Jostein Sandsmark

Alder: 84
  RSS

Om Jostein

Pensjonert adjunkt på Geilo. Les først debattsidene i VL og Dagen.
Fødd 1936

Følgere

Befriende lesning om islam!

Publisert 17 dager siden

Basel Kadems innlegg: "Islamofobi" skapes av islamske tekster, ikke karikaturtegninger" - er et sjeldent stykke lesning i diskusjonen om islam og Mohammed i våre vestlige samfunn - en artikkel som burde bli lest og tatt til etterretning av mange.

Gå til innlegget

Fordekt rasisme

Publisert 23 dager siden

- er krenking av menneskeverdet

Den frie vilje, evnen til selvstendige valg, vår integritet – er en del av gudsbildet i oss.

Derfor er stakkarsliggjøringen av innvandrere, asylanter og folk fra den 3. verden skjult rasisme - en nedlatende holdning som krenker menneskeverdet.

Men det tilfredsstiller vår egen godhetsfølelse – og gir oss god samvittighet.  

Gå til innlegget

Profetord om sioniststaten Israel

Publisert 25 dager siden

Ord til erstatningsteologane

Eg har alltid nøydd meg med profetorda  som er å finna hjå Jeremias og Esekiel når det gjeld jødane og Lovnadslandet.  Men oppfyllingsteologane les Esekiel med andre briller og kjem ut med eit heilt anna syn: Det er ikkje Gud som har oppretta jødestaten Israel i 1948.

Så har eg lese alle dei små profetane, og der er det mykje å finna som samstavar med Esekiel slik han forkynner det rett fram:  Jødane skal få att sitt fedreland, flytta inn der og leva med Guds velsigning og få det godt.

Det vert hevda at jødane er eit ugudeleg folk, staten Israel er høgst sekulær, og at alle lovnader i GT er gjevne med vilkår: – dei må omvenda seg. 

Men profetorda, serleg Esekiel, har ei litt anna rekkefylgje for jødane.   Esekiel 36,19-24-28: «Eg spreidde dei mellom folkeslaga, dei vart strøydde ut i landa…. Eg hentar dykk frå folkeslaga, samlar dykk frå alle landa og fører dykk heim til dykkar eige land. Og eg skvettar reint vatn på dykk, så de vert reine…….Då skal de få bu i det landet eg gav fedrane dykkar».        Og Paulus profeterer i Rom 11,26:  «..skal heile Israel bli frelst…»

Hoseas 3 – serleg vers 5: «Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren sin Gud og David, sin konge; og skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar.»   Det er dette som nå står for døra og er i ferd med å skje – og som erstatningsteologar ikkje har fått auga på.

Hos 14,5: «Eg vil lækja deira fråfall, for vreiden min har vendt seg frå dei.»

Hos 11,11: «Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur…». Kanskje profeten ikkje kunne beskriva  El-Al flya betre enn ved å kalla dei «fugl» og «due»?

Hos  14,8: «Atter skal dei bu i min skugge, endå ein gong skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå Libanon.»    (Golanhøgdene produserer nå kvalitetsvin)

Hos 14,10: «Kven er så klok at han skjønar dette, så vitug at han merkar seg det?».  Nei, ingen oppfyllingsteolog  har sett det ennå – sjølv om det er «fakta på bakken.» Eg og mange andre har sett det.

Etter Hoseas fylgjer Joel; 3,1: «Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske….».  Har Gud forandra seg? Eller er det Den nye Pakt som er begynt å gjelda – som somme ikkje har fått med seg?  At den ikkje berre gjeld for oss heidningar, men også når Gud vender hjarto for jødane?  Joel 3,6: «For sjå, i dei dagar og på den tid  (1948?)  når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem…».    Kan Jerusalem bety noko anna enn Jerusalem – Israels hovudstad?

Joel 23,23: «Den dagen skal det henda at fjella dryp av druesaft…..» ??? 

Amos lyser dom over Gaza og filistarane (palestinarane?)  1,6. - Amos 9,8: «Men eg vil ikkje heilt gjera ende på Jakobs ætt, seier Herren».  9,11: «Den dagen reiser eg opp att Davids falne hytte………som i gamle dagar».  

Er dette ei konkret, fysisk, geografisk oppattbygging, - eller oppfyllings-teologisk?   9,13: «Sjå, dei dagar skal koma……. Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk…» (jødane?)   3,15: «Eg plantar dei atter i eiga jord; aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land, som eg har gjeve dei, seier Herren din Gud.»  

Det skulle vera nok med dette siste ordet til Hoseas for å avvisa erstatningsteologane som tidfester det til etter Babylon; - for då miste dei landet i tusen år!  Nå har dei «atter» fått landet til «odel og eige»!

Obadja. 1,17: «Jakobs ætt (jødane?) skal ta att sin eigedom.» 19: «Dei som bur i Negev, skal ta Easaus fjell i eige……».  (lyder ikkje dette ganske konkret/geografisk og dagsaktuelt?)

Mika. 2,12: «Eg vil samla dykk alle, Jakob. Eg vil samla Israels rest, føra dei saman…» 4,7: «....dei bortdrivne til eit mektig folk»  (vart Israel eit mektig folk etter Babylon?  Nei, først nå – etter 1948).  7,18: «Kven er ein Gud som du, som tek bort skuld og tilgjev brot for resten av sitt eige folk? Han held ikkje evig fast på vreiden…. 20: «...truskap mot Jakob  (Israel?) …. så som du høgtideleg lova våre forfedrar i gamle dagar.»

Nahum 2,3: «Herren skal atterreisa Jakobs stordom og Israels velde.»     (ein av desse må vel kunna vera jødestaten Israel?)

Sefanja 2,7: «Dei som er att av Juda-ætta, skal få landet ved havet i eige. Der skal dei ha sitt beiteland, og om kvelden skal dei kvila i husa i Askalon. For Herren deira Gud skal sjå til dei, han skal venda deira lagnad».          Tel-Aviv og Haifa ligg nettopp på slettene ved havet.

Sefanja 3,9: «Då vil eg skapa folka om og gje dei reine lipper, så dei alle kallar på Herren og samlyndte tener han».

Sefanja 3,19-20: «…og fører saman dei bortdrivne. Eg gjev dei ære og ros over heile jorda, der dei før var vanæra. På den tid fører eg dykk heim, då samlar eg dykk. For eg vil gje dykk ære og ros mellom alle folk på jorda, når eg beint framfor augo på dykk vender dykkar lagnad, seier Herren».      Ja, israelittane sankar stadig ros og vørnad på mange område.

Det ser ut til at profetenane  snakkar til tungnæme folk som ikkje ser kva som skjer og må ha det inn med skei; dei gjentek og gjentek.

Sakarja 1,17: «Atter ein gong skal byane mine fløyma over av det som godt er. Atter skal Herren ha medkjensle med Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem».   (er det nærliggjande å ta dette bokstaveleg  og tru at Sion og Jerusalem er konkret/geografisk – fakta på bakken?)

Sakarja 2,16: «Herren skal ta Juda i eige som sin arvelut på heilag jord og endå ein gong velja ut Jerusalem».     (Kan dette vera Den kristne Kyrkja?)

Sakarja 8,7: «Sjå eg frelser folket mitt frå landa i aust og vest.  (?)  Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud». 11: «Men mot resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren Allhers Gud. I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt…. . Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige.  13: Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, - skal vera til velsigning når eg frelser dykk. 14: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk………og eg ikkje endra mitt forsett,  15:  har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta.»  

Det er ikkje mykje av erstatningsteologi/oppfyllingsteologi å finna her.

Gå til innlegget

Verdidebatt?

Publisert rundt 1 måned siden

Det er lite att av "landets viktigste debattforum ....."

For nå har Verdidebatt tørka inn til ein sildrebekk – mot det han eingong var.

Korleis kan ein kalla det  debatt  når ein strupar ned og sjaltar ut dei som vil kommentera innlegga? Kven bryr seg – gidd å forfatta eit innlegg når det kanskje berre er kritisk replikk ein vil koma med til eit innlegg?  

Ein debatt er eit ordskifte på direkten – det funkar ikkje når ein skal fylla ut ein formular – og så måtta venta i fleire dagar på å få stempelet «Godkjent».

Kor langt frå psykologisk teft går det an å koma?

Men eg trur ikkje det går på teft – men det er ei reint vilja styring: – Struping av dei spontane meiningsytringane som strøymde inn og ikkje alltid samstava med VL sin agenda.

Vel var det anmassande med N. Kristiansen sine 20 000 kommentarar til eitt og alt, - men som seriøse innleggsforfattarar peika på då de stengde kommentarfeltet: – Vårt Land tek sikte på å vera MSM og hoppa i hop med dei hine.

Det er ei klår innsnevring ytringsfridomen det VL har sett i verk – og syner kva for trendryttarar  de har vorte.

Gå til innlegget

Vårt Land i utakt med Paulus

Publisert rundt 1 måned siden

Vårt Lands tendensiøse holdning til forfulgte

Lederskribenten i VL av 5.12. tar et skarpt oppgjør med Frp og forslaget deres om å foretrekke kristne kvoteflyktninger. VL trekker nestekjærlighetskortet mot Frp og Siv Jensen og stiller opp sammen med VG i fordømmelsen av Frp. "Dersom kristne kvoteflyktninger prioriteres foran muslimer, er  det et brudd både med kristen nestekjærlighet og menneskeretten". Så føyes det til en belæring om kristent sinnelag og utleggelse av lignelsen om den barmhjertige samaritan.

Videre i avisen kommer tre sider med en rekke oppslag om Frp's sorteringsiver og Listhaugs angrep på Krf. Det ikke måte på hvor umenneskelige Frp og deres politikere er.

Men hvorfor var det ingen som ropte om forskjellbehandling da det for en tid siden ble foreslått fra et annet politisk ståsted å prioritere LHBT flyktninger - siden de var en ekstra sårbar gruppe?

Som om ikke 280 millioner forfulgte kristne i verden er ytterst sårbare - og ikke minst de som bor i islamske land!

Nei, her avdekker ikke VL et ukristelig sinnelag hos Frp, men sin egen tendensiøse holdning til sårbare/forfulgte .

Frp's prioritering er mer i tråd med Paulus anvisning i Gal 6,10 : "Så la oss gjøre godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dem som er våre søsken i troen". 

Og det var sikker fattige nok i Korint,  likevel samlet de inn penger til den kristne menigheten i Jerusalem.

Siv's realpolitiske handlemåte er forsvarlig og i tråd med regjeringens integreringsforsøk. For det er langt lettere og billigere å få kristne syrere til å bli assimilert i det norske samfunnet enn å forsøke å integrere muslimske migranter.

Erfaringen viser at integreringen går dårlig, og det oppstår parallell- samfunn med store sosiale og økonomiske utfordringer - stikk i strid med myndighetenes intensjoner og politiske vedtak.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere