Anne Viken

Alder: 11
  RSS

Om Anne

http://anneviken.blogspot.com

Veterinær, bloggar, skribent og journalist. Har skrive barneboka Elise og mysteriet med dei døde hestane (Samlaget 2012), om Elise på 13 år som er med onkel Kalle i dyrlegepraksis. Neste bok om Elise kjem høsten 2013 og heiter Elise og mysteriet på hesteklinikken. Dette er spenningsbøker for 10-100 år

Les meir om boka her http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=elise%20og%20mysteriet%20med%20dei%20d%F8de%20hestane&p=1&r=1&cid=239543

Følgere

Kjøttfrie dager - ny kurs for norsk landbruk

Publisert nesten 9 år siden

Kva skal vi med landbruk over heile landet etter, når store deler av det dei produserer er kjøt vi ikkje eigentleg treng, av ein kvalitet ingen vil betale særleg mykje for, på ressursar vi ikkje har?

Her om dagen fekk eg ei bok i posten. Kjøttfrie dager er skriven av journalistane Hege Ulstein og Yngve Ekern, som forøvrig også er eit ektepar. Ekern traff eg på Dyreetikkonferansen i Oslo 21.september der han sat i eit mannstungt panel og debatterte Hvordan formidle dyreetikk – fra gård til gaffel. Professor Runar Døving hadde tidlegare halde eit innlegg om Å produsere et dyr, og påstod at å avlive eit kjæledyr er som eit mord å rekne. Virkeligheten er ein stad eg trivast til dels ganske godt i, og Døving var i ferd med å ta oss alle ut på viddene.

Så kom den energiske Ekern byksande opp trappa og spurte om eg hadde lese boka hans. Det hadde eg ikkje. Med ein viss skepsis opna eg nokre dagar seinare pakka i posten. Kjøttfrie dager er ifølge seg sjølv ei kokebok og veiviser for travle familier som vil spise godt og mer miljøvennlig. Det er ei kokebok om korleis ein kan lage vegetarisk mat. Og det er ei bok som inneheld ei rekke svært kritiske på spikern-kapittel om industrilandbruket.

Eg er ingen kokk, men min umiddelbare respons på Facebook var denne: «Kjøttfrie dager set eit godt og balansert fokus på den villeiande marknadsføringa frå norsk kjøtbransje og korleis forbrukarane systematisk blir bløffa av aktørane i markedet. Utruleg smart skrive, frekt og rått kritisk. Bra».

Den andre reaksjonen var slik: «Dei er svært klarsynte i sin argumentasjon. Dette er down to basic, og veldig godt formidla.» Heller enn å vase seg ut på viddene i tal, teoriar og vanskelege facts, klinkar Ekern og Ulstein til med the basics og er forbilledleg tilgjengelege. Dei meislar ut dei mest elementære argumenta frå informasjonsjungelen.

«Vi et alt langt meir kjøt enn det norske ressursgrunnlaget kan bere, og vi må importere fôr frå andre land for å stille vår eigen hunger. I tillegg importerer vi kjøt.»

Det er sant! Norsk kjøtproduksjon er ikkje mogeleg å halde gåande på norske ressursar. Norsk konsum av kjøt er så stort at det må bli industriproduksjon av kylling, gris og kalkun. Men heller enn å bremse opp, slå eit slag for dyrevelferd og kvalitet, pøsar landbrukssektoren på med meir søppelkylling, meir betongpurker og meir kalkun med hofteleddysplasi. På same tid klagar ein over dårleg betaling. Men lat oss vere litt ærlege med oss sjølv: kva kan ein i grunn vente seg av betaling for industrielle masseprodukt?

«I virkelighetens verden finst der ingen anna måte å produsere dei store mengdene kjøt vi et på enn industriell framstilling», skriv Ekern og Ulstein. Og: dei fleste har råd til å betale ein god del meir for kjøtet enn dei gjer i dag, om vi et det sjeldnare.» Innertiar.

Et vi mindre kjøt, skriv dei, synk etterspørselen. Og dei stiller eit godt spørsmål: skal vi verkeleg godta at vi ikkje orkar tenke på korleis maten vår blir til for at vi i det heile tatt skal klare å ete den?

Eg stiller eit anna spørsmål: korleis føles det å vere ein kyllingbonde som produserer mat ingen orkar tenke på korleis er framstilt? Føles det bra å produsere eit produkt verken samvirka eller landbruket kan stå inne for? For slik er det idag. Produkta må dekkast til via reklamen og forbrukarbløffing.

Lat meg til slutt stille det openbare, ganske vanskelege, men langt frå patetiske, spørsmålet: kva skal vi med landbruk over heile landet etter, når store deler av det dei produserer er kjøt vi ikkje eigentleg treng, av ein kvalitet ingen vil betale særleg mykje for, på ressursar vi ikkje har? Det er kanskje på tide med nokre kjøtfrie dagar.

Gå til innlegget

Fjørfereklame fordekt som undervisning

Publisert nesten 9 år siden

Opplysningskontoret for kjøt og egg serverer reklamemateriale frå fjørfenæringa som undervisningsopplegg i barneskulen.

Fjørfenæringa har innpass i barneskulen med eige undervisningsmateriale.

 

Norske barneskular får presentert fjørfenæringas reklamemateriale «Pål sine høner» som undervisningsmateriale.

 

Fjørfelaget påstod etter nyttår at bur no er forbode i Norge. Det var ein bløff. Det kom ikkje noko burforbod i Norge ved nyttår, men krav om ein ny type bur omtalt som «miljøinnredning». Det same kravet kom forøvrig også i EU. Miljøinnredning er eit nyord lansert i anledning av den nye burtypen, og Fjørfelaget ville dei ha valuta for millionane det hadde kosta å bygge om. Dei gjekk dei til media og sa at bur no er forbode. Nyheita spreidde seg som eld i tørt gras. Bløffen var vellukka.

Den stolte hane er idag mellom aktørane som på sine nettsider serverer oss historia om at dei ikkje lenger sel egg frå burhøns. Men ifølge Rune hos Den stolte hane, kjem tretti prosent av egga den dag i dag frå miljøinnredningar, altså bur. Men fjørfenæringa stoppar ikkje med bløffing av vaksne forbrukarar. I samarbeid med Opplysningskontoret for egg og kjøtt serverer dei norske barneskuleelevar sitt eige fjørfepensum.

 

Reklame fordekt som undervisning

 

Undervisningsheftet Pål sine høner, utgitt av Opplysningskontoret for Egg og Kjøtt, har, ifølge kontoret sjølv, vore eit tilbod til 3.trinn i grunnskulen sidan skuleåret 1999/2000, og vert jevnt over nytta av åtti prosent av desse. Dessverre treng ein ikkje leite lenge før ein treff på den første påstanden lausriven frå virkeligheten.

 

Fleip: «Hver høne/hane (stryk det som ikke passer, red.anm) legger egg i litt over ett år. Så slaktes de og blir til hønsekjøtt som vi kan spise.»

 

Men Opplysningskontoret gir seg ikkje med dette. I lærarrettrettleiinga skriv dei: «På denne måten får vi ikke bare en effektiv eggproduksjon. Vi sikres også det beste kjøttet, fordi unge høner har kjøtt av høy kvalitet, som er magert og lett fordøyelig.»

 

Fakta: verpehøner vert ikkje slakta. Dei vert gassa. Og dei vert heller ikkje spist, dei vert brende i forbrenningsanlegg som spesialavfall. «Ved avliving av et større antall dyr benyttes gassing med blåsyre eller CO2.» og: «Døde og avlivede dyr er definert som animalsk høyrisikoavfall i det offentlige regelverket. Høyrisikoavfall skal ifølge dette regelverket behandles i godkjente steriliserings- eller forbrenningsanlegg.» (Kilde: Fagsenteret for fjørfe).

Heftet heitest å vere eit tverrfagleg undervisningsopplegg for 3.trinn basert på Kunnskapsløftet. Det utgir seg altså for å vere fagleg. Eg foreslår difor at Opplysningskontoret tek inn denne setninga i undervisningsheftet: «Eksempel på gassar som kan brukast til avliving av verpehøns er blåsyre (cyanidgass), kullmonoksid (CO) og CO2. Naturfagoppgåve: Diskuter desse gassanes eigenskapar.»

Dette ville ha vore ei open og ærleg tilnærming til tematikken. Men Pål sine høner legg ikkje opp til kritisk refleksjon. Det legg opp til å skape positive assosiasjonar rundt eggproduksjon i tråd med Opplysningskontoret si oppgave: auke norsk eggkonsum. Det er eit reklame presentert som undervisningsmateriale for ungar. Men også retta mot lærarar. Lærarar kan få gratis egg tilsendt i posten, eller om dei evaluerer opplegget, vinne ei gratis helg i Oslo med besøk hos Opplysningskontoret. Opplysningskontoret betaler for vikar og dekker alle utgifter.

 

Farleg mat i utlandet

 

Den eine forfattaren er fjørfebonde Hans Christian Kihl som blant anna har styreverv i Bondelaget og fagutvalgsmedlem hos Nortura på CV-en. Den andre, Marlene Furnes Bagley, sit i arbeidsutvalget for Kjøtt- og fjørfebransjens Landsforbund, og har arbeidd for Fagsenteret for fjørfe. Den tredje veterinær Liv Kjærnet, tidligare styremedlem i Norsk Fjørfelag og medlem av World's Poultry Science Association (WPSA).

 

Bløff på bløff.

 

Forfattarane påstår vidare at vi aldri har hatt problem med Salmonella i norsk eggproduksjon, sjølv om denne bakterien blir påvist i norske fjørfebesetningar så og sei kvart einaste år. Lærarvegleiinga påstår at «Salmonella er eit stort problem i utlandet», utan å definere nærmare kva «utlandet» er.

Sverige er for eksempel, på same vis som Norge, definert som Salmonella-fri sone, men retorikken i heftet legg opp til god, gamaldags branding av Norge som best i verda og mat frå utlandet som farleg. Det er ei avleggs og fordumsfull tilnærming i eit hefte som gir seg ut for og vere seriøst undervisningsmateriale mynta på ungar født inn i ei global cyberspace-verd.

 

Og reklamematerialet«Pål sine høner» får altså norske barneskular presentert som «undervisningsmateriale». Den må tidleg bløffast som ukritisk forbrukar skal bli.

Anne Viken, veterinær http://anneviken.blogspot.no/

Gå til innlegget

Det er ein stor mismatch mellom den flotte naturen ein ser frå bilvindauget og søppelmaten ein får servert langs vegane.


Når ein køyrer langs norske vegar, blir ein av og til svolten. Naturen er fantastisk flott og ein stoppar for å ete litt. Men kva får ein servert? Jo hamburger. Sjå på biletet under. Det er frå fagre Fjærland. Og kva ligg på tallerken? Jo, ein minimal burger til ein drøy pris. Det er ein stor mismatch mellom natur og kva mat ein får. Langs vegen går kyr og sauer på beite, men når ein skal kjøpe mat er det pølser og burger. Er det pølser og burger som vert produsert i vakker norsk natur? Søppelmat frå rein og pen natur? Det er i tilfelle ein tragisk måte å forvalte ressursar på: omskape dei til søppel.



















Er det desse fine kyrne som har blitt kverna om til burger? Skammelig er det i tilfelle. Fjærland kunne ha vore ein hot spot for luksusturisme, men då må service og matkvalitet opp mange hakk.









 Her er breen i Fjærland. Matcher den ein hamburger??







Hadde det ikkje vore triveligare å ete lokal kvalitetsmat i denne naturen, enn ei svidd pølse med ketsjup?







Her er eg på veg ned til Skjåk. Ein mann står og pissar bak hjørnet og det står skilt om lokal mat på veggen.







Masse lokal mat som ser veldig god ut.







Men så kjem skiltet som proklamerer BURGER. HAMBURGER av elg. Elgkjøt frå flott norsk natur er omdanna til kjøtdeig og servert som burger ilag med frensh fries og cola. Søppel.







Ja, som du ser: frensh fries og cola står på borda. Er vi avhengige av dette, slik at alle etestader må tilby oss burger, eller har etestadane så dårleg fantasi og så dårlege kokkar at burger er det einaste dei får til?









Bileta under er frå Boknatti i Fjærland i juni i år. Litteratur og kultur i fantastisk natur, men kva mat får ein servert? Jo pølser og svidde kotelettar pluss ihjelkokt fiskesuppe. Sjekk utvalget av ketsjupflasker.







Her står folk i kø for svidd kotelett med potetsalat og litt grøn salat.







 Og her sit folk og et søpla medan fine kyr går på pene beiter rundt hjørnet.








 





Så kva skal ein stakkar gjere? Jo, eg tek faktisk med meg niste når eg køyrer på norske vegar. Å betale blodpris for mishandla kjøt iført ekkel pølse- og burgerform betaler eg ikkje for.








Heimebakt brød med heimelaga kaffe på Strynefjellet.







Så kan vi tenke oss litt om. Er det virkelig søppelmat vi skal servere langs norske vegar? Søppelmat laga frå dyr på idylliske norske beiter? Eg har eit forslag til Innovasjon Norge: heller enn å arrangere konferansar om turisme og overnattingsdøgn, hald kurs i service og kokkekunster.  Problemet ligg oppe i dagen: maten er søppel og det er også servicen langs vegane.


anneviken.blogspot.com

Gå til innlegget

Du har kanskje lese det i media: bur for verpehøns er no forbode i Norge. Der er berre eit problem: det er ikkje sant.

Bur no forbode. Den glade nyheten spreidde seg som eld i tørt gras etter nyttår. Beklager, dette er ein fleip.

Fakta: Det har berre kome ein ny type bur. Verpehøns står ikkje lenger i såkalt tradisjonelle bur, men i miljøinnreia bur. Å kalle det for "ikkje bur", er nytale, eller eit retorisk grep.

”Egg fra burhøns” lyder advarselen på eggkartongene på Rema 1000. Upresis markedsføring, mener Fjørfelaget» (Animliasnettsider).

Fjørfelaget er sinte fordi Rema 1000 merker egg frå burhøns, med «egg frå burhøns», men sjekkar vi ut videoane Animalia har lagt ut av dei nye såkalte miljøinnredningane for verpehøns, skal ein ha rimeleg dårleg syn for å kunne påstå at dei nye bura ikkje er bur. Til og med kvinna som viser fram bura, omtaler bura som bur. Dette må vere ein taleglipp frå Nortura si side, då det er samvirket sjølv som står bak videoen. Nortura vil nemleg også ha seg frabedt at nokon kallar eit bur for eit bur. I august 2008 skriv Nortura artikkelen «Burhøner – snart en saga blott!» medropeteikn på sine websider.

Her seier informasjonsdirektør i Nortura, Nina Sundquist: «- Fra 1. januar 2012 vil ingen norske høner legge egg i de gamle, nakne og tradisjonelle burene. Å bruke bur-benevnelse gir derfor gale assosiasjoner mens miljøinnredninger er en mer dekkende betegnelse som forbrukerinformasjon.»

Men vi treng ikkje forhalde oss til Nortura og Fjørfelagets nytale. Klikkar ein seg inn på nettsida til Fjørfesystemer, kan ein sjå heile biletseriar av bura som visstnok ikkje er bur. Igjen skal ein slite rimeleg tungt med svekka syn for å tru på at dette ikkje er bur. Eg har på min blogg tilbode meg å betale ein synssjekk forleiar i fjørfelaget David Koht-Norbye.

Lat oss gå litt tilbake i historia. I 2007 anbefalte Mattilsynet at ein ikkje gjekk inn for forbod mot såkalla tradisjonelle bur i Norge. Kven var det som jubla då? Jo, du gjetta rett. Det var Norsk Fjørfelag: – Mattilsynets konklusjon er en viktig seier for fornuften og for næringen, sa David Koht-Norbye, nyvalgt leder iNorsk Fjørfelag til Nationen.

Fornuften til Koht-Norbye tilsa altså at tradisjonelle bur var det beste for norske fjørfe. Den same fjørfeleiaren gjekk i 2012 ut og sa dette: «– Moderne produksjonsformer som miljøinnredning og frittgående systemer, gjør dyrevelferden for norske høns betraktelig bedre enn den var med de gamle, nakne burene». (Kilde:Animalias nettside).

Det har altså gått opp eit motvillig lys for Koht-Norbye. Først tilsa fornuften at gamle, nakne bur var best, no seier den same leiaren at dei nye bura er betraktleg betre. På same tid er han sinna fordi næringen har investert ei bråte med pengar, og fordi folk framleis ser at bur er bur. Kanskje ikkje så rart. Næringa har no investert millionar av kroner i ombygging, og framleis omtaler Rema 1000 bur som bur. Poenget for Fjørfelaget er altså ikkje auka dyrevelferd, men at dei vil ha noko att for investeringane i form av eit betra omdøme. Når dei har brukt masse pengar, ønsker dei seg at vi forbrukarar skal klappe og vere med på spøken om at bur ikkje er bur. Beklager, men i år 2012 vi god tilgang til både briller og kontaktlinser.

Fjørfenæringa har eit omdømeproblem. Dei har behov for å profilere seg positivt. Eit av desse grepa er å bløffe forbrukarane.Takknemleg nok har næringa sjølv lagt ut videoar og bilete som solid dokumenterer at bur framleis er i bruk for verpehøns i Norge.

Den stolte hane bløffar også om bur, men Den stolte hane sel også egg frå burhøns.

Anne Viken, veterinær

Gå til innlegget

Etterspør den norske forbrukaren kyllingar som frys ihjel på veg til slakteria, er oppfora på GMO-soya produsert under slaveliknande forhold i Brasil og et antibiotika i maten kvar dag?

Aldri før har verda produsert mat på ein så gjennomindustriell, samlebandsaktig og etisk betenkeleg måte som det vi gjer idag. Vi har aldri hatt høgare kompetanse, men heller aldri lågare etikk i matproduksjon. Dette medfører ei rekke risker for konsument.


Les mitt innlegg i dagens Dagbladet. Er forbrukarane klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat?



Mennesket har ei nøkkelrolle i matproduksjonen. Det er menneske som står bak regelverk, etikk og produksjonsmåtar. Det er mennesket som er nøkkelaktøren for med sine verdiar kunne få til endring og legg premissa for korleis mat skal produserast. Når ein kjenner til kva som er i ferd med å skje, kan ein lure på kva slags etikk og verdigrunnlag som råder grunnen hos dei som legg føringar for korleis norsk mat blir produsert i dag. Ein kan også stille seg spørsmål ved om det er slik den norske forbrukaren ønsker at billeg mat skal produserast.


Det skal gjerast billeg. Vi kjenner til at Nortura køyrer kyllingtransportar der hundrevis av kyllingar frys ihjel på vegen til slakteriet og tusenvis frys nesten ihjel og må brytast laus frå islaget ved ankomst til slakteriet. Vi veit at slaktetransportar som transporterer sau er i så dårleg stand at dyra riv av seg beina på veg til slaktehuset. Norske kyllingar et GMO-soya produsert i Brasil under forhold brasilianske myndigheter omtaler som slaveliknande forhold. Men dårlege dyretransportar og billeg soya er eksempel på kva som er med på å halde kostnadane i norsk matproduksjon låge. Men Norge er på ingen måte unike. Slike eksempel er med på å halde kostandane låge også globalt.


Norge er ingen verken besting eller versting, men vi må starte med oss sjølv: kva slags verdigrunnlag er eigentleg norsk matproduksjon tufta på?


Globaliseringa gir nye roller til bønder, forbrukarar og matvarekjedar. Før heitte det «from farm to fork», no heiter det «from fork to farm». Makta er flytta til andre sida av bordet, frå bonde til supermarknader og forbrukar.


Dyrevelferd og personleg helse får stadig meir fokus i konsum og produksjonsrelaterte avgjerder. Forbrukar sin livsstil er ei sterk påvirkningskraft for kva supermarknadane sel og kva utvalg dei tilbyr. I Norge har produksjonen av kylling gått sterkt opp og er stadig aukande. På same tid som vi vert meir og meir opptekne av at dyr skal ha det godt og at maten vi et skal ha ei historie vi kan identifisere oss med og stå inne for, dumpar etikken i matproduksjonen nedover.


Vi kan diskutere tollbarrierer og subsidier til vi blir grøne i trynet, men eit enkelt faktum må vi forhalde oss til: det er ein grunn til at mat vert billeg. Det kjem av sosial dumping, låg etikk og låg kvalitet. Pengar spart for supermarknadane og konsumentar. Men vi skal vere forsiktige med å plassere skuld hos forbrukaren. Forbrukaren har for liten kunnskap til å ta stilling i debatten om mat og landbruk.


Reklamen menneskeleggjer industrielt foredla produkt vi ansikt og bilete. Vi har ikkje lenger kontakt med matproduksjonen og har ikkje lenger ein bestefar på landet.
Vi et stadig meir kjøt. Nina Sundquist, kommunikasjonsdirektør i Nortura har sagt det slik: «det har vært en eventyrlig vekst i forbruket av kylling». Avdelingsdirektør Henriette Øyen seier at «dette er en veldig ønsket utvikling». Vi har vore vitne til ei kjøttifisering av kostholdet, skriv landbruksforskar Svenn Arne Lie og journalist Espen Løkeland-Stai i boka En nasjon av kjøtthuer som kom i vår. For å halde oppe vårt kjøtkonsum i verdstoppen per forbrukar, beslaglegg vi enorme areal utanfor norske grenser for å produsere nok kraftfor som vi i andre omgang importerer. Kyllingen kallar vi for norsk.


Lars Peder Brekk har påpeikt at landbruket må produsere det forbrukaren etterspør. Markanden og forbrukaren er i følge Brekk den viktigaste drivkrafta for kva slags mat landbruket skal produsere. Men etterspør den norske forbrukaren kyllingar som frys ihjel på veg til slakteria, er oppfora på GMO-soya produsert under slaveliknande forhold i Brasil og et antibiotika i maten kvar dag?Kyllingane som knapt overlevde transporten, kom fram til slaktehuset i nær daud tilstand, vert slakta og solgt til deg. Dette er ingen fleip. Det er dessverre virkeligheten.


Kvar er forbrukarmakta? Matproduksjon er ikkje demokratisk. Forbrukarane har liten kunnskap. Vi blir mata fulle av myter, klisjear og villeiande reklame. Liten kunnskap gir lita makt. Forbrukar kjenner kun til det vakuumpakka sluttproduktet, ikkje produksjonsprosessen. Dei fleste er ikkje klar over at norske kyllingar får antibiotika i maten kvar dag fram til eit par dagar før slakting, det får den også i EU. Ein finn resistente bakteriar på stadig fleire kyllingskrottar. Mange av medisinane som vert nytta på dyr, har dei same verksame substansane som det du blir behandla med om du sjølv hamnar på sjukehus. Det er eit faresignal. Får du i deg resistente bakteriar frå ein kyllingfilet, kan det føre til at du sjølv vert resistent. Kvart år dør 25 000 menneske i EU som ei følge av antibiotikaresistens. Og nei, dette er ikkje eit skrekkscenarie. Dette er konsekvensane av billeg matproduksjon.


I USA er det 300 000 tilfeller av pesticid-forgiftningar kvart år, altså forgiftningar som er ei følge av sprøytemiddelbruk. Sprøytemiddel gjer det mogeleg å produsere store mengder effektivt og billeg på mindre areal.


Forbrukarane må få informasjon, ikkje berre om helseeffektane av å det dei et, men om korleis produksjonen faktisk foregår og kva konsekvensar det på sikt kan få for dei sjølv. Forbrukarmakt bør ikkje berre inkludere kva du kjøper i butikken, men å kunne vite korleis produksjonsprosessen foregår. Eg trur ikkje forbrukarane er klar over kva dei ber om når dei ber om billeg mat.


Forbrukarane må få tilgang til informasjon om korleis mat blir produsert, så kan dei ta stilling. Er det dette vi ønsker oss? Om svaret er ja, rop høgare på billeg mat. Lev så med konsekvensane.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere