Anne Viken

Alder: 11
  RSS

Om Anne

http://anneviken.blogspot.com

Veterinær, bloggar, skribent og journalist. Har skrive barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane (Samlaget 2012), om Elise på 13 år som er med onkel Kalle i dyrlegepraksis. Neste bok om Elise kjem høsten 2013 og heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken. Dette er spenningsbøker for 10-100 år

Les meir om boka her http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=elise%20og%20mysteriet%20med%20dei%20d%F8de%20hestane&p=1&r=1&cid=239543

Følgere

Med døden på jobb

Publisert over 9 år siden

Farlege dyresjukdommar, dramatiske følger. Eg har som veterinær havna oppi det størte miltbrannsutbrotet i Sverige etter andre verdskrig.

Miltbrann, eller Anthrax, er ein zoonose, det vil sei ein sjukdom som smittar frå dyr til menneske. Det er ikkje koselig å trekke på seg verneutstyr og masker, og gå inn mellom stinkande kadaver for å leite etter ukoagulert blod og mangel på likstivheit, to av kjenneteikna ved miltbrannsdaude dyr. Aguer og tarm er hakka ut av ravnar, det renn blod. I blodet kan det finnast dødelege sporar. Eg kan sjølv bli sjuk. Det er uhyggelig.

Under ein sermoni i Roma i juni erklærte FN Rinderpest, eller kvegpest, som offisielt utrydda. Kvegpest spreidde seg med kveg som vart frakta med militæret og via handel med levande dyr. Den industrielle revolusjonen med oppfinninga av dampmaskina førte til at ein kunne sende levende kveg over store avstander med jernbane og skip. Konsekvensene var katastrofale, og fra 1857 til 1866 blei Europa nesten ribba for storfe. Gjennom heile historia har den ført med seg død og fordervelse.

Kvegpest (cattle plague) er ein dyresjukdom. Den rammar ikkje menneske. Men dør dyr, dør folk og i store delar av verda er dette framleis røynda.

Det er sjeldan ein ser utbrot som miltbrannsutbrotet i Sverige på nært hald. Å bekjempe ein slik sjukdom i felt krev ei rekke tid- og kostnadskrevande sikringstiltak, blant anna vaksinering, obduksjonar, prøvetaking og sikring av smitteramma områder. Desse tiltaka er i stor grad usynlege for allmennheita. Det same er andre omfattande tiltak som vert igangsett for å utelate blant anna mistanke om Blåtunge, Munn og klauvsjuke, eller for å hindre at desse spreier seg. Sjukdomar som knapt plagar oss i Norden, men som er omfattande problem i ei rekke fattige land.

Mange ville blitt overraska om dei visste kor store ressursar som kvar dag vert brukt for å spare samfunnet for dei enorme kostnadene utbrot medfører. Å bekjempe smittsame sjukdommar er ekstremt ressurskrevande, og i front står ofte veterinærar. Æra for kvegpestens fall tilhøyrer stordyrveterinærar som bekjempa sjukdomen ute i felt, ofte i krigsherja områder.

Årsaka til utbrotet i Sverige er ei miltbrannsgrav der miltbrannsdaude storfe blei greve ned fleire tiår tilbake. Grunna gravearbeid vart grava gjenopna, bakterien kom til overflata og beitedyr fekk den i seg via graset. Brått låg dei daude.

Bakterien kapslar seg inn og kan antagelegvis overleve i hundrevis av år i rett type jordsmon. Difor skal alle miltbrannskadaver destruerast. Å opne eit kadaver kan vere dødeleg for oss då vi kan puste inn innkapsla bakteriar.

Men ikkje land er like bortkjemt med beskyttelsesutstyr som oss. Difor ser ein miltbrann blant kastelause Dalits som flår sjølvdauda storfe for høgare kastar i India, og på denne måten påverkar tradisjonar utbreiinga av farlege zoonoser. Ein må ein ha skikkelege munnbind på seg når ein omgås miltbrannkadaver. Uhyggeleg er det likevel.
På verdsbasis dør eit ukjent antal menneske av sjukdomen. Den finst på FN si liste over neglected zoonotic diseases, altså forsømte eller oversette sjukdomar som smittar mellom dyr og menneske. Desse rammar i størst grad fattige i områder utan helsestell og diagnostisk utstyr, og vi kjenner difor ikkje til utbreiinga.

For å bekjempe sjukdommane krevs samarbeid mellom humanmedisin og veterinærar. Vi snakkar om one health, også omtalt som medisin for det 21.århundre. One health ei tilnærming som inkluderer både humanmedisinske og veterinærmedisinske aspekt, gjerne også antropologiske då endra matvanar, levesett og landbruksstruktur fører til endra smittevegar. På lista over oversette sjukdommar finn ein blant anna rabies, samt tuberkulose hos ku.

Men desse sjukdommane rammar ikkje berre fattige land. Tuberkulose er eit omfattande problem blant storfe i Storbritannia, og i 2009 kosta kampen mot sjukdomen britiske skattebetalarar 87 millionar pund. I 2009 var over ni prosent av alle storfebesetningar i Nord Irland infiserte mot 6,87 prosent i England. Sjukdomen fører til omfattande tiltak og restriksjonar på forflytting av storfe mellom gardar. Det fører til store økonomiske tap. Dessutan er sjukdomen ein zoonose. Menneske kan bli sjuke, men få blir det i Storbritannia idag då melka er pastorisert.

På verdsbasis finst det idag inga oversikt over kor mange som vert smitta av kyr med tuberkolose, eller «Mycobacterium Bovis», som bakterien heiter.
Utryddinga av kvegpest er ein milepæle. Ei lang rekke sjukdomar gjenstår å få bukt med. Dør dyr, dør folk. I følge FN er 75 prosent av patogenene (virus, bakterier, sopp) som har dukka opp siste tiåret, zoonoser.

Anne Viken
veterinær

Gå til innlegget

#FaktaSjekkMat - faktafeil blir servert forbrukarane frå Tine og Matprat.no om økomelk og egg. Kvifor bløffar ein forbrukarane?

Sommaren 2010 køyrde Tine ein reklamekampanje der dei påstod at alle norske kyr går ute. Dette var, til og med ifølge Tines eigne tal, ein faktafeil. Tretti prosent av alle norske kyr i lausdrift, er aldri utanfor fjøsets fire veggar. Les om saken her.

Her om dagen fekk eg tips om ein ny link hos Tine. Tittelen var «Økologisk melkeproduksjon». Teksten går slik: «Derfor er regelverket for oppstalling av økologiske melkekyr strengere enn ved vanlig drift. Det betyr blant annet krav om:»

«Daglig lufting av kuene.» Dette er ein faktafeil.

Fakta: Det er ikkje krav om dagleg lufting av økokyr. Det er krav om lufting to gonger i veka, og dette er kun for økokyr i båsfjøs. Det finst ingen krav om lufting av økokyr i lausdrift.

«Større arealkravkrav til dyra både innom og utom hus.» Dette er ein faktafeil.

Fakta: Det stilles ikkje større krav til areal for økokyr, verken inne, eller ute, samanlikna med konvensjonelle kyr.

«Strengere krav ved bruk av medisinsk behandling av dyra». Dette er ein faktafeil.

Fakta: Ingen skilnad i krav til medisinsk behandling utover at økobønder har ei unødvendig dobbel tilbakehaldelsestid på produkta som ikkje kan begrunnast verken medisinsk eller fagleg. Argumentet er at ein må ha «reglar som skil øko frå konvensjonell».

Kva er det Tine driver med i grunn? 

 

 

Å drive denne typen feilinformasjon på forbrukarretta nettsider, slår beina under forbrukaren sitt beslutningsgrunnlag. Skal dei kjøpe øko eller skal dei velge konvensjonelt? Det er ikkje lett for ein vanleg forbrukar utan detaljkunnskap om regelverket å sjå gjennom Tines faktaslurv. For er det slurv, eller er det bevisst feilinformasjon?

Sjølv om det ettertrykkeleg, hausten 2010, vart påvist faktafeil i Tines reklame der dei påstod at alle kyr går på beite, heldt dei på sitt og forsvarte kampanjen. Stikk i strid med eigne tal, heldt dei fast på at alle norske kyr går ute. Kva skal då forbrukar tru? Og kan dei stole på merkevara?

Men det stansar ikkje her. Eksempla er mange. Det er ikkje berre Tine som forvirrar forbrukarane. Eg skal ta med eit frå Matprat.no sine nettsider.

Under tittelen «Egg: Tall og fakta» står det at høner lever i 70 veker. Deretter blir dei slakta og solgt som høns.

Fakta: Kun ein mindre andel av norske verpehøner blir slakta og solgt som høns. Resten blir gassa og brent.«Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2.»

«Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» Kilde: Fagsenteret for fjørfe.

I Norge er det ca. 3,8 millioner høner som produserer 6 000 tonn egg, noe som dekker vårt nasjonale behov. (Kilde Animalia, Kjøttets tilstand 2011)

Men blåsyre og CO2 er kanskje ikkje noko ein skriv om, om ein vil selge egg.Men kvifor ikkje? Det er slik virkeligheten er.

Men det stansar ikkje her: vidare skriv Tine: «Økologisk husdyrhold er basert på regler som skal sikre at alle dyr har mulighet til bevegelse med vekt på dyra sin naturlige adferd.»

Fakta: Når EU sette krav om lausdrift for økologiske kyr fra 2011, sette Norge seg seg på bakbeina. 1. februar 2008 fastslo Landbruks- og matdepartementet at lausdriftskravet ikkje gjelder for besetninger under 35 melkekyr i økologisk mjølkeproduksjon. Lausdriftskravet gjeld derimot for alle kyr i konvensjonell drift. Dette betyr at økokyr har mindre mulighet til bevegelse og utøving av naturleg adferd, enn konvensjonelle. Ein kan halde økokyr på bås, medan dette ikkje lenger blir lov for konvensjonelle frå 2024.

Grunnpillaren i merkevarebygging er at fortellinga skal vere sann.

Spørsmål: korleis skal forbrukarane kunne orientere seg om kva mat dei skal kjøpe når mat og landbruksprodukt er markedsført med faktafeil? Ikkje alle bryr seg, men mange har eit bevisst forhold til kva dei vel i butikken. Når dei støter på denne typen desinformasjon, blir det ikke lett å vite kva ein skal velge. Forbrukermakta blir underslått. Kunnskap er som kjent makt, på same måte som kunnskapsløyse er eit maktmiddel.

Gå til innlegget

Skal eg dumpe nynorsk, Kristin Halvorsen?

Publisert over 9 år siden

Er det dette Kristin Halvorsen ønsker seg, eller er det berre ein utilsikta praktisk konsekvens av hennar utspel om å tone ned fokus på sidemål i skulen?

 For å tone ned fokus på sidemål vil i størst grad ramme nynorsk.

Lat oss ta det openbare først. Eg som nynorskbrukar er ikkje interessert i å publisere på eit språk folk ikkje beherskar. Eg er ikkje interessert i å nytte eit språk som folk ikkje treng lære seg.

For meg er ikkje språket eit mål i seg sjølv. Det er eit middel for kommunikasjon. Skal ein formidle må ein ha eit språk som fungerer.

Om no fokuset på nynorsk skal tonast ned i skulen, må ein tenke seg godt om. Skal ein gi ut bøker på nynorsk, på eit språk som er nedprioritert, for dei spesielt interesserte og som folk ikkje vil/ treng bruke tid på å lære seg?

Er dette interessant for meg å bruke eit slikt språk i det lange løp? Bjellene har begynt å ringe for ei rekke nynorskbrukarar.

Kvifor er det slik at ein forlagsredaktør eg prata med, anbefalte meg bokmål? Desse anbefalingane vil nok neppe bli sjeldnare om nynorskkompetansen i skulen skal svekkast. Senka kompetanse vil i sin tur føre til senka bruk. Kvifor er det slik at mange forfattarar tenker slik alt idag? Det blir snakka om kva språk profilerte nynorskingar skal gi ut si neste bok på. Er det på tide å velge bokmålet? Nynorsk er i ferd med å bli kjørt i grøfta.

Er det dette Halvorsen ønsker seg, eller ser ho berre ikkje konsekvensane av eigne forslag? Konsekvensane av nedprioritering av nynorsk i skulen, vil gjere språket også mindre attraktivt å nytte for oss som har nynorsk som hovedmål. Glømte ho å tenke på det, eller? At vi dumpar det i same slengen?

Trur Halvorsen virkelig, at vi som nynorskbrukarar skal stille opp og halde fram å kommunisere på nynorsk, om dette språket ikkje lenger er noko ein prioriterer? Skal vi vere kulturhistorias vaktarar og idealistar? Nei, dei fleste av oss er ikkje språkidealistar. Vi er kvardagsbrukarar. Språk er ikkje eit mål, men eit middel for oss.

Nynorskkompetansen er alt sterkt svekka, også i sentrale nynorskområder, som Sunnfjord, der eg kjem frå. No skal det altså svekkast ytterlegare.

Mange av mine venner frå Sunnfjord har gått over til bokmål. Kvifor? Fordi dei ikkje beherskar nynorsk. Dei aner ikkje kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Dei kan ikkje bøye verb, ikkje substantiv, det er vanskeleg å vite korleis ein skal skrive for å vere konsekvent, og dette er ikkje fordi dei er dumme eller ignorante.

Som ein kamerat seier det: «Eg skriv nynorsk på sms privat, men bokmål når eg sender ut epostar til kollegaer. I ei mediebedrift er det faktisk ganske pinleg å sende ut ein mail full av skrivefeil. Difor vel eg bokmål.»

Eg kjenner journalistar som skriv nynorsk når dei har god tid og bokmål når dei har dårleg tid. Kvifor? Fordi det er ikkje lett å vite kva ord som er lov og kva ord som ikkje er lov. Og dette er folk med nynorsk som hovudmål. Etterkvart må ein kanskje no også vurdere å skrive bokmål fordi folk ikkje forstår kva som står der ellers.

Så fortell meg, Kristin Halvorsen, er middelet levedyktig eller tenker du ta det vekk og gjere det ubrukeleg ved å kappe ned på sidemål og nynorskundervisning?

Eg skriv og eg treng eit redskap, eit språk som er i bruk, også i framtida. Vil eg ha det, Kristin Halvorsen? Innbiller du deg virkelig at nynorsk vil vere interessant som kommunikasjonsmiddel om folk flest ikkje innehar kompetanse på språket? Då er du naiv.

Anne Viken, skribent og bloggar

Gå til innlegget

GMO dreper?

Publisert over 9 år siden

INDIA: I jakten på økt produksjon og en posisjon i det globale markedet, har India tatt i bruk transgene bomullsplanter. Da begynte sauer og geiter å bli syke.

GUMMADIVALLA, ANDHRA PRADESH: Veien snirkler seg gjennom flatt, tørt landskapet. Okser med åk på ryggen trekker plog i rismarkene. Sakte, steg for steg, skulder ved skulder, trekker de hvite oksene plogene fremover der de vasser til knes i vann og planter. Vannkranene i hjørnene av de firkanta markene pumper vann opp av grunnen, og står på så lenge landsbyen har strøm. Noen rismarker ligger tørre og brakk med avskrudde kraner. Kvinnene står bøyd og jobber med plantene.

Insektgift farlig for sau

Noen få høster også bomull, men det meste av bomullen er høstet nå (desember). Etter at bomullsballene er høstet, slipper bøndene sauer og geiter ut på bomullsmarkene for å beite på plantene som står igjen, men noe ser ut til å være galt. I dette området, rundt to timers kjøring fra millionbyen Hyderabad, har det siste fire årene blitt rapportert om flere tilfeller av sauer og geiter som blir syke etter å ha beitet på bomullsplantene.

Mistenksomheten brer seg, for dette er ikke naturlige bomull. Dette er genmodifiserte bomullsplanter, såkalt BT-bomull, fremstilt av den multinasjonale landbruksgiganten Monsanto. Plantene produserer et giftstoff, BT, som dreper insekter, og hindrer at småkryp i å ødelegger avlingene. Det kan være at disse genmodifiserte plantene, ikke bare skader insekter men også gjør dyr syke.


Jernhånd over patenter

I landsbyen er det liv og røre. 26 forsøkssauer skal tas blodprøver av før de slippes ut for å beite på høsta bomullsmarker. En etter en slenges sauene på rygg før blodprøve tas. Forskernefinansierer forskningsprosjektet av egen lomme, og vil ikke ha oppmerksomhet rundt det de gjør.

-- Indiske landsbruksmyndigheter er ikke interessert i å finne ut hva som skjer når dyr beiter på BT, sier Sagari Ramdas, leder for Anthra.

Organisasjon er ledet av kvinnelige veterinærer som jobber med lokalsamfunn og dyrehelse innenfor rammene av bærekraftig bruk av naturressurser i de indiske delstatene Andhra Pradesh og Maharashtra.

-- Men om det lekker ut at vi prøver å finne ut av dette, kan vi møte massiv motstand.

Det har de opplevd før. Monsanto er verdensledende på produksjon av genmodifiserte frø, og har mellom 70 og 100 prosent av markedsandelen for forskjellige arter. Selskapet er kjent for å bruke jernhånd mot både motstanderer og såkalte misbrukere av «deres patenterte gener», eller transgene planter, blant annet bomull, soya og flere kornsorter.

Monsantos monopol

På Monsantos hjemmesider står det at selskapet hjelper bønder med å produsere mer. Det står også at de hjelper farmere med å produsere mer helsemessig mat for både dyr og mennesker. Det står ikke noe om alle rettssakene som kommer i kjølvannet av at selskapet finner planter med Monsantos gener i åkrene til bønder av alle slag rundtomkring i verden.

For å si det helt enkelt er det dette som skjer: Frø blåser over gjerdet, følger med biler og spirer i en åker der det fra før av ikke vokser Monstanto-planter. En monstantoinspektør tar stikkprøve av akkurat denne åkeren, påviser et patentert gen, og neste stopp er rettsapparatet. Det har flere canadiske bønder fått føle. En frykter også at dette kan skje i India.

Mangler beitemarker

I Gummidivalla er det rundt 200 hushold. Mange er gjetere. Landsbyene ligger spredd utover som et teppe med marker mellom, og det er ikke mange minuttene du bruker fra en landsby til den andre i bil. Her finst det ikke mye ledig jord, om noen. I de rurale områdene i Andhra Pradesh er det ikke overflod av beitemarker. Bomullsplantene til Monsanto er ikke beregnet å bli beitet, men når mangelen på beiteland er prekær, må en beite på det en har.

-- Monsanto har ikke testet BT-cotton for direkte beiting på plantene. Monsanto har bare testet foring med fôrkaker laget av plantene, sier Ramdas.

På noen av forsøksmarkene vokser det BT-bomull, på andre naturlig bomull. Noen av markene har kunstig vanning, og andre ikke. På denne måten skal en prøve å finne hva, om noe, som gjør sauene blir syke av plantene. Produserer de for eksempel mer giftstoff når de blir vannet? er noen av spørsmålene forskerne stiller seg. En anslår at rundt hundre prosent av bomullen som vokser rundt landsbyen er genmodisert.

India 2020

Boken «India 2020, visjoner for det nye årtusenet», er A. P. J. Abdul Kalam visjoner for Indias utvikling i årene som kommer. Kalam er teknologioptimist, og en fremtredende indisk forsker, og er blant annet ansvarlig for flere prosjekter som er ment å ta India steg videre i det 21. århundret. I essayet «India 2020: Visjoner for mat, landbruk og prosessering», skriver Kalam at den økende etterspørselen etter matkorn, frukt, melk, kylling og kjøtt fører til nye og større utfordringer for landbruket.

-- Problemene India står overfor idag, er mye større enn under den grønne revolusjonen, skriver han før han konkluderer: Et utviklet India innen 2020 eller før er ikke en drøm. Det er et oppdrag der alle kan ta del i og fullføre.

Bioteknologi for matsikkerhet

En sau trekkes etter bakfoten ut av inngjerdingen mens høner tripper på muren og rykende varm te med geitemelk serveres i blekkrus. Kråker sitter på saueryggene, og fugler trasker side om side med trekkoksene på beite.

Veterinærene jobber raskt. Klokken ti blir strømmen i landsbyen skrudd av, og på grunn av den lave spenningen må alle blodprøvene sentrifugeres dobbelt så lenge som vanlig. Etterpå må prøvene legges i en kjølebag og fraktes tilbake til Hyderabad.

På veien er bioteknologi en viktig ingrediens, skriver Kalam. Han mener bioteknologi spiller en viktig rolle i å oppnå matsikkerhet for India.

-- En av de viktigste teknologiene er den som kan gi oss transgene planter som viser ønskede egenskaper. I India har mange transgene nyttevekster blitt tatt i bruk, og de fleste leser vil ha hørt om det høye antallet selvmord blant bomullsbønder den siste tiden: La oss håpe at det vil komme vitenskaplige og teknologiske gjennombrudd i utviklingen av transgene og sykdomsresistente bomullsfrø.

Han ønsker seg også gjennombrudd i utviklingen av transgene frø for matproduserende planter, ikke bare pengevekster, eller cashcrops som bomull er. Andre cashcrops er planter som dyrkes for biobrensel, og mange farmere bestemmer ikke selv at de skal dyrke disse vekstene. Staten bestemmer.

Noe er galt

Bomullsplantene er høye og grønne, og det er lite annet for sauene å spise. Når forsøkssauene slippes ut i beitene med ikke så lite om og men, er de ganske raske til å krype under gjerdet, surre seg fast i tau eller springe sin vei. Med en gang de kommer utenfor gjerdet, begynner de å spise. De spiser seg bortover bakken i stor fart og en kan lure på hva det er de egentlig spiser.

Her er tørt og goldt så langt øyet kan se. I dagene som kommer blir flere sauer syke, også en trekkokse viser symptomer. Hva som gjør at de blir dårlige, vites ikke, men noe er galt i Gummadivalla.

FAKTA BT-bomull:

-- BT-bomull er ved bruk av genteknologi tilført et gen fra den naturlig forekommende jordbakterien Bacillus thuringiensis. Disse genene koder for produksjon av giftstoff som dreper insekter, og finnes ikke naturlig i bomullsplanter.

-- Fremstilles av den landbruksindustrielle giganten Monsanto.


FAKTA MONSANTO:

-- Monsanto er et multinasjonalt landbruksindustrielt selskap med hovedkvarter i USA

-- Ved hjelp av bioteknologi fremstiller de såkorn, soya, grønnsaker, insektgifter, plantegifter og melkehormoner, for å nevne noe. Selskapet er alltid på jakt etter metoder som kan maksimere produksjonen.

Kilder: www.Monsanto.com og Wikipedia

-- Det gjøres oppmerksom på at resultatet at denne forskingen ikke er kjent. Det gjøres også oppmerksom på at journalisten ikke forfekter et syn som sier at BT-bomull gjør sauer syke.

I India: Anne Viken

Gå til innlegget

Veterinærar i samfunnsdebatten

Publisert over 9 år siden

Trude Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga media har skapt av oss.

Tittelen på kveldens debatt er dei tause veterinærane.
Men veterinærar finst i media.

Norges mest kjende veterinær, Trude Mostuen, meiner ingen bør få unger uten å ta minst to tre års perm per unge. Mostue er i underhaldningsbransjen, dansar på tv og vekker latterbrøl hos kultureliten.

Mostue er slik som media liker å framstille oss. Uten forstand på politikk og veldig glade i dyr. Dette er den stereotypiske fortellinga media har skapt av oss.

Så ja, veterinærane finst der ute.

Og har nokre underlige kvinnesyn.

Veterinærar og dyr er lettvint underhaldning.

Dette er Trude Mostue eit godt eksempel på, samt tv-serien om veterinærstudentar. Det krev ingenting av mediekonsumenten og vi krev ingenting av dei. I desse settingane flyt vi på mytene og tilbyr lite nytt.

Undehaldningsarenaen bidrar til å styrke det bildet som alt finst av oss i offentlig rom: som snille med dyr. Ein tek tak i ei historie som folk alt kjenner: dyrlegen som fiksar katten, og så bygger ein vidare på denne.

Dette er kjent, og det som er kjent vil vi høyre meir om. Det gir klikk på nettavisene og antal klikk gir reklameinntekter for mediene. Det er grei mediapsykologi. Trude Mostue er ein klikkgenerator.

Eg har møtt ei mengde fordommar mot veterinærar i media.

Folk veit ikkje kva vi kan. Naturvitenskap er lågt verdsatt i media samanlikna med kompetanse på politikk og litteratur. Naturvitarar er ein lågare kaste.

Då eg begynte som journalist i Universitas, fekk eg høyre av ein kollega: veterinærar deltar da aldri i samfunnsdebatt. Det er da ikkje noko poeng for deg å vere journalist.»

Her om dagen fekk eg ein kommentar på min blogg: «Veterinærar er like synlege i offentligheten som pasientane sine».

Dette er ein ganske treffande kommentarar for korleis folk ser på oss.

På veterinærhøgskkulen var det vanleg med kommentarar av typen «Kvifor er du journalist når du er veterinær?»

Folk såg ingen kopling mellom veterinærmedisin og media.

Og på røykerommet klaga professorane seg over dei uengasjerte studentane som berre var opptatt av hundane sine.

Det er forjævlig. Sitat slutt.

Kontrasten mellom studentengasjementet på Blindern og NVH var enorm.

--

Men då Marie her skreiv om Trude Mostue sine mediautspel på leiarplass i veterinærtidsskriftet før jul, skreiv ho at alle veterinærar kan gjere som dei vil. Det var konklusjonen. Da forstod eg litt meir av kvifor veterinærforeningen har trøbbel med å kome på trykk.

Vågar ein ikkje ta stilling, har ein lite i den offentlige debatten å gjere. Det hjelp ikkje å påstå at veterinærar ikkje vil krangle. Det er ein lang veg frå å ta stilling til å krangle.

Det er ingen tvil om at veterinærane trengs i offentleg debatt. Vi sit på svært mykje kompetanse som er usynleg for folk. Vi kjenner til problemstillingar som folk ikkje ein gong veit at eksisterer.

Ikkje minst i møte med forbrukarane kan vi spele ei rolle. Gjennom å tilføre forbrukarane kompetanse kan vi ha innflytelse og påvirkningskraft.

Det er stor avstand mellom landbruk og forbrukar. Folk flest kan svært lite om matproduksjon.

Kva skal dei kjøpe? Øko kylling eller konvensjonell?
Skal dei ete sau eller kalkun?
Er nøkkelholet bra, med tanke på dyrehaldet i fjørfenæringa?

Forbrukarane må ha kompetanse for å ta gode valg. Dei har krav på å få vite kva dei et, og det får dei per dags dato ikkje. Nortura og Tines reklamekampanjer tilbyr for eksempel klisjear, ikkje fakta.

Er norske veterinærars rolle å passivt hegne opp om mytene, eller skal vi bidra til konstruktiv kunnskap til offentligheten?

Kven sitt ærend skal vi gå? Næringane eller dyras?

Ein del av mine kollegaer fryktar journalistar. Eg har opplevd å bli mistenkeliggjort av kollegaer ute i felt. Men det har dei ingen grunn til. For ein journalist er kildevern like basic som at ein ikkje publiserer journalar på Facebook.

Eg skal sei litt om korleis eg skriv.

Eg er opptatt av å bli lest og av å gjere inntrykk på den som les. Eg er tabloid, tilgjengelig og skriv enkelt.

Eg bygger artiklane pedagogisk og bygger dei opp rundt ei konflikt. Eg er ikkje redd for å vere personleg og ikkje redd for å appellere til følelsar, for å spisse eller problematisere.

For det er som sagt stor avstand mellom forbrukarar og landbruk. Det ein veit lite om, er vanskeleg å lese om. Difor må det skrivast slik at dei skjønar kva som står der, og slik at dei føler at det angår dei.

Kvifor ellers skal dei lese det? Folk les ikkje for å vere greie med deg.

Skal du skrive om landbruk i VG nyttar det ikkje å sende inn ein artikkel om mastitt på ku og konkludere med at det er synd på kua.

Eg skal ta nokre pene eksempel fra eigne artiklar

og før eg les opp, skal eg påpeike ein viktig ting. Det er aldri blitt påvist faktafeil i mine artiklar, med trykk på aldri...

Første eksempel:
Tittel: Det er greit at vi halal-slaktar i Norge. (Interessevekker) artikkel i Dagsavisen. Tittel som fekk mange til å tenke, shit, gal dame som vil halshogge kyr.

med denne tittelen solgte eg inn denne saken: halalslakt i Norge er akkurat som anna slakting. Einaste skilnaden er at ein ved halalslakt ber ei bøn.

Rein folkeopplysning ikledd ein festlig tittel, men uten festlig tittel, ingen lesarar.

Neste eksempel er ein kronikk frå Bergens Tidende:

Tittel: Søppelkalkun.

Ingress: Når ein veit korleis produksjonen går føre seg, er det vanskeleg å forstå korleis kalkun kan kallast festmat.

Kronikken handla om dyrevelferd i kalkunproduksjon.

Så kan forbrukern tenke sjølv.

Nortura vart skikkelig forbanna, men greidde ikkje påvise ein faktafeil i artikkelen. Dei forsøkte få meg til å framstå som dum. Backfire.


Ein annan tittel er denne: Frå beite til bur. Frå Aftenposten.

Problematikken her går på at norske dyr ikkje lenger går på beite. Dei står i bur og hallar. Vi produserer meir og meir kylling, kalkun og gris. Vi går over frå grasbasert til kraftforbasert produksjon.

Simple facts for ein veterinær. Ukjent for forbrukarane.

Men denne kunnskapen er viktig for forbrukarane å ha når dei står i butikken og skal handle mat. Denne kunnskapen er også viktig å ha når forbrukarne skal stemme ved valg, når dei skal bestemme seg for om dei skal kjøpe norsk eller import. Er Norge betre enn andre land på dyrevelferd eller er det ein bløff? Folk blir stadig meir kritiske.

Og forbrukarane lyttar og les. Det haglar inn med tilbakemeldingar, pakkar i posten, mails, trugsmål, middagsinvitasjonar og telefonar. Ein mottar også meldingar av typen:

Store problem har du vesle jente.

Eller denne varianten:

huttetu, du er gal, søk hjelp.

Ein snill versjon er denne: Du er støgg og tom i pappen.

Eller: får du psykologhjelp på fylkeskommunens budsjett?

Svaret på det siste spørsmålet er altså nei.

BØNDENES SAK:

Eit anna argument eg har fått høyre er at veterinærane skal tale bøndenes sak.

Eg er ingen bondens talsmann på andre måtar enn at eg meiner bønder må tjene betre. Betre lønn for bonden gir betre velferd for dyra.

Vi må integrere politikk i veterinærmedisinske perspektiv. Vår jobb er ikkje å oppretthalde norsk landbruk, men å oppretthalde eit norsk landbruk i verdsklasse.

Igjen kan vi spørre oss: kven er det vi snakkar på vegne av?

Og Kvifor får veterinærforeningen så masse pes for å sei nei til pelsdyr?

Kvifor får eg så masse kred for å påpeike at Tine bløffer i sine reklamefilmer når dei seier alle norske kyr går på beite? Og er det greit at Tine bløffer forbrukarane?

Og kven skal sei frå når ingen veit at det er ein bløff?

Vi har inga plikt til å delta i det offentlige ordskiftet. Men vi har ein rett. Skal vi kome til orde, må vi våge å ta stilling. Om vi ikkje vågar det, kan vi halde oss til å klappe kattar i Trude Mostue-stil og delta i Veterinærdrømmeprogram.

Min konklusjon er at det er stor interesse for vår kompetanse i det offentlige rom. Og det er stort behov.

Anne Viken, veterinær

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere