Anne Karin Fonneland

Alder: 64
  RSS

Om Anne Karin

Følgere

«SHIFTING BASELINES» I SPRÅKET

Publisert rundt 2 måneder siden

Biden vann, men kampen om løgn og sanning held fram

Koronaskuggen har gjort 2020 til eit mørkt og utrygt år, men vaksinen gjer oss håpefulle og avventande. Ei anna mørk sky, presidentvalet i USA, sjokkerte verda. Biden vann, men kampen om løgn og sanning held fram. I 2020 har vi blitt uroa av stadig meir løgn, hat, og uverdig språkbruk.

Koronaskuggen har gjort 2020 til eit mørkt og utrygt år, men vaksinen gjer oss håpefulle og avventande. Ei anna mørk sky, presidentvalet i USA, sjokkerte verda. Biden vann, men kampen om løgn og sanning held fram. I 2020 har vi blitt uroa av stadig meir løgn, hat, og uverdig språkbruk.

I det siste har eg tenkt på eit uttrykk som far min brukte ein gong på 70 talet. Han var då ein eldre mann og innsåg at han ikkje fekk båten ut på fjorden lenger. Han såg at to unggutar synte interesse, og gav dei tilbod om å få kjøpa robåten for 50 kr. Mor meinte at han burde ha meir, men far min sa då orda som verka avleggs midt i kvinnekampens hetaste periode. «Eit ord er eit ord, ein mann er ein mann» Gutane fekk båten og historia vart fortalt med smil i familien vår seinare.

«Kunnskap skal styra rike og land/ og yrke skal båten bera, og ingen kan vera ein styresmann/som ikkje ein mann kan vera» er byrjinga på ein av songane dei brukte på skulen.  Far var fødd i 1909 og Den kristne formålsparagrafen hadde følgjande korte og presise innhald:

1889:   I ethvert Herred skal der være det fornødne Antal folkeskoler, hvis Fomaal det skal være at medvirke til Børnenes kristelige Opdragelse og til at meddele dem den Almendannelse, som bør være fælles for alle samfundets Medlemmer. 

 Fadervår, boda og Jesus sine likningar var dagleg innhald saman med songar,og litteratur

 med innhald som skulle medverka til Opdragelse og Almendannelse. Litteraturen skulle gje

 kunnskap og hjelpa med innsikt i korleis ein burde handla moralsk rett:

«Itte no knussel, je tæk dom aille sju» sa landhandlar-enka Marte Svennerud då dei ville skilja

borna etter enka til lærar Hansen som døydde og etterlet seg sju born. Marte kunne ikkje tola

å sjå at barneflokken skulle splittast, i tillegg til at dei hadde mist begge foreldra. Ho gjekk til

 prestekontoret med klar beskjed: «je tæk dom aille sju».

Det er interessant at denne novella av forfattaren Barbara Ring dukka opp frå fleire hald på

FB då hovudaksjonen for å henta borna heim frå Morialeiren pågjekk. Det var som om mange

fekk bruk for ei slags likning. Marte Svennerud hadde alt det som ligg i ordet»mann»slik far

 min forstod det. Ein skal ha danning, vera modig og ikkje fara med løgn. Den realistiske og

oppsedande litteraturen var stort sett tydeleg. Marte Svennerud var helten for både kvinner og

menn.

Kva er det som har skjedd med språket? tenkjer eg når eg ser på kaoset omkring

 presidentvalet i USA. Eit ord er ikkje eit ord, men menneske virrande omkring i eit

 kaos. «Språket mitt sine grenser er verda mi sine grenser» er eit sitat av filosofen Ludwig

 Wittgenstein. Eg kunne ikkje unngå å ha det i tankane då aktuelle leiarar for stormakta USA

 synte oss ei redusert og uhyggeleg verd gjennom språkbruken.» Ordet polarisering, og ei

godkjenning av at det er noko vi skal sjå meir av og ha framover, har vore uhyggeleg, og ikkje

 berre i USA, men også her hos oss. Drapa i Frankrike på grunn av framvising av karrikaturar

av profeten Muhammed, verbale angrep frå SIAMrepresentanten i Noreg og fysiske angrep

frå ungdommar, viser problema når retten til å fornerma andre skal hevdast utan å ta omsyn til

kor djupt det kan såra.

 Heilskapen og konsekvensane av utsegner er ofte utydelegelege i ein individuell kultur.

 Ord som fakenews og nazi ramlar inn i kvardagen vår og kjem i bruk. Underlege tungt væpna

 grupper viser seg i USA og skryt over at landet har fleire våpen enn menneske.

Fornærmingar og hat renn inn på sosiale medier frå fleire hald. Her heime såg vi at Siv Jensen

mobliserer med fornærmande kallenamn på politiske motstandarar. Det er krig i språket, og

 om språket speglar innhaldet, så har vi grunn til å vera redde.

Retten til å håna andre bør aldri vera lakmustest på ytringsfridom. Vi ser då at ord og

handling blir lausrivne frå forståinga. Kvar blir det av konteksten og heilskapen?

Filosofen Arne Johan Vetlesen viser til vår tid med individuelle rettar og fokus på kvar og

 ein sin vilje i boka «Hva er etikk» I det multikulturelle moderne samfunnet er verdipluralisme

 eit sosialt faktum som har kome for å bli. Homogeniteten i fortida er avløyst av vår tids

hetrogenitet. Verdiar og livssyn av religiøse og sekulære oppfatningar skal leva side om side.

 Vetlesen viser til etikk frå antikken der det sentrale temaet er personar si karakterdanning og

 evne til refleksjon. Kva aktivitetar fortener deltaking, kva er godt for mennesket, ikkje for ein

person, men for alle? I staden for «forpliktelse, rettighet eller regelfølging» spør ein etter

godheit, karakter og visdom: «Etikk omhandler sjelens tilstand; sjelens streben

etter rettferdighet og harmoni.» Vetlesen peikar på gjensidig respekt og «Den gyldne

 regelen» som ein mogleg fredens veg. Vi treng ikkje å forstå, men må likevel halda ein

avstand med respekt ved å la andre vera i fred så sant dei ikkje syner sine kjensler- basert på

krenkingar- i det offentlege rommet.

Dei fleste såg at Black Lives Matter øydela for si eiga sak då dei gjekk i gang med

vald og destruering av infrastruktur. Dei fleste såg også at det franske folket sin stille protest i

byen til historielæraren Samuel Paty manar til ettertanke. Å «bøya hovuda i skam» er å visa

 forakt, redsle og sorg mot uakseptable haldningar og handlingar.

I folkedjupet finst det ei avmakt på grunn av polariseringa og forverringa i måten ein ytrar

 seg på. Ein taper respekt for politikarar, medmenneske og blir redde for framtida. Ein får ei

 kjensle av «shifting baselines» i språket. Grensene for kva som er normalt har endra seg

umerkeleg. Plutseleg kan opne løgner og hat bli vanleg i offentleg ytring og diskusjon. Det er

alt tendensar, og det er vel ikkje dette vi skal stå fram med for borna våre og ungdommen

 vår?

 Korleis vil det offentlege ordskiftet bli fram mot Stortingsvalet i 2021? Mange kjenner på

 skepsis, men framfor alt håp om debattar der dei gode måla for alle er det sentrale og ikkje

 kynisk, utstudert retorikk og primitiv latterleggjering av andre. Ikkje minst bør «eit ord skal

vera eit ord» slik far min og Marte Svennerud meinte det skulle vera. «Den forandring du vil

 se i verden, må du være selv.» er sagt av Mahatma Gandhi og

 ord dei truleg også ville ha brukt.

 I ei tid der jorda er truga av forsøpling, klimakrise, epidemiar og flykningkrisar, ser vi

tydelege teikn som krev svar. Det er korkje rom eller tid for avsporing, skitkasting

eller ansvarsfråskriving. Framtida krev at vi ser og svarar med logisk handling og språk.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere