Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

Då vart eg merksam

Publisert nesten 6 år siden

på e-posten frå Morken.

Grunngjevinga frå Morken for å sletta tråden er brot på regel 4 - om generalisering av grupper.

I tråden gjorde eg eksplisitt merksam på at generaliseringane ikkje galdt jødar i dag (fleirtalet av jødar i verda følgjer ikkje halacha). Generaliseringane mine gjeld jødar som levde under klassisk, rabbinistisk styre. I dag vil dei tinga eg drøftar i stor grad dreia seg om ultraortodokse sekter (habad, satmar osb.) og nasjonalreligiøse. Og eg nemnde mellom anna rabbi Elmer Berger som døme på ein jøde som stod for det motsette menneskesynet.

Trass i at eg er nøye med å ikkje generalisera, fell innlegget for regel 4.

Morken kjem i e-posten sin med tilleggsgrunngjevingar for kvifor rolla som redaktør for mine bidrag her på VD er krevjane. Dei grunngjevingane er etter mitt skjøn gode, og eg har ingen ting å utsetja på dei. Eg synest Morken gjer ein utmerka jobb.

Det fjernar likevel ikkje problemet - som er ein grunnleggjande mistillit til eit regime som gjer at dagspressa er stengt for kritiske innsikter om jødisk religion. Medan det mest overflatiske og villeiande møl blir trykt villig vekk.

Det beste for alle partar trur eg difor at eg forlet VD med umiddelbar verknad. Eg kjem frametter til å publisera mine ting på diskusjonsgruppa "Vi som bryr oss om avisa Klassekampen" på Facebook - ei lukka gruppe som folk er velkomne til å melda seg på. Gruppa blir administret av 20 friviljuge.

Eg seier takk for gode diskusjonar, og ønskjer Vårt Land all mogleg lukke med å utvikla dette forumet vidare.

Og med det har eg sagt mitt på VD

Gå til kommentaren

Den moralen

Publisert nesten 6 år siden
Søren Ferling – gå til den siterte teksten.
Hans kapitalismekritik har en del for sig - det er mere hans moral, konservative ikke kan tolerere.

du siktar til har Marx i stor grad til felles med alle "progressive" ideologiar - inkludert det liberale humanisteri. Og denne framstegsmoralen saknar fundament - og slepp difor demonismen inn bakvegen.

Gå til kommentaren

Tilsvaret

Publisert nesten 6 år siden
Robin Haug – gå til den siterte teksten.
Kan du ikke gi tilsvar i den opprinnelige tråden?

gjorde greie for ein del historiske tilhøve som ikkje er alminneleg kjent. Det var ei drøfting som var lenger enn Hoves trådstar.

Det faglitteraturen som har opplyst temaet har i stor grad kome ut dei siste 25 åra - og er lite omtalt i vanleg presse.

Skal ein då underbyggja at den påstanden som Hove påstår er "løgn" vil det vera ei rein avsporing av Hoves tråd, som handla om vald i Israel/Palestina.

Dermed blir skuldinga om "løgn" ståande, medan den faktiske oppklaringa blir teke bort.

Den drøftinga som er teke bort synte elles at Hove trur at rabbinsk jødedom byggjer på lova og profetane - og at han tydelegvis er stort sett ukjent med tolkingstradisjonen i rabbinsk jødedom. Slik sett var diskusjonen interessant og oppklarande.

Også med tanke på at grunnlaget for skuldinga om "løgn" var ikkje var at eg hadde kome med feilaktige opplysningar - men at Hove manglar grunnleggjande kunnskap på det feltet der han trur seg kompetent til å fella verdidomar.

Det er jo også føremålet med offentleg ordskifte: Å syta for opplysing av ei sak ved at alle argument kan koma fram.

Gå til kommentaren

Du må nok

Publisert nesten 6 år siden
Petter Kvinlaug – gå til den siterte teksten.
Så der ligger altså forklaringen til Vestens selvhat. Den kapitalistiske klasse må til pers fordi de er undertrykkere. Så hjelper det altså ikke om en selv skulle være en del av den. Det overopphøyde mål er å skape en verden av likhet. Metoden går altså ut på å ødelegge det som er bra i stedet for å bygge opp det som er dårlig og på den måten skape likhet! Det er den eneste muligheten de ser, å ødelegge, fordi de har ikke skapt noe som helst selv i sitt liv. Marx satt aldri sine ben i en produksjonsbedrift. Han ville bare ødelegge og rive ned det han syntes var urettferdig.

freista gå litt djupare ned i spørsmåla om du vil forstå vestens sjølvhat. Marx visste svært mykje om korleis kapitalismen utvikla nye produktivkrefter og dytta til sides dei føydale utsugingssystema som hadde dominert tidlegare. Og det er framleis svært god grunn til å lesa mykje av det Marx skreiv - Marx har med rette klassikarstatus.

Ein av grunnane til at den konservative høgresida og kyrkja historisk har gjort det dårleg er at det dette i lange periodar har vore tilnærma idetomme rom. Denne typen lettvintretorikk er oppskrifta på intellektuell parkering.

Gå til kommentaren

Nei

Publisert nesten 6 år siden
Hermod Herstad – gå til den siterte teksten.
Jeg stoler på at dette var ironi? :-)

eg synest Ferling seier mykje fornuftig. Vi er nok litt usamde når det gjeld Stalin, men elles synest eg han har eit alternativt perspektiv som er svært nyttig.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere