Astrid Espelid

Alder:
  RSS

Om Astrid

Følgere

Publisert over 3 år siden

Forsåvidt ei god analyse, men eg lurar litt på kva du meiner med at det ikkje lenger er usikkerhet om kva Frp vil finne på i regjering. Dvs, sikkert er det at dei tek pengar frå fattige og sjuke, og gjev til dei rike som skattelette. Eg synest det er svært mykje å vera engsteleg for!

Etter mitt syn har me no den skumlaste statsministeren me nokon gong har hatt, etter krigen! Uansett kva som hender, og det har hendt svært mykje i denne regjeringa av ting som ikkje burde ha hendt, så legg ho bare eit roande teppe over, og så skal det vera greitt. Ho ordnar ikkje opp i noko som helst, ho lar dei ho er sjef for gjera nett det dei finn for godt, utan at dei må orsake seg og gå tilbake på det dei har gjordt.

Viss nokon føler seg trygge etter nokre år med dette styret, må dei vera formuande. Då går nok alt greitt.

I dag har utlendingsnemnda overprøva høgsterett. Slik skal det ikkje vera, det er ein skummel veg mot diktatur i staden for rettstat.

Gå til kommentaren

Publisert over 3 år siden

Viss den dama som har oppført seg utilbørleg er Grande, kan historiane ikkje samanliknast i det heile. Når det gjeld hennar sak, er den personleg og privat, og har ingen ting i det offentlege å gjera i det heile. Det har blitt ei sak fordi journalistane ikkje kan la folks privatliv i fred.

Gå til kommentaren

Publisert over 3 år siden

For min del trur eg heller ikkje dei fleste trønderar vil ha dette nivået i partiet sitt. Kvinnene vil det nok ikkje i det heile, og sikkert heller ikkje dei fleste menn. Så ikkje trur eg at det blir ei stor straff for partiet om dei anten trugar fram ein tilståelse, eller lar desse mannfolka gå ut av styret, om dei måtte ha slike verv i Sp.


Gå til kommentaren

Publisert nesten 4 år siden

Veldig godt skrive! Eg håpar ein gong me kan koma bort frå det egoistiske "fridoms-samfunnet" der personleg frihet er det viktigaste, ikkje fleirtalet sin. At mange butikktilsette kan sleppe å gå på jobb sundag, medan dei få som gløymde å handle laurdag, hugsar det neste gong.

At dei få som vil drikke alkohol i parkane, ikkje får lov det, medan dei mange som vil ha med seg ungane i parken, har frihet til å sleppe fyll nett der. (Og så kjem sjølvsagt argumentet om den eine pilsen. Men det veit ein kvar nordmann, at den eine pilsen sjeldan er eit tema her i landet.)

At dei få som vil rase rundt med vasskuter eller snøskuter kvar som helst, ikkje får lov det på bekostning av dei som vil nyte naturen i fred, utan fare for å bli påkøyrt eller forstyrra av voldsomt bråk heile tida.

Og så vidare. Den personlege friheten er stor i Noreg, men å ta omsyn til andre bør alltid koma fyrst. Og då kan me ikkje alltid gjera det me har lyst til, utan å tenkje på dei andre.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 4 år siden

Enig og uenig med deg, fordi eg vil ha både og. :) Synest det var ein kjempegod idé med denne katedralen! Og skulle den isåfall vera eit hinder for å plukke søppel i havet? Eg meiner tvert i mot.  

Derimot lurar eg på om det ikkje ville gå an å slutte å produsere ny plast no, og laga alt som trengst av returplast, og plasten i havet? Då ville plastavfall bli litt verdt, slik at fleire folk ville sjå mon i å plukke det opp.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere