritannia å administrera den seige (men legale) utskvisinga av dei opprinnelege innbyggjarane i Palestina. Jord var kjøpt opp, leilendingar kasta ut og jødiske busetjingar etablert i staden. Ei etnisk eksklusiv fagrørsle av sørafrikansk type vart skipa for å «frigjera jødisk arbeid».

Det var denne stoda som førte til eksplosjonen av antisemittisk litteratur og politikk i mellomkrigstida. Jødane var mellom dei svært få vinnarane etter første verdskrig. I Sovjet, der den tidlegare diskrimineringa vart avskaffa, antisemittisme vart straffa med dødsstraff og jødane vart ein synleg del av den nye, sovjetiske eliten i byar som Moskva og Leningrad der jødar tidlegare ikkje hadde hatt adgang.

I Palestina, der det britiske imperiet brukte sine siste krefter på å trenga til sides dei opprinnelege innbyggjarane for å gje plass til jødiske kolonistar.

I USA, der den amerikansk-jødiske eliten var mellom dei som hadde tent gode pengar på krigen og der denne eliten no byrja posisjonera seg andynes det som fram til då hadde vore WASP-eliten sine einemerke.

Då børsen i New York kollapsa i 1929 var det denne underliggjande gjæringa som kom opp til overflata – og som sette dagsorden for dei politiske ulukkene i tiåret som følgde.

Og stormuftien? Som ein kjent forfattar kommenterte – det einaste som var «stort» med muftien var tittelen. Han var den viktigaste talsmannen for palestinarane. I mellomkrigstida oppstod det krise etter krise i forvaltninga av Palestina. Dei lokale administratorane freista finna løysingar som gav rettferd båe vegar – til palestinarane, og til dei jødiske kolonistane. Kvar gong ei slik skisse til løysing kom til London vart ho skote ned av den jødiske lobbyen. Så var det «tilbake til start». Palestinarane mista til slutt tolmodet – og i 1936 byrja det første store palestinske opprøret. Det vart knekt med massiv bruk av militærmakt – og stormuftien hamna i eksil.

Og som så mange eksilleiarar mista han røyndomskontak – og lot seg bruka i eit politisk spel som Berlin organiserte. Han var ikkje åleine – sjølv eit naboland som Finland lot seg innrullera som medskuldig. Blokkaden av Leningrad – som førde til at ein million menneske svalt i hel – ville ikkje vore mogleg utan finsk hjelp.

Resten av historia kjenner vi. 700 000 menneske vart fordrivne frå Palestina med makt. Palmach-soldatar som fekk dagsordren frå Abba Kovner som bad om å slå hard til «i namnet til dei seks millionane» reagerte med avsky. Dei hadde vakse opp i landet, og visste at dei dei fordreiv ikkje hadde vore medskuldige i noko brotsverk mot jødane. Ein skulle liksom la palestinarane få smaka hemnen for det tyskarane hadde gjort? Den som les hebraisk litteratur frå perioden vil sjå den kognitive dissonansen desse soldatane opplevde. Mange syntes det var eit drittarbeid å bruka våpenmakt for å få kvinner og barn til å flykta frå hus og heim, og ville mykje heller møta fienden i strid. Men korta var spela, og bordet fanga. Det nye, israelske samfunnet måtte læra seg kunsten å teia, og gløyma. Og dei lærte seg etter kvart denne kunsten.

Så kva skal ein seia om «Stormuftien»? Ein liten og nokså forvirra mann, som lot frustrasjonen i si landflukt slå ut i forvirra politikk og hatefull tale. Knapt nok verdt å bruka tid på. Historias taparar brukar vera slik.

Historias vinnarar var dei som dreiv hestehandel og intrigar i 1916 – Weizmann og sionistane. Det var dei som skapte historie. Intrigane deira førde fram til staten Israel – og Holocaust.

Gå til innlegget

Gideon Levy: Einstatsløysinga er uunngåeleg

Publisert nesten 6 år siden

Gideon Levy seier det viktigaste som er å seia no: Når du stel ein bil, må du levera bilen tilbake. Utan vilkår. Berre slik får du gjenoppretta rettferd. Einstatsløysinga er uunngåeleg – og einstatsløysinga inneber fulle borgarrettar for alle palestinarar. På Gaza, på Vestbreidda.

Jødiske israelarar har levd godt med okkupasjonen på grunn av tre forblindande myter: For det første er vi eit utvald folk, og kan gjera som vi vil. Internasjonal rett gjeld ikkje for oss.

For det andre: Vi jødar er dei største ofra i historia, og dei einaste ofra i historia. Golda Meir meinte at jødar kunne gjera alt dei ville etter Holocaust.

Og for det tredje: Palestinarar er ikkje akkurat menneske. «Å drepa palestinarar er ikkje eit brot på menneskerettane».

Sionistar utan folkeskikk freistar øydeleggja møtet – men som vanleg er det vel verdt å lytta til Gideon Levy:

http://mondoweiss.net/2015/10/facing-hecklers-gideon

Gå til innlegget

Syria: Vektskålene vippar

Publisert nesten 6 år siden

Sakte, men sikkert byrjar eit nytt mønster å bli synleg i Midt-Austen

I fleire år no har alle vedda på at Syria går i oppløysing, på sokalla «frigjering» av libysk type – på at den syriske, arabiske armeen skulle gå i oppløysing.

Intervensjonen til det russiske flyvåpenet har forandra spelereglane. Islamistane er heilt tydeleg på defensiven, og den syriske armeen nyttar dei russiske flyåtaka til ein førebels avgrensa – men likevel tydeleg offensiv. Vektskålene vippar motsett veg av det dei gjorde før.

Den vestlege propagandaoffensiven mot den russiske luftintervensjonen går ikkje bra. Det er vanskeleg å mobilisera omfattande og engasjert støtte for al-Qaida i vestlege land. Sjølv om Donald Trump blir latterleggjort, har han millionar bak seg når han gjev støtte til russisk krig mot al-Qaida og IS. Og han har også rett i det han seier om at vestlege intervensjonar har laga eit meiningslaust kaos i land som Libya og Irak. Det er visst av barn, fulle folk og Donald Trump ein skal høyra sanninga.

Det hjelper heller ikkje at USA dummar seg ut. Då USA klaga på at russarane bomba «demokratisk opposisjon», bad russarane om ei liste over mål dei ikkje skulle bomba. Det ville ikkje amerikanarane gje. Så bad russarane om ei liste over mål dei kunne bomba. Heller ikkje dette var det aktuelt for amerikanarane å gje. Sjølv om dette ikkje blir kunngjort i vestleg presse, er russiske media fullt oppdaterte. Eit av dei store problema til den vestlege pro-Jihad-alliansen er at propagandaen har kome så langt frå røyndomen at det er vanskeleg å tilpassa seg når vindretninga skiftar.

Sjølv om øydeleggjingane i Syria er enorme, er det ikkje sikkert at landet vil enda opp som ein ruin av Libya-typen. Som Robert Fisk peikar på, kan det godt henda at den syriske, arabiske armeen endar opp med siger. Då vil denne hæren vera den viktigaste militære faktoren i området etter Israel, Tyrkia og Iran.

Det vil vera dårleg nytt for al-Qaida og IS. Men det vil også vera dårleg nytt for dei som står bak desse: Føydalislam i Saudi-Arabia og Qatar.

http://www.independent.co.uk/voices/with-russias-help-the-syrian-army-is-back-on-its-feet-and-fiercer-than-ever-a6698866.html

Gå til innlegget

Å rotgnaga eit utsett språkmiljø

Publisert nesten 6 år siden

Dansen rundt gullkalven kostar pengar. Regjeringa har funne ein høveleg stad for skjera ned.

Frå min ståstad i ytterkanten av det sørsamiske miljøet har det vore positivt å følgja utviklnga dei siste åra. Eit stødig ungdomsmiljø har vakse fram, og særleg har samisk menighet – Saemien Åålmege – spela ei viktig og konstruktiv rolle. Det var ein viktig siger når Saemien Åålmege vart gjort til ei permanent ordning på siste kyrkjemøte. Det er knapt tvil om at tradisjonsberarane for sørsamisk språk har vore på rett veg i ei vanskeleg omstilling.

Sørsamisk er det minste av dei offisielle skriftspråka våre. Styresmaktene si plikt til å sikra vidareføring av samisk språk og kultur er slege fast i § 108 i Grunnlova. Naturlegvis er sørsamisk eit utryddingstruga språk – med nokre hundre brukarar spreidd frå Femunden i sør til Saltfjellet i nord er det store utfordringar knytt til å halda oppe alle dei funksjonane eit levande språk treng.

Det er snart ti år sidan eg første gong sende eldsteguten den lange vegen til Hattfjelldal. Det har vorte mange turar – sameskulen i Hattfjelldal tek mot ungane på skikkeleg vis og er dyktige kulturformidlarar. Fjernundervisning med videokonferanse er OK – men eit språk er mykje meir enn glosepugg og gramatikk, og det er viktig at språkundervisninga held kontakten med eit miljø og ein kultur. Denne oppgåva har sameskulen i Hattfjelldal løyst på utmerka vis.

 Regjeringa sitt forslag om å leggja ned sameskulen i Hattfjelldal er å sparka beina under det som i lang tid har vore ei positiv utvikling for sørsamisk.

Sjølvsagt veit eg at dansen rundt Gullkalven er kostbar, og at nokon må betala. Men i mine augo verkar det urimeleg å gå laus først på dei institusjonane som ber oppe det mest truga av dei språka som høyrer heime her i landet.

Sist sommar skreiv eg dette etter at eldsteguten konfirmerte seg i Saemien Åålmege på Røros.



Etter konfirmasjonen: Å brenna eit lite bål.

 

Eg vaks opp i bålrøyk. På fjellet, på jonsokkvelden, på bærtur om hausten: Turen gjekk til ein stad der vi tente opp bål og kokte opp vatnet i svartkjelen. I tillegg til å koka kaffi brukte vi bålet til å halda mygga frå livet, til å turka våte klede og til å verma oss på kalde kveldar. Far min lærte oss det vesentlege når det galdt å få fyr på bålet, både vinterstid og i styrtregn. Skulle ein ferdast i fjellet i alle årstider, var kunsten å brenna bål heilt avgjerande. Ein skikkeleg stokkeld måtte til om ein var søkkblaut og skulle bli turr og varm. Men dei trivelegaste båla var dei små båla som ein heldt i live gjennom sommarkvelden medan markduppen duppa i bølgjene rett utanfor. Rundt slike bål gjekk praten om smått og stort i livet og verda, og tanken fekk luft under vengene medan dei små flammene åt opp turrveden som vart mata etter kvart. Du må følgja med om du skal brenna eit lite bål. Men om du er vaken kan bålet leva i timesvis utan at du må tøma vierkratta for ved.

 

 

 

Vi har vore på sørsamisk konfirmasjon på Røros i helga. Det heile byrja laurdagskvelden med grilling og samkome for familiane i Vikakoia nokre mil frå bergstaden. Familien vår hadde med oss messinginstrument og spela fire småstykke, andre bidrog med song og joik. Sundagen var det konfirmasjongudsteneste i kapellet, før heile følgjet gjekk i prosesjon ned til Bergstadens Ziir der gudstenesta vart avslutta og konfirmantane fotografert på trappa. Kyrkja på Røros er ei mektig bygning, og det var ein sann svir å følgja ein straum av kofter ned bakken til kyrkja. Gudstenesta var enkel og stilfull, familiens konfirmant las som ein prest sjølv om faren ikkje forstod alt for mykje av den sørsamiske teksten. Men at guten var staut i den nye kofta var det ikkje tvil om, og det var ein flott gjeng med ungdomar som gjekk fremst i prosesjonen. Så vart det heile avslutta med med middag for alle familiane i Vikakoia - med 120 til bords. Og medan vi sat der rundt den brennande grua og åt reinskav byrja eg å tenkja på barndomens bål.

 

 

 

Sørsamisk, det minste av dei offisielle skriftspråka våre, er eit lite bål. På mange måtar er det eit prosjekt som går litt på utsida av det sannsynlege. Eit lite folk bur spreidd i området frå Engerdal til Saltfjellet. Over alt utgjer dei berre ein liten minoritet. Det som er "senter" og "tyngdepunkt" i dette er stader som knapt nok ser ut som senter for andre - anten du snakkar om miljøet på Røros eller i Snåsa. Og det er ikkje småtteri ein har til ambisjonar - denne vesle gruppa med folk skal halda live i eit eige språk, med alle krav det stiller i ei omskifteleg tid. Skal dette gå bra, må ein kunna kunsten å brenna eit lite bål.

 

 

 

Globotnen er det ikkje noko å seia på. Dei gamle kallane og kjerringane som gjekk i prosesjon, delvis støtta til staven, er solide folk som du ikkje flyttar på så lett. Dette er folk som er trygge i sin eigen kultur, og som har lagt bak seg tida då samisk var uglesett over alt. Denne globotnen treng du berre pusta på, så ser du korleis dei lyser opp og slær flammar. Men også ungdomane - konfirmantar og ungdomsleiarar - gav eit solid inntrykk. Dette er turr ved som fatnar lett, og som gjev ein klår og lysande flamme. Berre ein er vaken og matar bålet jamnt, burde språket ha gode sjansar til å klara seg inn i framtida.

 

 

 

Det er den samiske menigheita - Saemien Ålmege - som er navet i den sørsamiske organiseringa. Det er fleire grunnar til dette. Konfirmasjonsgudstenesta på Røros var den siste gudstenesta til Bierna Biente, presten som i eit par tiår har vore strateg for organiseringa av Saemien Ålmege. Ein ny prest, Einar Bondevik, står klar til å overta. Men medan Biente i stor grad byrja heilt på eiga hand, overtek Bondevik eit apparat av ungdomsleiarar, diakon, tradisjonar og liknande han kan byggja på. I tillegg fungerer bladet til Saemien Ålmege - Daerpies Dierie - som ei avis som når breitt i det sørsamiske miljøet.

 

 

 

Men Biente er ikkje den einaste forklaringa på kvifor Saemien Ålmege har fått ein så sentral plass. Kyrkjeliv har alltid spela ei rolle i samiske miljø. I tillegg er avstandane frå Saltfjellet til Femunden i seg sjølv eit faktum som dreg i denne retninga. Eit lite folk som bur spreidd samlar seg kring dei store livshendingane - dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd. Då er det naturleg at kyrkja får ei rolle som samlingspunkt. Og dette handlar også om språk: Sørsamisk har ikkje alltid vore sjølvsagt som kyrkjespråk, og for sørsamane er Bibelen framleis ei bok under omsetjing. Språkvaldet til sørsamisk har vore ein liten nisje kring den tradisjonelle reindrifta, og steget inn i Bibel og kyrkjerom er ein naturleg del av arbeidet for å sikra fotfestet til eit lite språk i ei omskifteleg tid. Språk handlar om identitet og om å uttrykka seg - og dei store livshendingane gjev ei råme der språket kan kveika og verma dei som samlar seg - som eit lite bål i sommarnatta.

 

 

 

Inntrykket er elles at haldningane i miljøet er solide. Ikkje slik at folk er brautande og storkjefta - tvert imot. Men om du pirkar litt borti kjem det underliggjande engasjementet fram. Litt konflikter gjer ikkje skade - tvert om kan det syta for den vesle vindtrekken som fører til at bålet flammar opp. Men alt med måte, naturlegvis. Eg er ikkje sikker på at byrdene med den store rovviltstammen i dei sørsamiske kjerneområda blir likt fordelte - mykje tyder på at urbefolkninga må bera hovudkostnadene av storsamfunnets politikk. Det er god rekruttering og dyktige ungdomar som vil inn i reindrifta, men dei tobeinte må gje bort vel mykje av overskotet til dei firbeinte, og økonomien kan bli heller skral. Det kan nok også henda at ein kulturnasjon som Noreg burde leggja litt pengar på bordet slik at bibelomsetjinga og eit par andre prosjekt kunne få litt ekstra drahjelp. Det er ikkje så mykje pengar det er snakk om - eit par årsverk ville utgjort stor skilnad. For eit lite språk som sørsamisk er all litteratur på morsmålet gull verdt.

 

 

 

Det viktigaste er likevel det som far min lærde oss då vi var små. Eit lite bål må matast jamnt. Så lenge ein har leiarskap og plass til alle, burde det vera mogleg å halda dette bålet levande. Om ein går ut i viekrattet finn ein det brennfanget ein treng. Det dreier seg ikkje om dei store trea som kastar skugge og som fell for første vinterstorm, men om dei buskane som har tilpassa seg og som kryp langs bakken og nyttar den næringa og sola som finst mellom fjella her nord. Det er ikkje desse buskene som imponerer mest ved første augnekast. Men om du ser nærare på dei, finn du ei livskraft som er så seig, så seig. Og ingenting er betre enn desse buskene om du ønskjer å halda liv i eit lite bål.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere