Hans Olav Brendberg

Alder: 7
  RSS

Om Hans Olav

Følgere

So klårt

Publisert over 5 år siden

kan det seiast. Klårtenkt og ryddig oppsummering av Kvalbein.

Gå til kommentaren

Heimesnektra?

Publisert over 5 år siden

Det var eit maktmisbruk, og ei vrenging av religionen, som Luther gjekk ut mot. Og kløyvinga var ikkje hans ønske - Vatikanet var fanga i eige maktmisbruk, og Luther sin reformasjon var effektiv avdi mykje av det Luther skreiv var sant.

Men Luther burde søkt einskap med dei austlege kyrkjene då einskapen med Roma vart umogleg. Havannaerklæringa gjev nokre byggjeklossar for dei som ønskjer einskap i den store kyrkja - utan å hiva det som var riktig i Luthers reformasjon over bord.

Gå til kommentaren

Nei

Publisert over 5 år siden
Be that as it may (hehe).... hvis disse språkene er en form for potemkinkulisser i et språkbilde som er i ferd med å i praksis trekke sitt siste sukk eller allerede har fått koldbrann og vil dø først om litt, blir det mest et spørsmål om når man skal stenge av maskinen. Jeg oppfatter deg dit hen at du egentlig forstår dette, men at du skulle ønske det ble gjort en innsats nærmest på tross av behov og ønsker i folket. Man kan da ikke tvinge noen til å lære seg eller opprettholde kvænsk og samisk bare for at det skal leve videre?

dette er ikkje potemkinkulisser, og språka er ikkje døyande. Men sant nok - om du brukar øks på pasienten, vil han døy. Det er slett ikkje trong for å tvinga nokon til noko som helst - men staten må ta seg av plikta til å gje folk ei grunnopplæring på eige språk. Nett slik staten gjer med nordsamisk, nynorsk og bokmål.

Kultur kostar pengar, om du skal vera seriøs. Du må faktisk ha ein del funksjonar i ein skriftkultur. Det må lagast lærebøker, det må gjevast ut litteratur. Det må gjevast ut aviser. Dette er ikkje noko "døyande" innanfor sørsamisk - tvert imot har eg sett det motsette. Minsteguten som byrja med sørsamisk andrespråk i haust har ein heilt annan tilgang på barnebøker - omsette og nyskrivne - enn det eldsteguten hadde då han byrja for ti år sidan.

Eg trur korkje Noreg eller td. Spania kjem til å bli eittspråklege land. Trendane går ikkje den vegen du trur - det er lenge sidan dette snudde.

Gå til kommentaren

Vanskelege vurderingar

Publisert over 5 år siden
Da kommer vi til politikernes dilemma; høna eller egget? Hvem skal man holde liv i? Umiddelbart virker det unaturlig å tvangsutskrive noen til å lære seg samisk i lærerutdanningen og øremerke dem til en fremtid i språkets tjeneste. Om vi har nådd tippepunktet allerede er ikke godt å si, men slik jeg tolker situasjonen er vi i ferd med å komme til et stadium hvor man kan se for seg at samisk parkeres som levende språk i Norge.

Naturlegvis har Njål Kristiansen rett i at det kan liggja vanskelege vegval i dette stoffet. Då er det viktig at saka blir opplyst, slik at ein veit kva ein held på med.

Eg er sjølv halvstudert røvar, men målreising og språkpolitikk er faktisk noko eg kan noko om. Eg har svært god oversikt over målreising og språkpolitikk i Noreg (er tidlegare leiar i Norsk Målungdom), god oversiktskunnskap over målreising på Færøyane, ein viss kunnskap om tilsvarande rørsle i td. Slovakia (Slovakisk målreising frå Ludovit Stur og Bjørnson kampanje for minoritetsrettar for slovakane), irsk målreising (frå irish revival på slutten av attenhundretalet fram revitaliseringa av irsk-gælisk i Nord-Irland etter 1970) og noko kunnskap om gjenreisinga av hebraisk språk frå slutten av attenhundretalet (eg les og snakkar litt hebraisk).

Dette, saman med ein god del røynsle frå organisasjonsbyggjing og liknande arbeid, gjer at eg slett ikkje trur sørsamisk er noko døyande språk i dag. I slike spørsmål er vilje viktigare enn tal, og det eg ser er eit miljø med sterke haldningar og mykje vilje. Men ingen kan i dag byggja ein skriftkultur på rein dugnad, utan at staten betalar kostnadene med grunnopplæring og nokre nøkkelfunksjonar. Det gjeld ikkje berre sørsamisk - sjølv dei norske språka ville få store problem om opplæringa og kulturformidlinga i dei vart eit reint, dugnadsbasert fritidstilbod.

Eg kjende ein gong Jan Tore Sanner - den gongen vi begge sat i landsstyret til Norges Gymnasiastsamband for ein liten mannsalder sidan. Det var ein arena for billig retorikk - tileigna på siste kurs i tale- og debatteknikk i AUF eller Unge Høgre. Det hadde sin sjarm, men eg fann vel ut at dette ikkje var noko for meg, og har nytta livet etterpå på å læra noko og gjera noko. Eg må vedgå at eg vart trist då eg høyrde på Sanner i stortingsdebatten etter årsmeldinga frå Sametinget. Det var som å gå rett inn i ein tidsmaskin - Sanner freista så godt han kunne å gøyma seg bak retoriske fikenblad som ikkje var noko større enn dei eg minnest frå den gongen.

Vi har fem språk som er verna av den norske grunnlova. Skal ein gjera endringar i institusjonar, opplæringstilbod eller lknande med store konsekvensar for eitt av desse språk må jo eit minimumskrav vera ei saksutgreiing. Og ei slk saksutgreiing er jo i og for seg på veg - regjeringa har sjølv sett ned samisk språkutval for å utgreia desse spørsmåla. I staden for å venta denne utgreiinga vel regjeringa å fremja denne dramatiske endringa for sørsamisk som ei rein budsjettsak - med russestyret i Bærum som einaste faglege utgreiar.

Men om eg er oppgjeve over Høgre (Framstegspartiet gidd eg ikkje kommentera i desse sakene) som må eg vedgå at eg er "månebedotten" over KrF, for å seia det på bergensk. Dette må vera eit arbeidsuhell - og partiet bør raskt koma seg på banen for å retta opp feilpasninga.

Gå til kommentaren

Vedtaket kan ikkje bli ståande

Publisert over 5 år siden

Avisa Sagat er konkluderer svært tydeleg når det gjeld kva konklusjon denne saka må få. Regjeringa har ingenting å syna for seg når det gjeld kva dei kan tilby neste år. Det finst ikkje eit minimum av saksførebuing - Stortingvedtaket er bygt på slagord og myter:

http://www.sagat.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=1058

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere