Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Poenget mitt

Publisert nesten 6 år siden
Slike røyndomselskere er jeg ikke redd for.

har aldri vore å gjera deg redd. Eg har faktisk ingen slike ambisjonar.

Eg trur aldri nokon har vorte skremt til djupare forståing.

Elles takk til Ferling for fornuftige bidrag.

Gå til kommentaren

Nøkkelen

Publisert nesten 6 år siden
Slike saker viser hvor fatalt det kan være om ikke arbeiderklassen blir fokus for seriøs analyse og agitasjon. PK-folk, som har all nytte av å spre myter om "marxismens fall" og det klassiske venstres sammenbrudd, samt liknende fantasier, kan her lett alliere seg med naive innvandringskritikere. Til det verste for oss alle.

til dei politiske ulukkene som vil velta over oss i åra som kjem ligg ikkje i arbeidarklassen - sjølv om ein naturlegvis må sloss for å forsvara fagrørsla sin plass i norsk arbeidsliv og liknande.

Det klassiske venstres samabrot er eit faktum, og ingen ritual og ingen liturgi og ingen preiker kan gjera noko med dette. Røyndomsfornekting er ein strategi for å barrikadera seg mot tunge realitetar - men gjev inga von om gjera noko med desse realitetane.

Sandemose må gjerne agitera for førti nye år med ørkenvandring. Men han kan ikkje forventa at dette er noko alle synest er like fornuftig. Sandemose har naturlegvis fornuftige ting å seia - og desse tinga får vi diskutera sakleg.

Men eg reserverer meg mot å bli innforstått i Sandemoses fiktive kategoriar. Den klassiske venstresida si skal han få ha for seg sjølv. Good riddance.

Gå til kommentaren

Sjølvhat og verbal krig

Publisert nesten 6 år siden

Eit positivt sjølvbilete er ein føresetnad for å kunna diskutera fornuftig og ta kloke avgjerder. Det nasjonale sjølvhatet i land som Sverige og Tyskland er difor farleg. Det står i vegen for ein nasjonal samtale som finn vegar vidare. I eit land som Noreg er vi heldigvis framleis i stand til å inkludera ulike røyster og synspunkt i det nasjonale ordskiftet – og vi greier framleis å feira nasjonaldagen vår på brukeleg vis. Også inkludert våre nye borgarar

http://www.unz.com/ldinh/germany-against-itself/

Gå til kommentaren

Israel Adam Shamir

Publisert nesten 6 år siden
Gunnar Søyland – gå til den siterte teksten.
eller Jøran Jermas, som han egentlig heter.

No er det ikkje rett at Shamir er mitt «førebilete» - Shamir er ein god ven som eg har kontakt med no og då. For tida bur han i Moskva. Han er kommentator i Komsomolskaya Pravda, i tillegg skriv han på engelsk for Unz Review – ein av dei mest interessante nettpublikasjonane på amerikansk høgreside. For dei som er interessert i å lesa finst artiklane hans her:

http://www.unz.com/author/israel-shamir/

 

No er det ikkje sant at Shamir «eigentleg» heiter Jermas. Då han lot seg døypa til den kristne trua for femten år sidan tok han mellomnamnet «Adam», og det fulle namnet hans er såleis Israel Adam Shamir.

Shamir er nemnleg – i motsetnad til Søyland – først og fremst oppteken av det nye testamentet. Og av Paulus sin bodskap til menneska. Han ønskjer ikkje stå i det Paulus kallar «daudens teneste». Det er naturlegvis ei stort vonbrot for sokalla «bibeltru» som ønskjer nytta Bibelen som påskot for å vera skrivebordsgeneralar, samla mektige hærar, nedkjempa filistarar og slikt noko.

Joda – det er sikker ei slags sjeleverming i å gjera som i salme 137 – å sitja og gråta og tenkja på Sion. Men dette har ei anna side. Les du vidare står det:

«Du dotter Babel som er herja,sæl er den som gjev deg at for det du gjorde mot oss. Sæl er den som grip dine born og knuser dei mot berget!»

Sovidt eg veit er over ein halv million av «Babels born» drepne dei siste tiåra i dei nykonservative sine ulike krigsprosjekt som skal gjera «verda trygg for Israel». Kor sæle vi blir av all denne øydeleggjinga er ei anna historie.

Eg trur vi heller bør tru på fredsfyrsten, og på eit rike som er løynt for oss – og som ikkje kan dominera Midt-Austen med sine jagarfly og atomvåpen.

Gå til kommentaren

Naziideologi?

Publisert nesten 6 år siden
Kjell Nødland – gå til den siterte teksten.
Essensen der var at det eneste som kunne hjelpe jødene var konvertering og assissmilasjon... Reinspikka naziideologi!

Jødedomen i middelalderen var stabil, avdi jødane var rettslause som individ. «Statsborgarskap» var ikkje utvikla – alle var undersåttar, og for jødane sin del var det kontrakten mellom den rabbinske leiinga og fyrsten som sette grensene for den einskilde jøde sine pliktar. Systemet var nokså likt det «millet»-systemet du fann i islamske land. Kva einskild jøde var på nåde og unåde underlagt rabbinarane si makt – og den jøde som ikkje følgde alle dei mange påboda i den heilage lova stod under eit høgst reelt trugsmål om straff. Om du ikkje vaska hendene dine på rett måte, om du utførte ulovleg arbeid på ein av heilagdagane, om du ikkje heldt mjølkemat og kjøtmat strengt frå kvarandre – så venta straff. Alt frå bøteleggjing til pisking. Vanlegvis hadde ikkje rabbinarane fullmakt til å døma folk til dauden (jamfør korleis Pontius Pilatus måtte godkjenna dødsstraffa mot Jesus), men i praksis kunne dei koma med «hemmelege» dødsdomar i rettssaker der den tiltalte ikkje var til stades og ikkje kunne forsvara seg (slik det skjedde i dei tilbakeliggjande delane av Russland heilt fram til om lag 1880.

Heile dette tvangsapparatet som rabbinatet si makt var  bygt på forsvann då emansipasjonen gav jødane borgarrettar (og dermed som borgarar på lik line med andre i staden for å eksistera som ei gruppe «på sida av» samfunnet). Og dette førde til opplysing, reform – og assimilasjon.

Assimilasjon verkar båe vegar. Den gruppa som blir assimilisert mistar evna til å tvinga medlemene sine til å halda saman. Samstundes vil kulturen til denne gruppa prega samfunnet – særleg når det er snakk om ei gruppe som får ein posisjon innanfor eliten (slik jødane jo gjorde).

Det var denne assimilasjonen – og denne påverknaden – som tysk reaksjon og etter kvart tysk nazisme ønskte å gjera slutt på. Tysk kultur vart "forjøda", i nazistane sine auga. Nürnberglover og liknande tok sikte på å dytta tyske jødar ut i den ghettoeksistensen  dei kom frå. På 1930-talet var dei fleste tyske jødar alminneleg, liberalt småborgarskap – og det lå mange generasjonar mellom dei og den sterke religiøsiteten i den ortodokse religionen.

Eg er tilhengar av religiøs fridom for alle – også jødar. For min del er det ikkje noko problem om jødar blir assimilert – folk må kunne velja sjølv kva liv dei vil leva. Det gjeld også jødar. Om muslimar i Noreg mistar tilknyttinga til islam og blir sekulære reknar eg det ikkje som noko problem (så lenge det ikkje er eit resultat av tvang).

Før planane om folkemord byrja setja dagsorden, var nazistane sin politikk å stogga assimilasjonen ved å gjeninnføra ghettoen med makt. At assimilasjon no blir kalt «nazipolitikk» er eit interessant døme på korleis historieforfalskinga fører til omsnudde perspektiv.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere