Jostein Sandsmark

Alder: 85
  RSS

Om Jostein

Pensjonert adjunkt på Geilo. Les først debattsidene i VL og Dagen.
Fødd 1936

Følgere

Ja og Nei til kvinnelege prester

Publisert 5 måneder siden

Det har vore ein lang debatt mellom Oddvar Søvik og Olav Kydland m/fleire i media.  Kydland held fram dei prinsippielle sidene,   det opphavelege,  den ideelle ordninga frå skapinga av.

Oddvar Søvik ser pragmatisk på den stoda me opplever i dag – i vår syndige verd med alle våre brot og fall som me har gjort og gjer.  Han ser at det er mange døme på at Gud har kalla og utrusta kvinner til å gjera ein framifrå innsats i hans kyrkje.

Eg har halla til  Kydlands fløy, men ser at O.S. har nokre vektige moment i sin argumentasjon.  Kven har rett?   Begge.   Me må makta å få eit heilskapleg syn og sameina desse synspunkta,  -  og få til eit samarbeid for felles sak.

Kva ville Jesus ha gjort i vår situasjon?  Det veit me svaret på ut frå Mark 9,40 der puritanaren Johannes kjem til Jesus og er forarga over at nokon tek seg mandat til å arbeida i Guds rike – utan å vera godkjend.  Han venta sikkert ros for sin skepsis til «dei andre» og sa:  «Meister, me såg at ein som ikkje var i fylgje med oss dreiv ut vonde ånder i ditt namn, og me forbaud  han det, for di han ikkje var i fylgje med oss». 

 «Flott», sa Jesus – «du står for den rette læra og vil at bodskapen blir framboren av dei som har fått mandat og har reine hender».  Nei.  Jesus var forbløffande positiv, raus og inkluderande då han sa:  «Du skal ikkje forby …. for den som ikkje er i mot oss, er med oss.»   (tenk det sa Jesus!)

Me kan trygt samabeida også i nattverdssamanheng med kvinnelege formidlarar. Sakramenta er ikkje avhengig  og mister ikkje si kraft av måten, midlet eller formidlaren.

Vanskelegare er det å gå i spann med dei som bryt klåre bod og bibelske føresegner.  Som bispekandidaten som reiser seg frå knefallet etter å ha gjeve sitt bispeordinasjonsløfte – og proklamerer sitt hyrdeembete med å seia:  «Jeg vil kjempe for de homofiles rettigheter».

Eller den aldrande biskop som i møte med heidenskapen uttalar: «Kristendommen og islam har kjærligheten felles». –  Det er blasfemi.

Sjølv med kvinneprestar som fører ein liberal teologi, og lesbiske prestepar med feminist-ideologi,  er det rettast å vera venleg og omgjengeleg.   

Faren for – og freistinga til å å sjå kvinneprestspørsmålet med loviske, sekteriske auger er stor. Det er kanskje lettare å sjå det hjå andre enn hjå oss sjølve:                                                                                                                     Adventistane er steile på at berre laurdagen er den rette dag for sabbatsfeiring.  Prinsipielt har dei rett i det.  Opphaveleg var det sabba, den 7. dagen som av Gud vart kåra til kviledag og helging.  Men oldkyrkja – som søkte støtte og makt i det romerske keisarveldet – som hadde sine gudefeiringar på sundagen – valde å flytta sin heilagdag i samsvar med Romarriket sin. Dessutan fekk pavekyrkja synt sin antipati mot jødane – dei som hadde drepe sjølvaste Frelsaren.  

I same ånd valde dei den latinske namneforma på jøden  Yeshua Messiah,  og kalla han Jesus Kristus.

Slik har det vore i nær 2000 år, og ein adventistven eg har meiner det er snakk om tap av evig liv dersom eg ikkje legg om kviledagsfeiringa til sabbaten – laurdag.  Men å gå over til laurdags-sabbatfeiring for heile samfunnet nå er ikkje  pragmatisk og ikkje i Jesu ånd.

Kviledagen skal ikkje vera til ulempe,  og det ville han bli om me her på Geilo skulle byta dag.   Jesus sa:  «Sabbaten vart til for mennesket,  ikkje mennesket for sabbaten.»

Å nekta, avvisa fellesskap med kvinnelege prestar kan lett føra til tilstandar som er skildra i likninga om ugraset i kveiten.  Jesus rådde frå å driva med ugraslugging.

 

Gå til innlegget

Kvinneprestar

Publisert 6 måneder siden

Det er nokre bibelord og forhold som ikkje har vore framme i debatten.

Då læresveinane diskuterte ekteskapsmoral med Jesus og fann den for streng og krevjande, sa Jesus: «For dykkar harde hjartos skuld gav Moses dykk lov til å skiljast ….; men frå først av var det ikkje så».  Matt 19,8.    Altså er det eit høgare nivå som ideelt sett er det beste – og som ikkje er ugyldiggjort eller bortfalle, - men som i vår vonde verd og med vår falne natur ikkje let seg gjennomføra.   Eit døme frå dagleglivet:

Ein familiefar er utru, skil seg og gifter seg på nytt og stiftar ny familie.  Så vert han omvend og ser si synd. Han får Guds tilgjeving, men synda sine fylgjer kan ikkje reverserast;  gjort er gjort.  Han kan ikkje venda tilbake til sin første familie – det ville vera å gjera dobbel urett.

Det er tydeleg at synd og det vonde i verda gjer at opphavelege ordningar ikkje let seg gjennomføra og etterleva.  Slik trur eg det også kan vera med ordninga at berre mannlege leiarar skal stå i kyrkjelydane.

Det ser ut til at Gud er fri til å utrusta og kalla den han vil til spesielle oppdrag – utan at det skal rikka ved dei almenne, fastgjevne ordningane for oss.  Han gav tilmed Bileams asen taleevne då profeten trong ei tilrettevising.

Då farisearane ville ha læresveinane til å teia, sa Jesus: «Dersom dei teier skal steinane ropa».  Me menn som var utpeika og tildelt oppdraget har svikta.  Gud må visst reisa opp kvinner for å få utført oppdraget.

Å oppleva eit kall er ikkje alltid gyldig kvalifikasjon til ei teneste.  Me har vel sett at folk i kallsteneste, anten det er på misjonsfelt eller i anna kallsrelatert arbeid - at vedkomande aldri skulle hatt den stillinga.  Var det Gud som sto bak kallet?

Kvinneprestar som har følt  på eit kall til å gjera preste/hyrde/leiarteneste og fylgt dette kallet – har dei gått til Guds Ord og fått bekrefta at det var rett å gå den vegen?  For det er ikkje kjenslene som skal styra våre val, men det som er rett i fylgje Guds Ord, -  Andens leiing.

Til forsvar for kvinnelege prestar blir det vist til mange døme på at kvinner har gjort ein stor og verdfull innsats på eit felt der det etter Bibelens ordlyd var tiltrudd menn.  Men er det gjort tilsvarande søk på døme der kvinnelege prestar og leiarar har vore til skade for Guds Rike og hans kyrkjefolk? Dei fleste kvinneprestane står for ein liberal teologi, og mange forfektar ein feministteologi som ikkje kan vera frå Gud.

«På  fruktene skal treet kjennast»:  Har det blitt talt opp dei kyrkjelydane som er blitt splitta, sprengde og svekka i sitt åndsliv, og der velsigninga har blitt nedtappa fordi sjelehyrdingen har ført ein tale og eit liv som ikkje var i samsvar med Bibelen?  

Nonner, lever dei i synd?  Dei lever ikkje etter Guds første oppdrag og påbod:  «De skal vera fruktbare og fylla jorda og leggja henne under dykk». Nonner gjer ikkje det, men dei fylgjer eit kall til å tena Gud og Kristi kyrkje på jord.  Alle treng ikkje gifta seg og få born.

Ein viss parallell er å sjå hos adventistane om Guds påbod og deira syn på laurdagssabbaten og sundagshelg. Ordninga tek dei så bokstaveleg og alvorleg at dei gjer det til ei saligheitssak å feira sabbat på laurdag.  

Pavekyrkja flørta med keisarmakta og sameina den heidenske sundagsfeiringa av guddomane i Roma-veldet med den kristne oppstode-feiringa. Slik vart sundagen lovfesta som heilagdag, -  og i tillegg fekk kyrkja gjeve uttrykk for sin antisemittisme og markert avstand tiI jødane,  - dei som hadde krossfest sjølve Frelsaren.

I dag ser heile den kristne kyrkja bort frå  (med unntak av adventistane) det klåre sabbatsbodet og held sundagen heilag.  Men ville det vera rett og godt å gå tilbake til laurdagssabbatsfeiring?  Neppe.

Feminismen og den trendy tenkinga med kjønnskvotering er ikkje eit samfunnsgode. Menn og kvinner er ulikt utrusta og er tiltenkt ulike oppgåver og tilpassa ulike oppdrag.  Erna:  «Vi trenger flere kvinner i forsvaret».  Er det så sikkert?  Sikkert er det i alle fall at me treng fleire kvinner til å bera fram sine foster –  og skapa ein heim for dei nye liva.

Gå til innlegget

Infrastrukturen på Den nye jord

Publisert 6 måneder siden

Det er svært lite å halda seg til når det gjeld forholda og tilveret i æva på den nye jord, og tilvisningane i GT og NT er vanskeleg å halda saman.

Somme meiner det er bortkasta og spekulativt å vera oppteken med dette temaet, men Paulus seier i Kol 3,2:  «Lat hugen vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda». Då kan det ikkje vera så gale å fantasera litt og prøva å få eit bilete av tilveret i æva.  Det kan vera kjekt å utforska tilgjengeleg kunnskap.

Kor er det nye paradiset?  Me snakkar om å koma til himmelen, - men det er vel meir rett å tala om den nye jord?  «Det skal bli ein ny himmel og ei ny jord».  Og må ikkje den nye jorda bli langt større enn den gamle om ho skal kunna røma alle dei frelste sjelene opp gjennom tidene?

Skal me halda fram der Adam slapp ved syndefallet?  Han vart sett i paradiset for «å dyrka og verna hagen».  1 Mos 2,15.  Dyrka, -  javel, men verna?  Kva vern var det trong for?  Kunne det vera noko anna enn dei ville dyra som skada eller tok for seg av matplantene? Skal jorda dyrkast berre med handemakt, eller trengst det avansert maskinelt jordbruk?  Eller treng kanskje ikkje det nye, gjenskapte mennesket føde  – ettersom  «Det nye mennesket vert fornya etter sin skapars bilete..»  Kol 3,10.  (Vel, Jesus åt etter oppstoda.)

Jesu skildring av den himmelske sæla – opplevd som eit festsamver med overdådig servering av «margfulle rettar og gammal klåra vin …» er kanskje ein metafor for den høgste form for ei gild festsamkome.  Likeins når han talar om «Den som får sitja til bords med Abraham, Isak og Jakob…»

Kva skapnad skal me få i den komande verda?  Den einaste som har synt seg med den nye, oppstadne lekamen er Jesus.  Han var både attkjenneleg og ukjenneleg.  Emmausvandrarane var lenge saman med han før han vart attkjend.  På stranda ved Genesaretsjøen gjekk det ei stund før dei skjøna kven han var.  Då han kom inn gjennom stengde dører, var dei fulle av tvil.

Vår identitet skal me likevel ha, men den vert ikkje knytt til klesdrakt eller kroppslege kjenneteikn.  Adam og Eva var nakne i Paradiset før syndefallet utan å vera det bevisst.  Sidan det ikkje er seksualitet, ekteskap og forplantning i det nye tilveret, har me ikkje kjønnsorgan.  «Er som englane i himmelen», - sa Jesus i undervisningstimen til saddukearane.  Mark 18,24.

Me vil ikkje ha nokon fysiske avgrensingar i stoff, «tid» og rom. («tida er endt», Op 10,6.)

I gravferder blir det jamt snakka om at alle jordiske gåter skal få svar, og håpet om at me skal møta att alle våre kjære i himmelen. Men dette er det vel ikkje dekning for i Bibelen.  Der står det at  «Alt skal bli nytt» - og me skal  «Ikkje minnast det som var».  Menneskelege, jordiske relasjonar er oppløyste.  Det ville vel vera utåleleg å møta att dei ein har såra og synda mot i det jordiske liv, alle ekteskapelege sidesprang ein har møtt, - og han som skjenda dottera mi.

Det spørst om me vil kjenna att vår familie, vener og kjenningar – sjølv om Jesus snakkar om å sitja til bords med namnkjende personar som Abraham og Isak.  Det er ikkje sikkert at det er meint bokstaveleg.

Det står litt i Skrifta om aktivitetane og gjeremåla i himmelen.  Men dei synest ikkje å vera så fengjande for folk flest.  Dei har meir tiltru til vulgærutgåva som Dagbladet framstiller:  Dei frelste sjelene sit på ein skydott, dinglar med beina og spelar på harpe i det uendelege…   Det er ikkje til å få himmellengt av.  Men det kristne samfunnet har ikkje vore flinke til å koma med eit sant og truverdig bilete av det evige livet:  Eit tilvere i n’te potens av alt det gode og vakre her på jorda, der alt det som skjemmer og skaper smerte og liding, tårer og sakn er vekke.  Vår gode jord var berre ein kladd for eit evig paradis med useielege kvalitetar, mogelegheiter og gleder.  Eg trur det er rett å kjenna på forventningsglede.

Glede og frygd er ofte nemnt i Skrifta og står sentralt både i det jordiske og himmelske livet. Kjelder til glede er familie, samver med andre, meistring og skaping, song, musikk, scenekunst, estetikk, fritidssysler med spenning, sport og naturopplevingar.  Gud er ofte nemnt som Skaparen av universet, og den som studerer og opplever naturen med sitt mangfald og velde, sitt mikrokosmos og makrokosmos – blir fylt med ærefrykt og glede.  Og skapartrongen som er nedlagd i oss er vel ein flik av den guddommelge kreasjonismen.

Kva musikkinstrument skal du spela i himmelen? – spør eg i blant mine vener.  Der har vel alle absolutt gehør og velklingande røyster.  Tenk å kunna spela piano som Andsnes, eller fiolin som Igor Oistrakh!  Eg ser også for meg gleda ved å køyra storslalåm og meistra ei krevjande løype i stor fart, -  ja, og så på sommarstid spela tennis!

Kanskje spenner me bogen for spakt og forventningane for lite. Eg minnest dottera vår som i to-treårs alderen hadde ei plastpotte som ho likte så godt.  «Får eg ha den i himmelen?» spurde ho.  «Jadå, vennen min», svara den kloke mora, og ungen var tilfreds.

Kvifor openberra Jesus så lite for oss om Det evige livet?  Truleg fordi me ikkje har evne til å gripa det.  Me er bundne til tidsdimensjonen og er sperra for innsyn i den komande ævedimensjonen.  Me lever som i gullfiskbolla – kan ikkje femna det uendelege havet.  Men me kan vera trygge på at Gud i sin kjærleik vil vil gje oss det aller beste.

Gå til innlegget

Tankar om bøn

Publisert 6 måneder siden

Me skal be, utan å manipulera

 Bøn er eit forunderleg tema. Bøna har så mange uttrykksmåtar at det er ikkje lett å få oversikt.

Bøna er universell – og eit element i alle religionar. Kva ber heidningane om? Får heidningane positive bønesvar?

Bøn er ofte tema i Bibelen. Bodskapen må vera at bøn er viktig, eit stort gode og grunnlag for store velsigningar.  «Be, så skal de få» heiter det i Jesu munn i Matt 7,7. Det er greitt å ta innover seg. Vanskelegare vert det å ta til seg den store lovnaden  hos Mark 11,24: «Alt det de ber om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det».?? Litt som å ta spennetak i lause lufta.

Skal bønene vera korte eller lange? Bibelen omhandlar begge deler. Marias bøn i bryllupet i Kana er ei av dei kortaste: «Dei har ikkje meir vin». «Kyrie eleison!» frå den blindfødde var også lang nok til at Jesus handla. Røvaren på krossen nøydde seg med to setningar: «Tenk på meg når du kjem i ditt rike».. Eittordsbøna ba Jesus sjølv for den døvstumme: «Effata!»

«Be uavlatelig» oppfordrar Paulus i 1 Tess 5,17.  Og i 1 Tess 3,10 fortel han at: «Natt og dag bed vi inderleg …» Men det vil neppe bety at me skal mumla bøner utan stans, men som Karsten Isachsen skriv om: – å vera i bedemodus heile tida – vera open for det som Gud har å seia oss. I sine lange einsame bilturar har han korkje musikk eller dagsnytt:  – men han sit der og er «inntrykksåpen».

Bøn bør vera tovegskommunikasjon der ein må gå stilt «for å høyra Guds fottrinn».

 I Ap 12,5  står det: «Kyrkjelyden bad inderleg til Gud for han».  Det er altså kvalitetsskilnad på bøn. Oppramsing utan engasjement duger ikkje. At bøn kan ha ulik kvalitet og tyngde ser me i forteljinga hos Matt 17,14 der læresveinane ikkje makta å driva den vonde ånda ut. Jesu forklaring var: «Men dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste». Altså ligg kvalitetsskilnaden hos bedaren. Hans faste kan vera med å gje auka kraft til bøna.

Når det vart tillyst bønemøte på bedehuset for 50-100 år sidan, skjedde det alltid knelande på golvet ved kvar sin stol. Ukomfortabelt, - men hadde truleg sitt tilsikta føremål og verknad. Det var både inkluderande og ekskluderande på dei som vart inviterte til å delta.

Har deltakartalet noko å seia for utfallet av bønene? I Matt 6,6 står det: «Men når du vil be, gå då inn i kammerset ditt…». Altså åleine. I Matt 18,19 les me: «Alt det to av dykk her på jorda er samde om å be om, skal dei få av Far min i himmelen».  Men me har vel alle ei kjensle av – og ei erfaring  med at det å be i samla tropp – gjev styrke til bøna?

Forbøn. Paulus bad om forbøn – for seg og for andre – einskildpersonar og grupper. Kva er det for mekanisme som kan dryssa goder og velsigningar over eit anna menneske ved mi bøn? Er bøneretten ein flik av Guds allmakt? Har Gud gjeve oss eit verktøy med guddommelege fullmakter og verknader?

Men kvifor skal me be når Gud på førehand veit kva me treng?  Matt 6,8: «Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det». Og ennå tydelegare Rom 8,26: «For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden ber for oss med sukkar det ikkje finst ord for». Så kanskje den rettaste bøn er ei ordlaus bøn til Gud?

Har bøn tilbakeverkande kraft? Fleire døme tyder på det. Gud er ikkje bunden av tida slik som me er. Hjå oss heiter det før, nå og heretter. For Gud er alt . Han står utanom tida. Gud har sagt at me skal be. Tidspunktet for han er underordna. For han er alt nå. Bøn etter at svaret er gitt har hatt sin verknad. Ingen kan vita kva svaret hadde vore dersom ikkje bønene hadde blitt bedt. Men Gud visste om bøna og baka den inn i sitt svar.

Ei gruppe ber for ein dødssjuk. Men personen døyr. Ei anna gruppe veit ikkje det og ber vidare. Vil desse bønene bli annulert? Sjølvsagt ikkje. Det er ingen tidsfrist for bønJes 65,24: «Før dei ropar vil eg svara». Ropet kom etter at svaret frå Gud var gjeve. Det er aldri for seint å be.

Bønesvar. Ei sann historie om bønesvar fortald av ein 10-års gut: «Eg var på veg til hønsahuset for å sjå etter egg. På verpestaden var det jammen eitt i tillegg til reils-egget og lyste kvitt i halvmørket. «Nå blir mamma glad», tenkte eg, tok det fine, ferske egget og var på veg opp frå løa med det. Det var så godt å halda i og så fint å hipsa opp og ta igjen i handa. Handa var likevel litt ufri. Det var jo eit egg. Men, tenkte eg, hadde det vore ein stein, ville eg kunna hipsa det høgt opp og ta hys utan den minste fare for å mista det. Eg let som det var ein stein og kasta det litt høgare. Og så endå høgare. Men då vart eg fælen, det var jo likevel eit egg – handa stivna og egget datt rett i bakken! Splæsj! sa det. Eg storkna i heile kroppen, sto rett opp ned og våga ikkje sjå og ba inderleg til Gud at det ikkje hadde skjedd. Men eg høyrde at det hadde skjedd og måtte sjå: Det var eit under! Egget låg uskadd i den blaute gjørma i søkket av eit hestefar. Eg lyfte egget varsamt opp or skiten, vaska det vel og bar det inn til mamma. Ho vart glad for egget, og eg sa ingenting om underet eg hadde opplevd».

 

Den manipulerande bøna.

Kan den førekoma? Svartekunstene i gamle dagar med formlar i Svarteboka  var vel forsøk på å fanga  Vårherre med hans eigne ord.

Det er to døme i NT – då Peter ropte frå båten på Genesaretsjøen : «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet!». «Ja, visst er det eg, men det er ikkje di sak å gå på sjøen, - men kom berre du!»  sa kanskje Jesus med eit smil – «men det er på eige ansvar – eg har bede deg å vera i båten».  Så gjekk det som det måtte: – då Peter såg det harde veret og det hasardiøse stuntet han hadde lagt opp til –  svikta trua og motet, og han sokk ned. Det løyste ut den fortvila bøna «Herre, frels!» - som straks vart innfridd.  Han hadde ingenting ute på sjøen å gjera – anna enn for å få ei strålande oppleving å visa til.

I Matt 4,3 fortelst det om då djevelen prøvde seg med ei manipulerande freisting for den utsvelte Menneskesonen: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal verta til brød!».  

Det nærliggjande svaret ville vera – «Javisst, det er inga sak: «Bli til brød!»  Og Jesus ville ha vist både for Satan og seg sjølv at han var Guds Son.

«Ver trottuge i bøna» seier Paulus.  Når treng ein trott? Når noko er langdrygt og balesamt. Når noko krev uthald – når noko ikkje kan gjerast med eit rykk eller skippertak. Så dersom me blir motlause i våre bøneliv, kan det vera trøystefullt at Paulus erkjenner at det er eit arbeid – stundom kanskje eit slit – men det har si løn.  Luk 18,2: Den urettferdige domaren. Matt 15,22: Den kananeiske kvinna. 

Det vakraste som står om bøn er vel orda i Op 5,8 – at Gud samlar opp bønene i gullskåler.

Albert Einstein sa på slutten av sitt liv då ein student spurde om det var noko att å forska på: «Nokon må forska på bøn. Me må finna ut kva det er med bøn».

Bøna kan sjåast på som eit middel til eit gode, eit åndeleg bad, eit styrkeløft og ei krafttilførsle – eit tilbod frå Gud til eit godt og fornya kristenliv - og eit verktøy for å utvida Guds Rike..

Gå til innlegget

KrF - PDK

Publisert 8 måneder siden

Trufaste KrF-veljarar klagar over at kristenfolk svekkjer KrF ved å stemma på PDK. Men tilbakegangen til KrF frå 13% til 3% skuldast ikkje avskallinga til PDK – men lekkasje til andre parti og Heimesitjarpartiet. 

Hadde derimot dei hundretusen som har forlate KrF-skuta gått over til PDK, ville me fått eit slagkraftig kristenkonservativt parti der alle Grunnfjell-KrF-arar ville kjenna seg heime.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere