Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

I denne tradisjonen

Publisert nesten 6 år siden
Arnt Folgerø – gå til den siterte teksten.
Dei skuldingane som haglar over folk som Hårstad, er og eit godt døme på den marxistiske arven, der det gjeld ikke berre å knusa opposisjonen med argument, men og med våpen, ostrakering og utrydding, noko som er fascisme i siste instans.

skal "feil" standpunkt nedkjempast, og slutten på prosessen er at dei feiltenkjande blir "ikkjepersonar". Både Hårstad og eg har vel på kvar vår veg endt opp i posisjonen som ikkjepersonar på norsk venstreside - og eg meiner Hårstad har all ære av å ha kome so langt.

Det viktigaste er å vera forplikta på sanninga, og skriva det ein sjølv meiner. Det er vel nett avdi Hårstad her let vera å følgja "skriveråd" at han av og til får sagt vesentlege ting.

Gå til kommentaren

Dette

Publisert nesten 6 år siden
Jan Hårstad – gå til den siterte teksten.
De borgerkrigene som Sverige,Tyskland og Frankrike går svanger med,vil etter mitt skjønn bli dominert av etnisk bevissthet og religionsbevissthet og i langt mindre grad av klassebevissthet.

trur eg er ein riktig observasjon, sjølv om eg er usikker på om det vil koma så langt som til borgarkrig (men Ukraina er jo eit døme på at borgarkrigen ikkje treng vera så langt unna, og fornuftige folk som Alain Soral åtvarar jo mot ei jugoslavisk utviklng i Frankrike).

Det er langt meir vettugt å diskutera på ei slik plattform enn å diskutera med utgangspunkt i eit fiktivt arbeidarklassemedvit.

Gå til kommentaren

I tillegg

Publisert nesten 6 år siden
som Brendberg elegant eller uelegant overser,

til Steigan har vi altså fått ei grunngjeving for at også Byrkjeflot er ein del av hovudfienden, og at Trondheimskonferansane er ein barnehage for reformisme - i motsett til Sandemoses alltid like korrekte posisjon (Steigan = Erdogan).

Ingenting nytt frå Sandemose, med andre ord. Men meir av det same (eg forventar ingenting nytt frå Sandemose heller).

For min del stadfestar dette berre det eg før har tenkt: "Venstresida" i marxistisk meining er eit steindaudt prosjekt, og det er på høg tid å rista støvet ut av sandalane og gå vidare.

Gå til kommentaren

Dette er truleg rett

Publisert nesten 6 år siden
Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine. Det er sjølvsagt mange ting ein kunne

og takk til Hallaråker som snakkar tydeleg i ei vanskeleg situasjon. For i denne situasjonen trengst det at hovdingar snakkar klårt, slik at vi unngår oppflising og turbulens som berre aukar sjansen for å enda i grøfta.

Så langt, så bra. Men eg saknar framleis ei meir konkret skildring av "kvar vi skal", vi som ønskjer å føra vidare kampen for den forma for ekteskap som ligg til grunn for vår sivilisasjon. Skal ein halda flokken samla, må ein slik visjon etterkvart meislast ut.

Gå til kommentaren

Om polemikk og gjenferd og ymse anna

Publisert nesten 6 år siden

Eg ser – ikkje utan eit visst nostalgisk vemod – at sansen for infam, sarkastisk polemikk innanfor eit bysantinsk univers av underforståtte premiss er ei av dei gamle kunstartane frå venstresida som framleis lever. Eigentleg hadde eg tenkt å halda med unna slik diskusjon, men sidan eg uansett blir gjort til tema i diskusjonen – anten eg skriv noko eller ikkje – så kan eg liksogodt klårgjera mine eigne posisjonar.

Når det gjeld temaet «Hårstads skrivemåte» trur eg Slagsvold på mange måtar har sagt det som skal seiast. Talet på «liker»-klikk på Hårstad sine bidrag er svært stort, og Hårstad er truleg ein av dei som dreg flest lesarar til «Verdidebatt». Hårstad har ein langt meir polemisk skrivemåte enn det eg i utgangspunktet likar, men det er jo først og fremst ein smakssak.

Når det gjeld Hårstads innhald er nok det av eit slag som folk som reknar seg for å vera «progressive» vil rynka på nasen av. Det har Sandemose truleg rett i. No reknar ikkje eg meg for å vera «progressiv», og eg trur Hårstad har rett i at multikulturalismen og liknande «progressive» prosjekt er den glansfyllte innpakninga til fenomen som lyser elitistisk maktbrynde lang veg. Så langt har Hårstad rett. Om det å bruka omgrepet «fascistisk» er klårgjerande i denne samanhengen er eg meir usikker på.

Pål Steigan og Brynjulv Mugås har også vorte gjort til tema. Mugås veit eg lite om, men Pål Steigan kjenner eg litt. Eg er litt usikker på kvifor dei to er relevante, men eg tolkar Sandemose i retning av at dei to utgjer ein slags hovudfiende. Om eg er litt velviljug ein slags taktisk hovudfiende? Det er eit standpunkt som sikkert ville vera mogleg å grunngje på eitt eller anna tidspunkt i historia. Om det er slik i dag er eg meir usikker på.

Sandemose hevdar at Steigan og AKP i stor grad er same type fenomen som Erdogans AKP. Det er eit interessant synspunkt, som det er mogleg å forstå. Her på kysten blir fenomenet kalt «med»: Når to ulike ting ligg i same kompassretning frå utkikkspunktet vil dei bli liggjande framfor kvarandre på «same stad». Nyttar du forlenginga av den rette lina mellom dei to tinga som utgangspunkt kan du nytta slike «med» til å finna eigen posisjon. Det kan vera nyttig. Det politiske universet er eit fleirdimensjonalt univers, og Sandemose sitt observerte med i denne saka fortel meg nokså tydeleg at vi har ulike politiske posisjonar. Det er sjølvsagt ikkje til hinder for at vi i andre saker kan sjå dei same meda – og soleis ha posisjon på den same politiske aksen.

I tråden har det også vore litt diskusjon om proletarisering. Dette er Sandemose i mot av prinsipp, medan eg oppfattar Folgerø som meir nyansert. Eg har sjølv hatt det store privilegium å kunna samarbeida med sjølvproletariserte folk som td. Arne Byrjeflot i samband med kampen mot norsk EU-medlemsskap i 1994. Byrkjeflot er etter mi meining ein svært dyktig og kunnskapsrik fagforeiningsaktivist og lokalpolitikar. Eg trur det har vore viktig – og positivt – for norsk fagrørsle at folk av hans type har valt å nytta store delar av livet på å utvikla ein fagleg oppsosisjon av det slaget du ser på td. Trondheimskonferansane. Og eg har store vanskar med å sjå kvifor dette skulle vera «prinsippielt» feil. Her trur deg Sandemoses observerte med – AKP = AKP (Steigan = Erdogan) – kan vera forklaringa på denne prinsippielle feilslutninga.

Folgerøs meir pragmatiske kritikk trur eg har meir for seg. Eg har ingen vanskar med å sjå for meg at det også var mykje politisk tungetale i den karismatiske fasen av AKP-rørsla, og at denne tungetalen for utanforståande kunne vera plagsam. Problematikken er sikker kjent frå andre samanhengar, og det finst sikkert andre folk her på Verdidebatt som kan fortelja om liknande røynsler.

For AKP var proletariseringa likevel naudsynt – av di fotfeste i eit politisk potent proletariat var naudsynt om det verdsbiletet dei hevda skulle gje meining. Slik var proletariseringa ein logisk konsekvens av den «indian summer» som marxismen og dei tradisjonelle venstrekreftene opplevde på syttitalet. Ei siste bløming før den politisk korrekte vinteren sette inn.

Men om ein vender blikket frametter – mot ein ny vår av eitt eller anna slag – trur eg nok Hårstads polemikk gjev ein meir påliteleg kurs Sandemoses tru på at kapitalismen skal frigjera produktivkrefter på globalt nivå saknar fundament. Problemet med den globaliserte kapitalismen er jo at denne utviklinga av produktivkrefter meir og meir er i ferd med å bli underordna. Det er andre trendar som er langt sterkare.

Om du til dømes har eit vassverk som i alle år har gjeve innbyggjarane tilgang på godt og billig vatn, så vil dette i dag gje for lite «verdiskaping». Om kommunen derimot får dårleg økonomi og blir tvunge til å selja vassverket til private, kan ein auka betalinga for vatnet mykje. Slik aukar «verdiskapinga».

Denne formen for «kapitalisme» utviklar ikkje produksjonskreftene – det er det motsette som skjer. Grunnen til at mange i dag har Lenovo PC er at Lenovo overtok IBMs nisje i marknaden. Selskap som IBM og andre har dei siste tredve åra måtta nytta enorme summar på å kjøpa opp eigne aksjar på amerikanske børsar – og slik syta for stigning i aksjeverdiar og utbyte til aksjonærane. Desse pengane vart tidlegare nytta til forsking og utvikling, men i dag blir dei nytta til reine finansoperasjonar i staden for til langsiktig investering. I eit land som USA er difor industrien i forfall. Det same gjeld Frankrike og mange andre vestlege land.

Det som skjer er ei reføydalisering. Både dei klassiske frihandelsteoretikarane som Adam Smith og Rickardo, og dei sosialistiske læregutane deira (Marx!) ønskte å frigjera produktivkreftene frå den massive vekta av passiv ran av verdiar som det føydale jordeigarmonopolet kunne krevja inn (alle «bompasseringane» som du måtte betala i det førrevolusjonære Frankrike, til dømes). I dag blir vi reføydalisert av ein global kapital på jakt etter objekt for slik passiv innkrevjing (bompengar, vassavgifter osb. i privat regi). Den kredittfinansierte eigedomsmarknaden som gjer det dyrare å bu for kvar generasjon er eitt av dei viktigaste uttrykka for dette.

Den klassiske venstresida er som Isaiah Berlin påpeikte daud. Men det politisk korrekte gjenferdet lever vidare – og tener i stor grad som ei forlenga arm for denne reføydaliseringa. Eg trur Hårstads polemikk kan vera nyttig for å bryta gjenferdets makt.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere