Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Min posisjon

Publisert nesten 7 år siden

Min posisjon ligg vel nær Israel Shahak, som meinte staten Israel representerte ein form for reaksjon som gjekk i retning av ei totalitær styreform. Eller som han sa: ”Eit jødisk Sparta som lever på arabiske helotars arbeid”. Eg har så langt ikkje kome over noko betre analyse av det moderne Israel enn ”Jewish History, Jewish Religion”, som eg lenkar til under. I tillegg også ”Open Secrets” av same forfattar, og Stephen Sniegoskis ”The Transparent Cabal” om Irakkrigens røter i høgresionistiske miljø. Sveriges anerkjenning av ein palestinsk stat er symbolsk, og dette kjem ikkje til å bli realisert. Den einaste løysinga som kan bidra til å løfta Midtausten opp av vald og middelaldersk barbari er like borgarrettar for alle som bur mellom Middelhavet og Jordanelva. Men det er eit stykke til vi kjem dit.

https://archive.org/details/JewishHistoryJewishReligionTheWeightOf3000Years

Gå til kommentaren

Stabilitet?

Publisert nesten 7 år siden

Problemet er at vi ikkje går stabile tider i møte. Veljarane har allereide byrja flykta unna fjorårets valvinnarar. Ser vi ut i Europa ser vi svært ustabile politiske situasjonar i land som Frankrike. I ein slik situasjon trur eg KrF gjer klokt i å ta vare på eige tyngdepunkt. Regjeringsansvar saman med Høgre og FrP vil i praksis gjera partiets profil usynleg. Det å binda seg til masta er lurt når det er sirenesong du skal segla inn i, men det er vel ikkje det som er problemet i dag? Sjølv om NHO-leiaren meiner KrF er forplikta til lette i formuesskatt som prioritert sak.

Gå til kommentaren

Vanskane

Publisert nesten 7 år siden

Bra innspel, men når ein først skal undersøkja landskapet i skjæringspunktet mellom KrF og AP: Handteringa av reservasjonsadgang for fastlegar m.m. har jo ikkje vitna om stor musikalitet frå leiinga i AP. Skal KrF samarbeida mot venstre må jo partiet vera attkjennande og bli høyrt i verdispørsmål. Her ligg det eit lite minefelt. Sjå elles

 

http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat2/thread11535947/#post_11535947

Gå til kommentaren

Sentrum

Publisert nesten 7 år siden

I rolege tider vil modellen din stemma. Men når dei store spørsmåla kjem i spel - som td. under EU-kampen - vil tyngdepunkta i norsk politikk plassera seg annleis. KrF bygde seg opp som konstruktivt opposisjonsparti under Gerhardsenregimet. Samarbeidsmønstra med Ap går heilt tilbake til denne epoken. Som Senterpartiet har KrF tyngdepunktet sitt i norsk periferi. Å binda seg eintydig til eit borgarleg samarbeid er ei oppskrift på å gje frå seg evna til å setja dagsorden - og bli irrelevant. Svært sentrale ting i norsk politikk har vorte til som forlik mellom KrF og Arbeidarpartiet. Dette gjeld alt frå EØS-avtalen til Opplæringslova. Vi går inn i urolege tider i Europa, ingen har løysingar på den svært alvorlege økonomiske krisa som er i ferd med å utvikla seg. Minst av alle FrP. Men skal KrF ha høve til å manøvrera godt på opprørt hav, trengst ei svært god forståing i partiapparatet av dei farvatna dei skal manøvrera i. Om ikkje vil ein gjera val som løner seg på kort sikt, og straffar seg på lang sikt. Som Bondevik II. Elles er det rett at styringsdyktige regjeringsalternativ er ein av tinga som dreg veljarar. Men soga til FrP syner jo meir enn noko at dette berre er ei side av saka.

Gå til kommentaren

Litt lettvint

Publisert nesten 7 år siden

At Bondevik handterte tilhøvet til Carl I Hagen uheldig er vel ikkje knapt nokon stor løyndom. Men at støtte frå FrP skal vera noko varig og trygt grunnlag for ei regjering der KrF set dagsorden er ein annan diskusjon. Å ha ansvar på Frps nåde er ikkje enkelt – berre spør Kåre Willoch. FrP vil i opposisjon ha eit svært opportunistisk tilhøve til både Høgre og Arbeidarpartiet – utan at dei er noko sentrumsparti. Og for KrF vil tilhøvet til FrP vera spenningsfullt på grunn av svært ulikt menneskesyn og partiprogram.

Nittitalet var sentrum sitt tiår i norsk politikk. Det handlar ikkje berre om KrF, men i høg grad også om Lahnsteins Senterparti og Sponheims Venstre. Sentrumspartia greidde på kvar sin måte å setja dagsorden for norsk politikk. I første runde var det Senterpartiet som henta ut vinsten av dette, i neste omgang KrF. Men regjeringssamarbeidet med Høgre splitta sentrum – Venstre og KrF vart med i regjering, Senterpartiet gjekk i opposisjon. Høgre og Arbeidarpartiet er kanskje usamde om mykje, men dei er samde i dagsordenen: Kva som skal diskuterast. Og i ein situasjon der KrF sat med regjeringsansvar men med avgrensa evne til å setja dagsorden var det bortimot ei naturlov at nedturen kom. All verda partileiarbyter og annan indremedisin kunne ikkje forandra på dette. Eit betre samarbeid med eit gjerrig og sjølvopptatt FrP ville heller ikkje vore noko mirakeloppskrift.

Det er når sentrum – og KrF – greier å setja ein annan dagsorden enn polariseringa mellom Høgre og Arbeidarpartiet at det opnar seg rom for KrF i norsk politikk. Skal partiet koma i åtaksposisjon igjen er det ikkje nok å manøvrera andsynes ein dagsorden som blir sett av andre. Partiet må ha indre styrke til å setja dagsorden sjølv. Slik sett er Lunde si bok ei bok til rett tid. Det finst ingen «quick fix». Men alle dei som har patensvar på kva KrF bør gjera i ein vanskeleg situasjon kan fort koma i vegen for denne breidare prosessen som KrF treng. Dei fleste undervurderer kor vanskeleg balansekunst Hareide må handtera i åra som kjem.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere