Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Akseptabelt?

Publisert nesten 6 år siden

Nei – knivstikking av sivile er ikkje akseptabelt. Her ein liten video med israelske tryggleiksstyrkar som køyrer gjennom Aida flyktningeleir med ein tydeleg bodskap: «Om nokon kastar stein vil vi gassa dykk alle til døde. Barn, ungdom, gamle.»

 

Er dette akseptabelt?

 

https://www.youtube.com/watch?v=QC5_W_zUzHc

 

Dei siste tre åra har det vore ni forsøk på mordbrann mot palestinske heimar på vestbreidda i regi av jødiske ekstremistar. Ingen har vorte pågripne. Ingen har vorte dømt. Medan palestinske familiar døyr i mordbrann.

Er dette akseptabelt?

 

I staden for å etterforska, pågripa og straffa desse ekstremistmiljøa har Benjamin Netanyahu henta sin nye politisjef frå dette drivhuset for ekstremisme.

http://www.middleeasteye.net/news/israel-s-new-police-chief-emerges-shadowy-world-511651707

 

Er dette akseptabelt?

Gå til kommentaren
Hermod Herstad – gå til den siterte teksten.
når denne kritikken leveres samtidig med støtte til den verste massemorderen og det pr i dag mest brutale diktaturet.

No respekterer eg naturlegvis retten din til å halda deg desinformert, Herstad. Men det må likevel vera lov på å peika på nokre problem i ditt tillærte refreng:

 

At Assad er «diktator» er naturlegvis ein viktig del av propagandakverna. Dette har vore standardrefrenget i vestleg krigspropaganda dei siste tiåra. Det merkelege er at desse «diktatorane» har solid oppslutning i eige folk. No sist fekk Lukasjenko over 80% av røystene i eit val i Kviterussland som dei vestlege observatørane fann plettfritt. Kvifor?

Av di Lukasjenko har ført ein politikk som gjer at Kviterussland har noko som grannelanda manglar: Ein økonomi. Kviterussisk industri produserer vidare, folk har arbeid og inntekt og sosial tryggleik. Kva er så alternativet til dette?

Ser vi grannelandet i sør – Ukraina – har dei hatt to tilfelle av nokså tung intervensjon frå vesten. Først «oransjerevolusjonen» som førde til at Ukraina kutta dei økonomiske banda austover og gjekk glipp av oppturen under den russiske vekstperioden på 2000-talet. Så statskuppet etter Maidan som førde til at landet gjekk i oppløysing.

 

Allereide før dagens borgarkrig hadde Ukraina ei elendig økonomisk utvikling, med om lag halve BNP pr. innbyggjar samanlikna med Kviterussland. Etter at borgarkrigen byrja har dette vorte eit svart hol. Svære område med Europas beste matjord har etter statskuppet vorte selt til amerikanske selskap, som ser Ukraina som bakdøra inn på den europeiske marknaden for genmodifiserte varer som EU ikkje har opna opp for. Men elles er økonomien i landet i fritt fall. Den høgteknologiske industrien – flyindustri, rakettindustri og liknande – er no berre eit minne.

Slik sett er grannane nord for Ukraina – Baltikum – langt betre. Dei er politisk stabile (trass i at hundretusenvis av innbyggjarar i td. Latvia ikkje har pass eller røysterett). Økonomisk kom desse landa ut frå Sovjetunionen utan gjeld. I dei 25 åra som har gått har desse landa lagt ned det dei hadde av industri og liknande produksjonsliv. I staden har dei levd på ei lånefinansiert eigedomsboble, som gjer at dei i dag er kraftig forgjelda (til mellom anna svenske bankar). Store delar av arbeidsstyrken har allereide forlate desse landa av di det ikkje finst arbeidsplassar. Derimot er har du Europas største marknad for tjuvgods i Litauen – medan estarane har vorte europas flinkaste biltjuvar.

Så kvifor røyster kviterussarane på «Europas siste diktator»? Av di dei er alminnelege menneske, som ikkje har feite bankkontoar. Dei treng inntekt, skulegang til ungane sine, eit fungerande helsestell. Alle dei tinga dei vil mista om dei gjer som Ukraina og Baltikum – og søkjer vener hjå dei demokratiske landa i vest.

 

Eg let meg difor ikkje imponera av det velspelte diktatorkortet i vestleg propaganda. Joda – det er ofte eit unisont kor som utnemner «månadens Hitler» når vesten skal ut og kriga. Men bak propagandaen finst det realitetar som kan vera verdt å undersøkja.

 

Sjølv meiner eg Saddam Hussein var ei ulukke for Irak. Åtakskrigen mot Iran på åttitalet var ufatteleg destruktiv, og det er ingen tvil om at regimet var undertrykkande og stod bak grove åtak mot eige folk. Men det er heller ingen tvil om at shia- og sunnimuslimar budde i blanda grannelag i hovudstaden Baghdad utan at dette var noko problem. Folk hadde tilgang på eit fungerande skule- og helsevesen. 

 

Etter den vestlege sanksjonspolitikken på nittitalet, og etter lovlause amerikanske invasjonen i 2003 er alt dette historie. Det har skjedd ei massiv øydeleggjing. Sekteriske konfliktar mellom shia og sunni har teke tryggleiken frå millionar av menneske. Millionar er drivne på flukt. Det som fungerte i det irakiske samfunnet er stort sett historie.

 

 

For Noreg sin del er det kanskje enno meir på sin plass å peika på utviklinga i Libya. Også der var ein ivrige på diktatorpropaganda. «Våre» fotsoldatar tok livet av Muammar Gadhaffi utan rettssak, ved å valdta han i anus med ein dolk. FN vedtok ein flyforbodssone – som Noreg og andre misbrukte til å styrta dei lovlege styresmaktene i landet. I tillegg øydela ein det ein kunne av infrastruktur i landet. Eit av prosjekta Ghadaffi-regimet hadde brukt mest ressursar på var den «menneskeskapte elva» som forsynte heile landet med vatn, og som gav grunnlag for å gjera seg mindre avhengig av importert mat. Den menneskeskapte elva gjorde det mogleg med jordbruk. Denne «menneskeskapte elva» har vorte øydelagt. Dei to fabrikkane som produserte rør til denne infrastrukturen vart bomba av NATO – medan rakettbatteria som stod oppstilt i nærleiken var uskadde av bomberegnet. Islamistane, mafiaen som tener gode pengar på menneskesmugling i Benghazi-området, klanshovdingar og andre bandittar overtok og sytte for at Libya vart ein øydelagt og mislukka stat. Dei tinga Gadhaffistyret trass alt sytte for: Utdanning, helse, arbeid – er no i stor grad historie. Bruttonasjonalproduktet er halvert, og dei militsane som no styrer kvar sin del av landet forsyner seg langt meir av kaka enn dei mest korrupte tenestemennene til Gadhaffi.

 

Kort sagt: Folk i Libya hadde god grunn til å halda fast ved sin diktator i staden for å overlata landet til dei bandane som overtok under NATOS «demokratiske» sjørøvarflagg. Både Solberg og Stoltenberg seier framleis at dette krigsbrotsverket var «vellukka».

 

Etter tre veker med bombing har no russarane byrja svekka al-Nusra, IS og dei andre militsane som gulfsjeikdøma har finansiert og som vår NATO-allierte Tyrkia har hjelpt med logistikken. Dette styrkar utsiktene for at Assad blir sitjande – og dette har ført til at fleire hundre tusen flyktningar no er på veg tilbake til Syria. Kanskje endar ikkje Syria opp som ein mislukka stat likevel. Det er i tilfelle ikkje vår forteneste.

 

Eg er ikkje sikker på at det er spesielt edelt å ofra andre menneske sine liv og andre menneske sine framtidsutsikter til fordel for rein propaganda kring idear vi trur på. Og det er på høg tid vi byrjar tenkje etter kvifor vi trur på «demokratisering» gjennom borgarkrig i land som Syria.

Joda – vestleg propaganda er massiv og stort sett velprodusert. Men folk som har eigne kontaktar i Syria ser jo lett at det er noko som er systematisk hakkande gale med propagandabiletet. Det gjeld folk som ei snill og triveleg SV-dame som Elizabeth Reehorst som såg seg nøydd til å gje ut bok på eigen kostnad for å formidla kontrasten mellom det våre nyhendesendingar fortalde, samanlikna med det folk som ho hadde stor tillit til i Syria kunne fortelja. Det er allereide lenge sidan Seymour Hersh trykte sin artikkel der han hevda at det nervegassåtaket som skulle vera krona på verket i propagandaoffensiven fram til vestleg bombing ikkje var noko som Assad og regjeringa stod bak. Tvert om var det tyrkisk etteretning som stod bak det heile. I tida etterpå har det kome fleire indisiar som peikar i retning Tyrkia her.

Wickileaks har publisert dokument som syner at planleggjinga av det syriske helvetet byrja allereide rett etter Libanon-krigen i 2006. Den franske eks-utanriksministeren Dumas har hevda at planleggjinga i London var godt i gang to år før det heile braka laus. Den oskoreia av arabiske, tsjetsjenske og andre jihadistar som har vorte væpna og slept laus på Syria er ikkje «fredelege demonstrantar», slik våre media hevdar. Det er sant at det var demonstrasjonar mot Assad, og at folk hadde grunn til misnøye. Men allereide dei første vekene byrja «demonstrantar» å skyta med skarpt mot politiet, og det gjekk svært kort tid før oskoreia av jihadistar vart slept laus.

 

I denne stoda har regimet rett og plikt til å forsvara landet i det som er ein uerklært, ulovleg intervensjonskrig. Som innbyggjarar i eit land som er lojal bakspelar bak NATO-Tyrkia si øydeleggjing av nabolandet (Noreg har innført sanksjonar mot Syria, og har anerkjent ei «regjering» av eksilpolitikarar som er fullstendig irrelevante når det gjeld å sikra tryggleik og eit fungerande samfunn for syrarane) har vi faktisk ei sjølvstendig plikt til å skaffa oss informasjon om det politikarane våre held på med. Åtaket på Libya var eit krigsbrotsverk av nokså store dimensjonar, og det vi held på med i Syria er ikkje veldig mykje betre. Sjølv Tyrkias nylege offensiv mot kurdarane under dekke av å «sloss mot IS» blir kjøpt av våre NATO-politikarar sjølv om alle med eit minimum med kjennskap til kva som faktisk skjer ser at dette er rein bløff.

 

Då syrarane arrangerte val under den pådytta borgarkrigen stod titusenvis av syrarar i kø utanfor den syriske ambassaden i Beirut for å røysta på Assad. Var det «diktatoren» dei hadde rømt frå? Eller var det dei «demokratiske» bandene av islamfascistar som Tyrkia og sjeikdøma hadde slept laus som hadde jaga dei frå hus og heim? Kvifor fører dei stigande aksjane til Assad til at folk no flyktar heim til Syria igjen? Er det «diktatoren» som er problemet – eller er problemet dei hovudkappande tsjetsjenske og arabiske islamofascistane som Frankrike, Storbritannia og andre har gjeve godkjentstempel som «demokratar»?

 

For min del har eg respekt for at alminnelege syrarar ønskjer eit arbeid, ei lita inntekt, litt tryggleik og skule til eigne søner og døtre. Dei einaste som har noko å tilby på denne fronten er regjeringa i Damaskus. Lærdomen frå vestlege intervensjonar i land som Irak og Libya er heilt eintydig: Alternativet til «diktatorane» er massiv samfunnsøydeleggjing.

Om det er Assad eller andre som sit på toppen er for min del heilt uinteressant – så lenge det er den syriske, arabiske hæren som kontrollerer territoriet. Men eg unner den vanlege syrar litt inntekt, tryggleik og skulestell. Så får det heller vera at vi risikerer å lida store tap av illusjonar den dagen vi innser at den vestlege politikken og propagandaen er bygt på ein grunnmur av massiv løgn og desinformasjon.

 

Dessutan trur eg ikkje risikoen i dei fleste tilfelle ikkje er spesielt stor. Som sagt: Eg har all mogleg respekt for retten til å halda seg desinformert. Derimot er eg svært skeptisk til eit «generøst opplegg» der Storbritannia, eit sjeikdøme i Golfen og Noreg skal hjelpa syrarane. Det er Storbritannia som har vore europeisk koordinator for destabiliseringa av Syria. Det er ingen grunn til å tru at motiva bak dette nye initiativet er betre enn forsøket på å knekka den syriske, arabiske hæren med velfinansiert jihadisme har vore.

Gå til kommentaren

Overspel, Nisi

Publisert nesten 6 år siden

«Landsforræderi» er eit ord med mykje god musikk i, som folk gjerne må bruka når det er grunnlag for det. At Guillou seier mykje tull om innvandring er eg elles samd i, og Nyhagen har rett i at Guillous tullprat diverre fortel mykje om debattklimaet i Sverige.

Men bruken av omgrepet «landsforræderi» i denne samanhengen er diverre polemisk overspel. Joda, Guillou sat i fengsel for avsløringa av IB-organisasjonen. Men var denne avsløringa «landsforræderi»? IB vart oppretta som ein spionasjeorganisasjon med politifullmakter i eit samarbeid mellom den svenske forsvarsleiinga og det Sosialdemokratiske partiet i Sverige. Organisasjonen var strengt hemmeleg, og mangla lovheimlar og liknande som det kan vera kjekt å ha når du skal leika politi.

 

No er det ikkje uvanleg at eit statsberande parti i samarbeid med forsvarsleiinga opprettar hemmelege spionorganisasjonar for å spionera på eigne borgarar gjennom infiltrasjon og liknande. Men sjølv om dette er vanleg, er det først og fremst vanleg i land som Sverige ikkje likar å samanlikna seg med. Når det heile i tillegg vart avslørt, og affæren førte til ein heller stram stank, var det enklaste å døma dei journalistane som hadde avslørt det heile. Alternativet – å døma dei som oppretta spionbyrået utan heimel i noko lov – var naturlegvis ikkje å tenkja på. Sverige må trass alt ha ei forsvarsleiing, ei sosialdemokratisk regjering og liknande. Då får ein heller ta lett på kravet om ting blir gjort lovleg. Men domen mot Guillou og Bratt er ikkje den svenske rettsstatens finaste augneblenk.

 

Å bruka omgrepet «landsforræder» om ein journalist som avslører at eigen stat opererer utanfor lova i iveren etter å overvaka eigne borgarar er og blir villeiande. Og uansett kor mykje tull Guillou no seier om flyktningar no forandrar det ikkje på at han den gongen faktisk gjorde det som er journalistars fordømte plikt: Å rapportera sannferdig om eigne styresmakters maktmisbruk andsynes eigne borgarar.

Gå til kommentaren

Diverre

Publisert nesten 6 år siden

er dette vanleg, norsk hykleri. Det vi bør tenkja gjennom før vi blir med i ei "gjevarlandsgruppe" er om det ikkje er på høg tid å leggja til sides dei sanksjonane vi innførte i den perioden det var norsk politikk å styrta Assad - og innføra eit jihadistregime i staden.

Å vera "gjevarland" samstundes som vi held fram med økonomisk krigføring mot den lovlege regjeringa i Damaskus er og blir hykleri.

Det har jo heller ikkje mangla på gavmilde "gjevarar" som har sytt for at IS har hatt fabrikknye Toyota Pickup og liknande. Mellom anna har pengerike sheikdøme i Golfen vore gavmilde slik.

Den tidlegare franske utanriksministeren Roland Dumas fortalde på fransk fjernsyn at planleggjinga av opprøret som til no har ført til mange år med borgarkrig var godt i gang i London to år før dei første skota small i Syria.

Så vellukka som britane si destabilisering av Syria har vore (med godt over hundre tusen drepne) er det kanskje ikkje så rart at vi let London setja dagsordenen når vi skal pumpa inn oljepengar i vidare eventyr. Men kor "generøst" er eigentleg dette?

https://www.youtube.com/watch?v=jeyRwFHR8WY

Gå til kommentaren

Bra av KrF!

Publisert nesten 6 år siden

KrF har lagt sameskulen i Hattfjelldal inn i sitt alternative budsjett. Dette er utmerka, og syner at KrF forstår betre enn sitjande regjering kva plikt vi har til å vidareføra det mest utsette av dei offisielle språka i Noreg. KrF spelar ei svært viktig rolle i slike saker. Kanskje ei sak Vårt Land burde følgja opp redaksjonelt?

http://www.helg.no/sameskolen/hattfjelldal/nyheter/krf-vil-redde-sameskolen/s/5-24-77172

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere