Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Debatten må halda fram

Publisert nesten 7 år siden

Berre for å ha det sagt: Eg synest kommunikasjonen inne på VD dei siste dagane syner korleis dette forumet fungerer eksemplarisk som debattforum: Skarpt, sakleg og argumenterande. Ikkje politisk korrekt. Men ansvarleg: I staden for å feia ting under teppet blir dei teke opp på ein seriøs måte, og når nokon kjem nær grøfta blir dei motsagt. Dette er ikkje eit ekkokammer for å få stadfesta eigne fordomar. Eg synest debattantar som Arne D. Danielsen, Søren Ferling, Bjørn David Brattlie, Kersti Zweidorff og mange andre syner den viljen og kunnskapen som skal til for å koma seg vidare. Eg er ikkje samd med alt og alle, men eg les med stor interesse. Eg hellar vel til at Ferling har rett i at samfunnet vårt må finna tilbake til sanninga og Kristus om vi skal finna ein veg ut av dette. Men eg måtte ha skrive ei tjukk bok for å forklara kva eg meinte med det – for eg er slett ikkje sikker på at organisert religion sit med svaret på samfunnsutfordringane. For organisert religion som er noko anna enn samfunnet og står i motsetnad til det er på ein måte også eit symptom på problemet.

 

Er retten til å kunna krenka viktig? Naturlegvis er han det. For ei tid sidan la eg ut eit innlegg det eg argumenterte for at jødeparagrafen i grunnlova var eit fornuftig stykke realpolitikk, men at han også var utdatert då han vart fjerna ein generasjon etterpå. Artikkelen var ikkje skrive for å krenka nokon – men eg tok heller ingen omsyn for å unngå å krenka folk som er usamde med meg. Eg skreiv det eg meiner er sant – korkje meir eller mindre. I ein av kommentarane vart det slått fast at kommentatoren ikkje hadde klart å lesa heile stykket, og at han vart kvalm av det.

 

Då har eg naturlegvis krenka han, og hans overtydingar. Er det lov? Ja, det er lov. Eg kjem til å halda fram med å skriva det eg trur er sant, uansett om folk blir krenka. Om nokon påviser feil, eller er sakleg usamde, så les eg med interesse. Og om eg då oppdagar at det eg har trudd ikkje er riktig, rettar eg opp.

 

Dette er ein heilt grunnleggjande samfunnsinteresse. For dette er den einaste måten vi har for å skilja sanning frå usanning. Slik har det vore sidan opplysningstida. Alt vi kallar «vitskap» byggjer på prinsippet om at sanning blir avgjort av det beste argumentet i det som i prinsippet er opne rom. Uansett kor smalt eit vitskapleg tidsskrift er, inngår det i eit offentleg rom der det finst eit krav om argumentasjon – og om at det beste argumentet avgjer.

 

Dreier så det som skjer i Frankrike seg om ytringsfridom og retten til å krenka? Ja og nei. Først og fremst dreier det seg om ein viktigare rett, som er enno meir umisteleg enn retten til frie ytringar: Retten til liv. Dei som vart skotne i Charlie Hebdo mista ikkje ytringsfridomen. Dei mista alt. Dei kan ikkje argumentera lenger, kan ikkje feira bursdagen til borna sine, kan ikkje sitja ein sein sommarkveld og tenkja på livet og kjærleiken.

 

Dei tilhøyrer altså ei anna verd. Dei har vorte martyrar. Og som martyrar flest står dei blodige og ser på oss, utan å seia eit ord. Medan vi kjenner på avmakta.

 

Historisk dreier ytringsfridomen seg om retten til å trykka ting utan sensur. Og særleg har organisert religion vore ein viktig motstandar mot denne retten. Då Strindberg måtte reisa heim til Sverige for å forsvara det han skreiv om nattverden i «Giftas», vart han tvunge heim av ei lov som gjorde at hans jødiske forleggjar – Bonnier – ville bli hengt i hans stad om han ikkje kom heim. Strindberg slapp straff, men måtte driva ein del verbal akrobatikk for å kamuflera det som låg opp i dagen – at han hadde brote svensk lov, som gav straff for blasfemi.

Dette er ikkje berre gamal historie. Eg hugsar framleis då «Life of Brian» kom. Det vart ein svær krangel der bedehusland i første omgang greidde å få filmen forbode, slik at han i Sverige kunne marknadsførast som «filmen som var så morosam at han vart forbode i Noreg». I neste omgang vart det lov å visa filmen – med 18 års aldersgrense og pålagt informasjon om at filmen ikkje handla om Jesus.

 

Kampen om «Life of Brian» handla om ytringsfridom. Men Charlie Hebdo handlar ikkje om ytringsfridom. For bedehusfolket sende ikkje nokon drapskommando til Storbritannia for å ta livet av John Clees&Co. Charlie Hebdo handlar om meir – og mindre – enn ytringsfridom.

 

Korleis står det til med ytringsfridomen i Frankrike? For eitt år sidan sa den franske regjeringa at dei ville bruka alle middel til å stogga komikaren Dieudonne. Prefektar la ned forbod mot framsyningane hans med påskot i å verja offentleg orden. Det var eit påskot – det einaste som skjedde på framsyningane til Dieudonne var at folk sat og lo. OK: Nokre lo ikkje. Nokre syntest humoren var smaklaus. Men det var ingen oppmodingar til vald og uorden. Det einaste eg har sett av vald i samband med Dieudonne er åtak på han, ikkje åtak frå tilhengarane hans.

 

Kort sagt: Det er ein lett synleg dobbeltmoral når det gjeld ytringsfridom i Frankrike – mellom dei som kan krenkast, og dei som regjeringa verja mot krenkingar. Det er sjølvsagt ukorrekt å seia dette – men det er sant.

 

Dieudonne sin ytringfridom er såleis utan tvil krenka – ikkje av islamistar, men av dei som skal verja dei franske tradisjonane for ytringfridom. Det er alvorleg. Men det er verre enn som so: Riddarane av den heilage ytringfridomen var musestille då dette skjedde. Charlie Hebdo sine krenkingar av islam var i alle fall like ille som Dieudonne sine krenkingar av jødar. Men medan Hebdo fekk trykka fritt, vart Dieudonne underlagt sensur. Lova var ikkje lik for Salomo og Jørgen Hattemakar.

 

I neste omgang møtte Charlie Hebdo noko som er verre enn krenking: Mord. Sjølvtekt. Det lovlause samfunn, representert ved nokre utvalde som meinte at dei sjølve var lova. Den dagen vi sjølv er lova, er samfunnet lovlaust.

 

Vi snakkar altså ikkje om ein rasjonell, politisk kamp om ytringsfridom, som når det galdt Life of Brian. Vi snakkar om frykt, om mafiøse strukturar. Om det som i Italia blir kalla «omerta» - togn – som gjer at alle veit, men ingen seier noko. Om ein stor, mørk og anonym bøyg som heng over oss når vi brukar dei rettane som grunnlova gjev oss. Og ja: Det handlar sjølvsagt om islam.

 

Er viljen til å gå berserk med automatvåpen og drepa uskuldige noko som er typisk for muslimar? Sjølvsagt ikkje. Ein treng ikkje følgja spesielt med i amerikanske nyhende for å vita at det finst mange slike «over there». Men desse hemnens apostlar av amerikansk type er ute etter å ta «samfunnet». Dei oppsøkjer gjerne sin gamle skule eller liknande for å få kommunisert bodskapen om hemn. Det er motbydeleg og tragisk. Dei daude er like daude etter slike massakrar som dei i Paris. Men vi har lettare for å forsona oss med desse blinde hemnarane. Men når den blinde hemnaren er muslim ser vi eit anna mønster. Den blinde hemnaren er ikkje like blind. Flasketuten peikar på ---- dei som krenkjer Profeten. Og den avmakta vi kjenner andsynes dette bør vi vera ærlege om. For den innskrenkar våre fridomar så lenge styresmaktene ikkje greier å forsvara oss. Og styresmaktene i Frankrike greidde ikkje forsvara redaksjonen i Charlie Hebdo. Tryggjingstiltaka var ikkje sterkare enn at hemnarane lett kom forbi.

 

Det blir skrive mykje her på VD. Islam som totalitær ideologi. Det multikulturelle samfunnet som byrjinga på politistaten. Mykje av dette er sant. Fo islam er ein totalitær ideologi. Alle religionar som ikkje er temt, er totalitære ideologiar. So vidt eg veit er drusarane sine heilage bøker framleis hemmelege. Den som freistar gje desse bøkene til nokon som ikkje skal lesa dei, risikerer dauden. Den kristendomen vi hadde i Noreg på slutten av dansketida var ein totalitær ideologi. Det var Hans Nielsen Hauge som braut den totalitære makta. Naturlegvis er islam ein totalitær ideologi. Det tyder ikkje at muslimar er medskuldige i drapa i Paris, berre at dei mest lettbeinte og politisk korrekte bortforklaringane ikkje held.

 

Ferling meiner det fleirkulturelle samfunnet er ein kongeveg til ufridom, kanskje fascisme. Naturlegvis har han viktige poeng. Når det limet som bind saman borgarane i eit samfunn forsvinn, blir det erstatta av kontroll frå toppen. Slik var også fascismen. Først krenkinga – riksdagsbrann og liknande. Deretter politistat. Slik har det også vore under «krigen mot terror». Vi har teke i bruk heile reportoaret: Forsvinningar, avrettingar utan lov og dom, tortur og liknande. Alt det som rettsstaten skulle erstatta. Har vi vorte tryggare etter Guantanamo?

 

Ytringsfridom dreier seg også om å seia frå når styresmaktene bryt lova. Assange sit framleis i ein ambassade i London. Styresmaktene påstår at dei har brukt 70 millionar pund på grunn av eit manglande kondom. Trur vi på dei? Snowden er i Moskva, etter å ha avslørt massive lovbrot frå amerikanske styresmakter. Om eg hadde teke ein tur oppetter Karl Johan saman med Snowden – kor lang tid ville gått før han vart arrestert og utlevert til USA?

 

Innvandring frå muslimske land er ei av årsakene til kløyvde samfunn. Ein kan vera for slik innvandring, eller ein kan vera mot ho. Men det er vi som borgarar som skal avgjera slikt gjennom val. I Sverige har dei no laga ein storkoallisjon for å hindra at borgarane diskuterer og avgjer slike spørsmål. Treng vi slike storkoallisjonar – organisert av eliten?

 

Vi lever i solnedgangstider, og små menn kastar lange skuggar. Drapsmennene i Paris var små menn. Men dei fleste av oss kjenner på trugsmålet mot grunnleggjande fridomar. Og dette gjeld oss alle – norske muslimar har hatt like tunge dagar som oss andre. Vi sit med mange av brikkane til å leggja det puslespelet som må til for å sjå det større biletet. Men vi har berre brikkane – ikkje heile biletet. Og vi bør ikkje overlata til elitane våre å leggja puslespel – då går vi i same felle som dei som umedvite segla inn i fascismen i mellomkrigstida. Vi er borgarar av eit fritt land. Denne diskusjonen er vår rett, og vi kjem til å halda fram å diskutera. Også når tema er krevjande eller ukorrekt.

Gå til innlegget

Pogromar og folkevandring

Publisert nesten 7 år siden

Nokre historiske emne blir vanlegvis drøfta totalt einsidig - utanfor kontekst.

Gjentek du ei halvsanning ofte nok, trur folk til slutt at ho er sann. Og når ei halvsanning først er etablert som ”sanning” blir ho gjerne brukt i utstilliingsvindauga til politiske rørsler som treng myten til å legitimera seg sjølve.

Eg tenkte først eg skulle kommentera dette i ein annan debattråd, men temaet er alt for samansett, og det heile ville vorte ei avsporing. Difor tek eg dette opp som eige tema: Var pogromane årsaka til at jødane emigrerte frå dei tidlegare kjerneområda i Litauen, Kviterussland og Ukraina? Er det ein direkte årsakssamanheng mellom pogromane og opprettinga av staten Israel?

Bjørn David Bratlie skreiv:

”Sammenligning med Finland er irrelevant. Om ikke tsaren konfiskerte finnenes eiendom evnet han ikke å beskytte jødenes eiendom. Så hvis ikke Brendberg har fått det med seg: Jødenes tilstedeværelse i Palestina har en direkte årsaksammenheng med russiske pogromer på slutten av 1800-tallet. Jødene i dagens Israel er i langt større grad flyktninger enn palestinerne, og de er flyktinger fra sin mordere. Ingen var ute etter å tilintetgjøre finnene. Det er grunn til påpeke at tsarens etterfølgere ikke var så nøye med eiendomsrett. Kommunistene i Russland, inspirert av Europas intelektuelle bedrev landrøveri i en inntil da ukjent omfang. Kulaker, som sannsynligvis kan telles i millioner, ble frarøvet sine eiendommer, systematisk og gjennomført. Til dags dato har jeg ikke registrert noen som helst beklagelse, gjenopprettelse, erstatninger og oppgjør knyttet til det blodbad og massdrap og sultkatastrofer knyttet til dette. Deriomt finner man det oportunt å beklage at noen tar noen tusen mål av et ørkenland som i århundrer har vært drevet av vanstyre.”

 

Dette er ei samling halvsanningar typisk for propagandaversjonen av jødisk historie. Men sjølv Stalins kjende partihistorie inneheldt mange fakta – villeiinga fanst først og fremst på eit anna plan.

For det var ikkje pogromane som var årsak, sjølv om dei nok til ein viss grad var utløysande når det galdt masseutvandringa frå Russland. Om du les moderne, historiske arbeid om denne perioden av russisk historie – td. John Doyle Klier – vil du sjå at den propagandahistoria om pogromane som vart selt i vestleg liberal presse – og sidan akseptert som historisk sanning – berre hadde laus tilknytting til sanninga.

I røynda var det jødiske samfunnet i det vestlege Ukraina og Kviterussland allereide i fritt fall då pogromane byrja.

Det jødiske busetjingsområdet i det som i dag er Ukraina-Kviterussland-Litauen var kjerneområdet for den ”nye føydalismen” som følgde framveksten til Nederland og Storbritannia frå 1500-talet. I første omgang var dette eit område som låg under det Polsk-Litauiske riket. I dette området fekk du ein kraftig ekspansjon av ein føydal jordbruksøkonomi, med jødar i ei sentral rolle som skatteinnkrevjarar, godsforvaltarar og elles som mellommenn for den polske adelen. Denne nye føydaløkonomien baserte seg på eksport av korn over austersjøhamnene til dei veksande økonomiane i vest. Spesielt for området var den sentrale rolla brennevinshandelen hadde for utplyndringa av bøndene – og her åtte jødane alle ledd i verdikjeda frå brenneria til skjenkestovene. I denne delen av Europa var bybefolkninga i stor grad jødisk – medan den store mengda av folk var liveigne, ortodokse, slaviske bønder.

Frå tsaren overtok dette området på slutten av syttenhundretalet freista han gjennom heile attenhundretalet å styrka lov og orden, og likeeins reformera samfunnet ut av den vonde sirkelen av armod, fyll og vald det var i ferd med å gå seg fast i. Den første som utarbeidde eit omfattande reformforslag – Dersjavin – gjorde utdanning for jødar til eit hovudpoeng: Ein skulle byggja skular som gav jødar utdanning i tysk, jiddisk og russisk, og gje dei tilgang til universiteta. Men desse forslaga møtte ein mur av motstand frå rabbinarane og det tradisjonelle jødiske sjølvstyret – kahal – og vart snart lagt til sides. Også den gongen var korrupsjon eit viktig problem i den russiske staten. Difor vart Dersjavins reformpolitikk utsett femti år – og dette skulle syna seg å ha avgjerande tyding for europeisk historie.

 Etter 1850 byrja ein byggja opp eit gymnassystem etter tysk modell, og elles reformar etter Dersjavin sine liner. Men då hadde det billige kornet frå USA undergravd økonomien i dette området, og alle – også jødane – søkkt ned i stagnasjon og fattigdom. Eit samfunn der helvta levde som ”luftmensch”. I tillegg hadde den borgarlege, tyske revolusjonen tapt i 1848, og den nye generasjonen med jødisk intelligensia som vart utdanna i det nye skulesystemet vart ikkje borgarlege demokratar. I staden vart dei marxistiske revolusjonære. Dei trudde ikkje lenger på reform av det gamle samfunnet – men derimot at proletariatet var den nye Messias som skulle føra oss inn i ei ny og betre verd. Dette hang nært saman med at jødisk religion i området var i oppløysing. I staden vaks det fram ein radikal, samfunnskritisk og moderne jiddisklitteratur, og sterke, sosialistiske masseorganisasjonar. Det var det samtidige økonomiske og kulturelle havariet som var hovudårsaka til dei store utflyttingsbølgjene frå dette området. I Austerrike-Ungarn, der det ikkje var pogromar, skjedde dei same flyttingsbølgjene frå Galizia til Wien/Budapest. Av di den gamle samfunnsmodellen i Galizia ramla saman, av same grunn som i det russiske vest. Og i Galizia skjedde dette heilt utan pogromar.

Om du les ting som er skriven av dei som vaks opp i dette samfunnet – som td. Isaac Deutscher – vil du sjå at dei legg stor vekt på den arkaiske, jødiske religionen som årsak til at middelalderen levde lenger i denne delen av Europa enn nokon annan stad. Men den ”utsette fristen” for samanbrotet som motstanden mot Dersjavins reformer hadde ført til gjorde at samanbrotet vart større då det kom – og samanbrotet gav opphavet til ei av dei viktigaste revolusjonære rørslene i europeisk historie: Jiddisksosialismen i det russiske vest.

Verja tsaren jødisk liv- og eigedom?                                                                                                            

I utgangspunktet: Ja. Men nett av di stendene fungerte som ”stat i staten” i det gamle Polen møtte tsaren sitt arbeid for å styrka lov og rett betydeleg motstand, også frå jødisk hald. Dette hadde fleire årsaker. Dei jødiske samfunna hadde ei stor rolle i den illegale økonomien i området: Smugling, kvit slavehandel og liknande. Likeeins motsette jødane seg alle forsøk på å gjera noko med det utbreidde alkoholmisbruket, av di handelen med alkohol var så viktig for jødisk økonomi. Og det religiøse forbodet mot ”mesira” fungerte like knallhardt som den søritalienske ”omerta”. Folk som rapporterte til styresmaktene vart svært ofte drepne. I tillegg fungerte det jødiske samfunnet som eit parallellsamfunn der rabbinarane kunne sikra den religiøse disiplinen med tvangsmiddel. Rabbinarane ønskte difor ikkje borgarrettar og rettsstat, som ville ta frå dei maktmidla.

Lov og orden stod difor veikt. Og jødane var ikkje trygge for eige liv. Men den viktigaste formen for vald som følgde av dette var vald mellom jødar: Drap på folk skulda for å vera ”moser”. Valdelege oppgjer mellom ulike hassidiske sekter og dynasti. Vald mot jødiske fritenkjarar. Om du legg saman talet på drepne i slik intern jødisk vald vil du få langt større tal enn jødar drepne i pogromane.

Pogromane var først og fremst eit resultat av at tsarregimet var svekka etter attentatet mot tsar Alexander tidleg på 1880-talet, og at kreftene som heldt oppe lov og orden difor var svekka. Pogromane var ikkje spesielt blodige – det dreier seg om eit tal på drepne i heile perioden 1880-1917 som kanskje er det dobbelte av dei som vart drepne av den israelske militæraksjonen i Gaza i sommar. Pogromane skjedde sporadisk i eit stort geografisk område med millionar av menneske – også for jødar i aust var pogromar noko dei aller fleste ikkje opplevde, men las om i avisa. Ein berykta pogrom som den i Kisjinov – som førte til avskyreaksjonar frå heile den vestlege verda – kravde 54 menneskeliv.Den første israelske massakren i Kana midt på nittitalet kravde det dobbelte, og er for lengst gløymt. Men om årsaka til utvandringsbølgja var økonomisk stagnasjon, gav pogromane det vesle sparket som skulle til for at utvandringa skulle bli organisert i stor skala.

Men utanom denne rolla som utløysar av utvandringsbølgja spela pogromane ei viktig rolle for den liberale, jødiske propagandaen i vest, og likeeins i den revolusjonære propagandaen før og etter 1917. Difor vart dei framstilt som eit uttrykk for tsarens politikk – noko dei slett ikkje var. Dei var eit uttrykk for at det gamle, føydale samfunnet var i oppløysing, og at ei svekka sentralmakt ikkje greidde halda den gjensidige fiendskapen mellom jødar og ukrainarar i sjakk. 

Pogromane var ein av mange årsaker til at det var bygt ein allianse mellom dei revolusjonære i Russland og den liberale, jødiske borgarskapen i vest. Denne alliansen freista svekka/velta tsaren sitt styre. Den rolla Lucien Wolf spela som talsmann for britiske jødar i utanrikssaker er typisk for denne alliansen. I 1917 førde denne politikken fram – tsaren vart styrta av dei revolusjonære. Dette førde til ein periode med borgarkrigar der mellom 100 og 200 000 jødar vart drepne i massakrar. Altså ikring det trettidobbelte av dei som vart drepne i pogromar under tsarstyret. Denne borgarkrigen førde til at ein heil generasjon austeuropeiske jødar vart bolsjevikar. I Ungarn førde den til ei kortvarig kommunistregjering under Bela Kun der 2/3 av folkekommisærane var jødar. Og i neste omgang førde dette til den reaksjonære alliansen mot ”jødebolsjevismen” som Hitlers totalitære regime bygde vidare på.

Om målestokken er vald mot jødar er biletet altså dette:

Tsar-Russland var ein veik stat, som berre til ein viss grad greidde å sikra lov og rett for eigne innbyggjarar. Dette førde til omfattande vald mot jødiske innbyggjarar. Den største delen av denne valden var vald mellom jødar – og hadde stor legitimitet hjå dei tradisjonelle autoritetane i det jødiske samfunnet. Etter 1880 vart den tsaristiske staten svekka, og ein fekk bølgjer av pogromar i busetjingssona. Desse pogromane utløyste ei stor folkevandring frå busetjingsområdet til USA. Men heilt parallelle folkevandringar gjekk frå område utan pogromar – som frå Galizia til storbyane i Austerrike-Ungarn. Stor omfang fekk valden mot jødar først då tsarriket braut saman, og ein fekk ein omfattande borgarkrig i området. 29 av 30 jødar som vart drepne i dette området vart drepne av ”kvite” i borgarkrigen, hærar som vart støtta av Storbritannia, Frankrike og andre vestlege land. Men denne største gruppa av jødiske offer for vald var ikkje eigna i vestleg propaganda, og vi høyrer aldri om dei. Revolusjonen førde til at flyttestraumen frå busetjingssona skifta retning: Fram til første verdskrig hadde jødar frå dette området flytta til USA. Den nye sovjetstaten opna Moskva, Leningrad og dei sentrale russiske områda for jødar, og store mengder jødar flytta frå det russiske vest til det sentrale Russland.

 

Reform og revolusjon

Gjennom korrupsjon og propaganda greidde det gamle, rabbinske styret i busetjingssona tidleg på attenhundretalet å hindra reformer. I staden gjekk det femti år før ein bygde opp eit gymnassystem etter tysk modell. Då hadde det billige kornet frå USA undergravd økonomien i dette området, og alle – også jødane – søkkt ned i stagnasjon og fattigdom. Eit samfunn der helvta levde som ”luftmensch”.

Dette var drivhuset der jiddisksosialismen vart ei svær folkerørsle.

Den russiske revolusjonen var ei samansett rørsle. Det var eit arbeidaropprør mot industrieigarane. Det var eit bondeopprør mot godseigarane. Det var eit opprør av periferinasjonane i Russland mot storrussisk sjåvinisme. Og det var eit folkeleg opprør mot krigens armod og kaos. Og det var mytteriet til dei væpna styrkene som var avgjerande.

Men samanbrotet i det russiske vest var ein viktig del av dette. I den jødiske busetjingssona gjorde unge, ikkje-religiøse jødar opprør mot det tradisjonelle, jødiske samfunnet. Den gamle generasjonen song Kol Nidrei i synagogen, den nye generasjonen song ”zusamen, zusamen – alle zusamen” til gitar i sommarkvelden.Denne jødiske revolusjonen var ein liten revolusjon inni den store.Du finn mange slike. Då bolsjevikane flytta hovudstaden til Moskva, opplevde russiske nasjonalistar det heile som ein framand okkupasjon. Ei regjering der jødar, georgiarar og andre minoritetar var vel så synlege som russarar overtok. Denne regjeringa vart passa på av ein Kreml-garde som i stor grad var latviarar. Og jødar var svært synlege i mellom anna det nye, hemmelege politiet. Fram til 1917 hadde Moskva vore forbode for jødar. No strøymde jødar frå busetjingsområdet til byen for å byggja opp den nye sovjetøkonomien.

Så er det sant at kommunistane i Russland dreiv landrøveri i stort omfang. Men også her driv Bratlie med nokså grov villeiing. Alle med grunnleggjande kunnskap om revolusjonen i Russland veit at det var den spontane jordreforma – bolsjevikane sin parole om ”fred, brød og jord” – som sikra makta til det nye regimet i Moskva. Bøndene tok rett og slett jorda si frå dei gamle godseigarane, utan å spørja korkje bolsjevikar eller andre. Og bolsjevikane lova å forsvara dette mot dei kvite armeane. Difor tapte kontrarevolusjonen. Årsaken til at Bela Kun vart styrta så raskt, var at han ikkje gjorde det same. Bolsjevikstyret i Budapest hadde ikkje nokon fungerande allianse med bøndene.

Men bøndene fekk ikkje ha jorda så lenge. Mot slutten av tjuetalet ville det nye regimet byggja Sovjetunionen som industrimakt. Alle som veit litt om storindustri veit at det kostar pengar å byggja slikt. Mykje pengar. Og alle makter som har industrialisert har måtta skvisa desse pengane ut av nokon. Regimet i Moskva hadde berre ei gruppe å skvisa: Eigne bønder. Eg tek ikkje for meg detaljane i dette, men det som skjedde med tvangskollektiviseringa var ei reføydalisering der landsbyfellesskapen – mir – og stavnsbanda vart gjeninnført under raude flagg. At dette var mogleg har naturlegvis samanheng med at du aldri fekk rotfest systemet med bondeeigedom i Russland på same måte som i Noreg og i Frankrike. Det var først med revolusjonen i 1917 at godseigarveldet for alvor vart avløyst av ein – planlaus – jordreform.

Flyktningestraumane frå ”pogromland” gjekk såleis ikkje til Palestina – dei gjekk til USA, og etter kvart til Moskva og Leningrad. Den ”direkte årsakssamanhengen” mellom pogromane og jødisk kolonisering av Palestina er såleis i røynda langt veikare enn du vil ha det til. Pogromane sette i gang masseutvandring frå eit område som hadde mist det økonomiske grunnlaget i den tradisjonelle kornhandelen. Men det var mangelen på økonomisk eksistensgrunnlag, ikkje vald, som var årsaka til utvandringa. Utvandringa frå dette området gjekk først og fremst to vegar: Frå 1880-1914 til USA, etter revolusjonen frå det vestlege Russland inn til dei russiske storbyane: Leningrad, Moskva m.fl.

Dei pionerane som kom til Palestina under første og andre innvandringsbølgje var ideologisk motiverte busetjarar som ønskte eit alternativ til den vanlege flyttinga til USA. Dei ønskte eit alternativ til assimilasjon og inkludering i vestlege samfunn. Problemet for dei var ikkje pogromar og vald, men at vestlege jødar la jiddisk til sides til fordel for tysk og fransk kultur og assimilering i majoritetssamfunnet. Dei ønskte ikkje same utvikling for jødane lenger aust. Jiddisksosialistane aksepterte at jiddisk var eit døyande språk, og helsa den nye felleskulturen velkomen. Sionistane ønskte eit alternativ til assimilasjon. Det var først etter nazismens gjennombrot at flyktningar vart eit dominerande innslag i den jødiske busetjinga i Palestina. Dette skjedde ein eller to generasjonar etter pogromtida.

Og då er vi inne på dei store – og samansette – problema i europeisk historie. Det er grunn til å understreka det Solsjenitsyn sa i samband med boka ”200 år saman”: Du kan ikkje forklara den russiske revolusjonen med at ¾ av tsjekaen i Kiev var etniske jødar. Fiendebiletet av ”jødebolsjevismen” er eit stereotypisk propagandabilete. Men du kan heller ikkje fornekta fakta: At jødiske revolusjonære spela ei svært viktig rolle i desse rørslene – og i det undertrykkingsapparatet det nye regimet skapte. Om nokon er interessert i statistikk på dette, vil eg varmt tilrå Yuri Slezkines ”The Jewish Century” og von Biebersteins ”Jüdische Bolschewismus – Mythos und Realität”.

Poenget er: Den etniske konflikten som kom til uttrykk i pogromane vart ikkje borte med revolusjonen. Men i desse områda fekk denne konflikten ei ny – og tragisk – form då sentralregjeringa skulle skvisa bøndene for å finansiera industrireisinga. Midt under hungerkatastrofen på trettitalet reiste amerikanske, jødiske journalistar gjennom desse områda – og kunne rapportera om stor framgang og ein blømande jiddiskkultur. Samtidig døydde ukrainske bønder i milliontal. Jødane var kraftig overrepresentert i det stats- og politiapparatet som i praksis gjennomførte dette brotsverket. Ser du på propagandaen mot ”kulakkane” som legitimerte overgrepet ser du like vondsinna etniske stereotypiar som i nazistane sin propaganda mot ”jødebolsjevikar”. Berre at det er det jødiske bondehatet som formar stereotypiane. Den etniske konflikten heldt fram – i nye former. Berre at jødane denne gongen var overgriparar, ikkje offer. Dette snudde seg igjen ti år seinare – då tyskarane erobra området. Då var det jødane sin tur å bli massakrert. Og slik pendla det fram og tilbake. For etter at tyskarane hadde organisert massedrap, vart dei jaga bort av den raude armeen. Den industrien som hadde vorte finansiert av sveltande bønder produserte no våpna som knuste Hitler. Dei ingeniørane og teknikarane som organiserte dette? Det var den nye sovjet-eliten, sønene og døtrene til førre generasjons ”luftmensch” i Minsk og Pinsk.  

Av det krokete tømmeret vi kallar menneskeslekta har det aldri vorte laga noko som var heilt rett. Det gjeld naturlegvis også jødane. Poenget mitt er ikkje at jødane er skurkane i denne historia. Men jødane var heilt alminnelege menneske, innvikla i samansette konfliktar som dei sjølve forstod like lite som dei andre involverte. Biletet av jødane som passive offer i denne historia er ei myte. Benjamin Ginsberg kalla boka si ”How the Jews defeated Hitler”. Det er også sant – og ei anna side av røyndomen. Jødar med stalinorgel – som Ginsbergs far – kan spela kraftfull musikk. Det var slike jødar med stalinorgel – og ikkje staten Israel – som berga Europas jødar frå utrydding.

 

Og det var Hitler – ikkje tsaren – som freista utrydda jødane. Tsarens regime freista verja jødiske liv og jødisk eigedom. Med vekslande hell. Samtidig var regimet redde for at jødane skulle undergrava og styrta det regimet av adel og ortodoks religion som var fundamentet for tsarmakta. Historia fortel vel at denne frykta ikkje var ugrunna: Regimet vart styrta av ei revolusjonær rørsle der jiddisksosialistane var ein viktig del.

Det har dei siste tiåra skjedd mykje når det gjeld kunnskap om denne perioden. I vest har liberal historieskriving og sionisme halde ved like mytane om pogromtida. I Sovjetunionen var pogromtida viktig for å legitimera sovjetregimet, og fri forsking på feltet vart først mogleg mot slutten av syttitalet. Eg legg ved nokre relevante litteraturtips til slutt. Men vil likevel påpeika ein ting: Ei av dei viktigaste bøkene som har kome ut om temaet er Aleksander Solsjenitsyns ”200 år saman”. Denne boka har aldri kome ut i noko engelskspråkleg utgåve – trass i Solsjenitsyns nobelpris og status som uredd sanningsvitne. I staden har boka vorte møtt med ein kviskrekampanje om Solsjenitsyns ”antisemittisme” – ei skulding som Klier avviste kontant i samband med bokutgjevinga. John Doly Klier er elles pioneren i historieforskinga på temaet sidan han på syttitalet fekk tilgang til sovjetiske arkiv.

Hovudpoenget med å samanlikna med Finland var likevel eit anna: I Finland heldt tsaren oppe lov og rett. Ikkje perfekt – men likevel godt nok til at Finland og Russland sidan alltid har greidd å få hopehavet inn i ordna former. Bruk av statsmakt til etnisk tjuveri av landområde er ein klassisk årsak til langvarig, innfløkt og uløyseleg valdeleg konflikt. I Irland skjedde dette særleg under Cromwell, og landtjuveria sikra sekterisk vald i fleire hundre år – med utløparar heilt til vår eiga tid. ”To hell or Connaught”, som Cromwell formulerte det. Den som følgjer med i israelsk ordskifte veit at det er mange israelske politikarar som ønskjer å gå i Cromwells fotspor. I Sør-Afrika skjedde landtjuveria særleg på attenhundretalet. Valdsmønstra i slike konfliktar er sjølvsagt svært samansette – i Sør-Afrika var mykje av den verste valdsbruken, som necklacing, valdsbruk mellom svarte. Men dette er ikkje spesielt merkeleg: Når du freistar kombinera rolla som tjuv med rolla som politimann bryt den alminnelege rettskjensla i eit samfunn saman, og blir erstatta med sekterisk forsvar for eiga gruppe. Du kan gjerne meina at ofra for slik fordriving har skulda for den valdelege og sekteriske politikken dette fører til. Men i tilfelle skuldar du Pieter Botha ei orsaking. Regima i Nord-Irland, Sør-Afrika og Israel har elles mange viktige trekk sams – også når det gjeld at protestantiske kyrkjer har vore viktige for legitimering av diskrimineringa. For dei som ønskjer å forstå religionen si rolle i regima vil eg varmt tilrå Donald Harman Akensons tjue år gamle ”Gods Peoples”. Akenson er elles ein mann som kan sin Bibel, og har levert viktige bidrag til moderne bibelforsking.

Det høyrer med at staten Israel spelar ei destruktiv rolle også i ein større samanheng. I Saddam Husseins Irak budde shia og sunni blanda i større byar som Baghdad. Den invasjonen som israelvenlege nykonservative fekk gjennomslag for – for å styrka Israel sin posisjon – har laga etnisk og religiøs hakkemat av det irakiske samfunnet. Om du les td. Oded Yinon sin strategiartikkel frå tidleg åttital vil du sjå at slik etnisk og religiøs hakkemat – og den valden som følgjer med – er målet til Israels regionale politikk.

Som Meron Benvenisti seier er Israel i dag ein binasjonal stat, og har vore det sidan før eg vart fødd. ”Okkupasjon” og liknande juridiske fiksjonar er kamuflasje som freistar gje inntrykk av at denne permanente tilstanden er noko mellombels. Det er det ikkje. Det finst berre ein stat mellom Jordanelva og Middelhavet. Såleis er Israel ein binasjonal stat – anten dei vil eller ikkje. Det einaste som står att er dei reformene som skal til for at den andre nasjonen skal bli ein likestilt del av lov, rett og parlament i denne eine staten.

Israel kan utsetja desse reformene – til stor skade for seg sjølv og andre. Men om det finst noko moral i historia om jødane i Russland, må det vera at den jødiske trongen til å leva i fortid eller framtid ofte går på kostnad av å leva i røyndomen slik han er her og no. Med dei kompromissa notida krev – på kostnad av ei mytisk fortid og ei utopisk framtid.

Litteratur:

John Doyle Klier: Imperial Russias Jewish Question1855-1881

Pogroms: Anti-Jewish violence in modern Russian History.

Yuri Slezkine: The Jewish Century

Aleksander Solsjenitsyn: 200 years together (finst i engelsk piratutgåve på nett)

Johannes Rogalla von Bieberstein: Jüdischer Bolschevismus.Mythos und Realität.

Israel Shahak: Jewish History, Jewish Religion. The Weight of three thousand years.

Shahak/Mezvinsky: Jewish Fundamentalism in Israel.

Donald Harman Akenson: Gods Peoples.

Gå til innlegget

Kven er din neste?

Publisert nesten 7 år siden

Tilhøvet mellom jødisk og kristen religion er langt meir samansett enn det israelapologetane vil ha det til.

I eit innlegg ein annan stad på VD skreiv Odd Sverre Hove:

”Det er et hav av forskjell på den gjensidig religions-polemiken og det uhyggelige og skammelige kristne (og muslimske) jødehatet.

I det kristne jødehatets historie dømmer og henretter man jøder for en påstått oppdiktet forbrytelse som for eksempel består i at man på sabbaten skulle ha drukket kristne spedbarns blod. Jøder som ifølge Moseloven ikke en gang har lov til å drikke dyreblod!

I det kristne jødehatets historie gir man jødefolket kollektivt skylden for svartedauden og andre pestsykdommer, fordi jødene angivelig skulle ha forgiftet brønnene.

I det kristne jødehatets historie tvinger man bibeloversetter og kirkefader Hieronymus til å beklage offentlig at han under oppholdet sitt i Betlehem ble venner med noen hebraiskkyndige jødiske rabbinere.

I det kristne jødehatets historie kommer superpredikant Johannes Krysostomus hastig reisende til med tordenprekener, hvis det oppstår rykter om at kristne noen steder ble venner med jøder. På slike steder «kommer jeg ilende til for å rive ned denne fordervelige anskuelsen». Synagoger er etter hans syn «horehus, lastens buler, Djevelens asyl, Satans borger, sjelens forderv, all ulykkes gapende avgrunn ..-» osv.

Man finner nok krasst språk også den andre veien i den verbale polemikken mellom jøder og kristne. Men det fins ikke en årtusen-lang bloddryppende historie der jøder brenner kirker, myrder kristne ut fra falske fordomms-betonte anklager og jager kristne fra land til land. Historien forteller om «den vandrende jøde». Men ikke om «den vandrende kristne».”

Så langt Hove. Det han legg fram er ei einsidig – og fordummande – framstilling av tilhøvet mellom jødisk og kristen religion.

Det er sjølvsagt sant at jødane ikkje brente kyrkjer eller myrda kristne – av den enkle grunn at jødar ikkje hadde politisk eller militær makt. I dei sjeldne tilfella då jødar hadde politisk eller militær makt over kristne var dei slett ikkje framande for massakrar og kyrkjebrenning. Då persarane erobra Palestina i år 614 fekk dei hjelp frå dei lokale jødane. Hundrevis av kyrkjer vart øydelagde, og titusenvis av kristne vart massakrert ved Mamilla i Jerusalem. Som ved eit under overlevde fødselskyrkja i Betlehem. Men massakren ved Mamilla var eit unnatak: Vanlegvis hadde kristendom (eller islam) maktmonopol – og difor også monopol på maktmisbruk. Som maktlaus minoritet hadde ikkje jødane evna til å massakrera. Hadde dei viljen?

Ortodoks jødedom er full av forbanningar. Mi utgåve av ”handboka” Kizur Shulchon Oroch gjev nokre av dei viktigaste. Når ein from jøde passerer gravstaden til ikkje-jødar, skal han koma med ei høveleg forbanning. Når han ser ei kyrkje, skal han be Vårherre riva huset til dei stolte. Når han ser ein kross skal han spytta. For å gjera slutt på spyttinga fekk kongen i Böhmen inngravert det heilage gudsnamnet ”Adonai” på krossen på brua over Moldau – framfor eit så heilag gudsnamn kunne sjølvsagt ikkje jødar spytta. I ein av dei eldste jødiske tidebønene vi kjenner – Birkat ha-Minim – skulle dei truande be om at Gud skulle gjera slutt på dei vantru (inkludert dei kristne) så snart som råd. Tradisjonell jødedom var full av hat mot dei kristne, mot kristendomen og mot Kristus. Slik tradisjonelle kristne hata og frykta jødar.

Men dette hatet var noko anna enn det moderne jødehatet. Det var eit stivna, rituelt hat som ikkje stod i vegen for lange periodar med fred og samarbeid. Eg såg ein gong eit reiseprogram med Michael Pailin, der han viste eit vaktskifte på grensa mellom India og Pakistan. Dei som gjekk av vakt, og dei som gjekk på vakt, demonstrerte sitt hat og sin forakt for dei på andre sida av grensa i ein stram og svært avansert koreografi. Det militære ritualet hadde mange tilskodarar som jubla og heia, og heile framsyninga var eit slags ”samarbeidande hat”. Ingen vart skadd – det heile hadde preg av karneval. Men samstundes er det ikkje tvil om at det låg sterke krefter løynt under skodespelet – og at denne demonstrasjonen av gjensidig forakt mellom anna tok sikte på å styrka eigen identitet på ”vår” side av grensa og avstand til ”dei” på motsett side. Slik freistar India og Pakistan i ein slags samarbeidande fiendskap å hindra at det oppstår gråsoner som undergrev samfunnsordenen.

Det førmoderne tilhøvet mellom kristen og jøde var veldig ofte eit liknande stivna og rituelt hat. Så lenge grensene var tydelege og gråsonene få kunne dei to samfunna leva på sida av kvarandre, med eit minimum av menneskeleg kontakt. For muren kring ghettoen vart ikkje berre bygt frå utsida. Mange av dei sterkaste hindra vart bygt frå innsida, og dei jødane som søkte ut av ghettoen vart møtt med forbanningar, bokbål, aumykjing eller i siste omgang drap frå sine ”brør” innanfor murane. Folk som braut med ortodoksien i ghettoen – som td. Spinoza – hadde mykje meir å frykta frå andre jødar enn frå det kristne samfunnet rundt.

Før middelalderen budde det ikkje mange jødar i det kristne Europa. Det var i dei muslimske landa ein fann større konsentrasjonar av jødar. Men frå høgmiddelalderen byrja det kristne Europa å gjenerobra det muslimske Sicilia og Spania, og kristne land fekk store jødiske minoritetar med på kjøpet. I tillegg byrja ei jødisk innvandring nordover til land som Frankrike og Tyskland.

La oss sjå på dei store linene i denne historia. Spania hadde ein stor, jødisk folkesetnad allereide før muslimane erobra landet på 700-talet. Desse jødane allierte seg med dei muslimske erobrarane allereide før dei hadde sett sin fot på spansk jord, og vart ein viktig del av overklassen i det muslimske Spania. Muslimane etablerte same slags samfunnsordning i Spania som i andre område dei erobra: Jødedom og kristendom fekk vern som religionar, og folket vart delt inn i ”religiøse nasjonar” som styrte seg sjølve etter religiøse lover. Islam hadde overherredøme og ein privilgert posisjon. Då islam fall, forsvann grunnlaget for denne samfunnsordninga. Og det stod ikkje noko borgarsamfunn og borgarleg lov klar til å overta – samfunnsbyggjing i middelalderen skjedde og måtte skje på ein religiøs grunnmur. Den katolske kyrkja var grunnsteinen: Islams erobring av den iberiske halvøya førte ikkje til at den alminnelege bondebefolkninga skifta religion til islam. Slik var det islamske styret av Spania parallelt til det osmanske styret på Balkan. Men gjenerobringa skjedde i ei anna tid. Då Balkan vart gjenerobra på attenhundretalet vart prosessen drive fram av ein organisk nasjonalisme som såg på muslimane som ”fiendar” og ”framande”. Over ein million muslimar flykta frå periferien i riket og inn til det osmanske kjernelandet i Anatolia. I land som Hellas og Serbia vart den muslimske folkesetnaden i stor grad etnisk reinsa. Berre i Albania, Bosnia, det sørlege Bulgaria og nokre få andre område vart det att ein rest av det muslimske Balkan. For dei med”feil” religion var denne ”frigjeringa” ein samanhengande serie med massakrar, massevaldtekt og fordriving. I Europa vende ein det blinde auga mot desse brotsverka – det var berre når dei osmanske styresmaktene brukte vald mot dei kristne at ein såg valden. Den muslimske minoriteten var fritt vilt – og vart med få unntak landflyktig. Denne brutale etniske reinsinga vart etterpå hugsa i den muslimske verda – og gløymt i Europa.

Men gjenerobringa av Spania skjedde i ei anna tid, med ein annan ideologi. Dei muslimske maurarane hadde kome frå Nord-Afrika, og etterkvart som dei spanske erobrarane trengde dei sørover forlot eliten landet til fordel for andre delar av den muslimske verda, ikkje minst dei tilgrensande områda på andre sida av Gibraltar. Dei som var att då Granada vart erobra i 1492 vart lova religionsfridom, men trass i dette brukte styresmaktene tvang, og dei siste muslimane vart landflyktige etter eit opprør i Granada på slutten av femtenhundretalet.

Men det muslimske Spania var meir enn muslimane. I det muslimske kalifatet var jødane ein svært rik og mektig del av eliten. Den kristne gjenerobringa førde ikkje til noko ny samfunnsorden. Jødane heldt fram med å leva etter jødisk lov, medan dei kristne levde etter kanonisk lov. I praksis tydde dette at den jødiske eliten var utanfor rekkevidde og heva over lova for dei fleste kristne. Dette var ikkje noko nytt – men dei kristne var ikkje lenger dhimmi i ein muslimsk stat, men undersåttar i eit kristent kongedøme. Etter 1248 var det berre Granada igjen av det tidlegare muslimske Spania – Cordoba, Sevilla og resten av det tidlegare kjerneområdet for muslimsk makt var no under kristne herskarar. Men frå 1248 fram til erobringa av Granada og etableringa av den spanske inkvisisjonen er dette eit politisk svært uroleg område med stadige konfliktar mellom jødar og ikkje-jødar. Denne perioden – kring 250 år – er heilt avgjerande for å forstå jødisk historie i Europa. Men kva mønster er det vi ser i denne perioden?

Den rådande ideologien i denne samfunnsomforminga var katolsk kristendom. Særleg viktig er dominikanarane. I følgje rådande katolsk doktrine skulle jødane ha ein verna status i samfunnet, og ein skulle ikkje omvenda jødar med tvang. Jødane skulle vera trygge for liv og eigedom. Desse doktrinene vart stadig fornya frå paven.

Men paven var ikkje den einaste som gjorde krav på katolske doktriner. Lokale biskopar, spanske kongar og andre kunne tidvis gjennomføra ein politikk lokalt som stridde mot det som var kyrkja sine doktrinar. Jødar skulle vera trygge for liv og eigedom, men det var ingenting i kyrkja si lære som hindra kongen i å landsforvisa jødane, så lenge dette skjedde i lovlege former der jødane kunne selja eigedomen og reisa i fred. Det var særleg på trettenhundretalet at uroa byrja spreia seg slik at landet vart meir og meir ustyrleg. Pedro den grimme (1350-69) blir i samtida kjent som ein konge som har overlate regjeringa tiljødiske rådgjevarar og den jødiske eliten. Situasjonen sklir i retning anarki. Opprøret eksploderer i 1391. Det byrjar i Sevilla, men spreier seg til Cordoba og andre byar.

I denne tidlege fasen var ikkje opprøret rasistisk. Illsinte folkemengder kravde at jødane skulle la seg døypa. Dei som vart døypte med tvang kunne etterpå gå trygt gjennom folkemengder som minuttar tidlegare var viljuge til å drepa dei. Dei kunne også gå trygt heim til eigen eigedom. Opprøret var altså retta mot jødisk religion og jødane som ein stand heva over den kristne lova – medan jødane var velkomne som naboar innanfor den kristne lova. Kvifor var folkemengdene så hatefulle mot den jødiske standen? Særleg to yrke gav jødane eit konfliktfylt tilhøve til den vanlege kristne. Skattefuten på denne tida var ikkje statsfunksjonær – retten til å krevja inn skattar vart selt etter eit anbodssystem. Så var det opp til den som fekk anbodet å syta for å få inn så mykje som mogleg frå dei skattepliktige. Dette yrket førde mange rike jødar inn i mangfaldig og vondsinna kontakt med dei kristne. Samstundes var dette opplegget profittabelt for dei som hadde makta. Det finst mange døme på at skatteinngangen vart mangedobla etter at innkrevjinga vart gjeve til jødar.

Men det var ikkje berre rolla som skattefut som førde til konflikt. I tillegg heldt jødane på med pengeutlån, som var forbode for katolikkar. Rentesatsene på denne tida var typisk på 20% eller 33%, men ein finn døme på renter heilt opp i 40%. Om ein måtte låna til såkorn med slike renter risikerte ein fort å bli fanga i eit garn det ikkje fanst nokon veg ut av. Og dei fattige elska ikkje ågerkarlen sin.

I tillegg var ikkje jødane under den kristne lova. Den jødiske lova var (og er) eit system for etniske privilegie, og jødane kunne tillata seg ting andsynes fattige kristne som den kristne lova elles gav vern mot. Desse folkelege opprøra retta seg såleis mot ein priviligert stand, og sidan det ikkje lenger fanst noko muslimsk overherredøme var det ikkje mogleg å kombinera slike standsprivilegie med lov og orden. Dei etablerte autoritetane – kyrkje og kongar – freista kvela opprøra, og kyrkja i Roma var avvisande til konvertering ved hjelp av tvang. På hi sida var dåpsvatnet eit gyldig sakrament, og tvangsdåpen byrja laga ei gråsone mellom dei to religiøse gruppene. Lokale biskopar kunne sjå på tvangsdåp som ein rask kur for dei konfliktane som førde til opprør og plyndring.

Hadde Sevilla lege under muslimsk styre er det liten grunn til å tru at opprøret hadde spreidd seg. Muslimske styresmakter hadde tidlegare vist korleis slike opprør som destabiliserte samfunnsordenen skulle handterast: Om det ikkje hjelpte med vald, måtte ein bruka meir vald. Men dei nye kristne kongane var ikkje like handfaste, og etnoreligiøs konflikt og opptøyer vart eit fast innslag det spanske samfunnet i hundreåret etter dei store opptøyane i 1391.

Samstundes med dei folkelege pogromane byrja eit heilt annleis åtak på den jødiske religionen si stilling i Spania. I 1240 hadde den katolske kyrkja oppdaga Talmud, og verket hadde vorte brent på bålet i Paris etter ein open rettssak. No byrja den katolske kyrkja å skaffa seg verkeleg kunnskap om den jødiske religionen i staden for å berre byggja på oppfatningar overteke frå kyrkjefedrane. Året før opptøyane i Sevilla sikra kyrkja seg den største fangsten nokon gong sidan Paulus møtte Kristus på vegen til Damaskus. Ein av dei mest lærde rabbinarane i Spania, Solomon ha-Levi, lot seg døypa. Med hjelp frå dominikanarane studerte Levi i Paris før han vende heim til Spania. Etter kvart vart han til Paul av Burgos, biskop i den katolske kyrkja.

Det var ikkje masseopptøyane året etter som overtydde Paul om kristendomens sanning. Spania var eit senter for lærdom i middelalderen. Den fremste jødiske lærde kom frå det muslimske Spania – Maimonides. Men Maimonides sitt forsøk på å sameina ortodoks jødedom med skolastisk filosofi fekk ikkje gjennomslag mellom europeiske jødar – tvert om vart bøkene hans brent mange stader. I staden var det kabbala sin mystiske ”visdom” som vann fram i rabbinske miljø. I den katolske kyrkja vart derimot aristotelisk filosofi frå det muslimske Spania sameint med kyrkjelæra – Thomas av Aquinas gav denne sameininga si klassiske form. Og denne rasjonalistiske kyrkjelæra tiltrekte seg jødiske lærde som Paul av Burgos. Mange vitnemål frå samtida fortel det same. Rett før han døydde skreiv rabbi Hasdai Crescas boka ”Or Adonai”. Der hevdar han at det er ”grekaren (Aristoteles) som har tilslørt augo til Israel i vår tid”.

Kyrkja møtte ikkje berre jødane med gresk filosofi. Talentfulle folketalarar som St. Vincent Ferrer reiste rundt og preikte omvending for jødane, og mange tok imot dåpen. Det var friviljug å la seg døypa, men pliktig oppmøte for jødar på desse misjonsturneane. Etterkvart sikra kyrkja seg ein annan viktig konvertitt, Joshua Halorki, som tok det kristne namnet Geronimo de Santa Fe. I 1412 gav paven eit pålegg om at jødane i Aragon skulle møta Santa Fe i open debatt om trua.

Geronimo de Santa Fe var svært velstudert i Talmud, og debatten vart eit jamt tilbaketog for dei rabbinske lærde som freista møta Geronimos hardkjør. Santa Fe synte med døme etter døme motseiingane mellom det gamle testamentet og Talmud. Grunnreglane for disputasen, der rabbinarane ikkje hadde kontroll over dagsorden men måtte svara på dei tinga Geronimo valde å ta opp gav rabbinarane eit handicap. Men Talmud var i seg sjølv eit større handicap. Talmud er ein esoterisk tekst, skrive av rabbinarar for rabbinarar. Det har aldri vore ein tekst tenkt for det offentlege rom. Når jødiske konvertittar som kjende Talmud i detaljar la fram pinlege avsnitt, visste ikkje rabbinarane kva dei skulle svara. Når Geronimo mot slutten av disputasen las opp avsnitt som han meinte burde vore sensurert, og spurde om nokre av rabbinarane var viljuge til å forsvara desse tekstane i Talmud, var rabbinarane heilt tause. Rabbinarane hevda at det var deira mangel på kunnskap og opplysning som var problemet – at meir kompetente lærde ville klart å forsvara Talmud. Men inntrykket folk fekk var eit anna – og jødane i Aragon konverterte i hopetal. Også jødar frå dei rikaste og mest etablerte slektene byrja konvertera. Det såg ut til at sola gjekk ned for jødedomen i Spania.

Men konfliktane i Spania etter islam var ikkje slutt med dette. For dei jødane som med tvang eller av overtyding tok imot kristendomen levde framleis i tradisjonelle samfunn. Ei kvinne som vart kristen fekk ikkje nye matoppskrifter og nye tradisjonar i hovudet berre av di det rann vatn på utsida. Nokre av dei nye kristne var overtydde om sanninga i si nye tru. Andre var opportunistar. Nokre var kristne berre i namnet, men jødar i tanke og handling. Dei heldt fram med dei same yrka som hadde gjeve næring til konfliktane: Pengeutlånar, skattefut.

Pedro de Cavalleria vart drepen i 1461 under eit opprør. Han var ein av dei nye kristne. I rettssaka etterpå var ein jødisk vevar vitne. Dei hadde hatt hopehav då Pedro hadde budd i landsbyen til vevaren i samband med ein pestepidemi. Vevaren hadde lagt merke til at Pedro var godt utlært i hebraiske bøner. Difor spurde vevaren kvifor han likevel hadde konvertert. Pedro svara:

”Stille, din tosk. Kunne eg som jøde ha klatra høgare enn til posten som rabbinar? Men sjå, no er eg ein av leiarane av rådet i byen. På grunn av den vesle mannen som vart hengt (Jesus) kan eg få allslags ærefulle utmerkingar, og kan gje ordrar og påbod til heile byen Saragossa. Kven hindrar meg i å fasta på Jom Kippur og i å halda dei andre jødiske høgtidene om eg ønskjer? Då eg var jøde turde eg ikkje gå så langt som hit på grunn av grensene for sabbaten. Men no kan eg gå så langt eg ønskjer.”

Dei nye kristne var altså ikkje bundne av religionen – korkje den gamle eller den nye. Dei kunne – ei stund – få i pose og sekk. Dei vart raskt ein del av eliten – samstundes som misnøyen med dei nye kristne vaks i folket. I Toledo eksploderte det heile i eit opprør i 1449. Det byrja som eit opprør mot eit nytt skattepålegg. Det første huset som vart brent ned var huset til ein nykristen skattefut. Etterpå gjekk mobben til området der dei andre nykristne i byen budde, og brente desse husa ned også.

Dette var truleg den første rasistiske pogromen i europeisk soge. Under oppreistene i 1391 kunne alle jødar gå trygge for liv og eigedom forbi mobben etter dåpen. Seksti år etter var det ikkje noko vern i dåp – no vart konflikten formulert som ein rasekonflikt.

Ei ulukke kjem sjeldan åleine. Kort tid etter opprøret i Toledo erobra osmanarane Konstantinopel og byrja for alvor å erobra det kristne Balkan for Islam. I tiåra etter gjennomførte muslimske flåtestyrker raid mot kristne område langs middelhavet. I det kristne Spania førde dette til frykt for ei ny islamsk erobring – og til forfølgjing av dei som kunne tenkjast å gå i ledtog med ei slik erobring. Då Castilla og Aragon vart sameint i ein personalunion byrja gjenerobringa av det siste muslimske kongedømet i Spania – Granada.

Men også den indre fienden måtte slås ned på.Samstundes med felttoget mot Granada vart den spanske inkvisisjonen grunnlagt. Og inkvisisjonen vart ein reidskap for den spanske kongemakta, ikkje for paven. Den spanske kongen sa nei til alle forsøk frå Roma på å mildna framferda til inkvisisjonen. I 1492 vart jødane forvist frå Spania. Dei nykristne vart på same tid underlagt ein slags tidleg politistat der dei måtte prova at dei var oppriktige kristne. Dei som ikke passerte inkvisisjonen vart brent som kjettarar. Den leiande krafta i inkvisisjonen – Torquemada – var sjølv av nykristen slekt. Andre leiande katolske tenkjarar i denne perioden, som Theresa av Avila og Johannes av Krossen, hadde også nykristen bakgrunn. Men dei nykristne var ei religiøs gråsone. Mellom dei finn ein også slike ”kristne” som tente sabbatslysa etter at dei hadde piska ein kross samstundes som dei sa fram høvelege forbanningar. Nokre av desse ”kristne” konverterte tilbake til jødedomen med ein gong dei sette foten sin på hollandsk eller arabisk jord. Det jødiske samfunnet i Amsterdam var stort sett spanske ”kristne” som hadde vendt tilbake til jødedomen. For å rydda opp i denne gråsona vart det etablert ein katolsk politistat, og politistaten sytte for at gråsonene forsvann og vart erstatta av katolsk konformisme i alle ledd.

Etter mitt syn er Spania uhyre viktig å studera om ein skal sjå mønstra i dei konfliktane som har følgt den jødiske religionen i Europa. Ikkje minst er det interessant at konflikten mellom kristendom og jødedom i Spania for første gong utvikla seg til ei form for rasisme frå kristen side. Det er eit av dei tidlegaste døma på den effekten som Arthur Koestler peikte på i ”Judah at the Crossroads”: At jødisk religion inneheld eit element av primitiv stammeideologi som vekkjer til live motreaksjonar på same primitive nivå. For frå jødisk side har ein alltid tolka konflikten slik – jødedom er ideologisk eit spørsmål om nedstamming. Bastard har alltid vore eit av dei verste skjellorda i ortodokse, jødiske miljø. Men i Spania blir dei nye kristne, ei samansett gruppe i ein gråsoneposisjon som stand og som religiøst fenomen, møtt med rasisme og etterkvart ein slags førmoderne politistat.

Mainstream jødisk historieskriving har to underforståtte premiss. Det eine er at den katolske kyrkja var sjølve kjelda til antisemittisme, og at kyrkja var motivert av rasisme. Det andre er at forfølgjinga råka jødane uavhengig av kva dei gjorde og kva posisjon dei hadde i samfunnet. Eg trur ikkje på dette – og som Israel Shahak trur eg at jødane risikerer å gjenskapa fortidas katastrofar under nye og farlegare tilhøve ved å hindra ein open og fordomsfri debatt om fortida.Karl Marx sa om den franske kongen etter revolusjonen at ”han hadde ingenting gløymt og ingenting lært”. Det er eit ord som høver godt i denne samanhengen.

Middelalderens samfunn var ulikt vårt. Det var ikkje kyrkja som dreiv fram forfølgjinga av jødane i middelalderens Spania. Tvert om freista kyrkja forsvara det som hadde vore kyrkjelære sidan antikken – at jødar skulle vera trygg for liv og eigedom. Men i eit samfunn bygt på religion må alle krav til samfunnsendringar formulerast på ein religiøs grunnvoll. Det var jødane sin posisjon som ein ”stand utanfor lova”, med eigne privilegie og ein svært synleg posisjon i roller som td. pengeutlånarar og skatteinnkrevjarar, som førde til opprør etter at islam ikkje lenger gav jødane effektivt vern. I første omgang kravde dei kristne folkemengdene at jødane skulle konvertera. Kristne, i mange tilfelle konverterte jødar som Paul av Burgos og Geronimo de Santa Fe, dreiv samstundes ein omfattande kampanje for å få jødar til å konvertera. Men i staden for å løysa konflikten vart det skapt ein stor gråsone – dei ”nye kristne”. I denne gruppa fann ein både oppriktige kristne og jødar som berre hadde tilpassa seg ytre press, og som ikkje følgde normene i korkje i sin nye eller gamle religion. Den ”samarbeidande fiendskapen” som hadde prega tilhøvet mellom kristne og jødar frå gamalt vart avløyst av gråsoner og mistanke, og inkvisisjonen vart oppretta som ein slags tidleg politistat for å rydda opp i desse gråsonene.

Den kristne verda har for lengst teke ei oppgjerd med inkvisisjonen og religionshatet i renessansens Spania. Korleis er dette på jødisk side?

Eit av vitnemåla vi har frå spansk jødedom er ”Boka for undervisning”, ei bok som forklarar dei 613 religiøse pliktene i jødedomen, skrive av ein anonym rabbi på trettenhundretalet i Spania. Boka er framleis svært populær blant ortodokse i Israel på grunn av det klåre og lettleste hebraiske språket ein finn i boka. Eg siterer Shahak sin gjennomgang:

"Eit sentralt opplæringsmål for denne boka er å leggja vekt på den “korrekte” meininga av slike bibelske omgrep som ”neste”, ”ven” eller ”mann (som eg drøfta i kapittel 3). §219 drøftar såleis kva plikter som følgjer av verset ”du skal elska nesten din som deg sjølv”, og overskrifta er: ”Ei religiøs plikt å elska jødar”, og forklarar:

”Å elska alle jødar tyder at vi skal bry oss om ein jøde og pengane hans slik ein bryr seg om seg sjølv og sine eigne pengar, for det står skrive: ”Du skal elska nesten din som deg sjølv”, og våre vise av velsigna minne sa: ”Det du ikkje vil at nokon skal gjera mot deg, skal du ikkje gjera mot din ven”…. Og mange andre religiøse plikter følgjer frå denne, for den som elskar sin neste som seg sjølv vil ikkje stela pengane hans, bryta ekteskapet med kona hans, svindla han for pengar eller lura han verbalt, eller stela jorda hans eller skada han på nokon måte. Også mange andre religiøse plikter byggjer på dette, slik alle forstandige menn veit.

§322 handlar om plikta til å halda ein ikkje-jødisk slave i slaveri for alltid (medan ein jødisk slave skal setjast fri etter sju år). Dette blir forklart slik:

”Rota til denne religiøse plikta er at det jødiske folket er det beste av den menneskelege arten, skapt for å kjenna deira skapar og dyrka Han, og difor verdige til å ha slavar for å tena seg. Og om dei ikkje hadde slavar av andre folk, måtte dei gjera sine eigne brør til slavar. Dei ville slik bli ute av stand til å tena Herren, velsigna vera Han. Difor er det ei plikt for oss å eiga slike slavar i vår teneste, etter at dei er førebudde for dette og etter at avgudsdyrking er fjerna frå talen deira slik at det ikkje er fåre i husa våre. Dette er meininga med verset ”men brørne dykkar, de skal ikkje styra over kvarandre med hardstyre”, slik at de ikkje blir nøydde til å gjera brørne dykkar til slavar, dei som er klåre til å dyrka Gud.”

§545 handlar om den religiøse plikta til å krevja renter på pengar lånt til ikkje-jødar. Denne lova blir formulert slik: ”At det er ei plikt for oss å krevja renter frå ikkje-jødar når vi lånar pengar til dei, og vi må ikkje låna til dei utan renter”. Dette blir forklart slik:

”Og rota til denne religiøse plikta er at vi ikkje skal gjera noko nådig handling anna enn mot folket som kjenner Gud og dyrkar Han; og når vi held oss borte frå å syna nåde mot resten av menneskeætta og berre gjer slikt mot vårt eige folk, blir vi prøvt på å at hovuddelen av vår kjærleik og miskunn går til dei som følgjer Guds religion, velsigna vera Han. Difor blir vi løna like mykje frå Han når vi held att miskunn frå andre som når vi gjer ei miskunnsam handling mot medlemer av vårt eige folk.”

Slik held boka fram med å skilja strengt mellom handlingar mot jødar og handlingar mot andre. Når boka forklarar forbodet mot å forseinka ein arbeidar si løn (§238) er forfattaren nøye med å understreka at synda er mindre alvorleg om arbeidaren er ikkje-jøde. Forbodet mot forbanningar (§239) har tittelen ”Ikkje forbanna nokon jøde, korkje mann eller kvinne”. Likeeins blir forboda mot å gje villeiande råd, hata andre folk, skjemma dei ut eller hemna seg (§§ 240, 245, 246, 247) forklart som forbod som berre gjeld andsynes andre jødar.

Forboda mot å følgja ikkje-jødiske skikkar (§262) tyder at jødar ikkje berre skal ”fjerna seg” frå ikkje-jødar, men også ”snakka stygt om korleis dei oppfører seg, også om korleis dei kler seg”.

Israel Shahak kommenterer: ”Alle som lever i Israel veit kor djupt og utbreidd desse haldningane med hat og vondskap retta mot alle ikkje-jødar er mellom fleirtalet av israelske jødar. Vanlegvis blir desse haldningane løynt andsynes verda utanfor, men etter etableringa av staten Israel, krigen i 1967 og Begins triumf har ein større og større minoritet av jødar, både i Israel og utanfor, gradvis vorte meir opne i slike spørsmål. Dei siste åra har dei inhumane doktrinane som gjer slaveri ”naturleg” for ikkje-jødar vorte sitert offentleg i Israel, mellom anna på TV av jødiske bønder som utnyttar arabisk arbeidskraft – spesielt barnearbeid. Leiarar av Gush Emunim har sitert religiøse doktrinar som oppmodar jødar om å undertrykka ikkje-jødar, som rettferdiggjering av drapsforsøk mot palestinske borgarmeistrar og som gudommeleg autoritet for deira eigne planar om å fordriva alle arabarar frå Palestina.”

Så langt Israel Shahak.

Kristendomen og jødedomen er religionar som skilde lag. Som sitata frå ”Boka om undervising” syner, tyder ”din neste” i jødisk religion andre jødar – ikkje andre menneske. Det var her kristendomen valde ein annan veg – Jesu likning om den miskunnsame samaritanen har den tvert motsette bodskapen av ”Boka om undervisning”. Grunnen til at jødane avviste at Jesus var Messias var at dei ikkje godtok denne bodskapen: At alle menneske er brør, at ikkje-jøden var ”din neste”. Medan dei kristne har tatt eit oppgjer med religionshatet frå middelalderens Spania er jødisk hatlitteratur frå same tid og stad mellom favorittlitteraturen i grunnleggjande religionsopplæring i dagens Israel.

 

Paulus skriv i andre korintarbrevet:

”Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte.Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova.Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort.Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.”

Det er denne dødens teneste som ”kristne” israelvener engasjerer seg så sterkt i. Augustin hevda at det nye testamentet låg løynt i det gamle, og at det gamle testamentet vart openberra i det nye. Dei ”kristne” israelvenene ser ingen løyndomar i det gamle testamentet – dei dyrkar den dødens teneste som ligg heilt på overflata av teksten. I salmane står det:

”Du dotter Babel som er herja,
sæl er den som gjev deg att
for det du gjorde mot oss.

Sæl er den som grip dine born
og knuser dei mot berget!”

Men ingen som knuser småborn mot berget blir sæl – daudens teneste endar med dauden. Det gjeld anten det er Gazas eller Babylons småborn som blir knust.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere