Ann Kristin van Zijp Nilsen

Alder: 46
  RSS

Om Ann Kristin van Zijp

Kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for Tørst. Sjå areopagos.no/torstmag.no. Twitter: @annkristinvzn

Følgere

Publisert over 5 år siden

Eg har ikkje sett alkoholreklamen på Discovery, men eg har sett all reklamen retta mot barn og vore forbausa over at det ikkje blir stoppa. For det er altså ikkje lov å retta slik reklame mot norske forbrukarar. Men, som brevet frå Lotteritilsynet til Damli, Betsson osv. seier vidare, er det vanskeleg for norske styresmakter å handheva forbodet, «da våre virkemidler er begrenset. Dette innebærer ikke at spilltilbudet er lovlig.»

Gå til kommentaren

Publisert over 5 år siden

Takk for tilbakemelding. Du skriv at eg «ikke våger å navngi de ansvarlige». Det handlar ikkje om mot, men å prioritera kva ein vil skriva om. Eg løftar fram ideologien og solidaritetstanken som ligg til grunn for regulering, og så får andre skriva om det dei vil. 

Gå til kommentaren

Ulovleg marknadsføring

Publisert over 5 år siden

Takk for hyggjeleg tilbakemelding. Det er t.d. ikkje lov å marknadsføra alkohol i Noreg, det gjer heller ikkje utanlandske tv-selskap som står bak kanalar som er retta mot Noreg, t.d. TV3, sjølv om dei gjer det i EU. I forhandlingar med EU om tv-direktiv, har ein slått fast Noreg sin rett til eigen praksis på slike område. Her kan du lesa meir om ulovleg marknadsføring av utanlandske speleselskap i Noreg (som strekk seg langt utover tv-reklame): https://lottstift.no/nb/pengespill/ulovlig-markedsforing/

Gå til kommentaren

Tusen takk!

Publisert rundt 8 år siden

Takk for den hyggjelege tilbakemeldinga, Sigmund Voll Ådnøy! Det er kjekt at du oppsummerer med at innlegget er «ei påminning om å vera varsam når det gjeld "båssetting"». Det er eg heilt einig i. Ingen av oss er kyr på bås, me er frie menneske og svært forskjellige - og samstundes er me alle medmenneske som fortener respekt.

Me har alt å vinna på å byggja ned det som stengjer for god kommunikasjon, og det er alle sitt ansvar. 

Gå til kommentaren

Lufting av skap

Publisert rundt 9 år siden

Å vera i ein maktposisjon i eit slikt regime, gjer sjølvsagt open opposisjon svært vanskeleg. Eg er glad eg ikkje var i pave Frans sine skor på den tida. Men det var han som hadde skorne på, og me kan berre håpa at han som jesuittleiar under millitærdiktaturet gjorde gode og rette val, ikkje minst i det skjulte.

Problemet her er mest av alt at latinamerikansk kyrkjehistorie er full av tette band mellom diktatorar og bispar/prestar. Rettsoppgjera etter slike regime har vore for få og ikkje sjeldan prega av korrupsjon. Den katolske kyrkja si politiske og økonomiske makt er framleis stor der, og ein har ikkje blitt tatt skikkeleg oppgjer med diktaturhistoria. Dette bakteppet for anklagene mot den nye paven er djupt problematisk, ikkje minst for mange vanlege katolikkar i Latin-Amerika. Difor håpar eg at den nye paven nyttar høvet å sleppa lys og luft inn i desse illeluktande skapa.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere