Brynjulv Hernes

Alder: 1
  RSS

Om Brynjulv

Følgere

Me kryssar fingrane

Publisert 12 dager siden

Til kristenlivet høyrer bøn naturleg med. Men eg trur og at langt fleire enn aktive/bekjennande  kristne er i situasjonar der bøn høyrer med. Me høyrer t.d.: "Eg skal kryssa  fingrane for deg." Men er Ola Normann for flau til til ope å seia "Eg skal be for deg".  Å seia at eg skal be for deg, eller vil du be for meg, er liksom for avslørande at eg skal be til Gud for deg.

Me har nett høgtida påske, Der veit me at Jesus var i bøn, ikkje minst i Getsemane: "Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!" Så lat oss ha Jesus som førebilete også i bønelivet å be om Guds vilje både for samfunn og eige for andres og eige liv. Og mitt ynske er at me er så frimodige og seier at me ber og ikkje at me kryssar fingrane.  Men det viktige er at me ber, også ei stille bøn inne i oss høyrer Gud.

 Brynjulv Hernes

Samnanger

Gå til innlegget

Fattig på ord?

Publisert 3 måneder siden

I alt for mange innlegg - både munnlege og skriftlege - høyrer eg ordet "jævlig".  Det gjer vondt inni meg kvar gong. Det er som ei vond åndsmakt er i rommet. Har me verkeleg så få gode norske ord at me må bruka eit ord avleidd av Djevelen til å få sagt det me vil?

Men eg vart overraska då eg såg i ordboka at på bokmål heitte det jævlig og på nynorsk djevlig. Dette skulle eg gjerne høyrt Gunnstein Akselberg si forklaring på.

Brynjulv Hernes

Samnanger



 

Gå til innlegget

KrF og retningsval

Publisert rundt 2 år siden

I lengre tid har KrF vore vitne både til ein intern og ekstern debatt. Mykje både klokt og uklokt har vorte sagt og skrive. Men når KrF, etter ein omfattande og demokratisk prosess har konkludert, hadde eg vona at me som er KrF-medlemer hadde slutta opp om partiet. For det som er verdigrunnlaget og programmet for KrF, er ikkje endra. Eg har og merka meg at Knut Arild har gitt honnør for ei god regjeringsplattfom.

Sjølv om han no, dessverre, trekkjer seg, vil eg tru han får ein viktig rolle i Stortinget. Sjølvsagt kunne me ynskt situasjonen annleis, men med ei oppslutning rundt 4 prosent kan me ikkje - dessverre - gjera krav på å fa gjennomslag for vår gode politikk på alle område. Men eg vil tru at at dei tre statsrådane me no har fått, vil visa at KrF får gjennomslag i regjeringa på viktige område for KrF.

Eg har og spurt meg kva gjennomslag KrF ville fått med ei AP-dominert regjering når ein no høyrer partileiaren der kommenterer abort og biotekno-logiområdet. Men nett i denne saka hadde dert vore godt å høyra ei stemme frå ansvarleg hald i kyrkja vår. Kvar sundag vert menneskeverdet løfta fram i kyrkjebøna, men det hadde og vore fint om kyrkja hadde eit ord om dette i den offentlege debatten. Men at Frp er eit parti som på mange område står fjernt frå KrF skal eg vedgå.

No er valet gjort. Så står det att å sjå kor vellukka det vert.

Gå til innlegget

Då eg var ung, song vi ofte «To veier ligger foran deg, på en må du gå.» Denne songstrofa har eg ofte tenkt på i det siste når det gjeld KrF sin framtidige val om kva «blokk» ein skal gå i nærare samarbeid med.

Historisk og tradisjonelt har KrF hatt samarbeid med høgresida, men ikkje med Frp og med sentrum. No har Senterpartiet gått til venstresida, Venstre har gått til høgresida, inkludert Frp, KrF står åleine att i «sentrum». Valet er ikkje lett. Me finn saker som der KrF lett kan samarbeida også med SV om, og me finn saker me saker me lett kan samarbeids med høgresida på. Venstre tykkjer eg har gått for mykje i liberal retning.

Utfrå ein grunnleggande ideologi, vil eg tru det er meir å henta i eit samarbeid med høgresida enn med venstresida. Eg tenkjer då serleg på saker som har med menneske-verdet å gjera. Men Høgre er ikkje lenger det sikre verdipartiet, slik eg ser det.

Sentralstyret/landsstyret har ei vanskeleg sak, så lat oss hugsa på Knut-Arild og dei styrande organa i bøn.

Trykket i Vårt Land 22. september 2018.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere