Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Dette er viktig

Publisert nesten 6 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.
Vi har ingen rett til å ta livet av andre mennesker fordi de tror på noe annet enn oss. Det vi imidlertid har rett til å gjøre, og skal gjøre, er å forlange at de innretter seg etter vår kultur hvis de kommer å bosetter seg her.

Slik det er nå har pendelen slått den andre veien. Vi må gjemme julenissen for ikke å støte innvandrere. Det blir helt galt. Vi må stille strenge krav!

samstundes finst det eit "hol" sentralt i norsk kultur som julenissen fyller. For Noreg er på mange måtar "avkristna", og det er "kontroversielt" å syna fram kristne symbol og historier i samband med dei kristne høgtidene.

Dette forsterkar berre problema når vi får stor innvandring frå kulturar der det er utenkeleg å ikkje høyra til i eit religiøst samfunn.

Vi bør ha eit slags "minimum" av kristendom i eit land som har vore kristent i tusen år. Litt Jesus i Barne-TV før jul. Sundagsfri. Fredning av vilt i juleveka.

Vi treng nokre markørar av vår tradisjonelle religion i eit tid der desse tinga er i spel.

Gå til kommentaren

Dei løynde kostnadene

Publisert nesten 6 år siden

Nok eit godt innlegg frå Per Steinar Runde.

Sjølv om det blir litt på sida av Rundes tema, vil eg likevel kommentera nokre kostnader som vanlegvis ikkje blir nemnt.

Pål Steigan peikar på ein løynt kostnad i dette spelet som også høyrer med. I følgje Julian Assange i Wickileaks spelar dei «opne grensene» på lag med ein amerikansk strategi for avfolking av Syria.

Eg trur den politikken EU no fører med opne grenser er farleg – ikkje berre for oss, men også for framtidsutsiktene til eit land som Syria (i ein situasjon der den russiske intervensjonen har fått i gang eit diplomati som har lege daudt i fleire år – og som difor har ei lita glo av von).


http://deutsche-wirtschafts-nachrichten.de/2015/10/29/wikileaks-entvoelkerung-von-syrien-ist-teil-der-us-strategie/

 

Eg er redd Ungarns statsminister Viktor Orban har rett i at det ligg meir planleggjing bak den pågåande flyktningekatastrofen enn mange vil vedgå, og at årsaka til at Orban blir demonisert i mainstreammedia er at han er viljug til å snakka om det dei andre held kjeft om:

http://www.breitbart.com/london/2015/10/30/viktor-orban-slams-george-soros-well-funded-activists-causing-migrant-crisis/

 

Gå til kommentaren

Ja - og nei

Publisert nesten 6 år siden
Olav Nisi – gå til den siterte teksten.
Men alt dette som me med eit enkelt ord kan komprimera til "rasisme" - er islam seg særleg annleis ?

Det er ein viktig skilnad mellom jødedom og islam: I følgje islam er frelsa mogleg for alle menneske. Islam driv difor med misjon - nett som kristne kyrkjer.

Men også islam har eit "krypande teokrati", og det er all grunn til å vera på vakt og kritisera sjåvinisme i islamsk tradisjon. Eg går ikkje god for alt Jan Hårstad skriv, men er ikkje tvil om at Hårstad kan mykje om temaet og fortener å bli lytta til - og få saklege og grunngjevne svar når nokon er usamd.

Islam, jødedom, den katolske kyrkja, det ortodokse Russland - alt dette er stormakter. Stormakter skal ein vera forsiktige med. Og så må ein skaffa seg presis kunnskap og diskutera sakleg.

"Vær slue som ormar og fredsæle som duvor" sa mannen frå Nasareth. Det er eit godt råd.

Gå til kommentaren

Alle religionar

Publisert nesten 6 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.
Det ser ut til at mange tror at islam bare må gjennom den samme reformasjonsprosessen. Det er ikke mulig. Da må selve koranen skrives om. Det sier seg selv at det går ikke!

kan reformerast. Også islam.

Jødedomen er eit nærliggjande døme. Tilsynelatande gjev Babylons Talmud eit temmeleg vonlaust utgangspunkt for reform.

Frå reformane i jødisk religion byrja kring 1780 fram til den reformjødedomen som var ferdig utvikla i USA kring 1880 er det ei bortimot total forandring.

Ikkje avdi reformatorane forkasta dei jødiske skriftene - men avdi dei nytta det handlingsrommet desse skriftene gav.

Denne prosessen byrjar ikkje på berr bakke i islam. Det skjedde ein god del positivt i den islamske verda i åra etter andre verdskrig. Det er særleg dei siste tredve åra utviklinga har gått gale veg - særleg etter at alliansen mellom jihad, Saudi-Arabia og USA vart utvikla på slutten av syttitalet.

Kor mykje har det å seia i kvardagen at Openberringa snakkar om "Satans synagoge"? I praksis nokså lite. Det finst eit handlingsrom i alle religionar - sjølv om ingen av dei kan forandra ein bokstav i skrifta.

Gå til kommentaren

Prøv

Publisert nesten 6 år siden
Robin Haug – gå til den siterte teksten.
Jødedommen inkluderer også deg, Brendberg - hvis du skulle ville det selv.

om du får til ei meiningsfull setning neste gong, Haug.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere