Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Dei to namna til Jesus

Publisert nesten 7 år siden

Det er igjen ordskifte og ein del kraftige skuldingar når det gjeld kven som stod bak at Jesus vart avretta. Ein liten tekst kan kanskje gje litt bakgrunn for diskusjonen.

For to tusen år sidan kløyver den bibelske religionen seg i lo ulike løp. Den eine av dei to greinene som den bibelske elva deler seg i har ein kjent grunnleggjar.Det er denne grunnleggjaren vi feirar no i jula. Jeshua frå byen Nasaret i Gallilea vekte ei religiøs rørsle som etterkvart vart den største verdsreligionen.Medan kristne verda over hevdar han var Guds son, har jødar dei siste to tusen åra hatt eit heilt anna syn. Terminologien du nyttar vil avsløra kva syn du har. Ingen av namna vi har på den hebraiske bibelen er religionsnøytrale. Om du kallar han ”Det gamle Testamente” eller ”Tanach” er eit val som syner korleis du ser på Jesus-rørsla.

Men også sjølve namnet ”Jesus” skil. Den som slær opp på den hebraiske wickipediaartikkelen om Jesus vil finna ut at namnet hans der blir skrive på to ulike vis: ”Jeshu” eller ”Jeshua”. For den uinnvigde ser dette ut som ein bagatell. For den innvigde er det ein skilnad i stavemåte som er full av meining.

Dei viktigaste kjeldene våre til Jesu liv er samstundes dei grunnleggjande skriftene i den kristne religionen. Vi har to hovudkjelder til Jesu liv – dei tre evangelia vi kallar ”synoptiske” avdi dei er variasjonar over den teksten du finn i Markus: Matteus evangelium, Lukas evangelium og Markus evangelium. Den andre hovudkjelda er Johannes evangelium. Elles vil du finna spreidde, einskildståande opplysningar om Jesus hjå andre historikarar frå antikken – Josefus, Tacitus og andre. Men dei andre kjeldene gjev ikkje mykje. Det finst ei eldre kjelde enn evangelia – breva til apostelen Paulus. Men desse er ikkje opptekne av å fortelja om den historiske Jesus – for Paulus er det den oppstandne Kristus som er hovudpoenget. Så biletet vårt av Jesus må vi i stor grad henta frå dei kjeldene som kyrkja er bygt på.

Men her vil ein moderne lesar oppdaga noko interessant. Med ein gong du byrjar drøfta desse tekstene nærgåande, risikerer du å koma ut i vanskeleg terreng. Sjølv skreiv eg ein kronikk – ”Kven drap Jesus” – i Klassekampen tidleg på 2000-talet. Kronikken førte til heilt merkbare, fiendtlege reaksjonar. Kronikken gjorde knapt anna enn å leggja ut den synoptiske framstillinga av påsken i kortform, der farisearane og dei skriftlærde blir peikte ut som hovudpådrivarar, medan Pontius Pilatus nokså ufriviljug blir deira reidskap.

Det er ikkje einaste gongen det siste tiåret at synoptikarane si forteljing har ført til bølgjer. Då den australske filmregissøren Mel Gibson laga film av påskeforteljinga; ”The Passion of Christ”, gjekk Anti-Defamation League og jødiske kommentatorar i amerikansk presse på høggir med mistenkeleggjering og skuldingar.

Det skal visstnok vera ein antisemittisk myte at ”jødane” drap Jesus, og opp gjennom historia har kristne skuldingar om ”kristusdrap” vore ei kjelde til antisemittisme i følgje presteskapet som passar på desse spørsmåla Spørsmålet er: Kva tid? Kvar? I ”Kjøpmannen i Venezia” teiknar Sheakespeare eit samansett, men negativt portrett av jøden Shylock. Men ”drapet på Kristus” er ikkje mellom dei negative tinga som bidreg til Shylocks portrett. Ei slik skulding ville neppe gjeve meining for Shakespeare. Charles Dickens laga likeeins eit negativt portrett av ein jøde i London – Fagin, som sende fattige gutungar ut som lommetjuvar. Fagin var tjuv og utnyttar. Men kristusmordar?Neppe. I middelalderen vart sakeslause jødar skulda for å ha utløyst svartedauen, og deseperate, overtruiske kristne gjennomførte pogromar. Men dette var ikkje noko kyrkja var drivkraft i – tvert om freista kyrkja i slike situasjonar å stogga overgrep. Mellom alt jødane vart skulda for: Forgifting av brunnar, rituelle drap, krenkjing av nattverdsbrødet, menneskehat og pengedyrking var ikkkje skuldingar om kristusmord spesielt sentrale. Sjølv i den kristne trusvedkjenninga blir ikkje jødane nemnt – i motsetnad til Pontius Pilatus, som gav etter for press frå det jødiske rådet.

At kristne har forfølgt jødane som ”kristusmordarar” er er ikkje heilt usant, men langt på veg er det ein moderne myte. Ein myte somLeon Uris gjev sin eigen vri i romanen ”Exodus”, der ein av dei sionistiske heltane går rundt med ei t-skjorte påtrykt ”Vi drap Kristus”.For dette er ein myte som har ein interessant undertekst. Underteksten er at dei kristne og kyrkja i alle tider har vore jødemordarar. Som anklage er dette akkurat like stereotypt, uhistorisk og meiningslaust som å anklaga jødar i dag for å ha noko slag ”skuld” i ei avretting for to tusen år sidan. Den einaste skilnadener at mange tek denne anklagen på alvor. Kollektiv skuld for noko som ligg langt tilbake i tid er tydelegvis ikkje noko problem – så lenge slike anklagar ikkje blir retta mot jødar.

Så er dette også ei historie med ei anna svært interessant side. Om vi ser bort frå det reint historiske, er påstanden om at jødar avretta Kristus ikkje spesielt kontroversiell i jødisk tradisjon. Talmud bryr seg ikkje eingong om å nemna romarane – i Talmud blir Jesus avretta etter ein dom i samsvar med den jødiske lova. Ingen har forsvarte han. Og Jesus er ein av tre erkesyndarar som er utsette til evig straff i helvete – Jesu straff er å koka i møker til evig tid.

Talmud vart endeleg redigert i Babylon på femhundretalet, og provar sjølvsagt ingenting om den historiske hendinga. Men Talmud provar noko anna. Ein moderne parallell kan kasta lys: Om det går av ei bombe på ein buss i Haifa, kan det nokre gongar vera fleire muslimske grupper som hevdar at dei står bak bomba. Slike meldingar der terrorgrupper ”tek på seg skulda” for ei valdshandling er notorisk upålitelege, og provar ingenting. Anna enn det sjølvsagte: Om dei har evne til å utføra valdsaksjonen er eit heilt ope spørsmål. Men det er ingen tvil om at alle dei organisasjonane som melder seg gjerne skulle gjort det, om dei hadde kunna.

Slik er det også med Talmud si framstilling av Jesu død, og det middelalderske ”motevangeliet” Toledoth Jeshu der Judas er helten i historia og får makt over Jesu trolldom ved å pissa på han. Og slik er det også med den ortodokse, jødiske skikken med å spytta når ein ser ein kross. Ingenting av dette provar at det var jødar som drap Jesus – det provar berre at jødar i stordelen av si historie gjerne skulle gjort det. Først med reformjødedomen på 1800-talet oppstod ei jødisk retning som såg annleis på Jesus.

Denne fiendskapen mot Jesus går saman med ein annan grunnleggjande fiendskap i jødedomen – fiendskapen mot dei kristne. Dei første tre hundre åra etter Kristus hadde ikkje kyrkja makt til å forfølgja nokon – denne makta fekk dei først med Konstantin si omvending. I heile denne perioden var det vanlege at det var jødane som var forfølgjarar, medan dei kristne var forfølgde. Frå denne perioden stammar ”Birkat haMinim” – ”Forbanning av kjettarane” som inngjekk i dei daglege tidebønene i ortodoks jødedom.I denne tidebøna bad jødane om at dei kristne – notsrim – skulle bli ”knust med ein gong”. Først under middelalderens kristne sensurregime vart dei kristne strokne frå bøna. Etter at Israel vart ein jødisk stat der kristne ikkje lenger har makt, byrja ein igjen ta i bruk den opphavlege forbanninga mot dei kristne.

Den jødiske fiendskapen mot Jesus og dei kristne er altså eldre enn all kristen forfølgjing av jødane, og har røter tilbake til den jødiske forfølgjinga av kristne som ein kan lesa om i apostelgjerningane. Denne fiendskapen var der frå opphavet – og det er ingen sterke grunnar til å tvila på evangelia si forteljing om at det var denne fiendskapen som fekk det jødiske rådet til å pressa igjennom avrettinga av Kristus. Og kanskje kan det ubrotne i denne fiendskapen fortelja oss noko om kva kristen religion handlar om? Kristus kløvde den bibelske elva i to hovudstraumar, og dei dogmatiske skilnadene mellom desse to hovudstraumane vart hogd ut i stein – i dei tillegga til den hebraiske bibelen som kristendomen og rabbinsk jødedom byggjer på. Dei kristne sitt tillegg heiter Det nye Testamentet, det jødiske heiter Babylons Talmud. Og dette er eit verkeleg skisma – som framleis er kraftig lada. I middelalderen brann dei kristne Babylons Talmud etter rettssaker der det vart prova at boka var blasfemisk. Sidan har skikkane i Europa mildna. Men bokbåla flammar framleis: I Israel blir nytestamentet år om anna brent på bokbål, og det er forbode å nytta tekstar frå boka i undervisning i landet. Desse bokbåla kan kasta lys over opphavet til den kristne trua.

Landets folk

Jødedommen vart for 2 500 år sidan innført med makt i Palestina, av eit religiøst aristokrati væpna med ei bok som dei hevda gav gudommeleg fullmakt, samstundes som dei i det timelege hadde støtte frå det persiske keisarriket til å kontrollera dei to jordbrukssamfunna der den jødiske religionen oppstod. Etableringa av eit judaistisk teokrati var vellukka, og det finst til denne dag jødiske, teokratiske samfunn som blir styrt etter den heilage lova som vart til i denne perioden. Men suksessen var ikkje total – det fanst viktige motkrefter som sikra at teokratiet ikkje lukka seg heilt.

For det fyrste fanst det ein motstand som botna i den eldre religionen i landet. Det nye teokratiet freistar å samla kultusen til tempelet i Jerusalem. Men i den eldre religionen fanst det fleire fjell der ein ofra påskeofferet. Nokre av desse lokale heilagstadene gjorde motstand mot sentraliseringa, og ein av dei greidde forsvara sin eigen offertradisjon. Den dag i dag ofrar samaritanarane påskelammet sitt på Gerisimfjellet ved Nablus. Det er siste rest av religionen i Palestina frå før Esra og Nehemja innførte det nye, Jerusalembaserte teokratiet.

For det andre fanst det i det hellenistiske og tidlege romerske maktområdet ein stor jødisk diaspora. Her fanst det ikkje noko statsmakt bak jødisk autonomi, og jødar i dette området kunne ikkje tvingast til ortodoksi. Såleis oppstod det i den hellenistiske verda ein heil litteratur skrive av jødar på gresk, som td. Josefus si jødiske historie. Heile denne litteraturen vart avvist av klassisk jødedom, men dei kristne tok vare på han.

For det tredje vart det undertrykkande maskineriet til den jødiske autonomien svekka i periodar der det oppstod eit partiskilje innanfor eliten. Det viktigaste av desse er kløyvinga mellom saddusearane og farisearane som vaks fram frå om lag 140 før Kristus. I periodar med slik kløyving var spelerommet for den alminnelege jøde større – heilt til eit av partia vann fram og kunne bruka maktapparatet for å reinska religionen for alle avvik.

For det fjerde fanst det i den bibelske litteraturen bøker som kunne brukast til å utfordra den teokratiske makta. Profetbøkene hadde (og har) potensielt ei mengd ammunisjon som kan brukast av dei som vil gå til åtak på eigennyttig og sjølvrettferdig maktbruk.

For det femte var den tvungne innføringa av jødisk religion ein prosess som skjedde med ein viss motstand. Ikkje minst var det motsetningar i landet etter at hashmonearane med vald og brann hadde gjennomført ein politikk der alternativa i nyerobra område var omvending eller dauden. I denne perioden oppstod omgrepet ”am haaretz” – ”landets folk” – som nedsetjande omgrep mellom dei skriftlærde for å karakterisera den alminnelege jordbrukar som mangla avansert opplæring i religionen. Omgrepet levde vidare i jødisk tradisjon som nemning på ulærde og dumme jødar – sjølv etter at dei siste jødiske jordbrukssamfunna hadde forsvunne på sekshundretalet.

Som eit nyerobra område for jødisk autonomi var Galilea ein periferi i det jødiske Palestina. Dermed var området også meir enn alminneleg prega av ”am haaretz”. At det kjetterske Samaria låg mellom Galilea og Jerusalem forsterka dette preget av å vera gudsforlatt utkant. Frå denne utkanten dukka det plutseleg opp ein dødeleg fare mot det jødiske teokratiet.

Menneskesonen

Historia er velkjent, og eg har ikkje tenkt å utbrodera ho mykje. Ho blir fortalt i fire variasjonar i nytestamentet, og den som skal forstå vestleg sivilisasjon bør stadig tilbake til desse fire variasjonane over temaet Jesu liv. Frå det gudsforlatte Nasaret i Galilea, dukkar det plutseleg opp ein tømrarson utan formell opplæring. Han er ikkje blant dei skriftlærde, men utfordrar dei skriftlærde sitt monopol. Maktapparatet er lamma av konflikten mellom farisearar og saddusearar, og resultatet er fatalt. Kjettaren frå Nasaret samlar seg ei stabil kjerne av disiplar, og set Gallilea på ende. Han trassar ope den heilage lova: Han let disiplane hausta korn på sabbaten, han trassar spiselovene, han syner openlys sympati for samaritanarane.

Mykje tyder på at folket i Galilea ikkje var spesielt lukkelege under teokratiet. Når menneska samlar seg for å høyra Jesus preika skjer det mykje som burde skje langt oftare på NAV-kontora våre. Blinde byrjar sjå, lamme reiser seg, tek båra si og går. Mange opplever at han løfter av dei ei bør – dei rettar ryggen og finn nye krefter. Og Jesus oppsøkjer medvitne dei som er ekskludert av eit sjølvgodt teokrati. I følgjet hans finn ein alminnelege arbeidsfolk som nokre fiskarar frå Tiberias, men Jesus er heller ikkje redd for tollarar, horer eller andre heilt på utsida av samfunnet. For ikkje å snakka om ureine! Nytestamentet er truleg hovudgrunnen til at dei fleste har høyrt om sjukdomen spedalskheit. Jesu tilhøve til spedalske er bortimot motsett av rabbinsk jødedom.

Jesus forsvarer ikkje synd, men han seier at han er sendt for å frelsa syndarar. Han representerer ei heilt anna slag makt enn den jødiske autonomien. Og rørsla blir så sterk at farisearane og saddusearane blir pressa til å finna saman mot ein felles fiende. Nytestamentet er full av små historiar om korleis dei etablerte maktene freistar setja han fast. Kvar gong smett han ut av fella – og gjer forarginga større. ”Gje keisaren det som keisarens er, og Gud det som Guds er”. Han har eit svar på alle utfordringar, uansett kor umoglege dei verkar. Dei kjem til og med trekkande med ei kvinne dei hadde gripe i ekteskapsbrot, ei utilgjeveleg synd som skal straffast med steining etter den heilage lova. Jesus veit det like god som dei som utfordrar han – og her må han jo kunna setjast fast for gudsfornekting! Men nei. Han bed den som er syndfri mellom dei om å kasta den første steinen. Og ein etter ein byrjar dei tusla bort. Når kvinna er åleine att, bed han henne: ”Gå bort og synda ikkje meir”.

Plutseleg er alle ”am Haaretz” i Gallilea sett på like fot med det religiøse aristokratiet i Jerusalem, og teokratiets religiøse autoritet utfordra av ein religionslærar som er utanfor deira hierarki og kontroll, ein som brukar profetskriftene mot dei og som ope trassar den religiøse lova utan å gå langt nok til at han utan vidare kan gripast og avrettast som religionsfornektar.Kor lenge denne situasjonen utviklar seg veit vi ikkje – truleg har Johannes rett i at dette utviklar seg over tre år. Det tredje året blir så spenningane, hatet og sinnet utløyst i den mest minneverdige påskefeiringa i Jerusalems historie.

Vi veit jo sjølvsagt ikkje kva han tenkte. Men sjølv trur eg han visste akkurat kva han gjorde. Dette var ikkje noko konflikt han kunne avgjera på heimebane mellom åsane i Gallilea. Tida arbeidde ikkje for han – det var eit seigt og uthaldande maktapparat som stod mot han. Eg trur heller ikkje domen og avrettinga kom som noko overrasking. Men om dei hadde makt til å døma og avretta han, hadde han likevel bestemt tida og staden: Tida var i påsken, staden var Jerusalem. For dei som kjenner skriftene, og som kjenner løyndomen han innvigde disiplane sine i, var det eit tidspunkt metta med meining. Før han vart avretta hadde han offentleg anklaga dei for å gjera tempelet om til ei røvarhole, og han hadde budd disiplane sine på det som skulle koma. Jesus kjente skriftene, han kjente farisearane og saddusearane og han visste truleg kva han hadde i vente frå rådet. Men samstundes hadde han sett kva som var deira veike punkt. Og han visste han kunne nå deira veike punkt om han berre kunne overvinna den frykten dei omgav seg med. Difor oppsøkte han mørkets hjarte – for det er i mørket lyset vert fødd. Frykta hadde halde dei nede, men Jeshua var ikkje redd. Naturlegvis vart han krossfest. Men det kom jo ikkje som noko overrasking.Og den som ikkje blir overraska av dauden kan til og med trassa han – i alle fall den som til sine eigne kan fortelja at han er Guds eigen son. Det sentrale ritualet i den jødiske påska var å ofra eit lam i den førstefødte sin stad. Slik kjøpte ein seg fri frå den dødsengelen som gjekk over Egypt. Den kristne påska snudde dette på hovudet: Gud ofra sin førstefødte son, for å kjøpa fri menneska.

Medan det først såg ut som han hadde gått rett i fella til dei som sat med makta og som omgav seg av eit system av frykt, synte det seg kort tid etter at det var dei som hadde gått i fella hans.Berre dagar etter den ærelause avrettinga byrja det gå rykte om at han hadde stått opp av grava. Fleire påstod dei hadde møtt han. Gravvaktene måtte mutast til å fortelja at det var disiplane som hadde stole liket. Og kort tid etter måtte dei byrja steina dei som vitna om kjettaren frå Galilea.

Og slik gjekk det til at Jesus fekk to ulike namn på hebraisk. Det eigentlege namnet han er Jeshua, (frelsaren). Det er namnet som fortel om korleis han oppfylte skriftene. Det andre namnet er Jeshu, akronym for ”må namnet hans døy”. Men namnet hans døydde ikkje – det spreidde seg over verda som eit lynblenk. Seg i mellom kunne dei kalla han ”Jeshu” og vona at namnet hans skulle døy. Men uansett kvar dei kom hadde namnet hans – Jeshua, Jesus Krisus – kome i førevegen. Og medan dei påstod at dei var utvalde av Gud, visste dei som hadde høyrt Jesusnamnet at Gud ikkje valde seg ut eit folkeslag som sitt eige – tvert om hadde han sendt disiplane sine ut for å frelsa alle folkeslag.

Gå til innlegget

Ut av jarnburet?

Publisert nesten 7 år siden

Naturlegvis finst det ei mengd gode grunnar til å lesa Asle Tojes «Jernburet». Toje skriv godt, har omfattande kunnskap om dei tinga han skriv om, og han tek opp viktige spørsmål.

Kort sagt: Dette er ei bok som er artig å lesa, og ho kjennest ikkje bortkasta når du legg ho til sides. Toje er flink. Men når eg har sagt so mykje, tek eg meg i å vera litt urettferdig mot Toje – som om han var ein av «de uunngåelig flinke – livets nest beste menn», for å herma Nordahl Grieg. For Toje er meir enn flink – og passar difor ikkje alt for godt inn i den skrivande og snakkande norske eliten. Og «Jernburet» er meir enn ei flink og informativ bok – dette er ei bok på grensa til å vera viktig og vesentleg. Slik sett er dette sjeldan vare i vårt konforme fedreland. Men eg er usikker på om boka er vesentleg – for Toje er ein forsiktig mann. Det bør han noko også halda fram med om han ønskjer å ha til salt på maten. Men difor endar også nokre av bokas mest interessante drøftingar opp i litt halvhjarta «på den eine sida, på den andre sida»-ressonement som korkje verkar oppriktige eller overtydande. Sjølv om Toje ikkje er flink på den måten ein skal vera innanfor ein trong og konform norsk elite, må han lata som om han er det.

 

«Jernburet» er ei svært kløktig «prikk til prikk»-oppgåve av det slaget vi fann i Donald i gamle dagar. Toje reiser rundt i Europa, og teiknar godt observerte, skarpe og informative portrett av stader og personar. Han byrjar dagsaktuelt – i «feil ende» av det Ukraina som har vore sentralt i nyhenda dette året. Ikkje i krigens Donbass, men i det vestlege Galitsia. Her teiknar han eit portrett av eit svært samansett samfunn ei eit av Europas mest konfliktfylte brytingsområde. Galitsia var Habsburgarane sin del av byttet då Polen vart delt på slutten av syttenhundretalet, og i Galitsia vaks det fram eit multikulturelt samfunn under vern av habsburgarane sitt styre – før det heile gjekk under i ein orgie av gjensidige massakrar under førre hundreårs store krig. Med det historiske Galitsia som bakteppe drøftar Toje multikulturalismens vekst og fall i europeisk politikk. Dette er god samtidskommentar – av det slaget ein frys på ryggen av.

 

Så reiser Toje vidare – til «ikkje-landet» Transnistria, og til Königsberg, orsak Kaliningrad. Til ein del av Russland som ligg som eit meiningslaust brotstykke mellom Polen og Litauen. Med Kaliningrad som bakteppe drøftar han kommunismens fall – og Putins nyfødde stormaktspolitikk.

 

Slik held reisa fram: Til herregardar som står til nedfalls i Polen. Til eit kriseråka Bulgaria som fungerer som gråsone i den europeiske asylpolitikken: Innanfor EU, utanfor Schengen er det Bulgaria som har som oppgåve å halda straumen av asylsøkjarar ute.

 

Dei asylsøkjarane som Bulgaria skal halda ute er ein sentral del av det politiske dramaet som blir sett i scene i eit kriseråka Frankrike, der Toje teiknar eit portrett av dei radikale konservative i «Identitetsgenerasjonen», innvandringskritiske og medievenlege aktivistar som på ymse vis demonstrerer mot det multikulturelle samfunnet som dei europeiske elitane har skapt.

 

Dette kritiske prosjektet blir underbygt frå ein heilt annan vinkel – i ein lengre samtale med den tyske sosialdemokraten Thilo Sarrazin som har vorte svært populær – og difor svært upopulær i den tyske, politiske eliten. Dette har han vorte ved å kritisera to heilage kyr i den integrasjonseuropeiske fjøsen: Innvandringspolitikken, og Euroen. Toje gjev ei god innføring i korleis fundamentet til euroen var veikt i opphavet – og korleis krisehandteringa etter finanskrisa har gjort Tyskland til «Europas leiande stat» på ein måte mange er ukomfortable med. Tarrazin meiner ein ikkje lenger står på trygg grunn når tyske nyhendeopplesarar kan melda at «i dag vil Forbundsdagen avgjera Helles’ skjebne». At sjølvstendige statar i lengda vil finna seg i å bli styrt frå Tyskland er ikkje noko varig ordning.

 

Frå dårleg funderte eurodraumar går reisa til det austeuropeiske rustbeltet. «Europas Detroit» - ungarske Miskolc som vart bygt som sentrum for tungindustri. Det nye regimet har først og fremst gjeve store mengder folk høve til å bli si eiga ulukkes smed. Her teiknar Toje bilete av ein skarpt klassedelt by i det postsosialistiske Europa. Og han skildrar korleis nye politiske og økonomiske paradoks – og etniske konfliktar – teiknar seg i denne delen av Europa som ingen lenger har bruk for. Eit godt tenkt kontrapunkt til den tidlegare skildringa av herregardsruinar i Polen.

 

Boka endar – ikkje heilt vellukka – opp i eit portrett av fransk kulturpessimisme, bygt kring ein samtale med Michel Houllebecq. Her får du so mykje fransk kulturelite og depressivt klarsyn som du kan ønskja deg – og for min del er dette ting eg vanlegvis nyt i svært små dosar. Men turen tilbake til Frankrike, og til dei depressive framtidsvonene til franske elitar er relevant, og forsvarar plassen sin i boka under tvil. Om lag slik Johannes Openberring gjer det i nytestamentet. Ein stad skal jo ei slik reise slutta.

 

Om ein so legg boka til Toje til sides og ser det heile i perspektiv, kan ein løysa den «prikk-til-prikk»-oppgåva han inviterer til. Det ein ser om ein teiknar strekane mellom prikkane som er Tojes bidrag, er eit rimeleg stort og dekkande portrett av krisa i det liberale EU-prosjektet. Alle vesentlege delar av krisa er på plass, og brotsonene er tilstrekkeleg tydelege til at dei ikkje let seg løyna bak nokre utvendige lag med påsmurt eurosvada. Det liberale EU-prosjektet er eit sams prosjekt mellom dei europeiske elitane, og langt på veg immunt mot politisk påverknad frå folk som ikkje har noko med saka å gjera – anten det er unge franskmenn som er misnøgde med det faktisk eksisterande multikulturelle samfunnet, eller grekarar som får betala kostnadene med eit mislukka økonomisk eksperiment (etter først å ha hausta fordelane). Spørsmålet er: Vil denne evna til å heva seg over politikken gjeva det liberale EU-prosjektet eit langt liv?

 

I den «liberalismen krise» som Toje teiknar eit portrett av heng mange ting saman – også på eit djupare plan. Toje fortel om korleis «identitetsgenerasjonen» serverer alkohol og svinekjøt på de Gaulles fødselsdag på torg der islamistar tidlegare flytta fredagsbøna ut i det offentlege rommet. Men krisa i Frankrike har fleire slike interessante symbol. I fjor vinter måtte franske styresmakter innføra førehandssensur av komikaren Dieudonne sine framsyningar – og eg såg sjølv på opptak frå utanfor franske rettssalar der muslimsk ungdom frå forstandene ropte «Liberte la expression» mot unge, jødiske aktivistar som ropa «Israel chai». Dei jødiske aktivistane sitt forsøk på å samla seg kring den israelske nasjonalsongen drukna i muslimane sin unisone «Marseillas». I dette djupt splitta landet vann Marine le Pen i vår valet til Europaparlamentet – og i haust har den same le Pen vore ein av dei skarpaste kritikarane av sanksjonspolitikken mot Russland, som med kanselleringa av Mistral-skipa trugar med å bli svært kostbar for det som er att av fransk industri. Toje skildrar svært oversiktleg paradoksa i det mest korrupte EU-landet – Bulgaria, eit fattig land som må ta mange av byrdene med ein asylpolitikk som ikkje fungerer. Bulgaria måtte først riva ned grensemurane landet hadde med seg frå tida som austblokkland, før dei same grensemurane måtte byggjast opp igjen som yttergrense for asyltrafikken inn i EU. I haust har det same kriseråka Bulgaria fått øydelagt framtidsplanane knytt til rolla som transittland for gass frå Russland. Det er det kriseråka sør i EU som må betala mest for konflikten med Russland, og dette vil berre bli forsterka om amerikansk agrobusiness for alvor kjem i gang med å produsera for EU-marknaden i Ukraina. Kort sagt: Toje er forsiktig i fargebruken der det truleg kunne vore sin plass med meir grelle fargar. I vaskesetelen og elles blir det brukt relevante omgrep som «politisk kruttønne», men teksten kuttar jamt over ikkje heilt inn til beinet i dei ulike krisane som no møtest i ei stor systemkrise.

 

Her ligg også den viktigaste veikskapen til boka løynt: Det finst ein svært viktig spelar her som ikkje blir omtalt, men som ein faktisk må drøfta om ein skal gje eit dekkande bilete av den europeiske krisa. For den raske – og fårlege – eskaleringa av krisa andsynes Russland handlar også om amerikansk politikk og amerikanske vegval. Og dei europeiske elitane er lojale mot meir enn seg sjølve. Som Robert Kagan så overtydande skriv i «On Paradise and Power» er politisk makt og vilje i den vestlege verda noko du først og fremst finn i USA.

 

Her ligg også mine reservasjonar når det gjeld spørmålet om dette er ei vesentleg bok. Boka er svært interessant, og dekkjer mange av dei viktigaste spørsmåla på det politiske europakartet. Men på nokre felt er ho i overkant snill og forsonande, og boka er ikkje tydeleg nok når det gjeld åtvaringar mot leik med open eld i nærleiken av politiske kruttønner. Og av og til er Toje litt lettvint, som når han samanliknar ein «slem», autoritær nasjonalisme av Putins type med ein «snill» nasjonalisme av det slaget vi har i Noreg. Det er å samanlikna to svært ulike storleikar. For ein liten nasjon av Noregs type vil nøytralitet faktisk vera mogleg, sjølv om nøytralitetspolitikk også kan havarera, slik det gjorde for 75 år sidan. Russland må alltid vera budd på å sloss, og på å kunna vinna ein større krig. Eit veikt Russland er ein invitasjon til åtak. Det gjev litt ulike utgangspunkt for nasjonal sjølvforståing – heilt uavhengig av kva ein meiner om Vladimir Putin.

 

Elles kunne forlaget godt spandert på ein ekstra runde med korrektur; innhaldsoversikter med titlar som «Dern siste kongen av Polen» og setningar som umotivert gjentek seg som ekko i teksten er dårleg handverk som forfattaren ikkje skal lastast for.

 

Alt i alt er likevel min konklusjon at dette, trass i desse veikskapane, er haustens bok om samtidspolitikk i ein norsk bokhaust som elles har sterke titlar om eldre norsk historie. Toje er levande engasjert i dei spørsmåla som faktisk er viktige for tida, og har evne til å skriva om desse på ein engasjerande og kunnskapsrik måte. Slik sett bidreg han til å kløyva ein idéturr norsk konsensus. Toje karakteriserer seg som som ein «tørrlagt liberalist», og er tydeleg på veg i retning av ei eller anna form for konservatisme. Ei konservativ høgreside har lenge stått på mi liste over ting vi ikkje har, men kunne hatt god bruk for. Men boka bør absolutt lesast av folk på den tradisjonelle venstresida i Noreg. For nett som høgresida vil ha godt av å kløyvast mellom liberale og konservative, vil venstresida ha godt av ei kløyving mellom liberale på eine sida, radikale populistar, ureformerte marxistar m.m. på hi. Då kunne vi fått eit politisk ordskifte som dreidde seg om realitietane i dei samfunnsendringane som no skjer. Der er vi ikkje enno – men Toje si bok er eit skritt i riktig retning.

 

Atle Toje: Jernburet. Liberalismens krise.

 

Dreyers forlag, 2014. 288 sider m. register.

Gå til innlegget

Børge Brende: Skjer av!

Publisert nesten 7 år siden

Det går nedover med gamle Noreg. I 1814 mista vi Danmark, i 1905 mista vi Sverige, og no risikerer vi å mista det vesle vi har igjen av innverknad i Ungarn og Ukraina….

 Kva interesser er det regjeringa vår følgjer opp når ho freistar finansiera opposisjon mot Orbans regjering i Ungarn, og kuppregjeringa i Ukraina? Det er ikkje små pengar dette er snakk om – med 300 millionar til Ukraina er Noreg ein av dei store bidragsytarane til det nye regimet i Kiev. § 97a i straffelova gjer det ulovleg for nordmenn å ta imot støtte til politisk arbeid frå framande makter. Det er ein viktig paragraf, som tek sikte på å verja det norske demokratiet. Likevel protesterer Noreg når andre land, som Ungarn, på same vis freistar halda tilsyn med utanlandsk finansiering av politisk verksemd.

For tida fell Statoil-aksjen som ein stein, saman med oljeprisen. Oljeprisen globalt ligg no så lågt at dei fleste nye prosjekt i norsk oljenæring er ulønsame. Dette er ein direkte verknad av den NATO-politikken som Noreg har stått samla bak – frå SV til FrP. Årsaka til låg oljepris er at dei USA-lojale halshoggarane i Saudi-Arabia no dumpar olje på verdsmarknaden for å halda prisen låg. Målet med den låge oljeprisen er å straffa Russland. Den sanksjonspolitikken som NATO til no har ført mot Russland har vore mislukka. Russland har møtt dei vestlege sanksjonane med motsanksjonar, og den viktigaste følgja av sanksjonspolitikken har vore at landbruksvarer frå Sør-Amerika har erstatta landbruksvarer frå EU. Den økonomiske krisa i dei sørlege EU-landa er forsterka.

Vedtaket om å opna for NATO-medlemsskap for Ukraina og Georgia i 2008 har til no ført til to krigar. Då Georgia gjekk til åtak på russiske fredsbevarande styrkar med OSSE-mandat 08.08.08 førte ikkje dette til det kuppet som Georgia – og Washington – drøymde om. Tvert imot enda krigen opp med georgisk nederlag, og til at Sakhasvilli sitt regime kollapsa. Vesle Georgia måtte betala ein høg pris for vestleg eventyrpolitikk. Kuppet i Kiev i slutten av februar har så langt ført til tusenvis av daude, og enorm materiell øydeleggjing. Også her er det snakk om eventyrpolitikk – og også her må ukrainarane blø for det som grunnleggjande er feilslått, vestleg eventyrpolitikk.

Norsk politikk bør ta utgangspunkt i Korvalddoktrinen: ”Noreg er eit lite land i verda”. Europa og USA har ikkje lenger felles interesser, og lojaliteten innetter i den vestlege alliansen er lojalitet mot ein politikk som er eit direkte trugsmål mot dei interessene vi har som eit lite land i verda. Noreg bør ha ei truverdig militærmakt andsynes Russland, og forsvara eigne interesser andsynes naboen i aust. Men vi bør bli langt mindre aktive i det spelet som USA for tida regisserer. Vi bør halda oss langt unna kuppregjeringa i Ukraina. Vi bør slutta med å bruka norske pengar i det politiske spelet i Ungarn.

Dei tjue åra sidan oppløysinga av Sovjetunionen er ei historie om illusjonar, forspelte sjansar og medvitslause politikarar. I dag er den nye, kalde krigen ein realitet – og Noreg kan ikkje gjera noko med det.Som under den førre kalde krigen er vi nabo med Russland.Heller ikkje det kan vi gjera noko med. Det einaste vi kan gjera noko med er kva rolle vi ønskjer å spela i konflikten.

Naturlegvis skjønar eg at det kan vera kjekt for norske politikarar å snakka om å ”pressa Russland”. Dei fleste av oss har eit ego som likar å bli kitla. Men kor røynleg er det at Noreg skal ”pressa Russland”? Rett nok greidde vi bomba Libya tilbake til steinalderen, men det bør ikkje gje oss alt for mykje sjølvtillit. Russland er noko heilt anna. Og for tida har vi ikkje råd til å halda i drift det vi har av kostbart utstyr i forsvaret. Ein av dei nyinnkjøpte fregattane våre ligg ubrukt som delebåt. Hæren vår er bygt ned til eit minimum. Rett nok er det norske trygdebudsjettet større enn det russiske forsvarsbudsjettet – men i open strid er eg redd ein norsk trygdemottakar har lite å stilla opp mot ein russisk soldat. At Noreg skal ”pressa Russland” er anten ein illusjon – eller kamikazepolitikk.

Av og til må ein gjera tunge val i politikken. Naturlegvis var det trist å mista Danmark i 1814. Men vi gjorde det beste ut av det – vi skaffa oss ein grunnlov og eit Storting, og etter ein generasjon hadde vi til og med ein stabil valuta. Også tapet av Sverige i 1905 kom vi oss over. Så kva skal vi gjera med innverknaden vår i Ungarn og Ukraina?

Lars Kvalvær hadde stått lenge i skjømminga og greidd opp flokete garn då naboane kom på kaffibesøk. Kjerringa fekk kaffikoppane på bordet, og la ikkje merke til at gubben la bort floken og gjekk bort til krattet på hjørna av uthuset i naudsynt ærend. Difor kauka ho ut av vindauga: ”Det nyttar ikkje å stå å fumla med dei greiene der. Skjer av!”

Og slik er det vel også med floken i Ungarn og Ukraina. Mitt råd til Børge Brende er i alle fall: Ikkje fumla meir med dei greiene der. Skjer av!

Gå til innlegget

Sinne - sterk tenar, fårleg herre

Publisert nesten 7 år siden

Er vi som samfunn i ferd med å laga fårlege tabu kring grunnleggjande menneskelege kjensler?

Jesper Juul har gjeve ut bok om eit svært viktig tema – ”Aggresjon – et nytt og farlig tabu”. Det er ei herleg og sint bok, som bør gje alle oss som arbeider med barn og unge noko å tenkja på. Ho har allereide gjeve stoff til fleire diskusjonar over frukost- og kveldsmatbordet i heimen. Eg erslett ikkje samd med Juul i alt. Sjølv tittelen vel eg å vri på: Eg snakkar heller om sinne enn om aggresjon. Orda er ikkje heilt synonyme – men nettopp difor. For ordet ”aggresjon” er eit lumsk ord, ein utru vegvisar som får deg til å mistolka det du ser, og dine eigne reaksjonar. Å bli sint er noko heilt normalt – ein sunn menneskeleg reaksjon på ein situasjon eit menneske møter. Å ”reagera aggressivt” er kvasimedisinsk språk, der ein allereide byrjar sjukeleggjera det normale. Neste steget, som Juul korrekt påpeiker, er at vi gjer aggresjon – eller sinne – til eit tabu. Når vi gjer det risikerer vi å øydeleggja den grunnleggjande balansen i livet til tusenvis av born.

Ærendet til Juul er forbausande enkelt.Sinte born er sinte på grunn av noko, og sinnet er ein måte å uttrykkja seg på. I relasjonar mellom vaksne og born er det alltid den vaksne som har ansvaret. Det er vi som kan og må forstå kvifor born blir sinte. Men når ting ikkje fungerer er det frykteleg lett for vaksne å dytta ansvaret over på ungen. Ungens sinne blir ikkje møtt med ein tilpassa reaksjon der vaksne freistar hjelpa ungen med å setja ord på kva han vil. I staden sjukeleggjer vi ei kjensle som ergrunnleggjande i personlegdomen, dyttar ungen inn i våre diagnosar og definisjonar, og byggjer ein byråkratisk og kvasifagleg mur som ungen aldri vil greia slå seg ut av, uansett kor sint han blir. Resultatet må jo bli skadde menneske – og desse skadde menneska slepp vi så ut i samfunnet utan at dei nokon gong har greidd å bli herre over eige sinne. Boka til Juul er full av døme og situasjonar som bør få det til å gå kaldt ned over ryggen på alle oss som arbeider i bransjen.

Eg har snart arbeidd i tjue år som lærar, på ulike skular og i ulike situasjonar. Er det ein ting eg meiner burde kome inn på pensum i utdanninga som ikkje var spesielt vektlagt då eg tok eittårig ped.sem, så er det sinnemeistring. Det er svært viktig å vita korleis du lærer særleg gutar å meistra sinnet sitt. Og dette er korkje skuleverk eller moderne foreldre spesielt reflekterte kring eller dyktige til å løysa.

For min eigen del er dette eit tema der eg har freista utvikla eigen profesjonell praksis ut frå røynsler i barndom og oppvekst. Eg har slåss ein god del i oppveksten, eg har vore svært sint, og eg har gjortting i sinne som eg slett ikkje burde gjort. Så har eg hatt tilstrekkeleg flaks til at eg aldri har gjort noko som har gått verkeleg gale. Men på slutten av barneskulen innsåg eg at eg måtte få sopass kontroll over sinnet at eg ikkje gjorde ting som ikkje lot seg gjera om. Etter den tid har eg jo hatt høglyttekranglar og samanstøytar, men aldri meir den same opplevinga av raudt raseri som gjorde at ein kunne gjera kva som helst.

Desse opplevingane har naturlegvis vore gull verdt som lærar. Eg har aldri hatt problem med å identifisera meg med sinte gutar. Den som har slåss i annakvart friminutt i skulegården på Gruben Barneskole blir heller aldri redd for å sleppa sinte gutar innpå seg. Så eg har byrja der: Dette er gutar som er til å forstå seg på – og dei klarar korkje å skremma meg eller få meg til å gje opp. Ut frå dette utgangspunktet har eg så prøva og feila – og etterkvart har resultata kome. Ein av mine stoltaste stunder som lærar kom etter at eg hadde hatt ei lita gruppe i matematikk i avgangsåret. Denne gruppa hadde bytta lærarar fleire gong i året, og rekna med at eg ikkje kom til å bli særleg lenge. Dei hadde ikkje med seg bøker og penal, og det var ikkje alle som var viljuge til å møta opp til første time. Naturlegvis vart det ein del kjensleliv dei første to månadene. Men då hadde vi fått hogd ut ein slags arbeidsavtale, og resten av året brukte vi på matematikk. Dei hadde naturlegvis gått glipp av svært mykje, men det var gløgge gutar, og eg trur eg var ein slags tannlækjar: Eg fekk tetta dei verste hola.

Våren etter var det skuleavslutning med festkledde foreldre, og kommunen spanderte raude roser på alle elevane. Etterpå stod vi utanfor og ønskte god sommar. Til slutt kom ein av gutane frå gruppa bort til meg, gav meg ei rose og sa: ”Denne fortener du som heldt ut med oss eit heilt år”. Slike augneblink tenkjer ein naturlegvis tilbake på i tunge stunder.

Juul oppsummerer faglege røynsler med personleg utvikling, psykoterapi og liknande med tre prinsipp: Ingen kan få ein annan til å utvikla seg. Ingen kan utvikla seg utan først å akseptera seg sjølve slik dei er akkurat no. For å lukkast må det vera eit solid tilhøve mellom hjelpar/vegleiar og den som treng hjelp og vegleiing.

Så slår Juul fast: ”I forhold til barn og unge velger lærerstanden hardnakket å overse disse prinsippene, selv om deres nåværende resultater er elendige, og alltid har vært det.”

Eg er redd Juul alt for ofte har rett i dette.

I tillegg til ein god grunngjeven kritikk av lærarstanden er Juul si bok eit oppkome av refleksjon rundt konflikt, sinne og tilhøve mellom born, andre born og vaksne. Den er full av gode råd til foreldre. Som

td.: ”Når skal eg som forelder gripa inn i konflikt mellom søsken”. Svaret er sjølvsagt: ”Så sjeldan som råd”. På motspørsmålet ”men kva gjer eg om eg ikkje orkar alt bråket” svarar Juul: ”Gå deg ein tur, eller send ungane ut.” ”Men kva skal eg gjera om den minste blør når han kjem inn att?”. Juuls råd er like avvegd som det er klokt: Då treng minstemann ein god klem og eit plaster.

Juul er familieterapaut og psykolog, ikkje pedagog. Det gjev han ei solid plattform å kritisera oss lærarar, og systema vi byggjer. Eg er svært samdt med Juul i hovudærendet, samstundes som læraren i meg protesterer når det gjeld sidespor og detaljar. Vi treng ein større diskusjon –både i lærarstanden og i samfunnet elles – når det gjeld sinne, aggresjon og vald. Det tabuet som finst i dag er fårleg, og fører til at vi utviklar ueigna metodar for å møta små, fortvilte og sinte menneske. Utgangspunktet for ein slik diskusjon må sjølvsagt vera at sinne er ein normal og sunn reaksjon. Det er ingenting som er ”harry” med sinte menneske, og dei kulturelle mekanismanesom utdefinerer dei sinte er ofte døme på usakleg og slu mobbing.

Men sinne dreier seg også om meistring. Medan sinnet kan vera ein sterk tenar, er sinnet ein fårleg herre om du sjølv ikkje meistrar det. Er du ikkje din eigen herre i møte med eige sinne er dette ei oppskrift på nederlag – og på krenkjing av andre. Det er vi som arbeider med born og unge som skal læra ungane å bli herre over eige sinne. Den oppgåva løyser vi ikkje med medisinering, men ved å gje dei det som aggresjonen er eit rop etter: Eit medmenneske. Av og til eit handfast medmenneske som stoppar knyttneven, og eit medmenneske som ikkje er redd for å bli sint sjølv.

Det finst eit eldre ord for sinne som gjev ei viktig innsikt: Harnisk. Sinnet er ei rustning, og denne rustninga kan gje oss krefter til å slå oss gjennom hindringar i fårlege situasjonar. Hadde ikkje sinnet vore til nytte ville ikkje evolusjonen ha gjeve oss sinne. Men bak rustninga finst det alltid eit redd og sårbart menneske, som er svært lett å audmykja og skada for vaksne som kjenner alle sosiale koder og alle krokar i språket. Sinte born treng vaksne som ikkje blir redd for rustninga, og som har tid og tolmod til å gje omsorg for mennesket bak rustninga. Ein vaksen som tek ansvar. Eit medmenneske som gjer at han eller ho ikkje blir åleine og fortapt i sinnet sitt. For sjølv om ansvarsgrupper kan vera vel og bra, blir ansvaret for eit sint og sårbart barn aldri eit gruppearbeid. Difor bør folk som har med born å gjera lesa:

Jesper Juul: Aggresjon! Et nytt og farlig tabu.

Pedagogisk Forum 2014 168 s. medlitteraturliste.

 

Gå til innlegget

Desillusjonering - ei undervurdert kjensle

Publisert nesten 7 år siden

Mange har framleis tru på ei "stor sak" i Palestina/Israel. Men kanskje er det mykje meir framtid i den grå desillusjoneringa?

 

 

Med ein ordførar som oppfører seg som om han var ordførar for vest-Jerusalem og militærguvernør i resten av byen er Jerusalem i ferd med å bli eit nytt Belfast eller eit nytt Beirut. Gjennom glimrande PR greidde Teddy Kollek i si tid å gje inntrykk av at Jerusalem etter den israelske erobringa var ein samla by. I røynda gjorde ein alt som trongst for å dela byen – og Israel haustar no fruktene av ein langsiktig politikk. ”Yerushalaim shel zahav” – det gylne Jerusalem – er i ferd med å bli ”Yerushalaim shel chamas” – det valdelege Jerusalem.Dei sekulære flyttar frå byen, som meir og meir blir hovudstaden for jødisk fundamentalisme.

Mange freistar i denne situasjonen entusiastisk å forsvara ein av ”partane” i konflikten. Det trur eg er eit blindspor. Eg trur det kan koma meir ut av fornuftig desillusjonering enn av entusiasme for ei ”stor sak”. For eit par år sidan gav Meron Benvenisti, varaordførar i Jerusalem under Teddy Kollek, ut ei bok med undertittelen ”ein sjølvbiografi om desillusjonering”.Til Haaretz sa han:

”Eg gjekk gjennom ein interessant prosess.Far min ønskte at eg skulle vera ein av hjørnesteinane til dette landet. Han ønskte at dei små fotsålene til sonen hans skulle røra ved denne jorda, og inkje anna. Han freista å skapa i meg – og i tusenvis av andre som han underviste – ei kjensla av å totalt tilhøyra landet Israel . Han lukkast. Difor dro eg på femtitalet til kibbutz Rosh Hanikra og opplevde den løfta kjensla av å arbeida i bananplantasjane – utan å oppdaga at for å planta banantrea måtte eg først rykka opp dei tusenårgamle oliventrea til ein palestinsk landsby.

Difor muta eg arabarar på sekstitalet for å få fjerna hundrevis av graver frå den muslimske gravlunden på stranda til Tel Aviv for å rydja plass for det som i dag er Hilton-hotellet. Etter seksdagarskrigen var eg saman med Teddy Kollek og general Shlomo Lahat, seinare ordførar i Tel Aviv, då vi fann ut at vi skulle fjerna dei 106 familiane som budde i Mughrabi-nabolaget for å skapa eit stort torg framfor Vestmuren. Til denne dag minnest eg bulldozarane og dei store skyane av støv som reiste seg mot himmelen, og den gamle kvinna som vart nedgravd under eitt av husa.

I alle desse sakene, og i heile denne perioden var eg ein målretta mann. Eg forstod ikkje meininga med det eg gjorde. Men då eg fekk ansvar for å ha med arabarane i Aust-Jerusalem å gjera, byrja eg forstå. Eg såg at problemet ikkje berre er individuelle rettar for palestinarane, men også deira kollektive rettar. Og så såg eg kva Arik Sharon gjorde då han etablerte 120 busetjingar på Vestbreidda, og skjøna plutseleg at dette ikkje var mogleg å reversera. Det var låst. Den grøne lina er borte, og vona om ein jødisk stat her er borte. Trass alt er sjølve ideen om ein ”jødisk og demokratisk stat” ei sjølvmotseiing, og ”tostatsløysinga” er ikkje noko løysing. Og dei orda venstresida nyttar – ”fred”, ”okkupasjon”, ”den grøne lina” – er standardisert løgn. Det einaste føremålet med desse orda er å gje israelske liberale ei god kjensle av at dei ikkje er ansvarlege for uretten og eigedomstjuveria og dei grusomme handlingane som landet deira utfører. Eg fann ut at eg ikkje lenger ønskte å vera ein del av denne svindelen. Eg ville ikkje vera ein del av venstresidas førestilte folkeforflytning. Eg er ikkje som David Grossmann i ”Den gule vinden”, som dro for å

 

 

 

Skildra okkupasjonen på Vestbreidda like ein kaptein Cook som reiste for å skildra livet til dei innfødde i eit framand land. Eg er ikkje Zeev Sternhell, som heile tida ventar på ein ”deux ex machina” med namnet Barack Obama som skal tvinga på Israel ein fredsavtale som aldri vil koma.

Sidan far min så sterkt ønskte at eg skulle vera innfødd i dette landet, har eg faktisk til slutt vorte ein ekte innfødd. Og som ein innfødd ser eg alle dei innfødde som bur her – både dei israelske innfødde, og dei palestinske innfødde. Eg er ikkje redde for dei, eg ryggjer ikkje for dei og eg patroniserer dei ikkje heller. Eg trur det finst ein uperfekt mate å leva saman i eit sams heimland.”

Eg har langt større tru på desillusjonerte som Benvenisti, en på dei som framleis går rundt og trur på gamle, men havarerte draumar i denne menneskeskapte dystopien.

http://zope.gush-shalom.org/home/en/channels/avnery/1416602494/

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere