Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Åndsmakt

Publisert nesten 7 år siden

Jan Hårstad skriv: "Dette hykleriet må det bli slutt på. Mere sannhet,mindre røyklegging." Det er ein parole eg fullt og heilt sluttar meg til. Problemet med hykleriet er at det gjer dei eksisterande byråkratia, propagandamedia og etablerte mønster allmektige. Kor optimistisk ein kan vera i denne stoda er ein diskusjon for seg, men eg trur ein må sjå etter dei lyspunkta som finst. Den kristne rørsla er eitt av desse lyspunkta - avdi kristendomen og kyrkja potensielt er ei åndsmakt. Men då snakkar eg sjølvsagt om den kyrkja som ikkje dansar i takt med det rådande regimet - slike som Øyvind Benestad i "Mor, far, barn"-alliansen og liknande folk som først og fremst er forplikta på den kristne sanninga. Her trur eg dei nærmaste åra vil vera avgjerande. Men elles er eg positiv til all åndsmakt som ikkje er ute etter å hykla seg opp til ein eller annan karriere innanfor regimet.

Gå til kommentaren

Webside? Gjerne

Publisert nesten 7 år siden

Jan Hårstad er misnøgd med at eg skriv om det han meiner er nærmast lokale spørsmål. Eg har skrive ein lengre kommentar til Erik Lunde si bok om kristedemokrati, og ein kommentar om det tydelege brotet mellom KrF og dei blåblå. For min del er eg godt nøgd med at vi får eit ideologisk tydelegare kristendemokrati i dei tidene vi går inn i. Den russiske, politiske filosofen Alexander Dugin, som i vest blir baktalt, men ikkje lese, har lansert det han kallar «den fjerde politiske teorien». Den som tek seg tid til å lesa denne boka, vil sjå at Dugin grunngjev kvifor den tenkjinga som har lege til grunn for dei politiske systema i vår del av verda i stor grad har gått ut på dato. Boka er skrive for nokre år sidan, men varslar også det brotet mellom Russland og Vesten som har vorte synleg siste år.

 

Det er svært langt frå at den norske eliten har noko forståing av dei turbulente tidene vi er inne i. Noko småstatsmedvit eller småstatspolitikk har vi heller ikkje. Eitt og anna lyst hovud, som Asle Toje, kan glimta til av og til. Men elles er mangelen på sjølvstendig tenkjing heilt påfallande. I denne stoda synest eg det er positivt når eg ser teikn eit meir ideologisk sjølvmedvitent KrF. I den store samanhengen er sjølvsagt dette småtteri. Men eit steg i rett retning skal rosast lell.

 

For i dei tidene vi er på veg inn i kjem religion til å få ei svært viktig rolle i politikken, og trua på eit liberalt regime der religion nærast er ei privatsak av same slag som kva farge du har på underbuksa står for fall. Framveksten av ei ny, ortodoks kristen statsreligion i Russland er berre ei side av dette. I slike tider er det bra at det blir tenkt grunnleggjande og prinsippielt om tilhøvet mellom staten og kristendomen, slik Erik Lunde gjer det i si bok.

 

Ei side som omsette viktige tekstar og talar til norsk ville naturlegvis vore kjærkomen. Hårstad nemner Putin sin tale i Sochi, kan henda den viktigaste politiske talen i vår generasjon. Ein kunne nemna Victor Orban sin særs viktige, og omstridde, tale sist sommar. Med internett er vi ikkje lenger avhengig av norske eller for den den vestlege journalistar for å kunnskap. Eg har sjølv på andre debattfora freista få folk til å lesa alternative nyhendekjelder som «Vineyard of the Saker», «Russia Innsider», «Lew.Rockwell.com», «American Conservative», «Counterpunch», og i tillegg kunnskapsrike kommentatorar utan tilgang til hovudstraumsmedia – slike som Stephen Sniegoski og Jonathan Cook. Ei side for omsetjing av slike ting ville utan tvil vore nyttig i dagens situasjon.

Gå til kommentaren

Ein medisin med biverknad

Publisert nesten 7 år siden

Eg er ikkje usamd i at tankesmier er ein uting i det demokratiske ordskiftet. Men dei er der, og det er ein grunn til at det blir brukt mykje pengar på slikt. Om sentrum kunne funne ein ny modell for å gje kraft til sin eigen dagsorden kunne det hatt stor verdi - ei "tankesmie" som først og fremst dreidde seg om å engasjera grasrotrørsler. Elles synest eg Simonnes sin metode - å snakka om kva som ligg bak engasjementet til Civita - er heilt på sin plass.

Gå til kommentaren

Sverige

Publisert nesten 7 år siden

"Sverige er opptatt av å redde Midtøsten, men hvem skal redde Sverige", spør Jan Hårstad. Eit godt spørsmål. Den førre svenske utanriksministeren drog Sverige inn i Polen og USAs eventyrpolitikk i Ukraina - eit eventyr som så langt har ført til truleg godt over ti tusen drepne. Den nye svenske regjeringa har tatt fleire seg tilbake her. Faktisk har dei mest USA-lojale i den svenske forsvarsmakta arrangert hysterisk ubåtjakt etter ein ikkje-eksisterande ubåt for å motverka politikken til den nye regjeringa. Så har Sverige engasjert seg i symbolpolitikk andsynes det sitjande israelske regimet. Det gjorde også Hellas før finanskrisa - men då den greske staten gjekk tom for pengar vart plutseleg gresk politi ei forlenga arm av regimet i Jerusalem. For min del ser eg ingen overhengande fåre for Sverige slik, men kven veit. Sveriges hovudproblem er eit moralistisk regime som hindrar vettug debatt om innvandrings- og integreringspolitikken. Men dette har lite med Palestina å gjera.

Gå til kommentaren

Oppklåring?

Publisert nesten 7 år siden

Hårstad meiner eg er «uklår». Konflikten i Palestina er så langt ein hundreårskrig, og diverre er eg redd vi kjem til å få mykje underhaldning i åra som kjem også. Sverige og ein del vestlege land held no på med å anerkjenna ein palestinsk stat. Det er ein prosess eg er positiv til, men som ikkje dreier seg om realitetar. PLO erklærte ein palestinsk stat allereide på åttitalet, sjølv om staten ikkje oppstod av den grunn. Som politisk markering hadde dette likevel verdi. Korleis Hårstad kan påstå at det er «aktuell politikk» å oppretta ein palestinsk stat forstår eg ikkje heilt. Deling av Palestina i to statar – ein jødisk og ein palestinsk – har vore ein del av retorikken kring konflikten heilt sidan FN vedtok delingsplanen i 1947. Under denne retorikken ligg det nokre realitetar. I ei melding av Benny Morris si bok i Dag og Tid brukte Nils Butenschøn omgrepet «etnokratiets iboende logikk» eller noko i den dur. Det er ein del av desse realitetane. Jødiske kritikarar som Israel Shahak og før han rabbi Elmer Berger har peika på at det dette også dreier seg om ein meir grunnleggjande logikk: Ein konflikt mellom den tenkjinga som har dominert vestlege samfunn sidan opplysningstida på eine sida, lengten etter ghettoen totalitære (og «reine») samfunn på hi. Elmer Berger drøfta dette grunnleggjande mønsteret i «A Partisan history of Judaism» - ei bok som framleis toler å bli lese, over seksti år etter at ho kom ut. Eg har sjølv snakka med folk som opplevde å høyra rabbi Kahane forklara korleis jødedomen skulle reinsast for all «hellenisme» - eller med andre ord den vestlege, humanistiske arven.

 

Å leggja fram «modellar til løysing» på dette stadiet av konflikten meiner eg er risikosport. Heile statsmønsteret i området som vesten teikna etter første verdskrig er for tida i oppløysing. I tillegg foregår det eit diplomatisk spel mellom stormaktene for tida med svært høg innsats i potten. Vladimir Putin heldt nyleg ein tale i Sochi der han i sjeldan klarspråk las teksten til vestlege elitar. Shanghaiorganisasjonen og BRICS-landa på eine sida, USA og NATO-landa på hi er engasjert i ein svært mangesidig konflikt, som mellom anna har ført til at eit av Europas største land, med 40 millionar innbyggjarar, for tida er i oppløysing. I slutten av denne månaden går tidsfristane for tingingane med Iran ut. Utspela til Sverige, det britiske parlamentet m.fl. om ein palestinsk stat inngår i dette svært kompliserte maktspelet – der dei amerikanske elitane til ein viss grad er i strid med seg sjølve. Slik sett er desse utspela både riktige og nyttige. Men det er eit godt stykke derifrå til politiske realitetar.

 

Ser vi på politiske realitetar har den israelske leiinga dei siste vekene freista sparka i gang eit palestinsk opprør gjennom provokasjonar i Jerusalem. Dette har så langt ikkje ført fram. Byggjinga av busetjingar i Vestbreidda held fram, og står i praksis i vegen for ei meiningsfull palestinsk eining. I denne stoda trur eg ikkje ein kan seia noko tydelegare enn «palestinske borgarrettar» - rett til liv, eigedom og rettstryggleik. Dette kan (minst sannsynleg) tyda ein palestinsk stat på Vestbreidda og i Gaza, ein sams stat med like rettar for jødar og palestinarar, eller ei eller anna form for føderativ statsløysing i Levanten. Men om ein ønskjer fred og stabilitet må ein minimum avskipa dei delane av den israelske statskonstruksjonen som sikrar ein etnokratisk logikk, og som knytter staten til organisert, jødisk religion i utlandet. Heimkomstlova, den jødiske forvaltninga av grunneigedom og eit par andre «grunnleggjande lover» må bort. Som Frank Chodorov skreiv allereide på femtitalet: «Israel er berre delvis Israel, resten er verdsomspennande sionisme. Og det er ikkje sikkert kva del som lograr med kva. Inntil dette er avklara vil freden i Midtausten vera i spel, og amerikansk utanrikspolitikk vil vera i ein tilsvarande tilstand av uorden.» Alfred M. Lilienthal karakteriserte på same tid det merkelege tilhøvet mellom staten Israel og den verdsfemnande sionismen som «abnormal, and a dangerous freak». Om du byrjar med konseptet «jødisk stat», blir resten av verda problemet. Difor trur eg heller ein bør leggja dette konseptet til side, og sjå på løysingar som kan sikra interessene til dei som bur i området – jødar, kristne og muslimar. Hebraisk språk bør naturlegvis vera garantert. Men stat og religion må skiljast på ein heilt anna måte enn i staten Israel.

 

Du har sjølv skrive ein del ting som er nokså opplysande om dei nykonservative si rolle i dette spelet. Den nykonservative ideologien heng nært saman med Israel som ein jødisk stat. Skal ein bryta nokre av dei mønstra som gjer det globale systemet ustabilt og valdeleg, trur eg desse ideologiske mønstra med røter i religion er noko av det viktigaste å sjå nærare på. Det gje i alle fall meir meining enn å teikna «løysingar» på teiknebrettet utan noko forståing av desse underliggjande problema.

 

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere