Brynjulv Hernes

Alder: 78
  RSS

Om Brynjulv

Følgere

Mållaust liv har og e mening!

Publisert 9 dager siden

Eg har lenge sett på SV som eit parti som vil verna om liv og livsmiljø

Det er nok mange som kjenner seg vonbrotne over SV no. Lenge har det vore eit relativt sterkt innslag av kristen tenking i partiet. Otto Hauglin fekk t.d. utsett friabortlova i 3 år då han sat på Stortinget. Også i dag er der framtredande folk med eit kristent livssyn. Dei må i dag kjenna seg vonbrotne! For det er vel slik at det kristne livssynet står over det politiske samfunnssynet?

Diktet "Du ska itte trø i graset" har alltid gjort inntrykk på meg. Eg måtte tenkja på strofa "mållaust liv har og e mening du lyt sjå og tenkje på" no sist helg då SV gjorde vedtak om sjølvvald abort inntil 22 veker. Eit slikt foster er mellom 25 - 30 cm langt. Det er altså ikkje ein celleklump som friabortkjemparar likar å kalla det. Fosteret er heller ikkje ein del av kvinna sin kropp, men fosteret er eit nytt individ med andre gener og eigenskapar enn kvinna som ber fosteret fram.

Eg har lenge sett på SV som eit parti som vil verna om liv og livsmiljø. Men det gjeld altså ikkje menneskelivet. Der skal kvinna ha suveren  rett -  åleine -  til veke 22 om barnet skal få leva. Det er meir enn trist!  

Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

KrF er eit sentrumsparti

Publisert 3 måneder siden

Det ligg innbygd i alle politiske parti at dei er ute etter makt, dvs innverknad på den politikken som er den styrande.  KrF har vore med i ulike regjeringar og har hatt 2 statministrar og: Lars Korvald og Kjell M Bondevik. No styrer dei saman med H og V med Frp som eit slags "støtte-parti". 

Slik partigallupane ser ut i dag, går det mot regjeringsskifte. At H, V og KrF skal få reint fleirtal, er det vel få som trur. Og det å ha fleirtal der FrP er ein del av fleirtalet, kan eg ikkje sjå at KrF bør vera tent med sjølv om det i enkelte saksområde, er samanfallande syn.  Men slik FrP har vist seg i det siste, kan ikkje det partiet vera serleg attraktivt for KrF.

No har eg ikkje lese alle partiprogramma, men utfrå det eg opplever, er det SP KrF har mest fellesskap med. Derfor hadde eg ynskt at dei 2 partia kunne vorte med i eit handlingsdyktig regjeringsalternativ.  For KrF er kristne verdiar viktige, og saman med Sp, kunne dei få avgjerande verknad på fleire saker, slik eg ser det. 

Det som eg då ynskjer, er at KrF stiller seg positivt til å vera med i ei regjer-ing der SP ville vera ein viktig del av. Men dei heile er sjølvsagt avhengig av at KrF kjem inn på Stortinget. I dag er ikkje galuppane serleg positive for det. Så då trengst det at alle som vil at dei kristne verdiane kan lyftast fram i politiske saker gjev si stemme til KrF. 

Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

"Vil de og forlata meg?"

Publisert 7 måneder siden

Det kan vera farleg å bruka bibelord i politiske debattar. Men orda i overskrifta  har tona i meg gong på gong i dei  siste vekene. Før retningsvalet i KrF var det ein grundig og omfattane debatt i  partiet. Ingen kan skulda for at ikkje medlemmene vart tekne med på råd.  Eg fekk og det inntrykket at dei som tapte, ville  vera lojal og halda fram i partiet.  Det var trass IKKJE partiprogrammet det var debatt om! 

Men på det ekstraordinære landsmøtet vart det eit svært så  knapt fleirtal for å seia JA til eit samarbeid med H, V og Frp. Som sentrumsparti må me rekna med at det er ulike fløyar, ei høgre- og venstreside. i partiet. Slik eg ser det, er det dei  kristne verdisakene som har vore limet i KrF og halde oss saman.  Men no synest det å svikta. Pr. i dag  har ikkje Sentrum eit fullstendig program, og det vert spanande å sjå kva plass  kristne verdisaker får der. Vår førre partileiar, Knut Arild,  tona sterkt at MENNESKEVERDET måtte ha fokus hjå KrF.  Derfor er m.a. syn på aktiv dødshjelp, abortlov  og flyktningespørsmål  viktige for KrF.  Så er det og slik at ut frå demokratiske  spelereglar  får ikkje små parti gjennomslag i alle saker. Og vert veljarane i desse partia splitta i endå fleire parti, får dei endå mindre å seia. Så har eg og den tru at KrF vil ha/få ein debatt om det retningsvalet partiet gjorde, var det beste for dei sakene KrF kjempar for.

Mvh Brynjulv Hernes Samnanger

Gå til innlegget

Venstre og kristendommen

Publisert 7 måneder siden

Venstre har hatt landsmøtte. Det vert ikkje lettare for KrF.

Eg spør meg: Kva gale har kristendommen gjort for Norge, når Venstre vil ha den ut frå lovverket vårt. Ikkje kan vi syngja: Norske mann i hus og hytte, takk din store gud, eller: Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på huset byggja. Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja.  I noverande regjeringserklæring er det vist til kristen-dommen. Også i grunnlova vert det vist til kristendommen. Så denne saka er eg stert usamd med V. Det er og vel kjent at abortsaka er viktig for KrF. Her er V på full kollisjonskurs med KrF. Aktiv dødshjelp er også ei sak som kan gjera samarbeid med KrF vanskeleg.    

For KrF er menneskeverdet heilt sentralt, så her det altså fleire sakar der V bryt ut frå saker  som KrF.  Og leiaren i Unge Venstre har heilt rett i at det er mykje som skil V frå KrF. Eg skulle ynskja at innhaldet i diktet til Einar Skjæråsen fekk gjennomslag hjå liberalistane i V:

Du ska itte trø i graset. Spede spira lyt få stå. Mållaust liv har og e mening du lyt sjå og akte på. I Guds jord og i hass  er du sjøl eit lite strå.

Brynjulv Hernes

Samnanger

    



Gå til innlegget

Når ølet går inn, går vitet ut!

Publisert 10 måneder siden

Mange land, også Norge, opplever no ei krise som er verdsomspennande. Og krisa er ikkje slutt!

Dessverre opplever mange permitteringar, konkursar og sviktande økonomi.

Kva meiner så byrådet i Oslo kan vera ei hjelp i krisa. Jau, meir liberale opnings- og salstider  for m.a. alkohol. Men kundane må hugsa å halda avstand. Men alle burde vita, at når alkoholen går inn, går dømmekrafta ned. Og politiet har meldt frå om mykje uro og bråk nattestid i Oslo. Trur verkeleg at byråden Johansen at fulle folk skal oppføra seg edrueleg?

Eg vil gjerne minna byråden om nokre liner frå HÅVAMÅL. Det er ein del av vår litterære kulturarv:

Du ber ikkje betre bør i bakken enn mykje bra vit.

Du legg ikkje i veg med verre niste enn for mykje øl.

Øl ikkje så godt for vettet som folk seier at det er.

 Dess meir du drikk, dess mindre vit i skolten


Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere